MOLDE BY Fannefjord Rutetabell gyldig frå 05.01.2015 BESTILLINGSTRANSPORT FRAM FLEXX FANNEFJORD – BESTILLINGSTRANSPORT I MOLDE VED STENGING AV FANNEFJORDTUNELLEN FRAM er det nye namnet på all kollektivtrafikk – buss, ferje og hurtigbåt - i Møre og Romsdal fylke, sjå www.frammr.no. FRAM Flexx er den delen av kollektivtrafikken som utførast som bestillingstransport, dvs. at den er fleksibel og reisa må bestillast på førehand, sjå www.frammr.no/flexx. FRAM FLEXX FANNEFJORD Frå måndag 5. januar tilbyr Møre og Romsdal fylkeskommune bestillingstransport på Molde-sida for reisande som kjem med hurtigbåten frå Bolsøya. Transportane blir utført med taxi, maxi-taxi eller minibuss, avhengig av talet på reisande. Vi har oppretta tilbodet på bakgrunn av innmelde behov for skyss til/frå hurtigbåtkaia og ulike trenings-/fritidsaktivitetar som barn og ungdom frå Bolsøya og Skålahalvøya deltek på i Molde. FRAM Flexx Fannefjord blir i første omgang tilbydt i ein testperiode frå 5. januar til 15. februar. I testperioden vil vi sjå om tilbodet blir nytta i ein slik grad at vi bør fortsette i heile tunellstengingsperioden. VIKTIG INFORMASJON OM FRAM FLEXX FANNEFJORD: • Du kan bestille reise med drosje/minibuss til og frå hurtigbåkaia og dei innmelde aktivitetsstadene, sjå dei neste sidene. • Du kan bestille reise til/frå alle framkomst- og avgangstider til hurtigbåten. • Reise må bestillast innan kl 14.00 den same dagen du ønsker å reise med FRAM Flexx. • Du bestiller reise ved å logge deg inn på www.frammr.no/flexx eller ringe FRAM Kundesenter på telefon 177. • Køyrer berre når nokon har bestilt, difor kan køyretida variere frå tur til tur. • Stoppar berre ved møteplassar der nokon har bestilt henting eller levering. • Er for alle, og du kan få hjelp av sjåføren til av- og påstiging om du treng det. • Blir ikkje køyrt heilagdagar. KORLEIS FÅR DU INFORMASJON OG BESTILLER REISE MED FRAM FLEXX: • www.frammr.no/flexx: Her får du god oversikt over dei ulike tilboda, og du kan bestille reise her. Nyheiter og endringar vil publiserast her. • Ring FRAM Kundesenter på telefon 177. Hugs å taste 2 for Møre og Romsdal viss du ringer frå mobiltelefon. Du betaler ordinær fasttelefontakst når du ringer 177. • Hugs at du må bestille seinast klokka 14:00 same dag som du skal reise. • Du må vere klar 5 minutt før avtalt hentetidspunkt, og fordi Flexx også skal hente andre, kan det vere nødvendig at du venter i opptil 15 minutt etter avtalt tid. Du bestiller reise på: www.frammr.no/flexx eller telefon 177 HURTIGBÅTEN - FRAM FLEXX FANNEFJORD Frå Bolsøya til Molde Alle dagar KVA KOSTER DET Å REISE MED FRAM FLEXX FANNEFJORD Pris for hefte med 20 billettar: kr 300,Viss nokon ønsker å reise med FRAM Flexx Fannefjord utan billett frå hefte, vil prisen vere kr 50 per tur, som betalast kontant eller med bankkort i drosjen. KOR FÅR EIN KJØPT FRAM FLEXX BILLETTHEFTE: Trafikkterminalen i Molde (i same bygg som Narvesen), Hamnegata 35. Telefon: 71 21 34 80 - Opningstid: Mån-fre kl 07.30-16.30, laur og søn stengt. Båt frå Bolsøya 18:15 19:20 20:30 21:30 22:45 Båten er i Molde 18:25 19:30 20:40 21:40 22:55 Båt frå Molde 19:10 20:15 21:10 22:00 23:00 Båten er på Bolsøya 19:20 20:25 21:20 22:10 23:10 VIKTIG INFORMASJON OM FRAM FLEXX FANNEFJORD: Hugs å bestille vidare transport frå Hurtigbåtterminalen i Molde. Reise må bestillast innan kl 14.00 den same dagen du ønsker å reise med FRAM Flexx. FRAM FLEXX FANNEFJORD - MOLDE Østover - Frå Hurtigbåtterminalen til Skaret Du kan bestille reise til/frå alle framkomst- og avgangstider til hurtigbåten: Alle dagar Frå Hurtigbåtterminalen | Moldehallen | Akerhallen | Rivalhuset | Skaret-Molde Hestesportsklubb | Skaret-Skistadion | Tusten-Molde Rytterklubb Til Tusten-Skiheiser Alle dagar Frå Tusten-Skiheiser | Tusten-Molde Rytterklubb | Skaret-Skistadion | Skaret-Molde Hestesportsklubb | Rivalhuset | Akerhallen | Moldehallen Til Hurtigbåtterminalen Reise må bestillast innan kl 14.00 den same dagen du ønsker å reise med FRAM Flexx TLF: 177 | www.frammr.no/flexx Skaret-Molde Hestesportsklubb Skaret-Skistadion Tusten-Molde Rytterklubb Tusten-Skiheiser Akerhallen og Rivalhuset Moldehallen Hurtigbåtterminalen FRAM FLEXX FANNEFJORD - MOLDE Vestover - Frå Hurtigbåtterminalen til Cecilienfryd Du kan bestille reise til/frå alle framkomst- og avgangstider til hurtigbåten: Alle dagar Frå Hurtigbåtterminalen | Speidernes hus | Træffhuset | Idrettens Hus | Romsdalsmuseet | Bekkevoll skole Til Cecilienfryd Alle dagar Frå Cecilienfryd | Bekkevoll skole | Romsdalsmuseet | Idrettens Hus | Træffhuset | Speidernes hus Til Hurtigbåtterminalen Reise må bestillast innan kl 14.00 den same dagen du ønsker å reise med FRAM Flexx TLF: 177 | www.frammr.no/flexx Speidernes Hus Bekkevoll u. skole Træffhuset Idrettens Hus Romsdalsmuseet Cecilienfryd Hurtigbåtterminalen KVA KOSTER DET Å REISE MED FRAM FLEXX FANNEFJORD: Med FRAM Flexx Fannefjord reiser du for ordinær busstakst, sjølv om du blir henta og levert på hurtigbåtkaia og køyrt heilt fram til aktivitetsstaden. For å gjere det enklare for passasjerar og sjåførar vert det trykt opp FRAM Flexx billetthefte, med 20 billettar i kvart hefte. Billetthefte må du kjøpe på Trafikkterminalen i Molde. Pris for hefte med 20 billettar: kr 300,FRAM Flexx Fannefjord køyrast med sterkt rabatterte prisar, og fylkeskommunen dekkjer mellomlegget mellom passasjerbillettpris og faktisk køyrekostnad. Dette gjer fylkeskommunen som eit avbøtande tiltak for dei ulemper befolkninga busatt på Bolsøya og Skålahalvøya opplev i tunellstengingsperioden. I andre kommunar kor vi tilbyr FRAM Flexx-løysingar, vil billettprisen vere kr 50 per tur. Ved bruk av billett frå heftet må alle billettere. Vaksne som reiser kan også kjøpe og nytte billettar frå FRAM Flexx-heftet. Viss nokon ønsker å reise med FRAM Flexx Fannefjord utan billett frå hefte, vil prisen vere kr 50 per tur, som betalast kontant eller med bankkort i drosjen. BESTILLING/KONTAKT FRAM Flexx kan du bestille via telefon eller internett hos FRAM Kundesenter: Telefon: 177 | www.frammr.no/flexx Vi tar imot bestillinga di og svarar gjerne på spørsmåla dine. Opningstider: Kvardagar Laurdagar Søndagar 08:00 - 21:00 09:00 - 18:00 10:00 - 21:00 Postadresse: Fylkeshuset, Julsundvegen 9, 6404 Molde. KOR FÅR EIN KJØPT FRAM FLEXX BILLETTHEFTE: Trafikkterminalen i Molde (i same bygg som Narvesen), Hamnegata 35. Telefon: 71 21 34 80 Opningstid: Mån-fre kl 07.30-16.30, laur og søn stengt. VI HENTER OG KØYRER DEG SJEKK FRAM FLEXX-TILBODET I DIN KOMMUNE TLF: 177 | www.frammr.no/flexx 502014 inpublish as - Foto side 4 , Møre og Romsdal fylkeskommune - Foto side 10, Molde Taxi
© Copyright 2024