BRODDNYTT OKTOBER 2014-kontrast2

Brodd-NYTT
Nr.2
OKTOBER 2014
28.ÅRG.
Kjære Broddarar!
Hausten måtte kome i år òg.
Vi har hatt eit fantastisk veir lenge.
For siste halvår har det vore små
utfordringar for dei som likar uteaktivitetar.
Og det gjer vi sjølvsagt alle!
Sommaren starta med godveir i mai og heldt fram med rekord-varme i juni, juli og
august. Og jammen har september også bydd på sommartemperaturar som vi sjeldan
har opplevd maken til. Her har nok vore dagar med unntak, men dei er ikkje mange.
Med dette veiret har vi også kunna vore aktive både på bane, i ring og i skog og fjell.
Friidrett kast på Loggane har hatt rekorddeltaking i trening og konkurransar.
Barnefotballen med knøttelag og jenter i seriespel, held framleis god stand, og
Fjelltrimmen har vel aldri hatt så mange topp-tur noteringar som i år. Jau, det er liv i
Brodd!
Fjelltrimmen veks framleis! Vi kan allereie no meddele at aldri før har det notert seg så mange besøk
på våre trimpostar som i år. Vi må nok kunne seie at det å kunne notere seg i ei Brodd-trimbok er
motiverande for mange og ei god unnskyldning for å kome seg ut. Postane som vi har er dekkande for
både unge og eldre, trimmarar og hardhausar. Vi styrkjer folkehelsa! For Brodd er dette moro, men
også krevande for dei som halde orden på trim-reikneskapen. Vi har kring 10000 registreringar i våre
bøker, så vi skjønar alle at dette betyr mykje arbeid å finne ut av. Feil summering kan vere svært
alvorleg…
Brodd Friidrett
Brodd Fotball
Mange gode friidrettsresultat frå
Gloppenmeisterskapet,
Sparebankleikane og
UM i Haugesund.
Knøttefotball og
lag i serien jenter
11 år.
Noregsrekord på Loggane
& Loggane open større
enn nokon gong!
Jonas, Håvard, Johan, Mathias, Julie og Gulisara
Les meir på side 2 og 3
Foto: Inger Haldis Lothe
Brodd Fjelltrim / trimgruppa
GEOREG Registreringssystem for fjellturer
Brodd med i pioner-prosjekt – Les meir på side 5
Ludvig Gimmestad i fint driv
med ballen!
Les meir om Broddfotballen på side 4
og 5
MEDLEMSKAP I BRODD
I desse dagar vert det sendt ut innbetaling for medlemskap i Brodd. Det er veldig verdifult for
idrettslaget å behalde, og aller helst auke medlemstalet. Vi oppmodar om at flest mogleg
betalar medlemskap. Også dei som kanskje ikkje er så aktive, men som ynskjer å støtte
idrettslaget sitt.
Om du/de ikkje har motteke innbetalingsblankett, så kan de ordne det direkte i nettbanken.
Bruk kontonummer 3710.07.05312 og merk innbetalinga med «Medlemskap og ditt
namn/fam-namn». Satsane er:
Familie 500,- Vaksne 250,- Barn 100,Og til alle dokke som tippar: Hugs Brodd som grasrot-klubb.
Inntektene frå grasrotandelen er eit verdfult bidrag til drifta.
BRODD FRIIDRETT
Vi har lagt bak oss ein aktiv friidrettsesong, med stafettar, stemner og trening.
GLOPPENMESTERSKAPET
vart arrangert torsdag 15. Mai på Byrkjelo. Her var det dårleg
deltaking frå Brodd si side.Vi hadde fire aktive utøvarar med (dette
var den eine dagen med dårleg veir…)
Julie Kristin Skjerdal utmerka seg med ein sterk 1.plass på 60m,
med tida 10,50. Ho fekk og ein fyrste plass på 600m med den sterke
tida 2,14 min. I kule vart det same plasseringa, med eit støt på 5,76
m. I tillegg fekk ho ein 2.plass i lengde med 3,14 meter.
Jonas Arnestad fekk to fyrsteplassar. Ein i høgde med eit hopp på
1,05 og ein i liten ball, med eit knallgodt kast på 30,06 m.
Hans Sande fekk og to fyrsteplassar. I diskos kasta han 41,08m og
sleggja gjekk 57,78m.
Evald Osnes Devik tok ein andreplass i slegge, med 57,06m.
SBAREBANKLEIKANE
Sparebankleikane gjekk av stabelen 4.-6.juli. Her
stilte Brodd sterkt med mange gode utøvarar. Her
er nokre resultat derifrå:
Julie Kristin Skjerdal imponerte stort med ein
suveren fyrsteplass på 60m hekk med tida
12,51sek. Elles fekk ho ein fin 2. plass på 60m. og
ein 5. plass i lengde.
Mathias Lothe fekk 2 fyrsteplassar, på 60m med
tida 9,14 sek, og i høgde med eit hopp på 1,20m.
Jonas Arnestad fekk 2.plass på 60m med tida
9,44 sek, og 2.plass på ein særs spanande 600m.
Han kom i mål på tida 2,05,49 min. I tillegg fekk
han ein 3.plass i høgde med 1,20m.
Håvard Lothe fekk ein fin 2.plass i spyd og
4.plass på 60m og i diskos.
Arne Osnes Devik fekk ein overlegen fyrsteplass
i slegge med eit kast på 44,80m
Av dei eldre utøvarane merkte Johan Lothe seg
ut som ein allsidig utøvar med gode resultat i
fleire ulike øvingar. Han fekk heile 4
gullmedaljar. 100m på tida 12,66 sek., diskos med
eit kast på 33,83m, lengde med 5,28m, og spyd
32,47m etter eit avgjerande sistekast etter ein
briefing med faren.
Elles var Nora og Kristina Eide, Gulisara
Panyarat, Emilie Engelbrektson og Susanne
Skjerdal, som er aspirantar med på 60m og
lengde.
Alle gjorde ein kjempeinnsats!
Sparebankleikane 2014 på Byrkjelo
Alle foto: Inger Haldis Lothe
UM FRIIDRETT I HAUGESUND – 3 Medaljar til Brodd!!!
Under UM i Haugesund 5.-7. september stilte Brodd med 3 deltakarar, det vart medalje på alle:
Johan Lothe(15) slo til med 5 meter pers og tok bronse med 38,90 i diskos. I lengde klaffa det ikkje
heilt i tilløpet, det vart 12. plass med 4,78.
Hans Sande(18/19) fekk medalje i "feil" øving: bronse i diskos 1,75 kg med 43,20. I kule vart det 4.
plass med pers på 12,80, og i slegge vart det 5. plass med 56,77, eit stykke bak persen på 59,96.
Evald Osnes Devik(18/19) tok sølv i slegge med 59,51. I kule vart det 7. plass med 10,55.
3 medaljar til 3 utøvarar. Flott innsats av Brodd! Vi gratulerer dei alle 3 og ikkje minst støtteapparatet!
TRENING PÅ LOGGANE
Vi har hatt treningar på Loggane torsdagarkl. 18.00, for dei yngste under 10 år. Det har vore litt
varierande oppmøte. Gjennomsnitteleg mellom 6-8 stk. Her har vi trent på sprint, reaksjon, lengde og
liten ball. I tillegg til litt drill/teknikk, stafett-trening og leik.
LOGGANE OPEN
Loggane har no fått sin første norske rekord på junior/seniornivå!
Tidlegare er det sett fleire norske aldersrekordar i slegge, m.a. av Trude Raad og
Beatrice Llano(Laksevåg) og i år av Ørjan Rygg.
Den 3. august i år sette Svein Martin Skagestad(19) frå Loddefjord norsk
juniorrekord i kule med resultatet 18,84. Skagestad er dessutan ein sterk
diskoskastar, han tok bronse under U20-VM i USA denne sommaren. Persen med
1,75 kg diskos er 65,66, det er også norsk juniorrekord.
Foto: Jørund Årdal
OLDENSTAFETTEN OG BREIMSTAFETTEN
Søndag 27.april var det duka for Oldenstafetten i nydeleg vårver og
med fin sommartemperatur i lufta.Vi var ein fin og forventningsfull
gjeng som reiste innover. Utøvarane hadde eit godt støtteapparat rundt
seg med foreldre, heiagjeng og trenarar. Johan Lothe - Håvard Lothe Runar Hellerud - Julie Kristin Skjerdal (for ein skada Mathias Lothe) Jonas Arnestad
Vi gjorde ein god stafett og var framme i teten i midten av stafetten.
Alle gjorde sitt beste og vi enda på ein 5.plass etter fotofinish, der vi
tevla om 4.plassen. Kun 9 sekund ifrå teten. 10 gutelag var
med denne gongen, og Hyen sikra sigeren.
Breimstafetten gjekk av stabelen søndag 4.mai.
Det var vanskeleg å få fullt lag, så vi lånte Jørgen Myklebust frå Ålfoten
på sjuande etappe. Elles er her berre broddarar. Også denne stafetten
vart spennande. Vi var med på å kjempe i teten heile vegen, og veksla
som nummer to ved siste veksling. Mathias sprang oss då opp på
fyrsteplass, men så kom der eldre og sterkare løparar etter og tok oss
igjen, men det vart ein fin-fin fjerdeplass. Det var vi godt nøgde med.
Pokal vart det også! Dei som sprang var: Johan Lothe, Håvard Lothe,
Erik Koopmans, Jelle Koopmans, Mathias Lothe, Jonas Arnestad,
Sander Skogli Rauset og Jørgen Myklebust. Foto: Inger Haldis Lothe
For Friidrettsgruppa i Brodd v/ Daniel Dyrnes og Jørund Årdal
BRODD VEKTLØFTING
Brodd Vektløfting kan vise til ei imponerande utvikling frå oppstarten for berre nokre få år sidan.
Utøvarane har henta heim edelt metall både individuelt og for lag i nasjonale og nordiske stemner. No
har tyngda i utøvargruppa vokse og blitt eit år eldre, og dermed har eit lag flytta seg opp i juniorklassa.
Her blir nok konkurransen enno tøffare, men vi er veldig spent på kva Jørund kan få til
med Evald, Hans, Peter m.fl. i denne klassa. Evald er tilbake i Brodd-drakta etter eit
lite låne-opphald i Tamerskjelvar. Vi i Brodd er svært nøgde med å ha han med tilbake
i vektløftargruppa vår. Vi skal også følgje spent med på dei yngre klassane, det
vert meldt om god trening og fin utvikling.
Vektløftarane takkar
SFE for støtte i 2014!
Brodd Knøttefotball 2014
Nok ein sommar er over, og som vanleg er det fotballen
som har vært hovudaktiviteten i gruppa. Ca 30 ungar har
trena på Loggane denne sesongen. Vi har delt desse i 3
grupper (6-7år, 8-9 år, og 10-11 år). Dei 2 yngste gruppene
har 1 trening i veka, medan dei eldste har 2. Det har som
vanlig vært stor innsats og ungane har kosa seg på
treningane. Dei minste har deltatt på 4 turnerigar i løpet av
sommaren (Sandane, Breim, Innvik, Skei). Vi har stillt
med 4 lag på kvar av dei. Det er gutar 6 år, gutar 7 år, og 2
lag jenter 8 år. Det har vært mange oppturar og nokre
nedturar, noko som er viktig for ungane å lære seg. Desse
turneringane er svært sosiale både for foreldre og barn.
Sesongen blir som vanleg avslutta med pizza-fest i
Runnevang.
No startar snart treningane i Runnevang igjen, og her blir
det allidrett og handball som blir prioritert. Håpar mange
kjem og blir med i år også.
Alle foto: Bjarne Rygg
Brodd fotball - 11 år jenter (fødd 2003/2004)
Jenter 10-11 år (2003-2004) har også i år spelt
seriefotball. Dei har spelt mot Sandane, Breim, Loen,
Stryn og Eid. Her har Tom vore og myndig og dyktig
trenar! Jentene har fått mange fine resultat både heime
på Loggane og på bortebane. Det å spele serie er både
morosamt og lærerikt, så dette er noko vi må prøve og
få til ved fleire høve. Ein ekstra takk til Tom som har
brukt mange timar av fritida si på jentene. Og det er
vel fyrste gong i Brodd-hitoria at vi stiller med 11-års
jente-lag i serien, eller?
Bak f.v. Emily Wilke, Emma Lothe, Leah Frøyseth, Ida Moen,
Tom Wilke. Framme f.v. Amalie Skeistrand, Rebecca Frøyseth,
Thea Rygg, Julie Skjerdal og Andrea Lothe
Trimsesongen 2014
Trimbøkene er no henta inn og oppsummeringa av poeng er i full gong. Aldri har det vel vore så
mange noteringar i trimbøkene våre? Det er vel litt tidleg å seie sikkert enno, men gruppa kan iallfall
melde om svarttrakka ræser og stadig utskrevne bøker. Mange born har fullført Mini- og JuniorHardhausen, og fyrste HHP markeringane kom allereie tidleg på sommaren. Kor mange og kven som
har mest, må vi vente til Broddmarknaden med å få svar på. Men det vi kan love er at det blir skjorter
og krus i fleng på Runnevang-scena også i år.
Det er no lagt ut nye trimbøker på postane, så det er ingen grunn til å legge seg nedpå.
Vi takkar
For god
støtte til
Fjelltrimmen
På Berdalsegga: Sunniva, Mathea, Ludvig, Susanne, Benedikte, Julie,
Kristina, Emily og David.
På Berdalsaksla: Maria, Oda, Thea, Hedda, Mari, Sofie, Selma, Andrea og Emma
Kontaktperson for trimgruppa: Arvid Lothe, mob 46982788 [email protected]
GEOREG Registreringssystem for fjellturer
Brodd har teke initiativ til å få opp eit system for registrering av trimpoeng. Bakgrunn for dette er
den store arbeidsmengda som det er for gjengen som skal summere og systematisere alle bøkene.
Og ikkje minst greie å tolke handskrifter og få rett notering. Vi har no vore med og fått utvika
Georeg. Eit system som ein v.hj.av mobiltelefon kan registrere seg på dei aktuelle postane ved å
sende ein SMS. Ein må på førahand installere ein app som brukast som verktøy ved sending. Det
må være ein smarttelefon med GPS. Ved registrering i systemet har du også tilgang til ei side der
ein har full oversikt over eigne turar og opptente poeng. I fyrste omgang er dette eit system som kan
nyttast ev dei som ynskjer det. Ein kan framleis notere seg i bøkene, men vi håpar at flest mogleg
kan gå inn på denne nye ordninga slek at vi får ned arbeidsmengda og sikrare summering.
Registrer deg i systemet allereie no: www.georeg.no
Vi kjem attende på Broddmarknaden med meir info om systemet, kostnad og bruk.
BRODDMARKNAD
Fredag, 21. november vert det Broddmarknad med basar og premieutdeling i
Runnevang. Sett av denne kvelden til basar-kos! Vi håpar på god oppslutnad!
TRENINGSTIDER RUNNEVANG HAUST/VINTER
KL.
17:00
Måndag
17:00
v/ foreldre &
evt. Firdaelevar
17:30
18:00
18:30
19:00
19:30
20:00
Knøttetrim
(barnehage-alder)
v/ Foreldre
18:00
19:00
Dametrim –
Sirkeltrening
v/ Hege Aagaard
Fredag
17:00
17:30
Turn/Allidrett
4-7. klasse
v/ foreldre &
evt. Firdaelevar
Handball jenter
2-4. klasse
Julie Varpe
+ foreldre
Onsdag
Allidrett
1-3. klasse
Terje Arnestad
18:30
20:00
Herretrim
Basistrening &
volleyball
21:00
Basis/–
Sirkeltrening
Ungdom og vaksne
v/Sølvi H. Sælen
(ledig)
20:30
Ballspel, etc.
Oppvarming til
Basis/sirkeltrening
19:00
20:00
Handball gutar
1-4. klasse
Basket
for interesserte
under eiga leiing
BRODD IL
Runnevang
Leiar: Bjarne Rygg - tlf. 91317988
Nestleiar: Egil Ravnestad
Kasserar: Hilde Mellingen
Sekretær: Liv Randi Teige
Styremedlemer: Alle gruppeleiarar
Bygda sitt hus for trening, kultur og sosial
samkome
Leiar: Pieter Koopmans, tlf. 95964499
Utleige: Ingeborg Dale, tlf. 97586093
Teknisk: Eirik Alf Rygg / Magnar Holme
Det Skjer i Runnevang 2014!
Fredag, 21. november:
Søndag, 30. november:
Laurdag, 27. desember:
Mandag, 29. desember:
Broddmarknad
Juleverkstad
Jule-Quiz med dans
Juletrefest
Våre sponsorar til denne utgåva
av Brodd-Nytt:
Accountor støttar Fjelltrimmen i Brodd!