2011/2012 - NordfjordTeam

Årsmelding 2011 – 2012
Nordfjord Team Skiskyting
Team Statkraft Nordfjord
Årsmelding for sesongen 1.5.2011 – 30.04.2012
Nordfjord Team Skiskyting / Team Statkraft Nordfjord
Nordfjord Team er eit treningsfelleskap som skal gje best mogeleg samarbeid mellom dei fire
eigarlaga: Stårheim IL, Hornindal IL, Hardbagg IL og Markane IL.
Målet er å utvikle skiskyttarsporten i Nordfjord til å nå eit høgt nasjonalt nivå.
LØPARAR
Nordfjord Team Skiskyting / Team Statkraft Nordfjord har i sesongen 2011-2012
hatt 45 løparar med ulike kontraktar medrekna to landslagsløparar med tilknyting til teamet:
Rekrutt (15 – 16 år)
Stårheim IL: 6 løparar
Hornindal IL : 4 løparar
Hardbagg IL : 1 løpar
Markane IL : 2 løparar
Sunnylven IL: 6 løparar
Volda skisk: 1 løpar
Til saman : 20 løparar (5 jenter og 15 gutar)
Junior/senior
Stårheim IL: 7 løparar
Hornindal IL : 2 løparar
Hardbagg IL : 4 løparar
Markane IL: 7 løparar
Førde IL: 1 løpar¨
Sunnylven IL: 2 løparar
Til saman 23 løparar (8 kvinner og 15 menn)
Medrekna i desse er 1 løpar på juniorlandslaget.
I tillegg til desse har to løparar på elitelandslaget bakgrunn i Nordfjord Team.
Junior (17 – 21 år)
Senior:
22
1
7 kontraktar Rekrutt 15 år
13 kontraktar Rekrutt 16 år
18 A-kontraktar (alle samlingar og nasjonale renn)
4 B-kontraktar (lokale samlingar og nasjonale renn)
1 C-kontrakt (nasjonale renn)
2 D-kontraktar (for landslagsløparar)
STYRET
Styret har vore sett saman slik:
Leiar
Kjetil Netland (Markane IL)
Nestleiar
Odd Harald Heggen (Stårheim IL)
Kasserar
Eli Kriken (Hornindal IL)
Sekretær
Paul Skrede (Hardbagg IL)
Marknadsjef John Roger Meland (Markane IL)
Siste året har det vore 6 styremøte. Dessutan har ein del saker vorte drøfta og avgjort på
telefon. Styret har handsama 34 saker, mellom anna:
- Godkjenning av arbeidsavtalar med trenarane
- Retningsliner for tillitsvalde mellom løparane
- sponsoravtalar og økonomi
- sekundering på renn
- samarbeidet med Stryn vgs
-
25-årsjubileum for Nordfjord Team
samarbeidet med topp-idrettsprosjektet
utstyrsavtalar
samlingsplan for 2011-12-sesongen
STØTTEAPPARAT
Hovudtrenar jr/sr: Anders Vonheim
Assistent-trenarar jr/sr: Hans Erik Rand og Marianne Roset
Rekrutt-trenar: Hans Erik Rand
Arbeidsgjevaransvaret vert vareteke i samarbeid med Markane IL.
Jr-gruppa har vorte så stor at vi satsar på at det alltid skal vere med ein assistenttrenar på
samlingar.
Ein avgjerande føresetnad for at teamet skal fungere er at foreldra etter tur har vore med som
støtteapparat på nasjonale renn.
Sekundering
Vi har som mål å gje løparane sekundering under renn. Det er ei stor utfordring, både å ha nok
mannskap i støtteapparatet og med å finne gode tekniske løysingar.
Vi har satsa på sekundering ut frå arrangøren sine LIVE-resultat. Teamet har abonnement på
mobilt breiband hjå ICE. Og vi har ei stor ekstern antenne liggande i bussen som kan nyttast
dersom det er dårlege mottakarforhold.
Vi har brukt jaktradioar som kommunikasjonsutstyr.
Det kjem stadig betre tekniske løysingar for sekundering ut frå LIVE-resultat på nettet Men
når vi ikkje har nett-tilgang eller arrangøren ikkje kjem ut på nett, er vi avhengig av
sekunderingsklokka. Då er det viktig at det er fleire i støtteapparatet som kan handtere
sekundering med klokke.
Årsrapport om NT buss og smørjing
Sesongen starta med Eu kontroll. På veg til kontroll mista den eit bakhjul, så det vart hektisk å
få bilen i drift til første NC-cup. På Eu kontrollen var det ein del merknadar på bremser. Dette
vart reparert av Arve Hafsås. Takk til han.
Bilen var med på alle NC-renna. Elles var bilen på hovudlandsrennet. Einaste turen den ikkje
fekk med seg var Senior-Nm
Før neste sesong må bilen Eu-godkjennast(kvart år). Ein bør også få reingjort
varmeapparatet(motor), då det var ein del plage med dette tidlig i sesongen. Elles bør ein
kjøpe inn ei ny friskluftsmaske, den eine er kaputt.
Reiser.
Helge Otterdal og John Roger Meland har gjort ein stor innsats med å skaffe overnatting til
renna.
Denne sesongen har vi nytta privatbilar til alle renn. I tråd med vedtak i styret, har vi ikkje
organisert køyring med heilt unge sjåførar.
Heimesida www.nordfjordteam.no
Vi godt nøgde med heimesida. Den vert jamleg oppdatert. Under dei nasjonale renna kjem det
raskt resultat, bilete og kommentarar. Heimesida har hatt om lag 7500 besøk i denne
årsmeldingsperioden, og 52700 besøk sidan oppstarten i 2006.
Vi takkar Knut Ove Grodås for stor innsatsen med heimesida.
Sponsorar.
Hovudsponsorane dette året hare vore Statkraft, Sparebanken Vest, Stihl, Skogstad, Tenden,
Stryntrappa,Normatic og Ekornes. Vi har òg hatt mange andre sponsorar med rullerande
annonsering på heimesida, og nokre utanom. I løpet av sesongen gjekk kontrakta med
Sparebanken Vest ut, dei bestemte seg for ikkje å fornye kontrakta frå 01.01.12. Dei har i
fleire år betalt kr 50 000 pr år, eit svært viktig bidrag til teamet .Då vi ikkje lukkast med å få
med ein ny storsponsor midt i skiskyttarsesnongen gav vi i februar SPV tilbod om å vere med
ut sesongen for ein redusert pris . Dette takka dei ja til.
Heretter prøver vi å få alle sponsorkontrakter til å følgje skiskyttaråret som går frå 1. mai til
31. mars. Nye storsponsorar for denne sesongen var Stryntrappa, Tenden og Skogstad.
Stryntrappa teikna 3 års avtale for sponsing av teamet. Skogstad sponsa flotte jakker til alle
utøvarane, disse jakkene vart veldig populære og dermed mykje nytta. Også foreldrene fikk
tilbod om å kjøpe disse jakkene til redusert pris, noko som svært mange gjorde.
Frå Statkraft fekk vi også i år svarte vestar, vi sette på dei trykk med alle storsponsorane våre.
Saman med jakka vart dette ei fin "uniform" som utøvarane våre var stolte av å gå med.
Nytt av året var også avtalen vi fekk med fleire lokale og regionale aviser. Vi har kontrakt
med Fjordingen, Fjordabladet, Firda, Fjordenes Tidende og Sunnmørsposten. Dei betalar alle
for logo/link på heimesida vår. Som gjenyting sender vi systematisk bilder av våre utøvarar
når dei er ute og går nasjonale renn. Dette har medført god mediedekning av løparane våre,
som oftast med sponsormerka godt synlege. Eg har fått tilbakemelding frå fleire av
hovedsponsorane som er godt nøgde med profileringa dei får gjennom å sponse oss.
Til slutt må det nevnast at i april fekk vi tilsagn om 50 000 kr frå Sparebanken Sogn og
Fjordane, Sparebankstifitnga. Dette for å gjennomføre eit prosjekt som skal gjere Team
Statkraft Nordfjord til det "mest treffsikre teamet i Norge". Disse pengane vil kome vel med i
sesongen 2012-13.
Utstyrsleverandørar.
Vi har fått gode avtalar og tilbod på relevant utstyr gjennom Ytre-Eide Sport (Sport1) i Stryn ,
G-sport i Stryn og Chatlet (Sport1) på Eid.
Gjennom Per Knut Åland har vi fått gode avtalar på produkt frå Rode.
Skogstad i Innvik har sponsa teamet med gode jakker.
Takk til Hermann Erdal, Våpenloftet Førde, for ei god avtale om vedlikehald av våpen!
Madshus har denne sesongen nytta ein ny strategi der dei har stramma litt inn på kontraktane.
Dei sende sjølve ut tilbod om kontrakt direkte til løparane etter resultat i einskildrenn. Dette
vart følgd opp i nokon grad av oss for å få med nye rekruttar og retta eventuelle feil i deira
uttakskriteriar.
TRYGGLEIK
Rulleskibana på Ullsheim vart opna i juni 2011. Det har vore eit viktig tiltak for å auke
tryggleiken. Løparane heldt tale på vegner av Teamet og overrekte gåve til Markane IL.
Desse reglane gjeld for å betre tryggleiken under trening:
- Alle løparane skal nytte hjelm på rulleskitrening, og dessutan refleksvest på offentleg veg..
- Eigentrening med våpen på trening og samlingar der Nordfjord Team er arrangør, er ikkje
tillatt. (jfr DFS skyttarbok 8.131)
Styret har gjort vedtak om å ikkje organisere transport til renn utanfor krinsen med heilt unge
sjåførar.
TRENINGAR, SAMLINGAR OG KONKURRANSAR
Rekruttgruppa
Denne sesongen har det vore 19 løparar på rekruttgruppa. Der har vore totalt 7 samlingsdagar,
6 på barmark og 1 på snø, for teamet. I Juni var der ei 3-dagers samling i regi av
skiskyttarkrinsen der alle nordfjordteam løparane kunne delta og hovudtrenar for rekrutt var
til stades. Tilbudet til rekruttane vart då på 10 samlingsdagar gjennom sesongen. Hovudtrenar
for sesonger var Hans-Erik Rand. Han var til stades på alle samlingsdagane og på
hovudlandsrennet på Røros. Foreldre var med på samlingane og sytte for at der alltid var to
vaksne til stades på standplass. 16 Løparar var med på hovudlandsrennet.
Junior/senior:
Samlingar og konkurransar
sesongen 2011/12
Samling Ullsheim, Mai
Samling Ullsheim, Juni
Samling Sjusjøen, Juli
Samling Ullsheim, August
Samling Ullsheim, September
Sommer NM Meråker, September
Samling Vik, Oktober
Snøsamling Dombås, November
NC senior Geilo, November
NC Lygna, Desember
NC Simostranda, Januar
NC Lillehammer, Januar
NC Orkdal, Februar
Junior NM Stryn, Mars
Senior NM Trondheim, Mars
Ant dager, Ant dager,
samling
konkurranse
3
3
5
4
4
3
5
5
3
3
4
4
3
4
6
29
30
Prosjekt Toppidrettsutvikling
Nordfjord Team er med i prosjektet ToppIdrettsUtvikling som vert drive av toppidrettsmiljøet
i Sogndal med økonomisk støtte frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Gjennom dette prosjektet
har løparane gjennomført O2-test, laktattest og staketest.
RESULTAT
LANDSDELSMEISTERSKAP, NASJONALE OG INTERNASJONALE RENN.
Rekruttgruppa.
Aina Sofie Bakke vart dobbel vestlandsmeister, og Andrea Skeide Bakke tokl to sølvmedaljar.
VestlandsResultat Rekrutt:
Hovudlandsrenn
Kvalfoss-sprint
meisterskap
Henrik Grodås
71-66
25-70
4-2
Sigurd Kjellstad
104-105
Lars Kvam Karbø
76-81
Jørgen Ringdal Sæter
87
72-83
Anne Grete K. Langleite
50
7-5
Gaute Bø
101-87
6-6
Torgeir G Hauso
56-76
3-3
Aina Sofie Bakke
15-5
6-11
1-1
Andrea Skeide Bakke
11-8
3-7
2-2
Jørn Smørdal Botn
23-48
47-37
6
Anna Amalie Espe
56-61
Erik Raknes Forthun
42-61
14-30
9-12
Georg Kristian Halsteinslid
71-79
50-51
15-6
Sindre Kristoffer Kiviranta
58-77
Håkon E Kjellstad
100-109
Erlend Solhaug Myklebust
21-33
36-8
5-10
Emil Skrede
20-20
Fredrik Munch Starheim
86-15
13-19
6-4
Inga Elise Vik
45-24
3-5
Jr-sr-gruppa ”Team Statkraft Nordfjord”
Teamet har nok ein flott sesong bak seg, resultatmessig òg. Tabellen under talar for seg.
Vi framhevar her at vi har 11 fyrsteplassar i Norgescup-renn, heile 5 gullmedaljar frå
sommarNM ( 2 til Isak Flo Bødal, 1 til Heidi Flo Bødal og 2 til Johannes Thingnes Bø) og 3
gullmedaljar frå jrNM (1 til Johan Eirik Meland og 2 til Johannes Thingnes Bø). Under srNM
tok Tarjei Bø kongepokal på normalen.
I NorgesCupen (Statkraft Junior-cup) vil vi framheve at Johan Eirik Meland vart samanlagtvinnar i sin klasse for andre året på rad. I tillegg er det mange av våre løparar som har gode
plasseringar på samanlagt- lista: Mari Sollid Eide 7. plass i K17, Heidi Flo Bødal 8.plass i
K18, Helene Støve Otterdal 9.plass i K18, Isak Flo Bødal 2. plass i M17, Lars Midthjell
Gjørven 9. plass i M17, Trygve Aaland Tryggestad 11. plass i M17, Johannes Thingnes Bø
7.plass i M19 (med 5 renn der han ikkje deltok) og Jarle Midthjell Gjørven 11. plass i M19.
Sommar
Senior
Vestl.
NM
Jr.NM NC
NM
M
Isak Flo Bødal
1-1
6-20
3-1-7-1-6-1-4-5-15
Mari Sollid Eide
14-15 7-4-18-1-25-52-11-17
Lars Midthjell Gjørven 11-13
16-16 41-5-20-7-7-8-25-12-18
Kristin Heggen
23-13 34-21Helge Kvam Karbø
31-29
20-26 18-34-11-18Sindre Olsen Skrede
60-59 56-402-2
Trygve Aa. Tryggestad
37-51 14-16-5-25-25-13-7-6-8
Steinar Åland
61
58-53-57-535Helene Støve Otterdal
11-10
12-10 1-11-11-8-7-10-18-16-4
Emilie Houm Otterdal
23
30-18-6-19-19-7-12-14Janne Alsaker
29-25 27-29Johan Eirik Meland
7-4
1-8
1-5-1-2-1-4-2-8-3
34Heidi Flo Bødal
1-3
16-23 6-7-12-1-8-6-11-6-14
Vebjørn Hjelle
45-53 11-30-20-37-20-33Johannes Thingnes Bø 1-1
1-1
2-1-13-1
16-6-6
Jarle Midthjell Gjørven 2-2
14-27 19-18-14-11-7-16-8-8-10
31-41
Runar Netland
19-23
39-41 31-38-33-34-22-2673-132Pål-Andre Skrede
15-10
27-8
50-45-47-25-17-12-30-33-16
47-1111-1
Geir Olav Roset
46-48 53-34-34-44-44-38-38Merete Heggen
17-19 19-11Ole Martin Erdal
2-8
32-35 27-21-17-19-33-8-18Sigrid Hjelle
10-7
9-7-8-5-9-7-10-1114-25-17
Stafett
Med eit reint juniorlag kom Sogn og fjordane på 7. plass i stafetten under NM senior. Tre av
desse løparane kjem frå Nordfjord Team: Johan Eirik Meland, Jarle Midthjell Gjørven,
Johannes Thingnes Bø.
Under junior-NM i Stryn tok Sogn og Fjordane gull i stafett M 17 – 21. (Jarle Midthjell
Gjørven, Johannes Thingnes Bø, Ole Martin Erdal og Håvard Gutubø Bogetveit)
Vi henta heim NM-sølv frå mix 17 – 19 -stafett på Lillehammer. (Heidi Flo Bødal, Johan
Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven), og i mix 17 – 21 tok Håvard G Bogetveit, Helene
Støve Otterdal og Ole Martin Erdal
Internasjonalt:
Johannes Thingnes Bø kom heim frå Europeisk Ungdomsmeisterskap i Brezno-Osrblie med
bronse frå jaktstarten, sølv frå normalen og med gullmedalje frå mix-stafetten
Han vart tre-dobbel junior-verds meister i Kontiolahti med gull på sprint, jaktstart og stafett,
og dessutan ein 4. plass på normalen.
Tarjei Bø kom på 7.plass i verdscupen samanlagt. Han har ein 1. plass og to 2. plassar i
verdscup-renn denne sesongen. Og han var med og tok VM-gull i stafett i Ruhpolding
25-ÅRS-JUBILEUM
I 2011 var det 25 år sidan nokre eldsjelar starta opp Nordfjord Team, som det fyrste teamet
innan skiskyting i landet. Styret sette ned ei nemnd til å arbeide med jubileet. Fyrst var det
planlagt ein jubileumsfest i oktober. Men denne vart avlyst p g a svak påmelding. Vi var
samde om å flytte festen til romjula
30. desember var det jubileumsfest i Rand grandahus med om lag 100 deltakarar.
NSSF var representert ved styremedlem Jarle Tvinnereim.
Per Kjell Åland vart tildelt NSSF’s Standard i samband med jubileumsfesten. Det er den
høgste utmeringa NSSF gjev, og Per Kjell Åland er den 12. einskildpersonen som får denne
utmerkinga.
Det var tale ved krinsleiar Leif Tvinnereim, som overrekte kr 2000 til miljøtiltak for løparane.
Leiaren i teamet heidra dei eldsjelene som starta opp teamet med blomar og stor takk: Arve
Heimdal, Jarle Tvinnereim, Leif Tvinnereim og Per Kjell Åland. Styrken til Nordfjord Team
har i alle år vore at det er eit stort dugnadsprosjekt. Gjennom desse 25 åra er det svært mange
personar som har lagt ned ein stor innsats og mykje arbeid for teamet. Dette vart markert ved
at alle i festlyden fekk utdelt kvar sin Nordfjord Team-nål.
Edvard Tvinnereim og Hans Erik Rand var programleiarar. Oppstarten av temaet var
dramatisert, det var kåring av dei 10 største tabbane i teamet si historie, og frå scenen fekk vi
framført to spesialskrivne songar om teamet og om team-bussen. Det var lysbilete-kavalkade
ved Vebjørn Hjelle, og underhaldningsinnslag ved Johan Eirik Meland og Johannes Thingnes
Bø.
Takk til mange gode krefter i Randabygda som sytte for serveringa og fantastisk
underhaldning! Som takk for det dei gjorde, har Hardbagg IL fått halvparten av overskotet frå
festen.
OPPSUMMERING:
Denne sesongen har vore prega av stor aktivitet med meir enn 45 aktive løparar og eit stort
støtteapparat.
Resultatlista syner at Nordfjord Team gjennom 25 år har løfta skiskyttarsporten i Nordfjord til
eit høgt nasjonalt – og internasjonalt - nivå.
Vi har vinnarar frå Noregsmeisterskap sommar og vinter, og vinnar av Noregs-cupen i M18,
og dessutan mange svært gode plasseringar.
Nordfjord-klubbane har tre løparar som har konkurrert internasjonalt i regi av NSSF. Vi er
stolte over dei flotte prestasjonane deira, og ynskjer lukke til på elite-landslaget komande
sesong.
Det er inspirerande for løparar og heile skiskyttarmiljøet i Nordfjord at vi har fleire løparar
som hevdar seg både på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Resultata syner at arbeidet som vert drive i klubbane og i teamet er godt.
Men det viktigaste er likevel det gode og trygge miljøet og den sunne aktiviteten som
løparane våre får vere med på.
Rekneskapen for 2011-12 syner at vi har ei omsetnad på 540 841,55. Det har vorte lagt ned
mykje arbeid i å auke sponsorinntektene og betre kontakten med sponsorane. Men vi har høg
aktivitet, og går ut av sesongen med ein underbalanse i rekneskapen på kr 10 223,05.
Skiskyting er ein idrett som krev kostbart utstyr og det er store utgifter i samband med
treningssamlingar og renn.
Vi vil takke sponsorane våre for deira bidrag som er verdifulle for å halde kostnadane
nede for dei einskilde løparane.
Takk til trenarane for den store innsatsen dei legg ned for ungdomane våre!
Takk til alle som har vore med i støtteapparatet på ein eller annan måte!
Og takk til løparane for god innsats. Lukke til med komande sesong!
Årsmeldinga er vedteken av årsmøtet i Nordfjord Team Skiskyting /Team Statkraft Nordfjord
Hornindal 24. mai 2012
TAKK TIL SPONSORANE VÅRE:
- OG ALLE DEI ANDRE SOM STØTTAR OSS.