Programhefte til konserten - Eikelandsfjorden Musikklag

SHOWKONSERT
i
Eikelandsfjorden samfunnshus
Laurdag 9. mars 2013
Program Showkonsert 9. mars 2013.
Eikelandsosen skulemusikklag og Eikelandsfjorden musikklag:
Kesaule
Ndihamba Nawe
Tid for FEST - marknad laurdag
13.april 2013
Mbabane
Brazzisimo
Aspirantane til Eikelandsosen skulemusikklag:
Funga Alafia
Nem Kuela
Knerteslåtten
Kor(t)pusten
Alle som har lyst til å delta kan melda seg på å få ha stand for å presentera
seg sjølv.
Det kan til dømes vera visevertar, lokale til utleige, tekst/sangforfattarar,
danseband/band, bunadsaum, dåpskjoler, mat, kan du brette flotte
servietter?! arrangerer du kurs,
alt som omhandlar tid for FEST! Påmelding: [email protected]
I saman med butikkane på Fjord`n senter ynskjer vi med dette og samla eit
stort tilbod
til dei som skal ha fest eller vil byrja å planlegga ein fest!
Brureslått frå Øre, Arr.Henning Sommerro
Vennskap, Tekst:Ulla Hornberg Arr. Joseph Haydn
Kor(t)pusten, korps og dansegruppe frå Fusa kulturskule:
Sister Rosie
Kongolela
Karibu
Kor(t)pusten og korps:
Sana sananina
Onsdag 10 april – blir det inspirasjon/ide kveld på
Tønnekafeen frå kl 17 til 19
- ta med dikt, bordkort, bøker, taler, songer
og andre ideer og erfaringer til den store dagen.
Litt om melodiane i programmet
Kesaule
Ein frisk afrikansk melodi som stammar frå Tanzania. Dette er ein afrikansk
arbeidssong. Arbeidarane brukar songen til å få rytme i arbeidet.
Kongolela
Kongolela blei skriven etter ein turné i Tanzania med The Brazz Brothers i 1998.
Komposisjonen har blitt ein liten "hit" i landsbyen Bagamoyo. Her blir det spelt og
dansa til Kongolela på den lokale skulen.
Brazzissimo!
Denne komposisjonen blei skriven i 2009. Masse rytmar både i blåsarar og slagverk.
Ein frisk og fengande "rytmepille" for korpset.
Knerteslåtten
Er eit solostykke skriven spesielt for dei ferskaste musikantane i korpset. I dette
tilfellet aspirantane i skulemusikken. Her får solistane laga små improviserte soloar.
Ndihamba nawe
Ndihamba nawe er ein afrikansk bryllaupssong og låten er blitt ein populær "hit" i
Sør-Afrika. Tittelen betyr noko slikt som «eg vil gå/vera med deg».
Karibu
Ein song som gjerne blir sunge til dei som kjem på besøk. Karibu betyr «velkomen»
på swahili.
Mbabane
Mbabane er skriven på bestilling av Brass Band Aid i England. Tittelen Mbabane er
namnet på hovudstaden i Swaziland. Komponisten prøver her å beskriva sine
inntrykk frå byen og stemninga der, inspirert gjennom sine besøk i byen.
Sana sananina
Ein lyrisk og vakker afrikansk melodi. Dette er ein gammal tradisjonell afrikansk song
der teksten betyr "eg er".
Sister Rosie
Komposisjonen er skriven av den verdskjende jazz pianisten Abdullah Ibrahim frå
Sør-Afrika. Inspirert av tradisjonsmusikk frå områda rundt Cape Town.
Alle musikkstykka er komponert/arrangert av Jan Magne Førde
EML 1926
EML 1962
Eikelandsfjorden musikklag
Eikelandsfjorden musikklag vart stifta i 1902 og er i dag det
eldste musikklaget i kommunen. EML har såleis samanhengande
i meir enn 110 år vore ein synleg kulturberar i bygdebiletet.
Samarbeid med skulemusikken slik som mellom anna konserten
i kveld, er ein viktig del av musikklaget sin aktivitet for å vera
med og bidra til å halda oppe rekrutteringsgrunnlaget vårt.
For tida er me inne i ein periode der me også svært
gjerne ynskjer oss fleire medlemar i meir vaksen alder.
Spelar du eit instrument?
Er du tidlegare musikant?
Då vil me gjerne ha deg med i laget vårt.
Me øver på tysdagar i samfunnshuset.
www.eikelandsfjorden.no
Kor(tpusten!
Koret starta opp som blandakor i 1990. Men i over 15 år har det vore
damekor, med songglade medlemmar frå heile kommunen. Dei to siste åra
har Torstein Hatlevik vore dirigent.
I tillegg til konserten i kveld er den neste store hendinga for koret
Landssongarstemnet i Ålesund i juni.
Eikelandsosen skulemusikklag
Eikelandsosen skulemusikklag vart starta i 1966 og er det einaste skulekorpset i Fusa
kommune. Medlemstalet har variert mykje, frå å telja ei handfull musikantar til å vera
eit stort korps med over 40 medlemmer. Mang ein eikelandsfjording har lært å spele
eit instrument og fått notelære i laget.
I dag har korpset 25 musikantar mellom 9 og 19 år, fordelt på 7 aspirantar og 18 i
hovedkorpset. Dirigenten vår heiter Lisbeth Sommerstad, ho kjem til Eikelandsosen
kvar tirsdag og har note- og instrument-opplæring med musikantane. Trond Koldal er
instruktør for slagverkarane i laget.
Skulemusikken er eit aktivt korps som er med på mykje. I haust hadde me bl.a.
seminar med Eirik Gjerdevik og Eikelandsfjorden Musikklag, deltok på
korpskonkurransen Sotra-festivalen 2012, skapte julestmning på Fjorden senter og
spelte julekonsert i Sundvor kyrkje.
I juni kvart år pleier laget å reise på tur med overnatting, dei to siste åra har me vore
på korps-festival på Voss. I år er det store målet å delta i NM for skulekorps i
Stavanger i juni.
Me likar å samarbeida med andre aktørar i nærmiljøet og har hatt konsertar og
arrangement saman med bl.a. Eikelandsfjorden musikklag, tubaisten Eirik Gjerdevik,
Bjørnefjorden Jazz-Ensemble, Kor(t)pusten, Nilsingers og elevar ved kulturskulen.
No ser me fram til SHOWKONSERT i
samfunnshuset! God konsert!
Go’laks
fra
Jan Magne Førde
Jan Magne Førde (1962) har arbeidd som profesjonell musikar og komponist i snart
25 år. Han er mykje brukt som solist og komponist/arrangør både innanlands og
internasjonalt, i tillegg til at han spelar i "The Brazz Brothers".
Han hadde sin debut som soloartist februar-96 med den kritikarroste CD'en "Enough
of that jazz". I 1998 kom hans andre CD "Domen" som m.a. vart nominert til
Spelemannspris og Edvardpris i 1998. Mange andre kjente artistar har og nytta seg av
Førde sitt trompetspel. Han har delteke på over 50 CD-produksjonar i tillegg til 14
CD'ar med "The Brazz Brothers".
Jan Magne Førde har skrive meir enn 250 komposisjonar og arrangement for alle
typar besetningar, frå mindre vokalstykke til bestillingsverk for symfoniorkester.
Fleire av komposisjonane hans har blitt svært populære, og blir spelt av ei rekkje
musikarar og artistar over heile verda.
All musikken som blir spelt på denne konserten er komponert/arrangert av Jan Magne
Førde.
www.janmagneforde.no
Dansetilbodet i Fusa kulturskule!
Me er glade for å ha vorte inviterte med eit innslag på skulekorpset sin konsert, og
har sett fram til det med mykje spenning. Temaet her er afrikansk musikk og me har
vald å nytta høvet til å presentera ein samanheng mellom tidleg afroamerikansk
tradisjon og streetdance slik den har utvikla seg fram til i dag gjennom hiphop og
break.
Kos dykk!
Beste helsing; Paul Merkesdal, lærar.
Basistrening: flyt og kontroll.
Kulturskulen i Fusa har gjeve undervisning i dans sidan hausten 2011 og har for tida
kring 20 engasjerte born frå 1. til 7. klassesteg. Undervisninga vert gjeve i grupper
som øver ein time i veka. Dei er primært delte etter alder men for skuleåret 2012 –
13 har me og hatt ei gruppe for gutar.
Undervisninga er lagt opp for å famne litt av breidda i dans for scene eller
framsyning. Me undervisar altså ikkje primært i ein bestemt retning, men har likevel
for det meste nytta hiphop eller streetdance i arbeidet med rytmikk, uttrykk,
kroppsmedvit og rørsledugleik. På eit litt høgare nivå vert det så og gjeve
undervisning i sjangerlære og kjenneteikn. (Grunnlaget for ein slik undervisning ligg i den
Frå ei undervisning som mest bygg på øving på koreografiar, steg og moves, visar me likevel
to bilete frå basistreninga, som her handlar om kroppskontroll og flyt.
pedagogiske retninga ”Modern Educational Dance”)
Frå ei undervisning som mest bygg på øving på koreografiar, steg og moves, visar
me likevel to bilete frå basistreninga, som her handlar om kroppskontroll og flyt.