Rutineplakat ved udokumentert fråvære.

Rutineplakat for udokumentert fråvere i skulen
Bakgrunn for arbeidet:
Stord ungdomsskule opplevde auke i antal elevar som av ulike årsaker hadde eit stort
udokumentert fråver. På bakgrunn av dette vart det sendt ei oppmoding til eining for Sosial og
forebyggande tenester om å setje fokus på dette, og klargjere korleis ein betre kan arbeide
tverrfagleg og samordna for denne elevgruppa.
Mandat:
Utarbeide rutinar for tiltak når elevar utviklar fråver
Arbeidsgruppa:
Det vart sett ned ei tverrfagleg arbeidsgruppe som har utarbeidd forslag til rutinar for
udokumentert fråver. Desse har vore med i gruppa:
John Karsten Raunholm – rektor Stord ungdomsskule
Brith Karin Nævdal – Barnevernstenesta
Gunhild Sundal – skulehelsetenesta
Åshild Lien – BUP Stord sjukehus
Jannecke Fjeldtvedt – PPT og koordinator for arbeidet
Barneskulane har hatt ei eiga samling med drøfting av temaet og kome med innspel til rutinar,
og kontaktperson har vore Gro Dregelid, sosiallærar Hystad skule
Arbeidsprosessen bak utkastet:
Arbeidsgruppa har representert ulike tenester og ulike faggrupper. Kvar deltakar har drøfta
problematikken ute med sine kollegaer og i dei ulike einingar. Det vil seie at det har drøfting
blant fastlegane, helsesøstrene, barnehagane, sosiallærarar/rektor frå skulane, utekontakten,
PPT, barnevern og BUP. Det som har kome fram gjennom desse drøftingane er så grunnlaget
for forslaget til rutinar for tiltak når elevar utviklar fråver.
Innleiing:
I Noreg har barn og unge rett og plikt til 13 års skulegang. Heim og skule samarbeider rundt
den faglege og sosiale utviklinga til eleven, og dei fleste utviklar god livskompetanse.
Samstundes ser ein at nokre elevar på ulikt vis signaliserer at dei strevar med forventningar og
krav som vert stilt til fagleg og sosial fungering, og for nokre utviklar dette seg til dette seg til
fråver i skulen. Ein ser også eit samfunn der fleire unge fell ut av opplæring og ikkje klarar å
tilpasse seg arbeidslivet, og som vert passive trygdemottakarar med redusert livskvalitet.
Dette har store personlege og samfunnsmessige kostnader.
Årsakene til utvikling av fråver kan vere ulike og ofte samansette. Fråver kan vere ein
indikator på mistrivsel, mobbing, utvikling av psykisk sjukdom, åtferdsproblem, rusmisbruk
m.m. Å falle ut av eit sosialt system som skulen er, kan ha stor innverknad på den vidare
utviklinga. Eleven får faglege ”hol” og etterslep som kan vere tungt å ta inn att. I tillegg fell
ein ut av det sosiale nettverket rundt seg.
Det offentlege har ulike instansar som skal bidra til god utvikling hos barn og unge som får
vanskar. Dette gjeld instansar som fastlegane, skulehelsetenesta, Pedagogisk Psykologisk
teneste (PPT), Barnevernstenesta, Barne –og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP). For å
sikre at sårbare barn og unge utviklar seg best mogeleg er det viktig at vanskar blir fanga opp
tidleg, og at dei som strevar mottek funksjonelle hjelpetiltak. Gjennom gode interne rutinar i
skulane vil desse barna og ungdomane kunne få tidleg hjelp. Det krev samstundes at dei
instansar som skal hjelpa barn, unge, foreldre og skular er lyttande og imøtekomande når
problem vert presenterte. Vidare krev det at instansane har god fagleg kunnskap, kompetanse
og tverrfagleg tilnærming som arbeidsmåte.
I denne samanheng vert udokumentert fråvere definert som fråvere som ikkje er grunngjeve
av føresette eller faginstans (lege, barnevernsteneste, BUP, PPT eller andre). Rutinane bør
også følgjast i samband med fråvere som skuldast mistrivsel, mobbing o.l.
Rutinar og tiltak i Stord kommune:
Førebyggande tiltak i alle skular







Alle skulane lagar eit forpliktande årshjul mot mobbing. Ta gjerne utgangspunkt i
kjende program som Olweus, Zero m.fl. Jmf. Ruspolitisk plan og tiltak som gjeld for
barnetrinnet.
Rektor og den enkelte kontaktlærar på alle skular har ansvar for å skape eit
inkluderande miljø, der elevar ikkje opplever mobbing frå elevar eller lærarar.
Problematikken er tema kvart år i september/oktober på foreldremøte, elevråd og FAU
Alle skulane nyttar eit program for psykisk helse i skulen (Zippy`s venner, Step)
Skulane gjennomfører spørjeundersøking, i tillegg til elevundersøkinga
Temaet (trivsel, fråver) skal takast opp i alle konferansetimar
Skulane prioriterer dialog med foreldre, slik at dei opplever å vere tekne på alvor.
Rutinar i alle skular



Foreldre skal gje skulen melding (telefon, mail, SMS) om at eleven ikkje kjem på
skulen i dag, og skissere kor lenge eleven truleg vert borte
Det skal gjevast skriftleg melding når eleven er attende
Alt fråver (dagar, timar og deler av timar) skal registrerast, og reagerast i høve til
Skulane sine interne rutinar ved udokumentert fråver
Fase
1
Etter 1-3
enkelttimar
ugyldig fråver
Etter 1 dag
ugyldig
fråver
Kjenneteikn
Eleven møter
ikkje til
opplæring,
”uklare”
årsaker
Ansvarleg
Kontaktlærar tek
dette opp med
eleven, og
kontaktar føresette
Iverksetjing av
tiltak
Samtalen med
eleven og
føresette skal få
fram årsaker til
fråver, og tiltak i
høve til dette
Kontaktlærar
Eleven har
gjentakande
fråver, tross
tiltak frå fase 1
Kontaktlærar
informerer
Rektor (eller den
rektor delegerer til)
og evt. skulehelsetenesta/PPT
Kontaktlærar
og
rektor
Elev og føresette
vert kalla inn til
møte
Oppfølgingsmøte
med elev og
føresette
3
Udokumentert
fråver, eller
fråver med
uklare årsaker
fortset
Målsetjing
Oppfølgingskontakt
med elev og
føresette
Etter 3 dagar
samanh. fråver
2
Ved gjenteke
udokumentert
fråver
Tiltak
Eleven har eit
omfattande
fråver, tross
tiltak i fase 2
og rett/plikt til
opplæring vert
ikkje følgt opp
Rektor vert
orientert, og saka
vert teke opp:
- Tverrfagleg møte
- evt. ekstraordinært møte
Få auka
innsikt/kartlegge
årsaker,
understreke
alvoret i
situasjonen
Avtale nye tiltak
og utprøving
Rektor
Få ei tverrfagleg
drøfting av
problematikken
eleven syner.
Avklare vidare
tiltak
4
Eksterne
instansar vert
kopla inn
Elev/foreldre/
skule har trong
for eksterne
instansar
Tverrfagleg møte
drøftar saka, og
gjev rektor råd om
korleis gå vidare
med saka.
Rektor
Sikre at eleven
får nødvendig
hjelp
Skulen fortset
samstundes med
dei tiltak som er
sett i verk
Når eksterne instansar er kopla inn
Fase
5
Eksterne
instansar
startar sitt
arbeid
6
Oppfølging av
samansette
hjelpetiltak
7
Oppretting av
ansvarsgruppe
og Individuell
plan
Kjenneteikn
Den/dei
instansar som
har ansvar i saka
gjer sitt
spesifikke
arbeid
Tiltak
Set i verk
funksjonelle
tiltak innafor sitt
ansvarsområde,
lovverk
Ansvarleg
Eleven mottek
hjelp frå
eksterne
instansar
Ulike
hjelpetiltak er
sett i gang
Jamnlege
samarbeidsmøter
Rektor,
PPT eller annan
naturleg instans
Eleven mottek
funksjonelle
hjelpetiltak.
Planlegge og
evaluere
hjelpetiltaka
Eleven har
langvarige
hjelpebehov og
Trong for
samordning av
tenester
Utarbeiding av
IP,
IOP m.m.
Koordinator for
psykisk
helsearbeid i
kommunen, eller
andre
kommunale
instansar
Gje eleven
funksjonelle,
langvarige og
koordinerte
hjelpetiltak
Aktuelle
instansar
Målsetjing
Elev, foreldre og
skule mottek
hjelpetiltak som
endrar
situasjonen
Rutinar når eksterne instansar skal koplast inn
Oppmelding til Tverrfagleg møte:
 Skulen melder saka opp i Tverrfagleg møte. Dette skjer på følgjande måte:
 Skulen sikrar seg skriftleg samtykke og inviterer evt. foreldre med i møtet
 Skulen tek saka opp anonymt
Avklaring:
 Tverrfagleg møte drøftar saka, og det kan føre til følgjande:
1. Konkrete råd i møtet – evaluering neste møte
2. Den av instansane som opplagt har ansvar gjev tilbod om rask
oppfølgingskontakt
3. Om ingen har eit ”opplagt” ansvar tek PPT ansvar for nærare kontakt og
utforsking av problemstillinga
Oppfølging:
I tidleg bekymringsfase kan aktuelle tiltak vere:
 Skulehelsetenesta, Barnevernstenesta og/eller PPT kartlegg gjennom samtale med
eleven og/eller føresette årsaker til fråveret. Bistår i tilegg til dialog med skulen om
tiltak vidare. Dette arbeidet kan gjennomførast utan tilvising og melding.
 Vurderer trong for tilvising til PPT og/eller melding til melding Barnevernstenesta
 Skulehelsetenesta bidreg til enkle helseundersøkingar, evt, kontakt til
skulelege/fastlege om det er relevant i saka
 PPT kartlegg barnet/ungdomen sine læreføresetnader om det er relevant i saka
 PPT gjev råd og rettleiing til skulen i høve til tilrettelegging, kartlegging av fagleg og
sosial fungering m.m.
 Foreldre får tilbod om deltaking i foreldrerettleiingsprogram

Ved aukande og /eller vedvarande bekymring
 Det vert oppretta ei fast samarbeidsgruppe, der aktuelle instansar i saka deltek.
Føremålet er å få fram konkrete og forpliktande målsetjingar og tiltak. Det skal vere
tett oppfølging og hyppig evaluering.
 Sikre grundig medisinsk undersøking hos fastlege
 Foreldre kan få tilbod om rettleiing
 PPT fortset rådgjeving knytta til tilrettelegging i skulen. I tillegg gjer vurdering knytta
til om § 5-1 i Opplæringslova (rett til spesialundervisning) er relevant.
 Tilvising til Psykisk helsevern for barn og unge om det ikkje allereie er gjort
(barn og unge som vert tilvist BUP/spesialisthelsetenesta har rett til å bli vurdert innan
10 virkedagar.Om dei får rett til helsehjelp vert det gjeve frist for
oppstart/utredning/behandling annan 65 virkedagar/3 mnd. Høyringsnotat har forslag
om at maks ventetid ved skulevegringsproblematikk skal vere 4 veker)
Ved omfattande og langvarig fråver:
 Alle relevante instansar vert kopla inn og deltek i arbeidet rundt eleven og foresatte
gjennom ansvarsgruppemodell
 Det vert vurdert trong for IOP (Individuell Opplæringsplan) og IP (Individuell Plan)
 Det vert vurdert Trygderettar m.m. som elev og foreldre kan ha
 Arbeidet vert leia av oppnemnd koordinator, jmf. Retningsliner for Individuell plan i
Stord kommune
Utfordringar:








Få i gang tverrfagleg møte
Felles forståing av problematikken i hjelpeinstansane, avklaring og lojalitet i høve til
”kven gjer kva”
Reell implementering i skulane og hjelpeinstansane
Reagere tidleg nok
Skilje ut alvorleg problemutvikling tidleg nok
Kvalitativ betre rettleiingsmetodikk i skulane
Kunnskap og tryggleik til å gjennomføre ”Den vanskelege samtalen”
Bruk av ansvarsgruppe og koordinator