ebokfilen - Blogg og bibliotek

Roman
Omsett frå engelsk av
øystein vidne s
Det Norske Samlaget
oslo 2009
originaltit tel : Little Brother
© 2008 by Cory Doctorow
© 2009 Det Norske Samlaget
www.samlaget.no
Omsl ag & sats: Øystein Vidnes
Omsl agsillustr a sjon : Yuko Shimizu
Si tatet av allen ginsberg på side 212
er henta frå Hyl og andre dikt, gjendikta av Olav Angell, Pax 1968
Sitatet av Jac k K erouac på side 213
er henta frå På kjøret, omsett av Olav Angell, Tiden 1992
B o k a er set t med Warnock Pro 10,7 / 14,3
Pa pir : 80 g Super Snowbright 1,8
Tryk k eri : ScandBook AB, Falun
Printed in Sweden
ISBN 978-82-521-7331-4
E g g år siste året på skulen Cesar Chavez High i bydelen Mission i San Francisco, og det gjer meg til ein av dei
mest overvakte personane i verda. Eg heiter Marcus Yallow,
men på den tida då denne historia byrjar, gjekk eg under
namnet w1n5t0n. Uttalt «Winston».
Ikkje «Dobbel-ve-ein-enn-fem-te-null-enn» – dersom
du då ikkje er ein skuleinspektør utan peiling, så nedsnødd at
du enno kallar internett for «in­for­m­asjons­­motorvegen».
Eg kjenner ein som har akkurat så lite peiling, og han
heiter Fred Benson, ein av dei tre viserektorane ved Cesar
Chavez. Han er det du kan kalle eit gapande kjøtsår av eit
menneske. Men om du først skal ha ein fengselsbetjent, er det
betre med ein utan peiling enn ein som veit kva han driv med.
«Marcus Yallow,» sa han over høgtalaranlegget ein
fredag morgon. Høgtalaranlegget er ikkje særleg godt i
utgangspunktet, og om du kombinerer det med Benson
si sedvanlege mumling, får du noko som høyrest meir ut
som nokon som prøver å fordøye ein dårleg burrito, enn ei
melding frå rektor. Men menneske er flinke til kjenne igjen
namnet sitt i eit lydkaos – det er eit overlevingsinstinkt.
Eg tok sekken min og slo laptopen tre fjerdedelar igjen
– eg ville ikkje avbryte nedlastingane mine – og gjorde meg
klar for det uunngåelege.
­
5
«Meld deg på rektors kontor med ein gong.»
Samfunnsfagslæraren min, Galvez, rulla med augene
mot meg, og eg rulla med augene mot henne. Dei slo alltid
hardt ned på meg, berre fordi eg går gjennom brannmurane
til skulen som om dei skulle vere våte papirlommetørkle, lurer programmet som gjenkjenner ganglaget vårt, og nøytraliserer chipane som dei sporar oss med. Galvez er likevel ei
bra dame, ho held aldri det mot meg (spesielt når eg hjelper
henne med webmailen så ho kan kommunisere med bror
sin som er stasjonert i Irak).
Kompisen min Darryl gav meg eit klaps på ræva i det
eg gjekk forbi. Eg har kjent Darryl sidan vi gjekk med bleier
og rømde frå barnehagen, og eg har heile tida sørgd for å
få han inn i trøbbel og ut av trøbbel. Eg løfta armane over
hovudet som ein verdsmeister i boksing, forlét samfunnsfagstimen og byrja spissrotgangen mot kontoret.
Eg var halvvegs då telefonen min ringde. Det var ei
anna synd – telefonar er muy proibido på Chavez High –
men kvifor skulle det stoppe meg? Eg sneik meg inn på
toalettet og låste meg inn på båsen i midten (båsen lengst
inne er alltid den verste, fordi dei fleste går rett til den, i håp
om å sleppe unna lukta og uhumska – det smarte valet og
den gode hygienen er alltid i midten). Eg sjekka telefonen –
heime-pc-en min hadde sendt ein epost for å fortelje at det
var noko nytt på gang i Harajuku Fun Madness, som tilfeldigvis er det beste spelet som nokon gong er laga.
Eg smilte. Å vere på skulen på fredagar var i alle tilfelle
urtråkig, og eg var glad for påskotet til å stikke.
Eg rusla resten av vegen til Bensons kontor og vinka
freidig med handa då eg svevde inn døra.
«Nei, er det ikkje Dobbel-ve-ein-enn-fem-te-null-enn?­»
sa han. Fredrik Benson – personnummer 545-03-2343, fødd
15. august 1962, mors fødenamn Di Bona, heimby Peta­6
luma –er mykje høgare enn meg. Eg er stakkarslege 177 cm
på strømpelesten, medan han ragar 204 cm over bakken.
Basketballdagane hans på college er langt nok tilbake i fortida
til at brystmusklane hans har blitt til hengande manne­puppar
som var smerteleg synlege gjennom dei typiske dot.com-Tskjortene han hadde fått gratis. Han ser alltid ut som om han
skal til å dunke deg i korga, og er veldig glad i den dramatiske
effekten han kan oppnå ved å heve stemma. Begge desse tinga blir langt mindre effektive når dei blir brukte for ofte.
«Beklagar, nei,» sa eg. «Eg har aldri høyrt om denne
Star Wars-figuren du pratar om.»
«W1n5t0n,» sa han og stava det igjen. Han gav meg eit
illevarslande blikk og venta på at eg skulle bøye av. Det var
kalle­namnet mitt, sjølvsagt, og det hadde det vore i årevis. Det
var identiteten eg brukte når eg posta på nettforum for å yte
bidraget mitt til feltet praktisk tryggleiksforsking. Slik som å
snike seg ut frå skulen og setje sporingschipen på telefonen
min ut av spel. Men han visste ikkje at det var kallenamnet
mitt. Veldig få folk visste det, og dei stola eg på til verdas ende.
«Eh, det ringer ikkje nokon bjøller,» sa eg. Eg hadde
gjort ein del ganske snasne greier på skulen under det kalle­
namnet – eg var ganske stolt av alle metodane mine for å
stoppe radiokjeften på sladrehankteknologien – og dersom
han klarte å kople dei to identitetane mine, ville eg sitje i
klemma. Ingen på skulen kalla meg w1n5t0n, eller for den
del Winston. Ikkje eingong kameratane mine. Det var
Marcus eller ingenting.
Benson slo seg ned bak skrivebordet og tromma nervøst med den gamle skuleringen sin mot papirblokka. Han
gjorde alltid det når ting byrja å gå mindre bra for han.
Pokerspelarar kallar dette eit «tell» – noko som lèt deg forstå
kva som går føre seg i hovudet til motspelaren. Eg kjende
Benson sine tell ut og inn.
7
«Marcus, eg håpar du forstår kor alvorleg dette er.»
«Det gjer eg nok, når du forklarer kva dette er, sir.» Eg
seier alltid «sir» til autoritetspersonar når eg køddar med
dei. Det er mitt eige tell.
Han rista på hovudet og såg ned, eit anna tell. Det neste
var å byrje å skjelle meg ut. «Høyr her, gut! Det er på tide at du
forsonar deg med at vi veit kva du har drive med, og at vi ikkje
kjem til å ta lett på det. Du er heldig om du ikkje er utvist når
dette møtet er over. Har du lyst til å ta eksamen?»
«Herr Benson, du har enno ikkje forklart kva problemet
er –»
Han slo ei flat hand hardt mot skrivebordet, så retta han
peikefingeren mot meg. «Problemet, Yallow, er at du har
vore involvert i kriminell aktivitet for å omgå sikringssystemet på skulen, og du har spreidd antisikringstiltak til medelevane dine. Du er klar over at vi utviste Graciella Uriarte i
førre veke for å bruke ein av dine metodar?» Uriarte hadde
vore uheldig. Ho hadde kjøpt ein radiosignalforstyrrar i
nærleiken av t-banen i 16th Street og fekk han til å sende
ut mine motsignal i skulekorridoren. Det var ikkje eg som
gjorde det, men eg følte med henne.
«Og du trur eg har noko med det å gjere?»
«Vi har påliteleg etterretning som indikerer at du er
w1n5t0n» – igjen stava han det ut, og eg byrja å lure på om
han rett og slett ikkje hadde skjønt at 1-talet var ein i og
at 5 var ein s. «Vi veit at denne w1n5t0n-figuren står bak
tjuveriet av standardtestane i fjor.» Det var ikkje eg, faktisk,
men det var eit nydeleg hack, og det var smigrande å høyre
at dei trudde det var eg. «Og difor risikerer du fleire år i
fengsel om du ikkje samarbeider.»
«Har du ’påliteleg etterretning’? Det vil eg gjerne sjå.»
Han glodde på meg. «Haldninga di kjem ikkje til å hjelpe deg.»
8
«Om det finst bevis, trur eg at du skulle ringe politiet
og gi bevisa til dei, sir. Det høyrest ut som ei veldig alvorleg
sak, og eg vil ikkje stå i vegen for ei skikkeleg etterforsking.»
«Du vil at eg skal ringe politiet.»
«Og foreldra mine, tenkjer eg. Det ville vere det beste.»
Vi stira på kvarandre over skrivebordet. Han forventa
heilt klart at eg skulle knekke saman i den augeblinken han
sleppte bomba. Eg knekk ikkje saman. Eg har eit triks for å
stire ned folk som Benson. Eg ser lite grann til venstre for
dei og tenkjer på teksten til ei eller anna gammal folkevise
med uendeleg mange vers. Det får meg til å sjå fullstendig
roleg og ubekymra ut.
Gubben og Gamla låg og drog,
og ikkje fekk opp rota
Men hadde vi hatt han Tolvball her,
så hadde vi fått opp rota
Og Tolvball kom og Tolvball drog
Og Tolvball og Elveball og Tiball og
Niball og Åtteball og Sjuball og
Seksball og Femball og Fireball og
Treball og Toball og Einball og
Gubben og Gamla låg og drog –
«Du kan gå tilbake til timen no,» sa han. «Eg skal rope deg
opp når politiet er klare til å snakke med deg.»
«Skal du ringe dei no?»
«Det er ein komplisert prosedyre å ringe til politiet. Eg
hadde håpa at vi kunne ordne dette raskt og rimeleg, men
sidan du insisterer –»
«Eg kan vente medan du ringer, det var berre det,» sa
eg. «Eg har ikkje noko imot det.»
9
Han tromma med ringen igjen, og eg stålsette meg for
det som ville kome.
«Gå!» ropte han. «Kom deg ut av kontoret mitt, din usle –»
Eg kom meg ut, utan å endre mine. Han kom ikkje til
å ringe politiet. Om han hadde nok bevis til å gå til politiet,
ville han ha gjort det med ein gong. Han hadde eit horn i
sida til meg, og eg gjekk ut frå at han hadde høyrt nokre
rykte og prøvde å skremme meg til å bekrefte dei.
Eg gjekk lett og lystig nedover korridoren og heldt
ganglaget mitt jamt og regelmessig til ære for dei ganglags­
gjenkjennande kamera. Dei hadde blitt installerte for berre
eit år sidan, og eg elska dei fordi dei var så idiotiske. Før
hadde vi ansiktsgjenkjennande kamera som dekte nesten
heile skulen, men det blei avgjort i ei rettssak at dei var
grunnlovsstridige. Så Benson og ei rekke andre paranoide
rektorar hadde brukt pengane som skulle ha gått til skulebøker, på idiotkamera som skulle kjenne igjen ganglaget til
dei som gjekk forbi. Akkurat, ja.
Eg kom tilbake til klasserommet og sette meg på plassen
min, og Galvez ønskte meg varmt velkomen. Eg opna skulepc-en og sette han i vanleg klasserommodus. Pc-en var av
typen SchoolBook, den sleipaste teknologien du kan tenkje
deg, kvart tastetrykk blei logga, all nettverkstrafikken blei
overvakt for mistenkjelege ord, kvart klikk blei talt, og alle
tankar du kunne finne på å gi uttrykk for, blei haldne oversikt
over. Vi fekk maskinene det første året, og det tok berre eit
par månader før glansen byrja å falme. Med ein gong folk
fann ut at desse «gratis» berbare pc-ane jobba for folka i styreromma – og i tillegg viste ein uendeleg parade av irriterande annonser – byrja dei å verke veldig tunge og tyngande.
Å knekke SchoolBooken var lett. Berre ein månad etter at maskinene kom, var det nokon som la ut koden for
å knekke maskina, og det var gjort på eit blunk – det var
10
berre å laste ned eit image, brenne det, setje DVD-en inn i
SchoolBooken og starte opp, medan du heldt nede ein spesiell kombinasjon av tastar samtidig. DVD-en gjorde resten,
installerte ein heil haug med usynlege program på maskina,
program som ville halde seg usynlege sjølv om utdanningsstyret tok sine daglege sjekkar av maskina via nettet. Frå tid
til anna måtte eg skaffe ei oppdatering av knekkeprogramvara for å omgå styret sine siste testar, men det var ein liten
pris å betale for full kontroll over boksen.
Eg fyrte opp IMParanoid, det hemmelege direktemeldingsprogrammet eg brukte når eg ville ha ein uoffisiell diskusjon i skuletida. Darryl var allereie logga inn.
> Spelet er i gang! Noko stort i gjerde med Harajuku Fun Mad­
ness. Med eller?
> Aldri. I. Verda. Viss eg blir teken i å skulke igjen, blir eg ut­
vist. Det veit du. Vi dreg etter skuletid.
> Du har lunsj, og så leksetime, sant? Det er to timar. Masse
tid til å forfølgje dette hintet og kome tilbake før nokon rekk å
sakne oss. Eg skal få med gjengen.
H a r a juku F un M adne ss er det beste spelet i verda.
Eg veit at eg allereie har sagt det, men det toler å bli gjenteke. Det er eit ARG, som står for Alternate Reality Game,
og bakgrunnshistoria er at ein gjeng japanske tenåringar
oppdagar ein magisk stein som kan kurere sjukdom, ved eit
tempel i Harajuku, som er staden der kule japanske tenåringar dei siste ti åra har funne opp alle subkulturar som betyr noko. Dei blir forfølgde av nokre vonde munkar, Yakuza
(også kjend som den japanske mafiaen), romvesen, skattefuten, foreldra og ein opprørsk kunstig intelligens. Dei japanske tenåringane sender ut koda meldingar til spelarane,
og desse meldingane må vi dekode og bruke til å finne fram
til hint som leier fram til fleire koda meldingar og fleire hint.
11
Sjå for deg den beste ettermiddagen du nokon gong
har streifa rundt i gatene, studert dei rare folka, dei pussige
flygeblada rundt omkring, alle galningane som heng i gatene, og alle dei snodige butikkane. Sjå for deg dette, og legg
til skattejakt, ei skattejakt som gjer at du må sjekke ut sprø
gamle filmar og songar og tenåringskultur frå heile verda
og frå ulike tider. I tillegg er det ein konkurranse, der vinnarlaget kan vinne ti dagar i Tokyo, henge ut på Harajukubrua, nerde seg i Akihabara og ta med seg heim alt Astro
Boy-godteriet du kan ete. Bortsett frå at det heiter Atom
Boy i Japan.
Det er Harajuku Fun Madness, og så snart du har løyst
ei gåte eller to, vil det ikkje vere nokon veg tilbake.
> Nei, nei. nei. Berre ikkje spør.
> Men eg treng deg, D. Du er den beste eg har. Eg skal få oss
ut og inn igjen utan at nokon oppdagar det, eg lovar. Det klarer eg,
veit du, sant?
> Eg veit at du klarer det
> Så du er med?
> Nei for satan
> Kom an, Darryl. Du kjem ikkje til å ligge for døden og øn­
skje at du hadde vore flittigare på skulen
> Eg kjem ikkje til å ligge for døden og ønskje at eg hadde
brukt meir tid på arg heller
> Nei, men trur du ikkje at du kjem til å ligge for døden og
ønskje at du hadde vore meir saman med Vanessa Park?
Van var med i laget. Ho gjekk på ein privatskule i East
Bay, men eg visste at ho ville skulke og vere med på oppdraget. Darryl hadde vore forelska i henne i fleire år – sjølv før
puberteten overauste henne med rikelege gåver. Darryl blei
forelska i intelligensen hennar. På ein måte trist.
> Dust
> Kjem du?
12
Han såg på meg og rista på hovudet. Så nikka han. Eg
blinka til han og gjekk i gang med å mobilisere laget.
d e t har ik k je alltid vore ARG som var tingen. Eg
har ein mørk løyndom: Eg brukte å spele laivrollespel. Laiv,
eller levande rollespel, er akkurat slik som namnet tilseier:
å springe rundt i eit kostyme, snakke med ein eller annan
merkeleg utanlandsk aksent, å late som du er superspion,
vampyr eller riddar frå middelalderen. Det er som å leike
sisten, berre utkledd, kombinert med litt amatørteater. Dei
beste omgangane var dei vi spelte i speidarleirar ute på
landet utanfor byen. Desse tredagarsmaratonane var gans­
ke heftige med lange dagsturar, store slag med plast- og
bambussverd og kasting av trolldom på folk ved å hive ein
erte­pose på bakken og rope «Eldkule!» og slikt. Litt dustete,
men veldig gøy. Ikkje på langt nær så nerdete som å sitje
rundt eit bord fullt av cola light og spelebrikker, medan du
snakka om kva alven din skulle til å gjere, og meir fysisk enn
å falle i musekoma framfor eit massivt multiplayerspel på
datamaskina heime.
Det som laga problem for meg var dei minilaivane vi spelte på hotell. Kvar gong det var ein eller annan science fictionkonferanse i byen, var det nokon i laivmiljøet som overtalte
dei til å la oss snylte på leigeavtalen deira og ha eit minispel på
hotellet. Ein bøling med entusiastiske ungar som sprang rundt
i kostyme, sette farge på konferansen deira, og vi kunne ha det
gøy blant folk som var endå meir sosialt avvikande enn oss.
Problemet med hotella er at det er ein god del folk der
som ikkje er med på spelet – ikkje berre sci-fi-folk. Vanlege
folk. Frå statar med namn som byrjar og sluttar på vokalar.
På ferie.
Og nokre gonger kan dessa folka misforstå.
La oss berre seie det slik, OK?
13
Timen slu t ta om ti minu t t, og dermed hadde eg
ikkje mykje tid til førebuingar. Det første var dei irri ganglagsgjenkjennande kamera. Som eg sa, dei byrja som ansiktsgjenkjennande, men dei hadde blitt dømde som grunnlovsstridige. Så langt eg veit, er det enno ikkje nokon domstol som
har avgjort om ganglagsgjenkjennade kamera er noko meir
lovlege, men fram til det eventuelt skjer, er vi stuck med dei.
«Ganglag» betyr korleis du går. Folk er generelt ganske
gode til å kjenne igjen ganglag. Neste gong du er på telttur,
legg merke til korleis lyset frå lommelykta til ein du kjenner
går opp og ned når han nærmar seg i mørket. Det kan godt
hende du kjenner han igjen berre på desse rørslene, den karakteristiske måten lyset duppar opp og ned på, som fortel
apehjernen vår at dette er ein person som nærmar seg.
Ganglagsgjenkjennande programvare tek bilete av
rørslene dine og samanliknar silhuetten din med bilete frå
ein database. Det er ein såkalla biometrisk identifikator,
som fingeravtrykk eller augeskanning, men han har langt
fleire «kollisjonar» enn nokon av desse. Ein biometrisk
«kollisjon» er når ei måling har treff på fleire enn ein person.
Fingeravtrykket ditt er det berre du som har, men ganglaget
ditt kan vere likt mange andre personar sitt ganglag.
Ikkje hundre prosent, sjølvsagt. Den personlege, milli­
meterpresise gangen din er din, og berre din. Problemet er
at den millimeterpresise gangen din endrar seg etter kor
trøtt du er, kva golvet er laga av, om du fekk ankelstrekk på
basketballtreninga, og om du har kjøpt nye sko i det siste.
Så systemet legg inn eit slingringsmonn og ser etter folk
som går sånn cirka slik som du.
Det er masse folk som går sånn cirka slik som du. Og
dessutan, det er lett å ikkje gå sånn cirka slik som du – berre
ta av deg ein sko. Sjølvsagt, då vil du gå slik som du vanlegvis går med berre ein sko, så kamera vil kjenne igjen den
14
gangen til slutt. Og difor føretrekker eg å legge inn eit element av slump i angrepa mine på ganglagsgjenkjenninga:
Eg puttar ein handfull småstein i kvar sko. Billeg og effektivt, og ingen steg blir like. Pluss at du får ein veldig bra refleksologisk fotmassasje på kjøpet (eg tullar. Refleksologi er
omtrent like lite vitskapleg som ganglangsgjenkjenning).
Kamera brukte å setje i gang ein alarm kvar gong dei
fanga opp nokon dei ikkje kjende igjen.
Det verka ikkje.
Alarmen gjekk kvart tiande minutt. Når postmannen
gjekk forbi. Når ein forelder kom innom. Når det kom arbeidarar for å fikse basketballbanen. Når ein elev kom på
skulen med nye sko.
Så no prøver dei berre å halde styr på kvar folk er.
Dersom nokon forlèt skuleområdet, blir ganglaget sjekka
for å sjå om det liknar på ein elev, og dersom det gjer det, så
tut-tut-tut! går alarmen.
Rundt skulen går det grusvegar. Eg går gjerne med eit
par handfullar småstein i veska, i tilfelle. I smug gav eg Darryl
ti–femten knudrete småjævlar, og vi lasta opp skoa våre.
Timen gjekk mot slutten – og eg kom på at eg hadde
gløymt å sjekke nettsida til Harajuku Fun Madness for å sjå
kvar den neste leietråden var! Eg hadde vore hyperfokusert
på flukta og hadde gløymt å finne ut kvar vi skulle flykte.
Nettlesaren vi brukte på SchoolBooken, følgde med
maskina. Det var ein låst og spionvareinfisert versjon av
Internet Explorer, Microsofts dritlesar som ingen under 40
bruker frivillig.
Eg hadde ein kopi av Firefox på USB-disken bygd inn
i klokka mi, men det var ikkje nok. SchoolBooken køyrde
Windows Vista4Schools, eit antikvert operativsystem laga
for å gi rektorar illusjonen om at dei kontrollerte programma elevane kunne køyre.
15
Men Vista4Schools er sin eigen verste fiende. Det finst
ein serie program som Vista4Schools ikkje vil at du skal
kunne slå av – program som loggar tastetrykk, program
som sensurerer kva nettsider du kan besøke – og desse programma køyrer i ein spesiell modus som gjer dei usynlege
for systemet. Du kan ikkje avslutte dei fordi du ikkje kan sjå
at dei er der.
Alle program med namn som startar med $SYS$, er
usynlege for systemet. Du finn dei ikkje på harddisken, og
heller ikkje i prosessmonitoren. Så min kopi av Firefox var
kalla $SYS$Firefox – usynleg for Windows og dermed også
for snokprogrammet på nettverket.
No då eg hadde ein uavhengig nettlesar framfor meg,
trong eg ei nettverkskopling. Nettverket på skulen logga
kvart einaste klikk, og det var dårleg nytt dersom du tenkte
å surfe innom nettsida til Harajuku Fun Madness for å ha
det litt gøy utanfor pensum.
Svaret er ein genial ting som blir kalla TOR – The Onion
Router. Ein onion router eller løkruter er ei nettside som
tek imot førespurnader om nettsider og sender dei vidare
til andre løkruterar, og vidare til andre løkruterar, til ein av
dei til slutt bestemmer seg for å hente sida og sende henne
tilbake gjennom alle laga i løken, til sida når fram til deg.
Trafikken fram til løkruteren er kryptert, noko som tyder
at skulen ikkje kan sjå kva det er du spør etter, og dei ulike
laga i løken veit ikkje kven dei jobbar for. Det er millionar av
nodar – programmet blei sett opp av Det amerikanske marineforskingsinstituttet, for å hjelpe folk å omgå sensurprogramvara i land som Syria og Kina, noko som tyder at det er
perfekt til bruk innanfor amerikanske high school-veggar.
TOR verkar, fordi skulen har ei fast svarteliste av adresser som vi ikkje har lov til å gå inn på, og adressene til dei
ulike nodane i TOR endrar seg heile tida – skulen har ikkje
16
sjans til å halde styr på alle. Kombinasjonen Firefox og TOR
gjorde meg til den usynleg mannen, utanfor rekkevidda av
skulestyret si overvaking, fri til å sjekke ut Harajuku FMnettsida og sjå kva som var på gang.
Der var det, eit nytt hint. Som alle hinta i Harajuku Fun
Madness hadde det ein fysisk, ein nettbasert og ein mental del. Den nettbaserte delen var ein rebus du måtte løyse,
ein som kravde at du måtte finne svara på ein haug obskure
spørsmål. Denne gongen var det ein haug med spørsmål
om handlinga i dojinshi-teikneseriar. Dojinshi-teikneseriar
er teikna av folk som er fan av manga, japanske teikneseriar.
Dei er ikkje så store som dei offisielle teikneseriane som er
inspirasjonskjeldene, men dei er mykje særare, med historier som kryssar kvarandre, og av og til med heilt sprø songar
og handling. Masse kjærleikshistorier. Alle elskar det når
favorittfigurane deira finn kvarandre.
Eg måtte løyse desse gåtene seinare, når eg kom heim.
Dei var lettare å løyse saman med resten av laget, medan vi
lasta ned ein haug med dojinshi-filer og gjennomsøkte dei
for svar på spørsmåla.
Eg var akkurat ferdig med å ta notat av alle hinta då
klokka ringde og vi byrja på flukta. Umerkeleg lét eg småsteinane skli ned på innsida av støvlane mine – ankelhøge,
av merket Blundstone frå Australia, veldig gode til å springe
og klatre med. Og det lisselause designet gjer dei praktiske i
forhold til metalldetektorane som er overalt no.
Vi måtte også lure oss forbi gammaldags fysisk overvaking, sjølvsagt, men det blir lettare for kvar gong dei legg
til ei ny form for overvaking – alle desse dingsane lullar administrasjonen inn i ei falsk tryggleikskjensle. Vi surfa på
mengda gjennom gangane, fram mot favorittutgangen min.
Vi var halvvegs då Darryl kveste «Faen, eg gløymde at eg har
ei bibliotekbok i sekken».
17
«Køddar du?» sa eg og halte han inn på det nærmaste
toalettet. Bibliotekbøker er dårleg nytt. Kvar av dei har ein
arphid – ein RadioFrequency-ID-tagg – limt inn i omslaget,
slik at bibliotekarar kan sjekke inn og ut bøkene ved å halde
dei bort til ein radar, og kan la bokhylla gi signal om nokon
av bøkene står på feil stad.
Men arphidane lèt også skulen halde oversikt over kvar
du er til kvar tid. Det er eit av dei lovlege smotthola: Retten
vil ikkje la skulane spore oss med arphidar, men dei kan spore bibliotekbøker og bruke låneregisteret til å fortelje kven
som har ei viss bok.
Eg hadde ein liten Faraday-pung i veska – det er små
lommebøker med innsydde tynne kopartrådar som stoppar
radiosignal. Men desse pungane var laga for å nøytralisere
ID-kort, ikkje bøker som –
«Introduksjon til fysikk?» stønna eg. Boka var stor som
eit leksikon.
« E g tenk te e g skulle ta fysikk når eg byrjar på
Berkeley,» sa Darryl. Faren hans underviser ved Berkeley,
Universitetet i California, noko som betydde at han ville få
gratis undervising når han byrja der. Og heime hos Darryl
hadde det aldri vore nokon tvil om at han skulle dit.
«Okei, men kunne du ikkje lese om det på nettet?»
«Faren min sa eg burde lese denne. Dessutan hadde eg
ikkje planar å gjere noko kriminelt i dag.»
«Å skulke er ikkje kriminelt. Det er eit regelbrot. Det er
noko anna.»
«Kva skal vi gjere, Marcus?»
«Vi kan ikkje gøyme boka, så vi må nøytralisere henne.» Å knekke arphidar er ein svartekunst. Det er ingen
butikkeigarar som vil at vondsinna kundar skal kunne ta
ein rusletur rundt i butikken og etterlate seg lobotomerte
varer som manglar den usynlege strekkoden, så produsentane har nekta å implementere eit «kill-signal» som du kan
sende til arphiden for å slå han av. Du kan omprogrammere
arphidar med den rette boksen, men eg hatar å gjere slikt
mot bøker. Det er ikkje heilt det same som å rive sidene ut
av boka, men det kjennest likevel feil, sidan ei bok med omprogrammert arphid ikkje kan setjast tilbake på rett hylle
og ikkje kan bli funnen igjen. Ho blir ei nål i ein høystakk.
19
Dermed var det berre ein ting å gjere: slette heile greia.
30 sekund i mikrobølgjeomn er nok til å øydelegge dei fleste
typar arphidar. Og fordi arphiden dermed ikkje ville svare
i det heile teke når D sjekka boka inn igjen på biblioteket,
ville dei berre utstyre henne med ein ny, og boka ville ende
tilbake der ho skulle vere.
Alt vi trong, var ein mikrobølgjeomn.
«Om to minutt blir lærarrommet tomt,» sa eg.
Darryl tok boka og gjekk mot døra. «Gløym det, aldri i
verda. Eg går tilbake til timen.»
Eg tok tak i albogen hans og drog han tilbake. «Kom an,
D, ta det med ro. Det skal gå bra.»
«Lærarrommet? Kanskje du ikkje følgde med, Marcus.
Om eg blir teken berre ein gong til, blir eg utvist. Høyrer du?
Utvist.»
«Du kjem ikkje til å bli teken,» sa eg. Den einaste plassen
lærarane ikkje var akkurat no, var lærarrommet. «Vi skal gå
bakvegen.» Lærarrommet hadde eit lite kjøkken i den eine enden, med ein eigen inngang for lærarar som berre ville ta seg
ein kopp kaffi. Mikrobølgjeomnen – som alltid stinka popcorn
og gammalt suppesøl – var der, oppå det vesle kjøleskapet.
Darryl stønna. Eg tenkte kjapt. «Høyr her, klokka har
allereie ringt. Dersom du går til leksetime no, får du merknad. Betre å ikkje kome i det heile. Eg kan snike meg inn og
ut av kvart einaste rom på skulen, D. Du har sett det. Eg skal
sørgje for at du er trygg, bror.»
Darryl stønna igjen. Det var eit av Darryl sine tell: Når
han først byrjar å stønne, er han på veg til å gi etter.
«Kom,» sa eg, og vi la i veg.
Det var perfekt. Vi strauk forbi klasseromma, tok baktrappa ned i kjellaren og kom opp framtrappa rett ved lærarrommet. Ikkje ein lyd kom frå døra. Varsamt vreid eg dørhandtaket og drog Darryl inn opninga før eg lukka henne lydlaust.
20
Boka fekk så vidt plass i mikrobølgjeomnen, som såg
endå skitnare ut enn førre gongen eg hadde snike meg inn
for å bruke han. Samvitsfullt rulla eg boka inn i tørkerullpapir før eg la henne inn. «For nokon grisar lærarane er,»
kveste eg. Darryl var kvit i fjeset og sa ingenting.
Arphiden døydde i eit gneisteregn, ganske fint, eigentleg (men ikkje på langt nær så nydeleg som effekten du får
av å stråle ei frosen drue, som du ikkje trur før du ser det).
No gjenstod det berre å eksfiltrere skuleområdet utan å
bli sett.
Darryl opna døra og smaug seg ut, eg hakk i hæl. Eit
sekund seinare stod han oppå tærne mine, med albogane
planta i brystkassa mi, og prøvde å rygge tilbake inn på
kjøkkenet.
«Tilbake,» kviskra han utolmodig. «Rask på – Charles!»
Charles Walker og eg kjem ikkje overeins. Vi går i same
klasse, og vi har kjent kvarandre like lenge som eg har kjent
Darryl, men der sluttar likskapen. Charles har alltid vore
stor for alderen, og no når han speler amerikansk fotball og
trenar, er han endå større. Han har problem med å kontrollere sinnet sitt – eg mista ei mjølketann på grunn av han i
tredje klasse – men han har unngått trøbbel ved å bli den
mest aktive tystaren på skulen.
Det er ein dårleg kombinasjon, ei bølle som også er ein
tystar, som frydar seg over å gå til læraren med det han observerer. Benson elska Charles. Charles likte å gi seg ut for
å ha eit eller anna uspesifisert blæreproblem, som gav han
ei gryteklar unnskyldning for å pløye rundt i gangane på
Chavez og sjå etter folk å tyste på.
Førre gongen Charles hadde fått noko drit på meg,
hadde det enda med at eg slutta å laive. Eg hadde ikkje tenkt
å bli teken av han igjen.
«Kva er det han held på med?»
21
«Han er på veg hit, det er det han held på med,» sa
Darryl. Han skalv.
«Ok,» sa eg. «Tid for å setje i verk ein nødplan.» Eg tok
ut telefonen min. Eg hadde planlagt dette lenge. Charles
skulle aldri få ta meg igjen. Eg sende ein epost til serveren
min heime, og det var i gang.
Nokre få sekund seinare byrja telefonen til Charles
å frike ut på spektakulært vis. Eg hadde fått sendt han
titusen­vis av oppringingar og meldingar samtidig, noko
som gjorde at alle ringe- og meldingslydane på telefonen
slo ut og ikkje ville stoppe. Angrepet var gjort ved hjelp av
eit botnett, noko eg var lei for, men det var for ei god sak.
Botnett er staden der infiserte datamaskiner lever
etter­livet sitt. Når du får eit virus, sender datamaskina ei
melding til ein chattekanal på IRC – som står for Internet
Relay Chat. Denne meldinga fortel botmasteren – fyren
som sette i gang viruset – at datamaskina di er klar til oppdrag. Botnett er veldig kraftige, sidan dei kan omfatte tusenvis eller til og med hundretusenvis av datamaskiner, spreidd
over heile internett, kopla til saftige breibandlinjer og med
raske heime-pc-ar til disposisjon. Desse pc-ane lyst­rar vanlegvis eigarane sine, men når botmasteren sender ein kommando, reiser dei seg som zombiar klare til teneste.
Det er så mange infiserte pc-ar på internett at prisen
for å leige ein time eller to på eit botnett har falle til eit minimum. Dei fleste av dei jobbar for spammarar og er billege
spambotar som stadig fyller innboksen din med reklame
for ereksjonspiller eller med nye virus som kan rekruttere
maskina di til botnettet.
Eg hadde leigd ti sekund på tre tusen pc-ar. Kvar av dei
sende ei tekstmelding eller IP-telefonoppringing til Charles.
Eg hadde funne nummeret hans på ein gul lapp som låg på
Bensons skrivebord ein gong eg var på eit fatalt besøk der.
22
Mobilen til Charles var sjølvsagt ikkje utstyrt til å
handtere dette. Først fylte sms-ane minnet, slik at telefonen
jobba treigare med rutinefunksjonar som å sende ut ringetonen og logge alle dei falske nummera til oppringingane
som kom inn på løpande band (visste du at det er veldig lett
å fake det nummeret du ringer frå? Det finst omtrent femti
måtar, berre prøv å google «spoof caller id»).
Charles stira rådvill på mobilen og trykte febrilsk på
knappane. Dei tjukke augebryna hans stramma seg og gjekk
opp og ned medan han kjempa med demonane som hadde teke bustad i eit av dei mest personlege verktøya hans.
Planen funka så langt, men han gjorde ikkje det han skulle
gjere no – det han skulle gjere, var å gå for å finne ein plass
der han kunne sitje og prøve å få mobilen sin til å fungere.
Darryl rista meg i skuldra, og eg tok augene vekk frå
dørsprekken.
«Kva gjer han?» kviskra Darryl.
«Eg sette mobilen hans ut av spel, men han berre står og
stirar på han no, i staden for å gå vekk.» Det kom ikkje til å bli
lett å starte om den dingsen. Når minnet var heilt fullt, ville
det gå veldig treigt å slette dei falske beskjedane – og den
telefonen hadde ikkje nokon funksjon for massesletting, så
han ville måtte slette alle dei tusenvis av beskjedane manuelt.
Darryl skauv meg tilbake og kika ut. Ein augeblink seinare byrja skuldrene hans å skjelve. Eg blei skremd og tenkte at han fekk panikk, men då han snudde seg, såg eg at han
lo så tårene trilla nedetter kinna hans.
«Galvez tok han akkurat for å gå rundt i gangen midt i
timen og for å ha med telefonen sin – du skulle ha sett henne hakke laus på han. Ho likte det.»
Vi tok kvarandre i handa og sneik oss gjennom korridoren, ned trappene, rundt på baksida, ut døra, forbi gjerdet
og ut i den strålande ettermiddagssola i Mission. Valencia
23
Street hadde aldri sett så bra ut. Eg såg på klokka og sette i
eit lite hyl.
«Vi må få fart på! Resten av gjengen skal møte oss ved
t-banen om tjue minutt!»
Van såg oss f ør st. Ho stod saman med ei gruppe
koreanske turistar, som er ein av favorittmåtane hennar å
kamuflere seg på når ho skulkar. Heilt sidan skulkebloggen kom på nett, var verda vår full av nærgåande butikkeigarar og snushanar som såg det som si oppgåve å ta bilete av oss og legge dei ut på nettet, der dei kan bli funne av
skuleadministratorar.
Ho kom ut av mengda og rusla mot oss. Darryl hadde
hatt ei greie for Van sidan tidenes morgon, og ho er grei nok
til å late som om ikkje veit det. Ho gav meg ein klem før det
var Darryl sin tur, og ho gav han eit søsterleg kyss på kinnet
som gjorde han raud ut til øyreflippane.
Dei to var eit snodig par: Darryl har litt daudvekt, som
han rett nok ber ganske bra, og han har ein litt rosa hudfarge som blir til raudfarge på kinna kvar gong han spring eller
blir opphissa. Han fekk ansiktshår nok til å få skjegg allereie
då vi var 14, men heldigvis byrja han å barbere seg, etter ein
kort periode kjend i gjengen vår som «Lincoln-perioden».
Og han er høg. Veldig, veldig høg. Basketballhøg.
Van på si side er eit halvt hovud lågare enn eg, tynn,
med langt, svart hår som ho set opp i sinnssjuke, forseggjorde fletter som ho finn oppskriftene til på nettet. Ho har
fin, koparfarga hud og mørke auge, og ho elskar å ha på seg
ringar, av glas, store som reddikar. Dei lagar klikk-klakklydar når ho dansar.
«Kvar er Jolu?» spurde ho.
«Korleis går det med deg, Van?» spurde Darryl med
kvelt stemme. Han var alltid eit steg bak i samtalen med Van.
24
«Det går supert, D. Korleis går det med deg?» Darryl
såg ut som om han skulle til å svime av.
Jolu redda han frå sosialt sjølvmord ved å dukke opp
akkurat då, i ei altfor stor baseball-lêrjakke, skarpskodde
sneakers og ein kaps med namnet til den meksikanske
favoritt­wrestleren vår, El Santo Junior. Jolu er Jose Luis
Torrez, den fjerde medlemmen i kvartetten vår. Han gjekk
på ein superstreng katolsk skule i ytre Richmond, så det var
ikkje lett for han å kome seg ut. Men han klarte det alltid:
Ingen eksfiltrerte som vår Jolu. Han likte jakka si fordi ho
hang langt ned, noko som var populært i enkelte delar av
byen – og dekte alle katolikkgreiene som verka som dartblink for snushanar med skulkebloggen lagra som bokmerke på mobilen.
«Er vi klare til å dra?» spurde eg så snart vi hadde sagt
hei. Eg tok ut telefonen min og viste dei kartet eg hadde lasta ned på t-banen. «Så langt eg kan forstå, må vi gå opp til
Nikko-hotellet, og så eit kvartal forbi til O’Farrel, så til venstre opp mot Van Ness. Ein stad der skal vi finne det trådlause signalet.»
Van gjorde ein grimase. «Det er ein ugrei del av byen.»
Eg kunne ikkje motseie det. Den delen av San Francisco
dei kallar the Tenderloin er snodig – du går inn gjennom
hovudinngangen på Hilton, der alt er turistaktig, med
trikkestopp og familierestaurantar. Men om du går gjennom til den andre sida, er du i forbrytarkvarteret, der alle
dei outrerte transvestitthorene, dei hardbarka hallikane,
kvesande doplangarane og slitne heimlause i byen samlar
seg. Ingen av oss var gamle nok til å ta del i det dei selde og
kjøpte der (sjølv om det var plenty av horer på vår alder som
tråla dei gatene).
«Høyr her,» sa eg. «Det einaste tidspunktet du vanlegvis har lyst til å gå inn der, er midt på lysaste dagen. Ingen av
25
dei andre spelarane kjem til å nærme seg før tidlegast i morgon. Det er det vi på laivspråk kallar eit monsterforsprang».
Jolu smilte til meg. «Du får det til å høyrast ut som ein
bra ting,» sa han.
«Betre enn å ete uni,» sa eg.
«Skal vi stå og prate, eller skal vi vinne?» sa Van. Etter
meg var ho definitivt den mest hardcore spelaren i gruppa
vår. Ho tok det å vinne veldig, veldig alvorleg.
Vi la i veg, fire gode venner, på veg til å dekode eit hint,
vinne spelet – og på veg til å miste alt vi brydde oss om, for
alltid.
D en f ysisk e delen av dagens hint var eit sett av GPSkoordinatar – det fanst koordinatar for alle dei største byane der Harajuku Fun Madness blei spelt – der vi skulle finne
eit signal frå eit trådlaust tilgangspunkt. Signalet blei blokkert med vilje, av eit anna tilgangspunkt i nærleiken som
var gøymt slik at det ikkje kunne bli observert av konvensjonelle wifinnarar, små nøkkelhankar som fortel deg om du er
innanfor rekkevidda til eit trådlaust nettverk.
Vi måtte finne det «gøymde» tilgangspunktet ved å
måle signalstyrken til det «synlege» og finne punktet der
det på mystisk vis var veikast. Der skulle vi finne eit anna
hint – den førre gongen hadde det vore dagens rett på Anzu,
den classy sushirestauranten ved Nikko-hotellet. Nikko
var eigd av Japan Airlines, ein av sponsorane til Harajuku
Fun Madness, og staben hadde gjort stor stas på oss då vi
til slutt fann fram til hintet. Dei hadde gitt oss skåler med
misosuppe og fekk oss til å prøve uni, som er sushi laga av
sjøpiggsvin. Det såg ut som rennande, feit ost og lukta som
drypande hundeslev. Men det smakte veldig godt. Eller det
var iallfall det Darryl fortalde meg. Aldri i verda om eg skulle ete dei greiene der.
26
Eg fekk inn det trådlause signalet med mobilen min
om lag tre kvartal oppover O’Farrel, rett før Hyde Street,
framfor eit lugubert asiatisk massasjeinstitutt med eit
raudt, blinkande skilt i vindauget der det stod STENGT.
Nettverket eg fekk inn, heitte HarajukuFM, så vi visste det
var rett stad.
«Om det er der inne, så går eg ikkje inn,» sa Darryl.
«Har alle wifinnarane sine med?» spurde eg.
Darryl og Van hadde telefonar med innebygde wifinnarar, men Jolu, som var for kul til å ha ein mobil som var større enn veslefingeren sin, hadde ein liten separat nøkkelring.
«Ok, la oss spreie oss og sjå kva vi finn ut. Sjå etter eit
plutseleg fall i signalet, som blir verre når du bevegar deg i
ei viss retning.»
Eg tok eit steg tilbake og enda med å trakke på tærne til
nokon. Ei jentestemme sa «ooff», og eg spann rundt, redd
for at nokon skulle stikke ein kniv i meg.
I staden stod eg framfor ei jente på min eigen alder. Ho hadde sjokkrosa hår og eit spist, gnagaraktig ansikt, med store solbriller, praktisk talt flygarbriller. Ho var
kledd i stripete strømpebukser under ein svart bestemors­
kjole, med masse små japanske decorer-effektar festa med
sikringsnål – anime-figurar, politiske leiarar, utanlandske
brusmerke.
Ho tok opp eit kamera og knipsa eit bilete av meg og
laget mitt.
«Smil,» sa ho. «Du er på skjult skulkekamera.»
«Aldri i verda,» sa eg. «Du ville ikkje finne på å –»
«Eg gjer det,» sa ho. «Eg kjem til å sende dette fotoet til
skulkevakta om tretti sekund om de fire ikkje trekker dykk
tilbake frå dette hintet og lèt oss finne det. De kan kome tilbake om ein time, då er kysten klar. Meir rettferdig går det
ikkje an å gjere det, trur eg.»
27
Bak henne kunne eg sjå tre andre jenter i liknande klede – ei med blått hår, ei med grønt og ei med lilla. «Kven er
de, liksom, saftispatruljen?»
«Vi er laget som skal slå dykk ned i støvlane i Harajuku
Fun Madness,» sa ho. «Og eg er den som akkurat i dette sekund skal til å laste opp eit foto av dykk og gi dykk så mykje
trøbbel at de ikkje kan tru det –»
Bak meg følte eg at Van var på veg fram. Jenteskulen
hennar var berømt for å ha mykje bråk, og eg var sikker på
at ho var klar til å dra til denne jenta.
Då forandra verda seg for alltid.
Først berre følte vi det, den kvalmande kjensla av at
sementen blei dradd vekk under beina dine, noko alle i
California kjenner instinktivt igjen – jordskjelv. Den første
tanken min var, som alltid, å kome seg vekk: «Om du er i
trøbbel eller tvil, spring i ring, skrik og hyl.» Men faktum
var at vi allereie var den tryggaste staden vi kunne vere,
ikkje i ei bygning som kunne falle over oss, ikkje midt ute på
vegen der bitar av husfasadar kunne treffe oss i hovudet.
Jordskjelv er uhyggeleg stille – til å byrje med iallfall
– men dette var ikkje stille. Dette var høglydt, med ein fæl,
brølande lyd som var høgare enn noko eg hadde høyrt før.
Lyden var så infernalsk at eg blei tvinga i kne, og eg var ikkje
den einaste. Darryl rista meg i armen og peikte bort mot
bygningane, og då såg vi det: ei diger, svart sky som steig
opp i nordaust, frå Bay-området.
Det kom eit brak til, og røykskya spreidde seg, i den
formasjonen vi alle hadde sett mange gonger i oppveksten,
på film. Nokon hadde sprengt noko, noko stort.
Fleire brak og fleire skjelv følgde. I vindaugene oppover
og nedover gata kom det hovud som stod og såg ut. Vi såg
på soppformasjonen.
Så byrja sirenene.
28
Eg hadde høyrt slike sirener før – dei testar sivilforsvarssirenene på tysdagar klokka tolv. Men utanom rutinen hadde eg berre høyrt dei gå av i gamle filmar og i dataspel, i slike der nokon slepper bomber over nokon andre.
Flyalarm. Oooooooo-lyden gjorde alt mindre verkeleg.
«Gå til nærmaste tilfluktsrom.» Tilfluktsrom? Vi såg
forvirra på kvarandre. Kva for tilfluktsrom? Skya steig sakte,
spreidde seg ut. Var det ei atombombe? Trekte vi våre siste
pust no?
Jenta med rosa hår tok med seg vennene sine og sprang
nedetter gata, mot t-banestasjonen og botnen av bakken.
«GÅ TIL NÆRMASTE TILFLUKTSROM.» Det blei skrike no, og sprunge i ring. Turistar – du kan alltid sjå kven dei
er, dei er dei som trur CALIFORNIA = VARME og går rundt
heile ferien sin og frys i shorts og t-skjorter – sprang i alle
retningar.
«Vi må gå!» Darryl ropte inn i øyret mitt, så vidt høyrbart gjennom sirenehyla som akkurat hadde fått selskap av
vanlege politisirener. Eit dusin politibilar kvein forbi oss.
«GÅ TIL NÆRMASTE TILFLUKTSROM.»
«Ned til t-banestasjonen,» ropte eg. Vennene mine
nikka. Vi samla oss og byrja å gå nedover.
V i pa sserte ei mengd menneske på vegen ned til
Powel Street. Dei sprang eller gjekk, bleike og stille eller
skrikande og paniske. Heimlause sat og skutta seg i dør­
opningar og såg ut på det heile, ei stor, svart transehore
ropte eitt eller anna til to unge fyrar med bart.
Di nærmare vi kom t-banen, di verre blei trengsla av
kroppar som alle skulle same vegen. Innan vi kom fram til
trappene, likna scenen mest på eit gateslagsmål av folk som
prøvde å trenge seg ned den smale trappegangen. Fjeset
mitt blei trykt hardt mot ein rygg, og nokon blei trykt mot
min rygg.
Darryl var framleis ved sida av meg – han var stor nok til
å vere vanskeleg å skubbe rundt, og Jolu hang rundt midja på
han. Eg kunne sjå Vanessa nokre meter borte, fanga i mengda.
«Dra til helvete!» høyrde eg Van rope bak meg. «Pervo!
Dra til deg fingrane!»
Eg fekk snudd hovudet og såg Van sende eit forakteleg
blikk mot ein eldre fyr i fin dress som gliste liksom sjølvtilfreds mot henne. Ho grov i veska, og eg visste kva ho grov etter.
«Ikkje spray han!» ropte eg gjennom larmen. «Du kjem
til å treffe oss òg.»
Då han høyrde ordet «spray», såg fyren redd ut og
liksom smelta tilbake i mengda, som tok han med seg
30
framover. Der framme såg eg nokon som vakla og fall, ei
middelaldrande dame i hippieaktig kjole. Ho skreik då ho
datt, og eg såg at ho sprella for å kome opp, men ho klarte
det ikkje, presset frå mengda var for stort. Etter som eg kom
nærare, bøygde eg meg ned for å hjelpe henne opp og blei
nesten skubba overende oppå henne. Eg enda med å trakke henne på magen i det mengda skubba meg forbi henne,
men innan den tid trur eg ikkje ho var i stand til å føle noko
som helst.
Eg var reddare enn eg hadde vore nokon gong før. Det
var skrik overalt no, og fleire folk på bakken, og presset bakfrå var som ein bulldosar. Eg hadde nok med å prøve å halde
meg på beina.
Vi var i menneskestraumen framfor billettmaskinene.
Det var ikkje noko betre her – det innestengde rommet
sende stemmene rundt, og ekkoet blei til eit brøl som gav
gjenklang i hovudet mitt. Lukta og kjensla av alle kroppane
rundt meg fekk meg til å føle ein klaustrofobi eg ikkje visste
eg hadde i meg.
Folk trengde seg framleis ned trappene, og fleire trengde seg forbi billettautomatane og ned på plattformene, men
det byrja å bli klart for meg at dette ikkje kom til å ende godt.
«Har du lyst til å prøve kva som skjer om vi går opp?»
spurde eg Darryl.
«Ja, for faen, ja,» sa han. «Dette er forjævlig.»
Eg såg mot Vanessa – ho kom aldri i verda til å høyre meg. Eg klarte å få opp telefonen min og sende ei
tekstmelding.
> Vi går opp
Eg såg at ho kjende mobilen vibrere, ho henta han opp,
såg ned på han, deretter på meg og nikka energisk. I mellomtida hadde Darryl underretta Jolu.
«Kva er planen?» ropte Darryl inn i øyret mitt.
31
«Vi må gå tilbake!» ropte eg tilbake og peikte på den
nådelause klumpen av menneske.
«Det går ikkje!» sa han.
«Det kjem berre til å bli verre jo lenger vi ventar!»
Han trekte på skuldrene. Van kom seg over til meg og
greip meg i handleddet. Eg tok Darryl, og Darryl tok Jolu i
den andre handa, og vi dytta oss bakover.
Lett var det ikkje. Vi rørte oss omtrent sju centimeter
i minuttet først, og det gjekk endå saktare då vi nærma oss
trappene. Folka vi passerte, var ikkje glade for at vi skubba
dei heller. Eit par av dei banna høgt til oss, og det var ein fyr
som såg ut som om han hadde slått meg ned dersom han
hadde klart å få laus armen sin. Vi passerte tre fleire nedtrampa folk under oss, men det var sjanselaust å prøve å
hjelpe dei. Eg hadde slutta å tenkje på å hjelpe. Alt eg klarte å
tenkje på, var å finne lukene mellom folk, der vi kunne smyge oss gjennom, på Darryl sitt harde, vonde grep om handleddet mitt, og på mitt dødsgrep om handa til Van bak meg.
Ei æve seinare sprang vi fri som champagnekorkar i
det grå, røykfarga lyset. Flyalarmen hylte enno, og lyden
av sirenene frå nødkøyretøya der dei fauk nedetter Market
Street, var endå høgare. Det var nesten ingen på gata lenger – berre dei som prøvde å kome seg ned i undergrunnen.
Mange gret. Eg såg nokre tome benkar – vanlegvis fullsette
av skakkøyrde alkoholikarar – og peikte mot dei.
Vi gjekk dit, medan sirenene og røyken fekk oss til å
dukke og heise skuldrene. Vi kom til benkane i det Darryl
fall framover.
Vi skreik, alle fire, og Van tok tak i han og snudde han
på ryggen. Den eine sida av skjorta hans var raudfarga, og
flekken spreidde seg og blei større. Ho drog opp skjorta, og
vi kunne sjå eit langt, djupt kutt langs sida på den solide
magen hans.
32
«Nokon har faen meg knivstukke han,» sa Jolu og knytte hendene sine. «Herregud, det er heilt sjukt.»
Darryl stønna og såg på oss, og så nedetter magen sin,
før han stønna igjen og la hovudet tilbake.
Vanessa tok av seg dongerijakka og deretter hettegenseren ho hadde under. Ho krølla han til ein bylt som ho pressa mot såret. «Ta hovudet hans,» sa ho. «Hald det oppe.»
Til Jolu sa ho: «Få føtene hans opp – rull saman jakka di eller
noko.» Jolu handla fort. Mora til Vanessa er sjukepleiar, og
Vanessa hadde fått førstehjelpstrening på sommarleir kvar
einaste sommar. Ho elska å gjere narr av folk på film som
ikkje klarte å gjere førstehjelp skikkeleg. Eg var så glad ho
var med oss.
Vi sat der lenge og heldt hettegenseren mot sida til
Darryl. Han insisterte gong på gong på at det gjekk bra, at vi
skulle la han reise seg, og Van sa gong på gong at han skulle
halde kjeft og ligge stille, eller så skulle ho banke han.
«Skal vi ikkje ringe 911?» spurde Jolu.
Eg følte meg som ein idiot. Eg tok ut telefonen min og
slo 911. Lyden eg fekk, var ikkje eingong eit opptekesignal –
det lydde som eit klynk av smerte frå telefonsystemet. Du
får ikkje ein slik lyd om det ikkje er tre millionar folk som
ringer det same nummeret på ein gong. Kven treng botnett
når du har terroristar?
«Kva med dei?» spurde Darryl og peikte mot gata. Eg
såg dit han peikte, og trudde eg skulle få sjå ein politimann
eller ein førstehjelpar, men det var ingen der.
«Det er ok, kamerat, berre kvil,» sa eg.
«Nei, din idiot, kva med dei, politimennene i bilane? Der!»
Han hadde rett. Kvart femte sekund var det ein politibil,
ein ambulanse eller ein brannbil som fauk forbi. Dei kunne
hjelpe oss, for ein idiot eg var.
«Kom an,» sa eg, «la oss få deg ein stad der du kan bli sett.»
33
Vanessa likte det ikkje, men eg rekna ikkje med at politiet kom til å stoppe for ein unge som stod og vinka med
ei lue på gata, ikkje den dagen. Men dei ville kanskje stoppe
når dei såg Darryl ligge der og blø. Vi hadde ein liten, men
oppheita diskusjon, og Darryl avgjorde det ved å reise seg
halvvegs og dra seg i retning av Market Street.
Det første køyretøyet som kvein forbi – ein ambulanse – slakka ikkje eingong ned. Ikkje politibilen heller, eller
brannbilen, eller dei neste tre politibilane. Darryl var ikkje i
god form – han var bleik og gispa etter luft. Vans genser var
gjennomvåt av blod.
Eg var lei av at bilane køyrde rett forbi meg. Den neste
gongen det kom ein bil ned Market Street, sprang eg rett ut
i vegen, vinka med armane over hovudet og ropte «STOPP».
Bilen skrensa, og først då såg eg at det verken var ein politibil, ein ambulanse eller ein brannbil.
Det var ein militærjeep, ein pansra Hummer, berre at
han ikkje hadde nokon militære kjenneteikn. Bilen skrensa
og stoppa rett framfor meg, eg hoppa eit steg bakover, mista
balansen og enda på bakken. Eg høyrde dørene bli opna, og
deretter såg eg eit kaos av støvlar som gjekk forbi. Eg såg
opp og fekk sjå eit par soldataktige fyrar i overallar med
store rifler i handa og heildekkande gassmasker på hovudet,
med sota glas framfor augene.
Eg rakk så vidt å sjå dei før riflene deira peikte på meg.
Eg hadde aldri sett inn gjennom løpet på eit gevær før, men
alt du har høyrt om den opplevinga, er sant. Du frys fast,
tida stoppar, og hjertet dundrar i øyrene dine. Eg opna
munnen, lukka han igjen, og så, veldig sakte, heldt eg hendene opp framfor meg.
Den ansiktslause, augelause, væpna mannen over meg
heldt geværet sitt stødig. Eg stoppa å puste. Van skreik noko,
og Jolu ropte, og eg såg på dei i brøkdelen av eit sekund, og
34
det var då nokon drog ein grov sekk over hovudet mitt og
knytte han tett rundt luftrøret mitt, så raskt og hardt at eg
knapt fekk drege inn ein munnfull luft før det heile var festa.
Eg blei skubba hardt, men skøytelaust over på magen, noko
blei bunde to gonger rundt handledda mine og stramma til,
det kjendest som plastikkstreng og grov seg inn i huda. Eg
sleppte ut eit skrik, stemma mi blei dempa av hetta eg hadde fått over hovudet.
Eg var i fullstendig mørke no. Eg prøvde å høyre kva
som skjedde med vennene mine. Gjennom det lyddempande sekkestoffet kunne eg høyre at dei ropte, og i det same
blei eg dregen opp på beina etter armane som var bundne
bak på ryggen, skuldrene mine stakk av smerte.
Eg snubla eit par gonger før ei hand skubba hovudet
mitt ned og eg kom inn i bilen. Fleire kroppar blei skubba
inn ved sida av meg.
«Hei folkens!» ropte eg og fekk eit slag i hovudet. Eg
høyrde at Jolu svarte, før eg høyrde at han også fekk eit slag.
Hovudet mitt song som ein gongong.
«Hei,» sa eg til soldatane. «Høyr her! Vi er skuleelevar.
Kameraten vår ligg og blør av knivstikk, og vi ville berre
stoppe dykk for å få hjelp.» Eg ante ikkje om nokon kunne
høyre dette gjennom den tjukke hetta, men eg heldt fram
med å snakke. «Høyr her – dette er ei misforståing. Vi må få
kameraten vår på sjukehus –»
Nokon slo meg i h0vudet igjen. Det kjendest som om
dei brukte ein batong eller noko – det var hardare enn nokon hadde slått meg i hovudet før. Augene mine sumde i
tårer, og eg mista pusten av smerte. Ein augeblink seinare
fekk eg pusten tilbake, men eg sa ikkje noko meir. Eg hadde
lært leksa no.
Kven var desse klovnane? Dei hadde ikkje på seg nokon
kjenneteikn. Kanskje dei var terroristar! Eg hadde eigentleg
35
aldri trudd på terroristar før – eller, eg visste at dei fanst
ein eller annan stad i verda, men dei var ikkje nokon trussel
mot meg. Det fanst ein million måtar verda kunne ta livet av
meg på – til dømes ved at eg blei påkøyrd av ein fyllekøyrar
som kom rasande nedover Valencia Street – som var meir
sannsynlege og nærliggande enn terroristar. Terroristar tok
livet av mykje færre folk enn glatte badegolv og høgspentleidningar. Å bekymre seg for terroristar slo meg som like
nyttig som å bekymre seg for bli treft av lyn.
Medan eg sat der og rista i bilen med ei hette over hovudet og hendene bundne på ryggen og kjende hovudet
svelle opp av kular, kjendest terrorisme med eitt som ein
mykje større risiko.
Bilen rista fram og tilbake, vi var på veg oppover. Eg
rekna med at vi var på veg over Nob Hill, og ut frå hellinga
verka det som om vi tok ei av dei brattare rutene – eg gjetta
Powel Street.
Med eitt gjekk det like bratt nedover. Dersom det mentale kartet mitt var rett, var vi på veg ned mot Fisherman’s
Wharf. Der kunne ein stige i ein båt, kome seg unna. Det
passa med terroristhypotesen. Men kvifor i helvete skulle
terroristane kidnappe ein gjeng skuleelevar?
Bilen stoppa plutseleg i ein nedoverbakke. Motoren
blei slått av, og dørene gjekk opp. Nokon drog meg etter
armane ut på vegen, skubba meg, og eg snubla nedover ei
gate med brustein. Nokre sekund seinare slo eg leggane
mot noko hardt. Hendene bak meg gav meg ein dytt, og
eg gjekk forsiktig opp trappa, utan å kunne ta meg for med
hendene. Etter det tredje trinnet sette eg foten opp for å
stige opp på det fjerde, men det var ikkje der. Eg fall nesten igjen, men nye hender tok meg framanfrå og drog meg
ned­etter eit stålgolv, tvinga meg på kne og låste hendene til
noko bak meg.
36
Fleire rørsler og lyden av kroppar som blei låste fast
ved sida av meg. Stønn og dumpe smell. Latter. Deretter ei
uendeleg lang stund i mørket der det berre var min eigen
pust og lyden av min eigen pust i øyrene.
E g k l arte fak tisk å få ein slags søvn der, på kne, utan
blodomløp i føtene, i nattemørket inne i hetta. Kroppen
min hadde spruta eit års forsyning av adrenalin ut i blodomløpet i løpet av ein halvtime, og sjølv om det stoffet kan
gi deg styrke til å løfte bilar som ligg oppå folk du elskar, og
springe over høge bygningar, så gir det ein helvetes bakrus.
Eg vakna av at nokon drog hetta av hovudet mitt. Dei
var verken hardhendte eller forsiktige – berre … upersonlege. Som nokon på McDonald’s som set saman hamburgarar.
Lyset i rommet var så sterkt at eg måtte klemme augene saman, men sakte klarte eg å opne dei til små sprekkar,
før eg kunne opne dei skikkeleg og sjå meg rundt.
Vi var bak i ein trailer, ein stor 18-hjular. Eg kunne sjå
hjulromma langs sida. Men dette rommet hadde blitt gjort
om til eit slags kombinert kommandorom og fengsel. Det
var skrivebord av stål langs veggane, med flotte flatskjermar
festa i svingarmar. Ved skriveborda var det fancy kontorstolar, med knappar og spakar til å justere kvar millimeter av
sitjeoverflata, høgd og vinkel.
Så var det fengselsdelen – lengst framme, lengst vekke
frå dørene, var det stålstenger som var bolta fast i veggane,
og fast i desse stålstengene var det fangar.
Eg såg Van og Jolu. Darryl kunne vere blant dei dusin
andre fangane som var lenka fast her, men det var umogleg å seie sikkert – mange av dei låg samankrøkte og var
vanske­lege å sjå. Det stinka sveitte og frykt der bak.
Vanessa såg på meg og beit seg i leppa. Ho var redd. Det
var eg òg. Det var Jolu òg, augene hans rulla i augeholene så
37
du kunne sjå det kvite. Eg var redd. Og endå verre, eg var
pissetrengd som eit vasskraftverk i vårløysinga.
Eg såg meg rundt for å sjå dei som heldt oss her. Eg hadde unngått å sjå på dei først, på den same måten som du ikkje
vil sjå inn i mørket i eit skap der du har fantasert fram at det
er eit monster. Du har ikkje lyst til å vite om du har rett.
Men eg berre måtte få eit betre glimt av dei køddane
som hadde kidnappa oss. Eg ville vite om dei var terroristar.
Eg visste ikkje korleis terroristar såg ut, sjølv om tv hadde
gjort sitt beste for å overbevise meg om at dei var arabarar med store skjegg, strikka hattar og bomullsdrakter som
hang ned til anklane.
Dei som hadde teke oss til fange, var ikkje slik. Dei kunne
ha vore cheerleaderar på Super Bowl. Dei såg amerikanske ut
på ein måte eg ikkje heilt klarte å definere. Kraftige kjevebein,
korte, smarte hårfrisyrar som ikkje var heilt militære. Dei
fanst i kvitt og brunt, som menn og kvinner. Dei smilte fritt til
kvarandre der dei sat i den andre enden av lasterommet, slo
vitsar og drakk kaffi av pappbeger. Dette var ikkje arr-­rabarar
frå Afghanistan: Dei såg ut som turistar frå Nebraska.
Eg stira på ei av dei, ei ung kvinne, kvit i huda og brun
i håret, så vidt eldre enn meg, søt, på ein litt skremmande,
streng kontordraktmåte. Dersom du stirar på nokon lenge
nok, kjem dei til slutt til å sjå tilbake. Noko ho også gjorde,
og ansiktet hennar slo over i ein heilt annan fasong, kjenslelaus, robotaktig. Smilet forsvann på ein blunk.
«Hei,» sa eg. «Eg skjøner ingenting av kva som skjer
her, men eg er veldig pissetrengd, fattar du?»
Ho såg rett gjennom meg som om ho ikkje hadde høyrt
det eg sa.
«Eg meiner det, om eg ikkje får gå på do snart, så kjem
eg til å ha ei stygt uhell. Det kjem til å stinke ganske sterkt
her bak, forstår du?»
38
Ho snudde seg til kollegaene sine, ein liten gjeng på tre,
og dei hadde ein lågmælt diskusjon eg ikkje kunne høyre
gjennom viftestøyen frå datamaskinene.
Ho snudde seg til meg. «Hald deg i ti minutt, då skal
alle få gå på do.»
«Eg trur ikkje at eg klarer ti minutt til,» sa eg og lét ein
litt større skjelv av hastverk krype inn i stemma enn det eg
eigentleg kjende. «Eg meiner det, det er no eller aldri.»
Ho rista på hovudet og såg på meg som om eg var ein
ynkeleg tapar. Ho og vennene hennar konfererte litt meir
seg imellom før ein av dei kom fram. Han var litt eldre, litt
over tretti, brei over skuldrene, som om han trena vekter.
Han såg kinesisk eller koreansk ut – sjølv ikkje Van kan sjå
forskjell på det av og til – men den haldninga som sa amerikansk på ein måte eg ikkje klarte å setje fingeren på.
Han drog sportsjakka si til side så eg skulle sjå kva han
hadde under: Eg kunne sjå ein pistol, ein elektrosjokkpistol og ein boks med enten tåregass eller peparspray, før han
lukka jakka igjen.
«Ikkje noko tull no,» sa han.
«Nei,» sa eg.
Han rørte ved noko i beltet sitt, som fekk handjerna
mine til å opne seg, og armane minne datt ned. Det var som
om han gjekk rundt eit med eit Batman-belte – handjern
med trådlaus fjernstyring! Men det var nok smart: Du ville
vel helst unngå å lene deg over fangane med alle dei dødelege våpna i augehøgd – dei kunne for eksempel ta pistolen
din med tennene og trykke på avtrekkaren med tunga eller
noko slikt.
Hendene mine var framleis bakbundne med plaststreng, og no då eg ikkje var lenka med handjerna, merka
eg at føtene mine hadde blitt til livlause korkklumpar. For
å gjere ei lang historie kort ramla eg rett og slett framover
39
med ansiktet ned. Eg sprella med dei sovande føtene mine,
for å prøve å få dei til å lystre så eg kunne få dei under meg.
Fyren framfor meg drog meg opp, og eg gjekk med
klovnegange til bakenden av traileren, til eit lite transportabelt toalett som stod der. På vegen bakover prøvde eg å få
auge på Darryl, han kunne ha vore ein av fem–seks samankrølla personar. Eller ingen av dei.
«Inn med deg,» sa mannen.
Eg sleit i handledda mine. «Ta av desse, er du snill?»
Fingrane mine kjendest som ein bunt lilla blodpølser etter
alle timane i plastikkhandjern.
Fyren rørte seg ikkje.
«Høyr her,» sa eg, og prøvde å ikkje høyrest sarkastisk
eller sint ut (noko som ikkje var lett). «Enten skjer du meg
laus, eller så må du sikte for meg. Å gå på toalettet er ikkje
ein handlausoperasjon.» Nokon i lasterommet fniste. Fyren
likte meg ikkje, det kunne eg sjå på måten kjevemusklane
stramma seg på. Desse folka var hardt tilknappa.
Han henta opp ein veldig pen lommekniv frå beltet
sitt. Frå den flikka han ut eit imponerande knivblad som
han skar over plastikkhandjerna med, og hendene var mine
eigne igjen.
«Takk,» sa eg.
Han skauv meg inn på toalettet. Hendene mine var
ubrukelege, som eit par leirklumpar festa til handledda. Då
eg prøvde å riste liv i fingrane byrja dei å krible, før kriblinga blei til ei kjensle av at fingrane byrja å brenne, så vondt at
eg nesten byrja å skrike. Eg la ned setet, drog ned buksene
og sette meg ned. Eg stolte ikkje på at kroppen min kunne
gjere dette ståande.
I det blæra mi opna slusene, gjorde augene mine det
same. Eg gret stille, og overkroppen pendla fram og tilbake
medan tårer og snørr rann nedetter ansiktet. Eg gjorde alt
40
eg kunne for å halde meg frå å gråte høgt, sette ei hand for
munnen og heldt lydane inne. Den gleda ville eg ikkje gi dei.
Til slutt hadde eg pissa frå meg og gråte frå meg, og fyren utanfor hamra på døra. Eg tørka ansiktet som best eg
kunne med toalettpapir, stakk det ned i toalettet og trekte
ned, før eg såg meg rundt etter ein vask, men alt eg fann, var
ei stor pumpeflaske med handrens, tettskriven utanpå med
lista over aktive bioingrediensar. Eg gneid inn hendene med
litt av dette stoffet og steig ut av toalettet.
«Kva var det du dreiv med der inne?» spurde mannen.
«Eg var på toalettet,» sa eg. Han snudde meg rundt, tok
hendene mine, og eg kjende eit nytt sett plasthandjern bli
klipsa fast. Handledda mine hadde svolle opp i mellomtida,
og dei nye handjerna grov seg hardt inn i den ømme huda,
men eg ville ikkje gi dei gleda av å høyre meg skrike ut.
Han geleida meg tilbake til plassen min og tok tak i den
neste i rekka, som, det såg eg no, var Jolu. Ansiktet hans var
hovna opp, med eit stygt skrubbsår på kinnet.
«Er du ok?» spurde eg han, og kompisen min med
Batman-beltet sette handa si mot panna mi og skauv hardt
ifrå, slik at bakhovudet mitt trefte metallveggen med ein lyd
som ei klokke som slo eitt. «Ikkje noko snakking,» sa han
medan eg strevde med å fokusere augene mine.
Eg likte ikkje desse folka. Eg svor der og då at dei skulle
få betale for alt dette.
Ein etter ein gjekk alle fangane på toalettet og kom tilbake, og då dei var ferdige, gjekk vakta tilbake til vennene
sine og tok ein ny kopp kaffi – dei drakk ut frå ein stor kartong som det stod Starbucks på, såg eg – og dei hadde ein
utydeleg samtale som medførte ein god del latter.
Så opna bakdørene seg og det kom frisk luft, ikkje
røykfylt som tidlegare, men med eit hint av ozon. I stripa av
verda utanfor eg kunne sjå før dørene gjekk igjen, kunne eg
41
sjå at det var mørkt, og at det regna, eit slikt droplande San
Francisco-regn som er delvis skodde.
Mannen som kom inn, hadde på seg militæruniform.
USA-militæruniform. Han helste folka i traileren, dei helste
tilbake, og då var det eg skjønte at eg ikkje var teken til fange av ei bande terroristar – eg var fanga av Dei amerikanske
sambandsstatane, av USA.
D ei set te o pp eit lite skjermbrett bakarst og kom og
henta oss ein etter ein, tok av oss handjerna og leidde oss
bakover i lasterommet. Etter det eg kunne rekne ut – ved
å telje sekund i hovudet, tusen-og-ein tusen-og-to – varte
intervjua omtrent sju minutt kvar. Hovudet mitt hamra av
dehydrering og koffeinabstinens.
Eg var nummer tre, og blei henta av jenta med den
strenge frisyren. På nært hald såg ho trøtt ut, med posar under augene og markerte linjer i munnvikene.
«Takk,» sa eg automatisk då dei låste meg laus med ein
fjernkontroll og drog meg opp på føtene. Eg hata meg sjølv
for å vere så høfleg, men eg hadde blitt drilla i dette.
Ho lea ikkje på ein muskel. Eg gjekk framfor henne bak
i lasterommet og bak skjermbrettet. Det var ein klappstol
der, og eg sette meg ned. Dei to som sat der – Streng Frisyre
og Batman-belte – såg på meg frå dei ergonomiske superstolane sine.
Dei hadde eit lite bord mellom seg, med alt som hadde
vore i lommeboka og ryggsekken min.
«Hei, Marcus,» sa Streng Frisyre. «Vi har nokre spørsmål til deg.»
«Er eg arrestert?» spurde eg. Dette var ikkje eit tilfeldig
spørsmål. Dersom du ikkje er under arrest, finst det grenser
for kva politiet kan gjere mot deg. Dei kan ikkje halde deg
så lenge dei vil utan å arrestere deg, la deg ta ein telefon
42
og gi deg ein advokat. Og ein advokat, ja, det kan du vedde
ræva di på at eg skulle snakke med.
«Kva er denne til?» sa ho og heldt opp telefonen min.
Skjermen viste feilmeldinga du fekk dersom du prøvde å få
tilgang til data utan å vite passordet. Det var ei litt uhøfleg
melding – ein animasjon av ei hand som viste ein universelt
kjend gest – eg likte å tilpasse dingsane mine sånn at eg fekk
dei slik eg ville ha dei.
«Er eg under arrest?» spurde eg igjen. Dei kan ikkje
tvinge deg til å svare på spørsmål dersom du ikkje er under
arrest, og når du spør om du er under arrest, må dei svare
deg. Slik er reglane.
«Du blir halden av Det amerikanske tryggleiksdepartementet,» glefsa dama.
«Er eg under arrest?»
«Du er nøydd til å bli meir samarbeidsvillig, Marcus,
og det må du byrje med no.» Ho sa ikkje «elles», men det
låg under.
«Eg vil snakke med ein advokat,» sa eg, «eg vil vite kva eg
er mistenkt for. Eg vil gjerne sjå identifikasjonspapira dykkar.»
Dei to agentane veksla blikk.
«Eg synest du burde tenkje nøye gjennom korleis du
forheld deg til denne situasjonen,» sa Streng Frisyre. «Og
det bør du gjere med ein gong. Vi fann fleire mistenkjelege
gjenstandar blant tinga dine. Vi plukka opp deg og kameratane dine nær det verste terroriståtaket dette landet har sett
nokon gong. Om vi ser desse to tinga i samanheng, ser det
ikkje særleg lyst ut for deg, Marcus. Du kan samarbeide, eller du kan angre veldig, veldig djupt. No, kva er denne til?»
«Skal eg vere ein terrorist? Eg er sytten år!»
«Den perfekte alderen – al-Qaida elskar å rekruttere
påverkeleg, idealistisk ungdom. Vi har googla deg, veit du.
Du har posta ein god del veldig ufine greier på internett.»
43
«Eg vil snakke med ein advokat,» sa eg.
Streng Frisyre såg på meg som om eg var eit insekt.
«Du trur at du har blitt plukka opp av kriminalpolitiet, men
der tek du feil. Den tanken må du kvitte deg med. Du er her
fordi du er ein potensielt fiendtleg stridande. Om eg var deg,
ville eg anstrenge meg hardt for å overbevise oss om at du
ikkje er ein fiendtleg stridande. Veldig hardt. Fordi det finst
mørke hol som fiendtleg stridande kan forsvinne inn i, veldig mørke, djupe hol, hol der du rett og slett kan forsvinne.
For alltid. Høyrer du kva eg seier, unge mann? Eg vil at du
skal låse opp denne telefonen, og dekryptere alle filene som
ligg på han. Eg vil at du skal gjere greie for deg sjølv: Kvifor
var du ute på gata? Kva veit du om åtaket på byen?»
«Eg kjem ikkje til å låse opp telefonen min for dykk,»
sa eg indignert. På telefonen låg det alle slags private greier:
foto, epostar, små hack og modifikasjonar eg hadde installert. «Det er privat.»
«Kva har du å skjule?»
«Det finst noko som heiter personvern,» sa eg. «Og
retten til å snakke med ein advokat.»
«Vi skal gi deg ein siste sjanse. Folk som er ærlege, har
ikkje noko å skjule.»
«Eg vil snakke med ein advokat.» Foreldra mine ville
betale for det. Alle FA-ane eg hadde lese på nettet om å
bli arrestert, var klare på dette punktet. Hald fram med å
spørje om advokat, uansett kva dei seier eller gjer. Det kjem
aldri noko godt ut av å snakke med politiet utan advokaten
din til stades. Dei to som sat framfor meg, sa at dei ikkje var
politi, men om dette ikkje var ein arrestasjon, kva var det?
I ettertid innser eg at det smartaste kanskje hadde vore
å låse opp telefonen.
D e i l å ste me g fa st igjen , drog på meg hetta på nytt
og lét meg sitje der eg sat. Lang tid seinare byrja traileren
å røre på seg, rulla ned ein bakke, og eg blei løfta på beina
igjen. Eg ramla saman med ein gong. Føtene mine var sovna
så djupt at dei kjendest som isblokker over det heile, så nær
som knea, som var hovna opp og var ømme etter alle timane i knelande posisjon.
Hender tok meg ved skuldrene og føtene, og eg blei løfta som ein sekk poteter. Rundt meg var det utydelege stemmer. Nokon gret. Nokon banna.
Dei bar meg ikkje langt før dei sette meg ned og låste
meg til ei anna jernstong. Knea mine ville ikkje halde meg
oppe lenger. Eg fall framover og enda i ein forvridd posisjon
på golvet, som ei saltkringle.
Så køyrde vi igjen, og denne gongen kjendest det ikkje ut som å bli køyrd i trailer. Golvet under meg rulla roleg. Det vibrerte av tunge dieselmotorar. Eg var på eit skip!
Magen min blei til is. Eg blei teken frå Amerikas kyst til ein
annan stad, og kven visste kvar eg var? Eg var redd frå før,
men dette gjorde meg livredd, lamma meg, gjorde meg fullstendig ordlaus av redsle. Eg forstod at eg kanskje aldri ville
få sjå foreldra mine igjen, og eg kjende ein smak av oppkast
brenne seg oppover halsen. Sekken eg hadde over hovudet,
45
kjendest som han snurpa seg saman rundt meg, eg klarte
knapt å puste, og alt blei forsterka av den vridde posisjonen
eg låg i.
Men heldigvis var vi ikkje på vatnet så lenge. Det kjendest som ein time, men eg veit no at det var berre eit kvarter,
før eg kjende at vi la til kai, merka stega på dekket rundt
meg og høyrde andre fangar bli løyste og lempa eller leidde
vekk. Då dei kom for å ta meg, prøvde eg å kjempe imot,
men det nytta ikkje. Dei bar meg igjen, upersonleg, røft.
Då dei tok av meg hetta igjen, var eg i ei celle.
Cella var gammal, med veggar som heldt på å smuldre,
og ho lukta av sjøluft. Det var eit vindauge høgt oppe, med
rustne sprinklar framfor. Det var framleis mørkt ute. Det
var eit teppe på golvet og eit lite toalett i metall som stakk
ut frå veggen, utan toalettsete. Vakta som tok av meg hetta,
gliste mot meg og lukka den massive ståldøra bak seg.
Eg masserte føtene mine varsamt, det bruste då blodet
kom tilbake i dei og i hendene. Til slutt var eg i stand til å stå
og gå sakte fram og tilbake. Eg høyrte folk som snakka, som
gret, som ropte. Eg ropte òg: «Jolu! Darryl! Vanessa!» Andre
stemde i, ropte andre namn, ropte stygge ting. Dei næraste stemmene høyrdest ut som galne fyllikar på gatehjørne.
Kanskje var det slik eg òg høyrdest ut.
Vakter ropte for å få oss til å halde kjeft, det fekk oss
berre til å rope høgare. Til slutt vrælte vi, skreik til hovudet
ville sprengast, til stemma blei hås. Kvifor ikkje? Kva hadde
vi å miste?
D en ne ste g ongen dei kom for å avhøyre meg, var
eg skiten og trøtt, tørst og svolten. Streng Frisyre var med på
det nye forhøyrslaget, saman med tre store fyrar som skufla
rundt på meg som om eg var eit stykke kjøt. Ein var svart,
dei andre to var kvite, ein av dei kunne vere latinamerikansk.
46
Alle hadde gevær. Det var som ein Benetton-reklame kryssa
med ein omgang Counter-Strike.
Dei lenka saman føtene og hendene då dei henta meg.
Eg såg meg rundt medan vi gjekk. Eg høyrde vatn ein stad
der ute og tenkte kanskje vi var på Alcatraz – det var eit
fengsel, trass alt, sjølv om det hadde vore ein turistattraksjon i fleire generasjonar, staden dit du drog for å sjå kvar
Al Capone og dei andre gangsterane frå den tida sat inne.
Men eg hadde vore på Alcatraz på ein skuletur. Det var
gammalt og rustent, nesten middelaldersk. Denne staden
verka som om han stamma frå den andre verdskrigen, ikkje
kolonitida.
Alle celledørene hadde klistremerker med laserutskrifter av strekkodar og nummer, men bortsett frå dette var det
ingenting utanpå dørene som fortalde kva som var bak dei.
Avhøyrsrommet var moderne, med lysrør, ergonomiske stolar – ikkje til meg, rett nok, eg fekk ein samanleggbar
hagestol i plast – og eit stort trebord. Den eine veggen var
dekt av ein stor spegel, akkurat som i politiseriane, og eg
tenkte at det sikkert var nokon som såg på frå den andre
sida. Streng Frisyre og vennene hennar tok kaffi frå ei kanne på eit lite bord (eg skulle ha sett tennene mine i strupen
hennar der og då, så hadde eg òg fått smake kaffi), før dei
sette ein isoporkopp med vatn framfor meg – utan å låse
opp hendene mine, som var bakbundne, eg kunne ikkje
drikke av det. Til å le seg skakk av.
«Hei, Marcus,» sa Streng Frisyre. «Korleis går det med
innstillinga i dag, då?»
Eg svarte ikkje.
«Det kan bli verre enn dette, veit du,» sa ho. «Faktisk
kan det ikkje bli stort betre. Sjølv når du fortel oss det vi vil
vite, sjølv om du klarer å overbevise oss om at du berre var
på feil stad til feil tid, er du ein merkt mann. Vi kjem til å sjå
47
deg uansett kvar du går og kva du gjer. Du har vist deg som
ein som har noko å skjule, og det liker vi ikkje.»
Ynkeleg var det, men det som kverna rundt i hjernen
min, var frasen «overbevise oss om at du berre var på feil
stad til feil tid». Dette var det verste som nokon gong hadde
hendt meg. Eg hadde aldri følt meg dårlegare eller reddare.
Orda «feil stad til feil tid», desse fem orda, var som ei redningsline som dingla framfor meg medan eg sprella for å
kome opp til overflata.
«Hallo, Marcus?» sa ho og knipsa med fingrane framfor ansiktet mitt. «Her er eg, Marcus.» Ho hadde eit lite
smil på leppene, og eg hata meg sjølv for å la henne sjå at eg
var redd. «Marcus, det kan bli langt verre enn dette. Dette
er ikkje den verste staden vi kan sende deg til, ikkje på langt
nær.» Frå under bordet henta ho opp ein stresskoffert som
ho opna med eit knepp. Ho tok opp telefonen min, arphid­
sniffaren, wifinnaren og minnepinnane mine. Ho la tinga
ned på bordet, ein etter ein.
«Her er det vi vil du skal gjere. Du låser opp telefonen
for oss i dag. Dersom du gjer det, vil du få utandørs- og
badeprivilegium. Du vil få lov til å dusje og til å gå rundt
i luftegarden. I morgon vil vi hente deg tilbake og be deg
dekryptere data på desse minnepinnane. Gjer det, og du vil
få lov til å ete i kantina. Dagen etter vil vi ha epostpassorda
dine, og då vil du få lov til å gå på biblioteket.
Ordet «nei» var på leppene mine, som ein rap som ville
opp, men ikkje ville kome. «Kvifor?» var ordet som kom ut i
staden.
«Vi vil vere sikre på at du er det du ser ut til å vere.
Dette handlar om din eigen tryggleik, Marcus. Sei at du er
uskuldig. Du kan godt vere skuldig, men kvifor ein uskuldig ville opptre som om han har så mykje å skjule, går over
hovudet på meg. La oss seie at du er uskuldig: Du kunne ha
48
vore på den brua då ho gjekk i lufta. Foreldra dine kunne
ha vore der. Vennene dine. Vil du ikkje at vi skal ta dei folka
som gjekk til åtak på heimen din?»
Det er snodig, men då ho snakka om å få «privilegium»,
skremde ho meg til å underkaste meg. Eg følte det som om
eg måtte ha gjort noko for å ende opp der eg var, kanskje det
var min feil, iallfall litt, som om eg kunne gjere noko for å
endre det.
Men så snart ho skifta tema til denne svadaen om
«tryggleik», fekk eg ryggrada tilbake. «Høyr her,» sa eg,
«du snakkar om åtak på heimen min, men så langt eg kan
døme, så er de dei einaste som har gått til åtak på meg i
det siste. Eg trudde eg budde i eit land med ei grunnlov.
Eg trudde eg budde i eit land der eg hadde rettar. Det
du snakkar om, er å forsvare fridommen min ved å rive
grunnlova i fillebitar.»
Eit blaff av irritasjon strauk over ansiktet hennar og
forsvann. «Veldig melodramatisk i dag, Marcus. Ingen har
gått til åtak på deg. Du blir halden av regjeringa medan vi
søker å finne ut detaljane omkring det verste terroråtaket
som nokon gong har blitt utført i dette landet. Du har makt
til å hjelpe oss å kjempe denne krigen. Du vil altså verne
om den amerikanske grunnlova? I så fall kan du hjelpe oss
å hindre vondsinna folk i å sprenge byen i lufta. No har du
nøyaktig 30 sekund til å låse opp den telefonen før eg sender deg tilbake til cella. Vi har mange andre intervju å gjere
i dag.»
Ho såg på klokka. Eg rørte på handledda, rasla med
kjettingane som hindra meg i rekke fram og låse opp
tele­fonen. Ja, eg skulle gjere det. Ho hadde fortalt meg
om vegen mot fridom – til verda, til foreldra mine – og
det hadde gitt meg håp. No trua ho med å sende meg
vekk, med å sende meg ein annan veg, håpet mitt hadde
49
krasjlanda, og alt eg klarte å tenkje på, var å kome meg
tilbake i retning fridommen.
Så eg røska i kjettingane, eg ville strekke meg fram og
låse opp telefonen min for henne, og ho berre såg kaldt på
meg, på klokka.
«Passordet,» sa eg, då eg til slutt skjønte kva ho ville ha
frå meg. Ho ville at eg skulle seie det høgt her, så det kunne
kome med på opptaket, så vennene hennar kunne høyre det.
Ho ville ikkje berre at eg skulle låse opp telefonen. Ho ville
at eg skulle underkaste meg henne. Gi henne ansvaret for
meg. Gi frå meg alle løyndommar, alt privatliv. «Passordet,»
sa eg igjen, og så fortalde eg passordet. Gud hjelpe meg, eg
underkasta meg viljen hennar.
Ho smilte eit lite, samansnurpa smil, som måtte vere
denne isdronninga sitt svar på ein scoringsdans, og vaktene
leidde meg vekk. I det døra gjekk igjen, såg eg at ho bøygde
seg ned over telefonen og tasta inn passordet.
Eg skulle ønskje at eg hadde tenkt på at noko slikt
kunne skje, og laga eit falskt passord som låste opp ein fullstendig uskuldig partisjon av telefonen, men eg var ikkje på
langt nær så paranoid eller lur.
Du lurer sikkert på kva slags mørke løyndommar eg
hadde låst inne på telefonen, minnepinnane og eposten.
Sanninga er at eg hadde alt å skjule, og ingenting. Frå
telefonen, minnepinnane og eposten ville du få ein ganske
god idé om kven vennene mine var, kva eg syntest om dei,
alle dei idiotiske tinga vi hadde gjort. Du kunne lese loggane over dei elektroniske kranglane vi hadde hatt og dei
elektroniske forsoningane.
Du forstår, eg slettar ingenting. Kvifor skulle eg det?
Lagringsplass er billeg, og du veit aldri når du får lyst til å
gå tilbake til noko. Spesielt dei teite tinga. Du hugsar den
kjensla du får nokre gonger når du sit på t-banen og det
50
er ingen å snakke med og du plutseleg hugsar ein eller annan bitter krangel du hadde, ein eller annan fæl ting du sa?
Vel, vanlegvis er det ikkje så gale som du hugsar. Å kunne
gå tilbake og sjå det igjen er ein bra måte å minne deg på at
du kanskje ikkje er ein så fæl person som du trur at du er. På
den måten har Darryl og eg kome over fleire kranglar enn
eg kan telje.
Men det er ikkje det som er problemet. Eg veit at telefonen min er privat. Eg veit at minnepinnane mine er
private. Det er på grunn av kryptografi – forvrenging.
Matematikken bak krypto er god og solid, og du og eg kan
få tilgang til den same kryptoen som bankane og det amerikanske National Security Agency. Det finst berre ein type
krypto som alle kan bruke: offentleg kjend, open krypto.
Det er slik du kan vite at den verkar.
Det er noko veldig frigjerande ved å ha eit hjørne av
livet som er ditt, som ingen får lov å sjå, berre du. Det er
litt som å vere naken eller drite. Alle er nakne av og til. Alle
må drite. Det er ikkje noko pinleg, avvikande eller merkeleg
ved det. Men kva om eg bestemte at frå no av, kvar gong du
trong å bli kvitt noko materielt kroppsleg avfall, så måtte du
gjere det i eit glasbur midt på Times Square i New York, og
at du måtte gjere det splitter naken?
Sjølv om du skulle ha ein feilfri kropp – og kor mange
av oss kan seie det? – måtte du vere ganske rar for å synast
det var ein god idé. Dei fleste av oss ville rømme med eit
skrik. Dei fleste av oss ville halde oss til vi eksploderte.
Ikkje på grunn av at det er noko pinleg ved handlinga.
Det handlar om at det er privat. Det handlar om at livet ditt
tilhøyrer deg.
Dei heldt på å ta det frå meg, bit for bit. Medan eg var på
veg tilbake til cella, kom ho snikande igjen, denne kjensla av
at eg hadde fortent det. Kanskje det var dette som var rettferd.
51
Kanskje var dette fortida som kom tilbake for å ta meg. Trass
alt var det fordi eg skulka at eg hadde vore der eg var.
Eg fekk dusje. Eg fekk gå rundt i luftegarden. Det var
ein flik av himmel der oppe, og det lukta som hamneområdet, men bortsett frå det ante eg ikkje kvar eg var. Eg kunne
ikkje sjå nokon andre fangar medan eg lufta meg, og blei
ganske lei av å gå rundt i ring. Eg strekte på øyrene for å
fange opp kva som helst slags liten lyd som kunne fortelje
meg kva slags stad dette var. Alt eg kunne høyre, var ein bil
no og då, nokre fjerne samtalar, eit fly som landa ein stad i
nærleiken.
Dei tok meg tilbake til cella og gav meg mat, ein halv
pepperonipai frå Goat Hill Pizza, som eg kjende godt, det
låg på Potrero Hill. Kartongen med dei kjende teikningane,
bokstavane og telefonnummeret 415 var ei påminning om
at berre ein dag tidlegare hadde eg vore ein fri mann i eit
fritt land, og at eg no var ein fange. Eg bekymra meg konstant for Darryl og tenkte mykje på dei andre. Kanskje hadde dei vore meir samarbeidsvillige og hadde blitt lauslatne.
Kanskje hadde dei snakka med foreldra mine, som akkurat
no ringde frenetisk rundt.
Kanskje ikkje.
Cella var fantastisk naken, like tom som eg kjende meg.
Eg fantaserte at veggen på motsett side av benken var ein
skjerm, at eg kunne sitje og hacke akkurat no, at eg kunne
hacke opp celledøra. Eg fantaserte om arbeidsbenken min
heime og prosjekta der. Dei gamle boksane eg heldt på å
gjere om til eit getto-surroundanlegg, luftfotograferingsdraken eg heldt på å bygge, den heimebygde laptopen.
Eg ville ut. Eg ville heim, eg ville ha vennene, skulen,
foreldra mine og livet mitt tilbake. Eg ville gå dit eg hadde
lyst til å gå, ikkje vere stuck ein plass der alt eg kunne gjere,
var å gå fram og tilbake, fram og tilbake.
52
Neste steg var at dei tok passorda til USB-minne­
pinnane. Dei inneheldt mellom anna ein del interessante
meldingar eg hadde lasta ned frå eit eller anna forum, nokre
chatloggar, kommunikasjon der folk hadde hjelpt meg med
noko eg trong å vite. Det var ingenting der som du ikkje
kunne finne på Google, sjølvsagt, men eg trudde ikkje det
ville tale til min fordel.
Eg fekk lufte meg igjen den ettermiddagen, og denne
gongen var det andre i luftegarden då eg kom, fire andre
menn og to kvinner. Eg gjekk ut frå at det var fleire som
gjorde ting for å få «privilegium».
Dei gav meg ein halv time, og eg prøvde å snakke med
den mest normalt utsjåande av dei andre fangane, ein svart
fyr omtrent på min alder, med kort afrosveis. Men då eg sa
kva eg heitte og strekte ut handa, skaut han blikket mot kamera som var montert i alle hjørna, og heldt fram med å gå
utan å endre ansiktsuttrykk.
Men då, rett før dei ropte namnet mitt og henta meg
inn, opna døra seg, og ut kom – Vanessa! Eg hadde aldri
vore gladare for å sjå eit vennleg ansikt. Ho såg trøtt og
ulykkeleg ut, men ikkje skadd, og då ho såg meg, ropte ho
namnet mitt og sprang bort til meg. Vi klemde kvarandre
hardt, og eg merka at eg skalv. Så merka eg at ho skalv også.
«Er du ok?» spurde ho og heldt meg med strake armar.
«Eg er ok,» sa eg, «dei fortalde meg at dei ville sleppe
meg fri om eg gav dei passorda mine.»
«Dei driv og spør meg om deg og Darryl.»
Ei stemme buldra over høgtalaren, ropte at vi skulle
slutte å snakke, at vi skulle gå, men vi gav blaffen.
«Svar dei,» sa eg med ein gong. «Svar på alt dei spør
om. Om det vil få deg fri.»
«Korleis går det med Darryl og Jolu?»
«Eg har ikkje sett dei.»
53
Døra sprang opp, og fire store vakter kom stormande.
Dei tok oss. Dei tvinga meg i bakken og snudde hovudet
mitt vekk frå Vanessa. Eg kunne høyre at ho fekk same behandling. Plasthandjern kom på, før eg blei dregen opp og
ført tilbake til cella.
Det kom ikkje middag den kvelden. Det kom ikkje
frukost neste morgon. Ingen kom for å ta meg til forhøyr.
Plasthandjerna hadde dei ikkje teke av, og skuldrene mine
brann først, før dei byrja å verke, for så å bli nomne og sidan
byrje å brenne igjen. Eg mista all kjensle i hendene mine.
Eg måtte pisse. Eg kunne ikkje opne buksa mi. Eg måtte
verkeleg, verkeleg pisse.
Eg pissa på meg.
Dei kom for å hente meg etter det, då det varme
pisset hadde kjølna og blitt klamt, slik at den allereie
skitne buksa mi klistra seg til låra og beina mine. Dei tok
meg med ned den lange gangen med dører langs veggen,
der kvar dør hadde ein strekkode, der kvar strekkode stod
for ein fange som meg. Dei tok meg ned korridoren og
inn på forhøyrsrommet, og det var som ein annan planet
då eg kom inn der, ei verd der ting var normale, der det
ikkje stinka av urin. Eg følte meg så skiten og skamfull,
og alle dei kjenslene av at eg fortente det eg fekk, kom
tilbake til meg.
Streng Frisyre var allereie på plass. Ho var perfekt: nyfrisert og med berre eit hint av sminke. Eg kunne lukte det
ho hadde hatt i håret. Ho rynka på nasen over meg. Eg kjende skamma stige.
«Du har visst vore ein veldig uskikkeleg liten gut, har
du ikkje? For ein skiten liten pjokk!»
Skam. Eg såg ned i bordet. Våga ikkje å sjå opp. Eg ville
berre fortelje henne epostpassordet mitt og forsvinne.
«Kva snakka du og venninna di om i garden?»
54
Eg lo ein bjeffande latter mot bordet. «Eg bad henne
om å svare på spørsmåla dine. Eg bad henne samarbeide.»
«Så det er du som gir ordrane?»
Eg følte blodet stige til øyrene. «Åh, kom an,» sa eg. «Vi
speler eit spel i lag. Det heiter Harajuku Fun Madness. Eg er
lagkaptein. Vi er ikkje terroristar, vi er high school-elevar.
Eg gir ikkje ordrar. Eg sa til henne at vi må vere ærlege så vi
kunne få mistankane sletta og kome oss ut herifrå.»
Ho sa ikkje noko på ei lita stund.
«Korleis går det med Darryl?» spurde eg.
«Kven?»
«Darryl. De plukka oss opp i lag. Vennen min. Nokon
stakk han ned ved t-banestasjonen i Powell Street. Det var
difor vi var der vi var. For å skaffe han hjelp.»
«Då går det sikkert fint med han,» sa ho.
Det knytte seg i magen min, og eg kasta nesten opp.
«Du veit ikkje? Er han ikkje her?»
«Kven vi har her og kven vi ikkje har her, er ikkje noko
vi kjem til å diskutere med deg, nokon gong. Det er ikkje
noko du kjem til å få vite. Marcus, du har sett kva som skjer
når du ikkje samarbeider med oss. Du har sett kva som skjer
når du ikkje er lydig. Du har vore litt samarbeidsvillig, og
det har fått deg nesten til det punktet der du kanskje kan gå
fri. Om du vil at det skal gå slik, må du halde deg til å svare
på spørsmåla mine.»
Eg sa ikkje noko.
«Du lærer, det er bra. No, epostpassorda dine, takk.»
Eg var godt førebudd på dette. Eg gav dei alt: server­
adresse, login-namn, passord. Ingenting av dette betydde
noko. Eg hadde ikkje noko epost liggande på serveren. Eg
lasta ned alt og lagra det på laptopen heime, som lasta ned
og sletta eposten frå serveren kvart minutt. Dei ville ikkje få
noko ut av eposten min.
55
Tilbake til cella, men denne gongen løyste dei handjerna, gav meg ein dusj og eit par oransje fengselsbukser.
Dei var altfor store og hang lågt på hoftene, som hos ein
meksikansk gjengfyr i Mission-distriktet. Det er der moten
med store bukser som heng ned på rumpa di kjem frå, visste du det? Frå fengsel. Det er mindre gøy når det ikkje er eit
fashion statement, det kan du seie til kidsa og helse frå meg.
Dei tok frå meg dongeribuksa mi, og eg sat ein dag til
i cella. Veggane var sement klatta på ein stålkonstruksjon.
Det kunne du sjå fordi stålet rusta i den salte lufta, og konstruksjonen skein raudoransje gjennom den grøne malinga.
Foreldra mine var ein stad der ute.
Neste dag kom dei og henta meg igjen.
«Vi har lese mailen din i ein dag no. Vi forandra pass­
ordet så heime-pc-en din ikkje kunne hente han.»
Sjølvsagt hadde dei det. Eg ville ha gjort det same, no
når eg fekk tenkt meg om.
«Vi har nok på deg til å bure deg inne i lang, lang tid,
Marcus. Desse artiklane» – ho viste med ein gest til dingsane mine – «og data vi har henta ut frå telefonen og minne­
pinnane dine, i tillegg til det subversive materialet vi utan
tvil ville finne dersom vi raida huset ditt og tok datamaskina
di. Det er nok til å bure deg inne til du er ein gammal mann.
Forstår du det?»
Eg trudde ikkje eit sekund på det. Ingen dommar i verda ville seie at desse tinga var verkelege brotsverk. Det var
frie ytringar, teknologisk fikling. Ikkje brotsverk.
Men kven kunne garantere at desse folka nokon gong
ville stille meg framfor ein dommar?
«Vi veit kvar du bur, vi veit kven vennene dine er. Vi
veit korleis du opererer og korleis du tenkjer.»
Det demra for meg. Dei heldt på å la meg gå. Det lysna
liksom i rommet. Eg høyrde meg sjølv puste, korte små pust.
56
«Vi vil berre vite ein ting: Kva var leveringsmekanismen for bombene på brua?»
Eg slutta å puste. Rommet mørkna igjen.
«Hæ?»
«Det var ti ladningar på brua, langs heile lengda. Det
var i bagasjeromma på bilar. Dei hadde blitt plasserte der.
Kven plasserte dei ut, korleis kom dei dit?»
«Hæ?» sa eg igjen.
«Dette er den siste sjansen din, Marcus,» sa ho. Ho
såg trist ut. «Du klarte deg så bra til no. Fortel oss dette, og
du kan dra heim. Du kan få deg ein advokat og eit forsvar
i ein rettssal. Det finst sikkert formildande omstende som
du kan bruke til å forklare det du har gjort. Berre fortel oss
dette, og du er fri.»
«Eg aner ikkje kva du snakkar om!» Eg gret og brydde
meg ikkje om det. Gret og snufsa. «Eg aner ikkje kva du
snakkar om!»
Ho rista på hovudet. «Marcus, ver så snill. La oss hjelpe deg. Du burde forstå no at vi alltid får det vi vil ha.»
Eg høyrde ein utydeleg, bablande lyd frå bak i hjernen
min ein stad. Dei var galne. Eg tok meg saman, arbeidde
hardt for å stoppe tårene. «Høyr her, dette er galskap. Du
har sett gjennom tinga mine, du har sett alt. Eg er ein sytten år gammal high school-elev, ikkje ein terrorist. Du kan
ikkje for alvor tru at –»
«Marcus, har du ikkje forstått at vi meiner alvor?» Ho
rista på hovudet. «Du får ganske gode karakterar. Eg trudde
du var smartare enn som så.» Ho vifta med handa, og vaktene tok meg under armane og drog meg opp.
Tilbake i cella kom eg på hundre små talar eg kunne
ha halde. Franskmennene kallar dette «espirit d’escalier» –
ånda i trappa, dei kvikke svara som kjem til deg etter at du
går ut av rommet og ruslar ned trappa. Inni hovudet mitt
57
stod eg og talte, talte om at eg var ein borgar som elska fridommen min, noko som gjorde meg til patrioten og henne
til forrædaren. Inni hovudet mitt kasta eg skam over henne
for å gjere landet mitt til ein militærleir. Inni hovudet mitt
var eg veltalande og briljant og fekk henne til å gråte.
Men ingen av dei fine orda kom til meg då dei drog
meg ut den neste dagen. Alt eg kunne tenkje på, var fridom.
Foreldra mine.
«Hei, Marcus,» sa ho. «Korleis har du det?»
Eg såg ned i bordet. Ho hadde ein ryddig bunke dokument framfor seg, med den evinnelege koppen frå Starbucks
ved sida av. Det var ei slags trøyst, ei påminning om at det
fanst ei verkeleg verd ein stad der ute, utanfor veggane.
«Vi er ferdige med å etterforske deg, for denne gongen.» Ho lét det henge i lufta. Kanskje meinte ho at dei ville
la meg gå. Kanskje betydde det at dei skulle kaste meg i eit
hol og gløyme at eg fanst.
«Og?» sa eg til slutt.
«Og eg vil understreke for deg at vi tek dette veldig alvorleg. Landet vårt har opplevd det verste åtaket som nokon gong har blitt utført her. Kor mange 11. september vil
du at vi skal måtte oppleve før du er villig til å samarbeide?
Detaljane i etterforskinga vår er hemmelege. Vi vil ikkje la
noko stoppe oss i forsøka på å bringe forbrytarane som har
utført desse handlingane, for retten. Forstår du dette?»
«Ja,» mumla eg.
«Vi kjem til å sende deg heim i dag, men du er ein merkt
mann. Du har ikkje vist deg å vere utanfor mistanke – vi
slepper deg berre fordi vi er ferdige med å forhøyre deg for
denne gongen. Men frå no av tilhøyrer du oss. Vi vil halde
auge med deg. Vi vil vente på at du skal trakke feil. Forstår
du at vi kan halde nøye oppsyn med deg, heile tida?»
«Ja,» mumla eg.
58
«Godt. Du kjem aldri til å snakke om det som har
skjedd her til nokon, nokon gong. Dette er eit spørsmål om
nasjonal tryggleik. Du veit at det framleis er dødsstraff for
forræderi i krigstid?»
«Ja,» mumla eg.
«Flink gut,» mol ho katteaktig. «Vi har nokre papir du
må signere.» Ho dytta papirbunken over bordet til meg.
Små post-it-lappar med SIGNER HER hadde blitt klistra på.
Ei vakt løyste handjerna mine.
Eg bladde gjennom papira, augene fløymde over og
hovudet skya til. Eg klarte ikkje å få noko ut av dei. Eg prøvde å forstå jusspråket. Det verka som om det eg heldt på å
signere, var ei erklæring om at eg var blitt halden og forhøyrt frivillig.
«Kva skjer om eg ikkje signerer dette?» spurde eg.
Ho reiv papira tilbake og vifta med handa igjen.
Vaktene drog meg opp på beina.
«Vent!» skreik eg. «Ver så snill! Eg skal signere!» Dei
drog meg til døra. Alt eg kunne sjå, var den døra, alt eg kunne tenkje på, var at ho no skulle slå igjen bak meg.
Eg mista fatninga. Eg gret. Eg bad tynt om å få lov til å
signere. Å vere så nær fridommen og så få han riven vekk
frå meg, det gjorde meg villig til å gjere kva som helst. Eg
har ikkje tal på alle gongene nokon har sagt «åh, eg ville heller døy enn å gjere eitt-eller-anna» – eg har sagt det sjølv.
Men dette var den første gongen eg forstod kva det verkeleg
betydde. Eg ville heller ha døydd enn å bli send tilbake til
cella.
Eg trygla medan dei tok meg ut i korridoren. Eg sa at eg
skulle signere kva som helst.
Ho ropte til vaktene, og dei stoppa. Dei tok meg tilbake.
Dei sette meg ned. Ein av dei plasserte pennen i handa mi.
Eg signerte, sjølvsagt, eg signerte og signerte.
59
D ongeribuk sa o g t-sk jorta mi låg i cella, ny­vaska
og bretta. Dei lukta vaskemiddel. Eg tok dei på, vaska ansiktet mitt, sette meg på benken og stira i veggen. Dei hadde
teke alt frå meg. Først privatlivet mitt, så sjølv­respekten.
Eg kunne ha signert kva som helst. Eg ville ha signert ei til­
ståing om at eg hadde drepe Abraham Lincoln.
Eg prøvde å gråte, men det var som om augene mine
var uttørka, tome for tårer.
Dei kom og henta meg igjen. Ei vakt nærma seg med
ei hette, av same type som den dei hadde sett på meg då dei
plukka oss opp, når det enn var, for fleire dagar sidan, fleire
veker sidan.
Hetta kom over hovudet mitt og blei snørt rundt halsen.
Eg var i fullstendig mørke, og lufta var kvelande og tjukk. Eg
blei reist opp på føtene og ført ned fleire korridorar, opp trapper, over grus. Opp ein gangplanke. Opp på eit skipsdekk.
Hendene mine blei lenka bak meg, til eit rekkverk. Eg knelte
der på dekket og høyrde på hamringa til dieselmotorane.
Skipet var i rørsle. Eit hint av salt luft kom inn i hetta.
Det duskregna, og kleda mine blei tunge av vatn. Eg var
ute, sjølv om hovudet mitt var i ein sekk. Eg var ute, i verda,
ikkje langt frå fridommen.
Dei leidde meg av båten og over ujamn grunn. Opp tre
metalltrapper. Hendene mine blei løyste. Hetta blei teken av.
Eg var tilbake i traileren. Streng Frisyre var der, ved det
vesle skrivebordet. Ho hadde ein liten gjennomsiktig plastpose med klemmelås, og inni den var telefonen min og dei
andre dingsane, lommeboka mi og småpengane eg hadde
hatt i lommene. Ho gav dei til meg utan eit ord.
Eg fylte lommene mine. Det kjendest så rart å få alt tilbake på dei vante plassane, å ha på meg mine eigne klede.
Utanfor bakdøra til traileren høyrde eg dei kjende lydane
frå den byen eg kjende så godt.
60
Ei vakt gav meg ryggsekken min. Dama retta ut handa
til meg. Eg berre såg på henne. Ho tok ned handa og gav
meg eit beiskt smil. Så gjorde ho ein gest som om ho lukka
leppene sine med glidelås, peikte på meg og opna døra.
Utanfor var det dag, grå, våt dag. Eg kunne sjå nedover
ei bakgate, mot bilar, lastebilar og syklar som suste forbi ute
på vegen. Eg stod stivna i døra, på det øvste steget og stira
på fridommen.
Knea mine skalv. Eg forstod at dei leika med meg igjen.
Om ein augeblink ville vaktene ta tak i meg og dra meg inn
igjen, sekken ville bli dregen over hovudet mitt igjen, og eg
ville vere på veg med båten og snart tilbake i cella, til dei
endelause spørsmåla som ikkje hadde nokon svar. Eg klarte
så vidt å unngå å stikke knyttneven i munnen og bite til.
Eg tvinga meg sjølv til å gå ned eit trinn. Så eitt til. Det
siste trinnet. Skoa mine knasa mot rusket som låg strødd på
bakken i smauet, glasbrot, ei sprøyte, grus. Eg tok eit steg.
Eitt til. Eg kom til enden av smauet og steig ut på fortauet.
Det var ingen som greip meg.
Eg var fri.
Så kjende eg eit par sterke armar som slyngde seg rundt
meg. Eg heldt på å skrike.
Men det var Van, og ho skreik og omfamna meg så
hardt at eg ikkje kunne puste. Det kunne vere det same. Eg
gjengjelde omfamninga, begrov ansiktet mitt i håret hennar.
«Du klarte deg!» sa ho.
«Eg klarte meg,» klarte eg å få fram.
Til slutt sleppte ho meg, og eit nytt par armar slengde
seg rundt meg. Jolu! Dei var der begge to. Han kviskra i øyret mitt: «Du er trygg, bror,» og klemde meg endå hardare
enn Vanessa hadde gjort.
Då han sleppte, såg eg meg rundt. «Kvar er Darryl?»
spurde eg.
Dei såg på kvarandre. «Kanskje han er i traileren enno,»
sa Jolu.
Vi snudde oss og såg på bilen i enden av smauet. Det
var ein anonym 18-hjular. Nokon hadde allereie drege opp
den vesle samanleggbare trappa. Baklysa lyste raudt, og bilen rygga mot oss og sende ut eit jamt piip, piip, piip.
«Vent!» ropte eg i det han akselererte mot oss. «Vent!
Kva med Darryl?» Traileren kom nærare. Eg heldt fram
med å rope. «Kva med Darryl?»
Jolu og Vanessa tok meg i ein arm kvar og drog
meg vekk. Eg kjempa imot og ropte. Traileren kom ut av
smauet og rygga ut i gata, sette nasen nedover og køyrde
62
vekk. Eg prøvde å springe etter, men Van og Jolu ville ikkje
sleppe meg.
Eg sette meg på fortauet med armane rundt knea og
gret. Eg gret og gret og gret, høge hulk av den typen eg
ikkje hadde sleppt frå meg sidan eg var ein liten gut. Dei
ville ikkje slutte å kome. Eg klarte ikkje å slutte å skjelve.
Vanessa og Jolu fekk meg på beina og flytta meg litt opp
i gata. Dei sette meg ned på benken ved eit busstopp. Dei
gret også, begge to, og vi heldt kvarandre ei stund, og eg
visste at vi gret for Darryl, som ingen av oss trudde vi nokon
gong skulle sjå igjen.
Vi var nord f or Chinatown , i den delen der det
byrja å gå over til North Beach, eit nabolag fullt av strippeklubbar med neonlys, der den legendariske, motkulturelle
bokhandelen City Lights låg, der beatpoesirørsla blei starta
på femtitalet.
Eg kjende denne delen av byen veldig godt. Den italienske yndlingsrestauranten til foreldra mine låg her, og dei tok
meg ofte med dit for å ete store porsjonar linguini og italienske iskremberg med kandisert fiken og små, dødelege
espressoar til slutt.
No var staden annleis, no var det ein stad der eg smakte
fridommen for første gongen på det som verka som ei æve.
Vi gjennomsøkte lommene våre og fann nok pengar til
å få eit bord på ein av dei italienske restaurantane, på fortauet, under ei markise. Den søte servitrisa tende opp ein
gassvarmar med ein grilltennar, tok opp bestillingane våre
og gjekk inn. Kjensla av å gi bestillingar, av å styre min eigen
skjebne, var det mest fantastiske eg nokon gong hadde kjent.
«Kor lenge var vi der inne?» spurde eg.
«Seks dagar,» sa Vanessa.
«Eg kom til fem,» sa Jolu.
63
«Eg talde ikkje.»
«Kva gjorde dei mot deg?» spurde Vanessa. Eg ville
ikkje snakke om det, men dei såg på meg. Då eg først byrja,
klarte eg ikkje slutte. Eg fortalde dei alt, også om då eg blei
tvinga til å pisse på meg, og dei tok inn det eg fortalde utan
eit ord. Eg stoppa då servitrisa kom med brus, og venta til
ho var utanfor rekkevidd før eg heldt fram. Medan eg fortalde, blei det heile fjernare, trekte seg vekk. Til slutt klarte
eg ikkje å avgjere om eg broderte på sanninga, eller om eg
fekk alt til å høyrast mindre ille ut. Minna sumde rundt som
små fisk eg prøvde å gripe, og nokre gonger glapp dei ut av
hendene mine.
Jolu rista på hovudet. «Dei tok deg hardt, mann,» sa
han. Han fortalde oss om sitt opphald. Dei hadde forhøyrt
han, mest om meg, og han hadde heile tida fortalt sanninga,
hadde halde seg til ei rett fram forteljing av fakta om den
dagen og om vennskapen vår. Dei hadde fått han til å repetere det om igjen og om igjen, men dei hadde ikkje kødda
med hovudet hans, slik dei hadde med meg. Han hadde ete
måltida sine i messehallen med mange andre folk og hadde
fått gå til eit tv-rom, der dei hadde vist filmar frå i fjor.
Vanessa si historie var litt annleis. Etter at ho hadde
gjort dei sinte ved å snakke med meg, hadde dei teke frå
henne kleda og gitt henne eit ein oransje fengselsoverall.
Ho hadde blitt stengd inne på cella i to dagar, men fått mat.
Elles var det likevel mykje det same som Jolu: dei same
spørsmåla om igjen og om igjen.
«Dei må verkeleg ha hata deg,» sa Jolu. «Dei var ute etter deg. Kvifor?»
Eg ante ikkje kvifor. Så hugsa eg.
Du kan samarbeide, eller du kan angre veldig, veldig djupt.
«Det var fordi eg ikkje ville låse opp telefonen min
for dei, den første kvelden. Det er difor dei peikte meg
64
ut.» Eg hadde vanskeleg for å tru det, men det kunne ikkje
vere noka anna forklaring. Det hadde vore rein hemntørst.
Hjernen min spann ved tanken. Dei hadde gjort alt dette
som ei straff for at eg trassa autoriteten deira.
Eg hadde vore redd. No blei eg sint. «Dei jævlane,» sa
eg mjukt. «Dei gjorde det for å ta igjen for at eg var stor i
kjeften.»
Jolu banna, og Vanessa byrja på ein koreansk salve,
noko ho berre gjorde når ho var veldig, veldig sint.
«Eg skal ta dei,» kviskra eg og stira på glaset mitt. «Eg
skal ta dei.»
Jolu rista på hovudet. «Det kan du ikkje, veit du. Du
kan ikkje kjempe imot slikt.»
Ingen av oss ville snakke om hemn. I staden snakka vi om
kva vi skulle gjere no. Vi måtte heim. Batteria på mobilane
våre var døde, og det var årevis sidan det hadde vore telefonautomatar i dette nabolaget. Vi måtte berre heim. Eg tenkte
til og med på å ta ein taxi, men vi hadde ikkje nok pengar.
Så vi gjekk. På hjørnet la vi nokre småpengar på ein
avis­boks med San Francisco Chronicle, stilte oss opp og las
framsida. Det hadde gått fem dagar sidan bombene small,
men det var framleis førstesidestoff.
Streng Frisyre hadde snakka om at «brua» hadde blitt
sprengd, og eg hadde utan vidare gått ut frå at ho snakka om
Golden Gate, men eg tok feil. Terroristane hadde sprengt
Bay Bridge.
«Kvifor i helvete sprengde dei Bay Bridge?» sa eg.
«Golden Gate er den som er på alle postkorta.» Sjølv om
du ikkje har vore i San Francisco, er det gode sjansar for at
du veit korleis Golden Gate ser ut: Det er den store, raud­
oransje hengebrua som er sveipt dramatisk ut mellom den
gamle militærbasen kalla Presidio to Sausalito, der alle dei
65
småidylliske vindistriktlandsbyane er med dei parfymerte
stearinlysbutikkane og kunstgalleria sine. Brua er pittoresk som fy og praktisk talt symbol for heile California.
Om du dreg til Disneyland California, er det ein kopi av
brua rett innan­for inngangen, med ein liten minijernbane
som går over.
Så naturlegvis gjekk eg ut frå at dersom du skulle blåse
i lufta ei bru i San Francisco, så ville det vere den.
«Dei blei sikkert skremde av alle kamera og sånn,» sa
Jolu. «National Guard sjekkar alltid bilane i begge endane,
og så er det alle dei sjølvmorda og all den driten som går
føre seg der.» Folk har hoppa frå Golden Gate heilt sidan ho
opna i 1937. Dei slutta å telje etter sjølvmord nr. 1000 i 1995.
«Ja,» sa Vanessa. «Pluss at Bay Bridge faktisk fører
ein stad.» Bay Bridge fører frå sentrum av San Francisco
til Oakland og vidare til Berkeley og East Bay, der mange
av dei som jobbar i byen bur. Det er ein av dei få stadene i
Bay-området der ein normal person kan ha råd til eit hus
ein verkeleg kan strekke seg ut i, og det er også universitet
og ein haug med småindustri der. BART-banen (Bay Area
Rapid Transit) går under bukta og knyter saman dei to byane også, men det er brua som har mest trafikk. Golden Gate
er ei fin bru for turistar og rike pensjonistar som bur i vindistriktet, men ho er mest ornamental. Bay Bridge er – var
– arbeidshesten av bruene i San Francisco.
Eg tenkte på det litt. «De har rett, folkens,» sa eg. «Men
eg trur ikkje det er alt. Vi driv og tenkjer at terroristar går til
åtak på landemerke fordi dei hatar landemerke. Terroristar
hatar ikkje landemerke eller bruer eller fly. Dei vil berre
øydelegge ting og skremme folk. Lage terror. Så sjølvsagt
tok dei Bay Bridge etter at Golden Gate fekk kameraovervaking – etter at flyplassane blei fylte av metalldetektorar
og røntgen.» Eg tenkte litt meir over det, stira tomt ut på
66
bilane som rulla forbi, folk som gjekk forbi på fortaua, på
byen rundt meg. «Terroristar hatar ikkje fly eller bruer. Dei
elskar terror.» Det var så innlysande at eg ikkje kunne tru
at eg aldri hadde tenkt på det før. Det var vel slik at nokre
dagar med å bli behandla som ein terrorist hadde hjelpt på
for å klarne tankane.
Dei andre to stira på meg. «Eg har rett, har eg ikkje? All
denne sikringsdriten, alle røntgensjekkane, identitetssjekkane, dei er heilt poenglause, ikkje sant?»
Dei nikka sakte.
«Verre enn poenglause,» sa eg, og stemma mi voks og
sprakk. «Fordi dei enda med oss i fengsel, med Darryl –»
Eg hadde ikkje tenkt på Darryl sidan vi sette oss ned, og no
kom det tilbake, kameraten min, vekk, sakna, forsvunnen.
Eg slutta å snakke og pressa kjevane mot kvarandre.
«Vi må fortelje det til foreldra våre,» sa Jolu.
«Vi burde få ein advokat,» sa Vanessa.
Eg tenkte på å fortelje historia mi. På å fortelje verda
kva som hadde skjedd med meg. På videoane som utan tvil
ville kome ut, av meg, gråtande, redusert til eit krypande dyr.
«Vi kan ikkje fortelje dei noko,» sa eg, utan å tenkje.
«Kva meiner du?» spurde Van.
«Vi kan ikkje fortelje dei nokon ting,» sa eg igjen. «Du
høyrde kva ho sa. Dersom vi snakkar, kjem dei etter oss. Dei
kjem til å gjere mot oss slik dei har gjort med Darryl.»
«Eg håpar du spøker,» sa Jolu. «Du vil at vi skal –»
«Eg vil at vi skal kjempe tilbake,» sa eg. «Eg vil at vi skal
halde oss frie, sånn at vi kan gjere det. Om vi går og plaprar,
kjem dei berre til å seie at vi er dritungar som finn på ting.
Vi veit ikkje eingong kvar det var vi var! Ingen kjem til å tru
oss. Så, ein dag, vil dei kome og ta oss.
Eg kjem til å fortelje foreldra mine at eg var i ein av dei
leirane på den andre sida av bukta. Eg kom over for å møte
67
dykk, vi blei stranda der og kom oss ikkje ut før i dag. Det
står i avisa at folk framleis er på veg heim frå dei leirane.»
«Eg kan ikkje gjere det,» sa Vanessa. «Etter det dei gjorde
mot deg, korleis kan du i det heile teke tenkje på å gjere det?»
«Det skjedde med meg, det er poenget. Det er meg mot
dei no. Eg skal ta dei, eg skal finne Darryl. Eg skal ikkje la
meg knekke. Men så snart foreldra våre er involverte, då er
det over. Ingen vil tru oss, og ingen vil bry seg. Om vi gjer
det på min måte, så vil folk bry seg.»
«Kva er din måte?» spurde Jolu. «Kva er planen?»
«Eg veit ikkje enno,» innrømte eg. «Gi meg tid til i morgon tidleg, gi meg det, i det minste.» Eg visste at så snart dei
hadde halde det hemmeleg ein dag, måtte det bli hemmeleg
for alltid. Foreldra våre ville bli endå meir skeptiske om vi
plutseleg «hugsa» at vi hadde blitt haldne i eit hemmeleg
fengsel i staden for å bli tekne vare på i ein flyktningleir.
Van og Jolu såg på kvarandre.
«Eg spør berre om ein sjanse,» sa eg. «Vi jobbar fram
historia medan vi går, slik at ho blir truverdig. Gi meg ein
dag, berre ein dag.»
Dei andre to nikka dystert, og vi gjekk vidare nedover,
på veg heim. Eg budde på Potrero Hill, Vanessa budde
i North Mission og Jolu i Noe Valley – tre vilt forskjellige
nabo­lag berre få minutts gange frå kvarandre.
Vi gjekk rundt hjørnet inn i Market Street og stoppa
som fastfrosne. Gata var barrikadert på kvart einaste hjørne, alle sidegatene var reduserte til eitt køyrefelt, og parkert
nedover heile lengda av Market Street var store, umerkte
18-hjularar som den vi hadde blitt frakta i.
Alle hadde ståltrapper ut frå bakenden der det summa
av aktivitet. Soldatar, folk i dress og politi gjekk inn og ut.
Dei dresskledde hadde små skilt på jakkeslaga, som blei
skanna av soldatane når dei gjekk ut og inn – trådlause
68
identitetsskilt. I det vi gjekk forbi ein av dei, fekk eg teke
ein nærare kik og såg den kjende logoen: DHS, Department
of Homeland Security, Tryggleiksdepartementet. Soldaten
såg at eg stira, og stira hardt tilbake, glodde.
Eg skjønte meldinga og gjekk vidare. Eg forlét gjengen
ved Van Ness. Vi klynga oss til kvarandre, gret og lova å ringe kvarandre.
Spaserturen heim til Potrero Hill har ei lett rute og ei
tung rute. Den tunge tek deg over nokre av dei brattaste
høgdene i byen, slike dei ofte viser i biljaktscenar i actionfilmar, der bilane gjer hopp i det dei kjem over toppen. Eg går
alltid den tunge vegen. Det er bustadområde heile vegen,
med dei gamle viktorianske husa dei kallar «mala damer»,
på grunn av dei fargerike, forseggjorde fasadane, og framfor dei er det hagar med duftande blomster og høgt gras.
Huskattar stirar på deg frå hekkar, og det er nesten ingen
heimlause.
No var det så stille i desse gatene at det fekk meg til å
ønskje at eg hadde teke den andre ruta, gjennom Mission,
som er … grov er kanskje eit ord for det. Høglydt og livfull.
Masse bråkete fyllikar og sinte narkolangarar og bevisstlause junkiar, men også familiar med barnevogner, gamle
damer som står og pratar på hustrapper, rånarar med bilstereoar som sender sine dunk-dunk-dunk nedover gatene.
Det var hipsterar og dystre, emo kunststudentar og til og
med eit par oldschool pønkarar, middelaldrande fyrar med
kulemagar som bula ut under Dead Kennedys-T-skjortene.
Og dragqueens, aggressivt nervøse gjengungdommar, graffitikunstnarar og desorienterte bustadspekulantar som
prøvde å unngå å bli drepne medan investeringane deira
modna seg.
Eg gjekk opp Goat Hill og forbi Goat Hill Pizza, som
fekk meg til å tenkje på fengselet eg hadde vore i, og måtte
69
setje meg ned på benken utanfor restauranten til skjelvinga
gjekk over. Så såg eg traileren oppe på bakken, ein 18-hjular
utan noko merke med tre metalltrinn ved bakenden. Eg
kom meg opp og gjekk vidare. Eg følte auge som såg på meg
frå alle retningar.
Eg skunda meg resten av vegen. Eg såg ikkje på dei mala
damene eller huskattane. Eg såg ned.
Begge bilane til foreldra mine stod i innkøyrsla, sjølv
om det var midt på dagen. Sjølvsagt. Pappa jobbar i East Bay,
så han var stuck heime medan dei jobba med brua. Mamma
– vel, kven veit kvifor mamma var heime.
Dei var heime på grunn av meg.
Før eg hadde fått låst opp døra, blei ho røska ut av handa mi og slengd på vidt gap. Der var begge foreldra mine,
grå og utslitne stira dei storøygde på meg. Vi stod frosne
fast i eit tablå ein augeblink, før begge storma fram og drog
meg inn i huset så eg heldt på gå over ende. Dei snakka så
høgt og fort at alt eg kunne høyre, var eit ordlaust drønnande skvalder, medan dei klemde meg og gret, eg gret òg, og vi
berre stod der i den vesle gangen, gret og sa nesten-ord til vi
gjekk tome og gjekk inn i kjøkkenet.
Eg gjorde det eg alltid gjorde når eg kom heim: tok meg
eit glas vatn frå filtermugga i kjøleskapet og grov ut eit par
kjeks frå «kjekstønna» som søstera til mamma hadde sendt
frå England. Normaliteten ved dette fekk hjertet mitt til å
slutte å hamre, til endeleg å lyde hjernen, og snart sat vi ved
bordet, alle tre.
«Kvar har du vore?» spurde dei, meir eller mindre i kor.
Eg hadde tenkt ein del på dette på vegen heim. «Eg stod
fast,» sa eg. «I Oakland. Eg var der med nokre venner, vi
dreiv med eit prosjekt, og så blei vi sett i karantene.»
«I fem dagar?»
«Jepp,» sa eg. «Jepp, det var ganske ille.» Eg hadde lese
70
om karantenane i Chronicle og stal skamlaust frå sitata dei
hadde publisert. «Alle som fekk skya over seg. Dei trudde vi
hadde blitt angripne av ei eller annan slags supersmitte, og
dei stua oss inn i konteinarar på hamna, som sardinar. Det
var skikkeleg varmt og klissete. Ikkje mykje mat heller.»
«Herregud,» sa pappa og slo knyttnevane i bordet.
Pappa underviser tre dagar i veka på Berkeley og jobbar
med nokre studentar i bibliotekvitskap. Resten av tida er
han konsulent for selskap i byen og nede på halvøya, dotcomfolk i den tredje dotcombølgja som gjer ulike ting med
arkiv. Han er ein mild og vennleg bibliotekar til vanleg, men
han hadde vore skikkeleg radikal på sekstitalet, og på high
school dreiv han med bryting. Eg hadde sett han bli skikkeleg sint – det var til og med eg som hadde gjort han så
sint – og han kunne verkeleg miste fatninga når han blei
i Hulk-humør. Ein gong kasta han eit huskestativ frå Ikea
heile vegen over bestefars plen då det datt i hop den femtiande gongen han prøvde å setje det saman.
«Barbarar,» sa mamma. Ho hadde budd i USA sidan ho
var tenåring, men ho blir framleis tvers igjennom britisk
når ho treffer amerikansk politi, helsevesen, flytryggleiksfolk eller heimlause. Då er ordet «barbarar», og aksenten
hennar kjem tilbake med ein snert. Vi hadde vore i London
to gonger for å besøke familien hennar, og eg kan ikkje seie
at det kjendest noko meir sivilisert enn San Francisco, berre litt trongare.
«Men dei lét oss gå og sende oss over med ferje i dag.»
Eg improviserte no.
«Er du skadd?» spurde mamma. «Svolten?»
«Søvnig?»
«Ja, litt av alt det. Og Brille, Lystig, Prosit, Minsten,
Sinnataggen og Blygen.» Vi hadde ein familietradisjon med
Dei sju dvergane-vitsar. Dei smilte, men augene deira var
71
framleis fuktige. Eg syntest veldig synd på dei. Dei måtte ha
vore frå seg av bekymring. Eg var glad for ein sjanse til å
skifte tema. «Det hadde vore kult med litt mat.»
«Eg skal bestille ein pizza frå Goat Hill,» sa pappa.
«Nei, ikkje det,» sa eg. Dei såg på meg som om eg hadde
fått tentaklar som grodde ut av hovudet. Vanlegvis har eg ei
greie for Goat Hill-pizza – som tyder at eg vanlegvis et det
som ein gullfisk et maten sin, gomlar det i meg til det enten
er tomt eller eg sprekk. Eg prøvde å smile. «Eg har berre ikkje lyst på pizza,» sa eg tamt. «La oss bestille noko karri, ok?»
Takk og lov at San Francisco er verdas største take away-oase.
Mamma gjekk til skuffa med take away-menyar (meir
normalitet, som eit glas vatn for ein tørr, sår hals) og bladde
gjennom dei. Vi brukte eit par forvirra minutt på å gå gjennom menyen frå den pakistanske halalsjappa i Valencia. Eg
bestemte meg for ein blanda tandoori-grill med krema spinat og farmer’s cheese, ein salta mango lassi (mykje betre
enn det høyrest ut til) og små, steikte kaker i sirup.
Etter at maten var bestilt, byrja spørsmåla igjen. Dei
hadde høyrt frå familiane til Van, Jolu og Darryl og prøvd
å melde oss sakna. Politiet tok imot namn, men det var så
mange sakna personar at dei ikkje ville opprette politimapper på nokon før det hadde gått sju dagar.
I mellomtida hadde millionvis av har-du-sett-sider
poppa opp på nettet. Eit par av nettstadene var gamle
MySpace-klonar som hadde gått tom for pengar, men som
no fekk ein ny vår. Det var jo også kapitalistinvestorar som
hadde familiemedlemmer som var sakna i Bay-området.
Kanskje ville nettsidene trekke til seg nye investeringar om
dei klarte å bidra til å skaffe til rette personane. Eg tok pappas laptop og såg gjennom sidene. Dei var fulle av reklame,
sjølvsagt, og bilete av sakna folk, for det meste skulefoto,
bryllaupsfoto og slikt. Det var temmeleg ekkelt.
72
Eg fann biletet av meg sjølv og såg at det var lenka til
biletet av Van, av Jolu og Darryl. Det var eit lite skjema for å
merke folk som funne og eit anna for å fylle ut detaljar om
fleire sakna. Eg fylte ut skjemaet for meg, Jolu og Van, men
lét Darryl stå.
«Du gløymde Darryl,» sa pappa. Han likte ikkje Darryl
noko særleg – etter at han oppdaga at nokre centimeter
mangla frå ei av flaskene i barskapet hans, og til mi store
skam gav eg Darryl skulda. Når sant skal seiast, hadde det
vore begge to, sjølvsagt, vi berre leikte oss, prøvde cola med
vodka ein gong i løpet av ei lang dataspelnatt.
«Han var ikkje med oss,» sa eg. Løgna smakte bittert i
munnen.
«Herregud,» sa mamma. Ho vreid seg i hendene. «Vi
rekna berre med at de hadde vore i lag.»
«Nei,» sa eg, og løgna voks. «Nei, han skulle møte oss,
men kom aldri. Han er sikkert berre stuck i Berkeley. Han
skulle ta BART-banen.»
Mamma ynka seg. Pappa rista på hovudet og lukka augene. «Veit du ikkje om BART-banen?» spurde han.
Eg rista på hovudet. Eg byrja å forstå kvar dette leidde.
Det kjendest som bakken kom nærare under meg.
«Dei sprengde han,» sa pappa. «Jævlane sprengde han
samtidig med brua.»
Det var ikkje på framsida av Chronicle, men sjølvsagt,
ei sprenging under vatnet var ikkje på langt nær så fotogen
som bileta av brua som hang i fillebitar over bukta. BARTtunellen frå Embarcadero i San Francisco til West Oakland
stasjon var under vatnet.
Eg surfa gjennom overskriftene. Ingen var sikre, men
talet på døde var fleire tusen. Tala på folk som hadde drukna i banevognene og i bilane som hadde ramla seksti meter frå brua ned i sjøen, steig stadig. Ein journalist hevda
73
å ha intervjua ein «identitetsforfalskar» som hadde hjelpt
«dusinvis» å forlate dei gamle liva sine ved å forsvinne etter åtaka, få nye ID-ar, sleppe unna dårlege ekteskap, roten
gjeld og rotne liv.
Pappa fekk tårer i augene, og mamma gret ope. Dei
klemde meg igjen, klappa meg på ryggen, som for å forsikre
seg om at eg verkeleg var der. Dei fortalde igjen og igjen at
dei elska meg. Eg sa at eg elska dei òg.
Vi hadde ein tåredrypande middag, og mamma og pappa drakk eit par glas vin kvar, noko som var mykje til dei å
vere. Eg sa at eg var trøtt, noko som var sant, og krabba opp
på rommet. Men eg skulle ikkje i seng. Eg måtte kome meg
på nett og finne ut kva som skjedde. Eg måtte snakke med
Jolu og Vanessa. Eg måtte kome i gang med å finne Darryl.
Eg kraup opp på rommet mitt og opna døra. Eg hadde
ikkje sett mi eiga seng på det som kjendest som tusen år. Eg
la meg ned og strekte meg over nattbordet etter laptopen.
Eg måtte ha sett pluggen dårleg i – adapteren måtte lirkast
til på akkurat rette måten – så han hadde gått tom for batteri medan eg var vekk. Eg plugga han i og gav han eit minutt eller to til å lade før eg prøvde å slå på igjen. Eg brukte
tida til å kle av meg og kaste kleda mine i søpla – eg hadde
ikkje lyst til å sjå dei igjen, nokon gong – og hadde på meg
ein rein bokser og ei t-skjorte. Dei nyvaska kleda, rett ut frå
skuffene heime, var så kjende og behagelege, det kjendest
som å bli klemd av foreldra mine igjen.
Eg slo på maskina og la eit par puter på plass bak meg
oppå senga. Eg lente meg bak, opna loket og la maskina på
låra mine. Ho heldt framleis på å starte, og faen så bra dei
såg ut, ikona som kraup over skjermen. Oppstarten var ferdig, og så byrja maskina å gi fleire åtvaringar om lite straum.
Eg sjekka kabelen igjen, vrikka på han, og åtvaringane forsvann. Straumkontakten heldt verkeleg på å ta kvelden.
74
Faktisk var det så ille at eg ikkje fekk gjort noko. Kvar
gong eg tok handa vekk frå kontakten, byrja maskina å klage på batteriet. Eg tok ein nærare kikk.
Heile dekselet på maskina var litt ute av posisjon, det
var ei opning mellom over- og underdekselet som starta
som ein smal sprekk framme og vidare mot baksida.
Nokre gonger kan du ta eit blikk på ein dings og oppdage noko slikt. Og du lurer: «Har det alltid vore slik?»
Kanskje du berre ikkje har lagt merke til det.
Men med laptopen min var ikkje det mogleg. Eg bygde
han sjølv, nemleg. Etter at statsskulestyret utstyrte oss alle
med SchoolBookar, var det ikkje ein sjanse i havet for at foreldra mine skulle kjøpe ei eiga datamaskin til meg, sjølv om
SchoolBooken teknisk sett ikkje tilhøyrde meg og eg ikkje
hadde lov til å installere program eller modde han på nokon
som helst måte.
Eg hadde spart litt pengar – jobbar her og der, julegåver
og bursdagsgåver, litt smart ebaying. Til saman hadde eg
akkurat nok pengar til å kjøpe ei skikkeleg dritmaskin som
var fem år gammal.
Så Darryl og eg bygde maskiner i staden. Du kan kjøpe
tome laptopkabinett på same måten som du kan til stasjonære pc-ar, sjølv om dei er litt meir spesialiserte. Eg hadde
bygd eit par pc-ar saman med Darryl gjennom åra, kjøpt
delar frå Craigslist, garasjesal og billege taiwanske seljarar
vi fann på nettet. Eg fann ut at å bygge ein laptop var den
beste måten å få den krafta eg ville ha på, til ein pris eg hadde råd til.
Når du skal bygge din eigen laptop, startar du med å
bestille ei «barebook» – ei maskin med berre minimalt med
komponentar og alle dei rette utgangane. Det som var bra,
var at då eg var ferdig, hadde eg ei maskin som var eit halvt
kilo lettare enn Dell-maskina eg hadde sett på, i tillegg til å
75
vere raskare og koste ein tredel av det Dell-maskina ville ha
kosta. Det som ikkje var like greitt, var at å setje saman ein
laptop er litt som å bygge eit skip i ei flaske. Ein masse pirke­
arbeid med pinsett og forstørringsglas for å prøve å få alt
til å passe i den vesle kassa. Inni ein vanleg pc er det for det
meste luft, men i ein laptop er kvar kvadratmillimeter lova
bort til ein viktig funksjon. Kvar gong eg trudde eg hadde
fått det til, skrudde eg det heile saman berre for å finne ut at
noko hindra dekselet i å kunne lukkast skikkeleg, og eg var
tilbake der eg byrja.
Så eg visste nøyaktig korleis dekselet skulle sjå ut når
maskina var lukka, og det skulle ikkje sjå ut slik som dette.
Eg heldt fram med å vrikke på straumkontakten, men
det var håplaust. Eg kom aldri til å få greia til å starte utan å
ta henne frå kvarandre. Eg stønna og plasserte maskina ved
senga. Eg fekk gjere det i morgon.
Det var te orien , iallfall. To timar seinare låg eg framleis og stira i taket, i hovudet mitt blei det spelt filmar av det
dei hadde gjort mot meg, det eg skulle ha gjort, alt eg angra
på, esprit d’escalier.
Eg rulla meg ut av senga. Det hadde blitt midnatt, og
eg høyrde foreldra mine gå til køys klokka elleve. Eg tok
laptopen, rydda litt rom på skrivebordet og klipsa fast
LED-lamper til forstørringsglasa og tok fram eit sett av små
presisjonsskrujern. Eit lite minutt seinare hadde eg opna
dekselet, teke ut tastaturet og stira på innmaten. Eg tok ein
boks komprimert luft og blåste ut støvet som vifta hadde
drege inn og såg over det heile.
Det var noko som ikkje stemde. Eg kunne ikkje setje
fingeren på det, men det var månadsvis sidan eg hadde
opna denne greia. Heldigvis, den tredje gongen eg hadde
måtta opne maskina og strevde med å få lukka henne igjen,
76
hadde eg vore smart: Eg hadde teke eit bilete av innmaten
med alt på plass. Heilt smart hadde eg ikkje vore: Til å byrje med hadde eg berre late biletet ligge på harddisken, og
naturlegvis kunne eg ikkje sjå på det når maskina var open.
Men så hadde eg skrive det ut og lagt det i roteskuffen, gravplassen for alle garantibevisa og leidningsdiagramma. Eg
bladde gjennom dei – dei låg meir rotete enn eg hugsa – og
fann fram biletet. Eg la det ned ved sida av datamaskina og
myste, prøvde å sjå etter ting som ikkje stemde.
Så såg eg det. Bandkabelen som kopla tastaturet til
hovud­kortet, sat ikkje skikkeleg. Det var snodig. Det var i­kkje
ein del som flytta seg under normal bruk av maskina. Eg prøvde å presse kabelen på plass og oppdaga at det ikkje var pluggen som var laus – det var noko mellom pluggen og hovud­
kortet. Eg tok ut pluggen med eit pinsett og lyste på han.
Det var ein ny del. Ein liten chip, berre 1,5 millimeter
tjukk, utan påskrift. Tastaturet var plugga til chipen og chipen var plugga i hovudkortet. Med andre ord, dingsen var
perfekt plassert for å fange opp alle tastetrykka mine.
Det var ein avlyttingschip.
Eg kjende hjertet banke ut i øyrene. Det var mørkt og
stille i huset, men det var ikkje ei roande stille. Det var auge
der ute, auge og øyre, og dei følgde meg. Overvakte meg.
Overvakinga på skulen hadde følgt meg heim, men denne
gongen var det ikkje berre statsskulestyret som såg meg over
skuldra: Dei hadde fått selskap av Tryggleiksdepartementet.
Eg heldt på å ta chipen ut. Så kom eg på at den som
plasserte han der, ville forstå det. Eg lét han stå. Det gjorde
meg kvalm.
Eg sjekka om noko anna var forandra. Eg såg ikkje
noko, men betydde det at ingenting var forandra? Nokon
hadde brote seg inn på rommet og planta denne dingsen
– hadde teke maskina frå kvarandre og sett henne saman
77
igjen. Det fanst mange andre måtar å avlytte ei datamaskin
på. Eg kunne aldri vere sikker på om eg hadde fått med meg
alt. Heller ikkje denne gongen ville dekselet gå skikkeleg
på plass, men straumkabelen funka. Eg starta opp og sette
fing­rane mine til tastaturet og tenkte at eg skulle køyre nok­
re diagnostiseringar for å sjekke ting.
Men eg kunne ikkje.
Rommet mitt kunne jo også vere avlytta. Kanskje var
det eit kamera som spionerte på meg no.
Eg hadde følt meg paranoid på veg heim. No gjekk eg
nesten ut av mitt eige skinn. Det kjendest som å vere tilbake i fengselet, tilbake i avhøyrsrommet, forfølgd av krefter
som hadde meg i si hole hand. Eg hadde lyst til å gråte.
Berre ein ting å gjere.
Eg gjekk inn på badet, tok av dorullen og sette inn ein
ny ein. Heldigvis var rullen nesten tom. Eg rulla av resten av
papiret og leita gjennom kassa mi med diverse elektronikk
til eg fann ein liten plastkonvolutt med ultrasterke lysdiodar eg hadde teke ut av ei død sykkellykt. Eg stakk hol i dorullen til diodane med ei nål, kopla diodane i serie med metallklips og leidning som eg kopla til eit nivolts batteri. No
hadde eg eit rør med retningssensitive diodar i ring rundt,
og eg kunne halde røret opp og sjå gjennom det.
Eg hadde bygd eit slikt rør til naturfagskonkurransen i
fjor, men hadde blitt kasta ut av konkurransen då eg viste
at det var skjulte kamera i halvparten av klasseromma på
Chavez High. Videokamera med nålehovudstore linser
kosta mindre enn ein god middag på restaurant, så dei
poppa opp overalt. Grisete butikkekspeditørar plasserer
dei i prøverom eller solarium og kosar seg på pervovis med
opptaka – eller berre legg dei på nett. Å vite korleis ein lagar ein kameradetektor av ein dorull og elektronikk for tre
dollar er berre sunt bondevett.
78
Dette er den enklaste måten å oppdage eit spionkamera
på. Dei har ørsmå linser, men reflekterer lys som berre fy. Det
funkar best i eit rom med lite lys: Kik gjennom røret og flytt
det sakte langs veggane og alle andre stader der nokon kan ha
plassert eit kamera, og vent til du ser eit lysglimt. Om lysglimtet blir ståande stille medan du flyttar deg, så er det ei linse.
Det var ikkje noko kamera i rommet – ikkje eit eg kunne påvise iallfall. Det kunne vere mikrofonar der, sjølvsagt.
Eller kamera. Eller ingenting. Er det rart eg var paranoid?
Eg elska den laptopen. Eg kalla han Salmagundi, som
betyr laga av reservedelar.
Når du går så langt som å gi namn til laptopen din, veit
du at de verkeleg har eit djupt forhold. No, derimot, visste
eg ikkje om eg nokon gong hadde lyst til å ta på han igjen.
Eg hadde lyst til å kaste Salmagundi ut vindauget. Kven
kunne vite kva dei hadde gjort med han?
Eg lukka laptopen, putta han i ein skuff og såg opp i taket. Det var seint, og eg skulle ha vore i seng. Men aldri i
verda om eg klarte å sove no. Eg blei avlytta. Kanskje alle var
avlytta. Verda hadde forandra seg for alltid.
«Eg skal finne ein måte å ta dei på,» sa eg. Det var ein
eid, eg visste det då eg høyrde det, sjølv om eg aldri hadde
svore ein eid før.
Eg kunne ikkje sove etter det. Og dessutan, eg hadde
ein idé.
Ein eller annan stad i skapet mitt var ein Xbox Uni­
versal, framleis i originalpakninga. Xbox har alltid blitt seld
langt under kostnad – Microsoft tener pengane sine på å
selje rettane til å lage spel for Xbox – men Xbox Universal
var den første versjonen av konsollen som Microsoft bestemte seg for å gi vekk heilt gratis.
Før jul i fjor stod det hjelpelause taparar på kvart gate­
hjørne, kledde som krigarar frå Halo-spela, og delte ut
79
posar med desse spelkonsollane, så fort dei berre kunne.
Det verka, ser det ut til – alle seier at dei selde lassevis av
spel. Sjølvsagt var det restriksjonar i systemet som gjorde
at du berre kunne spele spel som var produserte av selskap
som hadde kjøpt lisensar frå Microsoft.
Men hackarar slo tunell på desse restriksjonane. Den
originale Xbox blei knekt av ein gut frå Massachusetts
Institute of Technology som skreiv ei bestseljande bok om
det, og så måtte Xbox 360 gi tapt, og deretter måtte den
kortliva Xbox Portable (som vi kalla «slepbar» – han vog 1,5
kilo!) kaste inn handkleet. Xbox Universal skulle vere skotsikker. High school-elevane som knekte denne konsollen,
var brasilianske linuxhackarar som budde i ein favela – ein
slags slum av husokkupantar.
Du må aldri undervurdere unge folk med mykje tid og
lite pengar.
Etter at brasilianarane hadde publisert knekkemetoden, gjekk vi laus på det, alle saman. Snart var det dusinvis av alternative operativsystem for Xbox Universal.
Favoritten min var ParanoidXbox, ein variant av Paranoid
Linux. Paranoid Linux er eit operativsystem som går ut frå
at den som bruker det, er under åtak av styresmaktene (det
blei laga for bruk av kinesiske og syriske dissidentar), og det
gjer alt det kan for å skjule all kommunikasjon og alle dokument. Det lagar til og med ein haug av falsk kommunikasjon
for å kamuflere det du verkeleg held på med. Så medan du
tek imot ei politisk melding, teikn for teikn, læst Paranoid
Linux som det sit nokon og surfar på nettet, fyller ut spørje­
skjema og flørtar i chatterom. Kvart femhundrande teikn
du tek imot, er den verkelege meldinga, ei nål gøymd i ein
diger høystakk.
Eg brende ein DVD med ParanoidXbox då han først
kom, men eg hadde aldri kome så langt som å pakke ut
80
Xboxen i skapet mitt, finne ein tv å kople til og så vidare.
Rommet mitt er fullt nok av ting frå før, og eg treng ikkje
krasjvare frå Microsoft til å ta opp endå meir plass.
Men i natt skulle eg gjere dette offeret. Det tok om
lag tjue minutt å kome i gang. Det å ikkje ha ein tv var det
vanskelegaste, men så kom eg på at eg hadde ein liten lcdprosjektør som hadde standard tv-inngangar på baksida. Eg
kopla til Xboxen, retta prosjektøren mot døra mi og installerte ParanoidLinux.
No var eg i gang, og ParanoidLinux såg etter andre
Xboxar å snakke med. Alle Xbox Universal kjem med innebygd trådlaust nettverkskort for å spele saman med andre.
Du kan kople deg til naboen og til internett, om du har ei
trådlaus nettkopling. Eg fann tre naboar innan rekkevidd.
To av dei hadde Xbox Universal som også var kopla til internett. ParanoidXbox elska den konfiguasjonen: Eg kunne
snylte på naboane sine nettkoplingar og bruke dei til å kome
på nett gjennom spelenettverket. Naboane ville aldri sakne
nettverkspakkane sine: Dei betalte for uavgrensa nettbruk,
og dei dreiv ikkje akkurat og surfa så veldig mykje klokka to
om natta.
Det aller beste med dette var det eg følte: Eg hadde kontroll. Teknologien arbeidde for meg, tente meg, beskytta
meg. Han spionerte ikkje på meg. Difor var det eg elska teknologi: Om du brukte han rett, kunne han gi deg makt og eit
privatliv.
Hjernen min gjekk i hundre no. Det fanst mange
grunnar for å køyre ParanoidXbox – den beste var at
alle kunne lage spel for det. Det fanst allereie ein port av
MAME, Multiple Arcade Machine Emulator, så du kunne
spele praktisk talt alle spel som nokon gong hadde blitt laga
– heilt tilbake til Pong – spel for Apple ii+ og for spelkonsollen Colecovision, spel for NES og Dreamcast og så vidare.
81
Endå betre var alle dei kule multiplayerspela spesialutvikla for ParanoidXbox – heilt gratis hobbyspel som alle
kunne køyre. Alt i alt ein gratis konsoll full av gratis spel, og
gratis internett på toppen av det heile.
Og det beste – for meg – var at ParanoidXbox var
para­noid. Kvar einaste informasjonsbit som gjekk gjennom
lufta, var forvrengd til det ugjenkjennelege. Du kunne avlytte så mykje du ville, men du ville aldri klare å finne ut
kven som snakka, kva dei snakka om, eller kven dei snakka
med. Anonym web, epost og chat. Akkurat det eg trong.
Alt eg måtte gjere, var å overbevise alle eg kjende om å
bruke det også.
Tru det eller ei, foreldra mine tvinga meg til å gå på
skulen dagen etter. Først klokka tre hadde eg falle i oppjaga
søvn, men klokka sju dagen etter stod pappa ved fot­enden
av senga og trua med å dra meg ut etter føtene. Eg klarte å
kome meg opp – noko hadde døydd i munnen min etter at
det hadde limt augeloka mine saman – og inn i dusjen.
Eg lét mamma tvinge i meg eit halvt smørbrød og ein
banan og ønskte febrilsk at foreldra mine ville la meg få lov
å drikke kaffi heime. Eg kunne snike meg til ein kaffi på veg
til skulen, men å sjå dei sitje der og supe i seg det svarte gullet medan eg slepte meg rundt i huset for å kle på meg og
putte bøkene i sekken – var grufullt.
Eg har gått vegen til skulen tusen gonger, men i dag var
alt annleis. Det var trailerar overalt då eg gjekk over høgda for
å kome ned i Mission. Eg såg nye sensorar og trafikkamera på
mange av stoppskilta. Nokon hadde ei mengd overvakingsutstyr liggande og vente på første høve til å bli utplassert.
Åtaket på Bay Bridge var tydelegvis akkurat det dei trong.
Det var akkurat som om det gjorde byen rolegare, som
om alle stod i ein heis, brydde av å stå så tett inntil naboen
og under overvaking av allstadsnærverande kamera.
Den tyrkiske kaffisjappa på 24th Street fiksa meg ein
tyrkisk ta-med-kaffi. Tyrkisk kaffi er rett og slett gjørme
83
som prøver å late som han er kaffi. Han er tjukk nok til at
skeia står av seg sjølv, og har meir koffein enn barnedrikke som Red Bull og liknande. Ta dette frå ein som har lese
Wiki­pedia-artikkelen: Slik var det dei erobra Det ottomans­
ke riket: Galne hestesoldatar fyrt opp på dødeleg, oljesvart
kaffigjørme.
Eg tok fram bankkortet mitt for å betale, og han gjorde
ein grimase. «Ikkje meir bankkort,» sa han.
«Hæ? Kvifor ikkje?» Eg hadde betalt for kaffivanen min
med kort i årevis hos tyrkaren. Han brukte å erte meg, seie
at eg var for ung for det stoffet der, og i skuletida ville han
ikkje servere meg i det heile, overbevist om at eg skulka.
Men gjennom åra har tyrkaren og eg utvikla ei slags brysk
form for forståing.
Han rista trist på hovudet. «Du vil ikkje forstå. Gå til
skulen, gut.»
Det finst ikkje nokon sikrare måte for å få meg til å vilje forstå enn å fortelje meg at eg ikkje kjem til å forstå. Eg
smiska med han og forlangte at han skulle fortelje grunnen.
Han såg på meg som om han skulle til å kaste meg ut, men
då eg spurde han om han trudde eg ikkje var bra nok til å
handle der, opna han seg opp.
«Tryggingstiltaka,» sa han og såg rundt i butikken med
boksane med bønner og frø, hyllene med tyrkiske daglegvarer. «Regjeringa. Dei overvaker alt no, det stod i avisa.
PATRIOT Act II gjekk gjennom Kongressen i går. No kan dei
overvake kvar gong du bruker kortet ditt. Eg seier nei. Eg vil
ikkje at butikken min skal hjelpe dei å spionere på kundane
mine.»
Kjeven min datt ned på vidt gap.
«Du trur ikkje at det er viktig, kanskje? Kva er problem
med makta vite du kjøper kaffi? Jo, det er metode for å vite
kvar du er, kvar du har vore. Kvifor du trur eg forlét Tyrkia?
84
Eit land der regjeringa spionerer på folket sitt er ikkje godt
land. Eg flytta hit tjue år sidan for å leve i fridom – eg vil
ikkje hjelpe med å ta fridom vekk.»
«Du kjem til å miste mykje sal,» glapp det ut av meg.
Helst ville eg ta han i handa og fortelje han at han var ein
helt, men det var det som kom ut. «Alle bruker bankkort.»
«Kanskje ikkje så mykje no lenger. Mange kjem hit
fordi dei veit at eg elskar fridom også. Eg lagar skilt i vindauge. Kanskje andre butikkar gjer det same. Eg høyrer at
American Civil Liberties Union kjem til å saksøke regjeringa for dette.»
«Eg skal berre handle her frå no av,» sa eg. Eg meinte
det. Eg stakk handa i lomma. «Eh, men eg har ikkje pengar
på meg.»
Han spissa leppene og nikka. «Mange folk seier det
same. Er ok. Du berre gi pengane til ACLU.»
På to minutt hadde tyrkaren og eg utveksla fleire ord
enn vi hadde gjort på heile den tida eg hadde kome til butikken hans. Eg tenkte berre på han som den vennlege koffeinlangaren min i nabolaget. No tok eg han i handa då eg forlét
butikken, eg kjende det som om eg og han hadde danna eit
lag. Eit hemmeleg lag.
Eg hadde vore vekke frå skulen to dagar, men det
verka ikkje som om eg hadde mista mykje undervising. Dei
hadde stengt skulen ein av dei dagane då byen framleis prøvde å kome seg etter terroråtaket. Den neste dagen, verka det
som, hadde blitt sett av til å sørgje over dei som var sakna
og rekna som døde. Avisene trykte nekrologar, personlege
minneord. Nettet var fylt med små nekrologar, tusenvis.
Eg var blant dei. Men eg steig inn på skuleområdet utan
å vite det. Nokon ropte, og eit sekund seinare var det hundre
folk rundt meg som slo meg på ryggen og tok meg i handa. Eg
85
par jenter eg ikkje eingong kjende, kyssa meg, og det var meir
enn vennskaplege kyss. Eg kjende meg som ei rockestjerne.
Lærarane var berre lite grann meir dempa. Galvez gret
like mykje som mor mi hadde gjort, og klemde meg tre gonger før eg fekk gå til pulten min. Det var noko i rommet som
ikkje hadde vore der før, framme ved kateteret. Eit kamera.
Galvez såg at eg stira på det, og sende meg ein lapp på brevpapir med skulens logo.
Statsskulestyret i San Francisco hadde halde eit hastemøte i helga og einstemmig stemt for å be foreldra til alle
elevane i byen om samtykke til å plassere ut overvakingskamera i alle klasseromma og korridorane. Lova sa at dei
kunne ikkje tvinge oss til å gå på skulen med kamera overalt,
men det stod ingenting om at det ikkje var lov å gjere det
frivillig, å gi opp dei grunnlovfesta rettane. Brevet sa at styret var sikre på at dei ville få fullmakt av alle foreldra i byen,
men at dei ville sørgje for at dei barna som hadde foreldre
som ikkje godkjende overvakinga, ville bli underviste i separate «ubeskytta» klasserom.
Kvifor hadde vi kamera i klasserommet no? Terroristar.
Sjølvsagt. Ved å sprenge ei bru hadde terroristane indikert
at skular var det neste. På ein eller annan måte var det iallfall det som var styret sin konklusjon, iallfall.
Eg las notatet tre gonger før eg rekte opp handa.
«Ja, Marcus?»
«Om denne lappen?»
«Ja, Marcus.»
«Er ikkje poenget med terrorisme å gjere oss redde?
Det er difor dei kallar det terrorisme, er det ikkje?»
«Eg går ut frå det.» Klassa stira på meg. Eg var ikkje den
beste eleven på skulen, men eg likte ein god klassediskusjon.
Dei venta på kva eg skulle seie.
«Så er ikkje det vi driv med, nettopp det terroristane vil
86
vi skal gjere? Blir det ikkje dei som vinn, dersom vi lèt redsla
ta innersvingen på oss og plasserer kamera i alle klasse­
romma og slikt?»
Det var litt nervøs knising. Ein av dei andre rekte opp
handa. Det var Charles. Galvez gav han klarsignal.
«Å setje opp kamera gjer oss trygge, noko som gjer oss
mindre redde.»
«Tryggare for kva?» sa eg, utan å vente på tur.
«Terrorisme,» sa Charles. Dei andre nikka.
«Korleis gjer dei oss tryggare? Om ein sjølvmordsbombar rasa inn her og sprengde oss i lufta, så –»
«Fru Galvez, Marcus bryt skulereglane. Vi får ikkje lov
til å vitse om terroriståtak –»
«Kven vitsar?»
«Takk, begge to,» sa Galvez. Ho såg ulykkeleg ut. Eg var
på ein måte lei for å ha kapra timen hennar. «Eg synest dette
er ein verkeleg interessant diskusjon, men eg vil gjerne ta
han i ein annan time. Eg trur desse tinga er for kjensleladde
til at vi diskuterer dei i dag. No, la oss gå tilbake til suffragettene, sant?»
Så vi brukte resten av timen på å snakke om suffragettene og lobbystrategiane dei brukte. Dei sende fire kvinner inn på kontoret til kvar einaste kongressmedlem for å
legge press på han, få han til å forstå kva det ville bety for
den politiske framtida hans om han heldt fram med å nekte
kvinner stemmerett. Dette var normalt slikt eg verkeleg
likte – småkids som fekk dei på toppen til å handle ærleg.
Men i dag klarte eg ikkje å konsentrere meg. Det måtte vere
fordi Darryl ikkje var der. Vi likte samfunnsfag begge to, og
vi ville ha hatt SchoolBookane våre framme og chatta, for å
snakke om timen bak ryggen på dei andre.
Eg hadde brent tjue kopiar av ParanoidXbox-DVD-ar
dagen før, og eg hadde dei i sekken. Eg gav dei til folk eg
87
visste var veldig hekta på speling. Alle hadde fått ein Xbox
Universal eller to året før, men dei fleste hadde slutta å bruke dei. Spela var veldig dyre, og ikkje så gøy. Eg tok desse folka til sides i lunsjen og leksetimen og prisa ParanoidXboxspela opp i skyene. Gratis moro – vanedannande, sosiale
spel med mange spelarar frå heile verda.
Å gi vekk noko for å selje noko anna er det dei kallar ein «barberbladhandel». Selskap som Gillette gir deg
gratis handtak for så å ta ein liten formue for barberblada. Skrivarblekk er eit endå verre eksempel – den dyraste
champagnen i verda er billeg samanlikna med skrivarblekk,
som kostar omtrent 20 øre literen å produsere.
Å drive barberbladhandel er avhengig av at «blada»
ikkje kan skaffast andre stader enn hos deg. Om Gillette kan
tene ni dollar på eit barberblad til ti dollar, kvifor ikkje starte ein konkurrent som berre tener fire dollar på eit identisk
blad: 80 prosent profittmargin er slikt som gir ein heilt gjennomsnittleg forretningsmann vatn i munnen og store auge.
Så barberbladselskap som Microsoft legg mykje innsats i å gjere det vanskeleg og/eller ulovleg å konkurrere
med dei om barberblada. I Microsofts tilfelle hadde kvar
Xbox innebygde restriksjonar som skulle hindre deg i å
køyre program laga av folk som ikkje betalte Microsoft sine
blodpengar for retten til å selje program for Xbox.
Folka eg prata med, tenkte ikkje mykje på desse tinga.
Men dei lyste opp då eg fortalde at spela ikkje blei overvakte.
I desse dagar er alle nettbaserte spel fulle av spelarar av alle
sortar, også slike du ikkje vil ha noko med å gjere. Først er
det pervoane som prøver å få deg med seg til ein eller annan
krok eller krik langt vekke slik at dei kan flippe ut og bli heilt
Hannibal Lecter på tomannshand. Så er det purkane, som
læst som dei er lettlurte småkids, slik at dei kan ta pervo­
ane. Men verst av alle er overvakarane som sit og bruker
88
all tida si på å spionere på diskusjonane våre og tek oss for
å bryte Bruksvilkåra, som vil seie inga flørting, inga banning og ikkje «språk som på ope eller maskert vis refererer
til seksuell orientering eller seksualitet».
Eg er ikkje nokon fulltids kåtgris, men eg er ein sytten
år gammal gut. Sex blir tema i diskusjonar frå tid til anna.
Men gud hjelpe deg om det kjem opp i ein chat medan du
sit og speler. Det legg ein skikkeleg dempar på festen. Ingen
overvakte ParanoidXbox-spela, fordi dei ikkje var styrte av
eit selskap: Det var berre spel som hackarar hadde skrive
for å ha det gøy.
Dette var ting som spelekidsa elska å høyre. Dei tok grådig imot diskane og lova å brenne kopiar til alle vennene sine
– spel er alltid gøyast når du speler med kompisane dine.
Då eg kom heim, las eg at ei gruppe foreldre ville saksøke skulestyret på grunn av overvakingskamera, men at
dei allereie hadde tapt kampen om ei foreløpig rettsavgjerd
imot overvakinga.
E g veit ik k je k ven som kom på namnet Xnet, men
det blei hengande. Du kunne høyre folk snakke om det på
trikken. Van ringde meg for å spørje om eg hadde høyrt om
det, og eg heldt på å miste pusten då eg forstod kva ho snakka om: Diskane eg hadde byrja å distribuere veka før, hadde
blitt sniknedlasta og kopiert heile vegen til Oakland i løpet
av to veker. Det fekk meg til å sjå meg over skuldra – som
om eg hadde brote ein regel og Tryggleiksdepartementet
ville kome og bure meg inne for alltid.
Det hadde vore harde veker. t-banen hadde heilt gått
vekk frå vanlege billettar no og over til trådlause arphidar
som du vifta framfor automatane for å gå gjennom. Dei var
kule og praktiske, men kvar gong eg brukte dei, tenkte eg
på korleis eg blei spora. Nokon på Xnet posta ein link til
89
ein artikkel frå Electronic Frontier Foundation om korleis
desse greiene blei brukte til å spore folk, og i artikkelen stod
det også historier om små grupper som hadde protestert
ved t-banestasjonane.
Eg brukte Xnet for nesten alt no. Eg fekk sett opp falske
epostadresser gjennom Piratpartiet, eit svensk politisk parti
som hata internettovervaking og lova å halde epostkontoane
hemmelege for alle, også for politiet. Eg logga meg berre inn
via Xnet og hoppa frå ein nabo si internettlinje til ei anna og
heldt meg anonym – håpa eg – heilt til Sverige. Eg brukte ikkje w1n5ton meir. Om Benson kunne finne ut av det, så kunne
alle. Det nye kallenamnet mitt, det første eg kunne kome på,
var M1k3y, og eg fekk lassevis av epostar frå folk som høyrde
via chatterom og meldingstavler at eg kunne hjelpe dei med
Xnet-konfigurasjonane deira og nettkoplingane.
Eg sakna Harajuku Fun Madness. Selskapet hadde innstilt spelet på ukjend tid. Dei sa at av «tryggleiksgrunnar»
trudde dei ikkje at det ville vere ein god idé å gøyme ting for
så å sende folk for å finne dei. Kva om nokon trudde det var
ei bombe? Kva om nokon plasserte ei bombe på same stad?
Kva om eg blei treft av lynet medan eg gjekk med paraply? Forby paraplyar! Nedkjemp lynnedslag!
Eg heldt fram med å bruke laptopen min, sjølv om eg
kjende det som om det klødde innanfor huda når eg gjorde
det. Den som avlytta han, kven det enn var, ville byrje å lure
dersom eg ikkje brukte han. Eg tenkte eg fekk gjere litt tilfeldig surfing kvar dag, litt mindre for kvar dag, slik at det for
den som overvakte meg, ville sjå ut som ei sakte endring av
vanane heller enn ei plutseleg omsnuing. For det meste las
eg dei ekle nekrologane – om alle dei tusenvis av vennene
og naboane mine som var døde på botnen av bukta.
For å vere ærleg, så gjorde eg mindre og mindre lekser
kvar dag. Eg hadde anna å gjere. Eg brende nye bunkar av
90
ParanoidXbox kvar dag, femti eller seksti, og tok dei med
rundt i byen til folk eg hadde høyrt var villige til å brenne
seksti sjølv og dele dei ut til vennene sine igjen.
Eg var ikkje altfor bekymra for å bli teken i dette, for eg
hadde ganske god krypto på mi side. Krypto er kryptografi,
eller «hemmeleg skrift», og det har eksistert sidan romersk
tid (bokstavleg talt: Augustus Cæsar var ein stor fan og likte
å finne på sine eigne kodar, og nokre av dei er i bruk enno,
for ting som å kryptere poenget i vitsar i epostar).
Krypto er matte. Rein matte. Eg vil ikkje prøve å forklare det i detalj, for eg har ikkje god nok kontroll på matten
sjølv – slå det opp på Wikipedia om du verkeleg vil vite.
Men her er versjonen for dummies: Nokre typar matematiske funksjonar er veldig lette å gjere i ei retning, men
vanskelege å gjere i den andre retninga. Det er lett å multiplisere to primtal og få eit digert tal. Det er veldig, veldig
vanskeleg å ta eit gitt stort nummer og finne ut kva primtal
som multiplisert med kvarandre gir det nummeret.
Det betyr at om du kan kome opp med ein måte å forvrenge ting på som er basert på å multiplisere store primtal,
så vil det vere vanskeleg å vikle det ut igjen. Vilt vanskeleg.
Så vanskeleg at alle datamaskiner som nokon gong er laga,
ikkje ville klare å løyse det om dei jobba døgnet rundt ein
trillion år.
Det er fire delar i alle kryptomeldingar: Den originale
meldinga, kalla «klartekst». Den forvrengde meldinga, kalla «chiffertekst». Forvrengingssystemet, kalla «chiffer», og
til slutt er det chiffernøkkelen: hemmelege ting du matar
inn i chifferet i tillegg til klarteksten, for å lage chiffertekst.
Før prøvde folk som dreiv med krypto, å halde det
hemmeleg. Alle byrå og regjeringar hadde sine eigne chiffer og chiffernøklar. Verken nazistane eller dei allierte ville
at den andre skulle vite korleis dei krypterte meldingane
91
sine, og iallfall ikkje kjenne nøklane dei kunne bruke for å
dekryptere dei. Det høyrest ut som ein god idé, sant?
Usant.
Første gongen nokon fortalde meg om denne greia
med å multiplisere primtal, sa eg med ein gong: «Aldri i verda, det er berre sprøyt. Eg meiner, sjølvsagt er det vanskeleg
å gjere denne primtalmultipliseringsgreia, kva du no enn
kallar det. Men før i tida var det rekna som umogleg å flyge
eller dra til månen eller lage ein harddisk med plass til meir
enn nokre få kilobyte. Nokon må ha funne opp ein måte å
dekryptere desse meldingane på.» Eg såg for meg eit holt
fjell fullt av National Security Agency-matematikarar som
sat og las alle epostane i verda og fniste.
Faktisk var det omtrent det som skjedde under den
and­re verdskrigen. Det er grunnen til at livet ikkje er meir
slik som Castle Wolfenstein, der eg har brukt mange dagar
på å jakte på nazistar.
Greia er at chiffer er vanskelege å halde hemmelege.
Det skal mykje matematikk til for å lage eit, og dersom dei
har mange brukarar, så må dei som bruker dei, også halde
dei hemmelege, og dersom nokon skiftar side, så må du lage
eit nytt chiffer.
Nazistchifferet blei kalla Enigma, og dei brukte ei lita
mekanisk datamaskin kalla Enigma-maskina for å kryptere
og dekryptere meldingane dei fekk. Alle ubåtar, båtar og
stasjonar på land trong ei av desse maskinene, så det var
uunngåeleg at dei allierte ville få kloa i ei.
Og då dei gjorde det, knekte dei maskina. Det arbeidet
blei gjort av den største helten eg kan tenkje meg, ein fyr
som heitte Alan Turing, som meir eller mindre fann opp
datamaskiner slik vi kjenner dei i dag. Dessverre for han var
han homofil, så den idiotiske britiske regjeringa tvinga han
til å ta hormonsprøyter for å «kurere» homofilien hans, og
92
til slutt tok han livet av seg. Darryl gav meg ein biografi om
Turing til 14-årsdagen – pakka inn i tjue lag med papir og i
ein brukt leike-batmobile, han gjorde alltid slik med gåver –
og eg har vore ein Turing-junkie sidan då.
No hadde dei allierte ei Enigma-maskin, og dei kunne
snappe opp radiomeldingane til nazistane, noko som ikkje
skulle ha betydd noko særleg, sidan alle kapteinar hadde
sin eigen hemmelege nøkkel. Sidan dei allierte ikkje hadde
nøk­lane, skulle det ikkje ha hjelpt å ha maskina.
Men her kjem grunnen til at hemmeleghald er dårleg for kryptografi. Enigma-chifferet hadde ein feil. Då
Turing såg nøye på det, kom han fram til at nazikryptografane hadde gjort ein matematisk feil. Ved å få tak i ei
Enigma-maskin, kunne Turing finne ut korleis han skulle
knekke alle meldingane frå nazistane, uansett kva nøkkel
dei brukte.
Det kosta nazistane sigeren i krigen. Misforstå meg rett.
Det er godt nytt. Ta det frå ein Castle Wolfenstein-veteran.
Du har ikkje lyst til å ha ei naziregjering i landet.
Etter krigen brukte kryptografane mykje tid på å grub­
le over dette. Problemet hadde vore at Turing var smartare
enn fyren som fann opp Enigma. Så snart du har eit chiffer,
så er du sårbar overfor ein som er smartare enn deg, og som
kan finne ein måte å knekke chifferet på.
Og di meir dei grubla over det, di meir innsåg dei at
kven som helst kan kome opp med eit tryggingssystem
som han sjølv ikkje kan knekke. Men ingen kan vite kva ein
smartare person kan vere i stand til.
Du må publisere eit chiffer for å kunne vite at det verkar. Du må fortelje så mange som mogleg korleis det verkar,
så dei kan hamre laus på det med alt dei har, for å teste kor
sikkert det er. Di lenger det går utan at nokon har funne ein
feil, di sikrare er du.
93
Slik blir det gjort no. Om du vil vere trygg, bruker du
ikkje krypto som eit eller anna geni fann på veka før. Du
bruker greier som folk har brukt så lenge som mogleg utan
at dei har blitt knekte. Enten du er ein bank, ein terrorist, ei
regjering eller ein tenåring, så bruker du dei same chiffera.
Om du prøvde å bruke ditt eige chiffer, ville det vere ein
sjanse for at nokon der ute hadde funne ein feil du hadde
oversett, tok innersvingen på deg som ein annan Turing,
dechiffrerte alle dei «hemmelege» meldingane dine og fniste av det dumme sladderet ditt, dei finansielle transaksjonane og militærløyndommane dine.
Så eg visste at krypto ville gjere meg trygg for snikane,
men eg var ikkje førebudd på å handtere histogram.
E g gjek k av t-banen og vifta kortet mitt over automaten på veg opp til stasjonen på 24th Street. Som vanleg
var det mykje rare folk som hang rundt på stasjonen: fyllikar,
Jesus-frelste, meksikanarar som stira intenst i bakken, og
nokre gjengar. Eg såg rett forbi dei i det eg jogga opp trappene til overflata. Bagen min var tom no og bula ikkje lenger ut av alle ParanoidXbox-diskane eg hadde distribuert,
og det fekk skuldrene mine til å kjennast lette, og eg fekk ein
ekstra sprett i stega på veg opp på gata. Forkynnarane var
på arbeid enno og prisa Jesus på både spansk og engelsk.
Solbrilleseljarane med falske merkesolbriller var ikkje
der lenger, men dei hadde blitt bytt ut med fyrar som selde
robothundar som bjeffa nasjonalsongen, og som løfta eit bakbein om du viste dei eit bilete av Osama bin Laden. Det var
sikkert nokre kule greier som gjekk føre seg i dei små elektrohjernane deira, og eg lova meg sjølv å kjøpe eit par ein gong,
for ta dei frå kvarandre. Ansiktsgjenkjenning er ganske nytt i
leiker, det er berre nyleg at det fann vegen frå det militære til
kasino som prøver å kjenne igjen juksarar, og til politiet.
94
Eg byrja å gå nedover 24th Street mot Potrero Hill og
heimover, eg rulla med skuldrene, trekte inn burritoluktene
som seiv ut frå restaurantane, og tenkte på middag.
Eg veit ikkje kvifor eg tilfeldigvis såg bak meg, over
skuldra, men det gjorde eg. Kanskje var det nokon underbevisste sjette-sans-greier. Eg visste at nokon følgde etter meg.
Det var to kjøtfulle kvite fyrar med tynne bartar som
enten minte meg om politi eller homsesyklistane som sykla
opp og ned bydelen Castro. Men homsane hadde vanlegvis betre frisyrar. Dei hadde på seg sykkeljakker med farge
som gammal sement, og dongeribukser med beltet skjult.
Eg tenkte på alle tinga ein politimann kunne ha i beltet, på
beltet som DHS-fyren i traileren hadde på seg. Begge desse
fyrane hadde blåtannhovudtelefonar på seg.
Eg gjekk vidare, medan hjertet hamra i brystet. Eg
hadde venta på dette. Eg hadde venta på at DHS skulle finne
ut kva eg heldt på med. Eg var så forsiktig eg kunne, men
Streng Frisyre hadde sagt at ho ville halde oppsyn med meg.
Ho hadde sagt at eg var ein merkt mann. Eg innsåg at eg
hadde venta på å bli plukka opp og teken med tilbake til
fengselet. Kvifor ikkje? Kvifor skulle Darryl vere i fengsel og
ikkje eg? Hadde eg vore noko betre? Eg hadde ikkje eingong
hatt mot til å fortelje foreldra mine – eller hans – kva som
verkeleg hadde hendt.
Eg auka takta og gjorde ei mental vareoppteljing. Eg
hadde ikkje noko kriminaliserande i ryggsekken. Ikkje så
veldig kriminaliserande iallfall. SchoolBooken min køyrde
det knekkeprogrammet som lét meg chatte og slikt, men
halvparten av folka på skulen hadde det. Eg hadde endra måten eg krypterte ting på telefonen på – no hadde eg faktisk
ein falsk partisjon som eg kunne gjere om til klartekst med
eit passord, men alle dei saftige sakene var gøymde og trong
eit passord til. Den gøymde delen såg berre ut som tilfeldig
95
skrap – når du krypterer data, blir det sjåande ut som tilfeldig støy – og dei ville ikkje eingong oppdage at det var der.
Eg hadde ingen diskar i sekken. Laptopen hadde
ikkje nokon kriminaliserande bevis. Om dei tenkte på å sjå
veldig nøye på Xboxen min, ville spelet sjølvsagt vere over.
Bokstavleg talt.
Eg stoppa. Eg hadde gjort så bra arbeid som eg kunne
med å dekke over meg sjølv. Det var på tide å vende ansiktet
mot skjebnen. Eg gjekk inn i den næraste burritosjappa og
bestilte ein med carnitas – hakka svinekjøt – og ekstra salsa.
Like bra å gå under på full mage. Eg fekk ei bøtte med horchata også, ein iskald risdrikk som er som flytande, halvsøt
rispudding (betre enn det høyrest ut).
Eg sette meg ned for å ete, og ei stor ro fall over meg.
Enten skulle eg i fengsel for «brotsverka» mine, eller så skulle eg det ikkje. Fridommen min etter at eg hadde vore inne,
hadde berre vore ein forbigåande ferie. Landet eg budde i,
var ikkje vennen min lenger: Vi var no på ulike sider, og eg
hadde heile tida skjønt at eg ikkje kunne vinne.
Dei to forfølgjarane mine kom inn i restauranten i det
eg var ferdig med burritoen og på veg til disken for å bestille
churros – frityrsteikt deig med kanel og sukker – til dessert.
Dei blei vel leie av å vente på utsida.
Dei stod bak meg ved disken, omringa meg. Eg tok imot
churroen frå den hyggelege gamle dama, betalte henne og
åt eit par munnfullar før eg snudde meg rundt. Eg ville ete
litt av desserten min, i det minste. Det kunne bli den siste
desserten eg fekk på lenge, lenge.
Så snudde eg meg. Dei var så nær at eg kunne sjå kvisa
på kinnet til han til venstre og busemannen oppi nasen på
den andre.
«Unnskyld meg,» sa eg, og prøvde å kome forbi. Han
med busemannen flytta seg for å sperre vegen.
96
«Min unge herre,» sa han, «kan du bli med oss bort
hit?» Han gestikulerte mot utgangsdøra.
«Unnskyld, men eg held på å ete», sa eg og rørte på meg
igjen. Denne gongen plasserte han handflata på brystet
mitt. Han pusta fort gjennom nasen, så busemannen dirra.
Eg trur eg pusta hardt, eg òg, men det eg la merke til, var
hjertet mitt som hamra.
Den andre opna ein klaff framme på sykkeljakka som
hadde eit skilt der det stod San Francisco Police Depart­
ment. «Politi,» sa han. «Ver vennleg og kom med oss.»
«La meg berre hente tinga mine,» sa eg.
«Vi skal ta oss av det,» sa han. Busemannen tok eit steg
fram, slik at han stod med foten mellom beina mine. Ein gjer
slik i nokre kampsportar. Det gjer at du kan føle om motstandaren skifter vekta mellom føtene, klar til å røre på seg.
Men eg skulle ikkje springe. Eg visste eg ikkje kunne
springe frå skjebnen.
D ei tok me g med u t og rundt hjørnet, til ein umerkt
politibil. Ikkje slik å forstå at nokon i nabolaget ville ha hatt
vanskeleg for å skjøne at det var ein politibil. Berre politiet
køyrde store Crown Victoria no då bensinen nærma seg to
dollar literen. Og dessutan, berre politiet kunne parkere
ulovleg midt på Van Ness Street utan å bli taua av stimane
av blodtørstige tauebilar som krinsa endelaust rundt, klare
til å handheve dei uforståelege parkeringsreglementa i San
Francisco og til å ta løysepengar for å ha kidnappa bilen din.
Busemannen snytte seg. Eg sat i baksetet, det same
gjorde han. Partnaren hans sat framme og tasta med ein finger på ein gamal feltlaptop som såg ut som om han hadde
hatt Fred Flintsone som første eigar.
Busemannen såg nøye på ID-kortet mitt igjen. «Vi vil
berre stille deg nokre få rutinespørsmål.»
«Kan eg få sjå politiskilta dykkar?» spurde eg. Desse
karane var heilt klart politi, men det kunne ikkje skade å la
dei skjøne at eg kjende rettane mine.
Busemannen vifta skiltet sitt framfor meg for fort til at
eg klarte å sjå nøye på det, men Kvisa i framsetet lét meg
ta ein lang kik på hans. Eg såg avdelingsnummeret og memorerte det firesifra tenestenummeret. Det var lett: 1337 er
også måten hackarar skriv «leet» på, eller «elite».
98
Begge var veldig høflege, og ingen av dei prøvde å audmjuke meg slik DHS hadde gjort.
«Er eg under arrest?»
«Du blir midlertidig halden, for din eigen og for publikum sin tryggleik,» sa Busemannen.
Han gav ID-kortet mitt til Kvisa, som tasta det inn med
fingeren over tastaturet som nebbet på ein fugl som hakka etter makk i jorda. Eg såg at han skreiv ein feil og heldt på å korrigere han, men kom på at det var betre å berre halde munn.
«Er det noko du har lyst til å fortelje meg, Marcus?
Kallar dei deg Marc?»
«Marcus er fint,» sa eg. Busemannen såg ut som om
han kunne vere ein ålreit fyr. Bortsett frå at han hadde kidnappa meg inn i bilen sin, sjølvsagt.
«Marcus. Noko å fortelje?»
«Som kva? Er eg under arrest?»
«Du er ikkje under arrest,» sa Busemannen. «Men har
du lyst til å bli det?»
«Nei,» sa eg.
«Godt. Vi har følgt etter deg sidan du forlét t-banestasjonen. Fast Pass-kortet ditt fortel at du har køyrt mange
rare stader til rare tider.»
Eg kjende at noko sleppte taket inni brystet mitt. Dette
handla altså ikkje om Xnet, altså, ikkje eigentleg. Dei hadde følgd med på t-banebruken min og ville vite kvifor han
hadde vore så merkeleg i det siste. Så totalt idiotisk.
«Så de driv altså og følgjer etter alle som kjem ut av tbanen med snodig reisestatistikk? De må ha det travelt.»
«Ikkje alle, Marcus. Vi får eit alarmutslag når nokon
med ein uvanleg profil kjem ut, og det hjelper oss med å avgjere om vi skal undersøke. I ditt tilfelle gjekk vi vidare fordi
vi ville vite kvifor ein smart utsjåande gut som du hadde ein
så snodig reisestatistikk?»
99
No då eg visste at eg ikkje var på veg i fengsel, byrja eg å
bli sint. Desse fyrane hadde ikkje noko med å spionere på meg
– herregud, t-baneselskapet hadde ikkje noko med å hjelpe
dei å spionere på meg. Kvifor i helvete skulle t-banebilletten
min sladre på meg for å ha ein «snodig reisestatistikk»?
«Eg trur eg har lyst til å bli arrestert no,» sa eg.
Busemannen lente seg bakover i setet og heiste augebryna mot meg.
«Verkeleg? Mistenkt for kva?»
«Å, du meiner at det ikkje er kriminelt å bruke offentleg transport på uvanlege måtar?»
Kvisa lukka augene og gneid dei med tomlane.
Busemannen sukka eit påteke sukk. «Høyr her, Marcus,
vi er på di side. Vi bruker systemet til å ta forbrytarar. For å
ta terroristar og narkolangarar. Kanskje du er ein narkolangar. Eit Fast Pass er ein ganske god måte å kome seg rundt i
byen på. Anonymt.»
«Kva er gale med anonymt? Det var bra nok for Thomas
Jefferson. Og forresten, er eg under arrest?»
«La oss køyre han heim,» sa Kvisa. «Vi kan snakke med
foreldra hans.»
«Det er ein kjempeidé,» sa eg. «Eg er sikker på at foreldra mine døyr etter å høyre at skattepengane deira blir
brukt til –»
Eg hadde gått for langt. Busemannen hadde vore på
veg til å opne døra, men no snudde han seg, heilt Hulk i trynet, med blodårar som vida seg ut. «Kanskje burde du halde
kjeft no, medan du framleis har sjansen? Etter alt som har
hendt no dei to siste vekene, ville det ikkje vere for mykje
forlangt at du skulle samarbeide med oss. Veit du, kanskje
vi skulle arrestere deg. Så kan du få ein dag eller to i fengsel
medan advokaten din leitar etter deg. Mykje kan hende på
den tida. Mykje. Kva ville du synast du om det?»
100
Eg sa ikkje noko. Eg hadde vore lettsindig og sint. No
var eg vettskremd.
«Unnskyld,» sa eg og hata meg sjølv igjen for å seie det.
Busemannen sette seg i framsetet, Kvisa sette bilen
i gir, og vi gleid oppover 24th Street og over Potrero Hill.
Adressa mi hadde dei frå ID-kortet.
Mamma opna døra då dei ringde på, men lét kjettingen
henge på. Ho såg ut gjennom dørsprekken, såg meg og sa,
«Marcus? Kven er desse mennene?»
«Politi,» sa Busemannen. Han viste fram politiskiltet
sitt, lét henne sjå godt på det –vifta det ikkje fort forbi som
med meg. «Kan vi kome inn?»
Mamma lukka døra, tok kjettingen av og lét dei kome
inn. Dei tok meg med seg, og mamma gav oss eitt av dei
spesielle blikka sine.
«Kva handlar dette om?»
Busemannen peikte på meg. «Vi ville stille sonen din
nokre rutinespørsmål om rørslene hans i byen, men han
nekta å svare. Vi følte det var best å ta han med hit.»
«Er han under arrest?» Mamma sin britiske aksent
braut sterkt gjennom. Gode gamle mamma.
«Er du amerikansk statsborgar, frue?» spurde Kvisa.
Ho gav han eit blikk som kunne ha reinsa ein vegg for
maling. «Det skal vere sikkert og visst, høh høh,» sa ho,
med brei sørstatsaksent. «Er eg under arrest?»
Dei to politimennene veksla blikk. Kvisa tok affære.
«Det ser ut til at vi kom litt skeivt ut her. Vi identifiserte sonen
dykkar som ein med ein ustandard bruksprofil når det gjeld
offentleg transport, som ein del av eit nytt proaktivt program.
Når vi oppdagar folk som har uvanlege reiser, eller som passar med ein mistenkjeleg profil, så undersøker vi nærare.»
«Vent,» sa mamma. «Korleis veit de at son min bruker
t-banen?»
101
«Fast Pass-kortet,» sa han. «Det sporar og lagrar reisene.»
«Eg forstår,» sa mamma og la hendene i kors. At ho la
hendene i kors var eit dårleg teikn. Det var dårleg nok at ho
ikkje hadde tilbode dei ein kopp te – i mammaland var det
omtrent det same som ikkje å opne døra og la dei rope gjennom brevsprekken – men når ho la hendene i kors, kom det
ikkje til å ende bra for dei. Der og då hadde eg lyst til å gå og
kjøpe henne ein diger bukett blomster.
«Marcus her nekta å fortelje kvifor rørslene hans hadde vore slik dei var.»
«Seier du at du trur son min er ein terrorist på grunn av
måten han tek bussen på?»
«Terroristar er ikkje dei einaste forbrytarane vi tek på
denne måten,» sa Kvisa. «Narkolangarar. Gjengungdom.
Til og med butikknaskarar som er smarte nok til å slå til i
forskjellige nabolag for kvar gong.»
«Trur du at sonen min er ein narkolangar?»
«Vi seier ikkje det –» byrja Kvisa. Mamma klappa i
hendene framfor han for å få han til å halde munn.
«Marcus, gi meg sekken din.»
Det gjorde eg.
Mamma opna han og såg gjennom, med ryggen til.
«Tenestemenn, eg kan no stadfeste at det ikkje er narkotika, eksplosiv eller naska gods i son min sin sekk. Eg trur
vi er ferdige her. Eg vil gjerne ha tenestenummeret dykkar
før de går, er de snill.»
Busemannen snerra mot henne. «Frue, American Civil
Liberties Union har saksøkt tre hundre lokale politimenn,
du blir nok nøydd til å stille deg i kø.»
M a mm a l a g a e i n k opp te til meg og skjente på
meg for å ha ete middag når eg visste at ho hadde laga
falaffel. Pappa kom heim medan vi framleis var ved bordet,
102
og mamma og eg skifta på å fortelje historia. Han rista på
hovudet.
«Lillian, dei gjorde berre jobben sin.» Han hadde framleis på seg den blå blazeren og kakibuksene han hadde dei
dagane han var konsulent i Silicon Valley. «Verda er ikkje
den same som ho var førre veke.»
Mamma sette ned tekoppen sin. «Drew, det er ein tåpeleg ting å seie. Sonen din er ikkje ein terrorist. Måten han
bruker offentleg transport på er ikkje ein gyldig grunn til
politietterforsking.»
Pappa tok av seg blazeren. «Vi gjer dette heile tida på
jobben. Slik har datamaskiner blitt brukte til å finne alle
slags feil og anomaliar. Du ber datamaskina om å lage ein
profil på ei gjennomsnittleg oppføring i ein database, og
så kan du be maskina finne ut kva for oppføringar i basen
som er lengst unna gjennomsnittet. Det er såkalla bayesisk
analyse, og det har blitt brukt i hundreår. Utan det kunne vi
ikkje ha noko spamfilter på eposten –»
«Så du seier at du synest politiet skulle gjere ein like
dårleg jobb som spamfilteret mitt?» spurde eg.
Pappa blei aldri sint for at eg krangla med han, men no
kunne eg sjå at han anstrengde seg for å la vere. Eg kunne
ikkje stå imot. Min eigen far, på politiet si side!
«Det eg seier, er at det er heilt fornuftig av politiet å
byrje etterforsking med innhenting av data, for så å følgje
opp med fotarbeid, der eit menneske faktisk går inn og ser
kvifor abnormiteten er slik han er. Eg meiner ikkje at datamaskiner skal fortelje politiet kven dei skal arrestere, men
politiet kan godt bruke dei til å sortere gjennom høystakken for å finne nåla.»
«Men ved å hente inn alle dei data frå transportsystemet så lagar dei sin eigen høystakk,» sa eg. «Det blir eit
gigantisk fjell av data, og det er nesten ingenting der som
103
er verdt å sjå nærare på, frå politiet sin synsstad. Det er eit
stort sløseri.»
«Eg forstår at du ikkje liker at systemet skapte problem
for deg, Marcus. Men du, av alle, burde forstå alvoret i denne situasjonen. Ingen skade skjedd, er det vel? Dei gav deg
jo til og med skyss heim.»
Dei trua med å sende meg i fengsel, tenkte eg, men forstod at det ikkje var noko poeng å seie det.
«Dessutan har du enno ikkje fortalt oss kvar i heitaste holaste du har vore for å lage eit slikt uvanleg
trafikkmønster.»
Der stod eg fast.
«Eg trudde de stolte på meg, at de ikkje ville spionere
på meg.» Han hadde sagt dette ofte før. «Vil du verkeleg at
eg skal gjere greie for alle turane eg har teke?»
E g ko pl a opp Xb ox en så snart eg kom inn på rommet.
Eg hadde skrudd prosjektøren fast i taket, så han kunne skine på veggen over senga (eg hadde måtta ta ned det urstilige
veggmaleriet av punkflygeblad eg hadde plukka frå telefonstolpar og limt opp på store papir).
Eg slo på Xboxen og såg på at skjermen vakna. Eg skulle
sende epost til Van og Jolu for å fortelje dei om maset med
politiet, men i det eg plasserte fingrane mine på tastaturet,
stoppa eg igjen.
Ei kjensle kom krypande, ikkje ulikt kjensla eg fekk då eg
skjønte at dei hadde gjort stakkars gamle Salmagundi til ein
svikar. Denne gongen var det kjensla av at mitt kjære Xnet
kanskje kringkasta alle brukarane sine posisjonar til DHS.
Det var det pappa hadde sagt: Du ber datamaskina om
å lage ein profil på ei gjennomsnittleg oppføring i ein database, og så kan du be henne finne ut kva for oppføringar i
basen som er lengst unna gjennomsnittet.
104
Xnet var sikkert, fordi brukarane ikkje var direkte kop­
la til internett. Dei hoppa frå Xbox til Xbox til dei fann ein
som var kopla til nettet, og så sneik dei kommunikasjonen
sin inn som ugjenkjennelege, krypterte data. Ingen kunne
skilje Xnet sine nettverkspakkar frå vanleg bankkommunikasjon, e-handel og andre krypterte data. Du kunne ikkje
finne ut kven som var bindeleddet mellom Xnet og resten
av nettet, og endå mindre kven som brukte Xnet.
Men kva med pappas «bayesiske analyse»? Eg hadde
leika meg litt med bayesisk matematikk tidlegare. Darryl og
eg prøvde å lage vårt eige forbetra spamfilter ein gong, og
for å lage eit spamfilter må du bruke bayesisk matematikk.
Thomas Bayes var ein britisk matematikar på 1700-talet
som ingen brydde seg om før eit par hundre år etter at han
døydde, då dataingeniørar forstod at teknikken hans for
å analysere store fjell av data ville vere supernyttig for dei
moderne Himalaya-fjellkjedene av informasjon.
Her er litt om korleis bayesisk analyse verkar. La oss
seie at du har ein haug med spam. Du tek alle orda i spamen
og tel kor mange gonger dei kjem. Det blir kalla eit «ordfrekvenshistogram», og det fortel deg kor sannsynleg det er at
ei kva som helst slags samling ord er spam. Neste steg er å ta
eit tonn med epost som ikkje er spam – kjennarar kallar det
«ham» – og gjer det same.
Vent til ein ny epost kjem inn, og tel orda som står i
han. Så bruker du ordfrekvenshistogrammet over den nye
eposten for å kalkulere kor sannsynleg det er at han høyrer
til i haugen med «spam» eller i haugen med «ham». Om du
finn ut at han er spam, justerer du «spam»-histogrammet
tilsvarande. Det finst mange måtar å raffinere denne teknikken på – å sjå på ordpar, kaste vekk forelda data – men
slik er grunnfunksjonen. Det er ein av desse nydelege, enkle
ideane som verkar innlysande etter at du høyrer om dei.
105
Det kan brukast til mykje – du kan få datamaskina til å
telje linjene i eit bilete for å sjå om det er meir likt frekvenshistogrammet «hund» enn frekvenshistogrammet «katt».
På denne måten kan du finne porno, banksvindel og diskusjonsgrupper som utartar til ordkrig. Nyttige ting.
Og det var dårleg nytt for Xnet. La oss seie at du har tilgang til å overvake heile internett – som DHS har, sjølvsagt.
Du kan ikkje sjå kven som sender vidare nettverkspakkane
frå Xnet gjennom å sjå på innhaldet i pakkane, takka vere
kryptografi.
Det du kan gjere, er å finne ut kven som sender mykje,
mykje meir kryptert trafikk enn alle andre. For ein normal
internettsurfar er ein vanleg surfeseanse omtrent 95 prosent
klartekst og fem prosent chiffertekst. Om nokon sender ut
95 prosent chiffertekst, kan du kanskje sende ut dei datakunnige ekvivalentane til Busemannen og Kvisa for å spørje
dei om dei er terroristnarkolangarar og Xnet-brukarar.
Dette hender heile tida i Kina. Ein eller annan smart
dissident får ideen om å omgå Den Kinesiske Brannmuren,
som blir brukt til å sensurere heile landet si nettkoppkopling, ved å bruke ei kryptert kopling til ei datamaskin i eit
anna land. Partiet i Kina kan ikkje sjå kva sider dissidenten
surfar på: Kanskje det er porno eller oppskrifter for å lage
bomber, eller dei frekke breva frå kjærasten på Filippinane,
eller politisk materiale, eller godt nytt om scientologi. Dei
treng ikkje å vite det. Alt dei treng å vite, er at denne fyren
har mykje meir kryptert trafikk enn naboane sine. Då sender dei han til ein arbeidsleir for å setje eit eksempel, så alle
kan sjå kva som hender med folk som trur dei er smarte.
Så langt kunne eg vedde på at Xnet var utanfor radaren
til DHS, men det ville ikkje bli slik for alltid. Etter i kveld var
eg ikkje sikker på om eg var tryggare enn ein kinesisk dissident. Eg sette alle som logga seg på Xnet, i fare. Lova brydde
106
seg ikkje om du faktisk gjorde noko gale; dei var villige til
å plassere deg under mikroskopet berre for å vere statistisk abnorm. Og eg kunne ikkje eingong stoppe det – no då
Xnet var oppe og gjekk, hadde det eit liv på eiga hand.
Eg måtte fikse det på ein eller annan måte. Eg skulle ønskje at eg kunne snakke med Jolu om dette.
Han jobba for ein internettleverandør som heitte Pigspleen
Net. Dei hadde tilsett han då han var tolv, og han visste mykje meir om nettet enn eg gjorde. Om nokon visste nok til å
halde oss på frifot, så var det han.
Heldigvis planla Van, Jolu og eg å møtast for å ta ein
kaffi på yndlingsstaden vår i Mission etter skuletid dagen
etter. Offisielt var det vekas Harajuku Fun Madness-møte,
men med spelet innstilt og Darryl forsvunnen så var det
ikkje stort anna enn ein gråteorgie, supplert av om lag seks
telefonsamtalar og chattebeskjedar om dagen, som gjekk:
«Går det bra med deg? Opplevde vi verkeleg det vi trudde vi
opplevde?» Det ville bli bra å ha noko anna å snakke om.
« Du er ik k je rik tig k l ok ,» sa Vanessa. «Har det
faktisk totalt, tvers gjennom tørna for deg, eller?»
Ho hadde kome i jenteskuleuniforma si, fordi ho måtte
ta den lange vegen dersom ho skulle heim, heile vegen til
San Mateo-brua og tilbake opp i byen med skulebuss. Ho
hata å bli sett offentleg med uniforma, som var heilt Sailor
Moon og matrosdressaktig – med plisséskjørt, jakke og
knestrømper. Ho hadde vore i dårleg humør heilt sidan ho
kom til kafeen, som var full av eldre, kulare, dystre, emo
kunststudentar som fniste ned i latten sin då ho dukka opp.
«Kva er det du vil eg skal gjere, Van?» spurde eg. Nervane
mine byrja òg å bli tynnslitne. Skulen var uuthaldeleg no, utan
spelet, utan Darryl. Heile dagane, i timane, trøsta eg meg med
tanken om å sjå laget mitt, det som var igjen. Og så krangla vi.
107
«Eg vil at du skal slutte å ta så store risikoar, M1k3ey.»
Håra reiste seg i nakken min. Sjølvsagt, vi brukte alltid kallenamna våre på lagmøte, men no då kallenamnet mitt var knytt
til Xnet, blei eg skremd av å høyre det bli sagt høgt offentleg.
«Ikkje bruk det namnet på offentlege stader,» glefsa eg.
Van rista på hovudet. «Det er akkurat det eg snakkar
om. Du kan ende i fengsel for dette, Marcus, og ikkje berre
du. Ein masse folk. Etter det som hende med Darryl –»
«Eg gjer dette for Darryl!» Kunststudentane snudde
seg for å sjå på oss, og eg senka stemma. «Eg gjer dette fordi
alternativet er å la dei sleppe unna med alt saman.»
«Trur du at du skal stoppe dei? Du er galen. Det er styresmaktene vi snakkar om her.»
«Det er framleis vårt land,» sa eg. «Vi har framleis retten til å gjere dette.»
Van såg ut som om ho skulle til å gråte. Ho pusta djupt
inn eit par gonger og reiste seg. «Eg kan ikkje, eg er lei for
det. Eg kan ikkje sjå på at du gjer dette. Det er som å sjå på
ei bilulykke i sakte film. Du kjem til å øydelegge deg sjølv, og
eg er for glad i deg til å sjå på det.»
Ho bøygde seg ned og gav meg ein energisk klem og
eit hardt kyss på kinnet som hamna på kanten av munnen.
«Ta vare på deg sjølv, Marcus,» sa ho. Munnen min brann
på staden leppene hadde pressa seg mot. Ho gav Jolu same
behandling, men på kinnet. Så gjekk ho.
Jolu og eg stira på kvarandre etter at ho hadde gått.
Eg la ansiktet i hendene. «Faen,» sa eg til slutt.
Jolu klappa meg på ryggen og bestilte ein latte til. «Det
kjem til å gå bra,» sa han.
«Du skulle tru at Van, av alle, ville forstå.» Halve Vans
familie budde i Nord-Korea. Foreldra gløymde aldri at dei
hadde slektningar som levde under ein galen diktator, ute
av stand til å rømme til Amerika, slik dei hadde gjort.
108
Jolu trekte på skuldrene. «Kanskje det er difor ho frikar
ut. Fordi ho veit kor farleg det kan bli.»
Eg forstod kva han snakka om. To av Vans onklar hadde kome i fengsel, og ingen hadde sett dei igjen.
«Ja,» sa eg.
«Så kvifor var du ikkje på Xnet i går kveld?»
Eg var takknemleg for temaskiftet. Eg forklarte han
alt, alle dei bayesiske greiene og korleis eg frykta at vi ikkje
kunne halde fram med å bruke Xnet utan å bli tekne. Han
lytta tankefull.
«Eg forstår kva du seier. Problemet er at dersom det er for
mykje kryptert trafikk på nettoppkoplinga di, så peiker du deg
ut. Men om du ikkje krypterer, gjer du det lett å bli overvakt.»
«Jepp,» sa eg. «Eg har grubla på det heile dagen.
Kanskje vi kunne seinke farten på nettet, spreie oppkoplinga ut over fleire folk sine kontoar –»
«Funkar ikkje,» sa han. «For å få det sakte nok til å forsvinne inn i støyen, må du så godt som stenge ned nettverket, noko som ikkje er eit alternativ.»
«Du har rett,» sa eg. «Men kva anna kan vi gjere?»
«Kva om vi forandra definisjonen på normalt?»
Og det var difor Jolu fekk jobb på Pigspleen då han var
tolv. Gi han eit problem med to dårlege løysingar og han
kjem opp med ei tredje, heilt annleis løysing basert på å kaste alt du har trudd i søpla. Eg nikka ivrig. «Fortel!»
«Kva om den gjennomsnittlege nettbrukaren i San
Francisco hadde langt meir kryptert trafikk i løpet av ein
gjennomsnittleg dag på internett? Viss vi kunne endre prosenten til nærmare femti prosent klartekst og femti prosent
chiffertekst, så ville dei brukarane som supplerer koplinga
til Xnet, sjå heilt normale ut.»
«Men korleis gjer vi det? Folk bryr seg ikkje nok om
privatlivet sitt til å surfe på nettet gjennom ei kryptert
109
kopling. Dei synest ikkje eingong at det betyr noko at folk
spionerer på kva dei googlar etter.»
«Ja, men nettsider utgjer lite trafikk. Om vi kunne få
folk til rutinemessig å laste ned nokre få gigantiske krypterte filer kvar dag, så ville det lage like mykje chiffertekst
som tusenvis av nettsider.»
«Du snakkar om indienet,» sa eg.
«Der har du det,» sa han.
indienet – berre små bokstavar, alltid – var det som
gjorde Pigspleen Net til ein av dei mest suksessrike nettleverandørane i verda. Då dei store plateselskapa byrja å saksøke fansa sine for å laste ned musikken deira, var det mange av dei mindre, sjølvstendige selskapa som var forskrekka.
Korleis kan du tene pengar ved å saksøke kundane dine?
Grunnleggaren av Pigspleen hadde funne svaret: Ho
opna for ein avtale med alle artistar som ville samarbeide
med fansen sin i staden for motarbeide dei. Gi Pigspleen retten til å distribuere musikken din til kundane sine, og du ville
få ein prosent av abonnementsinntektene, basert på kor populær musikken din var. For ein indieartist er det ikkje piratnedlasting som er problemet, men det å vere usynleg: Ingen
bryr seg nok om songane dine til å stele dei eingong.
Det verka. Hundrevis av indieartistar og indieselskap
teikna avtale med Pigspleen, og di meir musikk dei kunne tilby, di meir fans skifta over til å få internett gjennom
Pigspleen, og di meir pengar blei det til artistane. I løpet
av eitt år hadde Pigspleen hundre tusen nye kundar, og no
hadde dei ein million – meir enn halvparten av breibandkundane i byen.
«Ei overhaling av indienetkoden har vore på plakaten
i månadsvis allereie,» sa Jolu. «Dei originale programma
blei skrivne veldig fort og gale, og dei kunne bli mykje meir
effektive med litt arbeid. Men eg har berre ikkje hatt tid.
110
Ein av tinga høgt på lista har vore å kryptere koplingane,
berre fordi Trudy liker det slik.» Trudy Doo var grunnleggaren av Pigspleen. Ho var ei gammal punklegende i San
Francisco, som songar, låtsnikkar og frontfigur i det anarko­
feministiske bandet Speedwhores, og ho var ein hund etter
personvern. Eg hadde ikkje vanskeleg for å tru at ho ville ha
musikktenesta si kryptert på prinsipielt grunnlag.
«Vil det bli vanskeleg? Eg meiner, kor lang tid vil det ta?»
«Hm, det er masse kryptokode ein kan finne gratis på
nettet, sjølvsagt,» sa Jolu. Han gjorde det han brukte når
han grov djupt i eit saftig kodingsproblem – blei fjern i blikket, tromma med handflatene i bordet, så kaffien skvulpa
oppi tefata. Eg hadde lyst til å le høgt – alt var kanskje øydelagt og drit og skummelt, men Jolu kom til å skrive den
koden.
«Kan eg hjelpe?»
Han såg på meg. «Trur du ikkje eg kan klare det?»
«Hæ?»
«Eg meiner, du gjorde heile denne Xnet-tingen utan å
fortelje meg om det eingong. Utan å snakke med meg. Eg
trudde på ein måte at du ikkje trong mi hjelp med desse
greiene.»
Eg kunne ikkje svare på det. «Hæ?» sa eg igjen. Jolu såg
opphissa ut no. Det verka som om dette hadde plaga han
lenge. «Jolu –»
Han såg på meg, og eg kunne sjå at han var rasande.
Korleis kunne eg ikkje ha lagt merke til dette før? Herregud,
for ein idiot eg var av og til. «Høyr her, mann, det er ikkje
noka stor greie» – og det betydde at det var ei verkeleg stor
greie – «det er berre det at du ikkje eingong spurde. Eg hatar
DHS. Darryl var min venn òg. Eg kunne verkeleg ha hjelpt.»
Eg hadde mest lyst til å stikke hovudet mitt ned mellom knea. «Høyr her, Jolu, det var verkeleg dumt av meg.
111
Eg gjorde det sånn cirka klokka to om natta. Eg var heilt
inne i desse greiene. Eg –» Eg kunne ikkje forklare det. Jepp,
han hadde rett, og det var problemet. Klokka hadde vore to
om natta, men eg kunne ha snakka med Jolu om det neste
dag eller dagen etter eller dagen etter. Eg hadde ikkje gjort
det fordi eg visste kva han ville ha sagt – at det var eit stygt
hack, at eg måtte tenkje gjennom det betre. Jolu var alltid
den som klarte å gjere to-om-natta-ideane mine om til
skikkeleg kode, men det han kom opp med, var alltid litt
annleis enn det eg hadde kome opp med. Eg hadde hatt lyst
til å ha prosjektet for meg sjølv. Eg hadde gått totalt opp i
rolla som M1k3y.
«Unnskyld,» sa eg til slutt. «Eg er veldig, veldig lei for det.
Du har heilt rett. Eg gjekk frå konsepta og gjorde noko dumt.
Eg treng verkeleg hjelp. Eg kan ikkje få dette til utan deg.»
«Meiner du det?»
«Sjølvsagt meiner eg det,» sa eg. «Du er den beste kodaren eg kjenner. Du er eit jævla geni, Jolu. Det ville vere ei
ære for meg om du ville hjelpe meg med dette.»
Han tromma litt meir med fingrane. «Det er berre det
– du veit. Du er leiaren. Van er den smarte. Darryl var … Han
var nummer to, den som alltid organiserte, såg etter detaljane. Å vere programmeraren, det var mi greie. Eg følte det
som om du sa at du ikkje trong meg.»
«Åh, mann, eg er ein stor idiot. Jolu, du er den eg kjenner som kan gjere dette. Eg er veldig, veldig, veldig –»
«Ålreit, ålreit. Stopp. Fint. Eg trur deg. Vi er ille ute, alle
saman. Så ja, sjølvsagt kan du hjelpe. Vi kan sikkert betale
deg også – eg har eit lite budsjett for frilans­­programmerarar.»
«Er det sant?» Ingen hadde nokon gong betalt meg for
å skrive kode.
«Ja visst. Du er sikkert god nok til å vere verdt det.» Han
gliste og slo meg på skuldra. Jolu er skikkeleg omgjengeleg
112
det meste av tida, noko som òg er ein grunn til at han skremde meg slik.
Eg betalte for kaffien, og vi gjekk ut. Eg ringde foreldra
mine og fortalde kva som skjedde. Mora til Jolu insisterte
på å lage smørbrød til oss. Vi låste oss inn på rommet hans
med datamaskina hans og koden for indienet, og vi la ut på
ein av dei aller lengste programmeringsseansane våre. Etter
at familien til Jolu gjekk til sengs rundt halv tolv, kunne vi
kidnappe kaffitraktaren og gå amok med det magiske kaffi­
bønnelageret vårt.
Om du aldri har programmert data, så burde du prøve.
Det finst ikkje noko som liknar i heile verda. Når du programmerer ei datamaskin, så gjer maskina akkurat det du
seier ho skal. Det er som å designe ei maskin – kva som
helst slags maskin, ein bil, ei tappekran, ein hydraulisk døropnar – ved hjelp av matematikk og instruksjonar. Dritkult
og overveldande.
Ei datamaskin er den mest kompliserte mekanismen
du nokon gong kjem til å bruke. Ho er laga av millionvis
mikroskopiske transistorar som kan bli konfigurerte til å
køyre kva program som helst. Men når du set deg ned ved
tastaturet for å skrive ei linje med kode, så gjer transistorane som du vil.
Dei færraste av oss kjem nokon gong til å bygge ein bil.
Så godt som ingen av oss vil konstruere ein flygande farkost.
Designe ein bygning. Planlegge ein by.
Det er kompliserte maskiner, og dei er utanfor rekkevidda for dei fleste av oss. Men ei datamaskin er ti gonger
så komplisert, og ho vil danse etter pipa di. Du kan lære å
skrive enkel kode i løpet av ein ettermiddag. Start med eit
språk som Python, som var laga for å gjere det lettare for
ikkje­-programmerarar å få datamaskina si til å lystre. Om
du så berre skriv kode ein dag, ein ettermiddag, så må du
113
gjere det. Datamaskiner kontrollerer deg, eller dei lettar arbeidet ditt – om du vil styre maskinene dine, i staden for
omvendt, må du lære korleis du skriv kode.
Vi skreiv mykje kode den natta.
E g var ik k je den eina ste som kom i klemma på
grunn av histogramma. Det er mange som har abnorme
trafikkmønster, abnorme brukarmønster. Abnormitet er så
vanleg at det praktisk talt er normalt.
Xnet var fullt av desse historiene, og det same var avisene og nyhendeprogramma på tv. Ektemenn blei tekne i å
vere utru mot konene sine, koner blei tekne i å vere utru
mot mennene sine, ungdom blei tekne i å snike seg ut med
kjærastar foreldra hadde forbode dei å ha. Ein gut som ikkje
hadde fortalt foreldra sine at han hadde AIDS, blei teken i å
dra til klinikken for å bli medisinert.
Dette var folk med noko å skjule – ikkje skuldige folk,
men folk med løyndommar. Det var endå fleire folk utan
noko å skjule, men som likevel motsette seg å bli plukka opp
og avhøyrde. Tenk deg at nokon låste deg inne i ein politibil
og forlangte at du skulle bevise at du ikkje er ein terrorist.
Det var ikkje berre offentleg transport. Dei fleste privatbilar i Bay-området har eit FasTrak-kort klipsa fast i vindaugsviskarane. Dette er ei lita radiobasert «lommebok» som
betaler bompengane for deg når du passerer bruene, og sparer deg for bryderiet med å sitje timevis i kø på bompengestasjonane. Dei hadde tredobla prisen for å betale kontant
(sjølv om dei hadde selt det inn som at FasTrak var billegare,
115
og ikkje at anonyme pengar var dyrare). Etternølarane som
framleis ville bruke pengar, forsvann etter at kontantfelta blei
reduserte til berre eitt, slik at kontantkøane blei endå lengre.
Så om du bur i området, eller om du køyrde ein bil som
var leigd av eit lokalt selskap, så hadde du ein FasTrak. Det
viste seg at bompengestasjonar ikkje var dei einaste stadene FasTrak-kortet blei lese heller. DHS hadde plassert
ut FasTrack-lesarar over heile byen – når du køyrde forbi,
l­ogga dei tidspunktet og ID-nummeret ditt og bygde eit
endå meir perfekt bilete av kven som drog kvar, og når, i ein
database som blei utfylt av «fotoboksar», «lyskrysskamera»
og alle dei andre formene for bilskiltkamera som hadde
dukka opp som sopp over heile byen.
Ingen hadde tenkt så veldig mykje over det. Og no då
alle byrja å bli meir merksame, byrja vi å legge merke til småting, som det faktumet at FasTrak ikkje har nokon av-knapp.
Så om du køyrde bil, så risikerte du også at nokon i ein
politibil ville vite kvifor du tok så mange turar til Home
Depot i det siste, og kva gjorde du oppe i Sonoma ved midnatt førre veke?
Dei små helgedemonstrasjonane rundt i byen voks.
Etter ei veke med denne overvakinga marsjerte femti tusen nedover Market Street. Det kunne ikkje ha brydd meg
mind­re. Dei som hadde okkupert denne byen, brydde seg
ikkje om kva innbyggarane ville. Dei var ein okkupasjonshær. Dei visste kva vi meinte om det.
Ein morgon kom eg ned til frukost akkurat i tide til å
høyre pappa fortelje mamma at dei to største taxiselskapa
skulle gi «rabatt» til alle som brukte spesielle kort til å betale turane, visstnok for å gjere sjåførane tryggare ved å redusere mengda av kontantar dei måtte ha med seg. Eg tenkte
på kva som hende med informasjonen om kven som tok
taxi, og kvar.
116
Eg innsåg kor nær eg hadde vore. Den nye indienetklienten hadde blitt køyrd ut som ei automatisk oppdatering akkurat i det alt dette hadde byrja å bli ille, og Jolu fortalde meg at 80 prosent av trafikken gjennom Pigspleen no
var kryptert. Xnet var kanskje redda.
Men pappa dreiv meg til vanvit.
«No er du paranoid, Marcus,» sa han til meg over frukosten ein dag då eg fortalde om folka eg hadde sett politiet
ransake på t-banen dagen før.
«Pappa, det er heilt latterleg. Dei tek ikkje nokon terroristar på den måten, gjer dei vel? Det berre skremmer folk.»
«Kanskje dei ikkje har teke nokon terroristar enno,
men dei får verkeleg fjerna ein del dritsekkar frå gatene. Sjå
på narkolangarane – det står i avisa at dei har arrestert dusinvis etter at dette byrja. Hugsar du då du blei rana av dei
der narkomane fyrane? Om vi ikkje får teke langarane deira, så blir det berre verre.» Eg hadde blitt rana året før. Dei
gjekk ganske sivilisert fram. Ein tynn fyr som lukta stygt,
sa at han hadde ein pistol, og den andre spurde etter lommeboka mi. Dei lét meg til og med behalde ID-kortet, sjølv
om dei tok bankkortet og Fast Pass-kortet. Men likevel blei
eg vettskremd og såg meg paranoid over skuldra i vekevis
etterpå.
«Men dei fleste dei stoppar, gjer ikkje noko gale, pappa,» sa eg. Dette byrja å gå inn på meg. Min eigen far! «Det
er galskap. For kvar skuldige person dei tek, må dei straffe
tusenvis av uskuldige. Det kan ikkje vere bra.»
«Uskuldige? Fyrar som er utru mot konene sine?
Narkolangarar? Du forsvarer dei, men kva med alle som
døydde? Om du ikkje har noko å skjule –»
«Så du ville ikkje ha noko imot om dei taua deg inn?»
Pappa sine histogram hadde vist seg deprimerande normale så langt.
117
«Eg ville sjå på det som mi plikt,» sa han. «Eg ville vere
stolt. Det ville få meg til å føle meg tryggare.»
Lett for han å seie.
Vane ssa lik te ik k je at eg snakka om desse greiene,
men ho var for taktfull rundt det til at eg klarte å halde meg
unna temaet. Vi møttest heile tida og snakka om vêret og
skulen og slik, og så, på ein eller annan måte ville eg alltid
tilbake til dette temaet. Vanessa tok det roleg når det hende
– ho blei ikkje heilt Hulk igjen – men eg kunne sjå at det
uroa henne.
Likevel.
«Og så seier pappa, ‘eg ville sjå på det som mi plikt’. Kva
gir du meg? Herregud! Det var rett før eg fortalde han om
at eg hadde vore i fengsel, og spurde han om han trudde det
var ei ‘plikt’!»
Vi sat på graset i Dolores Park etter skulen og såg på
hundane som jakta på frisbeear. Van hadde vore heimom og
skifta til ei gammal t-skjorte for eit av favorittbanda hennar, tekno-brega-bandet Carioca Proibidão – den forbodne
fyren frå Rio. Ho hadde fått skjorta på ein konsert vi alle
hadde gått på for to år sidan, då vi sneik oss ut for å dra til
Cow Palace, og ho hadde sprotte nokre centimeter i vêret
sidan då, så skjorta var tettsitjande, blei dregen opp på magen og viste den flate, vesle navlen hennar.
Ho låg bakover i den bleike sola med augene lukka bak
solbrillene og vrikka med tærne i flipp-flopp-sandalane. Eg
hadde kjent Van alltid, og når eg tenkte på henne, såg eg
som regel den vesle jentungen eg hadde kjent med hundrevis av skranglande armband laga av oppklipte brusboksar,
som spelte piano og som ikkje kunne danse om det så stod
om livet. Då vi sat der ute i Dolores Park, såg eg henne plutseleg som ho var.
118
Ho var totalt h3it. Det var som å sjå på det der biletet av
ein vase og oppdage at det også var eit bilete av to ansikt. Eg
kunne sjå at Van berre var Van, men eg kunne også sjå at ho
var jævlig pen, noko eg ikkje hadde lagt merke til før.
Darryl hadde sjølvsagt visst det heile tida, og ikkje tru
at eg ikkje blei trist av å tenkje på det.
«Du kan ikkje fortelje faren din om det, det veit du,» sa
ho. «Du ville setje oss alle i fare.» Augene hennar var lukka,
og brystet hennar gjekk opp og ned med pusten hennar,
noko som var distraherande på ein skikkeleg flau måte.
«Ja,» sa eg mørkt. «Men problemet er at han berre er
full av drit. Om du vinka pappa til sides og fekk han til å
bevise at han ikkje var ein barnemishandlande, narkolangande terrorist, ville han gå berserk. Han ville gå heilt av
skjenene. Han hatar å bli sett på når han ringer om kredittkortrekninga si. Å bli låst inne i baksetet av ein bil og forhøyrd i ein time ville gi han blodpropp.»
«Dei kjem berre unna med det fordi dei normale er så
sjølvgode i forhold til dei unormale. Om alle blei vifta til sides, ville det bli ein katastrofe. Ingen ville kome nokon stad,
alle måtte stå i kø for bli avhøyrde av politiet. Fullstendig
samanbrot.»
Åh!
«Van, du er eit geni,» sa eg.
«Ja, ikkje sant,» sa ho. Ho hadde eit dovent smil og såg
på meg gjennom halvopne auge, nesten romantisk.
«Seriøst. Vi kan gjere dette. Vi kan lage rot i profilane.
Å få folk vifta til sides er lett.»
Ho sette seg opp, børsta håret vekk frå ansiktet og såg
på meg. Eg kjende noko snu seg lett i magen og tenkte at ho
verkeleg var imponert av meg.
«Arphidklonarane,» sa eg. «Dei er kjempelette å lage.
Det er berre å byte ut fastvara i ein tidollars radiosendar frå
119
Radio Shack. Det vi kan gjere, er å gå rundt og byte folk sine
taggar, skrive over Fast Pass- og FasTrak-korta med andre
sine kodar. Det vil få alle til å sjå heilt skrudde og abnorme ut
og gjere at dei ser skuldige ut. Og så: fullstendig samanbrot.»
Van spissa leppene og drog ned solbrillene, og eg forstod at ho var så sint at ho ikkje kunne snakke.
«Farvel, Marcus,» sa ho og reiste seg. Før eg visste ordet av det, var ho på veg så fort at ho praktisk talt sprang.
«Van!» ropte eg, reiste meg på beina og gjekk etter.
«Van! Vent!»
Ho auka farten, så eg måtte springe for å nå henne igjen.
«Van, for helvete!» sa eg og tok henne i armen. Ho røska han til seg så hardt at eg slo meg sjølv i ansiktet.
«Du er heilt psyko, Marcus. Du kjem til å få alle dei
små Xnet-kameratane dine i livsfare, og i tillegg kjem du til
å gjere alle i heile byen til terroristmistenkte. Kan du ikkje
stoppe før du skader nokon?»
Eg opna og lukka munnen min eit par gonger. «Van, det
er ikkje eg som er problemet, dei er problemet. Eg arresterer ikkje folk, puttar dei i fengsel, får dei til å forsvinne. Det
er Tryggleiksdepartementet som gjer det. Eg kjempar for å
få dei til slutte.»
«Korleis, ved å gjere det verre?»
«Kanskje det må bli verre for at det skal bli betre, Van.
Var det ikkje det du sa? Om alle blei vifta til sides –»
«Det var ikkje det eg meinte. Eg meinte ikkje at du
skulle få alle arresterte. Om du har lyst til å protestere, så
slutt deg til protestrørsla. Gjer noko positivt. Lærte du ikkje
noko som helst av Darryl? Ingenting?»
«Det kan du vere jævlig sikker på at eg gjorde,» sa eg.
«Eg lærte at dei ikkje er til å stole på. At om du ikkje kjempar
mot dei, så hjelper du dei. At dei vil gjere heile landet til eit
fengsel om vi lèt dei gjere det. Kva lærte du, Van? Å vere
120
redd heile tida, å sitje pal med hovudet lågt og håpe at ingen
legg merke til deg? Trur du at det kjem til å bli betre? Om
vi ikkje gjer noko, så blir det ikkje betre enn dette. Det blir
berre verre og verre frå no av. Vil du hjelpe Darryl? Hjelp
meg å ta rotta på dei!»
Der var han igjen. Eiden min. Ikkje å få sett Darryl fri,
men å ta rotta på heile DHS. Det var galskap, sjølv eg skjønte
det. Men det var det eg planla å gjere. Ingen tvil om det.
Van skubba meg hardt med begge hendene. Ho var
sterk etter alle dei atletiske aktivitetane dei dreiv med i gymmen på jenteskulen – fekting, lacrosse, landhockey – og eg
enda opp på rumpa på det ekle San Francisco-fortauet. Ho
forsvann, og eg følgde ikkje etter.
> det viktige med sikringssystem er ikkje korleis dei verkar, men
korleis dei feilar.
Det var den første linja på den første bloggposten min
på Open Revolt, Xnet-sida mi. Eg skreiv som M1k3ey, og eg
var klar til krig.
> Kanskje det er meininga at all den automatiske overva­
kinga skal bidra til å ta terroristar. Kanskje dei kjem til å ta ein
terrorist før eller sidan. Problemet er at dei tek oss også, sjølv om
vi ikkje gjer noko gale.
> Di fleire folk som blir tekne, di meir skjørt blir systemet.
Om for mange blir tekne, så døyr systemet.
> Tek du hintet?
Eg limte inn ei oppskrift på ein arphidklonar og nokre
tips for å kome nær nok innpå folk til å lese og skrive til taggane deira. Eg putta min eigen klonar i lomma på den gamle,
svarte motocross-skinnjakka mi med metallverna lommer
og gjekk til skulen. Eg klarte å klone seks taggar på vegen
heimanfrå til Chavez High.
Det var krig dei ville ha, og krig skulle dei få.
121
Om du nokon g ong bestemmer deg for å gjere noko
så dumt som å bygge ein automatisk terroristdetektor, her
er ein matteleksjon du må lære først. Leksjonen er kalla
«falsk positiv-paradokset» og er noko utanom det vanlege.
La oss seie at det finst ein ny sjukdom som er kalla
Super-AIDS. Av ein million personar er det berre éin som
får Super-AIDS. Du utviklar ein test for Super-AIDS som
er 99 prosent presis. Altså, i 99 prosent av tilfella gir testen
korrekt resultat – positiv om subjektet for testen er smitta,
og negativ om subjektet er friskt. Du gir testen til ein million personar.
Berre éin blant ein million har Super-AIDS. Ein av
hund­re testar gir ein «falsk positiv» – testen vil seie at personen har Super-AIDS sjølv om han ikkje har det. Det er tydinga av «99 prosent presis»: éin prosent feil.
Kva er éin prosent av ein million?
1 000 000 / 100 = 10 000
Éin av ein million personar har Super-AIDS. Om du
testar ein million tilfeldige folk, vil du sannsynlegvis berre
finne eitt tilfelle av ekte Super-AIDS. Men testen vil ikkje
identifisere ein person som eit Super-AIDS-tilfelle. Testen
vil identifisere 10 000 tilfelle.
Den 99 prosent presise testen din vil ta 99,99 prosent feil.
Det er falsk positiv-paradokset. Når du prøver å finne
noko som er veldig sjeldan, må testen vere presis nok til å
måle seg med kor sjeldan den tingen du leitar etter er. Om
du prøver å peike på ein enkelt piksel på dataskjermen din,
vil ein skarp blyant vere ein bra peikestokk: Blyantspissen
er mindre (altså meir presis) enn pikslane. Men ein blyantspiss er ikkje spiss nok til å peike på eit enkelt atom på skjermen din. Til det treng du ein peikestokk – ein test – med
ein spiss som er like stor som eller mindre enn eit atom.
Og slik verkar falsk positiv-paradokset på terrorisme:
122
Terroristar er sjeldne. I ein by som New York kan det
kanskje vere ein eller to terroristar. Kanskje ti utanfor sentrum. 10 / 20 000 000 = 0,00005 prosent. Ein tjuetusandedel av ein prosent.
Det er det eg kallar sjeldan. La oss no seie at du har eit
program som kan leite gjennom alle kontoutskriftene, eller bompasseringane, eller passasjeroversiktene for offentleg transport, eller alle telefonsamtalane i ein by, og vere 99
prosent sikker på at du kan ta terroristar på denne måten.
Av ei mengd på 20 millionar vil ein 99 prosent presis
test identifisere 200 000 som terroristar. Men berre ti av
dei er faktisk terroristar. For å ta ti skurkar må du hale inn
og etterforske 200 000 uskuldige personar.
Og veit du kva? Terroristtestar er ikkje i nærleiken av å
vere 99 prosent presise. Dei er meir i nærleiken av 60 prosent presise. Ned mot 40 prosent presise, nokre gonger.
Alt dette betydde at Tryggleiksdepartementet hadde
lagt opp til at dei kom til å mislykkast med glans. Dei prøvde å oppdage utruleg sjeldne fenomen – at ein person er
terrorist – med upresise system.
Er det rart vi klarte å lage skikkeleg rot i systemet?
E g gjek k plystr ande ut utgangsdøra ein tysdag
morgon ei veke ut i Operasjon Falsk Positiv. Eg rocka i veg
til noko ny musikk eg hadde lasta ned frå Xnet natta før –
masse folk sende små digitale gåver til M1k3y som takk for
å ha gitt dei håp.
Eg gjekk inn i 23rd Street og gjekk varsamt ned steintrinna som var hogde inn i bakken. Etter som eg gjekk nedover, passerte eg herr Wienerhund. Eg veit ikkje kva herr
Wienerhund eigentleg heiter, men eg ser han nesten kvar
dag, der han går tur med wienerhundane sine opp trappa til
det vesle platået. Å smyge seg forbi han og hundane er meir
123
eller mindre umogleg, og eg endar alltid opp med å bli vikla
inn i eit hundeband, dytta inn i nokon sin hage eller balansert opp på støytfangaren til ein bil parkert ved fortauet.
Herr Wienerhund er heilt klart ein Viktig Person, for
han har ei fancy klokke og går alltid med ein pen dress. Eg
hadde rekna med at han jobba nede i finansdistriktet. I
dag, medan eg smaug meg forbi, utløyste eg arphidklonaren, som allereie var ladd der nede i lomma på lêrjakka
mi. Klonaren saug til seg nummeret på kredittkorta og bil­
nøklane, passet hans og hundredollarsetlane i lommeboka.
Medan det blei gjort, bytte klonaren dei ut med nye
nummer, tekne frå andre folk eg hadde smoge meg forbi.
Det var som å byte registreringsskilt på ein masse bilar, men
usynleg og momentant. Eg smilte unnskyldande til herr
Wienerhund og heldt fram nedover trappene. Eg stoppa ved
tre av bilane lenge nok til å byte FasTrak-taggane deira med
nummer tekne frå alle bilane eg hadde gått forbi dagen før.
Du synest kanskje eg var litt aggro her, men eg var
forsiktig og konservativ i samanlikning med ein god del
Xnetarar. Eit par jenter som studerte kjemi ved Berkeley,
hadde utvikla eit harmlaust stoff som ville trigge eksplosivsniffarar. Dei hadde det gøy med å drysse stoffet på stresskoffertane og jakkene til professorane, for så å gøyme seg og
sjå dei same professorane prøve å kome seg inn i auditoria
eller biblioteka på universitetet, berre for å bli sklitakla av
dei nye vaktstyrkane som hadde dukka opp overalt.
Andre ville prøve å finne ut korleis dei kunne drysse
konvoluttar fulle av stoff som ville teste positivt på miltbrannbakteriar, men alle andre meinte det var galskap.
Heldigvis verka det ikkje som dei ville klare å finne ut av det.
Eg passerte San Francisco General Hospital og nikka
tilfreds då eg såg dei lange køane ved inngangsdørene.
Dei hadde ei politisperring også, sjølvsagt, og det var nok
124
Xnetarar som jobba som praktikantar og kelnerar i kafeen
og slikt, til at alle sine identitetsmerke hadde blitt sogne opp
og bytte rundt. Eg hadde lese at tryggingskontrollane hadde
lagt ein time til alle sin arbeidsdag, og at fagforeiningane
trua med streik om ikkje sjukehuset gjorde noko med det.
Nokre kvartal bortanfor såg eg ein endå større kø
utanfor t-banen. Politiet gjekk opp og ned langs køen og
peikte ut folk som dei tok til sides for å forhøyre, ransake og
kroppsvisitere. Dei blei stadig saksøkte for dette, men det
verka ikkje som det la nokon dempar på aktiviteten.
Eg kom til skulen litt før tida og bestemte meg for å
gå ned til 22nd Street for å få meg ein kaffi – og eg passerte ei politisperring der dei vifta til sides bilar for grundig
inspeksjon.
På skulen var det ikkje mindre vilt – vaktene med metalldetektorar las også av skulebevisa våre og tok til sides
elevar med underleg reisestatistikk. Sjølvsagt hadde vi underleg reisestatistikk alle saman. Sjølvsagt byrja timane ein
time eller meir for seint.
Timane var heilt vanvittige. Eg trur ikkje nokon var i
stand til å konsentrere seg. Eg overhøyrde to lærarar som
snakka om kor lenge det hadde teke å kome seg heim frå arbeid dagen før, og om korleis dei planla å snike seg ut tidleg
den dagen.
Det var så vidt eg klarte å la vere å le. Falsk positiv-­
paradokset slår til igjen!
Som venta lét dei oss gå tidleg frå timen, og eg tok den
lange vegen heim og tok rundar i Mission for å sjå på kaoset.
Lange bilkøar. t-banekøar rundt kvartalet. Folk som forbanna minibankar som ikkje ville betale ut pengane deira,
fordi kontoane var frosne på grunn av mistenkjeleg aktivitet (det er faren med å knyte bankkontoen din direkte til
FasTrak-kortet og Fast Pass-kortet!).
125
Eg kom heim, laga meg eit smørbrød og logga meg på
Xnet. Det hadde vore ein god dag. Folk frå over heile byen
skrytte av det dei hadde fått til. Dei hadde klart å få heile
San Francisco til å stå stille. Nyhenderapportane kalla det
DHS på bærtur og gav skulda til alle «tryggingstiltaka» som
skulle trygge oss mot terrorisme. Næringslivsdelen av San
Francisco Chronicle slo opp på framsida eit estimat over
kva tiltaka til DHS kosta, i form av tapte arbeidstimar, møte
og så vidare. Ifølgje økonomen i Chronicle ville ei veke av
denne driten koste meir enn bombinga av Bay Bridge.
Hoåå-hå-hå-hå.
Det beste med alt: Pappa kom seint heim den kvelden.
Veldig seint. Tre timar for seint. Kvifor? Fordi han hadde
blitt vinka til sides, ransaka, avhøyrd. Og så hende det igjen.
To gonger.
To gonger!
H a n var så sint at eg trudde at det heldt på å klikke for
han. Eg sa kanskje at han mista fatninga berre veldig sjeldan? Den kvelden mista han fatninga meir enn han nokosinne hadde gjort før.
«Du vil ikkje tru det. Denne politimannen, han var ikkje
meir enn atten eller så, gjentok og gjentok ‘Men, sir, kvifor
var du i Berkeley i går, dersom klienten din er i Mountain
view?’ Eg måtte forklare igjen og igjen at eg underviser ved
Berkeley, og då sa han ‘eg trudde du var konsulent,’ og vi måtte starte på nytt. Det var som ein komiserie der politiet har
blitt utsett for ei eller anna stråling som gjer dei til idiotar.
Verre var det at han insisterte på at eg hadde vore i
Berkeley i dag også, og eg sa gjentekne gonger at det hadde
eg ikkje vore, og han sa at det hadde eg. Så viste han meg
FasTrak-rekninga mi, og der stod det at eg hadde køyrt over
San Mateo-brua tre gonger i dag!»
«Og det er ikkje alt,» sa han og tok eit djupt innpust
som lét meg skjøne at no var han verkeleg sint. «Dei hadde
informasjon om stader eg hadde vore, der det ikkje var bompengestasjonar. Dei hadde lese av passeringskortet mitt på
gata, på tilfeldige stader. Og det var feil! Fanden spikke, eg
meiner, dei spionerer på oss, og så er dei så langt inne i
granskogen inkompetente!»
127
Eg hadde styrt skritta inn på kjøkkenet medan han rasa
der inne, og no såg eg på han frå døropninga. Mamma møtte blikket mitt, og vi reiste augebryna begge to, som for å
seie Kven av oss skal seie ‘kva var det vi sa’ til han? Eg nikka
til henne. Ho kunne bruke dei ekteskaplege kreftene sine til
å nullifisere sinnet hans på ein måte som ikkje var innanfor
rekkevidda til ein meinig son.
«Drew,» sa ho og tok han i armen for å få han til å slutte
å trampe att og fram på golvet i kjøkkenet medan han veiva
med armane som ein gatepredikant.
«Kva?» glefsa han.
«Eg trur du skuldar Marcus ei unnskyldning.» Ho heldt
stemma jamn og låg. Pappa og eg er villstyringane i hushaldet, ho er grunnfjellet.
Pappa såg på meg. Augene hans smalna medan han
tenkte i nokre sekund. «Ålreit,» sa han til slutt. «Du har
rett. Eg snakka om kompetent overvaking. Desse fyrane
var amatørar. Eg er lei for det, Marcus,» sa han. «Du hadde
rett. Det der var latterleg.» Han tok meg i handa, før han
gav meg ein solid, uventa klem.
«Herregud, kva er det vi gjer med dette landet, Marcus?
Din generasjon fortener å arve noko betre enn dette.» Då
han sleppte meg, kunne eg sjå dei djupe rynkene i ansiktet
hans, linjer som eg ikkje hadde lagt merke til før.
Eg gjekk opp på rommet og spelte nokre Xnet-spel.
Det var ein god multiplayergreie der, der spelarane er opptrekkbare piratdokker. Du måtte utføre oppdrag kvar dag
eller annankvar dag, og for kvar gong måtte du trekke opp
fjørmekanismane til mannskapet ditt før du kunne dra ut
og røve og plyndre igjen. Det var eit slikt spel som eg hata,
men ikkje kunne slutte å spele: Masse repetitive oppdrag
som ikkje var så tilfredsstillande å gjennomføre, litt spelarmot-spelar-kamp (krangling for å sjå kven som skulle vere
128
kaptein) og ikkje så mange kule rebusar du måtte løyse.
For det meste fekk slike spel meg til å lengte til Harajuku
Fun Madness, som hadde ein fin balanse mellom å springe
rundt i den verkelege verda, å løyse rebusar på nett og å jobbe med laget sin strategi.
Men i dag var dette akkurat det eg trong. Hjernedød
underhaldning.
Stakkars pappa.
Eg hadde gjort det mot han. Før var han glad, full av
tillit til at skattepengane hans gjekk til å gjere han trygg.
Eg hadde øydelagt den tilliten. Det var falsk tillit, sjølvsagt,
men det hadde funka for han. Å sjå han no, ulykkeleg og
knekt, fekk meg til å lure på om det var betre å vere klarsynt og utan håp enn å leve i dei dummes paradis. Skamma
– den skamma eg hadde følt sidan eg gav frå meg passorda,
sidan dei knekte meg – kom tilbake og etterlét meg likeglad,
berre med lengt etter å kome meg vekk frå meg sjølv.
I spelet var eg ein dekksgut på piratskipet Zombie
Charger, og trekk-opp-fjøra mi hadde spunne ned medan
eg var vekke frå nett. Eg måtte sende chattemeldingar til
alle dei andre spelarane på skipet før eg fann nokon som var
villig til å trekke meg opp. Det heldt meg i aktivitet. Eg likte
det, faktisk. Det var noko magisk med at ein totalt framand
gjorde deg ei teneste. Og sidan dette var Xnet, visste eg at
alle dei framande var venner, på ein eller annan måte.
> Kvar er du?
Personen som trekte meg opp, kalla seg Lizanator og
var ei jente, noko som ikkje betydde at det var ei jente i det
verkelege livet. Gutar hadde ein eller annan snodig forkjærleik for å spele jenter.
> San Francisco
Skreiv eg.
> Nei dust, kvar er du i San Fran?
129
> Korleis det, er du 1 pervo?
Det skulle vanlegvis vere nok til å ende den delen av
samtalen. Alle spel var sjølvsagt fulle av pedoar og pervoar
og politi som spelte lokkemat for pedoar og pervoar (men
eg håpa verkeleg at det ikkje var nokon slike på Xnet!). Ein
slik klage var nok til å endre samtaleemnet ni av ti gonger.
> Mission? Potrero Hill? Noe? East Bay?
> Berre trekk meg opp, ver så snill?
Ho slutta å trekke opp.
> R du redd?
> Held meg på den trygge sida – kvifor d?
> Berre nysgjerrig
Eg fekk dårlege vibbar av henne. Ho var heilt klart litt
meir enn berre nysgjerrig. Kall det paranoia. Eg logga av og
slo av Xboxen.
Pappa såg på me g over bordet neste morgon og sa:
«Det ser ut som om det skal bli betre, iallfall.» Han rekte
meg avisa, opna på side tre:
> Ein talsmann for Tryggleiksdepartementet har stadfesta
at San Francisco-kontoret har bedt om ei 3o0 prosent budsjettog personellauke frå dc.
Hæ?
> Generalmajor Graeme Sutherland, kommandoansvarleg
for dhs’ operasjonar i Nord-California, stadfesta påkravet på ein
pressekonferanse i går, og oppgav den kraftige auken i misten­
kjeleg aktivitet i Bay-området som grunn. «Vi sporar ein kraftig
auke i undergrunnsaktiviteten og har grunn til å tru at sabotørar
fabrikkerer måtar å utløyse falsk alarm på, for å underminere ar­
beidet vårt.»
Augene mine såg i kryss. Kva i heitaste.
> «Desse falske alarmane er potensielt ‘radarstøy’ meint å
skulle kamuflere verkelege åtak. Den einaste effektive måten å
130
kjempe mot dette på er å auke innsatsen med personell og ana­
lyse, så vi kan etterforske alle moglege spor.»
> Sutherland understreka at alle forseinkingane over heile
byen er «uheldige», og at dei vil gjere det dei kan for å eliminere dei.
Eg såg for meg byen med fire–fem gonger så mange
DHS-soldatar, kalla inn for å kjempe imot dei idiotiske ideane mine. Van hadde rett. Di meir eg kjempa imot, di verre
kom det til å bli.
Pappa peikte på avisa. «Desse folka er kanskje idiotar,
men dei er metodiske idiotar. Dei kjem berre til å kaste ressursar etter dette problemet til dei løyser det. Det lèt seg
gjere, veit du. Innhente alle tilgjengelege data frå heile byen
og følgje alle spora det gir. Dei kjem til å ta terroristane.»
Det glapp for meg. «Pappa! Høyrer du kva du sjølv
seier? Dei snakkar om å etterforske praktisk talt alle i San
Francisco!»
«Ja, nettopp,» sa han, «det stemmer. Dei kjem til å ta
alle som sluntrar unna barnebidraga, alle narkolangarane, alle dritsekkane og alle terroristane. Berre vent og sjå.
Dette kan vere det beste som nokon gong har hendt i dette
landet.»
«Sei at du køddar,» sa eg. «Ver så snill. Trur du at det
var det dei tenkte på då dei skreiv grunnlova? Kva med
grunnlovstillegga om borgarrettar?»
«Grunnlova blei skriven lenge før datainnhenting
fanst,» sa han. Han var imponerande roleg, overbevist om
at han hadde rett. «Organisasjonsfridommen er vel og bra,
men kvifor skal ikkje politiet ha lov til å hente inn informasjon om det sosiale nettverket ditt for å sjå om du heng saman med gjengvaldtektsmenn og terroristar?»
«Fordi det er brot på privatlivet mitt!» sa eg.
«Kva er så farleg med det? Vil du heller ha privatliv enn
terroristar?»
131
Agh. Eg hata å krangle med pappa på denne måten.
Eg trong ein kaffi. «Pappa, kom an. Å ta vekk privatlivet er
ikkje å ta terroristar: Det er berre å plage vanlege folk.»
«Korleis veit du at det ikkje er å ta terroristar?»
«Kvar er terroristane dei har teke?»
«Eg er sikker på at vi vil sjå arrestasjonar etter kvart.
Berre vent og sjå.»
«Pappa, kva helvete det er som er skjedd sidan i går?
Du var klar til å droppe atombomba på politiet for at dei
vinka deg til sides –»
«Ikkje bruk den tonen mot meg, Marcus. Det som har
skjedd sidan i går, er at eg har hatt sjansen til å tenkje over det
og til å lese dette.» Han rista avisa. «Grunnen til at dei tok meg,
er at skurkane aktivt blokkerer dei. Dei må justere teknikkane
sine for å omgå blokkeringa. Men det klarer dei. I mellomtida
er eit stopp eller to ein liten pris å betale. Dette er ikkje tida
for å leike advokat med grunnlova i handa. Dette er tida for å
gjere nokre offer for å halde byen vår trygg.»
Eg klarte ikkje å ete opp brødskiva. Eg sette tallerkenen i
oppvaskmaskina og gjekk på skulen. Eg måtte kome meg ut.
X netar ane var ik k je gl ade for den auka politi­
overvakinga, men dei kom ikkje til å la det knekke seg.
Nokon ringde til eit innringingsprogram på lokalradioen og
sa at politiet kasta vekk tida, at vi kunne stikke nye kjeppar
i hjula fortare enn dei klarte å fjerne dei gamle. Opptaket av
dette var den mest populære nedlastinga den kvelden.
«Dette er California Live, og vi snakkar med ein anonym innringar frå ein telefonautomat i San Francisco. Han
har sin eigen informasjon om alle forseinkingane vi har
opplevd rundt i byen denne veka. Ver så god, du er på lufta.»
«Hallo, ja, yo, dette er berre starten, forstår du? Eg meiner, vi har berre så vidt byrja, liksom. Berre la dei setje inn
132
ein billion purk og sperringar på kvart hjørne. Vi skal jamme heile driten! Og, liksom, all dette dritpreiket om terroristar? Vi er ikkje terroristar! Ta deg ei pølse, eg meiner det!
Vi jammar systemet fordi vi hatar Tryggleiksdep, og fordi
vi er glade i byen. Terroristar? Eg kan ikkje stave jihad eingong. Peace out.»
Han høyrdest ut som ein idiot. Ikkje berre dei usamanhengande setningane, men også den sjølvgode tonen. Han
høyrdest ut som ein dritunge som var ukledeleg stolt av seg
sjølv. Han var ein dritunge som var ukledeleg stolt av seg sjølv.
Xnet flama ut over dette. Mange meinte han var ein idiot som ringde inn, medan andre meinte han var ein helt. Eg
var bekymra for at det sikkert var eit kamera som var peikt
mot telefonautomaten han hadde brukt. Eller ein arphid­
lesar som hadde sniffa Fast Passet hans. Eg håpa han hadde
vore smart nok til å pusse vekk fingermerka frå mynten han
hadde brukt, gått med hette og late alle arphidane ligge heime. Men eg tvilte. Eg lurte på om nokon kom til å banke på
døra hans snart.
Når det hadde skjedd noko stort på Xnet, merka
eg det ved at eg med eitt fekk ein million epostar frå folk
som ville halde M1k3y oppdatert. Det var då eg las om
herr Kan-Ikkje-Stave-Jihad at innboksen min frika ut. Alle
hadde ein beskjed til meg – ein link til livejournal på Xnet
– ein av dei mange anonyme bloggane som var baserte på
publiseringssystemet Freenet, også brukt av kinesiske
demokratiaktivistar.
> På nære nippet
> Vi dreiv og jamma rundt på Embarcadero i kveld og hadde
det gøy og gav alle ein ny bilnøkkel, husnøkkel eller Fast Pass el­
ler FasTrak og heiv rundt oss litt lauskrut. Det var politi overalt,
men vi var litt smartare enn dei; vi er der nesten kvar kveld og vi
blir aldri tekne.
133
> Men i kveld blei vi tekne. Det var eit idiotisk feilskjer vi var
uforsiktige vi blei tekne. Det var ein undercover som tok kamera­
ten min og deretter resten av oss. Dei hadde sett på folkemengda
ei lang stund frå ein av trailerane i nærleiken, og dei tok fire av
oss, men fekk ikkje med seg resten.
> Traileren var stappfull som ein sardinboks, med alle
typar folk, gamle unge svarte kvite rike fattige alle mistenkte,
og det var to politi som prøvde å stille oss spørsmål og
undercoverfolka henta inn fleire og fleire. Dei fleste prøvde å
kome fram i køen for å bli ferdige med avhøyret så vi dreiv og
gjekk bakover i køen og vi var der i timevis og det blei fullare og
fullare der inne.
> Sånn i åttetida var det vaktskifte og to nye politi kom inn
og avløyste dei to som var der og dei var liksom kva i helvete?
kva har de eigentleg gjort her. Dei krangla skikkeleg og dei to
gamle politimennene gjekk og dei to nye sette seg ned ved skri­
vebordet og kviskra til kvarandre ei stund.
> Så reiste den eine seg og byrja å rope alle saman berre
gå heim herregud vi har betre ting å gjere enn å pepre dykk
med spørsmål om du har gjort noko gale så berre ikkje gjer
det igjen og ta dette som ei åtvaring.
> Nokre fyrar i dress blei skikkeleg sure noko som var dritmorosamt fordi liksom ti minutt før dreiv dei og klaga på at dei
blei haldne der og no var dei skikkeleg sure for å bli sette fri, be­
stem dykk liksom!
> Vi skilde lag fort og gjekk heim for å skrive dette. Det er
under­coverfolk overalt, tru oss. Om du jammar, hald augene opne
og ver klar til å springe når problema kjem. Om du blir teken så
prøv å ta det med ro og vent til dei har så mykje å gjere at dei kan­
skje berre lèt dykk gå.
> Det var vi som gjorde dei så travle! Alle dei folka i traileren
var der fordi vi jamma dei. Så jam i veg!
134
Eg hadde mest lyst til å kaste opp. Desse fire småkidsa – folk
eg aldri hadde møtt – dei blei nesten sende vekk for alltid,
på grunn av noko eg hadde starta.
På grunn av noko eg hadde sagt dei skulle gjere. Eg var
ikkje noko betre enn ein terrorist.
DHS fekk budsjettpåkravet innvilga. Presi­dent­
en kom på tv saman med guvernøren for å fortelje oss at for
tryggleik var ingen pris for høg. Vi måtte sjå det på morgonsamlinga på skulen neste dag. Pappa jubla over det. Han
hadde hata presidenten sidan den dagen han blei vald, og sa
at han ikkje var det døyt betre enn han som kom før, og han
som kom før hadde vore ein total katastrofe, men alt han
kunne snakke om no, var kor handlekraftig og dynamisk
den nye fyren var.
«Det er best å ikkje vere for streng mot far din,» sa
mamma ein kveld eg kom heim frå skulen. Ho arbeidde heimanfrå så mykje ho kunne. Mamma er ein frilans relokeringsspesialist som hjelper britar å finne seg til rette i San
Francisco. Den britiske høgkommissæren betaler henne
for å svare på epostar frå perplekse britar over heile landet
som er forvirra over kor merkelege vi amerikanarar er. Ho
lever av å forklare amerikanarar, og ho har sagt at desse dagane var det betre å gjere det heimanfrå, der ho ikkje trong
å møte nokon amerikanarar eller snakke med dei.
Eg har ingen illusjonar om Storbritannia. Amerika er
kanskje villig til å kaste grunnlova i søpla kvar gong ein jihadist ser strengt på oss, men som eg lærte då eg skreiv særoppgåve i samfunnsfag i niande klasse, så har ikkje britane
eingong noka grunnlov å kaste i søpla. Dei har lover der
borte som kunne få håret på tærne dine til å reise seg: Dei
kan setje deg i fengsel i eit heilt år dersom dei er skikkeleg
sikre på at du er terrorist, men ikkje har nok til å bevise det.
135
Kor sikre kan dei vere om dei ikkje har nok bevis til å bevise
det? Korleis blei dei så sikre? Såg dei at du gjorde terroristhandlingar i ein skikkeleg livaktig draum?
Og overvakinga i Storbritannia får Amerika til å sjå ut
som amatørar. Den gjennomsnittlege London-buaren blir
fotografert 500 gonger om dagen, berre ved å gå i gatene.
Alle registreringsskilt blir fotograferte ved alle hushjørna i
heile landet. Alle saman, frå bankar til busselskap, er entusiastiske overvakarar og sporarar om dei trur at du har gjort
noko som er det minste mistenkjeleg.
Men mamma såg ikkje slik på det. Ho hadde forlate
Storbritannia då ho var halvvegs gjennom high school, og
ho hadde aldri kjent seg heime i USA, uansett kor mykje
ho gifta seg med ein fyr frå Pataluma og oppdrog ein son
her. For henne hadde dette alltid vore barbarane sitt land,
og Storbritannia ville alltid vere heime.
«Mamma, han tek rett og slett feil. Du av alle burde forstå det. Alt som gjer dette landet bra, er i ferd med å bli skylt
ned i toalettet, og han er med på det. Har du lagt merke til
at dei ikkje har teke nokon terroristar? Pappa berre seier ‘Vi
må vere trygge,’ men han treng å vite at dei fleste av oss føler
oss ikkje trygge. Vi føler oss utrygge heile tida.»
«Eg veit alt dette, Marcus. Tru meg. Eg liker ikkje det
som skjer med dette landet. Men faren din er –» Ho avbraut seg sjølv. «Då du ikkje kom heim etter åtaket, trudde
han at –»
Ho reiste seg og laga seg ein kopp te, noko ho alltid
gjorde når ho var uroleg eller ute av fatning.
«Marcus,» sa ho. «Marcus, vi trudde du var død.
Forstår du? Vi sørgde over deg i fleire dagar. Vi såg for oss at
du var sprengd i fillebitar, på botnen av sjøen. Død fordi ein
eller annan idiot hadde bestemt seg for å drepe hundrevis
av framande for å sende ei politisk melding.»
136
Det sokk sakte inn. Altså, eg forstod at dei hadde vore
bekymra. Det var mange som døydde i bombingane – fire
tusen var det nyaste estimatet – praktisk talt alle kjende nokon som ikkje kom heim den dagen. Det var to stykke frå
skulen min som var forsvunne.
«Faren din var klar til å drepe nokon. Kven som helst.
Han gjekk heilt frå vettet. Du har aldri sett han slik. Eg har
aldri sett han slik heller. Han gjekk heilt frå sans og samling. Han sat berre ved bordet og banna og banna. Fæle ord,
ord eg aldri hadde høyrt han seie. Ein dag – den tredje dagen – var det nokon som ringde, og han var sikker på at det
var deg, men det var feil nummer, og han kasta telefonen
så hardt at han gjekk i tusen bitar.» Eg hadde lurt på kvifor
kjøkkentelefonen var ny.
«Noko gjekk i stykke i faren din. Han elskar deg. Vi els­
kar deg, begge to. Du er det viktigaste i livet vårt. Eg veit
ikkje om du innser det. Hugsar du då du var ti, då eg drog
heim til London så lenge? Hugsar du?»
Eg nikka utan eit ord.
«Vi heldt på å skilje oss, Marcus. Åh, det betyr ikkje
noko lenger. Det var berre ei dårleg periode, slikt som hender når folk som elskar kvarandre, sluttar å vere merksame
på kvarandre i årevis. Han kom og henta meg og overbeviste meg om å kome tilbake på grunn av deg. Vi kunne ikkje
halde ut å gjere det mot deg. Vi blei forelska igjen på grunn
av deg. Vi er i lag no på grunn av deg.»
Eg hadde ein klump i halsen. Eg hadde aldri visst dette.
Ingen hadde fortalt meg om det.
«Så faren din har det vanskeleg no. Han er ikkje seg sjølv.
Det kjem til å ta tid før han kjem tilbake til oss, før han er den
mannen eg elskar igjen. Vi må ta vare på han til det skjer.»
Ho gav meg ein lang klem, og eg la merke til kor tynne
armane hennar hadde blitt, kor laust huda i nakken sat. Eg
137
tenkte alltid på mor mi som ung, bleik, raudkinna og munter
der ho kika lurt på meg gjennom brillene med metallinnfatning. No såg ho litt ut som ei gammal dame. Eg hadde gjort
det mot henne. Tryggleiksdepartementet hadde gjort det mot
henne. På ein merkeleg måte var vi på same side, og mamma
og pappa og alle dei vi hadde lurt, var på den andre sida.
E g fek k ik k je sove den kvelden. Eg fekk ikkje mamma
sine ord ut av hovudet. Pappa hadde vore spent og stille ved
middagen, og vi hadde knapt veksla eit ord, fordi eg ikkje
stolte på at eg kunne la vere å seie noko feil, og fordi han var
heilt i hundre over dei siste nyhenda, at al-Qaida definitivt
stod bak bombinga. Seks forskjellige terroristgrupper hadde hevda å stå bak åtaket, men berre al-Qaidas internett­
video inneheldt informasjon som DHS sa at dei ikkje kunne
ha fått tak i på andre måtar.
Eg låg på senga og høyrde på eit nattleg innringingsprogram på radio. Temaet var sexproblem, og den homofile
fyren som var programleiar, likte eg vanlegvis veldig godt å
høyre på. Råda han gav var heilt rå, men gode, og han var
skikkeleg morosam og overdrive entusiastisk.
I natt kunne eg ikkje le. Dei fleste som ringde inn, spurde om kva dei skulle gjere med det faktumet at dei ikkje fekk
seg noko med partnarane sine etter åtaket. Sjølv ikkje på
sexpratradio slapp eg unna temaet.
Eg slo av radioen og høyrde ein durande bilmotor nede
frå gata.
Soverommet mitt er i øvste etasje i huset vårt, ei av dei
mala damene. Eg har skråtak, med vindauge i begge endar – eitt der eg kan sjå ut over heile Mission, det andre ut
mot gata på framsida av huset. Det var ofte bilar som køyr­
de forbi til alle tider på døgnet, men det var noko som var
annleis med denne motorduren. Eg gjekk til gatevindauget
138
og drog opp rullegardina. Nede på gata under meg var ein
kvit, umerkt varebil med ei mengd antenner montert på taket, fleire antenner enn eg nokon gong hadde sett på ein bil.
Han cruisa veldig sakte nedover gata, med ein liten paraboltallerken som gjekk rundt og rundt på toppen.
Medan eg såg på, stoppa bilen, og ei av bakdørene spratt
opp. Ein fyr i DHS-uniform – eg kjende dei igjen på hundre
meters avstand no – steig ut på gata. Han hadde ein dings
i handa som det lyste blått av, opp i ansiktet på han. Han
spaserte fram og tilbake, først bort til naboen, medan han
noterte noko på dingsen sin, før han kom mot meg. Det var
noko kjent med måten han gjekk på, måten han såg ned på –
Han gjekk med ein wifinder! DHS speida etter Xnetnodar. Eg sleppte rullegardina og stupte gjennom rommet
etter Xboxen. Eg hadde late han stå på medan eg lasta ned
nokre kule animasjonar ein av Xnetarane hadde laga av presidentens ingen-pris-er-for-høg-tale. Eg drog straumkabelen ut av veggen, sprang tilbake til vindauget og opna gardina ein liten halvcentimeter.
Fyren såg ned på wifinderen sin, gjekk fram og tilbake
framfor huset vårt. Ein augeblink seinare gjekk han tilbake
inn i bilen og køyrde vekk.
Eg tok fram kameraet mitt og tok så mange bilete eg
kunne av bilen og antennene på taket. Så opna eg bileta i
eit gratis biletredigeringsprogram som heiter GIMP og redigerte vekk alt frå fotoa unnateke sjølve bilen, tok vekk gata
og alt som kunne identifisere meg.
Eg posta bileta på Xnet og skreiv ned alt eg kunne om
desse bilane. Desse folka var definitivt på jakt etter Xnet,
det kunne eg sjå.
No kunne eg verkeleg ikkje sove.
Det var ikkje anna å gjere enn å spele trekk-opp-pirat­
spelet. Det var mange som spelte, sjølv på denne tida av
139
døgnet. Det eigentlege namnet på spelet var Clockwork
Plunder, og det var eit hobbyprosjekt laga av death metaltenåringar frå Finland. Det var heilt gratis å spele og gav like
mykje underhaldning som ei av dei tenestene som kosta
15 dollar i månaden som Ender’s Universe, Middle Earth
Quest eller Discworld Dungeons.
Eg logga meg inn igjen, og der var eg enno, på dekket
av Zombie Charger, og trong nokon til å trekke meg opp. Eg
hata denne delen av spelet.
> Hei du
Skreiv eg til ein pirat som gjekk forbi.
> Trekk meg opp?
Han stoppa og såg på meg.
> Kvifor?
> Vi er på same lag. Pluss at du får erfaringspoeng.
For ein dust.
> Kvar r du?
> San Francisco
Dette byrja å verke kjent.
> Kvar i San Francisco?
Eg logga ut. Det var noko rart som gjekk føre seg i det
spelet. Eg gjekk inn på livejournal-sidene og surfa på bloggane der. Eg kom gjennom eit halvt dusin før eg fann noko
som fekk blodet mitt til å fryse i årane.
Folk på livejournal elskar spørjeskjema. Kva for ein
hobbit er du? Er du god i senga? Kva planet liknar du mest
på? Kva for ein person frå ein eller annan film er du? Kva
slags emosjonell type er du? Dei fyller dei ut, og vennene
fyller dei ut og samanliknar resultata. Harmlaus moro.
Men det spørjeskjemaet som hadde gått som eld i tørt
gras gjennom Xnet den kvelden, var det som skremde meg,
for det var alt anna enn harmlaust:
• Kva kjønn er du?
140
• Kor gammal er du?
• Kva for ein skule går du på?
• Kvar i byen bur du?
Skjemaet plotta resultata inn på eit kart med farga
knappenåler for skular og nabolag og kom med dustete tilrådingar for stader der ein kunne kjøpe pizza og slikt.
Men sjå på dei spørsmåla. Tenk på svara mine:
• Mann
• 17
• Chavez High
• Potrero Hill
Det var berre to personar på heile skulen som matcha
den profilen. På dei fleste skulane ville det vere om lag det
same. Om du hadde lyst til å finne ut kven Xnetarane var,
kunne du bruke dette skjemaet for å finne alle.
Det var ille nok, men endå verre var det som dette
innebar: Nokon frå DHS brukte Xnet for å ta oss. Xnet var
knekt av DHS.
Vi hadde spionar blant oss.
E g hadde git t Xnet-disk ar til hundrevis av folk,
og dei hadde gjort det same. Eg kjende folka eg gav diskane
til ganske godt. Eg hadde budd i det same huset heile livet,
og i løpet av den tida hadde eg hatt hundrevis av venner, alt
frå folk eg hadde gått i barnehagen med, til folk eg hadde
spelt fotball med, spelt laiv med, gått på ungdomsklubb
med, alle folka frå skulen. ARG-laget mitt var dei næraste
vennene mine, men det var ein masse folk eg kjende og stolte nok på til å kunne gi dei Xnet-diskar.
Eg trong dei no.
Eg vekte Jolu ved å ringe mobilen hans og legge på etter
første ring, tre gonger på rad. Eitt minutt seinare var han på
Xnet, og vi kunne ha ein trygg chat. Eg sende han ei lenke til
141
bloggposten min om radiovarebilane, og han kom tilbake
eit minutt seinare, heilt utfrika.
> Sikker på det er oss dei er ute etter?
Som svar sende eg han vidare til spørjeskjemaet.
> omg det er ute med oss
> Nei, så gale er det ikkje, men vi treng å finne ut kven vi kan
stole på.
> Korleis?
> Det er det eg ville spørje deg om – kor mange folk har du
som du verkeleg kan gå god for, verkeleg stole på til verdas ende?
> Hm 20 eller 30 eller der omkring
> Eg har lyst til å samle ein gjeng med folk vi kan stole på, og
arrangere ei nøkkelutveksling til ei tillitsnettverkgreie.
Tillitsnettverk er ein av dei kule kryptogreiene eg hadde
lese om, men aldri prøvd. Det var ein nesten idiotsikker metode for å sikre at du kunne snakke med folka du stolte på, utan
at nokon andre kunne høyre på. Problemet er at det krev at du
møter folka i nettverket minst ein gong, for å kome i gang.
> Eg forstår, klart. Ikkje dårleg. Men korleis skal du få samla
alle saman til nøkkelsignering?
> Det var det eg skulle spørje deg om – korleis kan vi gjere
det utan å bli tekne?
Jolu tasta nokre ord som han viska ut, skreiv meir og
viska ut igjen.
> Darryl ville ha visst
Eg skreiv.
> Faen, dette var sånne greier han var så god på.
Jolu skreiv ikkje noko. Men så:
> Kva med ein fest?
skreiv han.
> Kva om vi møtest ein eller annan stad som om vi er ten­
åringar som har ein fest og dermed har vi ei unnskyldning klar
om nokon kjem og spør kva vi gjer der?
142
> Det ville funke skikkeleg bra! Du er eit geni, Jolu.
> Det veit eg. Og du kjem til å elske dette: Eg veit akkurat
kvar vi skal gjere det også.
> Kvar?
> Sutro Baths!
Kva ville du gjere om du fann ut at du hadde ein spion
i rekkene? Du kunne peike han ut, setje han opp mot veggen
og likvidere han. Men etterpå kunne du ende opp med ein
spion til i rekkene, og den nye spionen ville vere forsiktigare
enn den gamle og ville kanskje ikkje vere så lett å ta.
Her er ein betre idé: Bryt deg inn i kommunikasjonslinja til spionen og fôr han og oppdragsgivarane hans med
feilinformasjon. La oss seie at oppdragsgivarane instruerer
han om å innhente informasjon om kvar du går. La han forfølgje deg og notere så mykje han vil, men bruk damp til
forsiktig å opne konvoluttane han sender til hovudkvarteret, og byt ut rapportane hans med falske rapportar. Om du
vil, kan du få han til å verke utilrekneleg og ikkje til å stole
på, slik at dei kvittar seg med han. Du kan fabrikkere kriser
som kan få den eine eller den andre sida til å avsløre identiteten til andre spionar. Kort sagt, du har overtaket.
Dette blir kalla mellommannåtak, og om du tenkjer
nøye over det, så er det ganske skremmande. Nokon som
går inn som mellommann i kommunikasjonen din, kan lure
deg på alle moglege måtar.
Det finst sjølvsagt ein veldig god metode for å unngå
mellommannåtak: Bruk krypto. Med krypto betyr det
ingen­ting om fienden kan sjå meldingane dine, fordi han
144
kan ikkje dechiffrere dei, endre dei og sende dei på nytt. Det
er ein av hovudgrunnane til å bruke krypto.
Men hugs: For at krypto skal verke, må du ha nøkkelen
til dei folka du vil kommunisere med. Du og kommunikasjonspartnaren din må ha ein løyndom eller to som de deler,
nokon nøklar som du kan bruke til å kryptere og dekryptere
meldingar, slik at alle mellommenn blir låste ute.
Det er der ideen om offentlege nøklar kjem inn. Dette
er litt innvikla, men utruleg elegant også.
I offentleg-nøkkel-krypto får kvar brukar to nøklar.
Nøklane er lange rekker av matematisk kaudervelsk, og dei
har ein nesten magisk kvalitet. Alt du krypterer med ein
nøkkel, vil den andre låse opp, og motsett. Og vidare, desse
er dei einaste nøklane som kan gjere dette – om du kan dekryptere ei melding med ein nøkkel, veit du at ho var kryptert med den andre (og motsett).
Så du tek ein av desse to nøklane (det betyr ikkje noko
kva for ein av dei), og du publiserer han. Du gjer han fullstendig uløynd. Du vil at kven som helst i heile verda skal
kjenne til denne nøkkelen. Dette er, av openberre grunnar,
kalla «den offentlege nøkkelen» din.
Den andre nøkkelen skal du gøyme i dei mørkaste kråene i hovudet ditt. Den skal du verne med ditt liv. Du lèt
aldri nokon vite kva han er. Denne blir kalla (jepp, du gjetta
rett) «den private nøkkelen» din.
No, la oss seie at du er ein spion og du har lyst til å snakke med sjefane dine. Den offentlege nøkkelen deira er kjend
av alle. Den offentlege nøkkelen din er kjend av alle. Berre
du kjenner den private nøkkelen din. Berre dei kjenner den
private nøkkelen sin.
Du vil sende dei ei melding. Først krypterer du henne
med den private nøkkelen din. Du kunne berre sende den
meldinga, og det ville funke ganske bra, når dei fekk meldinga,
145
ville dei skjøne at ho kom frå deg. Korleis? Fordi om dei kan
dekryptere meldinga med den offentlege nøkkelen din, kan
ho berre ha blitt kryptert med den private nøkkelen din.
Dette er det same som å plassere eit segl eller ein signatur på
slutten av eit brev. Det seier: «Eg skreiv dette, ingen andre.
Ingen andre har tukla med eller endra denne meldinga.»
Dessverre vil ikkje dette faktisk gjere meldinga di hemmeleg. Det er fordi den offentlege nøkkelen din er velkjend
(det må han vere, elles kan du berre sende meldingar til dei
få som har den offentlege nøkkelen din). Alle som får tak i
meldinga di, kan lese henne. Dei kan ikkje endre henne og
få ei falsk melding til å sjå ut som ho kom frå deg, men om
du ikkje vil at folk skal få vite kva du seier, så treng du ei bet­
re løysing.
Så i staden for å berre kryptere meldinga med den private nøkkelen din, kan du også kryptere henne med den offentlege nøkkelen til sjefen din. No har ho blitt dobbelt nedlåst. Den første låsen – sjefen sin offentlege nøkkel – kan
berre opnast med sjefen sin private nøkkel. Den andre låsen
– din private nøkkel – kan berre låsast opp med din offentlege nøkkel. Når sjefane din får meldinga, låser dei henne
opp med begge nøklane, og no kan dei vere sikre på at: a) du
skreiv henne, og b) berre dei kan lese henne.
Det er veldig kult. Den dagen eg oppdaga det, utveksla
eg og Darryl straks nøklar og gneid oss i hendene medan vi
utveksla militærløyndommane våre om kvar vi skulle møtast
etter skulen, og om Van nokon gong ville legge merke til han.
Men om du har lyst til å ha ei djupare forståing av tryggleik, må du tenkje over dei mest paranoide eventualitetane.
Kva om eg lurte deg til å tru at min offentlege nøkkel var den
offentlege nøkkelen til sjefen din? Du ville kryptere meldinga med den private nøkkelen din og min offentlege nøkkel.
Eg kunne dekryptere meldinga, lese henne, kryptere henne
146
igjen med sjefen din sin verkelege offentlege nøkkel, og sende henne vidare. Så langt sjefen din veit, kunne ikkje nokon
andre enn du ha skrive meldinga, og ingen andre enn han
kunne lese henne.
Så kan eg sitje imellom som ein feit edderkopp i nettet,
og alle løyndommane dine tilhøyrer meg.
Den lettaste måten å fikse dette på er å spreie den offentlege nøkkelen din så mykje som mogleg. Om det er verkeleg
lett for kven som helst å vite kva den verkelege nøkkelen din
er, så blir det vanskelegare og vanskelegare å utføre mellommannåtak. Men veit du kva? Å spreie noko for å gjere det
velkjent er like vanskeleg som å halde noko hemmeleg. Tenk
på det – kor mange milliardar dollar blir brukt på sjampo­
reklame og anna skrap berre for å vere sikker på at mange
folk veit om noko som eit selskap vil at du skal vite om?
Her er ein billegare måte å fikse mellommannproblemet på: tillitsnettverk. La oss seie at før du forlèt hovudkvarteret, set du og sjefane dine seg ned over ein kaffi og
utvekslar nøklar. Mellommannproblemet er eliminert! Du
er absolutt sikker på kven sine nøklar du har, fordi du fekk
dei opp i handa.
Feitt nok. Men det er ei naturleg grense for dette: Kor
mange folk kan du fysisk møte for å utveksle nøklar med?
Kor mange timar om dagen har du lyst til å bruke på ekvivalenten til å skrive ned nummera i telefonboka di? Kor mange er villige til å bruke så mykje tid på deg?
Det hjelper å tenkje på dette som ei telefonbok. Ein
gong var verda ein stad med mange telefonbøker, og når du
trong eit nummer, slo du opp i boka. Men mange av nummera du behøvde i løpet av ein dag, kunne du enten utanboks eller kunne spørje nokon andre om. Sjølv i dag, når eg
er ute og går med mobiltelefonen, spør eg Jolu eller Darryl
om dei har eit nummer som eg leitar etter. Det er raskare og
147
lettare enn å slå det opp på nettet, og dei er meir til å stole
på òg. Om Jolu har eit nummer, så stolar eg på han, og dermed på nummeret òg. Det er kalla «transitiv tillit» – tillit
som bevegar seg rundt i vennenettverket vårt.
Eit tillitsnettverk er ein større versjon av dette. La oss
seie at eg møter Jolu og får nøkkelen hans. Eg kan putte
nøkkelen på «nøkkelringen» min – ei liste av nøklar eg har
signert med den private nøkkelen min. Det tyder at du kan
låse opp nøkkelringen med den offentlege nøkkelen min og
vite heilt sikkert at eg – eller iallfall nokon som har nøkkelen min – seier at «denne nøkkelen tilhøyrer denne fyren».
Så eg gir deg nøkkelringen min. Og så lenge du stolar
på at eg har møtt folka og verifisert alle nøklane i ringen,
kan du ta nøkkelringen min og legge han til din eigen nøkkelring. Så kan du møte nokon andre og gi heile ringen vidare. Slik blir ringen større og større. Så lenge du stolar på
den neste personen i kjeda, og han stolar på den neste personen i kjeda, og så vidare, så er du ganske trygg.
Noko som fører meg vidare til nøkkelsigneringsfestar.
Desse festane er akkurat det dei høyrest ut som: ein fest der
alle kjem saman og signerer alle dei andre sine nøklar. Då vi
utveksla nøklar, hadde Darryl og eg ein slags mininøkkelsigneringsfest, ein med berre to triste og nerdete deltakarar.
Men med fleire folk sår du eit frø til eit tillitsnettverk, og du
kan utvide nettverket derifrå. Etter som alle med nøkkelringen din går ut i verda og møter fleire folk, kan dei legge til
fleire og fleire namn i ringen. Du treng ikkje å møte dei nye
folka, du treng berre å stole på at den signerte nøkkelen du
får frå folka i nettverket, er gyldig.
Så difor er det tillitsnettverk og festar går saman som
peanøttsmør og sjokolade.
148
« Sei til dei at det er ein superprivat fest, berre for spesielt inviterte,» sa eg. «Be dei om ikkje å ta med seg kven som
helst, elles vil dei ikkje kome inn.»
Jolu såg på meg over kaffien. «Du spøker, sant? Sei dét
til folk, og dei tek med seg ekstra mange venner.»
«Argh,» sa eg. Eg var ein kveld i veka hos Jolu desse dagane, for å oppdatere koden på indienet. Pigspleen betalte meg
faktisk pengar for å gjere dette, noko som kjendest skikkeleg
rart. Eg hadde aldri trudd at eg skulle få betalt for å kode.
«Så kva gjer vi? Vi vil berre ha folk vi verkeleg stolar på
her, og vi har ikkje lyst til å nemne grunnen før vi har alle
nøklane klare og kan sende hemmelege meldingar.»
Jolu dreiv og debugga, og eg såg over skuldra hans.
Dette brukte å bli kalla «ekstremprogrammering», noko
som var litt flautt. No kallar vi det berre «programmering».
To personar er mykje flinkare til å sjå bugar – programfeil
– enn éin person. Som ordtaket seier: «Under mange nok
auge blir alle bugar trivielle.»
Vi jobba oss gjennom bugrapportane og gjorde oss klare til å sende ut den nye versjonen. Alt blei automatisk oppdatert i bakgrunnen, så brukarane våre trong ikkje å gjere
noko, dei vakna berre opp ein gong i veka eller så med eit
betre program. Det var ganske sjukt å tenkje på at koden eg
skreiv, ville bli brukt av hundretusenvis, i morgon!
«Så kva gjer vi? Eg veit ikkje, mann. Eg trur vi berre må
leve med det.»
Eg tenkte tilbake på Harajuku Fun Madness-dagane
våre. Det var ein masse sosiale utfordingar når store grupper skulle delta i spelet.
«OK, du har rett. Men la oss i det minste prøve å halde
dette hemmeleg. Sei at dei kan ta med seg maksimalt éin
person, og det må vere nokon dei har kjent personleg i minimum fem år.»
149
Jolu såg opp frå skjermen. «Hei,» sa han. «Hei, det kan
funke. Eg ser det for meg. Eg meiner, om du sa at dei ikkje
skulle ta med seg nokon, ville dei tenkje slik: ‘Kven i helvete
trur han at han er?’ Men når du seier det på den måten, høyrest det ut som skikkeleg spennande Agent 007-greier.»
Eg fann ein bug. Vi drakk kaffi. Eg gjekk heim og spelte
litt Clockwork Plunder og prøvde ikkje å tenkje på trekkopp-piratar med nærgåande spørsmål, og sov som eit barn.
Su tr o B ath s e r Sa n Fr a n c i s c o s autentiske fals­
k­e romerske ruinar. Då det opna i 1896, var det det største
innandørs badehuset i verda, eit stort viktoriansk glassolarium fylt med basseng og badekar og til og med ei vassklie.
Det gjekk nedover med anlegget på femtitalet, og i 1966
sette eigarane fyr på det for å få forsikringspengar. Alt som
er igjen, er ein labyrint av vêrsliten stein blant svaberga
på Ocean Beach. Det ser ut som ein romersk ruin, smuldra og mystisk, og bortanfor ligg nokre holer som endar
ute i sjøen. Ved høg sjø slår bølgjene gjennom holene og
over ruinane – dei er kjende for å suge ein og annan turist
i drukningsdøden.
Ocean Beach ligg langt ute, forbi Golden Gate-parken.
Ei skarp klippe flankert av dyre hus med kuplar stuper ned
til ei smal strand full av manetar og modige (galne) surfarar.
Ein stor, kvit stein stikk opp frå grunna like utanfor. Denne
steinen er kalla Seal Rock og brukte å vere staden der sjøløvene samla seg før dei blei flytta til dei meir turistvennlege
omgivnadene rundt Fisherman’s Wharf.
Når det er mørkt, er det nesten ingen der. Det kan bli
veldig kaldt, med ein saltsprøyt som væter deg inntil beinet,
om du lèt han gjere det. Steinane er skarpe, og det er glasbrot og ei og anna narkissprøyte.
Det er ein fantastisk plass å ha ein fest.
150
Å ta med presenningar og kjemiske hanskevarmarar
var min idé. Jolu fann ut kvar vi fekk tak i øl – storebroren,
Javier, hadde ein kompis som faktisk dreiv ein heil drikkesørvis for mindreårige: Betal han godt nok, og han rygga
inn til den skjulte feståstaden din med iskasser og så mange
flasker du ville ha. Eg sveid av litt av pengane eg hadde tent
på å programmere indienet, og fyren kom presis: 20.00, ein
god time etter solnedgang, og lempa seks iskasser av isopor
ut av pickupen og ned til badruinane. Han hadde til og med
ei ekstra kasse til tomflasker.
«Hald det i trygge former, då, gutar,» sa han og tok handa opp til cowboyhatten. Han var ein feit samoanar med eit
stort smil og ei skremmande, ermelaus t-skjorte som håret
under armane, på magen og på skuldrene stritta ut frå. Eg
løyste tjuedollarsetlar frå rullen min og gav dei til han – prispålegget hans var 150 prosent. Ikkje nokon dårleg geskjeft.
Han såg på rullen min. «Du veit, eg kunne berre ta den
frå deg,» sa han, framleis med eit smil om munnen. «Eg er
jo kriminell.»
Eg putta rullen i lomma og såg han inn i augene. Eg
hadde vore dum nok til å vise kva eg hadde på meg, men eg
visste at det fanst tidspunkt då ein ikkje skulle vike.
«Eg berre køddar med deg,» sa han til slutt. «Men pass
på pengane dine, gut. Ikkje gå rundt og vift med dei.»
«Takk,» sa eg. «Men Tryggleiksdepartementet passar
på meg, i alle fall.»
Han smilte endå breiare. «Ha! Dei er ikkje eingong
skikkeleg purk. Dei hakkespettane skjøner ingenting.»
Eg såg mot pickupen hans. Godt synleg i vindauget
hans var ein FasTrak. Eg lurte på kor lang tid det ville gå før
han blei teken.
«Er det jenter på veg i kveld? Er det grunnen til all
ølen?»
151
Eg smilte og vinka til han som om han var på veg tilbake til bilen, slik han burde ha vore. Han tok hintet til slutt
og køyrde av garde. Smilet hans veik ikkje ein millimeter.
Jolu hjelpte meg å gøyme kjølarane i steinhaugane, vi
hadde på oss panneband med diodelykter som lyste kvitt.
Så snart kjølarane var på plass, kasta vi små nøkkelringar
med kvitt diodelys i kvar av dei, så dei ville lyse når du tok av
isoporloket, slik at det blei lettare å sjå kva du heldt på med.
Det var ein månelaus, overskya kveld, og gatelysa i det
fjerne lyste berre så vidt dit vi var. Eg visste at vi ville stå ut
som flammer på eit bilete teke med infraraudt kamera, men
vi ville uansett ikkje klare å samle ein haug med folk utan
å bli observerte. Eg nøya meg gjerne med å få det avskrive
som ein fyllefest på stranda.
Eg drikk eigentleg ikkje noko særleg. Det har vore øl og
marihuana og ecstasy på dei festane eg har gått på sidan eg
var 14, men eg kunne ikkje fordra å røyke (sjølv om eg ikkje
har noko imot ein hasjbrownie ein gong imellom), ecstasy
tok for lang tid – kven har tid til å bruke ei heil helg på å bli
høg og kome ned igjen – og øl, vel, det var ok, men eg skjønte vel ikkje heilt greia. Favoritten min var store, kunstferdige cocktaildrinkar, slike som blei serverte i keramikkoppar
forma som vulkanar, som hadde seks lag og blei sette fyr
på og hadde ei plastikk-ape sitjande på kanten, men det var
mest på grunn av det teatrale ved dei.
Eg liker faktisk å vere full. Eg liker berre ikkje å vere
fyllesjuk. Og fyllesjuk, det kan du tru eg blir. Men på den
andre sida, det kan ha noko å gjere med kva slags drinkar
som blir serverte i keramikkvulkanar.
Men du kan ikkje arrangere ein fest utan å hive ei ølkasse eller to på is. Det blir forventa. Det løyser ting opp.
Folk gjer dumme ting etter for mange øl, men vennene
mine er ikkje av den sorten som har bilar. Folk gjer dumme
152
ting. Det er eit sentralt faktum. Øl eller hamp eller kva som
helst er følgjer av dette faktumet.
Jolu og eg opna kvar vår øl – Anchor Steam for hans
del, ein Bud Lite til meg – og klinka flaskene mot kvarandre
der vi sat på ein stein.
«Du sa klokka ni?»
«Ja,» sa han.
«Eg òg.»
Vi drakk utan eit ord. Bud Lite var det i iskassa med
minst alkohol. Eg trong eit klart hovud seinare.
«Blir du aldri redd?» sa eg til slutt.
Han snudde seg mot meg. «Nei, mann, eg blir ikkje
redd. Eg er alltid redd. Eg har vore redd heilt sidan eksplosjonen. Eg er så redd nokre gonger at eg ikkje har lyst til å gå
ut av senga.»
«Kvifor gjer du det då?»
Han smilte. «Akkurat,» sa han. «Det er ikkje sikkert eg
kjem til å gjere det så mykje lenger. Eg meiner, det har vore
veldig bra å hjelpe deg. Veldig bra. Heilt topp. Eg veit ikkje
om eg nokon gong har gjort noko like viktig. Men Marcus,
min venn, eg må seie at …» Han braut seg sjølv av.
«Kva?» sa eg, sjølv om eg visste kva som kom.
«Eg kan ikkje halde fram for alltid,» sa han til slutt.
«Kanskje ikkje eingong ein månad til. Eg trur eg er ferdig.
Det er for risikabelt. DHS, du kan ikkje gå til krig mot dei.
Det er galskap. Faktisk skikkeleg galskap.»
«Du høyrest ut som Van,» sa eg. Stemma mi var mykje
bitrare enn eg hadde tenkt.
«Det er ikkje meint som kritikk, altså. Eg synest det er
fantastisk at du har mot til å gjere dette heile vegen. Men eg
har det ikkje. Eg klarer ikkje å leve i evig frykt.»
«Kva er det du vil fram til?»
«Eg vil fram til at eg må slutte. Eg kjem til å bli ein av dei
153
folka som læst som alt er ok, som om det kjem til å gå tilbake
til det normale ein dag. Eg kjem til å bruke internett slik eg
alltid har gjort, og berre bruke Xnet til å spele spel. Eg må
slutte. Eg kjem ikkje til å vere ein del av planane dine meir.»
Eg sa ikkje noko.
«Eg veit at det er å setje deg i knipe. Eg vil ikkje det, tru
meg. Eg vil mykje heller at du gir opp saman med meg. Du
kan ikkje erklære krig mot regjeringa i USA. Det er ikkje ein
kamp du kjem til å vinne. Å sjå deg prøve på det er som å sjå
ein fugl flyge på vindauget igjen og igjen.»
Han ville at eg skulle seie noko. Det eg ville seie var
Herregud, Jolu, takk for at du set meg i knipe! Har du gløymt
korleis det var å bli sperra inne? Har du gløymt korleis det
var i dette landet før dei tok over? Men det var ikkje det han
ville eg skulle seie. Det han ville eg skulle seie, var:
«Eg forstår, Jolu. Eg respekterer valet ditt.»
Han drakk resten av ølen, tok ut ein til og opna.
«Ein ting til,» sa han.
«Kva?»
«Eg hadde ikkje tenkt å nemne det, men eg vil at du
skal forstå kvifor eg må gjere dette.»
«Herregud, Jolu, kva?»
«Eg hatar å måtte seie det, men du er kvit. Det er
ikkje eg. Kvite blir tekne med kokain og må ein liten tur på
rehabilitering. Brune folk blir tekne med kokain og må tjue
år i fengsel. Kvite ser politi på gata og kjenner seg tryggare.
Brune folk ser politi på gata og lurer på om dei kjem til å bli
ransaka. Du snakkar om korleis DHS behandlar deg? Lova i
dette landet har alltid vore slik for oss.»
Dette var så urettferdig. Eg bad ikkje om å bli fødd
kvit. Eg trudde ikkje at eg var modigare berre fordi eg er
kvit. Men eg forstod det Jolu sa. Om politiet stoppa nokon
i Mission og spurde om å få sjå identitetspapir, så var det
154
sannsynlegvis ein person som ikkje var kvit. Uansett kva eg
risikerte, så risikerte Jolu meir. Uansett kva slags straff eg
ville få, ville Jolu få meir.
«Eg veit ikkje kva eg skal seie,» sa eg.
«Du treng ikkje svare,» sa han. «Eg ville berre at dette
skulle bli sagt.»
Eg såg folk som kom ned stien. Det var venner av Jolu,
to meksikanske fyrar og ei jente eg kjende frå rundt omkring, kort og nerdete, alltid med søte, svarte Buddy Hollybriller som fekk henne til å sjå ut som outsiderkunststudenten som kjem tilbake som den mest populære av dei alle i
ein tenåringsfilm.
Jolu presenterte meg og gav dei øl. Jenta tok ikkje imot,
men tok i staden fram ei lita sølvlerke med vodka frå veska
si og baud meg. Eg tok ein slurk – varm vodka må vere ei
tilvenningssak, trur eg – og gav henne ein kompliment for
flaska, som hadde eit inngravert mønster med motiv frå
playstaytionspelet Parappa the Rapper.
«Flaska er japansk,» sa ho medan eg lyste med lykta på
henne. «Dei har alle desse alkoholgreiene baserte på spel
for barn. Ganske sjukt.»
Eg sa namnet mitt, og ho sa sitt. «Ange,» sa ho, og eg
tok handa hennar – tørr, varm, med korte negler. Jolu presenterte meg for kompisane, som han hadde kjent sidan dataleiren i fjerde klasse. Fleire kom til – fem, ti, tjue. Det var
ein skikkeleg gjeng no.
Vi hadde sagt til folk at dei måtte kome innan halv ti, og
vi venta til kvart på ti for å sjå kven som ville kome. Om lag
tre fjerdedelar var venner av Jolu. Eg hadde invitert alle eg
verkeleg stolte på. Enten var eg meir kresen enn Jolu eller
mindre populær. No då han hadde sagt at han skulle slutte,
tenkte eg at han var mindre kresen. Eg var dritsint på han.
Eg prøvde å skjule det ved å konsentrere meg om å bli kjend
155
med folk. Men han var ikkje dum. Han forstod kva som
hende. Eg kunne sjå at han hadde det dårleg. Bra.
«Ok,» sa eg, medan eg steig opp på ein ruin. «Ok, hei,
hallo?» Nokre av dei nærmaste la merke til meg, men dei
lenger bak heldt fram med å prate. Eg heiste armane i vêret
som ein dommar, men det var for mørkt. Til slutt kom eg
på å slå på nøkkelringlykta mi og peike med henne etter tur
mot alle dei som prata, og så mot meg sjølv. Gradvis blei
mengda stille.
Eg ønskte dei velkomne og takka dei for at dei hadde
kome, før eg bad dei kome nærare så eg kunne forklare kvifor vi var der. Eg merka at dei blei tiltrekte av hemmeleghaldet, fascinerte og litt oppvarma av ølen.
«Så her er greia. De bruker Xnet, alle saman. Det er
ikkje tilfeldig at Xnet blei danna rett etter at DHS tok over
byen. Folka som gjorde det, er ein organisasjon som arbeider
for personleg fridom, og som oppretta nettverket for å vere
trygge mot DHS sine spionar og lange armar.» Jolu og eg hadde funne ut av dette på førehand. Vi skulle ikkje stå fram som
dei som stod bak det heile, ikkje for nokon. Det var altfor
risikabelt. I staden skulle vi stå fram som meinige i «M1k3y»s
hær, som jobba for å organisere den lokale motstanden.
«Xnet er ikkje reint,» sa eg. «Det kan bli brukt av den
andre sida like godt som av oss. Dei bruker sosial manipulering for å få oss til å avsløre oss sjølve, så dei kan ta oss. Om
Xnet skal lykkast, må vi finne ut korleis vi kan hindre dei i å
spionere på oss. Vi treng eit nettverk i nettverket.»
Eg tok ein pause og lét dette søkke inn. Jolu hadde ymta
om at dette kunne vere litt tungt – å bli fortald at du er i ferd
med å bli med i ei revolusjonscelle.
«Men eg er ikkje her for å be dykk om å gjere noko aktivt. De treng ikkje å dra ut og jamme eller noko slikt. De er
bodne hit fordi vi veit de er greie, vi veit de er til å stole på.
156
Det er den tilliten eg vil at de skal bidra med i kveld. Nokre
av dykk kjenner kanskje allereie til tillitsnettverk og nøkkelsigneringsfestar, men for dykk andre skal eg gi ei kjapp
innføring –» Og det gjorde eg.
«Det eg vil de skal gjere i kveld, er å bli kjende med dei
som er her, og finne ut kor mykje de kan stole på dei. Vi skal
hjelpe dykk med å generere nøkkelpar som de kan dele med
kvarandre.»
Dette var den vanskelege delen. Å spørje folk om å ta
med sine eigne laptopar ville ikkje ha funka, men vi trong
å gjere nokre jævlig kompliserte greier vi ikkje akkurat ville
greie med penn og papir.
Eg heldt opp ein laptop som eg og Jolu hadde bygd opp
frå grunnen dagen før. «Eg stoler på denne maskina. Kvar
einaste komponent i henne blei sett på plass med våre eigne
hender. Ho køyrer ein nyinstallert versjon av ParanoidLinux,
starta opp frå DVD-en. Om det er éin pc igjen i verda som
ein kan stole på, så kan det godt hende det er denne.
Eg har ein nøkkelgenerator starta opp her. De kjem opp
hit og gir maskina noko tilfeldig input – trykk på tastane,
flytt på musa – og så vil maskina bruke det som utgangspunkt for å lage ein tilfeldig offentleg og privat nøkkel for
deg, som vil bli vist på skjermen. Du kan ta eit bilete av den
private nøkkelen med telefonen din, og trykke på ein tast for
å få nøkkelen til å forsvinne for alltid – han blir ikkje lagra
på disken. Så vil den offentlege nøkkelen bli vist. På det tidspunktet roper du til deg alle dei her som du stoler på, og som
stoler på deg, og så kan dei ta eit bilete av skjermen, med deg
ståande ved sida av, så dei veit kven sin nøkkel det er.
Når de kjem heim, må de konvertere bileta til nøklar.
Dette kjem til å bli mykje arbeid, er eg redd, men de treng
berre å gjere dette ein gong. De må vere supernøye når de
tastar tala inn – éin feil, og alt går til helvete. Heldigvis har
157
vi ei metode for å sjå om du har fått det til: Under nøkkelen vil det vere eit mykje kortare nummer, eit ‘fingeravtrykk’.
Når du har tasta inn nøkkelen, kan du generere eit fingeravtrykk ut frå det og samanlikne med fingeravtrykket på
skjermen. Om dei er like, så har du fått det til.»
Alle såg på meg med store, tvilande auge. Ok, eg hadde spurt dei om å gjere noko ganske sært, det er sant, men
likevel.
J o lu reiste se g.
«Det er her det byrjar, folkens. Slik er det vi kan vite kva
side de er på. De er kanskje ikkje villige til å gå ut på gata og
bli arresterte for det de trur på, men om de har noko de trur
på, så vil dette vere ein måte å vise det på. Dette vil danne eit
tillitsnettverk som viser kven som er med, og kven som ikkje
er med. Viss vi nokon gong skal få landet vårt tilbake, så må vi
gjere dette. Å gjere noko slikt som dette er heilt nødvendig.»
Nokon blant tilhøyrarane – det var Ange – rekte handa
i vêret, med ei ølflaske.
«De kan kanskje kalle meg litt dum, men eg forstår
ingen­ting. Kvifor vil de at vi skal gjere dette?»
Jolu såg på meg, og eg såg tilbake. Alt verka så innlysande då vi organiserte det.
«Xnet er ikkje berre ein stad der du kan spele gratis
spel. Det er det siste opne kommunikasjonsnettverket i
Amerika. Det er den siste måten å kommunisere på utan å
bli avlytta av DHS. For at det skal verke, må vi vite at den vi
snakkar med, ikkje er ein spion. Det tyder at vi må vite at
dei folka vi sender meldingar til, er dei folka vi trur dei er.
Og det er der de kjem inn. De er her fordi vi stolar på
dykk. Eg meiner, verkeleg stolar på dykk. Stolar på dykk
med livet som innsats.»
159
Nokre der ute stønna. Det høyrdest melodramatisk og
teit ut.
Eg reiste meg igjen.
«Då bombene gjekk av,» sa eg, før noko vella opp i
brystet på meg, noko vondt. «Då bombene gjekk av, blei
fire av oss tekne, oppe ved Marker Street. Av ein eller annan
grunn avgjorde DHS at det gjorde oss mistenkjelege. Dei
drog hetter over hovudet på oss, plasserte oss på eit skip og
avhøyrde oss i dagevis. Dei audmjuka oss. Dei leikte med
hovuda våre. Så sleppte dei oss fri.
Alle unnateke ein. Min beste venn. Han var med oss
då dei plukka oss opp. Han hadde blitt skadd og trong lege.
Han kom aldri ut igjen. Dei seier dei aldri såg han. Dei seier
at om eg nokon gong fortel om dette, arresterer dei oss og
får oss til å forsvinne.
For alltid.»
Eg skalv. Skamma. Den forbanna skamma. Jolu lyste på
meg.
«Åh herregud,» sa eg. «De er dei første eg har fortalt
om dette. Om denne historia spreier seg, kan du vedde på
at dei veit kven som lak det ut. Då kan du vedde på at dei
kjem og bankar på døra mi.» Eg pusta djupt inn nokre gonger. «Det er difor eg melde meg til Xnet. Det er difor livet,
frå no av, handlar om å kjempe mot DHS. Med kvart einaste
pust. Kvar einaste dag. Til vi er frie igjen. Kven som helst av
dykk kan få meg i fengsel igjen no, om de vil.»
Ange rekte opp handa igjen. «Vi skal ikkje tyste på
deg,» sa ho. «Aldri i verda. Eg kjenner omtrent alle her, og
eg kan love deg det. Eg veit ikkje korleis eg kan vite kven eg
kan stole på, men eg veit kven eg ikkje kan stole på: gamle
folk. Foreldra våre. Vaksne. Når dei tenkjer på nokon som
blir spionert på, tenkjer dei på nokon andre, ein som er full
av djevelskap. Når dei tenkjer på nokon som blir teken og
160
send i fengsel, er det alltid nokon andre – ein som har brun
hud, er ung, utlending.
Dei har gløymt korleis det er å vere på vår alder. Å vere
mistenkt heile tida! Kor ofte har du ikkje stige inn på ein
buss og fått blikk frå alle om bord som om du hadde gurgla
lort og flådd kattungar?
Endå verre, folk blir vaksne i yngre og yngre alder. Før
i tida sa dei ‘ikkje stol på nokon over 30’. Eg seier: ‘Ikkje stol
på ein einaste jævel over 25!’»
Det hausta latter, og ho lo også. Ho var søt, på ein underleg, litt hesteaktig måte, med eit langt ansikt og lang kjeve. «Eg køddar eigentleg ikkje, forstår de? Eg meiner, tenk
litt. Kven var det som valde desse skitstøvelklovnane? Kven
var det som lét dei invadere byen vår? Kven var det som
stemde for å plassere kamera i klasseromma og forfølgje
oss med uhyggelege spionvarechipar i t-banekorta og bilane våre? Det var ikkje nokon på 16. Vi er kanskje dumme,
vi er kanskje unge, men vi er ikkje avskum.»
«Eg vil ha det på ei t-skjorte,» sa eg.
«Det ville gjort seg bra,» sa ho. Vi smilte til kvarandre.
«Kvar skal eg gå for å få nøklane mine?» spurde ho og
tok ut telefonen sin.
«Vi gjer det her borte, ved holene. Eg skal vise veg og
gjere alt klart, så gjer de slik eg forklarte, og tek med ma­
skina rundt til vennene dykkar for å ta bilete av den offentlege nøkkelen, så dei kan legge han inn når dei kjem heim.»
Eg heva stemma. «Åh! Ein ting til! Herregud, eg kan
ikkje tru at eg gløymde dette. Slett bileta med ein gong du
har tasta inn nøklane! Det siste eg vil ha, er ein Flickrstraum full av bilete av oss som konspirerer i lag.»
Eg kunne høyre litt godlynt, nervøs smålatter, så slo
Jolu av lyset, og i det plutselege mørket kunne eg ikkje sjå
nokon ting. Gradvis vande augene mine seg til det, og eg
161
gjekk mot hola. Nokon gjekk bak meg. Ange. Eg snudde
meg og smilte til henne, og ho smilte tilbake med tenner
som lyste i mørket.
«Takk for det,» sa eg. «Kjempebra, det du sa.»
«Var det alvor det du sa om hette over hovudet og alt?»
«Det var alvor,» sa eg. «Det hende. Eg har ikkje fortalt
nokon om det, men det hende.» Eg tenkte meg om ein augeblink. «Veit du, med all den tida som har gått, utan å seie
noko om det, så byrja det å kjennast som ein vond draum.
Men det var verkeleg.» Eg stoppa og klatra opp, inn i hola.
«Eg er glad at eg fortalde det til nokon til slutt. Om det hadde gått meir tid, hadde eg byrja å tvile på om eg var heilt
frisk i hovudet.»
Eg plasserte laptopen på ein tørr flekk på steinen og
starta opp frå DVD-en, medan ho såg på. «Eg kjem til å starte om for kvar person. Dette er ein standard ParanoidLinuxdisk, men det må du nesten berre ta mitt ord for.»
«For faen,» sa ho. «Det er tillit det handlar om, er det
ikkje?»
«Ja,» sa eg. «Tillit.»
Eg gjekk litt tilbake medan ho køyrde nøkkelgeneratoren, eg høyrde henne trykke på tastane og flytte på musa for
å tilføre slump, eg høyrde på bølgjene som slo, på festlydane
der borte der ølen var.
Ho kom ut av hola med laptopen i hendene. På skjermen, i store, kvite, lysande teikn, var den offentlege nøkkelen hennar, fingeravtrykket og epostadressa hennar. Ho
heldt skjermen opp ved ansiktet sitt og venta til eg kunne få
fram telefonen min.
Eg tok eit bilete og la telefonen tilbake i lomma. Ho
gjekk rundt til festdeltakarane og lét alle ta bilete av henne
og skjermen. Det var festleg. Gøy. Ho hadde utstråling – du
hadde ikkje lyst til å le av henne, du ville le med henne. Og
162
for faen, det var gøy! Vi erklærte hemmeleg krig mot det
hemmelege politiet. Kven faen trudde vi at vi var?
Slik heldt det fram, den neste timen eller så, alle tok bilete og laga nøklar. Eg fekk møte alle som var der. Eg kjende
mange av dei – nokre hadde eg invitert sjølv – og dei and­
re var venner av venner, eller venner av dei igjen. Vi burde
vere kompisar alle saman. Det var vi, innan kvelden var over.
Alle var bra folk.
Då alle var ferdige, gjekk Jolu for å lage ein nøkkel, og
så snudde han seg vekk, med eit fårete smil. Men eg var
ikkje sint på han lenger. Han gjorde det han måtte. Eg visste at uansett kva han sa, ville han alltid vere der for meg.
Og vi hadde vore gjennom DHS-fengselet saman. Van også.
Uansett kva som hende, ville det halde oss saman for alltid.
Eg laga min eigen nøkkel og gjekk runden for å bli teken bilete av. Så gjekk eg opp på det same punktet eg hadde
snakka frå tidlegare, og bad om at alle skulle høyre etter.
«Nokre av dykk har påpeikt at det er ein vesentleg feil
med denne prosedyren: Kva om denne laptopen ikkje er til
å stole på? Kva om han loggar instruksjonane våre i skjul?
Kva om han spionerer på oss? Kva om Jose-Luis og eg ikkje
er til å stole på?»
Meir godlynt smålatter. Litt varmare enn tidlegare.
Meir ølprega.
«Eg meiner det,» sa eg. «Dersom vi var på feil side,
kunne dette få oss – alle dykk – ut i ein haug med problem.
Fengsel, kanskje.»
Latteren blei meir nervøs.
«Det er difor eg skal gjere dette,» sa eg og tok fram ein
hammar eg hadde teke med frå verktøyskrinet til pappa.
Eg sette laptopen ned ved sida av meg på steinen og svinga hammaren. Jolu følgde slaget med lykta si. Krasj – eg
hadde alltid drøymt om å ta knekken på ein laptop med ein
163
hammar, og no gjorde eg det. Det kjendest perverst godt.
Og fælt.
Smasj! Dekselet gjekk laus, knust i tusen bitar, og tasta­
turet stod nakent igjen. Eg heldt fram til tastaturet datt av
og blottla hovudkortet og harddisken. Krasj! Eg sikta på
harddisken, slo så hardt eg kunne. Det tok tre slag før dekselet sprakk, og dei skjøre lagringsmedia inni kom til syne.
Eg heldt fram med å slå til det ikkje var noko igjen som var
større enn ein sigarettlighter, så la eg heile greia i ein søppelpose. Festdeltakarane jubla – høgt nok til at eg blei bekymra for at nokon høgt over oss kunne høyre oss gjennom
bølgjeslaga og ringe politiet.
«Ålreit!» ropte eg. «Om de har lyst til å bli med meg så
skal eg ta dette med ned til sjøen og bløyte det i saltvatn i ti
minutt.»
Ingen ville bli med først, men så kom Ange fram og
tok armen min med den varme handa si og sa: «Det der var
vakkert,» inn i øyret mitt, og vi gjekk ned mot sjøen i lag.
Det var heilt mørkt nede ved sjøen, og skummelt,
sjølv med nøkkelringlyktene. Sleipe, skarpe steinar som
var vans­kelege nok å gå på utan å balansere tre kilo knust
elektronikk i ein plastpose. Eg snubla ein gong og trudde eg
skulle skjere meg, men ho tok meg med eit overraskande
hardt grep og heldt meg på beina. Eg blei dregen inn tett
mot henne, tett nok til å lukte parfymen hennar, som lukta
som nye bilar. Eg elska den lukta.
«Takk,» fekk eg fram og såg rett inn til dei store augene,
som blei ytterlegare forstørra av dei mandige, svartinnfatta
brillene hennar. Eg kunne ikkje sjå kva farge dei var i mørk­
et, men eg gjetta noko mørkt, basert på det mørke håret og
den olivenbrune huda hennar. Ho såg ut som om ho kom
frå Middelhavet, kanskje gresk eller spansk eller italiensk.
Eg bøygde meg ned og dyppa posen i sjøen og fylte han
164
med saltvatn. Eg sklei litt, skoen min blei våt, eg banna og
ho lo. Vi hadde knapt sagt eit ord på veg ned til sjøen. Det
var noko magisk med denne ordlause stilla.
På det tidspunktet hadde eg totalt sett kyssa tre jenter
i livet, om eg ikkje tel med den gongen eg kom tilbake til
skulen og fekk heltevelkomst. Det er ikkje eit kjempestort
tal, men det er ikkje kjempelite heller. Eg har ein akseptabel jenteradar, og eg trur eg kunne ha kyssa henne. Ho var
ikkje h3it i den tradisjonelle tydinga, men det er noko med
ei jente og ein kveld og ei strand, pluss at ho var smart og
lidenskapleg og engasjert.
Men eg kyssa henne ikkje, og eg tok henne ikkje i handa. I staden hadde vi ein augeblink som eg berre kan beskrive som spirituell. Bølgjene, kvelden, sjøen og steinane, og
pusten vår. Augeblinken varte. Eg sukka. Dette hadde vore
litt av eit ritt. Eg hadde ein masse tasting å gjere i kveld, for
å få alle dei nøklane inn på nøkkelringen min, signere dei og
publisere dei signerte nøklane. Starte tillitsnettverket.
Ho sukka også.
«La oss gå,» sa eg.
«Ja,» sa ho.
Og vi gjekk tilbake. Det var ein fin kveld, det der.
J o lu blei ver ande for å vente på at kompisen til bror
hans skulle kome og hente kjølekassene sine. Eg gjekk saman med dei andre til det nærmaste busstoppet og gjekk
om bord. Ingen av oss brukte ekte busskort. Alle Xnetarar
brukte kort som dei klona av nokon andre tre–fire gonger
om dagen, med ein ny identitet for kvar tur.
Det var vanskeleg å halde seg roleg på bussen. Vi var litt
fulle alle saman, og å sjå på ansikta våre i det sterke lyset var
på ein måte heilt hysterisk. Vi blei rimeleg høglydte, og sjåføren brukte høgtalaranlegget to gonger til å spørje om vi
165
kunne dempe oss, før han til slutt bad oss halde kjeft, elles
skulle han ringe politiet.
Det gjorde at vi sleppte laus latteren igjen, og vi gjekk
av samtidig, før han ringde politiet. Vi var i North Beach
no, og det var ein masse bussar, taxiar, t-banestasjonen i
Market Street, neonopplyste klubbar og kafear vi kunne
løyse opp gruppa i, så vi dreiv frå kvarandre.
Eg kom heim, fyrte opp Xboxen og byrja å taste inn
nøk­lane frå skjermen på telefonen. Det var kjedeleg, hypnotisk arbeid. Eg var litt full, og det lulla meg inn i ein halvsøvn.
Eg var omtrent klar til å takke for meg då eit nytt
chatte­vindauge poppa opp.
> helten!
Eg kjende ikkje igjen namnet – spexgril – men eg hadde ei aning om kven som stod bak.
> hei
Skreiv eg forsiktig.
> det er eg, frå i kveld
Så limte ho inn eit langt avsnitt kryptoskrift. Eg hadde
allereie lagt inn den offentlege nøkkelen hennar i nøkkelringen min, så eg gav chatklienten beskjed om å prøve å dekryptere koden med den nøkkelen.
> det er eg, frå i kveld
Det var henne!
> Tenk å møte deg her
Skreiv eg, så krypterte eg det med nøkkelen min og
sende det.
> Det var fint å møte deg
Skreiv eg.
> Deg òg. Eg møter ikkje for mange smarte gutar som også er
søte og sosialt oppegåande. Gode gud, mann, du gir ikkje ei jente
mykje val.
Hjertet mitt hamra i brystet.
166
> Hallo? Bank bank? Er denne greia på? Eg blei ikkje fødd
her, folkens, men eg døyr. Ikkje gløym å tipse servitrisene, dei
jobbar hardt. Eg er her heile veka.
Eg lo høgt.
> Eg er her, eg er her. Eg berre ler for hardt til å kunne skrive
> Vel, i det minste har eg det svarte beltet i chattekomikk
intakt
Kremt.
> Det var fint å møte deg òg
> Jepp, det er vanlegvis det. Kvar skal vi?
> Skal vi?
> På det neste eventyret?
> Eg har ikkje akkurat planlagt noko
> Oki – då skal eg ta deg med. Laurdag. Dolores Park. Ulovleg
utandørskonsert. Ver der, eller ver eit dodekaeder.
> Vent, hæ?
> Les du ikkje Xnet eingong? Det står overalt. Har du høyrt
om Speedwhores?
Eg heldt på å miste pusten. Det var bandet til Trudy
Doo – dama som betalte meg og Jolu for å oppdatere
indienetkoden.
> Ja eg har høyrt om dei
> Dei skal ha eit digert show og dei har sånn omtrent femti
band på plakaten, dei skal stille seg opp på tennisbanen og ha
med seg eigne lydanlegg og halde på heile natta
Det kjendest som om eg hadde levd under ein stein.
Korleis kunne eg ha gått glipp av det? Ein anarkistbokhandel på Valencia Street som eg nokre gonger gjekk forbi på
veg til skulen, hadde ein plakat med ei gammal revolusjonsdame som heitte Emma Goldman, med biletteksten «Om
eg ikkje får danse, vil eg ikkje vere med på revolusjonen
din». Eg hadde brukt all energien min på å finne ut korleis
eg skulle bruke Xnet til å organisere folk til å kjempe, til å
167
jamme DHS, men dette var så mykje kulare. Ein stor konsert
– eg hadde ikkje peiling på korleis ein arrangerte slikt, men
eg var glad for at nokon hadde det.
Og når eg tenkte over det, var eg jævlig stolt av at dei
brukte Xnet til å gjere det.
D en ne ste dagen var eg ein zombi. Ange og eg hadde
chatta – flørta – til klokka fire. Heldigvis for meg var det
laurdag, og eg kunne sove lenge, men bakfull og søvnig
klarte eg ikkje å tenkje to samanhengande tankar.
Ved lunsjtid klarte eg å grave meg opp og kome meg ut
på gatene. Eg stavra meg ned til tyrkaren for å kjøpe meg
kaffi – på denne tida, om eg var åleine, kjøpte eg alltid kaffien min der, som om eg og tyrkaren var del av ein hemmeleg klubb.
Eg gjekk forbi ein masse fersk graffiti på vegen. Eg liker graffitien i Mission; ofte var det store, overdådige veggmaleri, eller sarkastiske kunststudentstensilar. Eg likte at
taggarane i Mission heldt det gåande, under nasen på DHS.
Eit anna Xnet, tenkte eg – dei måtte ha alle slags måtar å
vite kva som gjekk føre seg på, kvar dei kunne male, kva for
overvakingskamera som verka. Nokre av kamera var overmala, la eg merke til.
Kanskje dei brukte Xnet.
Mala i tre meter høge bokstavar på gjerdet rundt ein
parkeringsplass stod dei drypande orda: IKKJE STOL PÅ
NOKON OVER 25.
Eg stoppa. Hadde nokon gått frå «festen» min i går og
kome rett hit med ei malingsflaske? Mange av folka budde i
nabolaget.
Eg fekk kaffien min og vandra ein liten runde i byen. Eg
tenkte fleire gonger at eg burde ringe nokon, spørje om dei
ville sjå ein film eller noko. Det var slik det brukte å vere på
168
ein lat laurdag som dette. Men kven skulle eg ringe? Van
snakka ikkje med meg, eg trudde ikkje eg var klar for å
snakke med Jolu, og Darryl –
Vel, eg kunne ikkje ringe Darryl.
Eg drakk kaffien, gjekk heim og søkte litt rundt på
Xnet-bloggane. Forfattarane av desse anonyme bloggane
var umoglege å spore – om ikkje forfattaren var dum nok
til å skrive namnet sitt i dei – og det var mange av dei. Dei
fleste var apolitiske, men mange var ikkje det. Dei skreiv om
skulane og det urettferdige der. Dei skreiv om politiet. Om
tagging.
Det viste seg at det hadde vore planar om konserten i
vekevis. Det hadde spreidd seg frå blogg til blogg og blitt til
ei heil rørsle, utan at eg hadde lagt merke til det. Og konserten blei kalla Ikkje stol på nokon over 25.
Vel, det forklarte kvar Ange fekk det frå. Og det var eit
godt slagord.
M å ndag morg on bestemte eg meg for å sjekke ut den
anarkistbokhandelen igjen, kanskje få tak i ein av dei Emma
Goldman-plakatane. Eg trong den påminninga.
Eg gjekk ned til 16th Street og Mission på veg til skulen, og så opp til Valencia og over gata. Butikken var stengd,
men eg merka meg opningstidene på døra og forsikra meg
om at dei framleis hadde den plakaten.
I det eg gjekk nedover Valencia, blei eg slått av kor mykje IKKJE STOL PÅ NOKON OVER 25-greier det var der.
Halvparten av butikkane hadde IKKJE STOL PÅ-varer i
vindaugene: matboksar, dokkeklede, penal, skuggeluer.
Hipsterbutikkane har stadig blitt raskare og raskare, sjølvsagt. Når nye namn sveiper over nettet i løpet av eit par dagar, har butikkane blitt flinkare til å få varer ut i vindaugene
som følgjer trendane. Ein morosam youtube-snutt – av ein
169
fyr som flyg ved hjelp av jetmotorar av kolsyreladde vassflasker – landa i innboksen din på måndag, og på tysdag
kunne du kjøpe t-skjorter med stillbilete frå videoen.
Men det var fantastisk å sjå noko gjere spranget frå Xnet
til butikkane. Kunstig nedslitne designarbukser med slag­
ordet pertentleg skrive med blå kulepenn. Broderte lappar.
Godt nytt spreier seg fort.
Det var skrive på tavla då eg kom inn til Galvez’ samfunnsfagtime. Vi sat på pultane våre og smilte av det, alle
saman. Det verka som det smilte tilbake. Det var noko djupt
oppstemmande ved ideen om at vi kunne stole på kvarandre, og at fienden kunne bli identifisert. Eg visste at det
ikkje var heilt sant, men det var ikkje heilt usant heller.
Galvez kom inn, retta på håret, sette ned SchoolBooken
sin på skrivebordet og slo han på. Ho tok opp kritet og
snudde seg mot tavla. Vi lo, alle saman. Ein godlynt latter,
men vi lo.
Ho snudde seg og lo også. «Slagordskribentane har
blitt tekne av inflasjon, ser det ut til. Kor mange av dykk veit
kvar frasen kjem frå?»
Vi såg på kvarandre. «Hippiear?» sa nokon, og vi lo.
Det er hippiear rundt i heile San Francisco, både den gamle
marihuanarøykande typen med stort skjegg og batikkfarga
klede, og den nye typen, som er meir ute etter å kle seg ut og
kanskje spele hacky-sack enn å protestere mot noko.
«Vel, ja, hippiear. Men når vi tenkjer på hippiear no for
tida, så tenkjer vi berre på kleda og musikken. Kleda og musikken var berre ein del av det som gjorde den tida, seksti­
talet, viktig.
De har høyrt om borgarrettsrørsla for å få slutt på raseskiljet, om kvite og svarte unge folk som dykk som tok buss
til Sørstatane for å hjelpe til med å registrere svarte veljarar og protestere mot statleg rasisme. California var ein av
170
dei stadene det kom flest borgarrettsleiarar frå. Vi har alltid
vore litt meir politiske enn resten av landet, og dette er også
ein del av landet der svarte har fått dei same fabrikkjobbane
med dei same fagforeiningane som dei kvite, så dei hadde
det litt betre enn fetrane i sør.
Studentane ved Berkeley sende ein stadig straum av
fridomsryttarar sørover, og dei rekrutterte dei via informasjonsbord på campus, på Bancroft og Telegraph Avenue. De
har sikkert sett at det står bord der, den dag i dag.
Vel, campus prøvde å stenge desse borda. Presidenten
ved universitetet forbaud politisk organisering på campus,
men borgarrettsungdommane ville ikkje gi opp. Politiet
prøvde å arrestere ein fyr som delte ut litteratur frå eit av desse borda, og dei putta han i ein bil, men 3000 studentar omringa bilen og nekta å sleppe han gjennom. Dei ville ikkje la
dei setje denne mannen i fengsel. Dei stod oppå varebilen og
heldt talar om Det første grunnlovstillegget og ytringsfridom.
Det vekte til liv ytringsfridomsrørsla. Det var startskotet for hippieane, det var også der dei meir radikale
studentrørslene kom frå. Svarte aktivistgrupper som Black
Panthers – og seinare homseaktivistgrupper som Pink
Panthers også. Radikale kvinnegrupper, sjølv ‘lesbiske separatistar’ som ville avskaffe menn, rett og slett! Og yippieane.
Er det nokon som har høyrt om yippieane?»
«Var det ikkje dei som fekk Pentagon til å sveve?» sa eg.
Eg hadde sett ein dokumentar om dette.
Ho lo. «Eg hadde nesten gløymt det, men ja, det var dei!
Yippiear var som veldig politiske hippiear, men dei var ikkje alvorlege på den måten vi tenkjer på politiske grupper
i dag. Dei var veldig leikne. Spøkefuglar. Dei kasta pengar
inn i New York-børsen. Dei gjekk i sirkel rundt Pentagon
med hundrevis av demonstrantar og gjentok eit magisk
trylleformular som skulle få bygget til å sveve. Dei fann opp
171
ein oppdikta type LSD som du kunne spraye på folk med
vasspistolar, og dei skaut kvarandre og lest som dei blei påverka. Dei var morosame og gjorde seg godt på tv – ein yippie, ein klovn som kalla seg Wavy Gravy, brukte å få hundre­
vis av folk til å kle seg ut som julenissen, slik at kamera skulle
vise politifolk som arresterte og drog av garde med julenissen den kvelden – og dei mobiliserte ei mengd folk.
Den store augeblinken deira var årsmøtet i Det demokratiske partiet i 1968, der dei ville starte demonstrasjonar
mot Vietnam-krigen. Tusenvis av demonstrantar kom til
Chicago, sov i parkane og demonstrerte kvar dag. Dei hadde
mange bisarre stunt det året, som å nominere ein gris ved
namn Pigasus til presidentkandidat. Politiet og demonstrantane slost i gatene – det hadde dei gjort mange gonger før,
men Chicago-politiet var ikkje glupe nok til å la journalistar
gå i fred. Dei banka opp journalistane, og journalistane tok
igjen ved endeleg å vise kva som gjekk føre seg på desse demonstrasjonane, så heile landet såg på at ungane deira blei
brutalt slått ned av Chicago-politiet. Dei kalla det ‘politibråk’.
Yippieane elska å seie ‘Ikkje stol på nokon over 30.’ Dei
meinte at folk som var fødde før ei viss tid, då Amerika hadde kjempa imot fiendar som naziane, ikkje kunne forstå kva
det betydde å elske landet nok til å nekte å kjempe mot vietnamesarane. Dei meinte at når du blei 30, stivna haldningane dine, og du kunne ikkje eingong forstå kvifor dei unge
gjekk ut i gatene, droppa ut av skulen, av jobben, frika ut.
Det var i San Francisco det byrja. Revolusjonshærar
blei grunnlagde her. Nokre av dei sprengde bygningar eller rana bankar for saka si. Nokre av dei ungdommane som
var med, byrja å leve ganske normale liv då dei blei vaksne,
medan andre enda i fengsel. Nokre av dei som droppa ut av
universitetet, gjorde store ting – for eksempel Steve Jobs og
Steve Wozniak, som grunnla Apple og fann opp pc-en.»
172
Eg lytta med øyrene på stilk. Eg visste litt om desse
tinga, men eg hadde aldri høyrt det bli fortalt slik. Eller kanskje det berre ikkje hadde verka så viktig før. Med eitt verka
ikkje dei poenglause, alvorlege, vaksne gatedemonstrasjonane så poenglause lenger. Kanskje det var rom for slikt
også på Xnet.
Eg rekte opp handa. «Vann dei? Vann yippieane?»
Ho gav meg eit langt blikk, som om ho tenkte seg om.
Ingen sa noko. Alle ville høyre svaret.
«Dei tapte ikkje,» sa ho. «Dei imploderte, på ein måte.
Nokre av dei kom i fengsel for narkotika og andre ting. Nokre
av dei skifta beite og blei jappar og reiste rundt og heldt foredrag om kor dumme dei hadde vore, snakka om verdien av å
vere grådig, og korleis dei ikkje hadde skjønt det før.
Men dei forandra verda likevel. Vietnamkrigen tok
slutt, og det var ikkje lenger på moten å vere konform og lydig og la vere å stille spørsmål. Rettar for svarte, kvinner og
homofile kom mykje lenger. Rettar for folk av meksikansk
opphav, for funksjonshemma, heile tradisjonen med borgarrettar blei danna eller styrkt av desse folka. Dagens protestrørsler er direkte etterkomarar etter desse kampane.»
«Eg kan ikkje tru at du snakkar slik om dei,» sa Charles.
Han lente seg så langt fram i setet at han halvvegs stod, og
det spisse, tynne ansiktet hans var raudt. Han hadde våte,
store auge og store lepper, og når han blei opphissa, såg han
litt ut som ein fisk.
Galvez stivna litt, så sa ho: «Hald fram, Charles.»
«Dei du har beskrive, var terroristar. Faktiske terroristar. Dei sprengde bygningar, sa du. Dei prøvde å øydelegge
børsen. Dei banka opp politimenn og hindra politiet i å arrestere folk som braut lova. Dei gjekk til åtak på oss!»
Galvez nikka sakte. Eg kunne sjå at ho prøvde å tenkje
ut korleis ho skulle handtere Charles, som såg ut til å kunne
173
eksplodere kvar augeblink no. «Charles tek opp eit viktig
punkt. Yippieane var ikkje utanlandske agentar, dei var amerikanske borgarar. Når du seier ‘dei gjekk til åtak på oss’, må
du finne ut kven ‘dei’ og ‘oss’ er. Når det er dine landsmenn –»
«Sprøyt!» ropte han. Han stod på beina no. «Vi var i krig
med dei. Desse folka gav hjelp og støtte til fienden. Det er lett
å seie kven vi og dei er: Om du støttar Amerika, er du oss. Om
du støttar folka som skyt på amerikanarar, er du dei.»
«Er det nokon andre som har lyst til å kommentere
dette?»
Fleire hender kom i vêret. Galvez peikte på dei etter tur.
Nokre påpeikte at grunnen til at vietnamesarane skaut på
amerikanarar, var at amerikanarane hadde floge til Vietnam
og byrja å springe rundt i jungelen med skytevåpen. Andre
meinte at Charles hadde eit poeng, at folk ikkje skulle bli
gitt lov til å gjere ulovlege ting.
Alle hadde ein god debatt, unnateke Charles, som berre ropte til folk og avbraut dei når dei prøvde å få fram poenget sitt. Galvez prøvde å få han til å vente på tur eit par
gonger, men det ville han ikkje ha noko av.
Eg slo opp noko på SchoolBooken min, noko eg hugsa
eg hadde lese.
Eg fann det. Eg reiste meg. Galvez såg avventande på
meg. Dei andre følgde blikket hennar og blei stille. Sjølv
Charles såg på meg etter ei stund, dei store, våte augene
hans brann av hat mot meg.
«Eg hadde lyst til å lese noko,» sa eg. «Det er kort. ‘Vi meiner at regjeringar er innstifta blant menneska for å sikre desse
rettane, og at retten deira til å styre byggjer på samtykket frå
dei som blir styrt over. Når ei styreform blir slik at ho skader
desse vilkåra, har folket rett til å avskaffe henne og setje opp
eit nytt styre, bygd på dei prinsippa og organisert i dei formene som viser seg mest tenlege for å sikre velferd og lykke.’»
Smilet til G alve z var breit t.
«Er det nokon som veit kvar det er frå?»
Fleire sa i kor: «Sjølvstendefråsegna.»
Eg nikka.
«Kvifor las du det til oss, Marcus?»
«Fordi det verkar på meg som at dei som grunnla dette
landet, sa at regjeringar berre skulle vare så lenge vi meiner
at dei fungerer for oss, og dersom vi sluttar å tru på dei, skal
vi felle dei. Det er det det står, sant?»
Charles rista på hovudet. «Det var hundrevis av år sidan!» sa han. «Det er annleis no!»
«Kva er annleis?»
«Vel, for det første har vi ikkje nokon konge lenger. Dei
snakka om ei regjering som eksisterte fordi tipptippoldefaren
til ein eller annan jævel trudde at Gud gav han makt, og drap
alle som var ueinige. Vi har ei demokratisk vald regjering –»
«Eg stemde ikkje på henne,» sa eg.
«Så det gir deg rett til å sprenge bygningar?»
«Hæ? Kven har sagt noko om å sprenge bygningar?
Yippieane og hippieane og alle dei folka meinte at regjeringa
hadde slutta å høyre på folket – tenk på korleis dei behandla
alle dei som prøvde å registrere veljarar i Sørstatane! Dei
blei banka opp, arresterte –»
175
«Nokre av dei blei drepne,» sa Galvez. Ho sette hendene i vêret og venta til eg og Charles hadde sett oss ned.
«Tida er nesten ute for i dag, men eg vil gjerne takke alle
saman for ein av dei mest interessante timane eg har hatt
nokon gong. Dette har vore ein utmerkt diskusjon, og eg
har lært mykje av dykk. Eg håpar de har lært frå kvarandre
òg. Takk for bidraga, alle saman.
Eg har ei ekstra oppgåve til alle som vil ha litt ekstra
utfordring. Eg vil at de skal skrive ein stil som samanliknar
det politiske svaret på antikrigs- og borgarrettsrørsla i Bayområdet med dagens borgarrettssvar til Krigen mot terror.
Minimum tre sider, men bruk så lang tid de vil. Eg er interessert i å sjå kva de kjem fram til.»
Klokka ringte ein augeblink seinare, og alle gjekk på
rekke ut av klassa. Eg blei sitjande og vente på at Galvez
skulle legge merke til meg.
«Ja, Marcus?»
«Det var fantastisk,» sa eg. «Eg visste ikkje alle dei greiene om sekstitalet.»
«Syttitalet òg. Denne byen har alltid vore ein spennande stad å bu i politisk ladde tider. Eg likte opplesinga di frå
Sjølvstendefråsegna – det var veldig intelligent.»
«Takk,» sa eg. «Det berre kom. Eg skjønte aldri heilt
kva dei orda betydde, før i dag.»
«Det er ord alle lærarar liker å høyre, Marcus,» sa ho og
tok meg i handa. «Eg er spent på stilen din.»
Eg k jøp te E mm a G oldm an-pl ak aten på veg heim
og limte han opp over skrivebordet, over den gamle sjølvlysande plakaten som hang der. Eg kjøpte òg ei IKKJE STOL PÅT-skjorte som hadde eit photoshoppa bilete av Alfa og Bjarne
Betjent som kastar dei vaksne O. Tidemand og Leonora ut
frå Sesam Stasjon. Det fekk meg til å le. Eg fann seinare ut at
176
det hadde vore minst seks photoshopkonkurransar for slagordet på nettet, på nettsider som Fark, Worth1000 og B3ta,
og det var hundrevis av bilete som flaut omkring, klare til å
bli trykte på alle slags varer nokon ville produsere.
Mamma heva augebryna over t-skjorta, og pappa
rista på hovudet og gav meg eit foredrag om ikkje å be om
trøbbel. Reaksjonen hans gav meg ei viss tilfredsstilling,
merka eg.
Ange fann meg på nettet igjen, og vi chatflørta til langt
på natt. Den kvite varebilen med antennene kom tilbake, og
eg slo av Xboxen til han hadde passert. Vi hadde blitt vande
med å gjere det, alle saman.
Ange var i fyr og flamme over dette med festen. Det
skulle bli digert. Det var så mange band som var påmelde at
dei snakka om å setje opp ein ekstrascene.
> Korleis fekk dei løyve til å fyre laus lyd heile kvelden i den
parken? Det er masse hus rundt der
> Løy-ve? Kva er «løy-ve»? For-tel meir om menn-eske-løy-ve.
> Wow, er det ulovleg?
> Eh, hallo? Er du bekymra for å bryte lova?
> Godt poeng
> lol
Men eg kjende ei lita aning av nervøsitet. Eg meiner, eg
skulle ta med denne heilt fantastiske jenta på deit i helga
– eller, teknisk sett skulle ho ta med meg – på eit illegalt rave
midt i eit hektisk og befolka nabolag.
Det var uansett dømt til å bli interessant.
I n tere ssant.
Folk byrja sive inn i Dolores Park utover den lange søndagsettermiddagen, blant frisbeespelarane og dei som gjekk
tur med hunden. Nokre av dei som kom, spelte frisbee eller gjekk tur med hunden. Det var ikkje heilt klart korleis
177
konserten skulle gå føre seg, men det var mykje politi og
undercoverpoliti rundt omkring. Du kunne sjå undercoverfolka fordi dei, akkurat som Kvisa og Busemannen, hadde
Castro-hårsveis og Nebraska-fysikk: tjukke fyrar med kort
hår og uryddige bartar. Dei flaut rundt og såg utilpass ut i
store shorts og flagrande skjorter som utan tvil hang ned
utanpå shortsen for å skjule lysekronene av utstyr dei hadde
hengande rundt livet.
Dolores Park er fin og solrik, med palmar, tennisbanar,
ein masse haugar og vanlege tre ein kunne springe mellom
eller sitje ved. Heimlause søv der om nettene, men det gjer
dei overalt i San Francisco.
Eg møtte Ange nede i gata, ved anarkistbokhandelen.
Det var mitt forslag. I ettertid ser eg at det var eit gjennomsiktig grep for å verke kul og skarp, men akkurat då ville eg
svore på at eg valde det fordi det var ein praktisk plass å møtast. Ho stod og las ei bok med tittelen Up Against the Wall
Motherfucker då eg kom.
«Fine greier,» sa eg. «Kyssar du mor di med den
munnen?»
«Mødrer klagar ikkje,» sa ho. «Faktisk er det historia
om ei gruppe folk som likna på yippieane, men var frå New
York. Dei brukte det ordet som etternamn, som ‘Ben M-F’.
Ideen var å ha ei gruppe ute i gatene som gjorde ting som
kom i avisa, men som hadde eit namn som ikkje kunne
trykkast. Berre for å kødde med media. Ganske artig, faktisk.» Ho sette boka tilbake på hylla, og no lurte eg på om eg
skulle klemme henne. Folk i California gir kvarandre klemmar heile tida for å seie hei og ha det. Bortsett frå når dei
ikkje gjer det. Og nokre gonger kysser dei på kinnet. Det er
veldig forvirrande.
Ho avgjorde det for meg ved å ta rundt meg, gi meg
ein klem og dra hovudet ned for å gi meg eit hardt kyss på
178
kinnet, før ho bles meg i nakken og laga fiselyd. Eg lo og
skubba henne vekk.
«Lyst på ein burrito?» spurde eg.
«Spør du eller slår du det fast?»
«Det er ein ordre.»
Eg hadde med nokre morosame klistremerker med setninga DENNE TELEFONEN ER AVLYTTA, i rett storleik til å
lime på røret til telefonautomatane som framleis stod langs
gatene i Mission, det var den typen nabolag der det vanka
folk som ikkje nødvendigvis hadde råd til mobiltelefon.
Vi gjekk ut i kveldslufta. Eg fortalde Ange om det eg
hadde sett i parken på veg dit.
«Eg veddar på at dei har hundre stykke av dei trailerane
parkerte rundt kvartalet,» sa ho. «Så dei kan arrestere deg.»
«Eh.» Eg såg meg rundt. «Eg hadde på ein måte håpa at
du ville seie noko i retning av: ‘Åh, dei kjem aldri i verda til å
gjere noko med dette’.»
«Eg trur ikkje det er det som er ideen. Ideen er å få ei
mengd sivile folk i ein posisjon der politiet må avgjere: Skal
vi behandle desse vanlege folka som terroristar? Det er litt
som jamminga. Du jammar, sant?»
Nokre gonger gløymer eg at ikkje alle vennene mine
veit at Marcus og M1k3y er same person. «Jepp, litt,» sa eg.
«Dette er som å jamme, med masse fantastiske band.»
«Eg forstår.»
Burritoane i Mission er legendariske. Dei er billege, gigantiske og lekre. Tenk deg eit rør på storleik med ein bazooka, fylt med godt krydra grilla kjøt, guacamole, salsa,
tomatar, bønnestuing, ris, løk og koriander. Det har same
forhold til Taco Bell som ein Lamborghini har til ein leikebil.
Det er om lag to hundre burritosjapper i Mission. Dei
er heroisk stygge, alle saman, med ubehagelege sete, minimal dekor – falma meksikanske turistplakatar og elektrisk
179
opplyste hologram av Jesus og Maria – og høg mariachimusikk. Det som gjer at dei skil seg frå kvarandre, for det meste,
er kva type eksotisk kjøt dei fyller i. Dei verkeleg autentiske
plassane har hjernar og tunge, som eg aldri bestiller, men
det er godt å vite at det går an.
Plassen vi gjekk til, hadde både hjernar og tunge, som
vi ikkje bestilte. Eg tok carne asada, ho tok kyllingstrimlar,
og begge tok ein stor kopp horchata.
Så snart vi sette oss ned, rulla ho ut burritoen og tok ei
lita flaske ut av veska. Det var ei lita sprayflaske i rustfritt
stål som såg ut akkurat som ei peparsprayflaske til sjølvforsvar. Ho sikta på innmaten av burritoen og dynka han med
den raude, oljeaktige sprayen. Eg snuste inn eit hint av det,
og augene mine vall opp av tårer.
«Kva i helvete er det du gjer med den stakkars forsvarslause burritoen?»
Ho gav meg eit smil fullt av vondskap. «Eg er hekta på
sterk mat,» sa ho. «Dette er capsaicinolje på boks.»
«Capsaicin –»
«Ja, det stoffet som er i peparspray. Det er som pepar­
spray, men litt svakare. Og mykje betre. Tenk på det som litt
ekstra krydra cajuninspirerte augedropar, om det hjelper.»
Augene mine brann berre ved tanken.
«Du køddar,» sa eg. «Du kjem ikkje til å ete det der.»
Augnebryna hennar heva seg. «Det høyrest ut som ei
utfordring, veslegut. Du skal snart få sjå.»
Ho rulla burritoen saman like varsamt som eit dop­
hovud som rulla ein joint, ho bretta inn endane og la på
igjen folien. Ho opna den eine enden og heva burritoen til
munnen, heldt han rett ved leppene.
Heilt fram til ho beit til, trudde eg ikkje at ho kom til å
gjere det. Altså, det var meir eller mindre eit antipersonellvåpen ho hadde spreidd på middagen sin.
180
Ho beit til. Togg. Svelgde. Gav alle moglege inntrykk av
å vere i gang med ein herleg middag.
«Vil du ha ein bit?» spurde ho uskuldig.
«Gjerne,» sa eg. Eg liker sterk mat. Eg bestiller alltid
karrirettane med fire chiliar ved sida av i menyen på dei pakistanske stadene.
Eg bretta til side meir folie og tok ein stor bit.
Eit stort feilgrep.
Du veit om den kjensla du får når du tek ein stor bit
peparrot eller wasabi eller kva som helst, og det kjennest
som om biholene dine blir stengde samtidig med luftrøret og hovudet ditt blir fylt av innestengd, atombombeheit
luft som prøver å trenge seg ut gjennom dei vassfløymande augene og nasegangane dine? Kjensla av at det straks
kjem til å kome damp ut gjennom øyrene dine, som på ein
teikneseriefigur?
Dette var mykje verre.
Dette var som å legge handa di på ei varm kokeplate,
berre at det ikkje er handa di, det er heile innsida av hovudet ditt, og matrøret heilt ned til magen. Heile kroppen min
braut ut i ei sveittetokt, og eg kveltest og kveltest.
Utan eit ord sende ho meg horchataen min, og eg klarte å få sugerøret inn i munnen og saug hardt på det, svelgde
ned halvparten på ein gong.
«Det finst ein skala, Scoville-skalen, som vi chili­
elskarar bruker for å snakke om kor sterk ulike type pepar
er. Rein capsaicin er om lag 15 millionar Scoville. Tabasko
er om lag 50 000. Peparspray er gode tre millionar. Desse
greiene er stakkarslege 200 000, omtrent som ein mild
scotch bonnet-pepar. Eg jobba meg opp til det i løpet av eit
år. Nokre skikkeleg hardcore folk kan ete ting som er rangert til ein million, tjue gonger sterkare enn tabasko. Det er
ganske jævlig sterkt. Ved slike Scoville-temperaturar badar
181
hjernen din i endorfin. Det er ein betre måte å bli høg på
enn hasj. Og det er sunt.»
Øyregangane var i ferd med å opne seg igjen, og eg var i
stand til å puste utan å gispe.
«Du kjem sjølvsagt til å merke ein skikkeleg ring av eld
når du går på dass,» sa ho og blunka.
Au.
«Du er galen,» sa eg.
«Fine ord frå ein som har som hobby å bygge og knuse
laptopar,» sa ho.
«Ein–null til deg,» sa eg og slo meg i panna.
«Vil du ha litt?» Ho heldt fram sprayboksen.
«Pass,» sa eg så fort at vi lo, begge to.
Då vi gjekk ut av restauranten og gjekk mot Dolores
Park, tok ho handa rundt midja på meg, og eg merka at ho
var akkurat så høg at det passa at eg tok handa rundt skuld­
rene hennar. Det var nytt. Eg hadde aldri vore ein høg fyr,
og alle jentene eg hadde deita, hadde vore like høge som eg.
Tenåringsjenter veks raskare enn gutar, eitt av naturen sine
vondskapsfulle triks. Det var fint. Det kjendest fint.
Vi runda hjørnet på 20th Street og gjekk oppover mot
Dolores. Før vi hadde teke eit einaste seg, kunne vi føle
summinga. Det var som ein million bier. Det var ein masse
folk som strøymde mot parken, og då eg såg sjølve parken,
såg eg at det var hundre gonger meir folksamt enn då eg
gjekk for å møte Ange.
Synet av det gjorde blodet mitt heitare i årane. Det var
ein vakker, kjølig kveld, og vi skulle feste, feste skikkeleg,
som om morgondagen ikkje fanst. «La oss eta og drikka; for
i morgon døyr me!»
Utan å seie noko byrja vi begge å springe. Det var mykje
politi rundt omkring, dei hadde stramme ansikt, men kva i
helvete kunne dei eigentleg gjere? Det var ein masse folk i
182
parken. Eg er ikkje så god til å telje folkemengder. Avisene
siterte seinare dei som organiserte på at det var 20 000; politiet sa 5000. Kanskje det var 12 500.
Same kan det vere. Det var fleire enn eg nokon gong
hadde stått i lag med, som del av eit uannonsert, ikkje tillate,
ulovleg arrangement.
Vi var inne blant dei på ein blunk. Eg kan ikkje sverje på det, men eg trur ikkje det var nokon over 25 i denne
kroppspressa. Alle smilte. Nokre småkids var der, 10 eller
12, og det fekk meg til å føle meg tryggare. Ingen ville gjere
for dumme ting med så unge folk i mengda. Ingen ville sjå
småungar bli skadde. Dette skulle berre vere ein strålande
vårleg festkveld.
Eg fann ut at det vi måtte gjere, var å presse oss gjennom til tennisbanane. Vi tråkla oss gjennom mengda, og for
å halde saman tok vi kvarandre i hendene. Berre at det å
halde saman ikkje kravde at vi tvinna fingrane inn i kvar­
andre. Det gjorde vi berre fordi vi hadde lyst til det.
Alle banda var inne på tennisbanane, med gitarane og
miksarane og tangentbretta og til og med eit trommesett.
Seinare, på Xnet, fann eg ein Flickr-straum der det var bilete
av korleis dei smugla alle desse greiene inn, bit for bit, i gymbagar og under jakkene. På toppen av det heile var det digre
høgtalarar der, slike som du ser i forretningar for bilrekvisita,
og ved sida av, ein stabel … bilbatteri. Eg lo. Genialt! Det var
slik dei fekk straum. Frå der eg stod, kunne eg sjå at det var
batteri frå ein hybridbil, ein Prius. Nokon hadde teke ut innmaten i ein økobil for å gi straum til underhaldninga. Batteria
heldt fram utanfor banen, i ein stabel opp mot gjerdet, kopla
til hovudstabelen med leidningar gjennom sprinklane. Eg
talde – 200 batteri! Herregud! Dei greiene vog eit tonn også.
Dei måtte ha hatt epost og wikiar og epostlister for
å organisere dette. Og folk som var så smarte som dette,
183
kunne ikkje ha brukt det offentlege internettet. Heile greia
hadde gått føre seg på Xnet, det ville eg ha vedda støvlane
mine på.
Vi berre stod og blei puffa rundt i mengda ei stund medan banda stemde gitarane og diskuterte. Eg såg Trudy Doo
langt borte på tennisbanane. Ho såg ut som om ho var i eit
bur, som ein proffbrytar. Ho hadde på seg ei fillete helse­
trøye, og håret var i lange, sjølvlysande rosa dreads ned til
midja. Ho hadde militærbukser og digre goth-aktige støvlar
med stålplater over tærne. Medan eg såg på, tok ho opp ei
tung motorsykkeljakke, sliten som ein baseballhanske, og
tok henne på som om ho var ei armert rustning. Ho var sikkert armert, innsåg eg.
Eg prøvde å vinke til henne, sikkert for å imponere
Ange, men ho såg meg ikkje, og eg såg litt ut som ein dust,
så eg stoppa. Energien i mengda var fantastisk. Du høyrer
folk snakke om «vibbar» og «energi» om store folkeforsamlingar, men før du har opplevd det, tenkjer du sikkert at dei
snakkar i metaforar.
Det gjer dei ikkje. Smila er smittsame og store som
vassmelonar, og dei finst på alle ansikt. Alle dansar litt til
ein rytme ingen kan høyre, svingar på skuldrene. Går med
rullande hofter. Vitsar og ler. Alle stemmer har ein tett og
opphissa tone, som fyrverkeri som skal til å gå av. Og du
kan ikkje anna enn å bli ein del av det. Fordi du er det.
Innan banda sette i gang, var eg heilt stein på vibbar.
Opningsbandet spelte ei eller anna form for serbisk turbofolkemusikk, som eg ikkje kunne finne ut av å danse til. Eg
kan danse til nøyaktig to typar musikk: trance (subb rundt
og la musikken styre rørslene) og punk (hopp rundt til du
blir skadd eller utsliten eller begge delar). Den neste gruppa
var hiphoparar frå Oakland, med eit thrashmetallband som
akkompagnement, noko som var betre enn det høyrest ut.
184
Så noko tyggegummipop. Så kom Speedwhores på scenen,
og Trudy Doo steig fram til mikrofonen.
«Eg heiter Trudy Doo, og du er ein idiot dersom du stolar på meg. Eg er trettito, og det er for seint for meg. Eg er
fortapt. Eg er stuck i gamle tenkjemåtar. Eg tek framleis fridommen min for gitt og lèt folk ta han frå meg. De er den
første generasjonen som veks opp i Gulag-Amerika, og de
veit kva fridommen dykkar er verdt, til siste forbanna øre!»
Mengda brølte. Trudy spelte raske, lette, nervøse akkordar på gitaren, og bassgitaristen – ei diger, feit jente med
lesbesveis, endå større støvlar og eit smil du kunne opne
ølflasker med – var allereie i gang med å legge eit hardt og
tett bassteppe under musikken. Eg hadde lyst til å hoppe.
Eg hoppa. Ange hoppa saman med meg. Vi sveitta fritt ut i
kvelden, som osa av sveitte og marihuanarøyk. Varme kroppar krasja inn i oss frå alle sider. Dei hoppa òg.
«Ikkje stol på nokon over 25!» ropte ho.
Vi brølte. Vi var ein einaste stor dyrekjeft som brølte.
«Ikkje stol på nokon over 25!»
«Ikkje stol på nokon over 25!»
«Ikkje stol på nokon over 25!»
«Ikkje stol på nokon over 25!»
«Ikkje stol på nokon over 25!»
«Ikkje stol på nokon over 25!»
Ho hamra ut nokre harde akkordar på gitaren, og den
andre gitaristen – ei lita fe av ei jente med eit ansikt som
bogna av piercingar – fylte inn, spelte tviddelidi, høgt oppe,
forbi tolvte bandet på gitaren.
«Det er vår jævla by! Det er vårt jævla land. Ingen terrorist skal ta det frå oss så lenge vi er frie. Når vi ikkje er frie, så
er det terroristane som vinn! Ta det tilbake! Ta det tilbake!
De er unge nok og dumme nok til ikkje å vite at de ikkje kan
vinne, så de er dei einaste som kan vinne! Ta det tilbake!»
185
«TA DET TILBAKE!» brølte vi. Ho slo hardt på strengane.
Vi brølte noten tilbake, og så blei alt saman veldig veldig HØGT.
E g dansa til e g var så u tsliten at eg ikkje kunne danse eit einaste steg til. Ange dansa ved sida av meg.
Teknisk sett gneid vi dei sveitte kroppane våre mot kvarandre i fleire timar, men tru det eller ei, eg var ikkje nokon
kåtpeis der og då. Vi dansa, fortapte i den guddommelege
rytmen og trampinga og skrikinga – TA DET TILBAKE! TA
DET TILBAKE!
Då eg ikkje kunne danse meir, tok eg handa hennar, og
ho klemde mi som om eg heldt henne igjen frå å falle ned
frå ein høg bygning. Ho drog meg mot utkanten av mengda, der det var opnare og kjøligare. Der ute, i utkanten av
Dolores Park, kom den kjølige lufta, og sveitten blei straks
iskald på kroppen. Vi skalv og ho kasta armane rundt meg.
«Varm meg,» kommanderte ho. Eg trong ikkje noko hint.
Eg klemde henne tilbake. Hjertet hennar var eit ekko av dei
raske rytmane frå scenen – breakrytmar no, raske og aggressive og ordlause.
Ho lukta sveitte, ein skarp dåm som akkurat då kjendest god i nasen. Eg visste eg lukta sveitte òg. Nasen min var
sikta rett mot toppen av hovudet hennar, og ansiktet hennar var akkurat ved kragebeinet mitt. Ho tok hendene sine
opp på nakken min og drog til.
«Kom deg ned her, eg tok ikkje med gardintrapp,» sa
ho, og eg prøvde å smile, men det er vanskeleg å smile medan du kyssar.
Som sagt, eg hadde kyssa tre jenter i mitt liv. To av dei
hadde aldri kyssa nokon før. Ei av dei hadde deita sidan ho
var tolv år. Ho hadde problem.
Ingen av dei kyssa som Ange. Ho gjorde heile munnen sin mjuk, som innsida av ei moden frukt, og stakk ikkje
186
tunga hardt inn i munnen min, men sneik henne inn, og
saug leppene mine inn i munnen sin samstundes, slik at det
var som om munnane våre smelta saman. Eg høyrde meg
sjølv klynke og eg klemde henne hardare.
Sakte, varsamt, la vi oss ned på graset. Vi låg på sida og
heldt om kvarandre, og kyssa og kyssa. Verda forsvann, det
var berre eit kyss igjen.
Hendene mine fann rumpa hennar, midja hennar.
Kanten av t-skjorta hennar. Den varme magen, den mjuke
navlen. Dei sneik seg oppover. Ho klynka òg.
«Ikkje her,» sa ho. «La oss gå dit.» Ho peikte over
gata til den kvite kyrkja som gir Mission Dolores Park og
Mission-bydelen namna sine. Hand i hand, med rask gange,
gjekk vi over vegen til kyrkja. Det var store søyler ved inngangen. Ho skauv ryggen min opp mot ein av dei, og drog
hovudet mitt ned mot hennar igjen. Hendene mine gjekk
raskt og modig tilbake til skjorta hennar. Eg sneik dei opp­
over på framsida.
«Det er bak du opnar,» kviskrar ho inn i munnen min.
Eg hadde ein stå som var hard nok til å skjere glas med. Eg
flytta hendene hennar bak til ryggen, som var sterk og brei,
og fann hekta med fingrane, dei skalv. Eg fomla ei lita stund,
og tenkte på alle vitsane om kor elendige gutar er til å opne
bh-ar. Eg var elendig. Så gjekk hektene opp. Ho gispa inn
i munnen min. Eg sneik hendene rundt, og kjende kor våt
ho var under armane – noko som av ein eller annan grunn
kjendest sexy og ikkje det minste ekkelt – og strauk langs
sidene av puppane hennar.
Då starta sirenene.
Dei var høgare enn noko eg hadde høyrt før. Ein lyd du
kunne kjenne på kroppen, som noko som kunne blåse deg
over ende. Ein lyd så høg som det høgaste øyrene dine kunne ta imot, og så endå høgare.
187
«LØYS DYKK OPP MED EIN GONG,» sa ei stemme, som
om det var Gud som romsterte i hovudet mitt.
«DETTE ER EI ULOVLEG FORSAMLING. LØYS DYKK
OPP MED EIN GONG.»
Bandet hadde slutta å spele. Lyden av mengda på andre
sida av gata endra seg. Det var lyden av frykt. Av sinne.
Eg høyrde eit klikk då høgtalaranlegget av bilhøgtalarar og bilbatteri blei slått på igjen.
«TA DET TILBAKE!»
Det var eit trassig rop, som noko ropt mot bølgjene frå
ei klippe.
«TA DET TILBAKE!»
Mengda snerra, ein lyd som fekk håret i nakken min til
å reise seg.
«TA DET TILBAKE!» messa dei. «TA DET TILBAKE TA
DET TILBAKE TA DET TILBAKE!»
Politiet gjekk inn på linje, med plastskjold og Darth
Vader-hjelmar som dekte ansikta deira. Alle hadde svarte
politikøller og infraraude briller. Dei såg ut som soldatar frå
ein eller annan futuristisk krigsfilm. Dei tok eit unisont steg
framover, og alle slo politikøllene mot skjolda, eit bulder
som om jorda heldt på å sprekke opp. Eit steg fram, eit nytt
knak. Dei var rundt heile parken no, og nærma seg.
«LØYS DYKK OPP MED EIN GONG,» sa Guds stemme igjen. Det var helikopter over hovuda våre. Men ingen
flomlys. Infraraude briller, nettopp. Sjølvsagt. Dei hadde
infraraude teleskop der oppe også. Eg drog Ange med mot
døropninga i kyrkja, bort frå politiet og helikoptra.
«TA DET TILBAKE!» brølte høgtalaranlegget. Det var
Trudy Doo, og eg høyrde gitaren hennar slamre fram nokre
akkordar, deretter trommene og den store, djupe bassen.
«TA DET TILBAKE!» svarte mengda, og dei kokte over,
ut av parken, mot politilinjene.
188
Eg har aldri vore i krig, men no trur eg at eg veit korleis
det er. Korleis det er når forskremde ungar spring over ei
slette, medan dei veit kva som kjem, rømmer, skrik, vræler.
«LØYS DYKK OPP MED EIN GONG,» sa Guds stemme.
Ho kom frå trailerar som stod parkerte rundt heile parken,
trailerar som hadde svinga på plass dei siste få sekunda.
Det var då skodda fall. Ho kom ut frå helikoptra, og vi
var berre ved kanten av henne. Det fekk toppen av hovudet
mitt til å kjennast som om han skulle bli blåst av. Det fekk
biholene mine til å kjennast som om nokon stakk ishakar
inn i dei. Augene mine hovna opp og blei overfløymde av
vatn, halsen snørte seg igjen.
Peparspray. Ikkje 200 000 Scoville. Ein og ein halv million. Dei gassa folkemengda.
Eg såg ikkje det som skjedde no, men eg høyrde det,
over lyden av meg sjølv og Ange som heldt på å bli kvelte
og heldt rundt kvarandre. Først kvelelydane, oppkastlydane.
Gitaren, trommene og bassen som heldt opp, brått som ein
kollisjon. Så hosting.
Så hyling.
Hylinga heldt fram lenge. Då eg kunne sjå igjen, hadde
politiet brillene sine oppe i panna, og helikoptra fløymde
Dolores Park med så mykje lys at det såg ut som dagslys.
Alle såg på parken, noko som var godt nytt, for når lyset
kom på slik, blei alt synleg.
«Kva gjer vi?» spurde Ange. Stemma hennar var tungpusta, redd. Eg stola ikkje nok på stemma til å seie noko ein
augeblink. Eg svelgde nokre gonger.
«Vi går vekk herifrå,» sa eg. «Det er alt vi kan gjere.
Gå herifrå. Som om vi berre var forbipasserande. Ned til
Dolores og til venstre opp mot 16th Street. Som om vi berre
gjekk forbi. Som om dette ikkje har noko med oss å gjere.
«Det går ikkje,» sa ho.
189
«Betre forslag har eg ikkje.»
«Du trur ikkje vi skulle prøve å springe?»
«Nei,» sa eg. «Viss vi spring, så kjem dei etter oss. Om vi
går, så trur dei ikkje vi har gjort noko, og lèt oss vere i fred. Dei
har mange å arrestere. Dei kjem til å vere opptekne lenge.»
Parken var ei rullande mengd av kroppar, barn og vaksne som klora seg sjølve i ansiktet og gispa. Politiet drog dei
etter armholene, batt handledda deira saman med plasthandjern og kasta dei inn i trailerane som tøydokker.
«Ok?» sa eg.
«Ok,» sa ho.
Og det var det vi gjorde. Gjekk, heldt kvarandre i hendene, raskt og forretningsmessig, som to personar som ville
unngå nokon andre sine problem. Den typen gange du går
når du læst som om du ikkje ser ein tiggar eller ikkje vil bli
involvert i eit slagsmål.
Det funka.
Vi kom til hjørnet og heldt fram. Ingen av oss torde å
snakke før vi hadde gått to kvartal. Så pusta eg ut eit gisp av
luft eg ikkje visste at eg hadde halde inne.
Vi kom til 16th Street og gjekk ned mot Mission Street.
Vanlegvis er det eit skremmande nabolag klokka to om natta på ein laurdag. Den natta var det ei lette – dei same gamle
narkisane og horene og langarane og fyllikane. Ingen politi
med køller, ikkje noko gass.
«Mmm,» sa eg i det vi kunne puste inn nattelufta. «Kaffi?»
«Heim,» sa ho. «Heim no, trur eg. Kaffi seinare.»
«Ja,» sa eg. Ho budde oppe i Hayes Valley. Eg såg ein taxi
som køyrde forbi, og vinka han til meg. Det var eit lite mirakel
– det er nesten ingen drosjer når du treng dei i San Francisco.
«Har du pengar til å kome deg heim?»
«Jepp,» sa ho. Taxisjåføren såg på oss gjennom vind­
auget. Eg opna bakdøra så han ikkje skulle dra frå oss.
190
«God natt,» sa eg.
Ho tok hendene bak hovudet mitt og drog ansiktet mitt
til seg. Ho kyssa meg hardt på munnen, det var ikkje noko
seksuelt ved det, men difor også meir intimt på eit vis.
«God natt,» kviskra ho i øyret mitt og steig inn i taxien.
Medan hovudet mitt sumde, augene rann og skamma
brann for å ha overlate alle dei Xnetarane i hendene på DHS
og politiet, gjekk eg heim.
Måndag morgon stod Fred Benson bak bordet til Galvez.
«Galvez kjem ikkje til å undervise denne klassa meir,»
sa han då vi hadde sett oss. Han hadde ein sjølvtilfreds tone
eg kjende igjen med ein gong. På eit innfall såg eg bort på
Charles. Han smilte som om han hadde bursdag og hadde
fått den finaste presangen i verda.
Eg rekte opp handa.
«Kvifor ikkje?»
«Det er ikkje styret sin politikk å diskutere personalsaker
med andre enn den tilsette og disiplinærkomiteen,» sa han,
utan eingong å prøve å skjule kor mykje han likte å seie det.
«Vi skal ta fatt på ein ny fagbolk i dag, om nasjonal tryggleik. Dei nye tekstane er lagde klare på SchoolBookane dykkar.
Ver vennlege og opne dei og gå til det første skjermbiletet.»
Opningsskjermen var pryda med ein DHS-logo og tittelen: DET ALLE AMERIKANARAR BØR VITE OM TRYGGLEIK
I HEIMLANDET.
Eg hadde lyst til å hive SchoolBooken i golvet.
E g hadde av talt å møte Ange på ein kafé i nabolaget hennar etter skulen. Eg hoppa på t-banen og fann meg
sjølv sitjande bak to fyrar i dress. Dei las i San Francisco
Chronicle, som hadde ei heilside om «ungdomsbråket» i
Mission Dolores Park.
191
Dei uffa seg og rista på hovudet over det. Den eine av
mennene sa: «Det er som om dei er hjernevaska eller noko.
Herregud, var vi så dumme ein gong?»
Eg reiste meg og flytta meg til eit anna sete.
« H orer er det dei er ,» sa Ange og spytta ordet ut.
«Eller, det er ei fornærming mot alle dei hardtarbeidande
horene i verda. Dei er, dei er profitørar.»
Vi såg gjennom ein stabel aviser vi hadde plukka opp
og teke med oss til kafeen. Alle hadde «rapportar» frå festen i Dolores Park, og alle som ein fekk det til å høyrast ut
som ein fylle- og narkoorgie av ungar som hadde gått til
åtak på politiet. USA Today rekna ut kor mykje «bråket»
kosta, og inkluderte kostnaden ved å vaske vekk restane av
peparsprayen etter gassbombinga, utbrotet av astmaanfall
som fylte opp akuttmottaka i byen, og kostnaden ved å ta
seg av dei åtte hundre arresterte «bråkmakarane».
Ingen såg det frå vårt perspektiv.
«Vel, Xnet fekk det rett, iallfall,» sa eg. Eg hadde lagra
ein del av bloggane og videoane og fotostraumane på telefonen min og viste dei til henne. Dei var førstehandsrapportar
frå folk som hadde blitt gassa og banka opp. Videoen viste
korleis vi dansa og hadde det gøy, viste dei fredelege politiske talane og ropet om å «ta det tilbake,» og Trudy Doo som
snakka om at vi var den einaste generasjonen som kunne
tru på å kjempe for fridommane våre.
«Folk må få vite dette,» sa ho.
«Ja,» sa eg mørkt. «Det er ein god teori.»
193
«Trur du ikkje at pressa nokon gong vil skrive noko frå
vårt perspektiv?»
«Det var du som sa det, dei er horer.»
«Ja, men horer gjer det for pengar. Dei kunne selje meir
aviser og annonsar om dei hadde meir konflikt. Alt dei har
no, er eit brotsverk – konflikt er mykje større.»
«Ok, godt poeng. Så kvifor gjer dei det ikkje?
Journalistar klarer vel knapt å søke gjennom vanlege bloggar, langt mindre få ferten av Xnet. Det er ikkje akkurat ein
vaksenvennleg stad.»
«Nettopp,» sa ho. «Men vi kan fikse det, kan vi ikkje det?»
«Hæ?»
«Skriv alt ned. Legg det på ein stad, med alle lenkene,
slik at pressa kan finne det og sjå heile saka. Lenk det opp
mot Xnet sine hjelpedokument. Internettbrukarar kan jo
gå inn på Xnet, så lenge dei ikkje bryr seg om at DHS følgjer
med på kvar dei surfar.»
«Trur du at det funkar?»
«Vel, om det ikkje gjer det, så er det iallfall noko positivt som vi kan gjere.»
«Kvifor skulle dei høyre på oss, forresten?»
«Kven ville vel ikkje høyre på M1k3y?»
Eg sette frå meg kaffien, stakk telefonen min i lomma,
reiste meg, snudde på hælen og gjekk ut av kafeen. Eg valde
ei tilfeldig retning og gjekk. Ansiktet mitt kjendest stramt,
blodet hadde dalt ned i magen, som rumla.
Dei veit kven du er, tenkte eg. Dei veit kven M1k3y er.
Om Ange hadde skjønt det, så hadde DHS òg. Eg var fortapt. Eg hadde visst det sidan dei sleppte meg fri frå DHStraileren, ein dag skulle dei kome og arrestere meg og sende
meg vekk for alltid, sende meg dit dei hadde sendt Darryl,
kvar no det var.
Alt var over.
194
Ho takla meg nesten då eg kom til Market Street. Ho
hadde ikkje meir pust igjen og såg rasande ut.
«Kva i helvete er det som er problemet ditt, mister?»
Eg rista henne av meg og heldt fram. Alt var over.
Ho tok tak i meg igjen. «Stopp, Marcus, du skremmer
meg. Kom an, snakk til meg.»
Eg stoppa og såg på henne. Ho blei uklar framfor augene mine. Eg kunne ikkje fokusere på noko. Eg stod med
ei vill lyst til å hoppe framfor ein av trikkane som rasa forbi
midt i vegen. Betre å døy enn å bli teken tilbake.
«Marcus!» Ho gjorde noko eg berre hadde sett folk gjere i filmar. Ho klapsa til meg, eit hardt piskeslag i ansiktet
med handa. «Snakk til meg, for satan!»
Eg såg på henne, tok handa mi til ansiktet der det stakk.
«Ingen skal vite kven eg er,» sa eg. «Eg kan ikkje seie
det klarare enn det. Om du veit det, så er alt over. Med ein
gong folk veit, så er alt over.»
«Åh, herregud, unnskyld. Høyr her, eg veit det berre
fordi eg pressa det ut av Jolu. Etter festen forfølgde eg deg
litt, for å finne ut om du verkeleg var så bra som du verka,
eller ein øksemordar. Då eg spurde Jolu om deg, så fossa
det ut av han, som om du var Kristi gjenkomst eller noko
slikt, men eg forstod at det var noko han ikkje fortalde
meg. Eg har kjent Jolu lenge. Han deita søstera mi på dataleir då han var mindre. Eg har mykje drit på han, for å seie
det slik. Eg sa at eg skulle spreie det for all verda om han
ikkje sa det.»
«Så han sa det.»
«Nei,» sa ho. «Han bad meg dra til helvete. Så fortalde eg
noko om meg sjølv. Noko eg aldri hadde fortalt nokon før.»
«Kva?»
Ho såg på meg. Såg seg rundt. Såg tilbake på meg.
«Okei. Eg skal ikkje be deg sverje på å halde det hemmeleg,
195
for kva er poenget med det? Enten kan eg stole på deg, eller
så kan eg ikkje det.»
«I fjor –» Ho avbraut seg sjølv. «I fjor stal eg standardtestane og publiserte dei på nettet. Det var berre på gøy. Eg
gjekk tilfeldigvis forbi rektors kontor og eg såg dei i safen
hans, og døra var open. Eg stupte inn på kontoret hans –
det var seks kopiar av testane, og eg tok ein i sekken min og
gjekk. Då eg kom heim, skanna eg dei og la dei på ein Pirate
Bay-server i Danmark.»
«Var det du?» sa eg.
Ho raudna. «Eh. Ja.»
«Fyttihelvete!» sa eg. Det hadde vore stort. Stats­
skulestyret hevda at testane, med tittelen ‘Ingen barn i bakleksa’, hadde kosta titals millionar dollar å lage, og at dei måtte bruke tilsvarande summar for å lage dei på nytt no når dei
hadde blitt utsette for lekkasje. Dei kalla det «utdanningsterrorisme». Pressa hadde spekulert i det uendelege om dei politiske motiva bak, om det var ein lærar som protesterte, eller
ein elev, eller ein tjuv, eller ein misnøgd kontraktsarbeidar.
«Var det DU?»
«Det var eg,» sa ho.
«Og du sa det til Jolu –»
«Fordi eg ville at han skulle vere sikker på at eg skulle
halde på løyndommen. Om han kjende min løyndom, så
hadde han noko han kunne bruke for å setje meg i fengsel
om eg ville bruke mi felle mot han. Gi litt, og få litt tilbake.
Quid pro quo, som i Nattsvermeren.»
«Og han fortalde det til deg.»
«Nei,» sa ho. «Det gjorde han ikkje.»
«Men –»
«Så sa eg kor interessert eg var i deg. Korleis eg planla
å dumme meg skikkeleg ut og kaste meg over deg. Då fortalde han meg det.»
196
Eg kom ikkje på noko å seie då. Eg såg ned på tærne
mine. Ho tok hendene mine og eg klemde dei.
«Eg er lei for at eg pressa det ut av han. Det var du som
skulle fortelje det til meg ein gong, om nokon gong. Eg hadde ingenting med å –»
«Nei,» sa eg. No då eg visste korleis ho fann ut av det,
byrja eg å roe meg. «Nei, det er bra at du veit. Du.»
«Eg,» sa ho. «Vesle gode gamle meg.»
«Okei, eg kan leve med dette. Men det er ein ting til.»
«Kva?»
«Det er umogleg å seie dette utan å høyrast ut som ein
kødd, så eg skal berre seie det. Folk som deitar kvarandre – eller kva det no er vi gjer – går frå kvarandre. Når dei går frå
kvarandre, blir dei sinte på kvarandre. Av og til hatar dei kvarandre. Det er skikkeleg kaldt av meg, men vi må tenkje på det.»
«Eg lovar på tru og ære at det ikkje finst noko i verda du
kunne gjere imot meg som kunne få meg til å avsløre løyndommen din. Ingenting. Pul eit dusin heiajenter i senga
mi medan mor mi ser på. Tving meg til å høyre på Britney
Spears. Ta laptopen min, knus han med ein hammar og
bløyt han i saltvatn. Eg lovar. Ingenting. Nokon gong.»
Eg sleppte ei mengd luft ut frå lungene.
«Hmm,» sa eg.
«Dette vil vere eit bra tidspunkt å kysse meg på,» sa ho
og snudde ansiktet oppover.
M 1 k3ys ne ste store prosjek t på Xnet var å setje
saman den definitive samlinga av rapportar frå IKKJE STOL
PÅ-festen i Dolores Park. Eg sette saman den største, tøffaste nettsida eg kunne, med avdelingar som viste kva som
skjedde på ulike stader i parken, på ulike tidspunkt, etter
ulike kategoriar – politivald, dansing, etterspel, syning. Eg
lasta opp heile konserten.
197
Det var omtrent alt eg arbeidde med heile kvelden. Og
kvelden etter. Og den neste.
Innboksen min fløymde over med innspel. Dei sende meg bilete frå telefonane og lommekamera sine. Så
fekk eg ein epost frå eit namn eg kjende igjen – Dr. Eeevil
(med tre e-ar), ein av dei viktigaste vedlikehaldarane av
ParanoidLinux.
> M1k3y
> Eg har følgt Xnet-eksperimentet ditt med stor interesse.
Her i Tyskland har vi jo mykje erfaring med kva som skjer når sty­
resmaktene kjem ut av kontroll.
> Ein ting du burde vite om er at alle kamera har ein unik
«støysignatur» som kan bli brukt til å kople eit bilete til eit visst
kamera. Det tyder at fotoa du publiserer på nettsida di, potensielt
sett kan bli brukt til å identifisere fotografane, om dei skulle bli
tekne for noko anna.
> Heldigvis er det ikkje så vanskeleg å fjerne desse signatu­
rane, om du vil. Det er eit verktøy på ParanoidLinux-distroen du
bruker som gjer det – det heiter photonomous, og du finn det i /
urs/bin. Berre les man-sidene for rettleiing. Det er ganske lett.
> Lykke til med det du held på med. Ikkje bli teken. Ver fri. Ver
paranoid.
> Dr. Eeevil
Eg fjerna fingeravtrykka frå alle fotoa eg hadde posta,
og la dei ut på nytt, med ei forklaring av det Dr. Eeevil hadde
sagt, og bad alle om å gjere det same. Alle hadde den same
grunnleggande ParanoidXbox-installasjonen, så vi kunne
anonymisere alle bileta våre. Det var ingenting eg kunne
gjere med bileta som allereie hadde blitt lasta ned og lagra,
men frå no av skulle vi vere smartare.
Meir tenkte eg ikkje på det den kvelden, til eg gjekk ned
til frukost neste morgon og mamma hadde radioen på, med
nyhendesendinga frå NPR.
198
«Det arabiske nyhendebyrået Al-Jazeera har bilete, video og førstehandsrapportar frå ungdomsbråket i Mission
Dolores Park,» sa opplesaren i det eg drakk eit glas appelsinjuice. Eg klarte å la vere å sprute juicen gjennom rommet,
men eg sette han i halsen.
«Journalistane i Al-Jazeera hevdar at desse rapportane blei publiserte på det såkalla ‘Xnet’, eit hemmeleg nettverk brukt av studentar og al-Qaida-sympatisørar i Bayområdet. Rykta om dette nettverket har gått lenge, men i
dag er første gongen det blir kjent i massemedia.»
Mamma rista på hovudet. «Akkurat det vi treng,» sa ho.
«Som om politiet ikkje var ille nok. Ungar som spring rundt,
læst som dei er gerilja og gir dei påskot til verkeleg å slå til.»
«Webloggane på Xnet har lagt ut hundrevis av rapportar og multimediafiler frå unge folk som var til stades
på opprøret, og hevdar at samlinga var fredeleg før politiet
gjekk til åtak på dei. Her er ein av dei rapportane.
‘Alt vi gjorde var å danse. Eg tok med veslebroren min.
Det var band som spelte, og vi snakka om fridom og at vi held
på å miste fridommen over til dei der jævlane som seier dei
hatar terroristar, men som angrip oss sjølv om vi ikkje er terroristar. Eg trur det er fridommen dei hatar, ikkje terroristar.
Vi dansa og banda spelte og det var berre gøy og bra og
så byrja politiet å rope at vi skulle løyse oss opp. Alle saman
ropte ta det tilbake! Altså ta Amerika tilbake. Politiet gassa
oss med peparspray. Veslebroren min er tolv. Han måtte
vere vekke frå skulen i tre dagar. Dei dumme foreldra mine
seier det er min feil. Kva med politiet? Vi betaler dei og det
er meininga dei skal gjere oss trygge, men dei gassa oss utan
grunn, gassa oss slik dei gassar fiendtlege soldatar.’
Liknande forteljingar, inkludert lyd og video, kan bli
funne på nettsida til Al-Jazeera og på Xnet. På NPR si heime­
side kan du finne lenker for å gå inn på det såkalla Xnet.»
199
Pappa kom ned.
«Bruker du Xnet?» spurde han. Han såg intenst på ansiktet mitt. Eg krympa meg.
«Det er til å spele spel på,» sa eg. «Det er det dei fleste
bruker det til. Det er berre eit trådlaust nett. Det er det alle
gjorde med dei gratis Xboxane som blei delte ut i fjor.»
Han glodde på meg. «Spel? Marcus, du forstår det ikkje,
men du dekker over for folk som planlegg å angripe og øydelegge dette landet. Eg vil ikkje ha noko av at du bruker
dette Xnet. Ikkje no meir. Forstått?»
Eg hadde lyst til å krangle. Faen, eg hadde lyst til å ta
han i skuldrene og riste han. Men det gjorde eg ikkje. Eg såg
vekk. Eg sa: «Greitt, pappa.» Eg gjekk på skulen.
F ør st var e g let ta då eg skjønte at Benson ikkje
skulle stå for undervisinga i samfunnsfag. Men dama dei
fann til erstatning, var eit mareritt.
Ho var ung, rundt tjueåtte eller tjueni, og søt, på ein
sunn måte. Ho var blond og snakka med sørstatsaksent
då ho presenterte seg for oss som fru Andersen. Det fekk
alarmklokka til å ringe med ein gong. Eg visste ikkje om nokon kvinner under seksti som kalla seg sjølv «fru».
Men eg var førebudd på å oversjå det. Ho var ung, søt,
ho hadde ei fin stemme. Ho var sikkert ok.
Ho var ikkje ok.
«Under kva for omstende burde dei føderale styresmaktene vere førebudde på å setje til sides grunnlova?»
spurde ho og snudde seg mot tavla og skreiv ned ei rekke tal,
ein til ti.
«Aldri,» sa eg, utan å vente på tur. Det var lett.
«Konstitusjonelle rettar er absolutte.»
«Det er ikkje ein særleg avansert måte å sjå det på.» Ho
såg på klassekartet. «Marcus. For eksempel, la oss seie at
200
ein politimann utfører ei ransaking utan løyve til det – han
går ut over den fullmakta han har fått. Han oppdagar overbevisande bevis på at ein forbrytar drap far din. Det er det
einaste beviset som finst. Skulle forbrytaren gå fri?»
Eg visste svaret på dette, men eg kunne ikkje heilt forklare det. «Ja,» sa eg til slutt. «Men politiet skulle ikkje utføre ransakingar utan løyve –»
«Feil,» sa ho. «Den rette reaksjonen på polititenestefeil er ein disiplinærreaksjon mot politiet, ikkje å straffe
heile samfunnet for ein politimann sin feil.» Ho skreiv
«Straffeskuld» under punkt ein på tavla.
«Andre måtar grunnlova kan bli sett til side på?»
Charles retta opp handa. «Om du roper brann i ein full
teatersal?»
«Veldig bra» – ho såg på klassekartet – «Charles. Det
er mange tilfelle der Det første grunnlovstillegget ikkje er
absolutt. La oss liste opp litt fleire.»
Charles retta opp handa igjen. «Å setje ein polititeneste­
mann i fare.»
«Ja, å avsløre identiteten til ein undercoverpolitimann
eller etterretningsoffiser. Veldig bra.» Ho skreiv det ned.
«Andre ting?»
«Nasjonal tryggleik,» sa Charles, utan å vente på tur.
«Injurie. Utukt. Pedofili. Barneporno. Bombeoppskrifter.»
Fru Andersen skreiv ned desse raskt, men stoppa ved
barne­porno. «Barneporno er berre ei form for utukt.»
Eg kjende meg kvalm. Dette var ikkje det eg hadde lært
eller trudde om landet mitt. Eg retta opp handa.
«Ja, Marcus?»
«Eg forstår ikkje. Du får det til å høyrast ut som om
grunnlova er ei valfri greie. Grunnlova er absolutt.»
«Det er ei vanleg forenkling,» sa ho og gav meg eit falskt
smil. «Men faktum er at dei som skreiv den amerikanske
201
grunnlova, meinte at det skulle vere eit levande dokument
som skulle bli revidert over tid. Dei forstod at den amerikanske republikken ikkje kunne vare evig om regjeringa
plutseleg ein dag ikkje kunne styre etter krava i ei ny tid.
Dei ville ikkje at grunnlova skulle bli sett på som ein religiøs doktrine. Når alt kjem til alt, så kom dei jo hit fordi dei
flykta frå religiøse doktrinar.»
Eg rista på hovudet. «Hæ? Nei. Dei var forretningsmenn og handverkarar som var lojale mot kongen, inntil
han byrja ein politikk som gjekk imot interessene deira. Dei
religiøse flyktningane kom mykje tidlegare.»
«Nokre av opphavsmennene nedstamma frå religiøse
flyktningar,» sa ho.
«Og grunnlova er ikkje noko du kan peike på og velje frå. Det opphavsmennene hata, var tyranni. Det er det
grunnlovstillegga om borgarrettar skal setje ein stoppar for.
Dei var ein revolusjonshær, og dei ville ha eit sett av prinsipp som alle kunne vere einige i. Liv, fridom og å søke lykke.
Folket sin rett til å kaste undertrykkarar.»
«Ja, ja,» sa ho og vinka til meg. «Dei trudde på folk sin
rett til å bli kvitt kongane sine, men –» Charles smilte, og då
ho sa det, smilte han endå breiare.
«– dei skreiv grunnlovstillegga om borgarrettar fordi
dei meinte at absolutte rettar var betre enn å risikere at nokon skulle ta rettane vekk. Som det første grunnlovstillegget: Det skal trygge oss ved å hindre at styresmaktene skal
lage to former for tale, lovleg tale og ulovleg tale. Dei ville
ikkje risikere at eit eller anna fjols skulle bestemme at det
han ikkje likte, skulle vere ulovleg.»
Ho snudde seg og skreiv «Liv, fridom og å søke lykke»
på tavla.
«Vi går litt fort fram her, men de verkar som ei avansert
klasse.» Dei andre lo av dette, ein nervøs latter.
202
«Regjeringa si rolle er å sikre borgarane rettane til liv,
fridom og å søke lykke. I den rekkefølgja. Det er som eit filter. Om regjeringa vil gjere noko som gjer oss litt mindre
lykkelege, eller tek vekk litt av fridommen vår, er det ok, dersom det er for å redde liva våre. Det er difor politiet kan låse
deg inne dersom dei meiner at du er ein fare for deg sjølv eller andre. Du mistar fridommen og lykka for å verne liv. Om
du har liv, så kan du kanskje få fridom og lykke seinare.»
Nokre av dei andre hadde hendene i vêret. «Tyder ikkje
det at dei kan gjere det dei vil, om dei seier at det er for å
hindre nokon i å skade oss i framtida?»
«Einig,» sa ein annan. «Det høyrest ut som om du seier
at nasjonal tryggleik er viktigare enn grunnlova.»
Eg var så stolt av medelevane mine då. Eg sa: «Korleis
kan du verne fridom ved å setje til sides grunnlova?»
Ho rista på hovudet som om ho syntest vi var veldig
dumme. «Dei ‘revolusjonære’ grunnlovsfedrane skaut landssvikarar og spionar. Dei trudde ikkje på absolutt fridom, ikkje når republikken var trua. Tenk no på desse Xnet-folka –»
Eg prøvde hardt å ikkje stivne.
«– desse såkalla jammarane som media snakka om i
dag tidleg. Etter at folk som har erklært krig mot landet vårt,
gjekk til åtak på denne byen, gjekk dei i gang med å sabotere
tryggingstiltaka som er sette opp for å ta forbrytarane og
hindre dei i å gjere det igjen. Dei gjorde dette ved å setje
medborgarane sine i fare og plage dei –»
«Dei gjorde det for å vise at rettane våre held på å bli
tekne frå oss, under dekke av å verne dei!» sa eg. Okei, eg
ropte. Herregud, ho tirra meg så. «Dei gjorde det fordi styresmaktene behandla alle som terrormistenkte.»
«Så dei ville bevise at dei ikkje burde bli behandla som
terroristar,» ropte Charles tilbake, «og difor oppførte dei seg
som terroristar? Difor gjorde dei seg skuldige i terrorisme?»
203
Eg kokte.
«Å for Guds skuld. Gjorde seg skuldige i terrorisme?
Dei viste at overvaking overalt er farlegare enn terrorisme.
Sjå på det som hende i parken i helga. Dei folka dansa og
høyrde på musikk. Kvar er terroren i det?»
Læraren gjekk gjennom rommet og stod framfor meg i
truande positur til eg tagde. «Marcus, du ser ut til å meine
at ingenting har forandra seg. Du må forstå at bombinga av
Bay Bridge endra alt. Tusenvis av vennene og familiemedlemmene våre ligg døde på botnen av bukta. Dette er ei tid
då landet må stå saman overfor det valdelege overgrepet
landet vårt har gjennomlidd –»
Eg reiste meg. Eg hadde fått nok av dette «alt er
forandra»-dritpreiket. «Landet må stå saman? Heile poenget med Amerika er at vi er landet der meiningsskilnader er
velkomne. Vi er eit land av dissidentar og kranglefantar og
halvstuderte røvarar og ytringsfridomselskarar.»
Eg tenkte på den siste timen til Galvez og dei tusenvis
av Berkeley-studentar som hadde omringa politibilen då dei
prøvde å arrestere ein fyr for å distribuere borgarrettslitteratur.
Ingen prøvde å stoppe trailerane som køyrde vekk med alle dei
som hadde dansa i parken. Eg prøvde ikkje. Eg gjekk derifrå.
Kanskje alt hadde forandra seg.
«Eg trur du veit kvar Bensons kontor er,» sa ho til meg.
«Du har å møte opp hos han med ein gong. Eg vil ikkje ha
noko av at timane mine blir avbrotne av respektlaus oppførsel. For å vere ein som hevdar å elske ytringsfridom, er du
svært så villig til å rope ned alle som er ueinige med deg.»
Eg tok opp SchoolBooken og sekken min og storma ut.
Døra hadde dørpumpe, så ho var umogleg å smelle igjen, elles hadde eg gjort det.
Eg gjekk fort til Bensons kontor. Kamera filma meg
medan eg gjekk. Ganglaget mitt blei teke opp. Arphidane
204
på studentbeviset mitt kringkasta identiteten min til sensorar i gangen. Det var som å vere i fengsel.
«Lat igjen døra, Marcus,» sa Benson. Han snudde dataskjermen sin rundt så eg kunne sjå den direkte videostraumen frå samfunnsfagtimen. Han hadde følgt med.
«Kva har du å seie til ditt forsvar?»
«Det der var ikkje undervising, det var propaganda.
Ho fortalde oss at grunnlova ikkje betyr noko!»
«Nei, ho sa at grunnlova ikkje var ein religiøs doktrine.
Og du gjekk til åtak på henne som ein eller annan slags fundamentalist og beviste at ho har rett. Marcus, du av alle burde forstå at alt blei forandra då brua blei bomba. Kameraten
din, Darryl –»
«Berre ikkje sei eit jævla ord om han,» sa eg, sinnet
kokte. «Du skal ikkje snakke om han. Ja, eg forstår at alt er
annleis no. Før budde vi i eit fritt land. Ikkje no lenger.»
«Marcus, kjenner du omgrepet ‘nulltoleranse’?»
Eg rygga. Han kunne utvise meg for «truande oppførsel». Det var meint å bli brukt mot elevar som trakasserte
lærarane. Men han ville sjølvsagt ikkje ha nokon skruplar
mot å bruke det på meg.
«Ja,» sa eg. «Eg veit kva det er.»
«Eg trur du skuldar meg ei unnskyldning,» sa han.
Eg såg på han. Han klarte så vidt å undertrykke det sadistiske smilet sitt. Ein del av meg hadde lyst til å krype. Eg
hadde lyst til å tigge om forlating for all skamma eg følte. Eg
trampa ned den delen og bestemte meg for at eg heller ville
bli utvist enn å be om unnskyldning.
«‘Vi meiner at regjeringar er innstifta blant menneska
for å sikre desse rettane, og at retten deira til å styre byggjer
på samtykket frå dei som blir styrt over. Når ei styreform
blir slik at ho skader desse vilkåra, har folket rett til å avskaffe henne og setje opp eit nytt styre, bygd på dei prinsippa
205
og organisert i dei formene som viser seg mest tenlege for å
sikre velferd og lykke.’» Eg hugsa det ordrett.
Han rista på hovudet. «Å, hugse ting er ikkje det same
som å forstå dei, vesle venn.» Han bøygde seg over datamaskina og klikka nokre gonger. Skrivaren hans summa.
Han gav meg eit varmt brevpapir med skulestyret sin logo
på, der det stod at eg var utvist i to veker.
«Eg sender epost til foreldra dine no. Om du framleis
er på skuleområdet om ein halvtime, blir du arrestert for
innbrot.»
Eg såg på han.
«Du har ikkje lyst til å erklære krig mot meg på min eigen skule,» sa han. «Det er ein krig du ikkje kan vinne. GÅ!»
Eg gjekk.
X n et var ik k je myk je g øy midt i skuletida, i og med
at alle som brukte det, var på skulen. Eg hadde brevet i baklomma på dongeribuksa, og eg heiv det ut på kjøkkenbordet
då eg kom heim. Eg sette meg i stova og slo på tv-en. Eg såg
aldri på tv, men det gjorde foreldra mine. Tv-en og radioen
og avisene var kjeldene til alle ideane dei hadde om verda.
Det eg såg var fælt. Det var så mange grunnar til å vere
redd. Amerikanske soldatar døydde over heile verda. Ikkje
berre soldatar heller. Nasjonale vaktstyrkar, som trudde dei
melde seg for å redde folk frå orkanar, blei stasjonerte andre
stader i verda i årevis, i ein lang og endelaus krig.
Eg zappa rundt på nyhendekanalane, den eine etter
den andre, ei uendeleg rekke av representantar for regjeringa som fortalde oss om grunnar til å vere redde. Ein parade
av bombebilete frå heile verda.
Eg heldt fram med å zappe, og plutseleg såg eg eit kjent
fjes. Det var fyren som hadde kome inn til oss i traileren og
snakka med Streng Frisyre, medan eg sat fastbunden baki.
Han hadde militæruniform. Bilet­teksten identifiserte han
som generalmajor Graeme Suther­land, Regions­komman­d­er­ande i DHS.
«I handa mi har eg litteratur som var til sals på den
såkalla konserten i Dolores Park i helga.» Han heldt fram
207
ein bunke pamflettar. Det hadde vore mykje pamflettar der,
hugsa eg. Om du samlar ei gruppe av folk i San Francisco,
vil det alltid vere pamflettar der.
«Eg vil at de skal sjå litt på desse. La meg lese titlane for
dykk. ‘Utan samtykke: Borgarens handbok for å felle staten.’
Her er ein: ‘Skjedde 11. september-åtaket eigentleg?’ Og ein
annan: ‘Korleis bruke deira eigne tryggingstiltak mot dei’.
Denne litteraturen viser oss det verkelege målet med den
ulovlege samlinga på laurdag. Det var ikkje berre ei utrygg
forsamling av tusenvis av unge folk, utan skikkeleg sikring, eller toalett, for den del. Det var eit rekrutteringsstemne for fienden. Det var eit forsøk på å korrumpere ungar for å få dei til
å omfamne ideen om at Amerika ikkje bør forsvare seg sjølv.
Høyr på dette slagordet: ‘Ikkje stol på nokon over 25.’
Finst det nokon betre måte å sikre at ingen oppegåande, balansert, vaksen diskusjon nokon gong snik seg inn i proterroristbodskapen din på, enn å ekskludere vaksne, avgrense
gruppa di til lettpåverkelege, unge folk?
Då politiet kom til åstaden, fann dei eit rekrutteringsstemne for USAs fiendar. Samlinga hadde allereie forstyrra
kvelden for hundrevis av dei som bur i nabolaget, og som
ikkje hadde blitt spurde då dette nattlege ravepartyet blei
planlagt.
Politiet gav ordre om at mengda skulle løyse seg opp –
det kan vi sjå i videoen – og då opprørarane ville gå til åtak,
egga opp av musikarane på scenen, dempa politiet dei ved å
bruke ikkje-dødelege mengdekontrollteknikkar.
Dei arresterte var gjengleiarar og provokatørar. 827 av
dei blei sette i varetekt. Mange av dei var tidlegare dømde.
Meir enn hundre av dei hadde uteståande arrestordrar. Dei
er framleis i varetekt.
Mine damer og herrar, Amerika kjempar ein kamp på
mange frontar, men ingen stader er vi meir i fare enn her,
208
her heime, enten vi blir angripne av terroristar eller av dei
som sympatiserer med dei.»
Ein journalist retta opp handa og sa: «General
Sutherland, du meiner vel ikkje på alvor at desse barna i parken var terroristsympatisørar fordi dei gjekk på ein fest?»
«Sjølvsagt ikkje. Men når unge folk kjem under påverknad av fiendane våre, er det lett for dei å ende med vatn over
hovudet. Terroristar vil svært gjerne rekruttere ein femtekolonne for å kjempe krigen på heimefronten. Om dette var
mine barn, ville eg vere alvorleg uroa.»
Ein annan journalist stemde i. «Men dette var vel berre
ein vanleg friluftskonsert, herr general? Det var ikkje akkurat rifletrening.»
Generalen tok fram ein bunke bilete og byrja å halde dei
opp. «Dette er bilete som politifolk tok med infraraude kamera før dei storma.» Han heldt bileta opp ved ansiktet sitt
og bladde gjennom dei, eitt for eitt. Han viste folk som dansa
hardt, nokre som blei skvisa eller trakka på. Så viste dei sex i
buskane, ei jente med tre fyrar, to fyrar som klinte. «Det var
ungar ned til tiårsalderen på dette arrangementet. Ein dødeleg cocktail av narkotika, propaganda og musikk som enda i
dusinvis av skadar. Det er eit under at ingen døydde.»
Eg slo av tv-en. Dei fekk det til å sjå ut som om det hadde vore berre bråk. Om foreldra mine hadde trudd eg var
der, ville dei spent meg fast til senga i ein månad og berre
sloppe meg ut med radiohalsband.
Apropos, dei kom til å bli forbanna når dei fann ut at eg
hadde blitt utvist.
De i tok det ik k je pent. Pappa ville gi meg husarrest,
men mamma overtalte han til å la vere.
«Du veit at rektoren har hatt eit horn i sida til Marcus
i årevis,» sa mamma. «Siste gong vi møtte han, banna du
209
i ein halvtime etterpå. Eg trur ordet ‘dritsekk’ blei nemnt
fleire gonger.»
Pappa rista på hovudet. «Å forstyrre klassa for å krang­
le med Tryggleiksdepartementet –»
«Det er samfunnsfag, pappa,» sa eg. Eg var langt frå å
bry meg lenger, men eg følte at dersom mamma skulle forsvare meg, så måtte eg hjelpe henne. «Vi snakka om DHS. Er
ikkje debatt ein bra ting?»
«Høyr her, son,» sa han. Han hadde byrja å kalle meg
«son» heile tida. Det fekk meg til å kjenne det som om han
hadde slutta å tenkje på meg som ein person og gått over til
å tenkje på meg som ei slags halvforma larve som måtte få
rettleiing ut av ungdommen. Eg hata det. «Du blir nøydd
til å lære å leve med det faktumet at vi lever i ei anna verd i
dag. Du har all rett til å seie kva du meiner, sjølvsagt, men
du burde vere førebudd på konsekvensane av det. Du må
forsone deg med at det er folk som lir, som ikkje har lyst til å
krangle om dei finare nyansane i grunnlova, når livet deira
står på spel. Vi er i livbåten no, og når du er i livbåten, er det
ingen som vil høyre på pratet om kor dårleg kapteinen oppfører seg.»
Eg klarte så vidt å halde meg frå å rulle med augene.
«Eg har fått i oppgåve å gjere sjølvstendige studium,
skrive ein stil i alle faga og bruke byen som bakgrunn – ein
historiestil, ein samfunnsfagsstil, ein engelskstil, ein fysikkstil. Det er betre enn å sitje heime og sjå tv.»
Pappa såg hardt på meg, som om han mistenkte at eg
pønska på noko, så nikka han. Eg sa god natt til dei og gjekk
opp på rommet. Eg fyrte opp Xboxen, opna eit skriveprogram og byrja å idémyldre til stilane. Kvifor ikkje? Det var
verkeleg betre enn å sitje tiltakslaus.
210
E g enda o pp med å chatte lenge med Ange den kvelden. Ho forstod alt saman og sa at ho skulle hjelpe meg med
stilane om eg ville møte henne etter skuletid dagen etter. Eg
visste kvar skulen hennar var – ho gjekk på same skule som
Van – heilt borte i East Bay, der eg ikkje hadde vore sidan
bombene.
Eg var skikkeleg spent på å sjå henne igjen. Kvar kveld
sidan festen hadde eg gått til sengs med to tankar i hovudet: synet av folkemengda som går mot politiet, og kjensla
av sida av puppen hennar under skjorta då vi lente oss mot
søyla. Ho var fantastisk. Eg hadde aldri vore med ei så … aggressiv jente før. Det hadde alltid vore eg som hadde prøvd
meg, og så blitt dytta vekk. Eg fekk kjensla av at Ange var like
mykje av ein kåtpeis som eg var. Det var ein pirrande tanke.
Eg sov godt den natta, med spennande draumar om
meg og Ange og det vi kanskje ville gjere på ein eller annan
tilbaketrekt stad.
Neste dag sette eg i gang med å jobbe med stilane.
San Francisco er ein god stad å skrive om. Historie? Det er
det massevis av, frå gullrushet til skipsbyggeplassane frå
verdskrigen, dei japanske interneringsleirane, oppfinninga
av pc-en. Fysikk? Eksploratoriet har dei kulaste utstillingane av alle museum eg nokon gong har vore på. Eg hadde ei pervers glede i å sjå på simuleringa av jordsmelting
under store jordskjelv. Engelsk? Jack London, beatpoetar,
science fiction-forfattarar som Pat Murphy og Rudy Rucker.
Samfunnsfag? Ytringsfridomsrørsla, Cesar Chavez, homorettsforkjemparar, feminisme, antikrigsrørsla …
Eg har alltid elska å lære ting for moro skuld. Berre
for å vere smartare enn verda omkring meg. Eg trong ikkje
gjere meir enn å gå gjennom byen for å lære noko. Eg bestemte meg for å skrive ein engelskstil om beatpoetane
først. Bokhandelen City Lights hadde eit supert bibliotek i
211
andre etasje, der Allen Ginsberg og kompisane hans hadde
laga den radikale, dopinfluerte poesien sin. Det vi hadde
lese i engelsktimane, var Hyl, og eg kom aldri til å gløyme
opningslinjene, dei gav meg frysningar på ryggen:
Jeg så min generasjons beste hjerner gå til grunne
av galskap, sultende, hysterisk nakne
slepe seg gjennom negergatene i grålysinga
på jakt etter ei hissig sprøyte
engleaktige hipstere som brant av lengsel etter den
urgamle himmelske kontakten med den stjerneglitrende dynamoen i nattas maskineri
Eg likte måten han kombinerte orda på, «sultende, hysterisk
nakne». Eg visste korleis det kjendest. Og «min generasjons
beste hjerner» fekk meg til å tenkje også. Det fekk meg til
å tenkje på parken og politiet og gassen som fall. Dei tok
Ginsberg for utukt på grunn av Hyl – det dreia seg om ei linje om homsesex som ikkje ville få oss til å heve eit augebryn i
dag. Det gjorde meg glad på ein måte å vite at vi hadde gjort
litt framsteg. At ting hadde vore endå meir restriktive før.
Eg fortapte meg heilt på biblioteket, blei sitjande og
lese alle dei vakre, gamle utgåvene av bøkene. Eg fortapte
meg i Jack Kerouacs På kjøret, ein roman eg hadde tenkt å
lese lenge, og ein butikkmedarbeidar som kom for å sjå etter meg, nikka godkjennande og fann ei billeg utgåve som
han selde meg for seks dollar.
Eg gjekk inn i Chinatown og åt dim sum-bollar og nudlar med sterk saus, som eg tidlegare hadde tenkt på som veldig sterk, men som aldri meir ville verke sterk, ikkje etter at
eg hadde smakt Ange spesial.
Etter kvart som dagen blei til ettermiddag, hoppa eg på
t-banen og skifta til buss over San Mateo-brua for å kome
212
til East Bay. Eg las i På kjøret og elska utsikta som fauk forbi.
På kjøret er ein halvsjølvbiografisk roman om Jack Kerouac,
forfattar, narkobrukar og hard på flaska, som haikar rundt i
Amerika, tek dårlege jobbar, hyler gjennom gatene om natta,
møter folk og forlèt dei. Hipsterar, landstrykarar med triste
ansikt, svindlarar, lommetjuvar, avskum og englar. Boka har
ikkje eigentleg handling – Kerouac skal ha skrive det heile på
tre veker på ein lang papirrull, totalt stein – berre ein masse
fantastiske ting, den eine etter den andre. Han blir venn med
sjølvdestruktive typar som Dean Moriarty, som involverer
han i merkelege planar som aldri blir noko av, men som det
likevel blir noko av, om du forstår kva eg meiner.
Orda hadde rytme, det var herleg, eg kunne høyre
stemma inne i hovudet mitt. Eg fekk lyst til å legge meg ned
på planet i ein pickup og vakne i ein liten støvete landsby, i
ein dal på vegen til Los Angeles, ein av dei stadene der det
berre er ein bensinstasjon og ein kafé, berre dra ut og møte
folk og sjå ting og gjere ting.
Det var ein lang busstur, og eg må ha døst litt – å vere
oppe seint for å chatte med Ange gjekk ut over døgnrytmen
min, sidan mamma framleis venta meg ned til frukost. Eg vakna og skifta buss, og ikkje lenge etter var eg på skulen til Ange.
Ho kom springande ut av porten i skuleuniforma – eg
hadde aldri sett henne i uniforma før, det var søtt på ein rar
måte og minte meg om Van. Ho gav meg ein lang klem og
eit hardt kyss på kinnet.
«Hei du!» sa ho.
«Heia!»
«Kva les du?»
Eg hadde venta på dette. Eg hadde merka av passasjen
med ein finger. «Høyr her: ‘De danset bortover gaten som
noen sprellemenn, og jeg labbet etter slik jeg har gjort hele
livet etter folk som interesserer meg, for de eneste jeg bryr
213
meg om er de helsprø, de som er helsprø etter å leve livet,
helsprø etter å prate, helsprø etter å bli reddet, som er grådige på alt mulig på en gang, de som aldri gjesper eller sier
noe alminnelig, men som hele tiden brenner og brenner
og brenner som fantastiske romerske lys til de eksploderer
som store edderkopper mot stjernene, og i midten ser du
det blå lyset som smeller og alle bryter ut i et “Ååååh!” ’»
Ho tok boka og las avsnittet på nytt sjølv. «Wow,
sprelle­menn! Eg elskar det! Er heile boka slik?»
Eg fortalde om dei delane eg hadde lese, medan vi
gjekk sakte bortover fortauet mot busstoppet. Då vi kom
til hjørnet, la ho armen rundt meg, og eg slengde min rundt
skuldra hennar. Bortover gata med ei jente – med kjærasten
min? Ja, kvifor ikkje? – medan vi snakka om ei kul bok. Det
var himmelsk. Eg gløymde alt vondt ei stund.
«Marcus?»
Eg snudde meg. Det var Van. Langt nede i det underbevisste ein stad hadde eg venta på dette. Det skjønte eg fordi
eg merka at eg ikkje var det minste overraska. Skulen var
ikkje stor, og alle fekk fri samtidig. Eg hadde ikkje snakka
med Van på vekevis, og dei vekene kjendest som månader.
Vi brukte å pratast kvar dag.
«Hei, Van,» sa eg. Eg undertrykte lysta til å ta armen min
vekk frå skuldra til Ange. Van verka overraska, men ikkje
sint; meir oskebleik, forbløffa. Ho såg nøye på oss begge.
«Angela?»
«Hei, Vanessa,» sa Ange.
«Eg kom for å hente Ange,» sa eg og prøvde å halde tonen
nøytral. Eg var plutseleg flau over å bli sett med ei anna jente.
«Åh,» sa Van. «Vel, det var fint å sjå deg.»
«Fint å sjå deg òg, Vanessa,» sa Ange og svinga meg
rundt og marsjerte meg i retning busstoppet.
«Kjenner du henne?» spurde Ange.
214
«Ja, det har eg alltid gjort.»
«Har de vore kjærastar?»
«Hæ? Nei! Aldri! Vi var berre venner.»
«De var venner?»
Eg kjende det som om Van gjekk rett bak oss og høyrde
på, sjølv om ho måtte ha jogga for å halde følgje med oss,
med det tempoet vi heldt. Så lenge som mogleg motstod
eg freistinga det var å sjå over skuldra, men så gjorde eg det.
Det var mange jenter frå skulen bak oss, men ingen Van.
«Ho var med meg og Jose-Luis og Darryl då vi blei
arre­sterte. Vi brukte å laive i lag. Vi fire, vi var liksom beste­venner.»
«Kva skjedde?»
Eg senka stemma. «Ho likte ikkje Xnet,» sa eg. «Ho
trudde vi ville få trøbbel på grunn av det. At eg ville lage
vanskar for andre.»
«Og difor slutta de å vere venner?»
«Vi glei frå kvarandre.»
Vi gjekk nokre steg. «De var ikkje, altså, meir enn
venner?»
«Nei!» sa eg. Eg var heit ansiktet. Eg kjende det som om
eg hadde sagt noko som høyrdest ut som ei løgn, endå eg sa
sanninga.
Ange røska til, bråstoppa og studerte ansiktet mitt.
«Var de?»
«Nei! Seriøst! Berre venner. Darryl og ho – ikkje heilt,
men Darryl var så forelska i henne. Det var ikkje mogleg at –»
«Men om ikkje Darryl hadde vore forelska i henne, så
ville du ha vore, eller?»
«Nei, Ange, nei. Ver så snill, berre tru meg og la det ligge. Vanessa var ein god venn, og ho er det ikkje no lenger, og
det er eg lei for, men eg var aldri interessert i henne på den
måten, greitt?»
215
Ho furta litt. «Okei, okei. Unnskyld. Eg kjem ikkje heilt
overeins med henne, det er berre det. Vi har aldri kome
overeins alle dei åra vi har kjent kvarandre.»
Åh nei, tenkte eg. Slik gjekk det til at Jolu hadde kjent
henne så lenge og at eg aldri hadde møtt henne; ho hadde
eitt eller anna imot Van, og han ville ikkje ta henne med.
Ho gav meg ein lang klem, og vi kyssa, og ein gjeng jenter passerte oss og sa oooo, og vi retta oss opp og gjekk mot
busstoppet. Framfor oss gjekk Van, som måtte ha gått forbi
oss medan vi kyssa. Eg kjende meg som ein skikkeleg kødd.
Sjølvsagt var ho ved busstoppet og på bussen, og vi sa
ikkje eit ord til kvarandre, og eg prøvde å prate med Ange
heile vegen, men det var rart.
Planen var å stoppe og ta ein kaffi og så dra heim til
Ange og «gjere lekser», dvs. surfe på Xnet på Xboxen hennar etter tur. Mor til Ange kom seint heim på tysdagar, som
var ettermiddagen for yoga og middag med venner, og søstera til Ange skulle ut med kjærasten, så vi kom til å ha huset for oss sjølve. Eg hadde hatt pervotankar om det heilt
sidan vi la planen.
Då vi kom heim til henne, gjekk vi rett opp på rommet
og lukka døra. Rommet hennar var ganske bomba, dekt av
lag med klede og kladdebøker og pc-delar som grov seg inn
i sokkelestføtene dine som antikke fotfeller. Skrivebordet
hennar var verre enn golvet, med høge stablar bøker og
teikneseriar, så vi enda med å setje oss på senga, noko som
var heilt i orden for meg.
Den rare kjensla av å møte Van hadde forsvunne litt, og
vi fekk Xboxen i gang. Han stod i midten av eit leidningsreir. Nokre av dei gjekk inn i ei trådlaus antenne som ho
hadde hacka inn i Xboxen og plassert i vindauget, slik at ho
kunne få inn naboen sitt trådlause nett. Nokre leidningar
gjekk til eit par gamle laptopskjermar ho hadde gjort om
216
til sjølvstendige monitorar, balansert på stativ og bognande
av naken elektronikk. Skjermane stod på begge nattborda,
noko som var eit fortreffeleg oppsett for å sjå filmar eller
chatte frå senga – ho kunne legge skjermen på sida og ligge
på senga, og skjermen ville vere rett framfor henne uansett
kva side ho låg på.
Begge visste kva vi eigentleg var der for, der vi sat ved
sida av kvarandre. Eg skalv litt og var hypermerksam på
varmen i leggen og skuldra som ho lente mot meg, men eg
måtte gå gjennom seremonien med å logge meg på Xnet og
sjå kva slags epost eg hadde fått og slikt.
Det var ein epost frå ein fyr som likte å sende inn gøyale
telefonvideoar av DHS som frika skikkeleg ut – den siste var
av at dei tok ei barnevogn frå kvarandre etter at ein bombehund hadde markert på vogna, og dei demonterte henne
der på gata, ved marinaen, der alle dei rike folka gjekk forbi
og stira og undra seg på kva som hende.
Eg hadde lenka til videoen, og folk hadde vore galne
etter å laste han ned. Fila hadde blitt husa hos Internet
Archive sin spegelserver Alexandria, i Egypt, der dei ville
huse kva som helst gratis, så lenge du publiserte det under Creative Commons-lisens, slik at kven som helst kunne remikse og dele det. USA-arkivet – som låg i Presidio,
berre nokre minutt unna – hadde blitt tvinga til å fjerne
alle videoane av omsyn til den nasjonale tryggleiken, men
Alexandria-arkivet hadde brote med resten av organisasjonen og tok imot alt som gjorde USA forlegen.
Denne fyren – kallenamnet hans var Kameraspie
– hadde sendt meg ein endå betre video no. Videoen var frå
inngangen til City Hall i Civic Center, ei diger blautkake
av eit bygg, dekt av statuar i små bogegangar og forgylte
blad og lister. DHS hadde forsvarsverk rundt heile bygget,
og videoen til Kameraspie var eit dritbra opptak frå ein
217
kontrollstasjon der ein fyr kjem inn i offisersuniform, viser
identitetsbevis og legg kofferten sin på røntgenbeltet.
Alt var i orden heilt til ein av DHS-folka såg noko han
ikkje likte på røntgenskannaren. Han spurde generalen, som
rulla med augene og sa noko uhøyrbart (videoen hadde blitt
teken opp frå andre sida av gata, tydelegvis med eit heimelaga
zoomobjektiv, så lyden var mest frå folk som gjekk forbi, og
trafikklydar). Generalen og DHS-fyren byrja å krangle, og etter kvart som krangelen heldt fram, samla det seg fleire DHSfolk rundt dei. Til slutt rista generalen sint på hovudet, vifta
med fingeren mot brystet på DHS-mannen, tok kofferten sin
og byrja å gå vekk. DHS-fyren ropte mot han, men han stoppa
ikkje. Kroppsspråket hans sa: «Eg er skikkeleg forbanna.»
Så skjedde det. DHS-fyren sprang etter generalen.
Kameraspie slakka ned på videoen her, så vi kunne sjå i sakte
film, bilete for bilete, korleis generalen snudde seg med eit ansiktsuttrykk som sa: «Ikkje faen om du er i ferd med å takle
meg no,» for så å endre seg til gru, i det tre digre DHS-vakter
smelte inn i han og slo han over ende, ei takling hard nok til
å gjere ende på ein karriere i amerikansk fotball. Generalen
– middelaldrande, med stålgrått hår, med rynka og distingvert
ansikt – gjekk i bakken som ein sekk poteter, spratt to gonger
og slo ansiktet mot fortauet, det kom blod ut av nasen hans.
DHS batt hendene og føtene hans bak på ryggen.
Generalen ropte no, ropte høgt, og ansiktet blei raudlilla av
blodet som strøymde frå nasen. Vi såg føter som gjekk forbi
framfor kameralinsa. Forbipasserande såg på at denne fyren i uniform blei bunden fast, og du kunne sjå av ansiktet
hans at dette var det verste, den rituelle audmjukinga, å få
verdigheita kledd av seg. Det var slutten på klippet.
«Å, du store Buddha,» sa eg då skjermen gjekk i svart,
og starta videoen igjen. Eg puffa til Ange og viste henne
klippet. Ho såg, mållaus, med vidopen munn.
218
«Post det,» sa ho. «Post det post det post det post det!»
Eg posta det. Eg klarte knapt å taste medan eg skreiv
ei lita skildring av det eg hadde sett, la til eit spørsmål om
nokon kunne identifisere den militærkledde mannen i videoen, om nokon visste noko meir om denne hendinga.
Eg trykte på publiser.
Vi såg på videoen. Vi såg han igjen.
Epostprogrammet plinga.
> Eg kjenner igjen den fyren – du kan finne artikkelen om
han på Wikipedia. Det er General Claude Geist. Han leidde fns
fredsoperasjon på Haiti.
Eg sjekka artikkelen. Det var eit bilete av generalen ved
ein pressekonferanse og ein omtale av rolla hans i den vans­
kelege Haiti-operasjonen. Det var heilt klart den same fyren.
Eg oppdaterte posten. Teoretisk sett var dette Ange og min sin sjanse til å kline, men det var ikkje det vi gjorde. Vi tråla Xnet-bloggar, på
utkik etter fleire rapportar om DHS som ransaka folk, takla
folk, invaderte dei. Dette var ei kjend oppgåve, det same eg
hadde gjort med alt fotomaterialet og rapportane frå bråket i parken. Eg oppretta ein ny kategori på bloggen min
for dette, MaktMisbruk, og la inn dei nye funna. Ange kom
på fleire ting eg kunne søke etter, og før mor hennar kom
heim, hadde den nye kategorien 70 postar, med City Halloverfallet på General Geist øvst.
Heile neste dag jobba eg med beatpoetstilen min heime, las Kerouac og surfa på Xnet. Eg planla å møte Ange på
skulen, men feiga heilt ut ved tanken på å møte Van igjen, så
eg teksta henne med påskot om at eg måtte jobbe med stilen.
Det kom inn alle slags bra forslag til kategorien
MaktMisbruk; hundrevis av små og store ting, med bilete
og lyd. Meme-et spreidde seg.
219
Det spreidde seg. Morgonen etter var det endå fleire.
Nokon starta ein ny blogg som også heitte MaktMisbruk,
som samla hundrevis av fleire eksempel. Bunken voks. Vi
konkurrerte om å finne dei saftigaste historiene, dei sjukaste bileta.
Avtalen med foreldra mine var at eg skulle ete frukost
med dei kvar morgon og snakke om prosjekta eg heldt på
med. Dei likte at eg las Kerouac. Det hadde vore ei favorittbok for dei begge, og det viste seg at dei allereie hadde
eit eksemplar på soverommet. Pappa henta det ned, og eg
bladde gjennom. Det var passasjar som var markerte med
penn, sider med eseløyre, notat i margen. Pappa hadde
verke­leg elska denne boka.
Dette fekk meg til å hugse ei betre tid, då pappa og eg
kunne snakke saman i fem minutt utan å rope til kvarandre
om terrorisme, og vi hadde ein super frukost der vi snakka
om korleis boka var bygd opp, alle dei ville eventyra.
Men ved frukosten neste morgon sat begge limte til
radioen.
«Maktmisbruk – det er siste skrik på San Franciscos
berykta Xnet, og det har fått verda til å lytte. Rørsla kallar
seg MM, og dei som er med, fungerer som ‘veslebror’ som
overvaker antiterrortiltaka til Tryggleiksdepartementet.
Dei dokumenterer feilgrepa og overtrampa. Det mest populære samlingsropet er eit viralt videoklipp av general
Claude Geist, ein pensjonert trestjerners general, som blir
takla av DHS-vakter på fortauet framfor City Hall i San
Francisco. Geist har ikkje kommentert hendinga, men det
har hagla med kommentarar frå unge folk som er opprørte
over korleis dei sjølve har blitt behandla.
Rørsla har fått publisitet over heile verda. Stillbilete
frå Geist-videoen har vore på framsida av aviser i Korea,
Storbritannia, Tyskland, Egypt og Japan, og tv-selskap over
220
heile verda har vist klippet i nyhendesendingane. Saka kom
for ein dag i går kveld, då BBCs National News Evening
køyr­de ein reportasje om at ingen amerikanske medium
har dekt historia. Kommentarar på nettsida til BBC påpeikte at den amerikanske utgåva av BBCs program ikkje tok
med denne reportasjen.»
Dei køyrde eit par intervju: britiske medieekspertar,
ein fyr frå det svenske Piratpartiet som kom med hånande
kommentarar om den korrupte pressa i USA, ein pensjonert nyhendejournalist som budde i Tokyo; så sende dei eit
kort klipp frå Al-Jazeera, som samanlikna amerikanske medium med media i Syria.
Eg kjende det som om foreldra mine stira på meg, at
dei visste kva eg dreiv med. Men då eg rydda tallerkenane
mine, såg eg at dei såg på kvarandre.
Pappa heldt kaffikoppen så hardt at hendene hans skalv.
Mamma såg på han.
«Dei prøver å setje oss i vanry,» sa pappa til slutt. «Dei
prøver å sabotere tiltaka som er sette i verk for å trygge oss.»
Eg opna munnen, men mamma såg på meg og rista på
hovudet. I staden gjekk eg opp på rommet og jobba med
Kerouac-stilen. Då eg hadde høyrt døra slå to gonger, fyrte
eg opp Xboxen og kom meg på nett.
> Hei, M1k3y. Eg er Colin Brown. Eg er produsent for Canadian
Broadcasting Corporation sitt nyhendeprogram The National. Vi la­
gar ei historie om Xnet og har sendt ein journalist til San Francisco
for å dekke det derifrå. Ville du vere interessert i gjere eit intervju
for å diskutere gruppa di og det de blir skulda for?
Eg stira på skjermen. Herregud. Dei ville intervjue meg
om «gruppa mi»?
> Eh, nei takk. For meg handlar det om privatliv. Og det er
ikkje «mi gruppe». Men takk for at du vil dekke saka!
Ein augeblink seinare, ein ny epost.
221
> Vi kan maskere deg og sikre anonymiteten din. Tryggleiks­
departementet har ikkje noko imot å stille med eigen talsperson.
Eg vil ha dykkar side av saka òg.
Eg lagra eposten. Han hadde rett, men eg måtte vere
galen om eg gjorde dette. For alt eg visste, så var han DHS.
Eg plukka opp Kerouac. Ein epost til kom inn. Same
spørsmål, eit anna nyhendebyrå: KED ville møte meg og gjere
eit radiointervju. Ein stasjon i Brasil. Australian Broadcasting
Corporation. Deutsche Welle. Heile dagen kom spørsmåla
inn. Heile dagen heldt eg fram med å avslå dei høfleg.
« Hald ein pre ssekon fer anse,» sa Ange då vi sat i
kafeen like ved der ho budde ein kveld. Eg ville ikkje dra ut
på skulen hennar og bli fanga på bussen med Van igjen.
«Hæ? Er du galen?»
«Gjer det i Clockwork Plunder. Berre finn ein stad der
det ikkje er lov med PvP, og sei eit tidspunkt. Du kan logge
deg inn herifrå.»
PvP er kamp spelar mot spelar, Player-versus-Player.
Delar av Clockwork Plunder var nøytral grunn, som betydde at eg teoretisk sett kunne ta med meg ein haug noobar
av nokon journalistar utan å måtte uroe meg for at andre
spelarar skulle drepe dei midt i pressekonferansen.
«Eg veit ikkje noko om pressekonferansar.»
«Åh, men Google veit alt. Eg er sikker på at nokon har
skrive ein artikkel om korleis du kan ha ein vellykka pressekonferanse. Eg meiner, om presidenten kan klare det, så er
eg sikker på at du kan. Han ser ut som om han så vidt klarer
å knyte skoa sine utan hjelp.»
Vi bestilte meir kaffi.
«Du er ei veldig smart kvinne,» sa eg.
«Og eg er vakker,» sa ho.
«Det òg,» sa eg.
E g h adde bl o g g a pressekonferansen før eg sende ut
invitasjonane til pressa. Eg skjønte at dei hadde lyst til å gjere meg til ein leiar eller general eller øvstkommanderande
geriljasoldat, og ein måte å løyse det på ville vere å ha ein
haug med andre Xnetarar som sprang rundt og svarte på
spørsmål òg.
Så sende eg epostar til pressa. Svara varierte frå rådløyse til entusiasme – berre journalisten frå amerikanske Fox
News var «opprørt» over at eg var frekk nok til å be henne
spele eit spel for å stille opp på tv-showet hennar. Dei andre
verka om dei syntest var ein kul vri, sjølv om mange trong
mykje hjelp for å kome i gang med spelet.
Eg valde klokka 20.00, etter middag. Mamma hadde
masa om alle kveldane eg hadde vore ute av huset, før eg
til slutt plumpa ut med det med Ange. Då blei ho heilt rørt
og såg på meg med eit åh-vesleguten-min-held-på-å-blivaksen-blikk. Ho ville møte Ange, og eg brukte dette som
forhandlingskapital. Eg lova å ta henne med dagen etter, om
eg kunne «gå på kino» med Ange i kveld.
Mora og søstera til Ange var ute igjen – dei var ikkje sånne som var mykje heime – slik at eg og Ange var åleine på rommet med Xboxen hennar, og min. Eg kopla Xboxen min til ein
av skjermane ved senga så vi kunne logge oss på samtidig.
223
Begge Xboxane stod uverksame, logga inn på Clock­
work Plunder. Eg gjekk fram og tilbake.
«Det kjem til å gå bra,» sa ho. Ho såg på skjermen sin.
«Seks hundre spelarar på Petter Augelapps plass no!» Vi
hadde valt Petter Augelapps plass fordi det var nær torget,
der nye spelarar starta. Dersom journalistane ikkje spelte
Clockwork Plunder allereie – ha! I bloggposten hadde eg
generelt bedt folk om henge rundt på ruta mellom inngangsporten og Petter Augelapps plass, for å kunne vise veg
for journalistar som hadde gått seg ville.
«Kva i helvete skal eg fortelje dei?»
«Du berre svarer på spørsmåla deira – og om du ikkje
liker eit av spørsmåla, så ignorer det. Nokon andre kan svare. Det går fint.»
«Dette er galskap.»
«Det er perfekt, Marcus. Om du verkeleg vil ta rotta på
DHS, så må du gjere dei til latter. Du kan ikkje akkurat skyte
dei. Det einaste våpenet ditt er evna til å få dei til å sjå ut
som idiotar.»
Eg lét meg falle ned på senga, og ho tok hovudet mitt
i fanget sitt og strauk meg over håret. Eg hadde leika med
ulike hårfrisyrar før bombinga, farga håret i alle slags rare
fargar, men etter at eg kom ut av fengselet, brydde eg meg
ikkje lenger. Det hadde blitt langt og teit og lurvete, og eg
hadde gått inn på badet og teke ei maskin og barbert det
ned til ein centimeter rundt heile, noko som var lett å halde
ved like og hjelpte meg til å sjå anonym ut når eg var ute og
jamma og klona arphidar.
Eg opna augene og stira inn i dei store, brune augene
bak brillene hennar. Dei var runde og våte og uttrykksfulle.
Ho kunne få dei til å bule ut når ho ville få meg til å le, eller
gjere dei mjuke og triste, eller late og søvnige på ein måte
som fekk meg til å smelte til ein dam av kåtskap.
224
Det var det ho gjorde akkurat no.
Eg sette meg opp sakte og klemde henne. Vi kyssa. Ho
var fantastisk til å kysse. Eg veit at eg allereie har sagt det,
men det toler gjentaking. Vi kyssa mykje, men av ein eller
annan grunn stoppa vi alltid før det blei for heftig.
No hadde eg lyst til å gå lenger. Eg fann kanten på tskjorta hennar og drog. Ho tok hendene over hovudet og
flytta seg lite grann. Eg visste at ho kom til å gjere det. Eg
hadde visst det sidan kvelden i parken. Kanskje det var difor
vi ikkje hadde gått lenger – eg visste eg ikkje kunne stole på
at ho kom til å stoppe det, noko som gjorde meg litt redd.
Men eg var ikkje redd no. Den snarlege pressekonferansen, kranglane med foreldra mine, den internasjonale
merksemda, kjensla av at det var ei rørsle som fauk rundt i
byen som ballen i eit flipperspel på villspor – alt fekk det til
å krible i huda og synge i blodet.
Og Ange var vakker og smart og flink og morosam, og
eg var i ferd med å bli forelska i henne.
Skjorta hennar glei av. Ho bøygde ryggen for å hjelpe
meg få henne av. Ho strekte hendene bak på ryggen, fikla,
og bh-en datt av. Eg stira storøygd, urørleg og andelaus, og
så tok ho mi skjorte og drog henne over hovudet mitt, greip
meg og drog det nakne brystet mitt mot hennar.
Vi rulla rundt på senga, tok på kvarandre, gneid kroppane våre mot kvarandre og stønna. Ho kyssa meg over heile overkroppen, og eg gjorde det same med henne. Eg klarte
ikkje å puste, eg klarte ikkje å tenkje, eg klarte berre å røre
på meg og kysse og slikke og ta på.
Vi utfordra kvarandre til å gå vidare. Eg opna bukseknappen hennar. Ho opna. Eg drog ned glidelåsen hennar,
ho drog ned min, og drog av meg buksene. Ein augeblink
seinare var vi nakne begge to, bortsett frå sokkane mine
som eg skrella av med tærne.
225
Det var då eg fekk auge på vekkarklokka som hadde rulla ned på golvet for lenge sidan, og låg der og lyste opp på oss.
«Helvete!» hylte eg. «Det byrjar om to minutt!» Eg
kunne faen ikkje tru at eg skulle til å avslutte det eg var i
ferd med å avslutte, då eg skulle til å avslutte det. Eg meiner,
om du hadde spurt meg: «Marcus, eg ser du er i ferd med å
DEBUTERE SEKSUELT, vil du stoppe om eg detonerer denne atombomba i det same rommet som du er i?», så ville
svaret ha vore eit rungande utvitydig NEI.
Og likevel stoppa vi for dette.
Ho tok tak i meg og drog ansiktet mitt mott sitt og
kyssa meg til eg trudde eg skulle besvime, før vi begge tok
kleda, kledde på oss meir eller mindre, tok tastatur og mus
og la i veg til Petter Augelapps plass.
D u kunne let t sjå kven som var journalistar: Dei var
noobs, nybyrjarar, som spelte personane sine som ravande
fyllikar, luska fram og tilbake, opp og ned, prøvde å få dreisen på det heile og av og til trykte på feil knapp, så dei baud
framande alle eller store delar av eigedelane sine eller gav
dei ufrivillige klemmar og spark.
Xnetarane var lette å sjå også: Alle saman spelte
Clockwork Plunder når vi hadde tid (eller ikkje hadde lyst
til å gjere lekser), og vi var ganske velutstyrte personar med
kule våpen og idiotfeller på trekk-opp-nøklane som stakk ut
av ryggane våre så ingen skulle prøve å ta dei og la oss ligge
igjen utan å kunne bli trekte opp.
Så byrja det. Ei systemmelding viste «M1K3Y HAR
KOME TIL PETTER AUGELAPPS PLASS – VELKOMEN,
SJØULK, VI TILBYR GODE VARER FOR BYTTET DITT».
Alle spelarane fraus til, og så samla dei seg rundt meg.
Chatten eksploderte. Eg tenkte på å slå på talekommunikasjonen og ta på meg hovudtelefonar, men med så mange
226
folk som prøvde å snakke på ein gong, innsåg eg kor forvirrande det ville vere. Tekst var mykje lettare å følgje, og dei
kunne ikkje feilsitere meg (he he).
Eg hadde sett meg rundt på åstaden før, saman med
Ange – det var supert å gjere ting saman med henne, sidan vi begge kunne trekke kvarandre opp. Det var eit høgt
punkt oppå ein stabel saltkasser som eg kunne stå på og bli
sett frå alle stader på plassen.
> God kveld og takk, alle saman, for at de har kome. Eg hei­
ter M1k3ey, og eg er ikkje leiar for noko som helst. Rundt dykk er
Xnetarar som har like mykje å seie om kvifor vi er her som eg har.
Eg bruker Xnet fordi eg trur på fridom og grunnlova og usa. Eg bru­
ker Xnet fordi dhs har gjort om byen min til ein politistat, der vi alle
er mistenkte terroristar. Eg bruker Xnet fordi du ikkje kan forsvare
fridom ved å rive grunnlova i fillebitar. Eg lærte om grunn­lova ved
ein skule i California, og eg blei oppdregen til å elske landet mitt
for den fridommen vi har. Eg har ein filosofi, og den er slik:
> Vi meiner at regjeringar er innstifta blant menneska for å
sikre desse rettane, og at retten deira til å styre byggjer på sam­
tykket frå dei som blir styrt over. Når ei styreform blir slik at ho
skader desse vilkåra, har folket rett til å avskaffe henne og setje
opp eit nytt styre, bygd på dei prinsippa og organisert i dei for­
mene som viser seg mest tenlege for å sikre velferd og lykke.
> Det var ikkje eg som skreiv det, men eg trur på det. dhs har
ikkje mitt samtykke til å styre.
> Takk
Eg hadde skrive det dagen før, sende utkast fram og
tilbake med Ange. Å lime det inn tok berre ein augeblink,
men det tok alle deltakarane litt tid å lese det. Mange av
Xnetarane jubla, store, prangande pirat-«hurra» med heva
sablar og papegøyar som skreik og flaug i ring.
Gradvis fekk også journalistane fordøydd det. Chatten
gjekk fort, så fort at det var vanskeleg å lese, masse Xnet­arar
227
som sa ting som «Heilt einig» og «Amerika, til å elske eller forlate» og «Ned med DHS» og «Amerika ut av San Francisco»,
slagord som hadde vore store i Xnet-bloggosfæren.
> M1k3y, dette er Priya Rajneesh frå bbc. Du seier at du
ikkje er leiar for ei rørsle, men meiner du at det er ei rørsle? Og er
namnet på denne rørsla Xnet?
Masse svar. Mange sa at det ikkje var ei rørsle, nokre sa
at det var det, og mange hadde idear om kva rørsla heitte:
Xnet, Veslebrørne, Veslesøstrene, og den personlege favoritten min, Dei amerikanske sambandsstatane.
Dei kokte verkeleg. Eg lét dei halde på, medan eg tenkte på kva eg skulle seie. Då eg hadde det, skreiv eg:
> Eg trur det svarer på spørsmålet ditt, på ein måte? Det
kan vere at det finst ei eller fleire rørsler, og det kan vere at dei
heiter Xnet, eller ikkje.
> M1k3y, eg er Doug Christensen frå Washington Internet
Daily. Kva meiner du dhs burde gjere for å hindre eit nytt åtak på
San Francisco, om det dei gjer ikkje er vellykka?
Meir chatting. Mange sa at terroristane og regjeringa
var dei same – enten bokstavleg talt eller i tydinga like ille.
Nokre sa at regjeringa visste korleis dei skulle ta terroristar,
men lét det vere, fordi «krigspresidentar» blei gjenvalde.
> Eg veit ikkje
Skreiv eg til slutt.
> Eg veit verkeleg ikkje. Eg stiller meg sjølv det spørsmålet
ofte, fordi eg ikkje har lyst til å bli sprengd i lufta, og eg vil ikkje
at byen min skal bli sprengd i lufta. Men her er det eg har funne
ut: Om det er dhs sin jobb å halde oss trygge, så klarer dei det ik­
kje. Ingenting av den driten dei har gjort, ville hindre brua i å bli
sprengd igjen. Å spore oss rundt i byen? Ta vekk fridommen vår?
Gjere oss mistenksame overfor kvarandre? Kalle alle dissentarar
svikarar? Poenget med terrorisme er å gjere oss redde. dhs gjer
meg redd.
228
> Eg har ikkje noko eg skulle ha sagt i forhold til det terroris­
tane gjer mot meg, men om dette er eit fritt land, så burde eg i det
minste ha lov til å seie kva politiet gjer mot meg. Eg burde kunne
halde dei frå å terrorisere meg.
> Eg veit at det ikkje er eit godt svar. Sorry.
> Kva meiner du når du seier at dhs ikkje ville greie å stoppe
terroristar? Korleis veit du det?
> Kven er du?
> Eg er frå Sydney Morning Herald.
> Eg er 17 år. Eg er ikkje ein skuleelev som vassar i seksa­
rar eller noko slikt. Likevel klarte eg å finne ut korleis eg skulle
fikse eit internett som dei ikkje kan overvake. Eg fann ut korleis
eg skulle blokkere sporingsteknologien deira. Eg kan gjere uskul­
dige folk til mistenkte og skuldige til uskuldige i deira auge. Eg
kan få med meg metall på eit fly eller omgå ei svarteliste. Eg fann
ut dette ved å leite på nettet og bruke hovudet. Om eg kan det, så
kan terroristar òg. Dei har fortalt oss at dei tok vekk fridommen
vår for å gjere oss trygge. Føler du deg trygg?
> I Australia? Ja, det gjer eg.
Piratane lo.
Fleire journalistar stilte spørsmål. Nokre var sympatisk
innstilte, nokre var fiendtlege. Då eg gjekk lei, gav eg tastaturet til Ange og bad henne vere M1k3y ei stund. Eg følte det
uansett ikkje heilt som at M1k3y og eg var den same personen lenger. M1k3y var ein slik fyr som snakka med journalistar frå heile verda og sette i gang ei rørsle. Marcus blei
utvist frå skulen og krangla med far sin og lurte på om han
var bra nok for superkjærasten sin. Klokka elleve hadde eg fått nok. Og dessutan venta
mamma og pappa meg heim snart. Eg logga ut av spelet, og
Ange gjorde det same. Vi låg der ei lita stund. Eg tok handa
hennar og klemde henne hardt. Vi klemde.
Ho kyssa meg i nakken og mumla noko.
229
«Kva?»
«Eg sa eg elskar deg,» sa ho. «Vil du at eg skal sende eit
telegram i staden?»
«Wow,» sa eg.
«Var det så overraskande?»
«Nei. Eh. Det var berre det – eg skulle til å seie det til
deg.»
«Heilt sikkert,» sa ho og beit meg i nasetippen.
«Det er berre det at eg aldri har sagt det før,» sa eg. «Så
eg måtte jobbe litt med det.»
«Du har ikkje sagt det enno, veit du. Ikkje tru eg ikkje la
merke til det. Vi jenter legg merke til slikt.»
«Eg elskar deg, Ange Carvelli,» sa eg.
«Eg elskar deg òg, Marcus Yallow.»
Vi kyssa og gnei nasene mot kvarandre og eg byrja å
puste tungt, og det gjorde ho òg. Det var då mor hennar
banka på.
«Ange,» sa ho. «Eg trur det er på tide at vennen din går
heim, trur ikkje du?»
«Ja, mor,» sa ho og lest som ho svinga ei øks i lufta. I det
eg tok på meg sokkane og skoa mine, mumla ho: «Dei kjem
til å seie om Angela at ho var så snill ei jente, kven skulle
trudd det, då ho var ute i hagen og hjelpte mora si med å
slipe den øksa.»
Eg lo. «Du veit ikkje kor lett du har det. Aldri i verda
om mine folk ville la oss vere i fred på soverommet mitt til
klokka elleve.»
«23.45,» sa ho og såg på klokka.
«Faen,» sa eg og knytte skoa mine.
«Gå,» sa ho, «spring ut i fridommen! Sjå deg to gonger
for før du går over vegen! Skriv om du får deg ein jobb! Ikkje
stopp for ein klem! Om du ikkje er ute herifrå når eg har talt
til ti, så får du problem, mister. Ein. To. Tre.»
230
Eg fekk henne til å halde kjeft ved å hoppe opp i senga,
lande på henne og kysse henne til ho slutta å prøve å telje.
Fornøgd med sigeren trampa eg ned trappene med Xboxen
under armen.
Mor hennar stod ved foten av trappa. Ho såg ut som
ein eldre, høgare versjon av Ange – Ange sa at det var faren
som var den korte av dei – med kontaktlinser i staden for
briller. Ho såg ut til å ha klassifisert meg som ein bra fyr
inntil vidare, og det sette eg pris på.
«God natt, fru Carvelli,» sa eg.
«God natt, herr Yallow,» sa ho. Det var eit av dei små
rituala våre, sidan eg hadde kalla henne fru Carvelli første
gongen vi møttest.
Eg blei ståande litt utilpass ved døra.
«Ja?» sa ho.
«Eh,» sa eg. «Takk for at eg fekk kome.»
«Du er alltid velkomen i heimen vår, unge mann,» sa ho.
«Og takk for Ange,» sa eg til slutt og høyrde kor teit det
høyrdest ut. Men ho smilte breitt og gav meg ein kort klem.
«Inga årsak,» sa ho.
Heile bussturen heim tenkte eg på pressekonferansen,
på Ange som snodde seg naken saman med meg på senga,
på mor hennar som smilte og viste meg døra.
Mamma venta på meg. Ho spurde meg om filmen, og
eg gav henne svaret eg hadde tenkt ut på førehand, ut frå
filmmeldinga i Bay Guardian.
I det eg heldt på å sovne, kom pressekonferansen tilbake. Eg var skikkeleg stolt. Det var så kult å ha alle desse
viktige journalistane med i spelet, få dei til å lytte til meg og
til alle dei folka som trudde på det same som eg. Eg sovna
med eit smil om leppene.
231
E g skulle h a visst betre.
Xnet-sjef: Eg kan få metall om bord i fly
DHS har ikkje mitt samtykke til å styre
Xnet-ungommar: USA ut av San Francisco
Det var dei gode overskriftene. Alle sende meg artiklane så eg kunne blogge dei, men det var det siste eg hadde
lyst til.
Eg hadde bomma. Pressa hadde kome til pressekonferansen og konkludert med at vi var terroristar eller offer for
dei. Den verste var Fox News-journalisten, som tydelegvis
hadde dukka opp likevel, og som vigde ein ti minutt lang
kommentar til å snakke om det «kriminelle forræderiet»
vårt. Punchlinja hennar, gjenteken på alle nyhendesendingane, var:
«Dei seier dei ikkje har noko namn. Eg har eit til dei.
La oss kalle desse bortskjemde ungane Cal Qaida. Dei gjer
arbeidet for terroristane på heimefronten. Når – ikkje om,
men når – Cali­fornia blir angripe igjen, vil det vere like
mykje desse dritungane sin feil som den saudiarabiske
kongefamilien.»
Leiarar for antikrigsrørsla stempla oss som marginale
element. Ein fyr kom på tv og sa han trudde vi hadde blitt
fabrikkerte av DHS for å setje dei i vanry.
DHS heldt ein eigen pressekonferanse der dei annonserte at dei ville doble tryggingstiltaka i San Francisco. Dei
heldt opp ein arphidklonar som dei hadde funne, og demonstrerte korleis den verka, korleis han kunne brukast til
biltjuveri, og åtvara alle om å vere på vakt mot ungdommar
som oppførte seg mistenkjeleg, spesielt dei som hadde hendene ein stad der ein ikkje kunne sjå dei.
Dei spøkte ikkje. Eg avslutta Kerouac-stilen og byrja på
ein stil om Summer of Love, sommaren 1967, då antikrigsrørsla og hippieane gjekk saman i San Francisco. Folka som
232
starta Ben and Jerry’s iskrem – gamle hippiear sjølve – hadde også starta eit hippiemuseum i Haight, og det var fleire
andre arkiv og utstillingar å sjå rundt i byen.
Men det var ikkje lett å kome seg rundt. Innan veka var
omme, blei eg ransaka gjennomsnittleg fire gonger om dagen. Politiet sjekka ID-en min og forhøyrde meg om kvifor
eg var ute på gata, og las utvisingsbrevet mitt nøye.
Eg var heldig. Ingen arresterte meg. Men resten av Xnet
var ikkje like heldige. Kvar kveld annonserte DHS fleire arrestasjonar, «gjengleiarar» og «operasjonsleiarar» for Xnet,
folk eg ikkje kjende og aldri hadde høyrt om, blei viste fram
på skjermen saman med arphidsniffarar og andre dingsar
dei hadde hatt i lommene. Dei erklærte at desse folka «kom
med namn», «avslørte Xnet-nettverket» og at fleire arrestasjonar var venta snart. Namnet «M1k3y» blei høyrt ofte.
Pappa elska dette. Han og eg såg på nyhendeprogram
saman, han godta seg, og eg krympa meg, frika stille ut.
«Du skulle sett dei greiene dei kjem til å bruke på desse ungdommane,» sa pappa. «Eg har sett det. Dei tek eit par av dei,
og så ser dei på chatvennelistene og hurtigtastane på telefonen, ser etter namn som går igjen, ser etter mønster, tek inn
fleire ungdommar. Dei kjem til å rekke opp desse greiene
som ein gammal strikkegenser.»
Eg avlyste Anges middag heime hos oss og byrja å vere
meir der. Anges veslesøster Tina byrja å kalle meg «husgjesten», som i «skal husgjesten ete middag med meg i kveld?».
Eg likte Tina. Alt ho brydde seg om, var å gå ut og feste og
treffe gutar, men ho var morosam og veldig oppofrande
overfor Ange. Ein kveld vi vaska opp, tørka ho hendene og
sa selskapeleg: «Veit du, du verkar som ein grei kar, Marcus.
Søstera mi er galen etter deg, og eg liker deg òg. Men eg må
seie deg noko: Om du sviktar henne, skal eg forfølgje deg og
dra pungen din over hovudet ditt. Det blir ikkje eit pent syn.»
233
Eg forsikra henne at eg mykje heller ville dra min eigen
pung over hovudet mitt enn å svikte Ange, og Tina nikka.
«Då er vi einige om det.»
«Søstera di er frå vettet,» sa eg då vi låg i Anges seng
igjen og las Xnet-bloggar. Det var omtrent alt vi gjorde: tøysa rundt og las Xnet.
«Brukte ho pungreplikken på deg? Eg hatar at ho gjer
det. Ho berre elskar ordet ‘pung’, forstår du. Ikkje ta det
personleg.»
Eg kyssa henne. Vi las litt til.
«Høyr på dette,» sa ho. «Politiet reknar med fire til seks
hundre arrestasjonar denne helga, i det dei seier vil bli det
største koordinerte raidet på Xnet-dissidentar til dags dato.
Eg hadde lyst til å kaste opp.
«Vi må stoppe dette,» sa eg. «Veit du at det er folk som
gjer meir jamming no, berre for å vise at dei ikkje er redde?
Er ikkje det vanvittig?»
«Eg synest det er modig,» sa ho. «Vi kan ikkje la dei
skremme oss til å gi etter.»
«Hæ? Nei, Ange, nei. Vi kan ikkje la hundrevis av folk
bli sende i fengsel. Du har ikkje vore der. Det har eg. Det er
verre enn du trur. Det er verre enn du kan tenkje deg.»
«Eg har ganske frodig fantasi.»
«Slutt, er du snill? Ver alvorleg ein augeblink. Eg vil ikkje dette. Eg vil ikkje sende desse folka i fengsel. Om eg gjer
det, så er eg den som Van trur eg er.»
«Marcus, eg er alvorleg. Trur du ikkje desse folka ikkje
veit at dei kan kome i fengsel? Dei trur på saka. Du trur på
saka. Ha såpass tiltru til dei at dei veit kva dei gir seg ut på.
Det er ikkje opp til deg å avgjere kva risiko dei får lov til å ta.»
«Det er mitt ansvar, for om eg ber dei slutte, så sluttar dei.»
«Eg trudde at du ikkje var leiaren?»
«Det er eg ikkje, sjølvsagt er eg ikkje det. Men eg kan
234
ikkje hjelpe for det om dei søker råd hos meg. Så lenge dei
gjer det, har eg eit ansvar for at dei skal vere trygge. Du forstår det, sant?»
«Alt eg ser, er at du gjer deg klar til å springe med ein gong
du ser problem lenger framme. Eg trur du er redd for at dei
skal finne ut kven du er. Eg trur du er redd for din eigen del.»
«Det er urettferdig,» sa eg og trekte meg unna.
«Verkeleg? Kven var det som nesten fekk hjerteinfarkt då han trudde at den hemmelege identiteten hans var
avslørt?»
«Det var noko anna,» sa eg. «Dette handlar ikkje om
meg. Det veit du. Kvifor er du slik?»
«Kvifor er du slik?» spurde ho. «Kvifor er ikkje du villig
til å vere den fyren som var modig nok til å starte det heile?»
«Dette er ikkje modig, det er sjølvmord.»
«Billeg tenåringsmelodrama, M1k3y.»
«Ikkje kall meg det!»
«Hæ, ‘M1k3y’? Kvifor ikkje, M1k3y?»
Eg tok på meg skoa. Eg løfta sekken. Eg gjekk heim.
> Kvifor eg ikkje jammar
> Eg vil ikkje fortelje nokon andre kva dei skal gjere, fordi eg
ikkje er leiaren for nokon, uansett kva Fox News trur.
> Men eg skal fortelje dykk kva eg planlegg å gjere. Om du
meiner det er det rette å gjere, så gjer kanskje du det same.
> Eg jammar ikkje. Ikkje denne veka. Kanskje ikkje neste
veke heller. Det er ikkje fordi eg er redd. Det er fordi eg er smart
nok til å vite at eg er betre fri enn i fengsel. Dei fann ut korleis dei
skulle stoppe taktikken vår, så vi treng ein ny taktikk. Kva den
nye taktikken er, kan vere det same, men eg vil at han skal verke.
Det er dumt å bli arrestert. Det er ikkje jamming dersom du ikkje
kjem unna med det.
> Det finst òg ein annan grunn til å ikkje jamme. Om du blir
teken, kan dei bruke deg til å ta vennene dine, og deira venner
235
igjen, og så vidare. Det kan godt vere dei tek vennene dine sjølv
om dei ikkje er på Xnet, fordi dhs er som ein illsint okse, og dei
bryr seg ikkje særleg om dei har teke rett person eller ikkje.
> Eg skal ikkje seie kva du skal gjere.
> Men dhs er dumme og vi er smarte. Jamming beviser at
dei ikkje kan nedkjempe terrorisme, fordi det beviser at dei ikkje
eingong klarer å stoppe ein haug småkids. Om du blir teken, så
får det dei til å sjå ut som om dei er smartare enn oss.
> dei er ikkje smartare enn oss! Vi er smartare enn dei. La
oss vere smarte. La oss finne ut korleis vi skal jamme dei, uan­
sett kor mange bøller dei plasserer ut i byen vår.
Eg posta det. Eg la meg.
Eg sakna Ange.
A nge o g e g snak k a ikkje saman dei neste fire dagane, inkludert helga, og då måtte eg tilbake på skulen. Ein
million gonger ringde eg henne nesten, og eg skreiv tusen
epostar og chattemeldingar som aldri blei sende.
No var eg tilbake i samfunnsfagtimen, og fru Andersen
helste meg overdrive og sarkastisk høfleg og spurde meg
sukkersøtt korleis «ferien» min hadde vore. Eg sette meg
ned utan å mumle noko som helst. Eg kunne høyre Charles
fnise. Timen handla om «manifestert skjebne», ideen om
at amerikanarane sin skjebne var å ta over heile verda (eller
slik fekk ho det iallfall til å høyrast ut), og det verka som
om ho prøvde å provosere meg til å seie noko så ho kunne
kaste meg ut.
Eg følte klassa sine auge på meg, og det minte meg om
M1k3y og folka som såg opp til han. Eg var dritlei av å bli
sett opp til. Eg sakna Ange.
Eg kom meg gjennom resten av dagen utan at noko
som helst gjorde inntrykk på meg. Eg trur ikkje eg sa åtte
ord.
236
Endeleg var det over, og eg strena mot dørene, på veg
mot portane og det dustete Mission og det meiningslause
huset heime.
Eg var så vidt ute av porten då nokon krasja inn i meg.
Det var ein uteliggar, ung, kanskje på min eigen alder, kanskje litt eldre. Han hadde ein lang, feittete frakk, posete bukser og rotne joggesko som såg ut som om dei hadde vore
gjennom ei treskemaskin. Det lange håret hans hang ned i
ansiktet, og han hadde kjønnshårliknande skjegg som forvilla seg nedover halsen hans til den fargelause strikkegenseren.
Eg tok inn alt dette medan vi låg ved sida av kvarandre
på fortauet. Folk gjekk forbi oss og gav oss rare blikk. Det
verka som om han hadde kollidert med meg medan han
sprang ned Valencia Street, framoverbøygd under ein ryggsekk som no låg open ved sida av han på fortauet, mala full
av geometriske figurar utanpå med permanenttusj.
Han sette seg opp på knea og svaia fram og tilbake, som
om han var full eller hadde slått seg i hovudet.
«Beklagar kamerat,» sa han. «Såg deg ikkje. Er du
skadd?»
Eg sette meg opp òg. Ingenting kjendest skadd ut.
«Eh. Nei, alt i orden.»
Han reiste seg og smilte. Tennene hans var overraskande kvite og heile, som ein annonse for ein tannlegeklinikk.
Han retta ut handa mot meg, og grepet var sterkt og fast.
«Eg er verkeleg lei for det.» Stemma hans var også klar
og intelligent. Eg hadde venta at han skulle høyrast ut som
dei fyllikane som snakkar til seg sjølve der dei sjangla rundt
i Mission om natta, men han høyrdest ut som ein kunnskapsrik bokhandelmedarbeidar.
«Ikkje noko problem,» sa eg.
Han retta ut handa si ein gong til.
«Zeb,» sa han.
237
«Marcus,» sa eg.
«Gler meg, Marcus,» sa han. «Eg håpar å råke deg igjen
ein gong!»
Han lo medan han plukka opp sekken sin, snudde på
hælen og skunda seg vidare.
E g gjek k re sten av ve gen heim i ein tilstand av
tåkete forvirring. Mamma var ved kjøkkenbordet, og vi
hadde ein liten prat om absolutt ingenting, slik vi brukte å
ha før alt forandra seg.
Eg gjekk opp trappa til rommet mitt og lét meg falle
ned i stolen. For ein gongs skuld hadde eg ikkje det minste
lyst til å logge meg på Xnet. Eg hadde vore innom om morgonen før skulen og oppdaga at notatet mitt hadde laga ein
stor kontrovers mellom folk som var einige med meg, og
folk som med rette var forbanna for at eg bad dei slutte med
favorittsporten sin.
Eg hadde tre tusen prosjekt som eg hadde vore midt i,
då alt starta. Eg dreiv og bygde eit spionkamera av lego, eg
hadde leika meg litt med luftfotografi ved hjelp av drakar
og brukt eit gammalt digitalkamera med ein utløysar laga
av elastisk kitt som blei strekt ut ved oppsendinga og sakte
drog seg tilbake og aktiverte utløysaren med jamne mellomrom. Eg hadde ein rørforsterkar som eg dreiv og bygde
inn i ein gammal, rusta olivenoljeboks som såg ut som eit
arkeologisk funn – når eg var ferdig med det, planla eg å
lage ein dock for telefonen og eit sett 5.1 surroundhøgtalarar av tunfiskboksar.
Eg såg på arbeidsbenken min, og til slutt tok eg fram
spionkameraet. Å setje saman legodelar på metodisk vis var
omtrent så mykje som eg kunne klare no.
Eg tok av meg klokka og den digre to-finger-ringen med
ein ape og ein ninja som skulle til å slåst, og kasta dei begge i
238
den vesle boksen der eg legg alt skrotet eg puttar i lommene
og rundt halsen før eg går ut om morgonen: mobil, lommebok, nøklar, wifinnar, småpengar, batteri, samantrekkbare
leidningar … Eg dumpa alt i boksen, og mellom fingrane
mine fann eg noko eg ikkje kunne hugse å ha hatt i lomma.
Det var ein papirbit, grå og mjuk som flanell, med ujamne kantar, som om det var ein bit av eit større ark. Lappen
var dekt av den minste, mest forseggjorde handskrifta eg
nokon gong hadde sett. Eg bretta ut lappen og heldt han
opp. Skrifta dekte begge sidene, frå øvst til venstre på eine
sida til ein kludrete signatur nedst til høgre på andre sida.
Signaturen var ganske enkelt ZEB.
Eg løfta papiret og byrja å lese.
> Kjære Marcus,
> Du kjenner ikkje meg, men eg kjenner deg. Dei siste tre ve­
kene, sidan Bay Bridge blei sprengd, har eg blitt halde fanga på
Treasure Island. Eg var i luftegarden den dagen du snakka med
den asiatiske jenta og blei lagd i jern. Du var modig. Bra for deg.
> Eg fekk sprokken blindtarm dagen etter og enda opp på
sjukestova. I senga ved sida av var ein gut som heiter Darryl. Vi
var begge rekonvalesente ei lang stund, og innan vi blei bra igjen,
var vi for pinlege for dei til at dei berre kunne setje oss fri.
> Så dei bestemte seg for at vi måtte vere skuldige. Dei for­
høyrde oss kvar dag. Du har vore gjennom forhøyra deira, veit eg.
Tenk deg at det held fram i månadsvis. Darryl og eg enda opp som
cellekameratar. Vi veit at vi blei avlytta, så vi snakka berre om
uviktige ting. Men om kvelden, i køyene våre, klappa vi varsamt
fram meldingar til kvarandre i morsekode (eg visste at amatør­
radiodagane mine skulle kome til nytte ein dag).
> I byrjinga spurde dei berre om det same tullet som før,
kven gjorde det, korleis gjorde dei det. Men etter ei stund byrja
dei å spørje oss om Xnet. Vi hadde sjølvsagt aldri høyrt om det.
Det heldt dei ikkje frå å spørje.
239
> Darryl fortalde meg at dei hadde kome med arphidklona­
rar, Xboxar, alle slags forskjellig teknologi, og kravde at han skul­
le fortelje dei kven som brukte dei, kvar dei lærte å modde dei.
Darryl fortalde meg om spela de spelte.
> Spesielt: DHS spurde oss om vennene våre. Kven kjende
vi? Korleis var dei? Var dei politisk interesserte? Hadde dei hatt
problem på skulen? Med lova?
> Vi kalla fengselet Vesle Gitmo. Det er ei veke sidan eg kom
ut, og eg trur ikkje at nokon veit at sønene og døtrene deira er
fengsla midt i San Francisco Bay. Om natta kunne vi høyre folk
som lo og festa inne på fastlandet.
> Eg kom meg ut førre veke. Eg vil ikkje fortelje deg korleis, i
tilfelle dette kjem i feil hender. Kanskje andre har lyst til å ta den
same ruta.
> Darryl fortalde meg korleis eg kunne finne deg, og fekk
meg til å love å fortelje deg det eg visste. No då eg har gjort det, er
eg på veg ut herifrå, cirka i går. På den eine eller andre måten, eg
forlèt landet. Til helvete med Amerika.
> Ver sterk. Dei er redde for deg. Gi dei eit spark frå meg. Ikkje
bli teken.
> Zeb
Eg hadde tårer i augene då eg hadde lese ferdig. Eg hadde ein lighter ein eller annan stad på arbeidsbenken som eg
brukte til å smelte isolasjonen av leidningar, og eg fann han
fram og heldt han mot papirlappen. Eg visste at eg skulda
Zeb å øydelegge brevet og sørgje for at ingen andre såg det,
i tilfelle det kunne setje dei på sporet av han, kvar han enn
var på veg.
Eg heldt flammen og eg heldt brevet, men eg kunne
ikkje gjere det.
Darryl.
Oppi all driten med Xnet og Ange og DHS hadde eg
nesten gløymt at han eksisterte. Han hadde blitt eit spøkelse,
240
ein gammal venn som hadde flytta eller reist på utveksling.
Heile denne tida hadde dei forhøyrt han, kravd at han tysta
på meg, forklarte Xnet, jamminga.
Han hadde vore på Treasure Island, den gamle, forlatne
mili­tærbasen som låg på halvvegen over den fillesprengde
Bay Bridge. Han hadde vore så nær at eg kunne ha sumt ut
til han.
Eg la ned lighteren og las brevet igjen. Innan eg hadde
gjort det, gret eg, hulka eg. Alt kom tilbake, dama med den
strenge frisyren og spørsmåla ho hadde stilt og stanken av
piss og dei stive lerretsaktige buksene etter at urinen tørka.
«Marcus?»
Døra mi var open, mamma stod i opninga og såg bekymra på meg. Kor lenge hadde ho stått der?
Eg tørka tårene frå ansiktet og drog inn snørret.
«Mamma,» sa eg. «Hei.»
Ho kom inn på rommet og omfamna meg. «Kva er det?
Vil du snakke om det?»
Brevet låg på bordet.
«Er det frå kjærasten din? Er alt i orden?»
Ho hadde gitt meg ein veg ut. Eg kunne berre legge
skulda på problem med Ange, og ho ville gå ut av rommet
og la meg i fred. Eg opna munnen for å gjere akkurat det, og
så var det dette som kom ut:
«Eg var i fengsel. Etter at brua blei sprengd. Eg var i
fengsel heile den tida.»
Hulka som kom då, høyrdest ikkje ut som mi eiga stemme. Dei høyrdest ut som ein dyrelyd, kanskje ein apekatt eller lyden av villkattar om natta. Eg grein så halsen brann og
verkte, og brystkassa heiv etter luft.
Mamma tok meg i armane sine, slik ho brukte å gjere
då eg var liten, ho strauk meg over håret, mumla i øyret mitt
og vogga meg, og gradvis, sakte, slutta eg å gråte.
241
Eg pusta djupt inn, og mamma henta eit glas vatn. Eg
sat på kanten av senga, ho sat på kontorstolen min og eg
fortalde henne alt.
Alt.
Vel, det meste.
Ti l å byrje med såg mamma sjokkert ut, så blei ho forbanna, og så gav ho opp og lét berre munnen henge open
medan eg fortalde om forhøyra, om korleis eg blei tvinga
til å pisse på meg, om sekken over hovudet, Darryl. Eg viste
henne lappen.
«Kvifor –?»
I dei to stavingane låg all skuldkjensla eg hadde kjent
den kvelden, kvar einaste augeblink eg hadde mangla mot
til å fortelje verda kva det verkeleg handla om, kva eg eigentleg kjempa mot, kva som eigentleg var bakgrunnen for Xnet.
Eg pusta djupt inn.
«Dei fortalde meg at eg ville kome i fengsel om eg
snakka om det. Ikkje berre for nokre dagar. Men for alltid.
Eg var – eg var redd.»
Mamma sat med meg lenge, utan å seie noko. Så: «Kva
med faren til Darryl?»
Ho kunne like godt ha stukke ein strikkepinne inn i
brystet på meg. Faren til Darryl. Han måtte ha tenkt at
Darryl var død, for lenge sidan.
Og var han ikkje det? Etter at DHS hadde halde deg
ulovleg i tre månader, ville dei nokon gong sleppe deg fri?
Men Zeb kom seg fri. Kanskje ville Darryl også kome
seg fri. Kanskje eg og Xnet kunne hjelpe Darryl ut.
243
«Eg har ikkje fortalt han noko,» sa eg.
No gret mamma. Ho gret ikkje ofte. Ei britisk greie. Det
gjorde dei små hikstelydane hennar endå verre å høyre på.
«Du må fortelje han det,» fekk ho fram. «Du må.»
«Det skal eg.»
«Men først må du fortelje det til far din.»
Pa ppa h adde ik k je lenger ei fast tid han kom heim
på. Etter alle konsulentklientane sine – som hadde mykje
arbeid no då DHS var ute etter nye dataanalysefirma frå
halvøya – og den lange vegen til Berkeley kunne han kome
heim når som helst mellom klokka seks og midnatt.
Denne kvelden ringde mamma og sa at han skulle
kome heim med ein gong. Han sa eitt eller anna, og ho gjentok det: med ein gong.
Då han kom heim, hadde vi plassert oss i stova med
brevet på salongbordet.
Det var lettare å fortelje for andre gong. Løyndommen
kjendest lettare. Eg pynta ikkje på det, eg la ikkje skjul på
noko. Eg la alle korta på bordet.
Eg kjende til uttrykket, men eg hadde ikkje forstått kva
det innebar før eg gjorde det. Å halde på løyndommen hadde fått meg til å føle meg skiten, det hadde skitna meg til,
langt inn i sjela. Det hadde fått meg til å føle meg redd og
skamfull. Det hadde gjort meg til alt Ange sa eg var.
Pappa sat stiv som ein pinne heile tida, med eit ansikt
hogd i sein. Då eg viste han brevet, las han det to gonger og
la det ned varsamt ned.
Han rista på hovudet, reiste seg og gjekk mot ut­gangsdøra.
«Kvar skal du?» spurde mamma bekymra.
«Eg må gå ein tur,» var alt han klarte å gispe fram, med
knekk i stemma.
244
Vi stira utilpass på kvarandre, mamma og eg, og venta
på at han skulle kome tilbake. Eg prøvde å førestelle meg
kva som gjekk føre seg i hovudet hans. Han hadde vore så
annleis etter bombeåtaka, og eg visste frå mamma at det
som hadde endra han, var dei dagane då han trudde eg var
død. Han hadde trudd at terroristane nesten hadde drepe
sonen hans, og det dreiv han frå konsepta.
Nok frå konsepta til å gjere alt DHS bad om, stille seg i
kø som ein annan sau og la dei kontrollere han, styre han.
No visste han at det var DHS som hadde sett meg i fengsel, at DHS hadde kidnappa San Franciscos barn og heldt
dei i Vesle Gitmo. Det var logisk, no då eg tenkte over det.
Sjølvsagt hadde det vore på Treasure Island. Kva andre stader var ti minutt med båt frå San Francisco?
Då pappa kom tilbake, såg han sintare ut enn eg nokon
gong hadde sett han.
«Du skulle ha snakka med meg!» brølte han.
Mamma gjekk imellom. «Du legg skulda på feil person,»
sa ho. «Det var ikkje Marcus som kidnappa og trakasserte.»
Han rista på hovudet og trampa i golvet. «Eg legg ikkje
skulda på Marcus. Eg veit akkurat kven som har skulda. Eg.
Eg og idiotane i DHS. Få på deg skoa, ta på dykk jakkene.»
«Kvar skal vi?»
«Vi skal snakke med faren til Darryl. Så skal vi til
Barbara Stratford.»
E g k jende na mnet Barbara Stratford frå ein stad,
men eg kunne ikkje hugse kvar. Eg tenkte kanskje ho var
ein gammal venn av foreldra mine, men eg kunne ikkje heilt
plassere henne.
I mellomtida var vi på veg til faren til Darryl. Eg hadde aldri følt meg vel til pass rundt den gamle mannen,
som hadde vore radiooperatør i marinen, og som styrte
245
hushaldet som eit skip. Han hadde lært Darryl morsekode
då han var liten, noko eg alltid hadde synst var kult. Det
var ein av grunnane til at eg visste eg kunne stole på brevet
frå Zeb. Men som motvekt mot kule ting som morsekode
hadde faren til Darryl ein slags vill militærdisiplin som det
verka som han kravde for disiplinen si eiga skuld, som å
insistere på sjukehushjørne på sengetøyet og barbering to
gonger om dagen. Det dreiv Darryl til vanvit.
Mora til Darryl hadde ikkje sett pris på det heller og
hadde reist tilbake til familien sin i Minnesota då Darryl var
ti – Darryl var der om somrane og i jula.
Eg sat i baksetet og kunne sjå bakhovudet til pappa medan han køyrde. Musklane i nakken var knytte og rørte på
seg når han gnura kjevane mot kvarandre.
Mamma heldt handa si på armen hans, men det var ingen som trøsta meg. Om eg berre kunne ringe Ange. Eller
Jolu. Eller Van. Kanskje eg kunne det når dagen var over.
«I hovudet sitt må han for lengst ha gravlagt sonen
sin,» sa pappa medan han skrensa gjennom hårnålssvingane opp gjennom Twin Peaks til den vesle hytta Darryl og
faren delte. Det var skodde på Twin Peaks, som det ofte var
om kvelden i San Francisco, slik at frontlyktene reflekterte
lyset tilbake til oss. Kvar gong vi svinga, såg eg dalane i byen
under oss, som skåler med blinkande lys i skodda.
«Er det her?»
«Ja,» sa eg. «Her er det.» Eg hadde ikkje vore hos Darryl
på fleire månader, men eg hadde vore der nok opp gjennom
åra til å kjenne det igjen med ein gong.
Vi stod rundt bilen, alle tre, ein lang augeblink og venta
for å sjå kven som ville gå og ringe på. Overraskande nok
var det eg.
Det ringde og vi venta ei kort stund i andelaus spenning.
Eg ringde på igjen. Bilen til faren til Darryl stod parkert, og
246
vi hadde sett lys i stova. Eg skulle til å ringe på for tredje
gong då døra gjekk opp.
«Marcus?» Faren til Darryl var ikkje slik eg hugsa han.
Ubarbert, i morgonkåpe, berrføtt, med lange tånegler og
raude auge. Han hadde lagt på seg, og ei mjuk dobbelthake
bølgja under den faste militærkjeven. Det tynne håret hans
var pistrete og ustelt.
«Herr Glover,» sa eg. Foreldra mine trengde seg på.
«Hei Ron,» sa mamma.
«Ron,» sa pappa.
«De òg? Kva er det som skjer?»
«Kan vi kome inn?»
Stova h ans lik na på slike nyhendeinnslag dei viser
om ungar som foreldra har gått frå, og som har vore innestengde ein månad før dei blir redda av naboane: pappkartongar frå frosenmiddagar, tome ølboksar og juiceflasker,
mugne skåler med frukostblanding og stablar med aviser.
Det stinka kattepiss, og søppel knasa under føtene våre.
Sjølv utan kattepisset var lukta ufatteleg, som toalettet på
ein busstasjon.
Sofaen var reidd opp med eit skitent laken og eit par
feittete puter som hadde merke etter hovudet hans.
Vi stod der tause ei lang stund, skamkjensla overvelda
alle andre kjensler. Faren til Darryl såg ut som om han hadde lyst til å døy.
Sakte tok han av lakenet frå sofaen og tok stablane med
matbrett frå eit par av stolane, bar alt inn på kjøkkenet, og,
slik høyrdest det ut, kasta det på golvet.
Vi sette oss varsamt på sitjeplassane han hadde rydda,
han kom òg inn og sette seg.
«Eg beklagar,» sa han vagt. «Eg har ikkje kaffi å by dykk.
Eg får varer på døra i morgon, no er eg nesten tom –»
247
«Ron,» sa pappa. «Høyr på oss. Vi har noko å fortelje
deg, og det kjem ikkje til å vere lett å høyre.»
Han sat som ein statue medan eg snakka. Han såg ned
på lappen, las utan å sjå ut til å forstå, las og las ein gong til.
Gav meg lappen tilbake.
Han skalv.
«Han er –»
«Darryl er i live,» sa eg. «Darryl er i live og blir halden
fanga på Treasure Island.»
Han stakk knyttneven i munnen og gav frå seg ein grufull lyd.
«Det er ei vi kjenner,» sa pappa, «som skriv for Bay
Guardian. Ho er gravejournalist.»
Det var der eg hadde namnet frå. Gratisavisa Guardian
mista ofte journalistane sine til større dagsaviser og internett,
men Barbara Stratford hadde vore der alltid. Eg hadde eit
vagt minne om at vi hadde middag med henne då eg var liten.
«Vi skal dit no etterpå,» sa mamma. «Vil du vere med
oss, Ron? Vil du fortelje historia om Darryl?»
Han la hovudet i hendene og pusta djupt. Pappa prøvde å legge ei hand på skuldra hans, men Glover rista henne
vekk.
«Eg må ordne meg,» sa han. «Gi meg ei lita stund.»
Glover kom ned trappa som ein annan mann. Han
hadde barbert seg og vasskjemt håret sitt bak, teke på seg ei
stram militæruniform, med ei rad utmerkingsband på brystet. Han stoppa ved foten av trappa og gav ei slags helsing.
«Eg har ikkje mykje reine klede akkurat no. Og dette
verka passande. Du veit, om dei vil ta bilete.»
Han og pappa sat framme, og eg sette meg bak. På nært
hald lukta han litt øl, som om det kom ut av porene hans.
248
D e t var midnat t då vi kom fram til innkøyrsla hos
Barbara Stratford. Ho budde utanfor byen, nede i Mountain
View, og på vegen nedover var det ingen av oss som sa eit
ord. Dei høgteknologiske bygningane langs motorvegen
flaut forbi.
Dette var ein heilt annleis Bay Area enn den eg budde
i, og likna meir på det forstads-Amerika eg hadde sett på tv.
Masse opne vegar og rekker av identiske hus, byar der det
ikkje var nokon uteliggarar som gjekk nedover fortaua med
handlevogner – det var ikkje fortau der eingong!
Mamma hadde ringt til Barbara Stratford medan vi
venta på at Glover skulle kome ned igjen. Ho hadde lagt seg,
men mamma hadde vore så opphissa at ho gløymde å vere
britisk og forlegen over å vekke henne. I staden fortalde ho,
oppkava, at ho hadde noko å snakke med henne om, og ho
måtte gjere det ansikt til ansikt.
Då vi svinga inn til Barbara Stratfords hus, gjekk tankane mine i retning huset til familien Brady – eit lågt gardshus med ei murpipe framfor. Musteinane hadde eit abstrakt
mønster, og ei gammaldags UHF-tv-antenne stakk opp bak.
Vi gjekk rundt til inngangen og såg at det var lys på. Journalisten opna døra før vi rakk å ringe på. Ho var på
alder med foreldra mine, ei høg dame med haukenase og
skarpe auge som det gjekk tydelege latterlinjer ut frå. Ho
hadde på seg dongeribukser som var hippe nok til å bli sett
i butikkane langs Valencia Street, og ein laustsitjande indisk
bomullsbluse som gjekk ned på låra. Ho hadde små, runde
briller som blinka i lyset i gangen.
Ho smilte eit stramt, lite smil mot oss.
«Du tok med heile klanen, ser eg,» sa ho.
Mamma nikka. «Du kjem straks til å forstå kvifor,» sa
ho. Glover tok eit steg til sides frå bak pappa.
«Og du ringde marinen også?»
249
«Alt til si tid.»
Vi helste på henne, ein etter ein. Ho hadde eit fast
handtrykk og lange fingrar.
Huset hennar var møblert i japansk minimalistisk stil,
berre nokre få, presist utmålte, låge møblar, store kera­
mikk­vasar med bambus som voks til taket, og noko som
såg ut som ein stor bit av ein dieselmotor oppå ei stor, polert marmorsøyle. Eg bestemte meg for å like det. Golva
var gammalt treverk, sandblåst og mala, men ikkje slipt
og sparkla, så du kunne sjå sprekkar og kvistar under lakken. Det likte eg verkeleg, særleg då eg gjekk over golvet i
sokkelesten.
«Eg har sett på kaffi,» sa ho. «Kven vil ha?»
Vi rekte opp handa alle saman. Eg glodde utfordrande
på foreldra mine.
«Akkurat,» sa ho.
Ho forsvann inn i eit anna rom og kom tilbake med
eit grovt bambusbrett med ei toliters termoskanne og seks
koppar i streng design, men med grove, slurvete dekorasjonar. Eg likte dei òg.
«No,» sa ho då ho hadde servert oss. «Det er veldig fint
å sjå dykk igjen, alle saman. Marcus, den førre gongen eg
såg deg, var du kanskje sju, trur eg. Eg kan hugse at du var i
fyr og flamme over nokre nye videospel du viste meg.»
Eg kunne ikkje hugse det, men det høyrdest ut til
å vere meg, slik eg var då eg var sju. Det var sikkert Sega
Dreamcast-boksen eg hadde brukt.
Ho tok fram ein kassettopptakar, ei journalistblokk
og ein penn og tvinna pennen mellom fingrane. «Eg er her
for å høyre på det de har å fortelje meg, og eg lovar at alt
skjer konfidensielt. Men eg kan ikkje love at eg skal gjere
noko med det, eller at det kjem til å bli publisert.» Måten
ho sa det på, fekk meg til å forstå at mamma hadde bedt om
250
ei ganske stor teneste då ho fekk denne dama ut av senga,
uansett kor gode venner dei var. Det må vere ein pest og ei
plage å vere ein kjend gravejournalist. Det var sikkert ein
million folk som ville at ho skulle skrive om dei.
Mamma nikka mot meg. Sjølv om eg hadde fortalt historia mi tre gonger den kvelden, var det vanskeleg å kome i
gang no. Dette var noko anna enn å fortelje til foreldra mine.
Noko anna enn å fortelje det til faren til Darryl. Dette – dette ville vere ei ny vending i spelet.
Eg byrja sakte, og såg på at Barbara noterte. Eg drakk ein
heil kopp kaffi berre medan eg fortalde kva arg var, og korleis eg sneik meg ut frå skulen for å spele. Mamma, pappa og
Glover høyrde nøye etter under denne delen. Eg helte i påfyll og drakk medan eg forklarte korleis vi blei tekne til fange. Innan eg hadde kome gjennom heile historia, hadde eg
drukke heile kanna og var pissetrengd som eit vasskraftverk.
Badet var like nakent som stova, med ei brun, bio­
dynamisk såpe som lukta som rein gjørme. Eg kom tilbake,
og dei vaksne såg stille på meg.
Glover fortalde si historie etterpå. Han forklarte at han
var ein veteran, og at sonen hans var ein grei kar. Han snakka om korleis det var å tru at sonen hans hadde døydd, om
korleis ekskona hans kollapsa og enda på sjukehus då ho
fekk vite det. Han gret litt, usjenert, tårene rann nedover det
rynkete ansiktet og sette mørke merke på uniformskragen.
Då det var over, gjekk Barbara inn på eit anna rom
og kom tilbake med ei flaske irsk whisky. «Dette er ein
Bushmills, 15 år gammal, modna i romtønner,» sa ho og sette fram fire glas. Ikkje til meg. «Denne har ikkje vore i sal på
ti år. Eg trur dette er det rette tidspunktet å opne han på.»
Ho slo oppi glasa deira, heva sitt eige glas og tok ein slurk
som tømde halve glaset. Dei andre vaksne følgde på. Dei tok
ein slurk til og drakk ut glasa. Ho slo oppi ein gong til.
251
«Ålreit,» sa ho. «Her er det eg kan seie med ein gong.
Eg trur på dykk. Ikkje berre fordi eg kjenner deg, Lillian.
Historia høyrest sannsynleg ut og stemmer med rykte eg
har høyrt. Men eg kan ikkje berre ta ordet dykkar for det.
Eg kjem til å måtte gjere grundige undersøkingar om denne
saka, og om dykk. Eg treng å vite om det finst noko de ikkje
fortel meg, noko som kan brukast til å diskreditere dykk etter at dette kjem for ein dag. Eg treng alt. Det kan ta veker
før eg er klar til å publisere.
De må også tenkje på tryggleiken dykkar, og Darryls.
Om han verkeleg er ein ‘ikkje-person’, så kan press på DHS
føre til at dei flyttar han mykje lenger vekk. Som til Syria,
eller liknande. Dei kan også gjere verre ting.» Ho lét det
henge i lufta. Eg visste at ho meinte at dei kunne drepe han.
«Eg skal ta dette brevet og skanne det no. Eg vil ha
bilete av dykk begge, både no og seinare – vi kan sende ut
ein fotograf, men eg vil dokumentere dette så grundig som
mogleg i kveld òg.»
Eg gjekk med henne inn på kontoret for å skanne. Eg
hadde venta ei stilfull, mindre kraftig datamaskin som ville
passe med møblementet, men i staden var gjesterommet/
kontoret overfylt av pc-ar av beste sort, store flatskjermar
og ein skannar stor nok til å få med ei heil fullformatavis.
Ho jobba raskt med utstyret òg. Eg noterte meg nøgd at ho
køyrde ParanoidLinux. Denne dama tok jobben sin alvorleg.
Viftene på datamaskinene sette opp eit effektivt lydskjold av kvit støy, men likevel lukka eg døra og gjekk tett
bort til henne.
«Øh, Barbara?»
«Ja?»
«Du veit det du sa, det om ting som kunne bli brukt til å
diskreditere meg?»
«Ja?»
252
«Det eg fortel deg, kan du ikkje bli tvinga til å fortelje
vidare, sant?»
«I teorien. La meg seie det på denne måten. Eg har gått
i fengsel to gonger, fordi eg ikkje ville tyste på kjelder.»
«Ok, ok. Bra. Wow. Fengsel. Wow. Ok.» Eg pusta djupt
inn. «Du har høyrt om Xnet? Om M1k3y?»
«Ja?»
«Eg er M1k3y.»
«Åh,» sa ho. Ho styrte skannaren og snudde lappen for
å ta baksida. Ho skanna i ei eller anna utruleg oppløysing,
10 000 prikkar per tomme eller større, og på skjermen såg
det ut som biletet frå eit elektronmikroskop.
«Vel, det kompliserer saka.»
«Ja,» sa eg. «Det gjer vel det.»
«Foreldra dine veit det ikkje.»
«Nei. Og eg veit ikkje om eg vil at dei skal vite det.»
«Det er noko du må finne ut. Eg må tenkje over dette.
Kan du kome på kontoret mitt? Eg har lyst til å snakke med
deg om kva dette betyr, heilt eksakt.»
«Har du ein Xbox Universal? Eg kan ta med ein
installasjonsdisk.»
«Ja, det trur eg kan ordnast. Når du kjem, sei til resepsjonisten at du er herr Brown og har ein avtale med meg.
Dei veit kva det tyder. Ingen noterer at du kjem inn, og opptaka frå tryggingskamera den dagen vil bli automatisk sletta
og kamera deaktiverte til du går.»
«Wow,» sa eg. «Du tenkjer som eg.»
Ho smilte og gav meg eit slag på skuldra. «Småen, eg
har vore i dette gamet jævlig lenge. Så langt har eg klart å
halde meg på frifot lenger enn eg har vore bak lås og slå.
Paranoia er ein nær venn.»
253
E g var ein z ombi på skulen neste dag. Eg fekk omtrent
tre timar søvn, og sjølv ikkje tre koppar koffeingjørme frå
tyrkaren klarte å få i gang hjernen min. Problemet med koffein er at det er for lett å venne seg til det, så du treng høgare
og høgare dosar for å kome over normalen.
Natta hadde gått med til å tenkje over kva eg skulle
gjere. Det var som å springe gjennom ein labyrint med ein
masse like gangar som alle leidde til den same blindvegen.
Når eg gjekk for å snakke med Barbara, ville alt vere over for
meg. Det var resultatet, uansett korleis eg tenkte over det.
Da skuledagen var over, ønskte eg ikkje noko anna enn
å dra heim og krype til sengs. Men eg hadde ein avtale på
kontoret til Bay Guardian, nede ved hamna. Eg heldt blikket på føtene mine i det eg vakla ut porten, og i det eg runda
hjørnet inn til 24th Street var det eit anna par føter som fall
inn i gangrytmen min. Eg kjende igjen skoa og stoppa.
«Ange?»
Ho såg ut på same måten som eg følte meg, med vaskebjørnauge fulle av søvnmangel og triste parentesar på kvar
side av munnen.
«Hei der,» sa ho. «Overrasking. Eg gav meg sjølv fri frå
skulen. Eg kunne ikkje konsentrere meg uansett.»
«Øhm,» sa eg.
«Hald kjeft og gi meg ein klem, din idiot.»
Det gjorde eg. Det kjendest godt. Det kjendest som om
eg hadde amputert vekk ein del av meg, og så fått han sett
på igjen.
«Eg elskar deg, Marcus Yallow.»
«Eg elskar deg, Angela Carvelli.»
«Ok,» sa ho og løyste seg frå meg. «Eg likte posten din
om kvifor du ikkje jammar. Eg kan respektere det. Kva har
du gjort med å finne ein måte å blokkere dei på utan å bli
teken?»
254
«Eg er på veg til å møte ein gravejournalist som skal
skrive ei historie om korleis eg blei send i fengsel, korleis eg
starta Xnet, og om at Darryl blir halden ulovleg av DHS i eit
hemmeleg fengsel på Treasure Island.»
«Åh,» ho såg seg rundt. «Kunne du ikkje finne på noko,
eh, ambisiøst?»
«Vil du bli med?»
«Eg blir med, ja. Og eg vil at du skal forklare meg dette i
detalj, om du ikkje har noko imot det.»
Av alle gjenforteljingane var denne, på vegen til Potrero
Avenue og ned til 15th Street, den lettaste. Ho heldt handa
mi og klemde henne ofte.
Vi tok to steg om gongen opp trappa til Bay Guardian
sitt kontor. Hjertet mitt slo. Eg kom til resepsjonen og sa til
jenta som sat og kjeda seg bak disken: «Eg er her for å møte
Barbara Stratford. Herr Green heiter eg.»
«Eg trur du meiner herr Brown?»
«Ja,» sa eg og raudna. «Herr Brown.»
Ho gjorde noko på datamaskina og sa: «Sett dykk ned.
Barbara kjem straks. Vil de ha noko medan de ventar?»
«Kaffi,» sa vi i kor. Ein annan grunn til å elske Ange: Vi
var hekta på same dop.
Resepsjonisten – ei søt latina, berre nokre få år eldre
enn oss, med klede frå Gap, så gamle at dei var retrohippe
– nikka, gjekk ut og kom tilbake med to koppar med avisa
sin logo på.
Vi drakk utan eit ord og såg på gjestane og journalistane som gjekk forbi. Til slutt kom Barbara og henta oss. Ho
hadde omtrent det same på seg som i går. Det kledde henne.
Ho rynka på eit augnebryn mot meg då eg ho såg at eg hadde teke med meg følgje.
«Hei,» sa eg. «Øh, dette er –»
«Fru Brown,» sa Ange og rekte fram handa. Å, så klart,
255
identitetane våre skulle jo vere hemmelege. «Eg jobbar med
herr Green.» Ho dulta lett til meg med albogen.
«La oss gå inn,» sa Barbara og leidde oss inn til eit møterom som hadde lange glasveggar med persienner som var
dregne for. Ho sette fram eit fat med kjeks, ein digital opptakar og ei ny journalistblokk.
«Har du lyst til å ta opp dette òg?» spurde ho.
Eg hadde ikkje tenkt over det. Eg kunne sjå kvifor
det ville vere nyttig, dersom eg ville nekte på noko av det
Barbara skreiv. Men om eg ikkje kunne stole på at ho ytte
meg rettferd, så var eg fortapt uansett.
«Nei, det er i orden,» sa eg.
«Fint, la oss setje i gang. Unge dame, eg heiter Barbara
Stratford, og eg er gravejournalist. Eg reknar med at du veit
kvifor eg er her, og eg er nysgjerrig på å vite kvifor du er her.»
«Eg jobbar saman med Marcus på Xnet,» sa ho. «Må
du vite kva eg heiter?»
«Det må eg ikkje, akkurat no iallfall,» sa Barbara. «Du
kan vere anonym om du vil. Marcus, eg bad deg fortelje denne historia fordi eg må vite korleis det passar med historia du
fortalde meg om vennen din Darryl og lappen du viste meg.
Eg kan sjå korleis det kan vere ei god sideforteljing; eg kan
framstille det som starten på Xnet. ‘Dei skapte ein fiende dei
aldri kjem til å gløyme,’ noko slikt. Men for å vere ærleg vil eg
helst sleppe å fortelje den historia om eg ikkje må.
Eg vil heller ha ei enkel forteljing om det hemmelege
fengselet rett ved dørstokken vår, utan å måtte diskutere
om fangane der er slike folk som med ein gong dei slepp ut,
etablerer ei undergrunnsrørsle, oppsette på å destabilisere
styresmaktene. Det forstår du sikkert.»
Det gjorde eg. Dersom Xnet var ein del av historia, ville
nokon seie: «Sjå der, dei må setje slike folk i fengsel, eller så
lagar dei bråk.»
256
«Du styrer dette,» sa eg. «Eg trur du må fortelje verda
om Darryl. Når du gjer det, kjem DHS til å skjøne at det er
eg som har gått offentleg ut, og dei kjem etter meg. Kanskje
dei finn ut då at eg er involvert i Xnet. Kanskje dei koplar
meg til M1k3y. Det eg seier, er vel at med ein gong du skriv
om Darryl, er det heile over for meg uansett. Eg har forsona
meg med det.»
«Like bra å bli hengd for ein sau som for eit lam,» sa ho.
«Akkurat. Vel, då er vi innforstått med det. Eg vil at de fortel
meg alt de kan om grunnlegginga og drifta av Xnet, og så vil
eg ha ein demonstrasjon. Kva bruker de det til? Kven andre
bruker det? Kven laga programvara? Alt.»
«Dette vil ta ei stund,» sa Ange.
«Eg har ei stund,» sa Barbara. Ho tok ein slurk kaffi og
ein kjeks. «Dette kan vere den viktigaste historia i Krigen
mot terror. Dette kan vere historia som feller regjeringa.
Når du har ei slik historie, er du nøye med alt.»
Så vi f ortalde alt. Det var ganske gøy, faktisk. Å
lære folk korleis dei bruker teknologi, er alltid spennande.
Det er kult å sjå folk finne ut korleis teknologien kan gjere
liva deira betre. Ange var flink òg – vi var eit supert team. Vi
bytte på å forklare korleis alt verka. Barbara var ganske god
på desse tinga frå før, sjølvsagt.
Det viste seg at ho hadde dekt kryptokrigane, perioden tidleg nittitalet då borgarrettsgrupper som Electronic
Frontier Foundation kjempa for amerikanarar sin rett til
å bruke sterk krypto. Eg visste litt om den perioden, men
Barbara forklarte det på ein måte som gav meg gåsehud.
Det er utruleg i dag, men det var ein periode då styresmaktene klassifiserte krypto som våpenmateriell og gjorde
det ulovleg for kven som helst å eksportere eller bruke det.
Kan du forstå det? Ein gong hadde vi altså ulovleg matematikk i dette landet.
Det var det amerikanske National Security Agency
(NSA) som var initiativtakarane til forbodet. Dei hadde ein
kryptostandard dei sa var sterk nok for bankar og bankkundar, men ikkje sterk nok til at mafiaen kunne halde arkiva
sine hemmelege for dei. Standarden, DES-56, var sagt å vere
praktisk talt uknuseleg. Så bygde ein av EFF-grunnleggarane
ein DES-56-knusar som kunne knekke chifferet på to timar.
258
Likevel meinte NSA at dei burde ha lov til å forby amerikanarar å ha løyndommar dei ikkje kunne få snusen i. Så
sette EFF inn dødsstøyten. I 1995 representerte dei matematikkstudenten Dan Bernstein i retten. Bernstein hadde
skrive ein introduksjon til krypto som inneheldt datakode
for å lage eit chiffer som var sterkare enn DES-56. Millionar
gonger sterkare. I augene til NSA blei artikkelen eit våpen og
difor forboden.
Vel, det er kanskje vanskeleg å få ein dommar til å forstå
krypto og kva det tyder, men det viste seg at den gjennomsnittlege dommaren ved amerikanske appelldomstolar ikkje
er særleg ivrig etter å avgrense kva slags artiklar studentar har
lov til å skrive. Kryptokrigane enda med seier for dei gode, då
Amerikas niande appelldomstol avgjorde at kode er ei form
for ytring som blir verna av det første grunnlovstillegget. Om
du nokon gong har kjøpt noko på nettet, sendt ei hemmeleg
melding eller sjekka saldoen på bankkontoen din, så har du
brukt krypto som EFF fekk gjort lovleg. Og det er bra: NSA er
rett og slett ikkje så smarte. Alt dei klarer å knekke, kan du
vere sikker på at terroristar og gangsterar kan knekke òg.
Barbara hadde vore ein av journalistane som hadde
bygd opp renommeet sitt gjennom å dekke saka. Ho hadde
vakse opp då borgarrettsrørsla i San Francisco gjekk mot
slutten, og såg likskapane mellom kampen for grunnlova i
den verkelege verda og kampen i cyberspace.
Så ho skjønte det. Eg trur ikkje eg kunne ha forklart
desse greiene til foreldra mine, men med Barbara var det
lett. Ho stilte intelligente spørsmål om dei kryptografiske
protokollane og tryggingsprosedyrane våre, av og til om
ting eg ikkje visste svaret på – nokre gonger påpeikte ho
potensielle svake punkt i prosedyren vår.
Vi plugga i Xboxen og kom på nett. Det var fire opne
trådlause nett vi kunne sjå der frå møterommet, og eg fekk
259
Xboxen til å skifte mellom dei ved tilfeldige intervall. Ho
skjønte dette òg – når du først var på Xnet, så var det akkurat som å vere på internett, berre at nokre ting var litt
tregare og alt var anonymt og umogleg å spore.
«Så kva no?» sa eg då vi nærma oss slutten. Eg hadde
snakka meg tom, og eg hadde ei frykteleg, syreaktig kjensle
frå all kaffien. Dessutan dreiv Ange og klemde handa mi under bordet på ein måte som gav meg lyst til å styrte ut for å
finne ein skjerma stad der vi kunne avslutte gjenforeininga
etter den første krangelen vår.
«No byrjar eg på journalistikken. Du går ut, og eg undersøker alt de har fortalt meg, for å prøve å få det stadfesta
så godt som mogleg. Eg vil la dykk lese gjennom det eg skal
trykke, og de får vite når det skjer. Eg ville føretrekke at du
ikkje snakka med nokon andre om dette no, fordi eg vil ha
skupet, og fordi eg vil forsikre meg om at eg får historia før
alt blir tilskitna av spekulasjon i pressa og strategiar frå DHS.
Eg vil bli nøydd til å ringe DHS for kommentarar før
trykking, men eg skal gjere det på ein måte som skjermar deg
i størst mogleg grad. Eg vil også gi deg beskjed før eg gjer det.
Ein ting som må vere klart: Dette er ikkje di historie
lenger. Det er mi historie. Du var veldig sjenerøs som gav
henne til meg, og eg skal prøve å gjengjelde den gåva, men
du får ikkje rett til å redigere vekk noko, å endre historia
eller stoppe meg. Dette er i rørsle no og vil ikkje stoppe.
Forstår du det?»
Eg hadde ikkje tenkt på det på den måten, men når ho
sa det, var det innlysande. Det betydde at raketten var skoten ut, og eg ville ikkje vere i stand til å stoppe han. Han
kom til å falle ned der han var sikta inn, eller bomme, men
han var i lufta og kunne ikkje stoppast. Ein dag i nær framtid skulle eg slutte å vere Marcus – eg ville vere ein offentleg
figur. Eg ville vere han som angav DHS.
260
Eg ville vere ein vandrande død.
Ange tenkte nok i dei same banane, for ho hadde blitt
ein stad mellom kvit og grøn i ansiktet.
«La oss kome oss ut,» sa ho.
Mo r a til Ange og søstera var ute igjen, noko som gjorde det lett å avgjere kvar vi skulle den kvelden. Det var forbi middagstid, men foreldra mine visste at eg skulle møte
Barbara og ville ikkje bli sinte om eg kom seint heim.
Då vi kom heim til Ange, hadde eg ikkje lyst til å plugge
i Xboxen. Eg hadde fått nok Xnet den dagen. Alt eg kunne
tenkje på, var Ange, Ange, Ange. Å vere utan Ange. Å vite at
Ange var sint på meg. Ange som ikkje ville snakke med meg
igjen. Ange som ikkje ville kysse meg igjen.
Ho hadde tenkt det same. Eg såg det i augene hennar
då vi lukka døra på soverommet hennar og såg på kvarand­
re. Eg var svolten på henne, slik du er svolten på middag
etter ikkje å ha ete på dagevis. Slik du ville vere tørst etter eit
glas vatn etter å ha spelt fotball i tre timar.
Ikkje som noko av det. Det var meir. Det var noko eg aldri
hadde følt før. Eg hadde lyst til å ete henne heil, sluke henne.
Fram til no hadde ho vore den seksuelle i forholdet vårt.
Eg hadde late henne setje rytmen. Det var fantastisk erotisk
når ho tok tak i meg og drog av meg skjorta, drog ansiktet
mitt til hennar.
Men i dag kunne eg ikkje halde igjen. Eg ville ikkje halde igjen.
Døra small igjen og eg treiv etter kanten på t-skjorta
hennar og drog, gav henne så vidt tid til å løfte armane. Eg
drog mi eiga skjorte over hovudet og høyrde bomullsstoffet
knitre då saumane lausna.
Augene hennar skein, munnen var open, pusten rask.
Min òg, eg kjende pusten og hjertet og blodet dure i øyrene.
261
Eg tok av oss resten av kleda med like stor iver og kasta
dei blant haugane av skitentøy og reint tøy på golvet. Det
var bøker og papir over heile senga og eg sveipa det til sides.
Vi landa på dei uoppreidde sengekleda eit sekund seinare,
med armane rundt kvarandre og klemde hardt, som om
vi ville dra kroppane gjennom kvarandre. Ho stønna inn i
munnen min, og eg laga den same lyden tilbake, og eg kjende duren frå stemma hennar i mine eigne stemmeband, ei
kjensle meir intim enn eg hadde følt nokon gong før.
Ho reiv seg laus og strekte seg etter nattbordet. Ho
opna skuffen og kasta ein kvit apotekpose på senga framfor
meg. Eg såg ned i posen. Kondom. Av merket Trojan. Eit
dusin spermdrepande. Framleis forsegla. Eg smilte til henne, ho smilte tilbake, og eg opna pakken.
I åre vis h adde e g tenk t på korleis det ville vere.
Hundre gonger om dagen hadde eg sett det for meg. Nokre
dagar hadde eg praktisk talt ikkje tenkt på anna.
Det var ikkje slik eg hadde førestelt meg det. Nokre ting
var betre. Nokre ting var mykje verre. Medan det pågjekk,
verka det uendeleg. Etterpå verka det som det var over på
ein blunk.
Etterpå kjende eg meg som den same personen som
før. Men eg kjende meg også annleis. Noko hadde endra seg
mellom oss.
Det var rart. Vi var sjenerte, begge to, medan vi tok på
oss kleda og pusla rundt i rommet, såg vekk, møtte ikkje augene til kvarandre. Eg pakka kondomet i ein kleenex frå ein
pakke ved senga, tok det med inn på badet, pakka det meir
inn i toalettpapir og stakk det djupt ned i søpla.
Då eg kom inn igjen, sat Ange i senga framfor Xboxen.
Eg sette meg ned ved sida av henne og tok henne i handa. Ho
snudde seg mot meg og smilte. Vi var begge utslitne, skjelvne.
262
«Takk,» sa eg.
Ho sa ikkje noko. Ho snudde seg mot meg. Ho smilte
stort, men hadde store, feite tårer nedover kinna.
Eg omfamna henne og ho klemde meg hardt. «Du er
ein god mann, Marcus Yallow,» kviskra ho. «Takk.»
Eg visste ikkje kva eg skulle seie, men eg klemde tilbake.
Til slutt løyste vi oss frå kvarandre. Ho gret ikkje meir, men
smilte framleis.
Ho peikte på Xboxen min på golvet ved senga. Eg tok
hintet. Eg tok han opp, plugga han i og logga inn.
Det same gamle. Masse epost. Dei nye postane på
bloggane eg las, strøymde inn. Spam. Herregud, eg fekk så
mykje spam. Den svenske epostboksen min blei ofte «joejobba» – brukt som avsendaradresse i spam send til hundrevis av millionar mottakarar, slik at alle returane og dei
sinte svarmeldingane kom til meg. Eg visste ikkje kven som
stod bak. Kanskje DHS prøvde å overfløyme eposten min.
Kanskje det berre var nokon som ville spele meg eit puss.
Men Pirat­partiet hadde ganske gode filter, og alle som ville, fekk 500 gigabyte lagringsplass, så det var ikkje fare for
flaum heilt enno.
Eg filtrerte alt ut, hamra på sletteknappen. Eg hadde
ein eigen epostboks for innkomande ting som var kryptert med den offentlege nøkkelen min, sidan det truleg var
Xnet-relatert og sensitivt. Spammarane hadde enno ikkje
skjønt at å bruke offentlege nøklar ville gjere søppelposten
deira meir plausibel, så det funka fint inntil vidare.
Det var eit par dusin krypterte meldingar frå folk i tillits­
nettverket. Eg skumma gjennom dei – lenker til videoar og
bilete av meir maktmisbruk frå DHS, skrekkhistorier om rømmingsforsøk, skvalder om ting eg hadde blogga. Det vanlege.
Så kom det noko som berre var kryptert med den
o­ffentlege nøkkelen min. Det betydde at ingen andre kunne
263
lese det, men eg hadde inga aning om kven som hadde skrive det. Det stod at det kom frå Masha, som enten var eit
namn eller eit kallenamn – det kunne eg ikkje vite.
> M1k3y
> Du kjenner ikkje meg, men eg kjenner deg.
> Eg blei arrestert den dagen brua blei sprengd. Dei forhøyrde
meg. Dei bestemte seg for at eg var uskuldig. Dei tilbaud meg ein
jobb: å hjelpe dei å jakte på terroristane som drap naboane mine.
> Det verka som ein god deal først. Eg innsåg ikkje at den
faktiske jobben min ville bli å spionere på unge folk som motset­
te seg at byen deira blei til ein politistat.
> Eg infiltrerte Xnet den dagen det opna. Eg er i tillitsnettver­
ket ditt. Om eg ville røpe identiteten min, kunne eg sende deg ein
epost frå ei adresse du ville stole på. Tre adresser, faktisk. Eg er
så mykje på innsida av nettverket ditt som ein tilfeldig 17-åring
kan vere. Noko av eposten du har fått, har vore nøye vald des­
informasjon frå meg og mine overordna.
> Dei veit ikkje kven du er, men dei nærmar seg. Dei held
fram med å få folk til å skifte side, å knekke dei. Dei trålar dei so­
siale nettverka og truar folk til å bli informantar. Det er hundrevis
som jobbar for dhs på Xnet akkurat no. Eg har namna deira, kal­
lenamna og nøklane. Private og offentlege.
> Få dagar etter at Xnet opna, byrja vi å jobbe med å finne
svake punkt i ParanoidLinux. Dei tinga vi har klart å finne så
langt, har vore små og uvesentlege, men det er uunngåeleg at vi
kjem til å knekke det til slutt. Så snart vi har eit dag null-angrep,
er du ferdig.
> Eg trur eg trygt kan seie at dersom mine overordna visste
at eg skreiv dette, ville eg bli bura inne på Vesle Gitmo til eg var
gammal.
> Sjølv om dei ikkje skulle klare å knekke ParanoidLinux, så
flyt det rundt forgifta utgåver av ParanoidLinux. Sjekksummane
på diskane er ikkje dei same, men kven er det eigentleg som
264
sjekkar det? Andre enn slike som eg og du? Mange av kidsa er
ferdige, utan å vite det.
> Alt som gjenstår for meg og mine overordna, er å finne det
beste tidspunktet å ta deg på, for å gjere størst mogleg oppstuss
i media. Den tida vil vere snart, om ikkje lenge. Tru meg.
> Du lurer sikkert på kvifor eg fortel deg dette.
> Eg òg.
> Her er mine tankar. Eg verva meg for å nedkjempe terroris­
tar. I staden spionerer eg på amerikanarar som trur på ting som
dhs ikkje liker. Ikkje folk som planlegg å sprenge bruer, men folk
som protesterer. Eg kan ikkje gjere det lenger.
> Men det kan ikkje du heller, enten du veit det eller ikkje.
Som eg seier, det er berre eit spørsmål om tid før du er lenka fast
på Treasure Island. Spørsmålet er ikkje om, men når.
> Så eg er ferdig her. Nede i Los Angeles er det nokre folk som
seier dei kan skjule meg om eg vil ut.
> Eg vil ut.
> Eg vil ta deg med, om du vil. Betre å vere ein kjempande
enn ein martyr. Om du blir med, kan vi finne ut korleis vi kan vin­
ne saman. Eg er like smart som deg. Tru meg.
> Kva seier du?
> Her er den offentlege nøkkelen min.
> Masha
Om du er i trøbbel eller tvil, spring i ring, skrik og hyl.
Høyrt det før? Det er ikkje eit godt råd, men lett å følgje. Eg sprang ut av senga og gjekk fram og tilbake på golvet.
Hjertet mitt slo, og blodet mitt song ein fæl parodi på den
opphissinga eg hadde kjent då eg kom heim. Dette var ikkje
seksuell opphissing, det var rein skrekk.
«Hæ?» sa Ange. «Hæ?»
Eg peikte på skjermen på mi side av senga. Ho rulla rundt,
tok tastaturet mitt og tok borti touchpaden med fingeren.
265
Eg gjekk fram og tilbake.
«Dette må vere løgn,» sa ho. «DHS køddar med hovudet ditt.» Eg såg på henne. Ho beit seg i leppa. Ho såg ikkje
ut som ho trudde på det ho sa.
«Trur du?»
«Klart. Dei kan ikkje ta deg på andre måtar, så dei kjem
etter deg på Xnet.»
«Ja.»
Eg sette meg ned på senga. Eg pusta raskt igjen.
«Roleg,» sa ho. «Det er berre manipulasjon. Her.»
Ho hadde aldri teke frå meg tastaturet før, men no var
det ein ny intimitet mellom oss. Ho trykte på svar og skreiv:
> Godt forsøk.
Ho skreiv som M1k3y no. Vi var saman på ein måte
som var annleis enn før.
«Signér det, la oss sjå kva ho seier.»
Eg visste ikkje om det var den beste ideen, men eg hadde ikkje nokon som var betre. Eg signerte og krypterte meldinga med min private nøkkel og med Mashas offentlege.
Svaret kom med ein gong.
> Eg trudde du skulle seie noko slikt.
> Her er ein hack du ikkje har tenkt på. Eg kan tunellere vi­
deo anonymt via dns. Her er nokre lenker til videoklipp som du
kanskje har lyst til å ta ein kikk på før du bestemmer deg for at
eg køddar. Desse folka overvaker kvarandre heile tida, som for­
sikring mot å bli dolka i ryggen av sine eigne. Det er ganske lett å
spionere på dei medan dei spionerer på kvarandre.
> Masha
Vedlagt var kjeldekoden til eit lite program som verka
som det gjorde akkurat som Masha hevda: henta video
gjennom Domain Name Service-protokollen.
La meg ta eit steg tilbake og forklare noko. Når alt
kjem til alt, er alle internettprotokollar berre ein serie teikn
266
sende fram og tilbake i ei avtalt rekkefølgje. Det er som å
ha ein lastebil og setje ein bil på lasteplanet, og så setje ein
motorsykkel i bagasjerommet på bilen, og så plassere ein
sykkel bakpå motorsykkelen, og så henge eit par rulleskøyter på sykkelen. Berre at på nettet kan du, om du vil, henge
lastebilen på rulleskøytene.
Ta til dømes Simple Mail Transport Protocol, eller
SMTP, som blir brukt til å sende epost.
Her er ein liten samtale mellom meg og epostserveren
min når eg sender ei melding til meg sjølv:
> helo littlebrother.com.se
250 mail.pirateparty.org.se Hello mail.pirateparty.org.se,
pleased to meet you
> mail from:[email protected]
250 2.1.0 [email protected]... Sender ok
> rcpt to:[email protected]
250 2.1.5 [email protected]... Recipient ok
> data
354 Enter mail, end with “.” on a line by itself
> Om du er i trøbbel eller tvil, spring i ring, skrik og hyl.
>.
250 2.0.0 k5SMW0xQ006174 Message accepted for
delivery
quit
221 2.0.0 mail.pirateparty.org.se closing connection
Connection closed by foreign host.
Grammatikken i denne samtalen blei definert i 1982 av
Jon Postel, ein av internett sine heltemodige forfedrar, som ein
gong i tida køyrde dei viktigaste serverane i nettet under pulten sin på Universitetet i California, i paleolitikum ein gong.
Tenk deg no at du kopla ein epostserver til ein chat. Du
kunne sende ei melding til serveren som gjekk slik: «HELO
littlebrother.com.se», og serveren ville svare: «250 mail.
267
pirateparty.org.se Hello mail.pirateparty.org.se, pleased to
meet you.» Med andre ord, du kunne ha den same samtalen
over ein chat som du har via SMTP. Med litt jobb kan heile
epostserveraktiviteten på nettet skje via chat. Eller via websurfing. Eller kva som helst.
Dette blir kalla «tunellering». Du puttar SMTP inni ein
chat-«tunell». Du kunne også putte chatten inni ein SMTPtunell om du verkeleg ville skilje deg ut, og putte tunellen
inni ein annan tunell.
Faktisk er alle internettprotokollar sårbare overfor ein
slik prosess. Det er kult, for det betyr at om du er på eit nettverk med tilgang berre til weben, kan du tunellere eposten din
via weben. Du kan tunellere favorittfildelingsprogrammet
ditt gjennom weben. Du kan til og med tunellere Xnet – som i
seg sjølv er ein tunell for dusinvis av protokollar – via weben.
Domain Name Service er ein interessant og gammal internettprotokoll som stammar frå 1983. Han blir brukt til å
konvertere namnet på ei datamaskin – som pirateparty.org.
se – til IP-nummeret som datamaskiner bruker til å kommunisere på nettet, som 204.11.50.136. Det verkar generelt
sett med magisk stabilitet, sjølv om mekanismen har millionvis av delar – alle nettleverandørar køyrer ein DNS-server,
og det same gjer dei fleste styresmakter og mange private
føretak. Desse DNS-boksane snakkar med kvarandre heile
tida, spør og svarer kvarandre heile tida, slik at uansett kor
obskure namn du matar inn i datamaskina di, så klarer maskina å konvertere det til eit nummer.
Før DNS var det HOSTS-fila som blei brukt. Tru det eller ei, det var eitt enkelt dokument med ei liste over namn
og nummer til alle datamaskinene som var kopla til internett. Alle maskinene hadde ein kopi. Denne fila blei til slutt
for stor til å drive og flytte på, så DNS blei oppfunne og køyrde på ein server under skrivebordet til Jon Postel. Dersom
268
vaskepersonalet kom til å dra ut kontakten, mista heile internett evna til å finne seg sjølv. Seriøst.
Greia i dag er at DNS er overalt. Alle nettverk har ein
DNS-server knytt til seg, og alle dei serverane er sette opp til
å snakke med kvarandre og til tilfeldige personar over heile
internett.
Det Masha hadde gjort, var å finne ut korleis ho kunne
tunellere ein videostraum over DNS. Ho braut opp videoen
til milliardar av bitar som ho gøymde i normale meldingar
til ein DNS-server. Ved å køyre koden hennar, kunne eg
hente videoen frå alle DNS-serverane, over heile nettet, i
ein utruleg fart. Det må ha sett bisart ut på nettverkshistogramma, som om eg prøvde å slå opp namna på alle datamaskinene i heile verda.
Men det hadde to fordelar som eg sette pris på med ein
gong: Eg kunne hente videoen i eit svimlande tempo – med
ein gong eg klikka på lenka, fekk eg fullskjermbilete utan
støy eller hakking – og eg ante ikkje kvar vertsmaskina for
videoen var. Det var fullstendig anonymt.
Først oppfatta eg ikkje eingong innhaldet i videoen. Eg
var totalt slått i golvet over kor dyktig denne hacken var. Å
strøyme video frå DNS? Det var så smart og snodig, det var
praktisk talt perverst.
Gradvis byrja det å søkke inn kva det var eg såg.
Det var eit møtebord i eit lite rom med ein spegel på
ein av veggane. Eg kjende det rommet. Eg hadde sete der,
medan Streng Frisyre hadde fått meg til å seie passordet
mitt høgt. Det var fire behagelege stolar rundt bordet, med
fire personar som sat behageleg, i DHS-uniform. Eg kjende
igjen generalmajor Graeme Sutherland, øvstkommanderande for DHS Bay Area, i lag med Streng Frisyre. Dei andre
var nye for meg. Dei såg på ein videoskjerm ved bordenden,
og på skjermen var det eit uendeleg meir kjent ansikt.
269
Kurt Rooney var kjend som presidentens sjefsstrateg, mannen som fekk partiet sitt inn i regjering for tredje
periode på rad, og som stemna mot ei fjerde. Dei ga han
tilnamnet «Skruppellaus», og eg hadde sett eit innslag ein
gong om kor strengt regime han heldt over staben sin, korleis han ringde dei, sende chatbeskjedar, overvakte rørslene deira, kontrollerte kvart steg. Han var gammal, med
rynkete ansikt, bleike, grå auge og ein flat nase med breie,
raud­aktige nasegangar og tynne lepper, ein mann som såg
ut som han konstant kjende ei vond lukt.
Det var mannen på skjermen. Han snakka, og alle and­
re hadde augene retta mot skjermen, alle noterte så fort dei
klarte å taste, og prøvde å sjå smarte ut.
«– seier dei er sinte på dei styrande, men vi må vise
dette landet at det er terroristar, ikkje regjeringa, som har
skulda. Forstår de det eg seier? Nasjonen elskar ikkje denne
byen. For nasjonen er han eit Sodoma og Gomorra av homsar og ateistar som fortener å rotne i helvete. Den einaste
grunnen til at landet bryr seg med kva folk i San Francisco
tenkjer, er at dei har vore så heldige å bli blåst til helvete av
islamistiske terroristar.
Desse Xnet-ungane har gått så langt at dei snart kan
bli nyttige for oss. Di meir radikale dei blir, di meir forstår
resten av nasjonen at det er truslar overalt.»
Publikumet hans gjorde ferdige notata.
«Vi kan kontrollere det, meiner eg,» sa Streng Frisyre.
«Folka våre på Xnet har bygd opp mykje innverknad. Dei
kinesiske bloggarane køyrer så mykje som femti bloggar
kvar. Dei overfløymer chattekanalane, lenker til kvarandre,
og for det meste snakkar dei berre denne M1k3y og partiet
hans etter munnen. Men dei har allereie vist at dei kan
provosere fram radikal handling, sjølv når M1k3y slår på
bremsene.»
270
Generalmajor Sutherland nikka. «Vi har planlagt å la
dei vere under jorda til om lag ein månad før valet. Det er
etter den originale planen. Men det høyrest ut som –»
«Vi har ein annan plan for valet,» sa Rooney. «Hem­
meleg, sjølvsagt, men de bør ikkje planlegge å reise den månaden, for å seie det slik. Kutt laus Xnet no, så fort de kan.
Så lenge dei er moderate, er dei ei byrde. Hald dei radikale.»
Videoen stoppa.
Ange og eg sat på sengekanten og såg på skjermen.
Ange strekte ut armen og starta videoen igjen. Vi såg han
ein gong til. Det var verre den andre gongen.
Eg kasta tastaturet til sides og reiste meg.
«Eg er så dritlei av å vere redd,» sa eg. «La oss ta dette
med til Barbara og få henne til å publisere heile greia. Putte
alt på nettet. La dei arrestere meg. I det minste veit eg kva
som hender på den måten. I det minste kan eg vere sikker
på nokon ting i livet.»
Ange greip tak i meg og omfamna meg, roa meg. «Eg
veit, kjære deg, eg veit. Det er fælt, alt saman. Men du fokuserer på dei negative tinga, og ikkje på dei gode. Du har
starta ei rørsle. Du har utmanøvrert køddane i Det kvite huset og skurkane i DHS-uniformene. Du har plassert deg i ein
posisjon der du kan vere ansvarleg for å blåse loket av heile
den rotne DHS-greia. Klart dei er ute etter deg. Sjølvsagt.
Har du ein augeblink tvilt på det? Men Marcus, dei veit ikkje
kven du er. Tenk på det. Alle dei folka, pengar, skytevåpen
og spionar, mot deg, ein sytten år gammal high school-elev
– du slår dei likevel. Dei veit ikkje om Barbara. Dei veit ikkje
om Zeb. Du har jamma dei i gatene i San Francisco og audmjuka dei framfor heile verda. Så slutt å henge med hovudet,
ok? Du er i ferd med å vinne.»
«Men dei kjem og tek meg. Det ser du. Dei kjem til å
setje meg i fengsel for alltid. Ikkje eingong fengsel. Eg berre
271
forsvinn, som Darryl. Kanskje verre. Kanskje Syria. Kvifor
halde meg i San Francisco? Eg er ei byrde så lenge eg er i USA.»
Ho sette seg på senga med meg.
«Ja,» sa ho. «Det.»
«Det.»
«Du veit kva du må gjere, sant?»
«Hæ?» Ho såg peikande på tastaturet mitt. Eg kunne
sjå tårene som rann nedover kinna. «Nei! Du er galen. Trur
du at eg skal rømme med ein eller annan tilfeldig fjott frå
nettet? Ein spion?»
«Har du ein betre idé?»
Eg sparka ein av skitentøyshaugane hennar opp i lufta.
«Same faen. Greitt. Eg skal snakke meir med henne.»
«Snakk med henne,» sa Ange. «Og sei at du og kjærasten din vil ut.»
«Hæ?»
«Hald kjeft, hestkuk. Synest du at du er i fare? Eg er i like
mykje fare, Marcus. Det er kalla medskuldig. Når du er ferdig, så er eg ferdig òg.» Kjeven hennar skaut fram i ein opprørsk vinkel. «Du og eg – vi er saman no. Det må du forstå.»
Vi sette oss på senga saman.
«Om du vil ha meg, då,» sa ho til slutt, med låg stemme.
«Du køddar, sant?»
«Ser eg ut som om eg køddar?»
«Aldri i verda om eg ville dra frivillig utan deg, Ange.
Eg kunne ikkje ha spurt deg om å bli med, men eg er ekstatisk over at du tilbaud deg det.»
Ho smilte og heiv tastaturet over til meg.
«Send ein epost til denne Masha-figuren. La oss sjå kva
denne baben kan gjere for oss.»
Eg sende henne ein epost, krypterte meldinga og venta
på svar. Ange gneid nasen sin mot meg, eg kyssa henne, og
vi klinte. Noko med faren og pakta om å reise i lag – det fekk
272
meg til å gløyme det sjenerte ved sexen, gjorde meg helvetes jævlig kåt.
Vi var halvnakne igjen då Mashas epost kom.
> To? Herregud, som om det ikkje ville vere vanskeleg nok
frå før.
> Eg får ikkje lov til å gå ut, anna enn for å gjere etterretning
i felten, etter ein stor Xnet-ståhei. Skjøner du? Dei overordna
følgjer alle stega mine, men eg får frie tøylar når noko skjer med
Xnetarar. Då blir eg send i felten.
> Gjer noko stort. Eg blir send dit. Eg får oss begge ut. Alle tre,
om du insisterer.
> Men gjer det fort. Eg kan ikkje sende deg mange mailar,
forstår du? Dei overvaker meg. Dei nærmar seg deg. Du har ikkje
mykje tid. Veker? Kanskje berre dagar.
> Eg treng deg for å kome meg ut. Det difor eg gjer dette, om
du skulle lure på det. Eg kan ikkje kome meg ut på eiga hand. Eg
treng ein stor Xnet-distraksjon. Det er di oppgåve. Ikkje svikt
meg, M1k3y, eller så eg vi begge døde. Og jenta di òg.
> Masha
Telefonen min ringde, vi skvatt, begge to. Det var
mamma som ville vite når eg kom heim. Eg sa eg var på veg.
Ho sa ingenting om Bar­bara. Vi hadde blitt einige om at vi
ikkje skulle snakke om noko av dette på telefonen. Det var
pappas idé. Han kunne vere like paranoid som eg.
«Eg må gå,» sa eg.
«Foreldra våre vil bli –»
«Eg veit det,» sa eg. «Eg såg kva som skjedde med foreldra mine då dei trudde eg var død. Å vite at eg er på flukt
kjem ikkje til å bli så mykje betre. Men dei vil heller at eg er
ein flyktning enn at eg er i fengsel. Trur eg. I alle fall, så snart
vi forsvinn, kan Barbara trykke historia utan å bekymre seg
for at vi får problem.»
Vi kyssa i døropninga. Ikkje eit av dei heite, sølete
273
nummera vi vanlegvis gjekk gjennom for å seie farvel. Eit
søtt kyss. Eit sakte kyss. Eit farvelkyss.
T ur ar med t-banen er introspektive. Når toget voggar fram og tilbake og du prøver å la vere å få augekontakt
med dei andre passasjerane og prøver å la vere å lese reklamane for plastisk kirurgi, kausjonsagentar og aidstesting,
når du prøver å ignorere graffitien og ikkje sjå for nøye på
golvet. Det er då hjernen din byrjar å kverne og kverne.
Du voggar fram og tilbake, og hjernen din går gjennom
alle tinga du har oversett, speler om igjen alle filmane frå
livet ditt der du ikkje er nokon helt, der du er ein treskalle
og ein idiot.
Hjernen din kjem opp med teoriar som denne:
Dersom DHS ville ta M1k3y, finst det nokon betre måte
enn å lure han ut på open mark, få han til å leie ei eller anna
stor, offentleg Xnet-greie? Ville ikkje det vere verdt ein liten,
forsmedeleg videolekkasje?
Hjernen din kjem opp med slike ting sjølv om turen
berre varer to eller tre stopp. Når du går av og byrjar å røre
på deg, byrjar blodet å sirkulere igjen, og av og til hjelper
hjernen deg ut igjen.
Nokre gonger gir hjernen deg løysingar i tillegg til
problem.
274
D e t fanst ei tid då yndlingstingen min i verda var å
ta på meg ei kappe og henge rundt på hotell, late som eg var
ein usynleg vampyr som alle stira på.
Det er komplisert og ikkje på langt nær så sært som
det høyrest ut. Laiv kombinerer dei beste aspekta av Doun­
geons & Dragons med amatørteater og deltaking på science
fiction-konferansar.
Eg forstår at dette kanskje ikkje høyrest så forlokkande
ut som det gjorde for meg då eg var 14.
Dei beste laivane var dei vi hadde i speidarleirar utanfor byen: Hundre tenåringar, gutar og jenter, kjempa mot
fredagstrafikken, utveksla historier, spelte handhaldne spel,
tøffa seg i timevis. For så å dra ut for å stå i graset framfor ei gruppe vaksne menn og kvinner i urstilige, heimelaga
rustningar, bulka og oppskrapa, som rustningar må ha vore
i gamle dagar, ikkje slik dei ser ut i filmar, men som soldat­
uniformer etter ein månad i villmarka.
Desse folka blei vanlegvis betalte for å styre spela, men
du fekk ikkje jobben utan å vere ein slik person som ville
ha gjort det gratis. Dei hadde allereie delt oss opp i lag, basert på spørjeskjema vi hadde fylt ut på førehand, og vi fekk
oppdraga våre då, som å bli ropt opp til fotballag.
Så fekk du brifingpakkane. Dei var som brifingane som
275
spionar får i filmane: Dette er identiteten din, dette er oppdraget ditt, her er løyndommane du veit.
Etterpå var det middagstid: knitrande bål, kjøtbitar
grilla på spyd, tofu frest i panne (dette er Nord-California,
å ikkje ha eit vegetaralternativ er ikkje eit alternativ) og ein
ete- og drikkestil som berre kan beskrivast som slafsing.
Dei ivrige kidsa hadde gått inn i rollene allereie. I det
førs­te spelet mitt var eg ein trollmann. Eg hadde ein sekk
med erteposar som skulle førestelle trolldommar – når eg
kasta ein, skulle eg rope ut namnet på trolldommen eg kasta –
eldkule, magisk rakett, lyskjegle – og spelaren eller «monsteret» eg kasta han på, ville falle om dersom eg nådde fram med
trolldommen. Eller ikkje – nokre gonger måtte vi tilkalle ein
dommar for å mekle, men for det meste var vi ganske gode på
ærleg spel. Ingen likte å måtte kaste terning for å avgjere.
Innan sengetid hadde alle gått inn i rollene. Då eg var
14, var eg ikkje supersikker på korleis ein trollmann skulle
høyrast ut, men eg henta inspirasjon frå filmar og bøker. Eg
snakka i lange, avmålte stavingar, heldt ansiktet i eit passande mystisk uttrykk og tenkte mystiske tankar.
Oppdraget var komplisert og gjekk ut på å hente tilbake ein heilag relikvie som hadde blitt stole av eit uhyre som
var fast bestemt på å underkue folka i landet. Det betydde
ikkje så mykje. Det som betydde noko, var at eg hadde eit
privat oppdrag, å fange ein spesiell smådjevel som skulle
vere tenaren min, og at eg hadde ein hemmeleg nemesis,
ein annan spelar på laget som hadde teke del i eit raid som
drap familien min då eg var liten, ein spelar som ikkje visste
at eg hadde kome tilbake, fast bestemt på hemn. Ein eller
annan stad, sjølvsagt, var det ein annan spelar med eit liknande nag mot meg, så sjølv medan eg naut kameratskapen
i laget, måtte eg alltid ha eit auge ope for ein kniv i ryggen,
for gift i maten.
276
Dei neste to dagane spelte vi. Delar av helga var som
gøyme-og-leite, delar var øvingar i å overleve i øydemarka,
delar var rebusløysing. Spelmeistrane hadde gjort ein super
jobb. Og du blei verkeleg kjend med dei andre folka du delte
oppdrag med. Darryl var målet for det første mordet mitt,
og eg la breisida til, sjølv om han var vennen min. Grei kar.
Synd eg måtte drepe han.
Eg tok han med ei eldkule, medan han samla utbytte. Vi
hadde utrydda ei gruppe orkar, med stein-saks-papir mot
kvar ork for å avgjere kven som vann. Det er mykje meir
spennande enn det høyrest ut.
Det var som ein sommarleir for teaterfrikar. Vi snakka
til langt på natt i telta våre, såg på stjernene, hoppa i elva når
vi blei varme, drap mygg med flathanda. Blei bestevenner,
eller erkefiendar.
Eg veit ikkje kvifor foreldra til Charles sende han på laiv.
Han var ikkje ein som verkeleg syntest slikt var gøy. Han
var meir typen til å synast det var gøy å plukke vengane av
fluger. Eller kanskje ikkje. Men han var berre ikkje så interessert i å springe utkledd rundt i skogen. Han gjorde ikkje
anna enn å drive rundt, kome med spottande kommentarar
til alle og alt og prøve å overbevise oss om at vi ikkje hadde
det så gøy som vi trudde vi hadde det. Du har heilt sikkert
treft ein slik person før, ein som føler seg kalla til å forsikre
seg om at alle har det skikkeleg drit.
Den andre tingen med Charles var at han ikkje klarte
å få dreisen på simulert kamp. Når du først kjem i gang
med å springe rundt i skogen og spele desse omstendelege,
halvmilitære spela, så er det lett å bli heilt adrenalinpumpa
til det punktet der du er heilt klar til å skjere strupen over
på nokon. Dette er ikkje ein god tilstand å vere i når du går
rundt og ber på eit rekvisittsverd, ei klubbe, eit spyd eller
anna utstyr. Difor er det aldri lov å slå nokon, under noko
277
omstende, i desse spela. Når du kjem nær nok til å slåst med
nokon, speler du i staden eit par kjappe rundar stein-sakspapir, med modifikasjonar baserte på erfaringa, våpna og
tilstanden din. Dommarane meklar i kranglar. Det er ganske
sivilisert, og litt sært. Du spring etter nokon i skogen, når dei
igjen, snerrar mot dei, og så set de dykk ned for å spele eit
simpelt spel. Men det funkar – og alt er trygt og fint.
Charles fekk ikkje heilt dreisen på dette. Eg trur han
var heilt i stand til å forstå at regelen var «ingen kontakt»,
men han var også heilt i stand til å bestemme seg for at regelen ikkje betydde noko, og at han ikkje skulle følgje han.
Dommarane slo ned på han fleire gonger i løpet av helga,
og han lova gong på gong at han skulle skjerpe seg, men
gjekk tilbake på lovnaden gong på gong. Han var ein av dei
større der allereie, og han likte å takle deg «ved eit uhell»
på slutten av ei jakt. Ikkje kjekt å bli takla på den steinete
skogbotnen.
Eg hadde akkurat ramma Darryl på ei lita opning der
han hadde vore på jakt etter skattar, og vi lo litt over kor
ekstremt sleip eg hadde vore. Han skulle ut for å mons­
tre – spelarar som blei drepne, kunne gå over til å spele
monster, som betydde at lenger ut i spelet blei det fleire og
fleire monster som kom etter deg, det betydde at alle fekk
halde fram å spele, og at slaga blei meir og meir storslåtte.
Det var då Charles kom ut av skogen bak meg og takla
meg, eg fall i bakken så hardt at eg ikkje kunne puste. «Har
deg!» ropte han. Eg kjende han berre så vidt før dette, og
eg hadde aldri likt han noko særleg, men no var eg klar for
mord. Eg kom meg sakte på føtene og såg på han der han
stod, andpusten, glisande. «Du er så død,» sa han. «Eg tok
deg skikkeleg.»
Eg smilte, og noko kjendest feil og sårt i ansiktet mitt.
Eg tok meg til overleppa. Det var blod der. Nasen min
278
blødde, og leppa var kløyvd, kutta på ei rot ansiktet mitt
hadde blitt planta i då han takla meg.
Eg tørka av blodet på buksebeinet og smilte. Eg lest
som om eg syntest alt var greitt. Eg lo litt. Eg gjekk mot han.
Charles lét seg ikkje lure. Han rygga bakover, prøvde å
forsvinne inn i skogen. Darryl flytta seg for å stoppe han frå
sida. Eg gjekk mot den andre sida. Plutseleg snudde han seg
og sprang. Foten til Darryl trefte ankelen hans og sende han
sprellande framover. Vi nådde han igjen akkurat i tide til å
høyre dommarfløyta.
Dommaren hadde ikkje sett Charles ta meg, men han
hadde sett Charles spele den helga. Han sende Charles tilbake til leirinngangen og sa at han var ute av spelet. Charles klaga høglydt, men til glede for oss ville ikkje dommaren høyre
på han. Då Charles var vekke, gav han oss ei overhaling også
og sa at hemnen var ikkje noko betre enn åtaket til Charles.
Det var greitt. Den kvelden, etter spelinga, fekk vi varme dusjar. Darryl og eg stal kleda og handkleet frå Charles.
Vi knytte dei saman i buntar og la dei i urinalet. Dei andre
gutane bidrog med glede til å gjennomvæte dei. Charles
hadde vore veldig ivrig med taklingane sine.
Eg skulle ønskje eg kunne sjå han då han kom ut frå
dusjen og oppdaga kleda sine. Det er ei vanskeleg avgjerd:
Spring du naken gjennom leiren, eller opnar du dei stramt
samanknytte buntane, gjennomvåte av piss?
Han valde å springe naken. Eg ville sikkert ha gjort det
same. Vi stilte oss opp langs ruta frå dusjane til skuret der
sekkane var lagra, og applauderte. Eg stod fremst, leidde
applausen.
Speidarleir h el gene hadde vi berre tre–fire gonger i året, noko som etterlét meg og Darryl – og ein masse
andre laivarar – med ein seriøs laivmangel i liva våre.
279
Heldigvis hadde vi Wretched Daylight-spela på hotella
i byen. Wretched Daylight er namnet på eit laivspel. Dei
som organiserte spelet, hadde eit godt forhold til hotella
i byen og lét det bli kjent at dei ville ta dei ledige romma
på fredag kveld og fylle dei med spelarar som ville springe
rundt på hotellet og spele diskré Wretched Daylight i korridorane, rundt badebassenget og så vidare, ete i hotellrestauranten og betale for trådlaus nettverkstilgang. Dei stengde bookinga fredag ettermiddag, sende epost til oss, og vi
kom rett frå skulen til hotellet med ryggsekkane våre. Vi sov
seks–åtte stykke på kvart rom i helga, levde på hurtigmat,
spelte til tre om natta. Det var god, trygg moro som foreldra
våre kunne støtte.
Organisatorane var ein velkjend støtteorganisasjon for
lese- og skriveopplæring som dreiv skriveworkshops for
barn, dramaworksops og så vidare. Dei hadde drive spelet
i ti år utan problem. Alt var strengt alkohol- og narkotika­
fritt, så ikkje organisatorane skulle bli tekne for anklagar
om pedofili eller noko slikt. Vi hadde fått med mellom ti og
hundre spelarar, det varierte, og for prisen av eit par filmar
kunne du ha to og ein halv dag solid moro.
Men ein dag kom dei over ei handfull rom på Monaco, eit
hotell i Tenderloin som hadde ein kundekrins av eldre kunstinteresserte turistar, den typen stad der alle rom hadde ein
gullfiskbolle og lobbyen var full av vakre gamle menneske i fine
klede som viste fram resultatet av den plastiske kirurgien sin.
Vanlegvis brukte dei jordiske – ordet vårt for ikkjespelarar – berre å ignorere oss og sjå på oss som ungar som
leikte seg. Men den helga var det ein redaktør for eit italiensk reisemagasin der, og han blei nysgjerrig. Han gjekk
fram til meg då eg stod og lurte i lobbyen i håp om at leiaren
av den rivaliserande klanen skulle gå forbi, så eg kunne stupe over han og drikke blodet hans. Eg stod opp mot veggen
280
med armane i kryss over brystet og var usynleg, då han kom
bort og spurde meg, med tung italiensk aksent, kva eg og
vennene mine gjorde ved hotellet den helga?
Eg prøvde å vifte han vekk, men han lét seg ikkje stoppe. Så eg berre tenkte at eg skulle finne på noko som kunne
få han til å gå vekk.
Eg ante ikkje at han skulle trykke det. Eg ante verkeleg
ikkje at det ville bli plukka opp av amerikansk presse.
«Vi er her fordi prinsen vår er død, så vi kom hit for å
finne eit nytt overhovud.»
«Ein prins?»
«Ja,» sa eg og lét meg rive med. «Vi er Det Gamle
Folket. Vi kom til Amerika på 1500-talet og har hatt vår eigen konge­familie i villmarka i Pennsylvania. Vi lever eit enkelt liv i skogane. Vi bruker ikkje moderne teknologi. Men
prinsen var den siste i rekka, og han døydde for ei veke sidan. Det var ein eller annan forferdeleg tæringssjukdom
som tok han. Dei unge mennene i klanen min har drege for
å finne etterkomarane av grandonkelen hans, som forlét oss
på bestefaren min si tid, for å slutte seg til dei moderne. Det
blir sagt at han har etterkomarar, og vi er på jakt etter dei for
å hente dei tilbake der dei høyrer til.»
Eg les mange fantasyromanar. Slike ting kom lett.
«Vi fann ei kvinne som kjende desse etterkomarane.
Ho fortalde oss at ein av dei budde på dette hotellet, og vi
har kome for å finne han. Men vi har blitt forfølgde av ein
rivaliserande klan som ønskjer å hindre oss i å bringe prinsen vår heim, for å halde oss veike og lette å dominere over.
Difor er det viktig at vi held oss for oss sjølve. Vi snakkar ikkje med Det Nye Folket utan at det er strengt nødvendig. Å
snakke med deg no er svært ubehageleg for meg.»
Han såg skarpt på meg. Eg hadde løyst opp armane mine,
som betydde at eg no var «synleg» for rivaliserande vampyrar,
281
og ein av dei hadde snike seg sakte innpå oss. I siste augeblinken snudde eg meg og såg henne, ho stod med spreidde
armar, freste mot oss og vampa seg til i beste vampyrstil.
Eg slo ut med armane og freste tilbake, og storma gjennom lobbyen, sprang over ein lêrsofa og lét henne jakte meg
rundt ein potteplante. Eg hadde sett ei fluktrute ned trappa
til helsestudioet i kjellaren. Eg tok denne ruta og rista henne av meg.
Eg såg ikkje journalisten igjen den helga, men eg fortalde historia til nokre av medlaivarane mine, som fann
mange høve til å gjenfortelje henne i løpet av helga.
Det italienske magasinet hadde ein i staben som hadde
skrive masteroppgåve om antiteknologiske Amish-grupper
i Pennsylvania, og ho syntest vi verka svært interessante.
Basert på notata og intervjuopptak frå sjefen hennar på tur i
San Francisco skreiv ho ein fascinerande, hjerteskjerande artikkel om desse sære sektungdommane som kryssa Amerika
på jakt etter «prinsen» sin. Folk trykker kva som helst.
Men greia er at slike historier blir plukka opp og publi­
serte i nye former. Først var det italienske bloggarar, så enkelte amerikanske bloggarar. Folk over heile landet rapporterte «observasjonar» av Det Gamle Folket. Om dei berre
fann på det, eller om det var andre som spelte det same spelet, visste eg ikkje.
Det jobba seg oppover næringskjeda i media, heile vegen opp til New York Times som dessverre har ein uheldig
appetitt for faktasjekking. Journalisten dei sette på historia,
fann til slutt fram til Monaco Hotel, som sette dei i kontakt
med laivarrangørane, som fulle av latter plumpa ut med
heile historia.
Vel, etter alt dette blei laiving plutseleg langt mindre
kult. Vi blei kjende som nasjonens fremste bløffmakarar,
som sære, patologiske løgnhalsar. Pressa som vi, utan å
282
vere klare over det, hadde lurt til å dekke historia om Det
Gamle Folket, var no interesserte i å rette opp inntrykket
ved å skrive om kor utruleg sære laivarane var, og det var då
Charles lét alle på skulen vite at Darryl og eg var dei største
laivnerdane i byen.
Det var ikkje eit godt halvår. Nokre av dei andre i gjengen brydde seg ikkje om det, men vi gjorde det. Ertinga
var nådelaus. Charles leidde det. Eg fann plasthoggtenner
i sekken min, og småungar eg gjekk forbi i gangen, sa «bleh
bleh» som teikneserievampyrar eller snakka med liksomtransylvansk aksent når eg var til stades.
Vi gjekk over til ARGing ganske snart. Det var gøyare
på nokre måtar, og mykje mindre sært. Men frå tid til anna
sakna eg kappa mi og helgene på hotell.
D e t motset te av esprit d’escalier er måten alle audmjukingane vi har opplevd, kjem tilbake og heimsøker oss
på, sjølv lenge etterpå. Eg hugsa alle dei dumme tinga eg
nokon gong hadde sagt eller gjort, hugsa dei krystallklart.
Kvar gong eg følte meg nedfor, byrja eg heilt naturleg å tenkje på andre gonger eg hadde følt det slik, ei Topp 20 av audmjukingar på rekke og rad i hjernen min.
Medan eg prøvde å konsentrere meg om Masha og min
eigen snarlege undergang, kom episoden med Det Gamle
Folket stadig tilbake. Eg hadde hatt ei liknande, kvalm, søkkande undergangskjensle då, medan fleire og fleire medie­
kanalar plukka opp historia, medan det blei meir og meir
sannsynleg at nokon fann ut at det var eg som hadde kasta
denne historia etter den dumme italienske redaktøren i designarbukser med krokete saumar, stiva skjorte utan krage
og altfor store briller med metallinnfatning.
Det finst eit alternativ til å dvele ved feila du har gjort.
Du kan lære av dei.
283
Ein god teori, iallfall. Kanskje grunnen til at det underbevisste kjem trekkande med alle desse sørgjelege spøkelsa
frå fortida, er at dei treng ei verdig avslutning før dei kan
kvile fredeleg i audmjukingsparadiset. Det underbevisste
sende meg stadig spøkelse, i håp om at eg ville gjere noko
for å la dei kvile i fred.
Heile vegen heim tenkte eg på dette minnet og tanken
på kva eg ville gjere med «Masha» i tilfelle ho ikkje hadde
ærlege motiv. Eg trong ei eller anna forsikring.
Og innan eg kom heim – der eg blei sopt opp til melankolske klemmar frå mamma og pappa – hadde eg ideen.
K ne pet var å time det te slik at det hende så fort at
DHS ikkje rakk å førebu seg, men med lang nok planlegging
til å få med Xnet-folk i store mengder.
Knepet var å arrangere dette slik at det var for mange
av oss til stades til at alle kunne arresterast, ein stad der
pressa kunne sjå det, og dei vaksne, slik at DHS ikkje berre
ville gasse oss igjen.
Knepet var å kome opp med noko som var like medie­
vennleg som å få Pentagon til å sveve. Knepet var å ha
eit samlingspunkt, på same måten som 3000 Berkeleystudentar som nekta å la ein av dei bli ført vekk i ein politibil.
Knepet var å få pressa dit, klare til å fortelje vidare kva
politiet gjorde, slik dei hadde gjort i 1968 i Chicago.
Det måtte bli litt av eit knep.
Eg forlét skulen ein time for tidleg neste dag, med dei
vanlege teknikkane mine for å kome seg ut, utan å bry meg
om det ville utløyse ein eller annan DHS-alarm som ville gi
foreldra mine beskjed.
På den ein eller andre måten ville det siste problemet til
foreldra mine etter i morgon vere om eg hadde problem på
skulen.
284
Eg møtte Ange heime hos henne. Ho måtte gå frå skulen endå tidlegare enn eg, men ho hadde gjort mykje ut av
menssmertene sine og låst som om ho skulle til å besvime,
så dei sende henne heim.
Vi byrja å spreie ryktet på Xnet. Vi sende epost til venner vi stola på, chatta med alle på vennelistene våre. Vi
streifa omkring på skipsdekka og landsbyane i Clockwork
Plunder og fortalde det til lagvennene våre. Å gi nok informasjon til at dei ville kome, men ikkje nok til å få DHS på
alerten var vanskeleg, men eg trudde eg hadde akkurat den
rette balansen:
> vampyrinvasjon i morgon
> Om du er ein gothar, kle deg for å imponere. Om du ikkje er
ein gothar, finn ein gothar og lån nokre klede. Tenk vampyr.
> Spelet startar presis 08.00 i morgon. presis. Ver der og ver
klar til å bli delt opp i lag. Spelet varer 30 minutt, så de har god til
å gå på skulen etterpå.
> Åstaden vil bli avslørt i morgon. Send den offentlege nøk­
kelen til [email protected], og sjekk inn­
boksen klokka 07.00 for oppdateringa. Om det er for tidleg for
deg, så ver oppe heile natta. Det er det vi kjem til å gjere.
> Dette er det gøyaste du kjem til å gjere i år, garantert.
> Tru meg.
> M1k3y
Så sende eg ei kort melding til Masha.
> I morgon
> M1k3y
Eit minutt seinare svarte ho:
> Eg tenkte meg det. VampyrInvasjon, hæ? Kjapt jobba. Ha
på deg raud lue. Og ta med lite bagasje.
K va tek du med deg på flukt? Eg hadde teke med nok
tunge ryggsekkar til speidarleirar til å vite at kvart gram du
285
tek med deg skjer seg inn i skuldrene for kvart steg, med tyngdekrafta si knusande kraft – eit gram er ikkje berre eit gram,
det er eit gram du må bere ein million steg. Det er eit tonn.
«Akkurat,» sa Ange. «Smart. Og du tek aldri med deg
klede til meir enn tre dagar heller. Du kan skylje dei i vasken.
Betre å ha ein flekk på t-skjorta enn ein koffert for stor og
tung til å stikke under eit flysete.»
Ho hadde teke fram ein nylonbag som gjekk over brystet hennar, mellom puppane – noko som gjorde meg litt
sveitt – og diagonalt over ryggen. Han var romsleg inni, og
ho sette han ned på senga. No la ho klede ut ved sida av.
«Eg tenkjer tre t-skjorter, ein shorts, tre skift undertøy,
tre sokkepar og ein genser får halde.»
Ho tømde gymbagen og tok opp toalettsakene. «Eg må
hugse å legge i tannbørsten i morgon før eg går ned til Civic
Center.»
Det var imponerande å sjå henne pakke. Ho var nådelaus. Det var også sjukt – det fekk meg til å forstå at dagen
etter skulle eg dra vekk. Kanskje for ei lang stund. Kanskje
for alltid.
«Tek eg med Xboxen?» spurde ho. «Eg har masse greier på harddisken, notat og kladdar og epost. Eg vil ikkje at
det skal hamne i feil hender.»
«Alt er kryptert,» sa eg. «Det er standard i Paranoid­
Xbox. Men la Xboxen bli igjen. Det er masse av dei i LA.
Berre lag ein Piratparti-konto og send ein epost med eit
image av harddisken til deg sjølv. Eg skal gjere det same når
eg kjem heim.»
Det gjorde ho, og sette eposten i sendingskø. Det kom
til å ta eit par timar for alt å skvise seg gjennom naboen sit
trådlause nettverk og heile vegen til Sverige.
Så lukka ho bagen og stramma reimane. Ho hadde ein
klump på storleik med ein fotball på ryggen no, og eg såg
286
beundrande på det. Ho kunne gå ned gata med det under
armen, og ingen ville sjå rart på henne – ho såg ut som om
ho var på veg til skulen.
«Ein ting til,» sa ho og gjekk til nattbordet og tok ut
kondoma. Ho tok remsa med dongar ut av kartongen og la
dei i sekken, og så gav ho meg eit klaps på rumpa.
«Kva no?» sa eg.
«No går vi heim til deg og tek dine greier. Det er på tide
eg møter foreldra dine, ikkje sant?»
Ho la igjen bagen mellom kleshaugane og rotet på golvet. Ho var klar til å snu ryggen til det heile, berre for å vere
med meg. Berre for å støtte saka. Det fekk meg òg til å føle
meg modig.
M a mm a var allereie heime då eg kom. Ho hadde
laptopen open på kjøkkenbordet og svarte på epost medan
ho snakka inn i eit headset, ho hjelpte ein eller annan stakkar og familien hans frå Yorkshire med å finne seg til rette i
Louisiana.
Eg kom gjennom døra, og Ange kom etter, ho smilte
som berre det, men med så hardt grep om handa mi at det
kjendest som om beina gneid mot kvarandre. Eg forstod
ikkje kva ho var så bekymra for. Det var ikkje akkurat slik at
ho kom til å henge så mykje med foreldra mine, sjølv om det
skulle gå dårleg.
Mamma avslutta telefonen med yorkshiremannen i det
vi kom inn.
«Hei, Marcus,» sa ho og gav meg eit kyss på kinnet.
«Og kven er dette?»
«Mamma, dette er Ange. Ange, dette er mor mi, Lilli­
an.» Mamma reiste seg og gav Ange ein klem.
«Veldig kjekt å treffe deg,» sa ho og saumfór henne frå
topp til tå. Ange såg ganske presentabel ut, trur eg. Ho var
287
flink å kle seg, avdempa, du skjønte kor smart ho var berre
ved å sjå på henne.
«Kjekt å møte deg, fru Yallow,» sa ho. Ho høyrdest veldig
sjølvsikker ut. Mykje meir enn eg var då eg møtte mor hennar.
«Kall meg Lillian, kjære deg,» sa ho. Ho saug til seg alle
detaljar. «Blir du til middag?»
«Ja, takk, gjerne,» sa ho.
«Et du kjøt?» Mamma er ganske akklimatisert til
California.
«Eg et alt som ikkje et meg først,» sa ho.
«Ho er hekta på sterke sausar,» sa eg. «Du kunne servere henne gamle bildekk, og ho ville ete dei så lenge ho kan
begrave dei i salsa.»
Ange dulta meg vennleg i skuldra.
«Eg tenkte å bestille thai,» sa mamma. «Eg kan legge eit
par av fem-chili-rettane deira til på bestillinga.»
Ange takka høfleg, og mamma styrte rundt på kjøkkenet, gav oss glas med juice og ein tallerken kjeks og spurde
tre gonger om vi ville ha te. Eg vreid meg litt.
«Takk, mamma,» sa eg. «Vi går opp ei lita stund.»
Mamma smalna augene litt, og så smilte ho. «Sjølvsagt,»
sa ho. «Faren din kjem heim om ein time, då kan vi ete.»
Eg hadde vampyrgreiene mine langt bak i skapet. Eg lét
Ange bla gjennom det medan eg gjekk gjennom kleda mine.
Eg skulle berre til LA. Dei hadde butikkar der, alle kleda eg
hadde bruk for. Eg hadde berre bruk for tre eller fire favoritt-T-skjorter og ei favorittbukse, ein deodorant, tanntråd.
«Pengar!» sa eg.
«Ja,» sa ho. «Eg tenkte å tøme bankkontoen min i ein
minibank på veg heim. Eg har kanskje fem hundre opp­spart.»
«Har du?»
«Kva skal eg bruke det til?» sa ho. «Sidan Xnet har eg
ikkje trunge å betale noko for nett eller telefon heller.»
288
«Eg har kanskje tre hundre.»
«Det er jo fint. Ta det på veg til Civic Center i morgon.»
Eg hadde ein stor sekk som eg brukte om eg trong å ha
med mykje greier gjennom byen. Det var mindre mistenkjeleg enn campingryggsekken min. Ange gjekk gjennom
haugane mine utan nåde og reduserte dei til favorittane
hennar.
Då sekken min var pakka og lagd under senga, sette vi
oss ned.
«Vi må verkeleg opp tidleg i morgon,» sa ho.
«Ja, ein stor dag.»
Planen var å sende ut beskjedar om ein haug falske
åstader for VampyrInvasjon i morgon og sende folk ut til
tilbaketrekte stader få minutts gange frå Civic Center. Vi
skar ut ein sjablong til å spraymale gjennom, der det stod:
VAMPYRINVASJON CIVIC CENTER –> –>, og denne beskjeden kunne vi spraye på desse stadene rundt klokka fem.
Det ville hindre at DHS stengde Civic Center før vi kom dit.
Eg hadde mailboten klar til sende ut meldingane klokka sju
– eg måtte berre la Xboxen min stå på når eg gjekk ut.
«Kor lenge …» ho avbraut seg sjølv.
«Det har eg òg lurt på,» sa eg. «Det kan bli lenge. Men
kven veit. Når Barbara sin artikkel kjem ut» – eg hadde lagt
klar ein epost til henne som òg skulle bli send om morgonen – «og alt, kanskje vi er heltar om to veker.»
«Kanskje,» sa ho og trekte på skuldrene.
Eg la armen rundt henne. Skuldrene hennar rista.
«Eg er livredd,» sa eg. «Det ville vere galskap å ikkje
vere livredd.»
«Ja,» sa ho. «Ja.»
Mamma ropte oss ned på middag. Pappa tok Ange i
handa. Han såg ubarbert og bekymra ut, slik han hadde sett
ut heilt sidan vi drog for å snakke med Barbara, men då han
289
møtte Ange, kom litt av den gamle pappa tilbake. Ho kyssa
han på kinnet, og han insisterte på at ho skulle kalle han Drew.
Middagen var faktisk skikkeleg god. Isen lausna då
Ange tok fram flaska med sterk saus, gav tallerkenen sin ein
god dose og oss ei utlegning om Scoville-målingar. Pappa
prøvde ein munnfull av maten hennar og sjangla inn på
kjøkkenet for å drikke fire liter mjølk. Tru det eller ei, men
mamma prøvde likevel og såg på alle måtar ut til å like det.
Det viste seg at mamma var ein uoppdaga tilhengar av sterk
mat, eit naturtalent.
Før ho drog, pressa Ange flaska med sterk saus på
mamma. «Eg har ei reserveflaske heime,» sa ho. Eg hadde
sett at ho hadde pakka henne. «Du ser ut som ei som treng
ei slik.»
H e r er e p osten som gjekk ut klokka 07.00 neste dag,
medan Ange og eg spraymala VAMPYRINVASJON CIVIC
CENTER –> –> på strategiske stader rundt i byen.
> REGLAR FOR VAMPYRINVASJON
> Du er del av ein klan av dagslysvampyrar. De har oppda­
ga løyndommen om korleis de skal overleve det fæle sollyset.
Løyndommen er kannibalisme: Blodet til ein annan vampyr kan
gi dykk styrke til å vandre blant dei levande.
> Du må bite så mange andre vampyrar du kan for å bli ve­
rande i spelet. Om det går eitt minutt utan eit bit, er du ute. Om du
er ute, snu skjorta di bak fram og bli dommar – hald auge med to
eller tre vampyrar for å sjå om dei bit frå seg.
> For å bite ein annan vampyr må du seie «bit!» fem gonger
før dei gjer det. Så du spring fram til ein vampyr, får augekontakt
og roper «bit bit bit bit bit!», og om du får sagt dette før henne,
lever du, og ho blir til støv.
> Du og dei andre vampyrane du møter på møtepunktet, er
eit lag. Dei er klanen din. Du får ikkje nokon effekt frå blodet deira.
> Du kan «bli usynleg» ved å stå stille og legge armane i
kryss over brystet. Du kan ikkje bite usynlege vampyrar, og dei
kan ikkje bite deg.
> Dette spelet baserer seg på ærleg spel. Poenget er å få ut
den indre vampyren i deg og ha det gøy, ikkje å vinne.
291
> Det finst eit sluttspel som vil bli formidla munnleg et­
ter som vinnarane byrjar å bli klare. Spelmeistrane startar ein
kviskrekampanje når tida kjem. Sprei kviskringa så fort du kan
og sjå etter det avtalte teiknet.
> M1k3y
> bit bit bit bit bit!
Vi hadde håpa at hundre stykke ville vere villige til å
spele VampyrInvasjon. Vi hadde sendt om lag to hundre invitasjonar kvar. Men då eg sette meg rett opp og ned framfor Xboxen klokka fire om natta, var det 400 svar der. Fire
hundre.
Eg mata boten med adressene og sneik meg ut av huset.
Eg høyrde far min snorke og mor mi snu seg i senga medan
eg gjekk ned trappa. Eg låste døra bak meg.
Klokka 04.15 var Potrero Hill like stille som ein stasjon langt ute på landsbygda. Det var litt trafikkrumling i
det fjerne, og på eit tidspunkt var det ein bil som køyrde
forbi meg. Eg stoppa ved ein minibank og henta ut 320 dollar i tjuedollarsetlar som eg rulla saman, batt med strikk og
stakk i ei glidelåslomme på låret av vampyrbuksene.
Eg hadde kappe på meg, ei skjorte med rysjer og dressbukser omsydde med lommer til å romme alle dingsane
mine. Eg hadde spisse boots, med hovudskallespenner av
sølv, håret hadde eg rufsa til ein svart løvetannsveis. Ange
skulle ha med seg kvit sminke, og hadde lova å legge eye­
liner og svart naglelakk på meg. Kvifor ikkje? Når ville eg få
sjansen til å kle meg ut neste gong?
Ange og eg møttest framfor huset deira. Ho hadde sekken sin på, og nettstrømpebukser, ein gotisk struttekjole,
kvit ansiktsmaling, forseggjord augemaling i kabukistil;
hals og hender strutta av sølvsmykke.
«Du ser bra ut!» sa vi til kvarandre i kor, så lo vi stille og
sneik oss ut i gatene med spraymalingsboksar i lommene.
292
Me dan e g reko gnoserte på Civic Center, tenkte eg
på korleis det ville sjå ut når 400 vampyrar rykte inn. Eg
venta dei om ti minutt, framfor City Hall. Den store plassen
vrimla allereie av folk på veg til jobben som gjekk i bogar for
å unngå å trakke på uteliggarane.
Eg har alltid hata Civic Center. Det er ei samling av digre bryllaupskakeaktige bygg: rettssalar, museum og offent­
lege bygg som City Hall. Fortaua er breie, bygningane er
kvite. I turistguidane til San Francisco klarer dei alltid å
fotografere det slik at det ser ut som familieparken Epcot
Center, futuristisk og minimalistisk.
Men på bakken er det skitent og ekkelt. Det søv uteliggarar på alle benkane. Området er tomt klokka 18.00, bortsett frå fyllikar og narkisar, for det er ikkje nokon grunn til
å henge der etter solnedgang. Det liknar meir på eit kjøpesenter enn eit nabolag, og dei einaste forretningane er kausjonsagentar og spritkioskar, sjapper som rettar seg inn på
familiane til skurkar på tiltalebenken og loffarane som har
plassen som heim om natta.
Dette forstod eg først skikkeleg då eg las eit intervju
med ein gammal, fantastisk byplanleggar, ei dame som heitte Jane Jacobs og var den første til verkeleg å slå fast kvifor
det var feil å la riksvegar skjere seg gjennom byane, plassere
alle dei heimlause i sosialbustader og bruke sonelover til å
halde tett kontroll med kven som får lov til å gjere kva kvar.
Jacobs forklarte at verkelege byar er organiske og har stor
variasjon – med rike og fattige, kvite og brune, anglo og meks,
område med både handel og bustadhus, og til og med industri. I eit slikt nabolag går alle slags folk forbi, på alle tider av
døgnet, slik at du får forretningar som rettar seg mot alle typar behov, folk i gatene heile tida, som ser det som går føre seg.
Du har opplevd det før. Du går gjennom eit eller anna
gammalt nabolag i ein by, og du ser at det er fullt av kule
293
butikkar, folk i dress og moteløver, fancy restaurantar
og kafear som osar av atmosfære, ein liten kino, kanskje,
hus med forseggjorde fasadar. Ja da, kanskje er det ein
Starbucks-kafé der, men det er også ein fin fruktmarknad
og ein blomster­seljar som ser ut som ho er tre hundre år
gammal, der ho steller blomstrane i vindaugene. Det er det
motsette av eit planlagt område. Det kjennest som ein viltveksande hage eller til og med ein skog: som om det veks.
Du kunne ikkje kome lenger frå ein slik stad enn Civic
Center. Eg las eit intervju med Jacobs der ho snakka om
det fine, gamle nabolaget dei reiv for å bygge senteret. Det
hadde vore akkurat eit slikt rotete nabolag, ein slik stad som
oppstår utan løyve eller ein tanke bak.
Jacobs spådde at om nokre få år ville Civic Center vere
eit av dei verste nabolaga i byen, ein spøkelsesby om natta,
ein stad som heldt liv i eit lite knippe slitne spritsjapper og
loppeinfiserte motell. I intervjuet verka ho ikkje glad for å
seie dette; det verka som om ho snakka om ein død venn då
ho beskreiv kva Civic Center hadde blitt.
No var det rushtid, og Civic Center var på sitt mest
hektiske. t-banestasjonen ved Civic Center er også hovudstasjonen for trikken, og dersom du skal skifte frå den eine
til den andre, så er det her du gjer det. Klokka 08.00 var det
tusenvis av folk som gjekk opp trappene, ned trappene, steig
på bussen og av bussen. Dei blei skvisa av DHS-sjekkpunkt
ved dei ulike kontorbygga, gjekk omvegar utanom aggressive tiggarar. Alle lukta av sjampoane og etterbarberingsvatnet dei brukte, nydusja og rusta til arbeid i dressane sine,
med pc-vesker og stresskoffertar som dei svinga fram og
tilbake. Klokka 08.00 var det Civic Center som var sentrum
for næringslivet.
Og der kom vampyrane. Ein gjeng på veg ned Van Ness,
ein gjeng på veg opp Market Street. Fleire på veg frå andre
294
sida av Market Street. Fleire på veg opp frå Van Ness. Dei
sneik seg langs husveggane, kvitmala i ansiktet, med svart eyeliner, svarte klede, lêrjakker, store, knehøge støvlar. Finger­­
lause fiskenetthanskar.
Dei byrja å fylle plassen. Nokre av forretningsfolka gav
dei raske blikk og såg vekk igjen, dei ville ikkje sleppe desse
merkelege vesena inn i liva sine medan dei tenkte på den
driten dei skulle kjempe seg gjennom på kontoret dei neste
åtte timane. Vampyrane virra rundt, usikre på når spelet
byrja. Dei samla seg i store grupper, som eit filmopptak
av oljesøl spelt baklengs, med alt dette svarte stoffet som
samla seg på ein stad. Mange av dei hadde gammaldagse
hattar, bowlerhattar og flosshattar. Mange av jentene hadde
elegante gotiske lolitakostyme med store plattformsko.
Eg prøvde å estimere kor mange dei var. 200. Så, fem
minutt seinare var det 300. 400. Dei strøymde framleis inn.
Vampyrane hadde teke med seg vennene sine.
Nokon tok meg på rumpa. Eg spann rundt og såg Ange,
ho lo så hardt at ho måtte halde seg på låra, framoverbøygd.
«Sjå på dei alle saman, sjå på dei!» gispa ho. Det var
dobbelt så mykje folk på plassen som berre få minutt tidlegare. Eg ante ikkje kor mange Xnetarar det var der, men
minst 1000 var det som dukka opp på denne vesle festen
min. Herregud.
DHS og lokalt politi byrja å røre på seg, snakke inn i radioane sine og samle seg i grupper. Eg kunne høyre ei sirene
i det fjerne.
«Ålreit,» sa eg, og rista armen til Ange. «Ålreit, set i gang.»
Vi gleid inn i mengda og så snart vi såg ein vampyr sa vi
begge, høgt: «Bit bit bit bit bit!» Offeret mitt var ei lamslått
– men søt – jente med edderkoppnett teikna på hendene
og maskara smurd utover, nedover kinna. Ho sa: «Æsj,» og
gjekk ut av vegen, erkjende at eg hadde teke henne.
295
«Bit bit bit bit bit»-ropet hadde fått fart på dei andre
vampyrane i nærleiken. Nokre av dei gjekk til åtak på kvarandre, andre gjekk for å gøyme seg. Eg hadde fått mitt offer
for det næraste minuttet, så eg luska vekk, gøymde meg
blant dei jordiske. Rundt meg runga ropet «bit bit bit bit
bit!» og skrik og latter og forbanningar.
Lyden spreidde seg som eit virus gjennom mengda.
Alle vampyrane visste at spelet var i gang no, og dei som var
samla i klumpar, fall som fluger. Dei lo og banna og steig til
sides, gav dei andre vampyrane signal om at spelet framleis
var i gang. Og for kvart sekund kom det fleire vampyrar.
8.16. Det var på tide å ta ein ny vampyr. Eg krøkte meg
ned og gjekk blant beina til streitingane på veg mot trappa
ned til t-banen. Dei rykte til av overrasking og gjorde unna­
manøvrar for å unngå meg. Eg hadde augene mine laserfesta til eit par svarte plattformstøvlar med ståldragar over
tærne, og det var heilt uventa då eg møtte ein annan vampyr ansikt til ansikt, ein fyr på 15 eller 16, med håret i sleik
og ei Marylin Manson-jakke i PVC, med masse halsband av
falske hoggtenner med intrikate symbol på.
«Bit bit bit –» byrja han, i det ein av dei jordiske snubla
over han og dei ramla framover begge to. Eg sprang fram til
han og ropte «bit bit bit bit bit!» før han kunne vikle seg ut igjen.
Fleire vampyrar kom til. Folka i dress fekk panikk.
Spelet fløymde over fortauet og bevega seg ned Van Ness,
oppover til Market Street. Bilar tuta, trikkane utstøytte
sinte ding. Eg høyrde fleire sirener, men no hadde trafikken
gått i stå i alle retningar.
Det var heilt forbanna vedunderleg.
BIT BIT BIT BIT BIT!
Lyden kom frå overalt rundt meg. Det var så mange
vampyrar der, og dei spelte så innbite at det var som eit bulder. Eg tok sjansen på å reise meg og sjå rundt meg, og eg
296
såg at eg var midt i ei mengd vampyrar som strekte seg ut så
langt eg kunne sjå i alle retningar.
BIT BIT BIT BIT BIT!
Dette var endå betre enn konserten i Dolores Park.
Den var seriøst vill og rocka, men dette var – vel, det var
berre gøy. Det var som å vere tilbake på leikeplassen, dei
episke omgangane med sisten som vi spelte i matfriminuttet når det var sol, med hundrevis av folk som jaga kvarandre rundt. Dei vaksne og bilane gjorde det berre gøyare,
latterlegare.
Det var det det var: Det var latterleg. Vi lo alle saman no.
Men politiet heldt verkeleg på å mobilisere. Eg høyrde
helikopter. Kvar augeblink ville det vere over. På tide å starte sluttspelet.
Eg tok tak i ein vampyr.
«Sluttspel: når politiet gir oss ordre om å spreie oss, lat
som om du har blitt gassa. Send det vidare. Kva var det eg
sa no?»
«Akkurat,» sa eg. «Send det vidare.»
Ho smelta inn i mengda, eg visste Ange gjorde det
same som eg. Ein stad i mengda kunne det vere infiltratørar,
falske Xnetarar, men kva kunne dei gjere med denne kunnskapen? Politiet hadde ikkje akkurat noko val. Dei kom til å
gi oss ordre om å spreie oss. Heilt sikkert.
Eg måtte kome meg fram til Ange. Planen var å møtast
ved statuen av bygrunnleggarane på plazaen, men det kom
til å bli vanskeleg å nå fram dit. Mengda rørte ikkje på seg
lenger, ho tetna seg, slik ho hadde gjort på veg ned til tbanestasjonen den dagen bombene gjekk av. Eg kjempa for
å kome gjennom i det høgtalarane på undersida av helikopteret blei slått på.
«DETTE ER Tryggleiksdepartementet. VI GIR
ORDRE OM AT ALLE MÅ SPREIE SEG NO.»
297
Rundt meg fall hundrevis av vampyrar i bakken, tok seg
til halsen, klorte seg i augene, gispa etter luft. Det var lett å
late som om vi hadde blitt gassa, alle hadde hatt god tid til å
studere opptaka av festdeltakarane i Dolores Park som fall
under peparsprayskyene.
«SPREI DYKK NO.»
Eg sette meg ned, heldt på ryggsekken min og tok den
raude baseball-lua som eg hadde stukke ned i bukselinningen. Eg tok henne på hovudet, tok handa til halsen og utstøytte grufulle harkelydar.
Dei einaste som framleis stod oppreiste var dei jordiske,
lønstakarane som berre hadde vore på veg til arbeidet sitt.
Eg såg meg så godt rundt som eg kunne medan eg kveltest
og gispa.
«DETTE ER Tryggleiksdepartementet. VI GIR
ORDRE OM AT ALLE MÅ SPREIE SEG NO.» Guds stemme
fekk innvolane mine til å verke. Eg kjende det i jekslane og i
hoftene og i ryggrada.
Forretningsfolka var redde. Dei rørte seg så fort dei
klarte, men ikkje i noka spesiell retning. Helikoptra verka
som dei var rett over hovudet ditt uansett kvar du stod.
Politiet vada inn i mengda no, og dei hadde teke på seg hjelmane sine. Nokre hadde skjold. Nokre hadde gassmasker.
Eg gispa sterkare.
Så byrja forretningsfolka å springe. Eg ville sikkert ha gjort
det same. Eg såg ein fyr ta av seg ei jakke til 500 dollar og legge
henne framfor ansiktet før han sprang sørover mot Mission,
berre for å snuble og ramle så lang han var. Salvane med banning som han kom med, blanda seg med koret av kvelelydar.
Dette var ikkje etter planen – kvelinga skulle berre sette folk ut og forvirre dei, ikkje lage panikk og flukt.
Det kom skrik no, skrik eg kjende altfor godt igjen frå
kvelden i parken. Det var lyden av folk som var vettskremde,
298
som sprang på kvarandre medan dei kjempa som galne for
å kome seg vekk.
Og så byrja luftvernsirenene.
Eg hadde ikkje høyrt den lyden sidan bombene gjekk
av, men eg ville aldri gløyme han. Lyden skar gjennom meg,
skar meg rett inn i ballane, gjorde beina mine til gelé. Lyden
gav meg lyst til å springe vekk i panikk. Eg kom meg på beina, med raud kaps på hovudet og berre ein ting i tankane:
Ange. Ange og grunnleggarstatuen.
Alle var på beina no, dei sprang skrikande i alle retningar. Eg dytta folk ut av vegen, heldt sekken og lua fast, på veg
mot grunnleggarstatuen. Masha var på utkikk etter meg, eg
var på utkikk etter Ange. Ange var der ute ein stad.
Eg skubba og banna. Gav nokon ein alboge i sida.
Nokon trakka meg på foten så hardt at eg kjende det seie
knas, og eg skubba han så hardt at han datt. Han prøvde å
kome seg opp, men nokon trakka på han. Eg dytta framover
og skauv til sides.
Eg rekte ut armen for å dytte nokon i det eit par sterke
hender tok tak i handleddet og albogen min, i ei sveipande
rørsle som førte armen min bak på ryggen. Det kjendest
som om skuldra skulle blei hekta av ledd, og eg bøygde meg
framover og ropte, ein lyd som knapt kunne høyrast gjennom folkelevenet, helikopterklapringa, sirenehyla.
Ryggen min blei retta opp av dei sterke hendene som
heldt meg, dei styrte meg som ei marionettdokke. Grepet var
så perfekt at eg ikkje kunne tenkje på å vri meg. Eg klarte ikkje
å tenkje på støyen eller helikopteret eller Ange. Alt eg kunne
tenkje på, var å gå i den retninga eg blei ført. Eg blei snudd slik
at eg k0m ansikt til ansikt med personen som førte meg.
Det var ei jente med eit spist, gnagaraktig ansikt, halvt
gøymd bak eit par digre solbriller. Over solbrillene stakk ein
manke av lyserosa hår ut i alle retningar.
299
«Du!» sa eg. Eg kjende henne. Ho hadde teke eit bilete
av meg og trua med å melde meg til skulkevakta. Det var
fem minutt før alarmane. Det var ho, skruppellaus og utspekulert. Begge hadde vi sprunge frå den same staden i
Tenderloin med lyden av bilhorn i hælane, og begge hadde
vi blitt plukka opp av politiet. Eg hadde vore fiendtleg innstilt, og dei hadde bestemt seg for at eg var ein fiende.
Ho – Masha – blei ein alliert.
«Hei, M1k3y,» kveste ho i øyret mitt, nær som ein els­
kar. Eg fekk frysingar på ryggen. Ho sleppte armen min, og
eg rista på han.
«Herregud,» sa eg. «Du!»
«Ja, eg,» sa ho. «Gassen kjem til å senke seg her om to
minutt. La oss få ræva i gir.»
«Ange – kjærasten min – er ved grunnleggarstatuen.»
Masha såg over folkemengda. «Umuleg,» sa ho. «Om
vi prøver å kome oss dit, er vi fortapte. Dei gassar oss om to
minutt, om du ikkje skjønte det.»
Eg stoppa. «Eg dreg ikkje utan Ange,» sa eg.
Ho trekte på skuldrene. «Lykke til,» ropte ho i øyret mitt.
«I di eiga gravferd.» Ho byrja å skubbe seg gjennom mengda,
nordover, mot sentrum. Eg heldt fram i retning grunnleggarstatuen. Eit sekund seinare var armen min tilbake i vondt grep
på ryggen min, og eg blei svinga rundt, skubba hardt framover.
«Du veit for mykje, din dåsemikkel,» sa ho. «Du har
sett ansiktet mitt. Du blir med meg.»
Eg skreik til henne, kjempa imot så det kjendest som
om armen min skulle knekke, men ho skauv meg framover.
Den vonde foten min var ei pine for kvart steg, skuldra mi
kjendest som om ho skulle knekke.
Med meg som rambukk gjorde vi god veg i vellinga.
Ulet frå helikopteret endra seg, og ho skubba meg hardare.
«SPRING!» ropte ho. «No kjem gassen!»
300
Lyden frå mengda endra seg òg. Kvelelydane og skrika
blei mykje, mykje høgare. Eg hadde høyrt den tonehøgda
før. Vi var tilbake i parken. Gassen regna over oss. Eg heldt
pusten og sprang.
Vi kom ut av mengda, og ho sleppte armen min. Eg rista han. Eg halta så fort eg kunne opp fortauet der mengda
blei glisnare. Vi var på veg mot ei gruppe DHS-politi med
skjold og hjelmar og masker. I det vi kom nær, flytta dei på
seg for å blokkere oss, men Masha heldt fram eit merke og
dei smelta vekk som om ho var Obi Wan Kenobi som sa
«dette er ikkje droidane de ser etter.»
«Di forbanna dritkjerring,» sa eg medan vi hasta opp­
etter Market Street. «Vi må gå tilbake og hente Ange.»
Ho spissa leppene og rista på hovudet. «Eg føler med
deg, kamerat. Eg har ikkje sett kjærasten min på fleire månader. Han trur sikkert eg er død. Det er krig. Om vi går
tilbake etter Ange, er vi fortapte. Om vi held fram, så har
vi ein sjanse. Så lenge vi har ein sjanse, så har ho ein sjanse.
Desse kidsa skal ikkje til Gitmo alle saman. Dei tek sikkert
nokre hundre inn til avhøyr og sender resten heim.»
Vi gjekk oppover Market Street no, forbi strippeklubbane der dei små samlingane av uteliggarar og narkisar sat
og stinka som opne toalett. Masha viste meg inn til eit lite
holrom ved den lukka døra til ein av strippeklubbane. Ho
tok av jakka si og vrengde henne – fôret hadde eit dempa
stripemønster, og når jakka var ut inn, såg ho heilt annleis
ut. Ho tok ei ullue opp frå lomma og drog henne over håret,
med luetoppen lystig på snei. Så tok ho fram nokre sminkefjerningsserviettar og gjekk laus på ansiktet og fingerneg­
lene. På ein blunk var ho ei heilt anna jente.
«Kostymeskift,» sa ho. «Din tur. Vekk med skoa, vekk
med jakka, vekk med kapsen.» Eg tok poenget. Politiet kom
til å sjå veldig nøye på alle som såg ut som om dei var med
301
på VampyrInvasjonen. Eg kasta kapsen av meg – eg hadde
aldri likt baseballkaps. Så pressa eg jakka ned i sekken og
tok ut ein genser med eit bilete av Rosa Luxemburg på og
drog han over den svarte t-skjorta mi. Eg lét Masha tørke
av meg sminka og naglelakken, og kort tid etter var eg rein.
«Slå av telefonen,» sa ho. «Har du nokon arphidar?»
Eg hadde elevbeviset mitt, bankkortet og Fast Passkortet. Alle gjekk ned i ein sølvfarga pose ho heldt fram,
ein radiosikker Faraday-pose. Men i det ho putta det heile i
lomma innsåg eg at eg akkurat hadde gitt henne identitetsbevisa mine. Om ho var på feil side …
Det som akkurat hadde skjedd, byrja å søkke inn. I tankane mine hadde eg sett for meg å ha Ange med meg no.
Med Ange ville vi vere to mot ein. Ange ville hjelpe meg å
sjå om det var noko som ikkje stemde. Om Masha ikkje var
den ho sa ho var.
«Ta desse småsteinane i skoa før du tek dei på –»
«Det er OK, eg vrikka foten. Ingen ganglagsgjenkjennande program kjenner meg igjen no.»
Ho nikka ein gong, som ein proff til ein annan, og
slengde sekken sin på ryggen. Eg tok opp min, og vi la i veg.
Heile skiftet hadde gått på mindre enn eit minutt. Vi såg ut
som og gjekk som heilt andre personar.
Ho såg på klokka og rista på hovudet. «Kom an,» sa ho.
«Vi må rekke avtalen. Ikkje tenk på å rømme. Du har to val no.
Meg eller fengsel. Dei kjem til å analysere opptak frå opptøya
i dagevis, men når dei er ferdige, vil alle ansikta gå inn i databasen. Flukta vår vil bli lagd merke til. Vi er ettersøkte no.»
V i sving a u t av Market Street ved det neste kvartalet,
tilbake inn i Tenderloin. Eg kjende dette nabolaget. Det var
her vi hadde vore på jakt etter eit ope trådlaust nettverkspunkt den dagen, då vi spelte Harajuku Fun Madness.
302
«Kvar skal vi?» spurde eg.
«Vi skal haike,» sa ho. «Hald kjeft og la meg konsentrere meg.»
Vi gjekk fort, og sveitten strøymde nedover ansiktet
mitt frå hårrøtene, fann vegen nedover ryggen, ned rumpe­
sprekken og nedover låra. Foten min var skikkeleg vond, og
eg såg gatene i San Francisco rase forbi, kanskje for aller
siste gong. Det hjelpte ikkje det grann at vi pløgde i veg rett
oppover bakken, mot området der det lurvete Tenderloin
må vike til fordel for dei knallharde bustadprisane på Nob
Hill. Pusten min gjekk i ujamne kast. Ho førte oss for det
meste opp gjennom smale smau, brukte dei breie gatene
berre for å kome frå eitt smau til eit anna.
Vi var akkurat på veg inn i eit slikt smau, Sabin Place,
då nokon kom på oss bakfrå og sa: «Stopp der.» Stemma var
full av vondsinna fryd. Vi stoppa og snudde oss.
Ved inngangen til smauet stod Charles, i eit halvhjerta
vampyrkostyme med svart t-skjorte, svart dongeribukse og
kvit ansiktsmaling. «Hallo, Marcus,» sa han. «Kvar er du på
veg?» Han smilte eit digert, vått smil. «Kven er kjærasten din?»
«Kva er det du vil, Charles?»
«Vel, eg har hengt rundt på det der forræderske Xnet
heilt sidan eg såg deg drive og dele ut DVD-ar på skulen. Då
eg høyrde om VampyrInvasjonen din, tenkte eg at eg skulle
gå og henge i utkanten, berre for å sjå om du dukka opp, og
kva du gjorde. Veit du kva eg såg?»
Eg sa ikkje noko. Han hadde telefonen sin i handa, peikt
mot oss. Han tok opp. Kanskje klar til å slå 911. Ved sida av
meg hadde Masha blitt stiv som ein stokk.
«Eg såg at du var leiar for heile greia. Og eg tok det opp,
Marcus. Så no skal eg ringe politiet, og vi skal vente her på
dei. Og du skal i rævkøyringsfengsel, lenge, lenge.»
Masha tok eit steg fram.
303
«Bli ståande, vesla.» sa han. «Eg såg at du fekk han med
deg ut. Eg såg alt –»
Ho tok eit steg til fram, reiv telefonen ut av handa hans,
henta lommeboka si opp frå baklomma med den andre
handa og heldt henne open framfor han.
«DHS, din pikk,» sa ho. «Eg er DHS. Eg har følgt denne dusten tilbake til dei overordna folka hans for å sjå kvar
han skulle. Det var det eg heldt på med. No har du øydelagt
det. Vi har eit namn for det. Vi kallar det ‘Å hindre nasjonal
tryggleik’. Det er ein frase du straks kjem til å høyre langt
oftare.»
Charles tok eit steg bakover med hendene opp framfor seg. Han hadde blitt endå bleikare under sminka. «Hæ?
Nei! Eg meiner – eg visste ikkje! Eg prøvde å hjelpe!»
«Det siste vi treng, er ein haug high school-elevar
som prøver å ‘hjelpe’, kamerat. Forklaringa kan du ta for
dommaren.»
Han steig bakover, men Masha var rask. Ho tok han i
handleddet og vreid han inn i det same judogrepet ho hadde brukt på meg. Handa hennar gjekk ned i baklomma og
kom opp med eit plasthandjern som ho raskt tvinna rundt
handledda hans.
Det var det siste eg såg før eg la på sprang.
E g kom så l angt som til enden av smauet før ho nådde meg igjen, takla meg bakfrå og sende meg på hovudet
framover. Eg kunne ikkje springe særleg raskt, ikkje med
den skadde foten min og ryggsekken. Eg hamna med ansiktet mot bakken og skrubba ansiktet mot den skitne asfalten.
«Herregud,» sa ho. «Du er ein forbanna idiot. Du trudde ikkje på det der, gjorde du?»
Hjertet mitt banka i brystet. Ho sat på meg, sakte fekk
eg lov å reise meg.
304
«Må eg setje handhjern på deg, Marcus?»
Eg kom meg på beina. Eg hadde vondt overalt. Eg hadde lyst til å døy.
«Kom an,» sa ho. «Det er ikkje langt dit no.»
« D i t» viste se g å vere ein trailer på veg ned ei side­
gate på Nob Hill, ein sekstenhjular på storleik med DHSbilane som var overalt, og som framleis var å sjå rundt hushjørna i San Francisco, struttande av antenner.
Men denne hadde «Tre fyrar og ein flyttebil» skriven
på sida, og dei tre fyrane var i høgste grad å sjå, på veg ut
og inn av ei høg bustadblokk med grøn markise. Dei bar på
skranglete møblar og sirleg merka kasser som dei lasta ein
etter ein inn i traileren.
Masha gjekk ein gong rundt kvartalet, såg ut til å vere
misnøgd med noko, og så, ved neste passering, fekk ho auge­
kontakt med ein mann som stod og passa på bilen, ein eldre,
svart fyr med nyrebelte og tunge hanskar. Han hadde eit snilt
ansikt og smilte mot oss i det han leidde oss raskt, som på
slump, opp dei tre trinna og inn i lasterommet på traileren.
«Under det store bordet,» sa han. «Vi laga litt rom til dykk der.»
Lasterommet var meir enn halvfullt, men det var ein liten passasje rundt eit digert bord med eit lappeteppe slengt
over og pakka rundt beina.
Masha skauv meg under bordet. Det var innestengt og
stilt og støvete under der, og eg heldt tilbake ein nys i det vi
krøkte oss inn blant kassene. Det var så lite plass der at vi
låg oppå kvarandre. Eg trur ikkje Ange ville ha fått plass.
«Dritkjerring,» sa eg og såg på Masha.
«Hald kjeft. Du burde kysse støvlane mine og takke
meg. Du ville ha hamna i fengsel om ei veke, toppen to.
Ikkje Vesle Gitmo. Syria, kanskje. Eg trur det er dit dei har
sendt dei som dei verkeleg vil ha til å forsvinne.»
305
Eg la hovudet mot knea og prøvde å puste djupt.
«Kvifor ville du gjere noko så dumt som å erklære krig
mot DHS, forresten?»
Eg fortalde henne kvifor. Eg fortalde henne om korleis
vi hadde blitt tekne, og om Darryl.
Ho klappa seg på lommene og tok fram ein telefon. Det
var Charles sin. «Feil mobil.» Ho tok fram ein annan. Ho slo
han på, og lyset frå skjermen fylte det vesle fortet vårt. Etter
å ha fikla eit sekund viste ho meg skjermen.
Det var biletet ho hadde teke av oss, rett før bombene
gjekk av. Det var biletet av Jolu og Van og eg og –
Darryl.
I handa mi hadde eg bevis på at Darryl hadde vore med
oss rett før vi blei tekne av DHS. Bevis på at han hadde vore i
live og frisk og saman med oss.
«Du må gi meg ein kopi av dette,» sa eg. «Eg treng det.»
«Når vi kjem til LA,» sa ho og reiv til seg telefonen. «Når
du har blitt brifa på korleis du skal vere ein flyktning utan å
få oss begge tekne til fange og sende til Syria. Eg vil ikkje at
du skal få idear om å redde denne fyren. Han er trygg nok
der han er – inntil vidare.»
Eg tenkte på å prøve å ta telefonen frå henne med makt,
men ho hadde allereie vist kva ho var god for. Ho måtte ha
svart belte eller noko.
Vi sat der i mørket, høyrde på dei tre fyrane som lasta
bilen med kasse etter kasse, batt dei fast, grynta av strevet.
Eg prøvde å sove, men klarte det ikkje. Masha hadde ikkje
det problemet. Ho snorka.
Det kom framleis lys gjennom den smale passasjen
som førte ut til den friske lufta utanfor. Eg stira på lyset der i
halvmørket og tenkte på Ange.
Mi Ange. Håret som sveipa over skuldrene i det ho snudde hovudet, medan ho lo av noko eg hadde sagt. Ansiktet
306
hennar då eg sist såg henne, i det vi slutta oss til mengda
i VampyrInvasjonen. Alle folka på VampyrInvasjonen som
låg og vreid seg, som dei i parken den gongen, og DHS på
veg inn med batongar. Alle dei som forsvann.
Darryl. Fange på Treasure Island, med magen sydd,
teken ut av cella for å gå gjennom endelause avhøyr om
terror­istar.
Faren til Darryl, ruinert og forfylla, ubarbert. Nyvaska
og kledd i uniform, «du veit, om ho vil ta bilete». Gret som
ein liten gutunge.
Min eigen far og korleis han hadde blitt forandra då
eg forsvann. Han hadde vore like nedbroten som faren til
Darryl, men på sin eigen måte. Og ansiktet hans då eg sa
kvar eg hadde vore.
Det var då eg forstod at eg ikkje kunne rømme.
Det var då eg forstod at eg måtte bli og kjempe.
M a sha p usta djup t og regelmessig, men då eg strekte
handa ned i lomma hennar etter telefonen, sakte som ein
smeltande isbre, snøfta ho og skifta stilling. Eg stoppa og
pusta ikkje eingong dei neste to minutta, talde, tusen-ogein, tusen-og-to.
Sakte byrja ho å puste djupare igjen. Eg drog telefonen
ut av jakkelomma millimeter for millimeter, fingrane og armen min skalv av å røre seg så sakte.
Så hadde eg han, ein liten sjokoladeplateforma ting.
Eg snudde meg for å gå mot lyset då eg plutseleg hugsa noko: Charles som heldt telefonen sin fram, dingla han
framfor oss, hånte oss. Det var ein telefon på storleik med
ei sjokoladeplate, sølvfarga, overklistra med logoar for den
haugen med selskap som hadde subsidiert prisen på telefonen. Det var ein slik telefon der du måtte høyre på ein reklame kvar gong du ville ringe.
307
Det var for mørkt til å sjå telefonen klart i mørket, men
eg kunne føle det. Var han full av klistremerker? Ja? Ja. Eg
hadde akkurat stole Charles’ telefon frå Masha.
Eg snudde meg sakte, sakte, og sakte, sakte, sakte, sneik
eg handa ned i lomma hennar igjen. Hennar telefon var større og tjukkare, med eit betre kamera og kven veit kva anna?
Eg hadde vore gjennom dette ein gong før – det gjorde
det litt lettare. Millimeter for millimeter lurte eg igjen ein
telefon ut av lomma hennar og stoppa to gonger av at ho
snufsa og rykte til.
Eg hadde telefonen og rygga bakover då handa hennar
skaut ut, rask som ein slange, og tok tak i handleddet mitt,
hardt, fingertuppane hennar grov seg inn til dei små, mjuke
beina ved handa mi.
Eg gispa og stira inn i Mashas vidopne, stirande auge.
«For ein idiot du er,» sa ho, som for å starte ein samtale,
medan ho tok telefonen og trykte på tastane med den andre
handa. «Korleis var det du hadde tenkt å låse opp denne?»
Eg svelgde. Eg kjende bein skrape mot kvarandre i
handleddet mitt. Eg måtte bite meg i leppa for å halde meg
frå å skrike.
Ho heldt fram med å taste i veg med den andre handa.
«Var det dette du trudde du skulle kome unna med?» Ho viste
meg biletet av oss, Darryl, og Jolu, Van og eg. «Dette biletet?»
Eg sa ikkje noko. Handleddet mitt kjendest som om det
skulle knusast.
«Kanskje eg berre skulle slette det, fjerne freistinga.» Ho gjorde nokre fleire rørsler med den ledige handa.
Telefonen hennar spurde om ho var sikker, og ho måtte sjå
på skjermen for å finne rett knapp.
Det var då eg slo til. Eg hadde framleis Charles’ telefon i den andre handa, og eg brukte denne til å slå så hardt
eg kunne over grepet hennar, knokane mine slo mot bordet
308
over oss. Eg slo handa hennar så hardt at ho klynka og handa blei slapp. I det same greip eg etter den andre handa hennar, etter telefonen hennar som no var ulåst, framleis med
tommelen over ok-knappen. Fingrane hennar greip i lause
lufta då eg snappa til meg telefonen.
Eg kraup på hender og føter nedover den smale passasjen, på veg mot lyset. Eg kjende handa hennar gripe etter
føtene mine to gonger, og eg måtte skuve til sides nokre av
kassene som stengde oss inne som ein Farao i gravkammeret sitt. Nokre av dei datt ned bak meg, og eg høyrde Masha
grynte bak meg.
Bakdøra var så vidt open, og eg stupte mot den opne
sprekken, sklei ut. Trinna hadde blitt tekne opp, og eg fann
meg sjølv hengande over vegbanen, slo hovudet mot asfalten med ein støyt som ringde i øyrene som ein gongong.
Eg klamra meg til støytfangaren og drog desperat ned dørhandtaket, slo døra igjen. Masha skreik der inne – eg måtte ha teke fingertuppane hennar. Det kjendest som om eg
skulle til å kaste opp, men det gjorde eg ikkje.
Eg låste døra i staden.
Ingen av dei tre f yr ane var å sjå, så eg la på sprang.
Hovudet mitt gjorde så vondt at eg trudde eg blødde, men
hendene mine forblei tørre då eg kjende etter. Den forstua
ankelen min hadde sovna, så eg sprang som ei øydelagd
dokke­teaterdokke. Eg stoppa berre ein gong, for å kansellere
slettinga av biletet på Mashas telefon. Eg slo av radioen på
telefonen – både for å spare batteri og for å hindre at han blei
brukt for å spore meg – og sette dvaleinnstillinga til to timar,
det lengste som gjekk an. Eg prøvde å stille han inn til ikkje
å krevje passord etter dvale, men den funksjonen kravde i
seg sjølv passord. Eg måtte rett og slett trykke på ein tast ein
gong annankvar time inntil eg kunne finne ein måte å overføre biletet frå telefonen på. Eg ville trenge ein mobilladar.
Eg hadde ikkje nokon plan. Eg trong ein. Eg hadde bruk
for å setje meg ned, kome meg på nettet – for å finne ut kva
eg skulle gjere. Eg var lei av at andre la planar for meg. Eg
ville ikkje handle på grunn av kva Masha gjorde, eller kva
DHS eller pappa gjorde. Eller Ange? Kanskje eg ville handle
på grunn av Ange. Det ville passe meg ganske bra, faktisk.
Eg hadde gått nedover bakken, gjennom bakgater når
eg kunne, prøvde å gli inn blant folka i Tenderloin. Eg visste ikkje kvar eg skulle. Innimellom putta eg handa i lomma
og rørte ved ein av tastane på Mashas telefon, for å hindre
310
at han gjekk i dvale. Jakka mi bula ut av telefonen som låg
open i lomma.
Eg stoppa og lente meg mot ein vegg. Ankelen min
heldt på å ta livet av meg. Og kvar var eg eigentleg?
O’Farrell, i Hyde Street. Framfor eit tvilsamt «Asiatisk
Massasjeinstitutt». Dei forræderske føtene mine hadde
teke meg rett tilbake der eg kom frå – der biletet på Mashas
telefon blei teke, få sekund før Bay Bridge bles i lufta, før
livet mitt blei endra for alltid.
Eg hadde mest lyst til å setje meg ned på fortauet og
hyle, men det ville ikkje løyse problema. Eg måtte ringe
Barbara Stratford, fortelje henne kva som hadde skjedd.
Vise henne biletet av Darryl.
Kva var det eg tenkte på? Eg måtte vise henne videoen, den Masha hadde sendt meg – den der presidenten sin
stabssjef hoverte over åtaka på San Francisco, innrømte at
han visste når dei neste åtaka ville skje, og at han ikkje ville
stoppe dei fordi det ville hjelpe dei å bli gjenvalde.
Det var ein plan, altså: Ta kontakt med Barbara, gi henne dokumenta, få dei trykte. VampyrInvasjonen måtte ha
sett folk skikkeleg ut, fått dei til å tenkje at vi verkeleg var
ein gjeng terroristar. Sjølvsagt, då eg planla det heile, hadde
eg tenkt på kor bra det ville vere, ikkje kor bra det ville sjå ut
for ein eller annan NASCAR-far i Nebraska.
Eg skulle ringe Barbara, og eg skulle gjere det på den
smarte måten, frå ein telefonautomat, med hetta på hovudet så det uunngåelege overvakingskameraet ikkje skulle få
teke bilete av meg. Eg fann ein kvartdollar i lomma og polerte han på skjorta, fekk av fingeravtrykka.
Eg gjekk vidare nedover, ned til t-banestasjonen og
telefonautomatane der. Eg kom til trikkestoppet då eg såg
framsida av denne vekas utgåve av Bay Guardian, lagt i ein
bunke ved sida av ein heimlaus, svart fyr som smilte til meg.
311
«Berre les framsida, det er gratis – men å lese inni kostar
femti cent.»
Overskrifta var sett i den største skrifta eg hadde sett
sidan 11. september 2001:
I VESLE GITMO
Under, i litt mindre typar:
«Korleis DHS har halde barna og vennene våre fanga i
hemmelege fengsel rett utanfor stovedøra vår.
Av Barbara Stratford, Eksklusivt for Bay Guardian.»
Avisseljaren rista på hovudet. «Kva trur du om det?» sa
han. «Rett her i San Francisco. Denne regjeringa syg, mann.»
Teoretisk sett var Bay Guardian gratis, men denne fyren verka som han hadde raska til seg alle eksemplara på
den lokale marknaden. Eg hadde ein kvartdollar i handa. Eg
sleppte han ned i koppen og fiska etter ein til. Eg brydde
meg ikkje med å polere vekk fingeravtrykka denne gongen.
«Vi blei fortalde at verda endra seg for alltid då Bay
Bridge blei spengd av ukjende gjerningsmenn. Tusenvis av
vennene og naboane våre døydde den dagen. Nesten ingen
av dei har blitt funne; vi går ut frå at restane deira kviler på
havbotnen rett utanfor byen.
Men ei merkverdig historie fortald til denne journalisten av ein ung mann som blei arrestert av DHS berre minutt
etter eksplosjonen, tyder på at regjeringa har halde mange
av dei som var rekna som døde, fanga på Treasure Island,
som hadde blitt evakuert og erklært forbode for sivilistar
kort tid etter bombinga …»
Eg sette meg på benken – den same benken, kom eg på,
med ei kjensle av at håra i nakken reiste seg, der vi hadde
sett Darryl ned etter at vi hadde kome oss ut frå t-banestasjonen – og las gjennom heile artikkelen. Eg måtte kjempe
med meg sjølv for ikkje å byrje å gråte der og då. Barbara
hadde funne nokre bilete av meg og Darryl som tøysa rundt,
312
og dei følgde teksten. Bileta var kanskje eit år gamle, men eg
såg så mykje yngre ut på dei, som om eg var ti eller elleve. Eg
hadde blitt mykje vaksnare dei siste par månadene.
Artikkelen var nydeleg skriven. Eg kjende meg stadig
sint på vegner av dei stakkars ungdommane ho skreiv om,
før eg igjen kom på at det var meg ho skreiv om. Lappen frå
Zeb var der, med den kludrete handskrifta hans reprodusert stort, over ei halvside i avisa. Barbara hadde grave fram
meir info om andre ungdommar som var sakna og rekna
som døde, ei lang liste, og spurde kor mange som var haldne fanga på øya, berre få mil frå stovedøra til foreldra.
Eg fann fram endå ein kvartdollar frå lomma, før eg
ombestemte meg. Kva var sjansen for at Barbaras telefon
ikkje var avlytta? Aldri i verda om eg kunne ringe henne no,
ikkje direkte. Eg trong ein mellommann til å kontakte henne og få henne til å møte meg ein stad på sørsida. Så mykje
hadde eg att for å legge planar.
Det eg verkeleg, verkeleg trong, var Xnet.
Korleis i helvete skulle eg kome meg på nettet? Wi­
finderen på telefonen min blinka frenetisk, men eg hadde
ikkje nokon Xbox eller tv eller ein cd med ParanoidXbox å
starte frå. Trådlaust, trådlaust overalt …
Det var då eg såg dei. To fyrar, omtrent på min eigen
alder, dei gjekk rundt blant menneska ved nedgangen til
t-banestasjonen.
Eg la merke til dei på grunn av måten dei gjekk på, liksom klønete, dulta borti dei som var på veg til jobben og turistane. Begge hadde hendene i lommene, og kvar gong dei
såg på kvarandre, fniste dei. Dei kunne ikkje ha vore meir
tydelege jammarar, men menneska rundt la ikkje merke til
dei. I det nabolaget prøver du å unngå heimlause og galningar, så du unngår augekontakt, prøver å ikkje sjå deg rundt i
det heile teke, om du kan la vere.
313
Eg smaug meg fram til ein av dei. Han såg veldig ung ut,
men han kunne ikkje ha vore yngre enn eg.
«Hei,» sa eg. «Kan de to kome hit ein augeblink?»
Han lest som han ikkje høyrde meg. Han såg rett gjennom meg, slik du ville sjå gjennom ein uteliggar.
«Kom an,» sa eg. «Eg har dårleg tid.» Eg greip han i
skuldra og kveste inn i øyret hans. «Politiet er etter meg. Eg
er frå Xnet.»
Han såg redd ut no, som om han hadde lyst til å springe,
og vennen hans nærma seg oss. «Eg meiner alvor,» sa eg.
«Berre høyr på det eg har å seie.»
Vennen hans kom bort. Han var høgare, og fyldig –
som Darryl. «Hei,» sa han. «Noko gale?»
Vennen hans kviskra i øyret hans. Dei såg ut som om
dei var på nippet til å stikke.
Eg tok fram eksemplaret mitt av Bay Guardian frå under armen min og rista det framfor dei. «Bla opp på side
fem, ok?»
Det gjorde dei. Dei såg på overskrifta. Biletet. Eg.
«Å, mann,» sa den første. «Vi er lite ikkje uverdige då.»
Han gliste mot meg som ein galen, og den fyldige fyren
klappa meg på ryggen.
«I holaste –» sa han. «Du er M –»
Eg la handa over munnen hans. «Kom bort hit, ok?»
Eg tok dei tilbake til benken min. Eg la merke til at det
var noko gammalt og brunt som farga fortauet under benken. Darryls blod? Det fekk skinnet mitt til å krympe seg. Vi
sette oss ned.
«Marcus heiter eg,» sa eg og svelgde hardt i det eg sa
det verkelege namnet mitt til desse to som allereie kjende
meg som M1k3y. Eg avslørte meg, men Bay Guardian hadde allereie gjort den koplinga.
«Nate,» sa den minste av dei. «Liam,» sa den største.
314
«Mann, det er ei så stor ære å møte deg. Du er verkeleg fakta
den store helten vår –»
«Ikkje sei det,» sa eg. «Ikkje sei det. De to er som eit
blinkande reklameskilt som seier ‘eg jammar, ver vennleg
og arrester oss og send oss til Vesle Gitmo’. Det kunne ikkje
ha vore meir openlyst.»
Liam såg ut som om han skulle til å gråte.
«Ta det roleg, de blei ikkje tekne. Eg skal gi dykk nokre
tips seinare.» Han lyste opp igjen. Det som etter kvart blei
underleg klart, var at desse to verkeleg idoliserte M1k3y, og
at dei ville gjere alt eg sa. Dei gliste som idiotar. Det gjorde
meg ukomfortabel, kvalm.
«Høyr her, eg må kome meg på Xnet, no, utan å dra
heim eller nokon stad i nærleiken av heime. Bur de her
omkring?»
«Ja, eg gjer det,» sa Nate. «Oppe på toppen av California
Street. Eit stykke å gå – oppover bakkane.» Eg hadde akkurat gått nedover. Masha var der oppe ein stad. Men likevel.
Det var betre enn eg hadde nokon rett til å håpe på.
«La oss gå,» sa eg.
N ate l ånte me g ba seballua si og bytte jakke
med meg. Eg trong ikkje å uroe meg for ganglagsgjenkjenning, ikkje når ankelen min stakk som han gjorde – eg halta
som ein statist i ein westernfilm.
Nate budde i ei stor fireroms leilegheit på toppen av
Nob Hill. Bygarden hadde dørvakt i raud frakk med gullbrokade, og han helste til lua og kalla Nate «herr Nate» og
ønskte oss alle velkomne der. Staden var prikkfri og lukta
møbelpoleringsmiddel. Eg prøvde å la vere å måpe for mykje over det som måtte vere ein kåk til fleire millionar.
«Pappa,» forklarte han, «var aksjemeklar. Hadde ei diger livsforsikring. Han døydde då eg var 14, og vi fekk alt
315
saman. Foreldra mine hadde vore skilde i mange år, men
han testamenterte alt til mamma.»
Frå det heildekkande vindauget hadde du ei fantastisk
utsikt til den andre sida av Nob Hill, heilt ned til Fisherman’s
Wharf, til den stygge stumpen av det som hadde vore Bay
Bridge, kaoset av kraner og lastebilar. Gjennom disen kunne eg så vidt skimte Treasure Island. Endå så langt vekke det
var, fekk eg ei vill lyst til å hoppe.
Eg kom meg på nettet med Xboxen til Nate og ein diger
plasmaskjerm i stova. Han viste meg kor mange opne trådlause nett ein kunne nå her oppe frå, tjue, tretti. Dette var
ein god stad å vere Xnetar på.
Det var ein masse epost på M1k3y-kontoen, 20 000
meldingar sidan Ange og eg hadde lagt i veg i dag tidleg. Mange var frå pressa, som spurde om intervju, men
det meste var frå Xnetarar, folk som hadde sett artikkelen
i Guardian, og som skreiv at dei ville gjere alt for å hjelpe
meg, alt eg trong.
Det var utslaget. Det byrja å renne tårer nedover kinna
mine.
Nate og Liam såg på kvarandre. Eg prøvde å stoppe,
men det hjelpte ikkje, eg gret no. Nate gjekk bort til ei gammal bokhylle i eik på ein av veggane og drog ut ein bar frå
ei av hyllene, med rader av flasker. Han skjenkte eit glas av
noko brunt og blankt som han gav til meg.
«Ein sjeldan irsk whisky,» sa han. «Mammas favoritt.»
Det smakte eld og gull. Eg nippa til det, prøvde å ikkje
setje det i halsen. Eg likte eigentleg ikkje sterk sprit, men
dette var annleis. Eg pusta djupt, fleire gonger.
«Takk, Nate,» sa eg. Han såg ut som om eg akkurat
hadde hengt ein medalje på skjortebrystet hans. Han var
ein bra fyr.
«Ålreit,» sa eg, og tok fram tastaturet. Dei to gutane
316
såg fascinerte på medan eg bladde gjennom eposten min på
den gigantiske skjermen.
Først og fremst såg eg etter epost frå Ange. Kanskje
hadde ho klart å kome seg unna. Kanskje.
Eg var ein idiot som torde å håpe på det. Det var ingenting frå henne. Eg byrja å gå gjennom eposten så fort eg kunne, plukka ut presseførespurnadene, fanposten, hat­posten,
spamen …
Og det var då eg fann det: ei melding frå Zeb.
> Det var ikkje kjekt å vakne i dag tidleg og lese brevet eg
trudde du ville øydelegge, i avisa. Ikkje kjekt i det heile teke. Det
fekk meg til å kjenne meg – jakta på.
> Men eg har byrja å forstå kvifor du gjorde det. Eg veit ikkje
om eg kan gå god for taktikken din, men motiva dine er lette å
forstå.
> Om du les dette, er det sannsynleg at du har gått under
jorda. Det er ikkje lett. Det har eg lært. Eg har lært mykje meir.
> Eg kan hjelpe deg. Det burde eg. Du gjer alt du kan for meg.
(Sjølv om du gjer det utan å spørje.)
> Svar om du får dette, om du er på rømmen og åleine. Eller
svar om du er teken til fange, blir plaga av Gitmo-vennene våre,
om du er ute etter ein måte å få smerta til å forsvinne på. Om dei
har deg, så gjer som dei seier. Det er best. Eg tek den sjansen.
> For deg, M1k3y.»
«Vaaooh,» sa Liam. «Gå ta banen.» Eg hadde lyst til å
slå til han. Eg snudde meg for å seie noko stygt og få han til å
teie still, men han stira på meg med tinntallerkenauge, klar
til å falle på kne og tilbe meg.
«Kan eg berre få lov til å seie,» sa Nate, «kan eg berre få
seie at å hjelpe deg er den største æra eg har hatt i livet? Kan
eg berre få seie det?»
Eg raudna no. Det skulle ikkje meir til.
«Kan eg –» eg svelgde. «Kan eg få litt privatliv her?»
317
Dei gjekk slukøyra ut av rommet som to skamfulle
småkvalpar, og eg kjende meg som ein dust. Eg tasta fort.
«Eg kom meg unna, Zeb. Og eg er på rømmen. Eg treng
all hjelpa eg kan få. Eg har lyst til å gjere slutt på dette no.»
Eg hugsa å ta Mashas mobil ut av lomma og trykke på ein
tast for å halde han frå å gå i dvale.
Dei lét meg låne dusjen, gav meg eit klesskifte, ein ny
ryggsekk med halve utstyret dei hadde liggande i tilfelle
jordskjelv – energiplater, medisin, varme- og fryseposar
og ein gammal sovepose. Dei la til og med inn ein reserveXbox Universal med ParanoidXbox installert. Ein fin gest.
Eg måtte setje grensa ved ein signalpistol.
Eg sjekka eposten fleire gonger for å sjå om Zeb hadde
svart. Eg svarte på fanposten. Eg svarte på eposten frå pressa. Eg sletta hatposten. Eg venta halvt å få noko frå Masha,
men mest truleg var ho halvvegs til LA no, med skadde fing­
rar, ute av stand til å skrive noko som helst. Eg trykte på
telefonen hennar igjen.
Dei oppmoda meg om å ta ein blund, og i ein kort,
skamfull augeblink blei eg totalt paranoid, som om desse
fyrane ville angi meg med ein gong eg sovna. Noko som var
idiotisk. Dei kunne angi meg like lett medan eg var vaken.
Eg kunne berre ikkje takle at dei hadde så høge tankar om
meg. Eg hadde visst, intellektuelt sett, at det fanst folk som
ville følgje M1k3y, eg hadde møtt nokre av dei denne morgonen, dei ropte BIT BIT BIT og fekk ut sin indre vampyr
ved Civic Center. Men desse to var komne nær meg. Dei var
berre vanlege, greie, sprø fyrar, dei kunne ha vore kven som
helst av vennene mine i tida før Xnet, to tenåringskameratar som sprang rundt i tenåringseventyret. Dei hadde meldt
seg frivillig til ein hær, min hær. Eg hadde eit ansvar for dei.
Overlatne til seg sjølve ville dei bli ferska, det var berre eit
spørsmål om tid. Dei var for tillitsfulle.
318
«Hei, høyr her lite grann. Eg har noko alvorleg eg må
snakke om.»
Dei stod nesten i givakt. Det hadde vore morosamt om
det ikkje var så skremmande.
«Her er greia. No då de har hjelpt meg, har alt blitt farlegare. Om de blir tekne, blir eg teken. Dei får alt de veit
ut av dykk –» Eg heldt hendene opp for å stoppe protestane deira. «Nei, stopp. De har ikkje vore gjennom det. Alle
snakkar. Alle bryt saman. Om du blir teken, så fortel du dei
alt, med ein gong, så fort du kan. Dei får alt ut av deg til slutt
uansett. Det er slik dei gjer det.
Men de blir ikkje tekne, fordi: De er ikkje jammarar
meir. De er no ferdige med aktiv teneste. De er ei –» eg
fiska i minnet etter vokabular frå spionthrillerar – «de er
ei sovecelle. Tre av. Gå tilbake til å vere normale gutar. På
ein eller annan måte kjem eg til å knekke denne greia, bryte
henne opp, få slutt på henne. Eller så vil ho ta meg, gjere
ende på meg. Om de ikkje høyrer frå meg innan 72 timar,
gå ut frå at dei tok meg. Gjer kva de vil då. Men dei neste
tre dagane – og for alltid, om eg greier det eg prøver på –
tre av. Lovar de det?»
Dei lova på tru og ære. Eg lét dei overtale meg til å ta
ein lur, men fekk dei til å love å vekke meg ein gong i timen.
Eg måtte trykke på Mashas telefon, og eg ville vite det med
ein gong Zeb tok kontakt.
Møtet var i ei t-bane vo gn, noko som gjorde meg
nervøs. Dei er fulle av kamera. Men Zeb visste kva han gjorde. Han ville møtast i den siste vogna av eit visst tog frå stasjonen i Powel Street, på eit tidspunkt då den vogna var full
av pressande kroppar. Han sneik seg inntil meg i mengda,
og dei reisande i San Francisco rydda plass til han, det holrommet som alltid omgir dei heimlause.
319
«Fint å sjå deg igjen,» mumla han, med ansiktet vendt
mot utgangen. I spegelbiletet i det mørke glaset kunne eg
sjå at ingen var nær nok til å tjuvlytte, ikkje eingong med
nokon slags høgeffektiv mikrofon, og dersom dei visste nok
til å kome etter oss med ein, var vi fortapte uansett.
«Du òg, bror,» sa eg. «Eg – eg er lei for det, forstår du?»
«Hald opp. Ikkje ver lei for det. Du var modigare enn
eg. Er du klar til å gå under jorda no? Klar til å forsvinne?»
«Ja, det, ja.»
«Ja?»
«Det er ikkje det som er planen.»
«Åh,» sa han.
«Høyr her, ok? Eg har – eg har bilete, video. Bevis.» Eg
tok handa i lomma og rørte ved Mashas telefon. Eg hadde
kjøpt ein ladar på Union Square på veg hit, og hadde stoppa på ein kafé for å lade lenge nok til å få batteriet opp til
fire–fem strekar. «Eg må få desse tinga til Barbara Stratford
i Guardian. Men dei overvaker henne heilt sikkert – for å
sjå om eg dukkar opp.»
«Du trur ikkje dei held utkikk etter meg òg? Om du
planlegg at eg skal gå nokon stad i nærleiken av der denne
dama bur eller jobbar –»
«Eg vil at du skal få Van til å kome og møte meg.
Fortalde Darryl deg nokon gong om Van? Jenta som –»
«Han fortalde meg om henne, ja. Trur du ikkje dei
følgjer henne? Trur du ikkje dei følgjer alle som blei
arresterte?»
«Det trur eg. Men eg trur ikkje ho er så hardt overvakt.
Og Van er heilt rein. Ho var aldri med på –» eg svelgde.
«Prosjekta mine. Så dei slappar kanskje litt meir av med
henne. Om ho ringer Bay Guardian og lagar ein avtale for å
forklare at eg berre er full av løgn, så får ho kanskje lov til å
halde den avtalen.»
320
Han stira på døra ei lang stund.
«Du veit kva som skjer når dei tek oss ein gong til.» Det
var ikkje eit spørsmål.
Eg nikka.
«Er du sikker? Nokre av dei som var på Treasure Island
med oss blei tekne med i helikopter. Dei blei tekne ut av landet. USA outsourcar tortur til andre land, veit du det, mann?
Land der du kan ligge og rotne for alltid. Land der du berre
skulle ønskje dei ville gjere slutt på det snart, få deg til å grave ei grøft og skyte deg i hovudet der du står ved kanten.»
Eg svelgde og nikka.
«Er det verdt risikoen? Vi kan gå under jorda i lang,
lang tid her. Ein gong får vi kanskje landet vårt tilbake. Vi
kan vente og halde ut.»
Eg rista på hovudet. «Du kjem ingen veg med å gjere ingenting. Det er landet vårt. Dei har teke det frå oss.
Terroristane som går til åtak på oss, er frie enno – men det
er ikkje vi. Eg kan ikkje gå under jorda i eitt år, ti år, heile livet, medan eg ventar på at nokon skal gi meg fridom.
Fridom er noko du må ta.»
D e n k velden f orlét Van skulen som vanleg, bakarst i bussen med ei sky av venner rundt seg, lo og spøkte
som vanleg. Dei andre på bussen la spesielt merke til henne,
ho laga så mykje lyd, og dessutan hadde ho på seg den dustete, digre hatten, noko som såg ut som ein del av kostymet
i eit teaterstykke om sverdfektarar i renessansen. På eit tidspunkt klynga dei seg saman, så snudde dei seg for å sjå ut
bakvindauget på bussen, peikte og lo. Jenta som hadde på
seg hatten no, var like høg som Van, og bakanfrå såg ho akkurat ut som henne.
Ingen la merke til den vesle asiatiske jenta som gjekk
av bussen nokre stopp før t-banestasjonen. Ho hadde på
321
seg ei vanleg skuleuniform og såg sjenert ned i bakken då
ho steig av. Dessutan, akkurat i den same augeblinken, sette
den støyande koreanske jenta i eit hyl, og vennene hennar
stemde i, dei lo så høgt at bussjåføren slakka ned, snudde
seg i setet og gav dei eit strengt blikk.
Van skunda seg ned gata med hovudet bøygd, håret
stukke ned i kragen på den veldig lite moteriktige boblejakka. Ho hadde lagt solar i skorne som gjorde henne fem ustø
centimeter høgare, teke ut kontaktlinsene og teke på seg eit
par briller ho hata, med digre glas som dekte halve ansiktet.
Sjølv om eg venta på henne ved busstoppet og visste når ho
skulle kome, kjende eg henne knapt igjen. Eg reiste meg og
gjekk bak henne, over gata, eit halvt kvartal bak.
Dei eg gjekk forbi, såg vekk så fort som mogleg. Eg såg
ut som ein heimlaus unge, med eit møkkete pappskilt i handa, skiten frakk, diger holete, overteipa ryggsekk. Ein heimlaus gategut er det ingen som ser på, for om du møter blikket hans, vil han berre tigge. Eg hadde gått rundt i Oakland
heile ettermiddagen, og dei einaste personane som hadde
snakka med meg, var ein frå Jehovas vitne og ein scientolog,
og begge prøvde å omvende meg. Det kjendest ekkelt, som
å bli sjekka opp av ein pervo.
Van følgde instruksjonane nøye. Zeb hadde overlevert
dei på same måten han hadde gitt meg brevet sitt – ved å kollidere inn i henne då ho venta på bussen. Eg hadde skrive brevet kort og enkelt: Eg veit at du ikkje samtykker i det eg gjer.
Eg forstår. Men no gjeld det. Dette er den viktigaste tenesta
eg nokon gong har spurt deg om. Ver så snill. Ver så snill.
Ho kom. Eg visste at ho ville kome. Vi hadde kjent
kvarandre lenge, Van og eg. Ho likte ikkje det som hadde
skjedd, ho heller. Som ei vondskapsfull, småleande stemme
i hovudet mitt påpeikte, ho var dessutan under mistanke no
då artikkelen til Barbara var trykt.
322
Vi gjekk slik seks–sju kvartal, heldt nøye oppsyn med
kven som var nær oss, kva bilar som køyrde forbi. Zeb hadde fortalt meg om fempersonsforfølgingar, der fem ulike
agentar skifta på å forfølgje deg og gjorde det nesten umogleg å oppdage dei. Du måtte gå til ein skikkeleg snaublåst
stad, der kven som helst ville verke mistenkjeleg.
Overgangen til 880-motorvegen var berre nokre få
kvartal frå Coliseum-stasjonen, og uansett kor mange omvegar Van gjekk, tok det ikkje lang tid å kome fram. Støyen
over hovuda våre var døyvande. Ingen mistenkjelege folk i
nærleiken. Eg hadde rekognosert på førehand og sett etter
stader der nokon kunne gøyme seg. Det var ingen.
Ho stoppa der ho hadde fått beskjed om, og eg gjekk
kjapt fram til henne. Ho blinka ugleaktig til meg bak dei
store brilleglasa.
«Marcus,» kviskra ho, ho fekk tårer i augene. Eg merka
at eg òg gret. Eg gjorde ein dårleg figur som rømling. Altfor
sentimental.
Ho klemde meg så hardt at eg mista pusten. Eg klemde
tilbake endå hardare.
Så kyssa ho meg.
Ikkje på kinnet, ikkje som ei søster. Rett på leppene, eit
heitt, vått, varmt kyss som verka som det varte uendeleg. Eg
var så overvelda av kjensler at –
Nei, det er pissprat. Eg visste kva eg gjorde. Eg gjengjelde kysset.
Så stoppa eg og drog henne unna, nesten skubba henne.
«Van,» gispa eg.
«Oops,» sa ho.
«Van,» sa eg igjen.
«Unnskyld,» sa ho, «eg –»
Plutseleg skjønte eg noko, noko eg burde ha skjønt for
lenge, lenge sidan.
323
«Du liker meg, gjer du ikkje?»
Ho nikka fortvila. «I årevis,» sa ho.
Å, herregud. Darryl, så forelska han var i henne, i alle
desse åra, og heile tida var det meg ho såg på, tenkte på. Og
så enda eg opp med Ange. Ange sa at ho alltid hadde krangla
med Van. Og eg sprang rundt og rota meg inn i så mykje rart.
«Van,» sa eg. «Van, eg er så lei for det.»
«Gløym det,» sa ho og såg vekk. «Eg veit at det ikkje
kan bli slik. Eg ville berre gjere det ein gong, i tilfelle eg aldri
–» ho beit seg av.
«Van, du må gjere noko for meg. Noko viktig. Du må
møte journalisten frå Bay Guardian, Barbara Strat­ford, ho
som skreiv den artikkelen. Du må gi henne noko.» Eg forklarte alt om Mashas mobil, og om videoen som Masha hadde sendt meg.
«Kva skal dette vere godt for, Marcus? Kva er poenget?»
«Du har rett, Van, iallfall delvis. Vi kan ikkje få verda på
rett kjøl ved å utsetje andre for risiko. Eg må løyse problemet ved å fortelje det eg veit. Det var det eg skulle ha gjort
frå byrjinga av. Skulle ha gått rett ut frå fengselet og fortalt
faren til Darryl alt eg visste. Men no har eg bevis. Desse tinga – det kan forandre alt. Det er det siste håpet eg har. Det
einaste håpet om å få Darryl ut, om å ha eit liv som ikkje er
under jorda, på rømmen frå politiet. Og du er den einaste
som kan gjere dette for meg.»
«Kvifor eg?»
«Du køddar, sant? Sjå på kor bra du handterte dette. Du
er proff. Du er den beste av oss til slikt. Du er den einaste eg
kan stole på. Difor.»
«Kvifor ikkje Angie?» Ho sa namnet utan noko tonefall
som helst, som om det var ei sementblokk.
Eg såg ned. «Eg trudde du visste det. Dei arresterte
henne. Ho er i Vesle Gitmo – på Treasure Island. Ho har
324
vore der i fleire dagar.» Eg hadde prøvd å la vere å tenkje på
dette, på kva som kanskje hende med henne no. No klarte
eg ikkje å halde meg og byrja å gråte. Eg kjende ei smerte
i magen, som om nokon hadde sparka meg, og eg pressa
hendene inn i midja for å halde alt inne. Eg bøygde meg
framover, og før eg visste ordet av det, låg eg på sida i grusen under motorvegen og gret.
Van sette seg på kne ved sida av meg. «Gi meg den telefonen,» sa ho med sint, kvesande stemme. Eg tok han ut av
lomma og gav han til henne.
Litt flau slutta eg å gråte og sette meg opp. Eg visste at
det rann snørr nedetter ansiktet mitt. Van såg fråstøytt på
meg. «Du må passe på at han ikkje går i dvale,» sa eg. «Eg
har ein ladar her.» Eg rota gjennom ryggsekken. Eg hadde
ikkje sove ei heil natt sidan eg fekk tak i den telefonen. Eg
sette telefonalarmen til å gå av kvart nittiande minutt så eg
skulle vakne. «Ikkje fold han saman heller.»
«Og videoen?»
«Det er verre,» sa eg. «Eg sende ein kopi til meg sjølv
på epost, men eg kan ikkje gå på Xnet lenger.» I nødsfall
kunne eg ha gått tilbake til Nate og Liam for å bruke Xboxen
deira, men eg ville ikkje ta den risikoen. «Eg skal gi deg brukarnamnet og passordet til Piratpartiet sin epostserver. Du
må bruke Tor for å få tilgang – Homeland Security skannar
heilt sikkert etter folk som loggar på P-partiet sin epost.»
«Brukarnamnet og passordet ditt,» sa ho og såg litt
overraska ut.
«Eg stolar på deg, Van. Eg kjenner meg sikker på at eg
kan stole på deg.»
Ho rista på hovudet. «Du gir aldri frå deg passorda,
Marcus.»
«Eg trur ikkje det har noko å seie lenger. Enten så klarer du dette, eller så – så er det enden på Marcus Yallow.
325
Kanskje eg kan få meg ein ny identitet, men eg trur ikkje det.
Eg trur dei kjem til å finne meg. Eg trur eg har visst det heile
tida, at dei kjem til å ta meg ein gong.»
Ho såg på rasande meg. «Så bortkasta. Kvifor gjorde du
alt saman, eigentleg?»
Av alle dei tinga ho kunne ha sagt, kunne ingenting ha
såra meg meir enn det. Det var som endå eit spark i magen.
Bortkasta, alt saman, meiningslaust. Darryl og Ange, forsvunne. Kanskje ville eg aldri få sjå familien min igjen. Og
likevel, Homeland Security heldt landet mitt fanga i ein gigantisk, irrasjonell gisselaksjon, der alt var lov for å stoppe
terrorisme.
Van såg på meg som om ho venta at eg skulle seie noko,
men eg hadde ingenting å seie til det. Så gjekk ho.
Z eb hadde piz z a til meg då eg kom «heim» – til teltet under ein vegovergang han hadde sett seg ut i Missionområdet. Han hadde sett opp eit lite militærtelt, med SAN
FRANCISCO KOORDINERINGSSENTER FOR HEIMLAUSE
skrive på i store bokstavar.
Pizzaen var frå Domino’s, kald og blaut, men god likevel. «Liker du ananas på?»
Zeb smilte nedlatande til meg. «Gratisianarar kan ikkje
vere kresne.»
«Gratisianarar?»
«Som vegetarianarar, men vi et berre gratis mat.»
«Gratis mat?»
Han smilte igjen. «Du veit – gratis mat. Frå gratis­butikken.»
«Har du stole dette?»
«Nei, din dust. Dette er frå den andre butikken. Det
vesle utsalet på baksida? Det blå, av stål? Det med litt sterkare lukt?»
326
«Du fann dette i søpla?»
Han slengde hovudet bakover og lo høgt. «Jepp, jaja­
mensann. Du skulle sett fjeset ditt no. Det er ok, mann.
Det er ikkje rote. Det var ferskt, berre ein feilordre. Dei
heiv det med kartongen på. Dei spreier rottegift over
s­øpla når dei stenger, men om du er rask, så går det fint.
Du skulle sett alt som daglegvarebutikkane kastar! Vent
til frukost. Eg skal lage ein utruleg fruktsalat til deg. Så
snart eitt jordbær får lite grann grøn pels, så hiv dei heile
kartongen –»
Øyrene mine skifta kanal. Pizzaen var grei. Det var
ikkje slik at han blei infisert eller noko fordi han låg i søp­
la. Om han var ekkel, så var det berre fordi han kom frå
Domino’s – den verste pizzaen i byen. Eg hadde aldri likt
maten der, og eg hadde slutta å handle der då kjeda hadde
finansiert ein gjeng ultraidiotiske politikarar som trudde at
global oppvarming og evolusjonsteori var djevelens verk.
Det var vanskeleg å riste av seg den litt ekle kjensla.
Men det fanst ein annan måte å sjå det på. Zeb hadde
vist meg noko hemmeleg, noko eg ikkje hadde venta: Det
fanst ei heil skjult verd der ute, ein måte å klare seg på, utan
å vere ein del av systemet.
«Gratisianarar, sa du?»
«Jogurt også,» sa han og nikka ivrig. «Til fruktsalaten.
Dei kastar han dagen etter best-før-datoen, men han myg­
lar jo ikkje over natta. Det er jo jogurt, det er jo sur mjølk i
utgangspunktet.»
Eg svelgde. Pizzaen smakte rart. Rottegift. Forderva jogurt. Jordbær med pels. Eg merka at dette ville krevje litt
tilvenning.
Eg tok ein bit til. Faktisk smakte Domono’s-pizzaen
mykje betre når du fekk han gratis.
Soveposen eg hadde fått av Liam, var varm og god etter
327
ein lang og emosjonelt utmattande dag. Van hadde sikkert
fått kontakt med Barbara no. Barbara hadde fått videoen og
biletet. Eg skulle ringe henne i morgon og finne ut kva ho
syntest eg skulle gjere. Eg måtte nok kome inn så snart ho
publiserte det, for å backe opp historia.
Eg tenkte på det medan eg lukka augene, tenkte på korleis det ville vere å melde meg sjølv, korleis alle kamera ville
følgje den berykta M1k3y på veg inn i ein av dei høge bygningane ved Civic Center.
Lyden av bilane som suste forbi over oss, blei til ein
slags sjølyd i det eg døste vekk. Det var andre telt i nærleiken, heimlause folk. Eg hadde møtt nokre av dei den ettermiddagen, før det blei mørkt og alle trekte seg tilbake og
kraup saman utanfor telta sine. Alle var eldre enn meg og
såg slitne ut. Men ingen såg galne eller valdelege ut. Dei såg
ut som folk som hadde vore uheldige, eller teke uheldige
avgjerder, eller begge delar.
Eg må ha sovna, for eg hugsar ingenting før eit sterkt
lys skein meg i ansiktet og blenda meg.
«Det er han,» sa ei stemme bak lyset.
«Set hette på han,» sa ei anna stemme, ei eg hadde
høyrt før, ei eg hadde høyrt igjen og igjen i draumane mine,
som prata i veg, som kravde at eg skulle gi frå meg passorda
mine. Streng Frisyre.
Hetta kom raskt over hovudet mitt og blei bunden
så hardt rundt halsen at eg kasta opp gratisianarpizzaen.
Medan eg harka og drog etter pusten, blei handledda
mine bundne hardt saman, og deretter anklane. Eg blei
rulla opp på ei båre og løfta, og så bar dei meg inn i eit
køyretøy, opp nokre metallklingande trinn. Dei sleppte
meg ned på eit polstra golv. Det var ikkje ein lyd å høyre
etter at dei lukka dørene. Polstringa dempa alt, bortsett
frå mi eiga harking.
328
«Vel vel, hallo igjen,» sa ho. Eg kjende bilen røre på seg i
det ho kraup inn til meg. Eg harka framleis, prøvde å få teke ein
djup pust. Munnen var full av spy, og det kom ned i luftrøret.
«Vi kjem ikkje til å la deg døy,» sa ho. «Om du sluttar å
puste, så sørgjer vi for at du byrjar igjen. Så ikkje tenk på det.»
Eg gispa hardare. Eg heiv etter pusten. Litt luft kom
gjennom. Brystkassa og ryggen min rista av djupe, surklande host som flytta på spyet. Meir pust.
«Sjå der, ja,» sa ho. «Ikkje så gale. Velkomen heim,
M1k3y. Vi har lagt opp ei fin reiserute for deg.»
Eg la meg på ryggen, kjende bilen gynge. Lukta av alle­
reie eten pizza var overveldande i byrjinga, men som med
alle sterke stimuli så vande hjernen seg raskt til henne, filt­
rerte henne ut til ho berre var ein fjern aroma. Gynginga til
traileren kjendest nesten trygg.
Det var då det skjedde. Ei utruleg, djup ro la seg over
meg, som om eg låg på ei strand og sjøen skylde inn og løfta
meg, varsamt som ein far eller ei mor, og bar meg med seg
ut på eit varmt hav under ei varm sol. Eg var teken, etter alt
som hadde hendt, men det betydde ingenting. Eg hadde fått
gitt informasjonen til Barbara. Eg hadde organisert Xnet.
Eg hadde vunne. Og om eg ikkje hadde vunne, så hadde eg
iallfall gjort det eg kunne. Meir enn eg nokon gong trudde
eg kunne. Eg tok ei oppteljing, tenkte på alt eg hadde oppnådd, alt vi hadde oppnådd. Byen, landet, verda var full av
folk som ikkje ville leve slik DHS ville vi skulle leve. Vi kom
til å kjempe. Dei kunne ikkje bure inn alle.
Eg sukka og smilte.
Ho hadde snakka heile vegen, forstod eg plutseleg.
Eg hadde vore så langt inne i lykkeland at ho berre hadde
forsvunne.
«– ein smart gut som deg. Skulle tru du visste betre enn
å kødde med oss. Vi har halde auge med deg heilt sidan den
329
dagen du gjekk fri. Vi kunne teke deg sjølv om du ikkje hadde gått og klaga til lesbejournalistforrædaren din. Eg forstår
det berre ikkje – vi hadde ein avtale, du og eg …»
Vi rumla over ei metallplate, traileren rista, og så forandra gynginga seg. Vi var ute på vatnet. På veg til Treasure
Island. Ja ja, Ange var der. Darryl òg. Kanskje.
H et ta blei ik k je tek en av før eg var på cella. Dei
brydde seg ikkje med handjerna og fotjerna, berre rulla meg
av båra og ned på golvet. Det var mørkt, men i månelyset
frå det eine, vesle vindauget høgt oppe på veggen kunne eg
sjå at madrassen var fjerna frå benken. Det som var i rommet, var eg, eit toalett, ein benk og ein vask, elles ingenting.
Eg lukka augene og lét havet løfte meg. Eg flaut av garde. Ein eller annan stad, langt nedanfor meg sjølv, var kroppen min. Eg forstod kva som kom til å skje no. Dei skulle la
meg ligge her og pisse meg ut. Igjen. Eg visste korleis det
kjendest. Eg hadde pissa meg ut før. Det lukta. Det klødde.
Det var audmjukande, som å vere ein liten baby.
Men eg hadde overlevd det.
Eg lo. Lyden var rar og dreiv meg tilbake inn i min eigen kropp. Eg hadde vore gjennom det verste dei kunne dra
meg gjennom, eg hadde overlevd det, og eg hadde vunne
over dei, vunne over dei i månadsvis, vist kva slags korka
despotar dei var. Eg hadde vunne.
Eg lét blæra mi sleppe ut det ho heldt på. Ho var full og
verkande, og utset aldri til i morgon det du kan gjere i dag.
Havet løfta meg av garde.
Om morg onen kom to effektive, upersonlege vakter
og kutta av hand- og fotjerna. Eg kunne likevel ikkje gå – då
eg reiste meg, svikta beina som på ei marionettdokke utan
trådar. For lang tid i same stilling. Vaktene tok armane mine
330
over skuldrene og halvvegs drog, halvvegs bar meg ned korridoren som eg kjende godt igjen. Strekkodane på dørene
hadde krølla seg og heldt på å lausne no, i den salte lufta.
Eg fekk ein idé. «Ange!» ropte eg. «Darryl!» ropte eg.
Vaktene mine auka farten, forvirra, usikre på kva dei skulle
gjere. «Det er eg, Marcus! Hald motet oppe!»
Det var nokon som gret bak ei av dørene. Nokon ropte
ut på noko som høyrdest ut som arabisk. Så blei det til ein
kakofoni, tusen ulike ropande stemmer.
Dei tok meg til eit nytt rom. Det var ein gammal garderobedusj, framleis med dusjhovud som stakk ut av flisene
på veggen.
«Hei, M1k3y,» sa Streng Frisyre. «Det ser ut som du har
hatt ein spennande morgon.» Ho rynka demonstrativt på
nasen.
«Eg pissa meg ut,» sa eg oppstemd. «Du burde prøve
det ein gong.»
«Kanskje vi skulle gi deg eit bad, då,» sa ho. Ho nikka,
og vaktene bar meg til ei båre. Ho hadde stroppar som hang
heile vegen langs sidene. Dei la meg ned, og det var iskaldt
og vått. Før eg visste ordet av det, hadde dei lagt stroppen
over skuldrene, hoftene og anklane mine. Straks etter la dei
på tre stroppar til. Eit par hender tok handtaka ved hovudet
mitt, løyste nokon sperrer og vippa meg ned, med hovudet
lågare enn føtene.
«La oss starte med noko enkelt,» sa ho. Eg strekte halsen for å sjå henne. Ho stod ved eit bord der det stod ein
Xbox, kopla til ein flatskjerm som såg dyr ut. «Kunne du
vere så vennleg å fortelje meg brukarnamnet og passordet
til Piratparti-eposten din?»
Eg lukka augene og lét havet løfte meg ut frå stranda.
«Veit du kva waterboarding er, M1k3y?» Stemma hennar sveiva meg inn. «Du blir bunden fast slik som dette,
331
og vi tømmer vatn over hovudet ditt, opp i nasen og ned i
munnen din. Du kan ikkje undertrykke kvelingsrefleksane.
Ei simulert avretting, kallar dei det, og så vidt eg kan døme
frå denne enden av rommet, så er det ei god beskriving. Du
vil ikkje klare å undertrykke kjensla av at du held på å døy.»
I tankane prøvde eg å forsvinne. Eg hadde høyrt om
waterboarding. No kom det, verkeleg tortur. Og dette var
berre byrjinga.
Eg kunne ikkje forsvinne. Havet kom ikkje og henta
meg. Det tetna i brystet, augeloka mine vibrerte. Eg kunne
kjenne klamt piss rundt beina mine og klam sveitte i håret.
Huda mi klødde av størkna spy.
Ho svevde inn i synsranda over meg. «La oss byrje med
brukarnamnet,» sa ho.
Eg lukka augene, pressa dei igjen.
«Gi han noko å drikke,» sa ho.
Eg høyrde folk røre på seg rundt meg. Eg trekte pusten
og heldt meg.
Vatnet byrja som ei pipling, ei ause med vatn som blei
varsamt tømd over kinna, over leppene. Opp nasegangane.
Det gjekk ned i halsen og byrja å kvele meg, men eg ville
ikkje hoste, ville ikkje gispe og trekke vatnet opp i lungene.
Eg heldt pusten og pressa augeloka saman.
Eg høyrde eit rabalder utanfrå rommet, ein kaotisk lyd
av støvlar som trampa, og sinte, opprørte rop. Ausa med
vatn blei tømd over ansiktet mitt.
Eg høyrde henne mumle noko til nokon i rommet, så sa
ho til meg: «Berre brukarnamnet, Marcus. Det er eit enkelt
spørsmål. Kva kan eg bruke det til, uansett?»
Denne gongen var det ei bøtte med vatn, alt på ein
gong, ein flaum som ikkje ville stoppe, det må ha vore ei
diger bøtte. Eg kunne ikkje hjelpe for det. Eg gispa og drog
vatnet inn i lungene, hosta og drog inn meir vatn. Eg visste
332
at dei ikkje ville drepe meg, men eg klarte ikkje å få kroppen
min til å tru på det. I kvar einaste fiber i kroppen visste eg at
eg skulle døy. Eg kunne ikkje skrike eingong – vatnet fløym­
de framleis over meg.
Så slutta det. Eg hosta og hosta og hosta, men i den vinkelen eg låg i, rann vatnet eg hosta opp tilbake inn i nasen
og brann ned gjennom biholene.
Hosta var så djupe at dei gjorde vondt, gjorde vondt bak
ribbeina og i hoftene då eg vreid meg. Eg hata å kjenne korleis kroppen bedrog meg, korleis hjernen ikkje kunne kontrollere han, men det var ingenting eg kunne gjere med det.
Endeleg gav hostinga seg nok til at eg fekk med meg litt
av det som gjekk føre seg rundt meg. Folk ropte, og det høyrdest ut som om nokon slost. Eg opna augene og blinka mot
det sterke lyset, så strekte eg på hovudet, hosta framleis litt.
Det var mange fleire folk i rommet no enn det var då
dette byrja. Dei fleste hadde på seg pansra uniformer, hjelmar med sota visir. Dei ropte mot vaktene, som ropte tilbake, halsane deira bogna av blodårar.
«Overgi dykk!» sa ein av dei pansra. «Overgi dykk og
hald hendene i vêret. De er arresterte!»
Streng Frisyre snakka i telefonen. Ein av dei pansra såg
henne, gjekk mot henne og slo telefonen ut av hendene hennar med ei hanskekledd hand. Alle blei stille i det telefonen
segla gjennom lufta i ein boge frå eine enden av rommet til
den andre og trefte golvet i ei sky av smådelar.
Stilla blei broten i det dei uniformskledde gjekk inn i
rommet. To av dei greip torturistane mine. Eg klarte nesten
å mønstre eit smil over ansiktsuttrykket til Streng Frisyre
då to menn tok henne ved skuldrene, snudde henne rundt
og batt hendene hennar med plasthandjern.
Ein av dei uniformerte gjekk fram frå døropninga. Han
hadde eit videokamera på skuldra, ein skikkeleg rigg med
333
blendande kvitt lys. Han filma rundt i rommet, gjekk to
gonger rundt meg medan han filma meg. Eg sat heilt stille,
som om eg sat modell for eit maleri.
Det var heilt idiotisk.
«Er det nokon som kan hjelpe meg ut av denne greia?»
klarte eg å få ut, med berre litt harking.
To av dei uniformerte kom bort til meg, ei av dei var ei
kvinne, dei byrja å løyse meg. Dei opna visira og smilte til
meg. Dei hadde raude kors på skuldrene og hjelmane.
Under korsa var eit anna teikn: CHP. California
Highway Patrol. Dei var statspoliti.
Eg byrja å spørje dei ut om kva dei gjorde der, og det
var då eg såg Barbara Stratford. Ho hadde tydelegvis blitt
halden igjen i korridoren, men no skauv ho seg inn. «Der
er du,» sa ho og heldt meg fast i den lengste, hardaste klemmen hittil i livet.
Det var då eg forstod det – Vesle Guantanamo var i
hendene på fienden sin. Eg var redda.
D e i lét B arbar a o g me g vere igjen åleine i rommet,
og eg brukte ein av dusjane der til å vaske meg – eg var plutseleg flau over å vere full av piss og spy. Då eg var ferdig, var
Barbara full av tårer.
«Foreldra dine –» byrja ho.
Eg kjende det som om eg skulle til å kaste opp igjen.
Herregud, dei stakkars folka mine. Alt dei måtte ha gått
gjennom.
«Er dei her?»
«Nei,» sa ho. «Det er komplisert.»
«Hæ?»
«Du er framleis arrestert, Marcus. Alle her er det. Dei
kan ikkje berre kome inn og opne dørene. Alle her må bli
klarerte gjennom rettssystemet. Det kan ta, eh, det kan ta
fleire månader.»
«Må eg vere her i månadsvis?»
Ho tok hendene mine. «Nei, eg trur vi skal få deg stemna og prøvelauslaten ganske fort. Men ‘ganske fort’ er relativt. Eg ville ikkje forvente at det skjer i dag. Men det kjem
ikkje til å bli slik som det var då desse folka var ansvarlege.
Det blir skikkeleg mat. Ingen avhøyr. Besøk frå familien.
Sjølv om DHS er ute av biletet, tyder ikkje det at du berre kan gå rett ut herifrå. Det som skjer no, er at vi kjem ut
335
av den parodien på eit rettssystem som dei har innstifta, og
byter det ut med det gamle systemet. Systemet med dommarar, opne rettssaker og advokatar.
Så vi kan prøve å få deg overført til eit barnefengsel på
fastlandet, men, Marcus, dei stadene kan vere tøffe. Dette
er kanskje den beste staden for deg, før vi får deg lauslaten
mot kausjon.»
Kausjon. Sjølvsagt. Eg var ein kriminell – eg hadde
ikkje blitt tiltalt enno, men det var sikkert mange tiltalar dei
kunne finne på. Det var praktisk talt ulovleg å tenkje negativt om regjeringa.
Ho tok hendene mine igjen. «Opplegget stinkar,
men det er slik det må vere. Poenget er at det er over.
Guvernøren har kasta DHS ut av staten, demontert sperringane. Riksadvokaten har sendt ut arrestordre på alle som
har delteke i ‘stressforhøyr’ og hemmelege arrestasjonar.
Dei kjem i fengsel, Marcus, og det er på grunn av det du
gjort.»
Eg var nomen. Eg høyrde det ho sa, men eg fekk det
ikkje til å gi meining. På ein måte var det over, men på ein
annan måte var det ikkje det.
«Høyr her,» sa ho. «Vi har kanskje ein time eller to før
dette roar seg, før dei kjem tilbake og stenger deg inne igjen.
Kva har du lyst til å gjere? Gå ein tur på stranda? Ete noko?
Desse folka hadde eit utruleg personalrom – vi raida det på
vegen inn. Skikkeleg gourmet.»
Endeleg eit spørsmål eg kunne svare på. «Eg har lyst til
å finne Ange. Eg har lyst til å finne Darryl.»
Eg prøvde å bruke ei datamaskin eg fann for å slå opp
cellenummera, men ho kravde passord, så vi blei nøydde til å
gå opp og ned korridorane og rope namna. Bak dørene ropte
fangane tilbake, eller dei skreik, eller trygla oss om å sleppe
336
dei fri. Dei forstod ikkje kva som akkurat hadde skjedd, kunne ikkje sjå dei tidlegare vaktene sine bli førte til kaiene i
plasthandjern, tekne vekk av spesialstyrkar frå California.
«Ange!» ropte eg gjennom larmen. «Ange Carvelli!
Darryl Glover! Det er Marcus!»
Vi gjekk langs heile rekka av celler, og dei svarte ikkje.
Eg hadde lyst til å gråte. Dei hadde blitt sende utanlands –
dei var i Syria eller det som verre var. Eg kom aldri til å sjå
dei igjen.
Eg sette meg ned, lente meg mot korridorveggen
og grov ansiktet ned i hendene. Eg såg ansiktet til Streng
Frisyre, såg henne smile sjølvtilfreds i det ho spurde meg
om brukarnamnet mitt. Det var ho som hadde gjort alt
dette. Ho skulle i fengsel for det, men det var ikkje nok. Eg
tenkte at når eg fekk sjå henne igjen, ville eg kanskje drepe
henne. Ho fortente det.
«Kom igjen,» sa Barbara. «Kom igjen, Marcus, ikkje gi
opp. Det er fleire her, kom igjen.»
Ho hadde rett. Dei dørene vi hadde gått forbi, var gamle, rustne greier som stamma frå tida då denne basen blei
bygd. Men heilt i enden av korridoren stod ei ny, høgsikra
dør på gløtt, tjukk som eit leksikon. Vi drog henne opp og
drista oss inn i den mørke korridoren på den andre sida.
Det var fire celledører til der, dører utan strek­
kodar. Utanfor kvar av dørene var det små elektroniske
nummertastatur.
«Darryl?» sa eg. «Ange?»
«Marcus?»
Det var Ange, ho ropte frå døra lengst vekke. Ange, mi
Ange, engelen min.
«Ange!» skreik eg. «Det er eg, det er eg!»
«Åh, herregud, Marcus,» ropte den halvkvelte stemma
hennar før ho løyste seg opp i hikst.
337
Eg hamra på dei andre dørene. «Darryl! Darryl, er du
her?»
«Eg er her.» Stemma var veldig tynn og veldig hås. «Eg
er her. Eg er veldig, veldig lei for det. Ver så snill. Unnskyld.»
Han høyrdest … knekt ut. Knust.
«Det er eg, D,» sa eg og lente meg mot døra. «Det er
Marcus. Det er over – dei har arrestert vaktene, dei har
sparka ut Tryggleiksdepartementet. Vi får skikkelege rettssaker, opne rettssaker. Og vi skal vitne, mot dei.»
«Unnskyld,» sa han. «Ver så snill, eg er så lei for det.»
California-politifolka kom til syne i døropninga.
Kameraet deira rulla framleis. «Fru Stratford?» sa ein. Han
hadde visiret oppe og såg ut som ein vanleg politimann,
ikkje som ein redningsmann. Han såg ut som ein som kom
for å bure meg inne.
«Kaptein Sanchez,» sa ho. «Vi har funne to av dei omtalte fangane her. Eg vil gjerne at dei blir sleppte ut så eg kan
inspisere dei.»
«Vi har ikkje aksesskodane til dei dørene enno,» sa han.
Ho heldt ei hand i vêret. «Det er ikkje etter avtalen. Eg
skulle få tilgang til heile fengselet. Det var meldinga direkte
frå guvernøren. Vi gir oss ikkje før du opnar desse cellene.»
Ansiktet hennar var fullstendig roleg, utan teikn til rykkingar. Ho meinte det.
Kapteinen såg ut som om han trong søvn. Han skar ein
grimase. «Eg skal sjå kva eg kan gjere,» sa han.
D ei k l arte å opne c ellene til slutt, om lag ein halv
time seinare. Dei prøvde tre gonger, men til slutt fekk dei
slått inn dei rette kodane.
Cella til Ange blei opna først. Ho var kledd i ein sjukehusfrakk som var open i ryggen, og cella hennar var endå
naknare enn mi – berre polstring overalt, ikkje nokon vask,
338
ikkje seng, ikkje lys. Ho blunka då ho kom ut i korridoren,
politikameraet var retta mot henne med det sterke lyset rett
i ansiktet hennar. Barbara steig høfleg inn mellom oss og
kameraet. Ange tok eit prøvande steg ut av cella, ho subba
litt. Det var noko rart med augene hennar, med ansiktet. Ho
gret, men det var ikkje det.
«Dei dopa meg ned,» sa ho. «Då eg ikkje ville slutte å
skrike på advokat.»
Det var då eg klemde henne. Ho sokk mot meg, men
klemde tilbake òg. Ho lukta gammal sveitte, men eg var
ikkje betre. Eg ville ikkje sleppe.
Då opna dei cella til Darryl.
Han hadde rive sund sjukehusfrakken, som var av papir.
Han sat samankropen, naken, heilt inst i cella og skygde for
lyset, verna seg mot blikka våre. Eg sprang bort til han.
«D,» kviskra eg i øyret hans. «D, det er eg. Marcus. Det
er over. Vaktene har blitt arresterte. Vi blir lauslatne på kausjon, vi skal heim.»
Han skalv og pressa augene igjen. «Unnskyld,» kviskra
han og snudde ansiktet vekk.
Dei tok meg med, då, ein politimann i pansra uniform
og Barbara, tilbake til cella, der dei låste døra, og det var der
eg sov den natta.
E g hugsar ik k je myk je frå turen til tinghuset. Dei
lenka meg til fem andre fangar, som alle hadde vore der
mykje lenger enn eg. Ein av dei snakka berre arabisk – han
var ein gammal mann som skalv på hendene. Dei andre var
unge. Eg var den einaste kvite. Då vi blei samla på dekket av
ferja, såg eg at nesten alle som hadde vore fanga på Treasure
Island, hadde ein eller annan bruntone i huda.
Eg hadde berre vore inne ei natt, men det var for lenge.
Eit lett regn draup på oss, normalt sett noko som ville få meg
339
til å heise skuldrene og sjå ned, men i dag slengde vi hovudet
bakover, alle saman, vende ansiktet mot den uendelege, grå
himmelen og naut det stikkande, våte, på vegen over bukta.
Dei tok oss vidare i bussar. Lenkene gjorde det vanskeleg å kome seg inn på bussane, og det tok lang tid før alle
var på plass. Ingen brydde seg. Når vi ikkje kjempa med det
logistikkproblemet det var å få seks personar samanlenka
nedover den smale midtgangen, såg vi oss rundt, på byen og
bygningane der oppe.
Alt eg klarte å tenkje på, var å finne Darryl og Ange,
men ingen av dei var å sjå. Det var ei stor folkemengd, og
vi kunne ikkje røre oss fritt. Statspolitiet som handterte
oss, var vennlege nok, men dei var framleis store, pansra og
væpna. Eg trudde stadig vekk at eg såg Darryl, men det var
alltid nokon andre som såg like nedslitne og samankrøkte
ut. Han var ikkje den einaste dei hadde knekt.
Ved tinghuset marsjerte dei oss gruppevis inn til intervjurom. Ein advokat frå American Civil Liberties Union
stilte spørsmål og noterte ned informasjon om oss – då ho
kom til meg, smilte ho og helste meg med namn – og så
leidde ho oss inn i rettssalen framfor dommaren. Han hadde på seg ei skikkeleg dommarkappe og såg ut som han var i
godt humør.
Avtalen verka å vere at alle som hadde ein familiemedlem som kunne kausjonere, slapp ut, og alle andre blei
sende i fengsel. Dommaren frå ACLU snakka ein masse med
dommaren, spurde om nokre timar ekstra tid til å samle dei
pårørande og hente dei inn i rettslokalet. Dommaren var
ganske grei, men då eg forstod at nokre av desse folka hadde vore bura inne sidan brua blei sprengd, rekna som døde
av familiane sine, utan rettssak, utsette for avhøyr, isolasjon,
tortur – hadde eg berre lyst til å springe bort og løyse lenkene og setje alle fri.
340
Då eg kom fram for dommaren, såg han ned på meg og
tok av seg brillene. Han såg trøtt ut. Advokaten såg trøtt ut.
Rettsbetjentane såg trøtte ut. Bak meg kunne eg høyre ei
plutseleg mumling i det namnet mitt blei ropt opp av rettsbetjenten. Dommaren slo ein gong med klubba, utan å sjå
vekk frå meg. Han gneid seg i augene.
«Herr Yallow,» sa han. «påtalemakta har identifisert
deg som ein potensiell risiko. Eg trur dei har eit poeng. Du
har i alle fall meir, kva skal vi seie, historie, enn dei andre
som er her. Eg er freista til å halde deg i varetekt fram til
rettssaka, uansett kor mykje kausjon familien din er villig til
å betale.»
Advokaten min byrja å seie noko, men dommaren fekk
henne til å teie med eit blikk. Han gneid seg i augene.
«Har du noko å seie til forsvar?»
«Eg hadde sjansen til å flykte,» sa eg. «For ei veke sidan.
Nokon tilbaud seg å ta meg med, få meg ut av byen, hjelpe
meg til å få ein ny identitet. I staden stal eg telefonen hennar
og rømde frå traileren der vi gøymde oss. Eg sende inn telefonen – som inneheldt bevis om vennen min, Darryl Glover
– til ein journalist, og gøymde meg her, i byen.»
«Du stal ein telefon?»
«Eg bestemte meg for at eg ikkje kunne rømme. At
eg måtte stå for retten – at fridommen min ikkje var verdt
noko om eg var etterlyst, eller om byen framleis var under
DHS si makt. Om vennene mine framleis var fanga. At fridom for meg ikkje var så viktig som eit fritt land.»
«Men du stal ein telefon.»
Eg nikka. «Eg håpar å kunne gi den tilbake, dersom eg
nokon gong ser igjen jenta som eig han.»
«Vel, takk for den talen, herr Yallow. Du er ein vel­
talande ung mann.» Han stira på påtalemakta. «Nokon vil
seie ein modig mann, òg. Det blei send ein video på tv i dag
341
tidleg som viste at du kanskje hadde legitime årsaker til å
flykte frå styresmaktene. I lys av det, og av den vesle talen
din her, vil eg setje deg fri mot kausjon, men eg vil også få
påtalemakta til å legge til ein tiltale for tjuveri av telefonen.
For dette ventar eg 50 000 dollar ekstra i kausjon.»
Han slo ein gong til med klubba, og advokaten min
klemde handa mi.
Han såg ned på meg igjen og tok på seg brillene. Han
hadde flass, der på kappeskuldrene. Meir flass dryste ned i
det brillene gjekk gjennom det strie, krølla håret hans.
«Du kan gå no, unge mann. Hald deg på den rette sida
av lova.»
Då e g snudde me g for å gå, var det nokon som tak­
la meg. Det var pappa. Han løfta meg bokstavleg talt opp i
lufta og klemde meg så hardt at ribbeina mine knaka. Han
klemde meg slik eg hugsa at han hadde klemt meg då eg var
liten, då han spann meg rundt i fantastiske, kvalmande flyleikar som enda med at han kasta meg i lufta og fanga meg
igjen akkurat slik, så hardt at det nesten var vondt.
Eit par mjukare hender tok meg varsamt ut av armane
hans. Mamma. Ho heldt meg på armlengds avstand ein augeblink, såg over ansiktet mitt etter noko, utan å seie noko,
med tårer nedetter ansiktet. Ho smilte eit smil som blei til
ein gråt, før ho òg heldt meg i armane og pappa sine armar
omslutta oss begge to.
Då dei sleppte, fekk eg til slutt sagt noko. «Darryl?»
«Eg trefte faren hans. Han er på sjukehus.»
«Når kan eg sjå han?»
«Det er neste stopp,» sa pappa. Han såg alvorleg ut.
«Han –» pappa stoppa. «Dei seier at han kjem til å bli bra.»
Stemma hans var gråtkvelt.
«Kva med Ange?»
342
«Mora hennar tok henne med heim. Ho ville vente her
på deg, men …»
Eg forstod. Eg følte meg full av forståing no for korleis
det måtte kjennast for familiane til alle dei som hadde vore
fanga. Rettslokalet var fullt av tårer og klemmar, og sjølv
ikkje rettsbetjentane kunne stoppe det.
«La oss dra og finne Darryl,» sa eg. «Og kan eg låne
telefonen din?»
Eg ringde Ange på vegen til sjukehuset der Darryl
var – San Francisco General Hospital, rett ned i gata for
oss – og avtalte å møte henne etter middag. Ho snakka med
oppjaga kviskrestemme. Mora hennar visste ikkje om dei
skulle straffe henne eller ikkje, og Ange ville ikkje utfordre
skjebnen.
Det var to politifolk i korridoren der Darryl var. Dei
heldt ein hær av journalistar på avstand. Journalistane stod
på tå for å sjå rundt dei og ta bilete. Blitsane fyrte i ansiktet på oss som strobelys, og eg rista på hovudet for å få det
vekk. Foreldra mine hadde teke med reine klede, og eg hadde skifta i baksetet, likevel kjende eg meg ekkel, sjølv etter å
ha skrubba meg i garderobane i tinghuset.
Nokre av journalistane ropte namnet mitt. Å ja, det
var sant, eg var berømt no. Politifolka såg på meg òg – dei
hadde kjent igjen enten ansiktet mitt eller namnet mitt då
journalistane ropte det.
Faren til Darryl møtte oss i døra på rommet hans, han
kviskra lågt, så ikkje journalistane skulle høyre. Han var
sivilkledd, med dongeribukse og genser slik eg hugsa han
vanlegvis brukte, men han hadde æressløyfene sine festa til
brystet.
«Han søv,» sa han. «Han vakna for ei lita stund sidan og
byrja å gråte. Han kunne ikkje slutte. Dei gav han noko som
skulle få han til å sove.»
343
Han tok oss med inn, og der var Darryl, han låg med
nyvaska og kjemt hår og sov med open munn. Det var noko
kvitt i munnvikene hans. Han hadde eit dobbeltrom, og i
den andre senga var det ein arabisk utsjåande mann i 40åra. Eg oppdaga at det var han eg hadde vore lenka til på veg
frå Treasure Island. Vi utveksla forlegne vink.
Så snudde eg meg tilbake til Darryl. Eg tok handa hans.
Neglene hans hadde blitt bitne ned til rota. Han hadde bite
negler sidan han var liten, men han hadde blitt kvitt vanen
då vi byrja på high school. Eg trur det var Van som fekk han
frå det då ho sa kor ekkelt det var at han hadde fingrane i
munnen heile tida.
Eg høyrde at foreldra mine og faren til Darryl tok eit
steg bakover, og drog gardinene for rundt oss. Eg la hovudet mitt ned på puta. Han hadde eit strittande, ujamt skjegg
som minte meg om Zeb.
«D,» sa eg. «Du klarte det. Du kjem til å bli ok.»
Han snorka litt. Eg sa nesten «eg elskar deg,» ei setning
eg berre hadde sagt til ein person utanfor familien, ei setning det var underleg å seie til ein annan fyr. Eg enda med
berre å klemme handa hans ein gong til. Stakkars Darryl.
B a rbar a ringde me g på kontoret i helga rundt den
amerikanske nasjonaldagen, 4. juli. Eg var ikkje den einaste
som hadde kome inn for å jobbe i helga, men eg var den
einaste som hadde det påskotet at permisjonsprogrammet
ikkje gav meg lov til å reise ut av byen.
Til slutt blei eg dømd for å ha stole mobilen til Masha.
Kan du tru det? Påtalemakta hadde gjort ein handel med
advokaten min for å droppe alle tiltalane om «elektronisk
terrorisme» og «oppfordring til opptøyar» mot at eg sa
meg skuldig i tjuveri. Eg fekk tre månader i eit dagpermisjonsprogram i eit ope ungdomsfengsel i Mission. Eg sov i
det opne fengselet, delte sovesal med ein haug ekte brotsmenn, gjengungdommar, narkoungdommar, eit par skikkelege galningar. Om dagen var eg «fri» til å gå ut og jobbe på
«arbeidet».
«Marcus, dei slepper henne fri,» sa ho.
«Johnstone, Carrie Johnstone,» sa ho. «Den lukka militærdomstolen fridde henne for alle tiltalane. Fila er forsegla.
Ho blir send tilbake til aktiv teneste. Dei sender henne til Irak.»
Carrie Johnstone var det verkelege namnet til Streng
Frisyre. Det kom fram av høyringane av høgsteretten i
California, men det var omtrent det einaste som kom fram.
Ho ville ikkje seie eit einaste ord om kven ho fekk ordre frå,
345
kva ho hadde gjort, kven som hadde sete i fengsel og kvifor.
Ho berre sat heilt stille, dag etter dag, i rettssalen.
I mellomtida hadde det føderale politiet kjefta og
smelt om guvernøren si «einsidige, ulovlege» stenging av
fengselet på Treasure Island og borgarmeisteren si utkasting av føderalt politi frå San Francisco. Mange av politimennene enda opp i fengsel saman med vaktene frå Vesle
Guantanamo.
Ein dag la Det kvite huset lokk på det heile, dei ville
ikkje kommentere saka, og den neste dagen var det ein tørr,
spent pressekonferanse på trappa utanfor guvernørbustaden, der leiaren for DHS og guvernøren annonserte «overeinskomsten» sin.
DHS skulle halde ein lukka militærdomstol for å etterforske «mogleg svikt i dømekraft» etter åtaket på Bay
Bridge. Domstolen ville bruke alle middel for å sikre at dei
kriminelle handlingane blei straffa. Til gjengjeld skulle kontrollen over DHS sine operasjonar i California gå gjennom
statssenatet, som ville ha makt til å nedlegge, inspisere eller
omprioritere all sikringspolitikken i staten.
Ropa frå journalistane hadde vore øyredøyvande, og
Barbara hadde kome gjennom med det første spørsmålet,
som var: «Herr guvernør, med all respekt: Vi har ugjendrivelege bevis for at Marcus Yallow, borgar av denne staten
og fødd her, blei utsett for ei simulert avretting av DHStenestemenn, etter alt å døme på ordre frå Det kvite huset.
Er staten California verkeleg villig til å gå bort frå alle gode
pretensjonar om rettferd for borgarane når han no står
overfor tilfelle av ulovleg, barbarisk tortur?» Stemma hennar skalv, men knakk ikkje.
Guvernøren slo ut med hendene. «Militærdomstolane
vil sørgje for at rettferd skjer. Dersom Yallow – eller kven
som helst som har noko å klage på Tryggleiksdepartementet
346
for – vil ha meir rettferd enn det, så har han sjølvsagt rett til
å saksøke dei føderale styresmaktene for så mykje som han
meiner dei skuldar han.»
Det var det eg gjorde no. Over tjue tusen sivile søksmål
blei stemna mot DHS i veka etter guvernøren si erklæring.
Søksmålet mitt blei handtert av American Civil Liberties
Union, og dei hadde søkt om innsyn i resultata av dei lukka
militærdomstolane. Så langt verka dei vanlege domstolane
positivt innstilte.
Men dette hadde eg ikkje venta.
«Ho kom frå det utan ei skramme?»
«Pressemeldinga seier ikkje så mykje. ‘Etter ein nøye
gjennomgang av hendingane i San Francisco og den spesielle antiterrorvaretekta på Treasure Island finn denne
domstolen at Johnstone sine handlingar ikkje gir grunn til
vidare disiplinærtiltak.’ Det er eit ord der, ‘vidare’, som om
dei allereie har straffa henne.»
Eg snøfta. Eg hadde drøymt om Carrie Johnston nesten
kvar natt sidan eg slapp ut frå Vesle Guantanamo. Eg hadde
sett ansiktet hennar sveve over meg med det vesle snerrande smilet sitt i det ho bad dei gi meg noko å «drikke».
«Marcus –» sa Barbara, men eg braut henne av.
«Det er greitt. Det går fint. Eg skal lage ein video om
dette. Få det ut etter helga. Måndagar er veldig bra for
video­spreiing. Alle kjem heim frå helgeferie, glade for å ha
noko gøy å sende vidare, rundt på skulen eller kontoret.»
Eg gjekk til psykolog to gonger i veka som ein del av avtalen med det opne fengselet. Då eg hadde kome over å sjå på
det som ei straff, hadde det vore fint. Han hadde hjelpt meg å
fokusere på konstruktive ting eg kunne gjere når eg var sint, i
staden for å la det ete meg opp innanfrå. Videoane hjelpte.
«Eg må legge på,» sa eg og svelgde hardt for å halde
kjenslene tilbake.
347
«Ta vare på deg sjølv, Marcus,» sa Barbara.
Ange klemde meg bakfrå då eg la på. «Eg las akkurat
om det på nettet,» sa ho. Ho las ein million nyhendefeeds,
med ein lesar som saug inn historiene så snart dei var ute på
nettet. Ho var den offisielle bloggaren vår, og ho var god til
det, snappa opp dei interessante historiene og la dei på nettet som ein hurtigkokk som ekspederte frukostbestillingar.
Eg snudde meg rundt i armane hennar så eg kunne
klemme henne framanfrå. For å seie det som det var, hadde
vi ikkje gjort mykje jobb den dagen. Eg fekk ikkje lov å gå ut
av fengselet etter middagstid, og ho kunne ikkje kome på
besøk. Vi såg kvarandre på kontoret, men vanlegvis var det
mange andre folk der òg som stakk kjeppar i hjula for klemminga og kyssinga. Å vere åleine på kontoret ein dag var ei
for stor freisting. Det var varmt og lummert òg, noko som
betydde ermelause t-skjorter, shorts og mykje hudkontakt
medan vi jobba ved sida av kvarandre.
«Eg har lyst til å lage ein video,» sa eg. «Og eg vil legge
han ut i dag.»
«Bra,» sa ho. «Vi gjer det.»
Ange las pressemeldinga. Eg las inn ein monolog, la
det over dei berømte bileta av meg på vassbrettet, med villskap i augene i det grelle lyset, tårer som strøymde nedetter
ansiktet, og håret i tjafsar fulle av spy.
«Dette er eg. Eg ligg på eit vassbrett. Eg blir torturert
i ei simulert avretting. Ansvarleg for torturen er ei kvinne
som heiter Carrie Johnston. Ho jobbar for styresmaktene.
Kanskje hugsar du henne frå dette videoklippet.»
Eg la inn klipp av videoen av Johnstone og Kurt Rooney.
«Det er Johnstone og statssekretær Kurt Rooney, presidenten sin sjefsstrateg.
Nasjonen elskar ikkje denne byen. For nasjonen er han
eit Sodoma og Gomorra av homsar og ateistar som fortener
348
å rotne i helvete. Den einaste grunnen til at landet bryr seg
med kva folk i San Francisco tenkjer, er at dei har vore så
heldige å bli blåst til helvete av islamistiske terroristar.
Han snakkar om byen der eg bur. Ved siste oppteljing
blei 4215 av naboane mine drepne den dagen han snakkar
om. Men nokre av dei blei kanskje ikkje drepne. Nokre av
dei forsvann inn i det same fengselet der eg blei torturert.
Nokre fedrar og mødrer, barn og elskarar, brør og søstrer vil
aldri sjå sine kjære igjen – fordi dei blei hemmeleg fengsla
i eit ulovleg fengsel, rett her i San Francisco. Dei blei sende
utanlands. Alt blei nøye registrert i eit arkiv som Carrie
Johnston har krypteringsnøklane til.» Eg klipte tilbake til
Carrie Johnston, bileta av henne som sat ved bordet saman
med Rooney og lo.
Eg klipte inn sekvensen der Johnstone blei arrestert.
«Då dei arresterte henne, trudde eg at vi skulle få eit rettferdig oppgjer. For alle folka ho knekte og fekk til å forsvinne.
Men presidenten» – eg klipte til eit stillbilete der han stod
og lo medan han spelte golf på ein av dei mange feriane han
hadde – «og sjefsstrategen hans» – no eit bilete av Rooney
som handhelste på ein berykta terroristleiar som ein gong
var på «vår side» – «greip inn. Dei sende henne til ein hemmeleg militærdomstol, og no har den domstolen reinvaska
henne. Dei såg ikkje noko gale i noko av det ho har gjort.»
Eg klipte inn ein montasje av fangeportretta, med alle
bileta av fangane i cellene sine som Barbara hadde publisert
på nettsidene til Bay Guardian den dagen vi slapp ut. «Vi
valde desse folka. Vi betaler lønningane deira. Dei skal jobbe for oss. Jobben deira er å forsvare fridommen vår. Men
desse folka» – ein serie bilete av Johnstone og dei andre som
hadde blitt stilte for militærdomstolen – «misbrukte tilliten
vår. Det er fire månader til valet. Det er god tid. Du har god
tid til å gå og finne fem av naboane dine – fem personar
349
som har gitt opp å stemme, fordi førstevalet deira er ‘ingen
av dei på lista’.
Snakk med naboane dine. Få dei til å love å stemme. Få
dei til å love å ta landet tilbake frå torturistane og bandittane. Dei som lo av vennene mine før dei hadde rokke å byrje
å rotne i gravene sine på botnen av bukta. Få dei til å love å
snakke med naboane sine.
Dei fleste av oss har ingen på lista som førsteval. Det
funkar ikkje. Du må velje – vel fridom.
Eg heiter Marcus Yallow. Eg blei torturert av mitt eige
land, men eg elskar det framleis. Eg er sytten år. Eg har lyst
til å vekse opp i eit fritt land. Eg har lyst til å bu i eit fritt
land.»
Eg fada ut til nettsida sin logo. Ange hadde laga sidene
med hjelp frå Jolu, som gav oss all den lagringsplassen vi
trong på Pigspleen.
Kontoret var ein interessant stad. Teknisk sett var
namnet vårt Koalisjonen av veljarar for eit fritt Amerika,
men alle kalla oss Xnetarane. Organisa­sjonen – ei ikkjekommersiell velgjerdsstifting – hadde blitt stifta av Barbara
og nokre av advokatvennene hennar rett etter frigjeringa
av Trea­sure Island. Stiftinga blei sparka i gang av nokre
nerde­millionærar som blei seriøst imponerte av at ein gjeng
hackerkids hadde måka DHS av banen. Nokre gonger inviterte dei oss ned til halvøya, til Sand Hill Road, der alle
kapitalistinvestorane var, for å gi ein liten presentasjon av
Xnet-teknologien. Det var omtrent ein trillion oppstartsfirma som prøvde å profittere på Xnet.
Det kunne vere det same – eg hadde ingenting med
det å gjere, og eg fekk eit skrivebord og eit kontor på gateplan med vindauge ut mot Valencia Street, der vi delte ut
ParnoidXbox-cd-ar og heldt workshops for å bygge betre
antenner for trådlause nett. Overraskande mange vanlege
350
folk stakk innom for å gi donasjonar, både maskinvare (du
kan køyre ParanoidLinux på omtrent kva som helst, ikkje
berre Xbox Universal) og kontantar. Dei elska oss.
Den store planen var å lansere vår eigen laiv i september, akkurat i tide til valet, og å kombinere det med å registrere veljarar og få dei til vallokala. Berre 42 prosent av
amerikanarane stemde ved det førre valet – heimesitjarane hadde overveldande fleirtal. Eg prøvde stadig å få med
Darryl og Van på planleggingsmøta, men dei avslo kvar
gong. Dei var mykje saman, og Van insisterte på at det var
strengt ikkje-romantisk. Darryl ville nesten ikkje snakke til
meg i det heile, sjølv om han sende meg lange epostar om
omtrent kva som helst som ikkje handla om Van eller terrorisme eller fengsel.
Ange klemde handa mi. «Herregud, eg hatar den dama,»
sa ho.
Eg nikka. «Endå ei roten handling mot Irak,» sa eg.
«Om dei sende henne til heimbyen min, ville eg sikkert bli
terrorist sjølv.»
«Du blei terrorist då dei sende henne til byen din.»
«Det gjorde eg,» sa eg.
«Skal du til Galvez si høyring på måndag?»
«Så klart.» Eg hadde introdusert Ange for Galvez for
eit par veker sidan, då gamlelæraren min inviterte meg på
middag. Lærarforeininga hadde fått stelt i stand ei høyring
for henne framfor Distriktsskulestyret for at ho skulle få
den gamle jobben tilbake. Det blei sagt at den førtidspensjonerte Fred Benson kom til å vitne mot henne. Eg såg
fram til å sjå henne igjen.
«Har du lyst på ein burrito?»
«Veldig.»
«Eg skal berre hente den sterke sausen,» sa ho.
Eg sjekka eposten min ein gong til – Piratparti-eposten,
351
der det framleis pipla inn epostar frå gamle Xnetarar som
ikkje hadde funne den nye adressa mi enno.
Den siste meldinga var frå ei bruk-og-kast-adresse ved
ei av dei nye brasilianske anonymiseringstenestene.
> Eg fann henne, takk. Du sa ikkje at ho var så h3it.
«Kven er det frå?»
Eg lo. «Zeb,» sa eg. «Hugsar du Zeb? Eg gav han epostadressa til Masha. Eg tenkte om dei begge var under jorda,
kunne eg like godt presentere dei for kvarandre.»
«Han synest Masha er heit?»
«Ikkje hald det mot han, han har heilt klart fått hjernen
tåkelagd av alt som har hendt.»
«Og du?»
«Eg?»
«Har hjernen din blitt tåkelagd av alt som har hendt?»
Eg heldt Ange på ei armlengds avstand og såg på henne, nedover og oppover. Eg heldt henne på kinna og stira
gjennom dei tjukt innfatta glasa hennar, inn i dei store, mistenksame augene hennar. Eg drog fingrane gjennom håret
hennar.
«Ange, eg har aldri tenkt klarare i heile mitt liv.»
Ho kyssa meg då, og eg kyssa henne tilbake, og det tok
litt tid før vi gjekk ut for å finne den burritoen.