Presentasjon om pendlarute mellom Vik, Hermansverk og Sogndal

PENDLARRUTE
MELLOM
VIK,
HERMANSVERK
OG
SOGNDAL
Eit tiltak til beste for
elevar, arbeidskraft og
regional utvikling!
Felles Bu-, Skule- og arbeidsområde
På vegne av foreldra for 10. klassingane (41 elevar) i Vik kommune.
Roy Egil Stadheim, Leidulv Finden, Rita Årevik Vikdal, Ole Johnny Fedje og Leif Bungum
…. Og på vegne av mange ungdomar og foreldre gjennom fleire 10-år med ”same
krav”…..
SITUASJONEN I DAG:
Vik er etter det vi forstår den einaste kommunen i Sogn og Fjordane som
ikkje har tilbod om ein breiare studieretta vidaregåande utdanning anten
i eigen kommune, eller der pendling dagleg fram og tilbake er praktisk
gjennomførleg over tid.
Rettnok har Vik fengsel tilbodet om vidaregåande skule som er underlagt Sogndal
Vidaregåande, men dette tilbodet er kun for innsette.
Denne mangel på effektive transportmidlar mellom Vik og Sogndal gjer
at ungdomen må bu på hybel i ein alder frå allereie 15 år!
I Sogndal vert dei utsette for påverknad av miljø som er både positive og
oppbyggande, men dessverre så alt for ofte også dårlege miljø, til
bekymring for foreldre og klare åtvaringar frå politiet i Sogndal.
Kombinerar ein dette med dårleg kosthald vert resultatet ofte svake
karakterar eller at dei dumpar ut av skulen og gjerne belastar
fellesskapets budsjetter seinare.
Ser vi på tilbodet for dagleg pendling til Sogndal i dag
Er ruteopplegget slik:
Bussruter til Sogndal:
Frå Vik sentrum:
Til Hermansverk:
Til Sogndal skysstasjon:
Reisetid:
06:30
07:25
07:50
01:20
07:20
08:20
08:45
01:25
Og tilsvarande tilbake.
I tillegg til tida over kjem tida med å reisa til bussen i Vik sentrum,
varierande frå nokre minutt til kring ½ timen (Lengst tid for dei frå
vest Arnafjorden og for dei lengst aust Fresvik).
KORLEIS KAN VI BETRA FORHOLDA FOR VIDAREGÅANDE SKULEGANG FOR UNGDOMEN FRÅ VIK?
Pendlarrute t/r Vik-Hermansverk-Sogndal
for både skuleungdom og arbeidskraft.
Erfaringa frå dei to åra båten gjekk tidlegare var at ingen droppa ut av
vidaregåande i Sogndal av elevar frå Vik kommune!
– og det er svært uvanleg! Tilfeldig??? Neppe!!!
Dersom ein tek utgangspunkt i ein båt med 28 knop, så ville turen til
Sogndal og buss opp til Fosshaugane ta om lag 65 min. med stopp
både på Vangsnes, Feios og Hermansverk undervegs.
Dersom båten kun går til Hermansverk og ein stiller med direkte buss
derifrå til Fosshaugane, ville turen ta om lag 57 min, dvs. 8 min.
mindre tidsbruk enn at båten gjekk heile vegen inn til Sogndal.
For arbeidspendlarar til Hermansverk vil tida frå Vik med stopp t.d. kun
Vangsnes ta om lag 33 min. Bussruta i dag til Hermansverk tek om lag
1 time frå sentrum av Vik til sentrum av Hermansverk, så her snakkar vi
om ca halvert reisetid! Dvs. felles bu-, skule- og arbeidsområde!
FINANSIERING AV PENDLARBÅT/ BUSS:
For Statens Lånekasse bør det væra i utgangspunktet likegyldig om dei
betalar ut mnd. bortebuarstipend på kr 3.770 (2010/11) til hybeleigarar i
Sogndal og omegn, kontra å betala denne summen til pendlarbåten/
bussen.
Vi vil tru at regelverket i dag ikkje gir mogelegheit for dette men her er
ein over på politisk vilje og evne, der det er kun pluss for storsamfunnet
med ei slik omlegging:
- Droppe ut
- Kriminalitet
- Skape gode oppvekstvilkår i kommunane kring regionsentra.
Inntekter:
Årskullet for å senda på vidaregåande 2011/12 er på 41 elevar i Vik
kommune, noko som er litt høgare enn dei siste åra.
I år går det samla 68 elevar frå Vik på vidaregåande i Sogndal.
I vårt oppsett er tal elevar som kjem til å nytta pendlar båten nede i kun
16 elevar frå VK 1. Dette talet er lågt ut frå den interesse som foreldre
for 10. klassingane har tilkjennegjort.
Vi vil tru at interessa for å ta pendlarbåten fast, vil avta etter kvart som
elevane vert eldre – så vi nyttar 32 elevar og studentar tilsaman noko
som utgjer vel kr 1,2 mill. i årleg inntekt.
I tillegg kjem elevar som kjøper enkeltreiser (dei med hybel) og pendlar
Arbeidskraft, noko som bør gi i overkant av kr 0,6 mill. i meir inntekt.
Samla inntekter varsamt anslag: kr 1,8 mill.
Kostnader:
Vi har då for 2011/12 lagt til grunn tala for 2007.
Men vi har teke omsyn til at pendlarbåten går 5 dagar i veka mot 4 sist
– dvs. ein kostnadsauke på 25%.
I tillegg har vi lagt til ein generell kostnadsauke på 10% sidan den sist
gjekk mellom Vik og Sogndal.
Alternativet båt heilt inn til Sogndal – vel kr 1,9 mill. (ca Aurland i dag).
Alternativet båt til Hermansverk og buss til Sogndal – vel kr 1,7 mill.
Resultat:
Med båt heilt inn til Sogndal = underskot kring kr 100.000 men med båt
til Hermansverk og buss derifrå til Fosshaugane om lag kr 100.000 i
pluss.
MEN sannsynlegvis vil oppslutnad om båt heile vegen vera størst ut frå
signal vi har fått….
PENDLARBÅTEN SVÆRT VIKTIG FOR POSITIV
UTVIKLING I VIK KOMMUNE!
Ungdomstiltak:
Relativt akseptabel tidsbruk for å nå t/r Vidaregåande skule.
Det at ungdomen kjem tilbake til bygda gir grunnlag for (krev) kulturtilbod
som kino, idrett …. -> Lyftar heile kommunen.
Oppfyljing:
Foreldra kan tettare fylja opp ungdomane m.o.t. kosthald, miljøet dei vankar
i o.s.v.
Infrastrukturen til kommunen og regionen:
Bygge opp om infrastrukturen inn/ut av kommunen. Primært effektivt mot
regionen Leikanger/Sogndal.
Felles bu- skule- og arbeidsområde:
Over 700 arbeidsplassar innafor 45 min. for store delar av Vik kommune.
I dag er det ofte svært vanskeleg å få fagfolk som er i parforhold til Vik –
dette då kun 1 av partane kanskje kan få jobb i Vik. Hermansverk er her
særs viktig alternativ, men reisekostnad/tid er ikkje på 2010 nivå.
Sterkt sentrum:
Sentrum med spesialbutikkar, hotell, kommunale tenester m.m. vert styrka
ved at eigen ungdom vert kjøpekraft i eigen kommune.
”Liv laga” for anneksa i kommunen:
Minimums funksjonar som barnehage, barneskule og gode bu-/oppvekstmiljø herunder vidaregåande. Pendlarbåten vil faktisk også her gjera
det mogeleg å pendla dagleg/enkelte dagar for store delar av ungdomen i
kommunen.
Tilgang til regionale tilbod:
Effektiv tilgang til regionale tilbod m.a. sjukehus, spesialist, større
kjøpesenter m.m. Også for andre som ynskjer tur bør kunne nytta
pendlarbåten – om det er plass!!
FELLES BU-, SKULE- OG ARBEIDSOMRÅDE
PÅ PLASS = VEKST/TRIVSEL
Infrastruktur
sjukehus/spesial
Arbeidsplassar VIK
Infrastruktur
reise/by/region
Infrastruktur skule-/
arbeid
Arbeidsplassar
Leikanger
PENDLARRUTE
Arbeidsplassar
Sogndal
SKULESKYSS
SOGNDAL
Ungdomstiltak,
kino, kultur, idrett
Arbeidsplassar
andre
Sterkt sentrum i VIK
Liv laga for
aneksa
KONKLUSJON/SLUTTORD:
Vi meinar det er naturleg at ei pendlarrute kjem på plass frå hausten 2011.
Finansieringa bør skje ved at:
Statens Lånekasse opnar opp for at bortebuarstipendet i sin heilskap kan
nyttast til å dekke kostnaden med pendlarrute til Sogndal.
Andre naturlege støttespelarar bør vera:
• Sogn regionråd – då dette er eit praktisk døme på eit tiltak for å bygge opp
om felles bu- SKULE- og arbeidsområde.
• Sogn og Fjordane Fylke – då både vidaregåande skulegang og
kollektivtransport er fylket sitt ansvar.
• Kommunaldepartementet si satsing for å styrka små lokalsamfunn …… og
dette saman med Regjeringa si satsing ny giv (sterk auke med kr 175 mill.)
for å lette overgangen mellom grunnskulen og vidaregåande og motverka
”drop out” av elevar i vidaregåande skule.
Vi ber difor om at Sogn og Fjordane Fylke
• syter for at alle konsesjonar for båt-/bussrute kjem på plass snarast.
• hjelper til med å få dette framlegget til finansiering godkjent både på
fylkes nivå men gjerne også overfor departement og Statens
Lånekasse for utdanning.
Dersom departementet/lånekassen mot all fornuft skulle seia nei:
• … så reknar vi med at Sogn og Fjordane Fylke likevel vil vera med
på å ta finansieringa av ei slik rute.
Her finn vi det heilt naturleg å be fylket om å gi ein garanti for
finansieringa av ei pendlarruta Vik-Hermansverk-Sogndal t/r i løpet
av januar 2011, slik at hybeljakta kan innstillast…………
• … dekka eit eventuelt underskot som måtte koma på ei ruta
finansiert med bortebuarstipend…. (tala i dette oppsettet er svært
varsamt vurdert).