Årsmelding Rosendal Skulekorps 2012 Organisasjonen 2012: Leiar: Nestleiar: Kasserar: Skrivar: Styremedlem: Martha Skeie Olsen (1 år) Annbjørg Fossberg (1 år att) Ann Torunn Bauge (2 år) Kjersti Bennæs (1 år att) Inger Johanne Hauge (2 år) 1.vara: 2. vara: 3. vara: Rannveig Helleland (1 år) Trine R. Grøtte (1 år) John-Arne Olsen (1 år) Tillitsvalde i korpset: Vilde Skåle Julie Skeie Olsen Dirigent: Ingrid Leiråmo (vår) Franz Roberg (haust) Material- note og instrumentnemnd: Inger Johanne Hauge (2 år) Annbjørg Fossberg (2 år) Uniformsnemnd: Rannveig Helleland (2 år) Lotterinemnd: Inger Helene H. Hjelmeland (2 år) Gunn Marit Flatland (2 år) Loppenemnd: Kjersti Bennæs (1 år) John-Arne Olsen (1 år) Terje Helleland (2 år) Brit Enes (2 år) Lars Arve Flatland (2 år) Tommy Grøtte (1 år att) Aktivitetar våren 2012: Året starta med Hot’n Funky seminar 12.-14. januar saman med Uskedalen Skulemusikk og Langeland Skulekorps på Stord. Vi reiste til Stord fredag ettermiddag og kom heim søndag kveld etter ei oplevelsesrik helg! 9.-10. mars hadde vi eit lite seminar på Malmanger skule i samband med førebuing til konsert i slutten av månaden. 26.mars inviterte vi 2. og 3. klassingar på skulane til rekrutteringssamling i samfunnshuset. Foreldra fekk litt informasjon om skulekorpset, ungane fekk høyra korpset spela og høgdepunktet var nok då dei fekk prøva instrrumenta sjølve. 26. april hadde vi torsdagskonsert med åresalg, kaffi og kaker. Mange gjester samla i salen til halvannan time med kjekk musikk, kaffi, kaker og åresal. Pirates of Caribbean, Disney, Hot`n funky, Flintstones, Harry potter, Rosa panteren, Can you feel the love tonight, sto på repertoaret. 17. mai med tradisjonell speling i Mauranger og Rosendal. 24.mai avslutta vi sesongen med samling i Neslia for alle medlemmer og foreldre. 17.-19. juni reiste ein god gjeng på blåtur. Etter diverse stopp og avledningsmanøvrering av tursjef Inger Johanne, havna følgjet på Gol. Ein flott avslutning på vårsesongen! Aktivitetar hausten 2012: 23. august var første øving med ny dirigent for sesongen, Frans Roberg. 28.-30. september reiste skulekorpset til Karmøy Brassfestival i Kopervik. Her var fleire hundre musikantar samla til speling heile helga, avslutta med konsert søndag ettermiddag. 25. oktober samla vi mange i samfunnshuset til ny torsdagskonsert med god musikk, kaffi, kaker og åresal! Vi spelte Sir Duke, Pirates of the Caribbean, Burobengen, Swingin safari og Peter Gunn theme. 10. november var det klart for årets høgdepunkt for mange, loppemarknaden. Mange dugnadstimar blei lagt ned dagane før i tillegg til sjølve loppemarknadsdagen, men jammen er det moro og! 22. november var vi med på opning av julegata i Rosendal med påfølgjande øving etterpå. 23.-25. november hadde vi juleseminar på Malmanger skule. 2. desember spelte vi på Rosendal Musikklag sin julematine. 16.desember med julekonsert i Kvinnherad Kyrkje vart siste speleoppdrag denne hausten. Medlemer 2012: Bauge, Adele Bauge, Henrik Bennæs, Anders Bennæs, Helene Brakstad, Anna Kristina Brakstad, May Beate Enes, Mette Fossberg, Audun Flatland, Eline Vestvik Grøtte, Maren Røyrvik Helleland, Amalie Helleland, Sander Elias Hjelmeland, Amund Mehl, Alette S Mehl, Jonas Are Mælen, Nora Olsen, Julie Olsen, Mathilde Pedersen, Hilde Marie Pettersen, Aleksander Skåle, Vilde Vestbø Storegjerde, Torbjørn Torjusen, Sebastian L. Torjusen, Tobias L. Ulvestadbakken, Sigmund Bleie Ulvesæter, Lena Kornett Slagverk Kornett Kornett Kornett Baryton Baryton Tuba/slagverk Althorn Kornett Kornett Kornett Trombone Baryton Kornett Althorn starta hausten 2012 Euphonium Althorn Kornett Euphonium slutta våren 2012 Flygelhorn Slagverk Tuba Trombone kornett kornett starta hausten 2012 slutta våren 2012 Tilgang i korpset hausten 2012: Nora Mælen og Sigmund Bleie Ulvestadbakken starta i korpset etter endt aspirantopplæring i Kulturskulen. Avgang 2012: Ingen gjekk av ved oppnådd aldersgrense. Aleksander Fredheim Pettersen og Lena Ulvesæter slutta i korpset våren 2012. Aspirantar 2012/2013: 8 aspirantar følgjer aspirantopplæringa i Kulturskulen sesongen 2012/2013. Desse vil vi prøva å integrera i korpset i løpet av våren 2013. Styret: Styret har hatt 10 styremøter i 2012. Oppsummering av 2012 Ingrid Leiråmo dirigerte skulekorpset vårsesongen 2012. Ho dirigerte skulekorpset på alle tilstellingar i vårsesongen. Korpset fekk gjennom Kulturskulen ny dirigent hausten 2012, Franz Roberg. Korpset har hatt fellesøving kvar torsdag 1730-1930 i Rosendal Samfunnshus. I tillegg kjøper korpset tenester frå Kultutskulen til gruppeøvingar kvar måndag. Gruppeøvingane har vore haldne på Malmanger Skule. Seminara i løpet av året vart haldne på Malmanger Skule. Skulekorpset fekk etter søknad tildelt kr 27.000,- frå Sparebank1-stiftinga til hettejakker/gensarar. Loppemarknaden var tradisjon tru, haustens store arrangement. Nok ein gong hadde vi høg omsetning og mykje folk innom samfunnshuset denne dagen. Styret takkar alle foreldre, musikantar og andre hjelparar for ein framifrå innsats i samband med loppemarknaden! Skulekorpset deltok tradisjon tru på julegateopning, musikklaget sin julematinè og julekonsert i kyrkja. Styret takkar alle for innsatsen i 2012 og ser fram til eit godt samarbeid i året som kjem! Rosendal, 21.02.2013 Martha Skeie Olsen
© Copyright 2024