Artikkel Regionavisa

22
Regionavisa
Onsdag 7. juli 2010
Siktar seg inn: – Det heller litt mot venstre…. Oddhild Sandager (45) frå Ulsteinvik satsar på ein put på denne.
a
l
l
ø
k
Dreis på
Rundt 25 damer i alderen 30 til 60+ utgjer i dag
damegruppa i Sunnmøre Golfklubb, men det burde
vere fleire, meiner damene som spelar golf på det
grøne graset på Hareid kvar mandag.
Putt: Endelig traff Anne (til høgre), her med lagvenninna Ann-Ingvill.
Sosialt: Anne Strand Kiperberg, Ann-Ingvill Tødenes og Elisabeth Nordahl diggar golf som dei
syns er både moro og sosialt.
Damegolf: Her er det Merete Fosnavåg Almestad som slår ballen 150 meter med driveren.
Regionavisa
Onsdag 7. juli 2010
23
Bli med på golf: Oppfordrar damegruppa i Sunnmøre Golfklubb på Hareid.
SvingEr kølla: - Sjå der, ja! Elisabeth Nordahl med eit reint treff.
Damene står på linje og slår ball etter ball med driveren ut mot det langstrakte grasdekket på golfbana på
Hovden i Hareid. Her gjeld det å slå høgt og langt og
få den vesle 45,93 grams golfballen til å lande der ein
vil ha den. Ei av damene treff godt, den går langt og
lenger enn langt.
– Det vart bra, seier Merete Fosnavåg Almestad (50)
frå Fosnavåg som kan konstatere at ballen ho nettopp
slo, landar like forbi 150 meters merket. Det burde
vere godkjent.
– Eg slår vel rundt 150-160 meter på det lengste,
men det er ikkje kvar gong det, seier Merete og slår til
endå ein ball som landar etter snaue 80 meter.
– Neei! Det var for lite høgde og for mykje skru på
den, seier Merete som er den einaste i damegruppa
som ikkje er frå Hareid eller Ulstein.
Plass til fleire
– Vi trenger fleire damer med i damegruppa. Det kan
også gjerne bli med fleire frå Herøy og Sande på golfbana. Det er så kjekt når ein først får dreisen på det,
sosialt er det også, meiner Merete som har spelt litt
golf sidan 1996. Andre har vore med berre eit år og
det er god plass til fleire.
– Kvinnegruppa er i dag på rundt 25 damer. Det har
vore eit bra oppsving av medlemstalet dei siste par
åra. Men vi ynskjer oss endå fleire, gjerne frå fleire
kommunar enn Hareid og Ulstein, seier leiar i damegruppa, Elisabeth Nordahl (35).
– Vi spelar kvar mandag og det er alltid god stemning. Ein treng ikkje vere profesjonell for å bli med
oss. Det finns gode nybegynnarkurs for dei som treng
det, seier leiaren.
Potensial
Ifølge ein som har god greie på golf er damene i
Sunnmøre Golfklubb ganske så flinke.
– Lots of potensial here, stadfestar golfinstruktør
Mike Henderson frå New Zealand som følger med på
teknikken og slaga til damene. Det er litt å utsette her
og der, men jamt over er det ganske så bra, meiner han.
– Teknikk er viktig, får ein inn den så går det mykje
lettare. Det er kjempemoro å få til eit reint treff, seier
Merete som får nokre små justeringar frå Hinderson
før damene har samling ute på golfbana. Det er siste
turnering før sommarferien tek til.
– Annankvar mandag spelar vi "Texas Scramble"turnering. Då er vi tre på kvart lag, der alle slår frå den
beste ballplasseringa. På denne måten blir turneringa
jamnare og det blir enklare å vere nybegynnar, forklarer Elisabeth som denne dagen spelar på lag med
Ann-Ingvill og Anne.
Her då?: Ann-Ingvill og Anne leitar etter ein liten kvit
ball. Det er ikkje alltid den landar der du vil.
– Kvar er caddyane?
– Mennene våre kunne ikkje bli med i dag, spøker
damene og gjer seg klar til hòl 4 av totalt 9.
Sosialt
Anne Strand Kiperberg (59) konsentrerer seg, og slår
med full kraft, rett ut i det høge graset, der det blir ein
liten leiteaksjon etter ballen.
– Jaja, ein kan ikkje laste bana, anlegget her er aldeles praktfullt, meiner Anne.
Elisabeth får derimot til ein susar som går både høgt
og langt.
– Den vart bra, smiler ho.
– Korleis kjennes - "kva føler du no"?
– Hehe, det kjennes ganske herleg med slike treff,
gliser ho.
– Eg veit enno ikkje korleis det kjennes å få til eit
slikt slag, seier Ann-Ingvill Tødenes (48) som har
spelt vel eit år, men det betyr ikkje at ho ikkje synes
det er kjekt med golf.
– Det er veldig kjekt! Ein treff også folk som ein
elles ikkje treff, så det sosiale aspektet ved golf er
viktig, meiner ho.
Familiesport
– Nokre vil hevde golf er ein sossesport, kva meiner
du?
– Hehe, sjå på meg, eg dressar meg ikkje akkurat
opp for å golfe. Hadde golf vore ein sossesport trur eg
ikkje at eg hadde vore med, seier Ann-Ingvill. Anne
nikkar samtykkande.
– Kanskje det var det før, men eg har ikkje inntrykk
av at det er noko snobberi over det å spele golf, skrattar Anne som har spelt golf periodevis over tre år.
– Det er veldig godt å kome heim etter ei god økt
med golf, spesielt etter å ha spelt bra. Ein får jo litt
trim med å gå ni hol også, poengterer ho.
Mange av damene i gruppa har også både mann og
barn som spelar golf.
– Det er kanskje slik mange blir introdusert for golf.
Golf er jo i grunnen ein familiesport, seier Elisabeth
som understrekar at dei har eit fokus på det sosiale i
damegruppa.
– Det er veldig sosialt, vi møtast også litt i klubbhuset. Fasilitetane her er fantastiske, seier ho. Vi
kunne trengt endå fleire damer med oss til å spele.
Det er kjempekjekt og ein treng altså ikkje vere proff.
Alle nybegynnarar får eit kurs, forklarer Elisabeth
og viser til Sunnmøre Golfklubb si heimeside
www.sunnmoregolf.com.
Tekst og foto: Roger Oldeide
Like this: Golfinstruktør Mike Henderson frå New
Zealand instruerer Merete Fosnavåg Almestad (50) frå
Fosnavåg.
Vårsveis!
FOSNAVÅG
Frisørloftet
70 08 88 27
HAREID
Top Fix AS
70 09 22 65
HAUGSBYGDA
Curly Frisørsalong v/Laila og Sølvi
70 02 50 62/996 28 023
LARSNES
Sande Frisørsalong
70 02 83 40
ULSTEINVIK
Carisma
dame- & herrefrisør
70 01 38 00
Föhnix
Dame & Herrefrisør
70 01 14 10
Hårstova
70 01 21 40
Tijera
70 01 01 87
Noy Frisør
959 29 056
VOLDA
I Saksa
70 05 60 40
Sans Frisør
70 07 68 49
ØRSTA
Ørsta Hårdesign
70 06 61 75
Innsel Frisørstudio
70 06 72 70
Spør oss om råd - Velkommen innom!