Variasjon i småbåtbygging – historisk, geografisk og etter bruksområde Innbyding til konferanse 12. – 14. september 2013 Korleis har den vesle, klinkbygde trebåten endra seg gjennom historia? Kva skilnader er det på småbåtane langs norskekysten, og elles i det nordatlantiske området? Kva skilnader er det som fortel om ulike bruksområde? Dette vert tema for konferansen som Oselvarverkstaden arrangerer i september. Konferansen vert halden på Os og i den nye båthallen på Hordamuseet Påmelding innan 10. august www.oselvarverkstaden.no Program: Torsdag 12.9.: Oselvarverkstaden/Oselvarnaustet Omvising i Oselvarverkstaden 11.00 12.00 13.00 13.30 Enkel lunsj Opning ved Terje Søviknes, ordførar I Os Oselvarverkstaden som prosjekt. Oselvarverkstaden I 16 år Atle Ove Martinussen, Åsmund Lien 14.30 Den norske småbåten. Utvikling gjennom historia. Arne Emil Christensen 15.30 Kaffipause 16.00 Båtbygginga I Os og dei andre bygdene kring Bjørnafjorden. Harald Dalland 17.00 Me ruslar over til Oseana kunst- og kultursenter Velkomen til Os og Oseana Terje Søviknes 17.30 18.00 19.00 Omvising I Griegsamlinga Middag på Oseana Restaurant Fredag 13.9.: Hordamuseet 08.45 09.30 Buss frå Bjørnefjorden Gjestetun Presentasjon av Hordamuseet, Båthallen og båtsamlinga 10.00 10.30 UNESCO-konvensjonen om den immaterielle kulturarven og tradisjonelt handverk. Eivind Falk Vandring mellom båtane, losa fram av Harald Dalland, Hanus Jensen og Ole Mikal Olsen Ramsøy 16.00 17.00 19.00 Ulik bruk, ulike båtar. Kva er skilnaden? Kaffipause Vandring mellom båtane, framhald Lunsj på Hordamuseet Variasjonar langs kysten. Korleis har båtane vorte så ulike frå stad til stad? Arne Emil Christensen Tradisjon, fysikk og brøk i høve form på båtar med døme frå båttypar nord for Stad. Jon Godal Omvising på Hordamuseet. Ole Mikal Olsen Ramsøy Retur til Os Middag på Bjørnefjorden Gjestetun Laurdag 14.9.: Oselvarverkstaden/Oselvarnaustet 09.30 Variasjonar I det nordatlantiske området. Korleis ytrar ulikskapane seg, og kva kjem dei av? Atle Ove Martinussen, Hanus Jensen, Ágúst Ólafur Georgsson Lunsj på Bjørnefjorden Gjestetun Roing og segling på fjorden (om vêret tillet det) Slutt. Heimreise 11.30 12.00 13.00 14.00 12.30 14.00 16.00 Førelesarar: Terje Søviknes har sidan 1999 vore ordførar i Os kommune. Atle Ove Martinussen er historikar og har arbeidd mange år med sikring og vidareføring av handverkstradisjonar i Norsk handverksutvikling. Han har skrive mange artiklar om handverk og teknologi. Martinussen er no direktør i Museumssenteret i Hordaland. Han har vore styremedlem og styreleiar i Stiftinga Oselvarverkstaden, og er no ordførari Fagrådet ved verkstaden. Åsmund Lien har sidan starten for 16 år sidan vore dagleg leiar i Stiftinga Oselvarverkstaden. Han har i lang tid vore styremedlem i Hordamuseet, og der vore med og planlagt Båthallen og utstillinga der, som vart opna i vår. Arne Emil Christensen er professor emeritus i nordisk arkeologi ved ved Universitetet i Oslo. Frå 1990 til 2006 var han leiar for Vikingskipsmuseet på Bygdøy. Han er ein av pionerane innan norsk marinarkeologi, og har publisert mange artiklar om båtar og båtbygging. Christensen har vore med i styret og fagrådet for Oselvarverkstaden sidan starten. Harald Dalland er båtbyggjar, no pensjonist. Han vart tilsett ved Oselvarverkstaden frå starten som den viktigaste tradisjonsberaren og læraren når det gjeld kunnskap om bygging av oselvarar. Dalland har sidan Oselvarverkstaden vart skipa vore med i styret og Fagrådet for verkstaden. Han har halde foredrag i inn- og utland om tradisjonell småbåtbygging Eivind Falk er direktør for Senter for immateriell kulturarv (SIKA), Norsk handverksutvikling, Maihaugen. Ole Mikal Olsen Ramsøy er arkeolog og har i mange år vore konservator og formidlar på Hordamuseet. Han har spela ei sentral rolle i utviklinga av Båthallen og utstillinga der. Hanus Jensen er båtbyggjar frå Færøyane. I mange år har han vore tilsett som båtbyggjar på Vikingeskibsmuseet i Roskilde. Jon Bojer Godal er kjend som formidlar av tradisjonsboren handverkskunnskap. Han har arbeidd med bruk av tre i hus og båtar, og med bygging og bruk av tradisjonelle trebåtar. Godal har vore tilsett ved Norsk handverksutvikling på Maihaugen, og er no knytt til Norsk geitbåtmuseum på Nordmøre. Det største arbeidet hans er fire bind om Åfjordbåten og Nordlandsbåten, som han skreiv saman med Gunnar Eldjarn. • Ágúst Ólafur Georgsson, leiar for dei etnologiske samlingane, Þjóðminjasafn Íslands, Islands Nationalmuseum Påmelding: Innan 10. august til Oselvarverkstaden Postboks 84 5202 Os eller [email protected] Konferanseavgift: kr 1 800. Må betalast til Oselvarverkstaden, bankkonto 3624.24.32732, seinast 12. august. Konferansen har reservert ein del rom på Bjørnefjorden Gjestetun. Overnatting to netter med frukost, middag 13.9. og lunsj 14.9. kostar kr 3 135,- i enkeltrom, kr 2 470,- per person i dobbeltrom. Kvar og ein betaler dette til hotellet. For dei som ikkje bur på hotellet kostar middag 13.9. og lunsj 14.9. kr 790,-. Dette vert betalt saman med konferanseavgifta. Eg melder meg på konferansen «Variasjon i småbåtbygging» Eg ynskjer overnatting på Bjørnefjorden Gjestetun i enkeltrom dobbeltrom Eg treng ikkje overnatting, men vil vera med på middag 13.9. og lunsj 14.9 Namn: …………………………………………………….. Adresse: ………………………………………………….. ……………………………………………………………… Telefon: …………………………………………… E-post: …………………………………………….
© Copyright 2024