RETURADRESSE: Prosit design og kommunikasjon as Pb.122,6659 Rindal Desember 2011 «Som lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli verande i mørkret.» Joh 12,46 Nr. 6 - 71. årgang Kling no, klokka! Kling no, klokka! Ring og lokka, ring og lokka frå tusen tårn! Tona om frelsa! Kalla og helsa, kalla og helsa med fred Guds born! Kling no, klokka! Ring og lokka, ring og lokka frå tusen tårn! Songar sæle, englemæle, englemæle med livsæl ljod! Far gjennom grender, strøym over strender, strøym over strender som toneflod! Songar sæle, englemæle, englemæle med livsæl ljod! Englar kveda: Høyr den gleda, høyr den gleda, som her er hend! Ljoset er runne, livet er vunne, livet er vunne: ein Frelsar send. Englar kveda: Høyr den Gleda, Høyr den gleda, som her er hend! Sjå, det dagast, snart det lagast, snart det lagast til høgtid ny! Då skal oss klokka leikande lokka, leikande lokka til helg i sky. Sjå, det dagast, snart det lagast, snart det lagast til høgtid ny! Elias Blix, Norsk salmebok nr.65. Kyrkjeklokker frå Stangvik og Gjøra Nytt Ny bibel, ny liturgi, nye tekster og ny musikk, og snart ny salmebok. Vi står framfor ei tid med mykje nytt i kyrkja vår. Det kan bli vanskeleg, men det kan også bli til inspirasjon, dersom vi har same haldning som den nye rumenske kantoren i Tingvoll, Ioana-Maria, som seier: «Det er ein rikdom å læra nytt språk og nye salmar.» Gudstenestereformen har vore til utprøving i mange kyrkjelydar, m a Tingvoll. Kyrkjerådet har vedteke ei ny ordning for hovedgudstenestene. Denne har ulike former ein kan velja mellom, og i året som kjem skal dette prøvast ut i alle kyrkjelydar og kyrkjehus, før sokneråda gjer vedtak om korleis ein vil ha det. Kyrkjeklokkene kallar til gudsteneste, i høgtid og fest og på vanlege søndagar, så vi kan delta og kjenna oss heime i Guds hus, med det som er gammelt og det som er nytt. Velsigna julehøgtid! Side 2 Kyrkjeblad for Indre Nordmøre Kyrkjekontoret 71 29 39 00 Telefaks 71 29 38 28 E-post sokneprest: petter.dahle@ gjemnes.kommune.no Biletet: Øre kyrkje ØRE Øre - Gjemnes Konfirmantane Konfirmantundervisninga er godt i gang! Vi har også i år hatt konfirmantleir for Gjemnes og Øre på Phillipshaugen i Øksendal. Stemninga var god, og programmet veksla mellom leirkveldar med mykje leik og moro, undervisning, gruppearbeid, fritid, samhandlingsløype og ein spesialbygd gudsteneste laurdag kveld. Takk til konfirmantane for godt samarbeid! Og gode medarbeidarar hadde vi i leiarane – nokre som var konfirmantar i fjor og nokon med lengre erfaring. Foto: PD Bibelen på bedehuset og KRIK Det som har vore forsøksprosjektet i mållaget. KRIK 11 er vidareført som eit fast tiltak frå God jul! Frå oss tilsette i kyrkja ønskjer vi alle i Gjemnes og Øre kyrkjelydar ei god og signa julehelg. Nokon av dykk har hatt tunge tak og sorg dette året. Vi ønskjer at alle får kjenne noko av adventstida si forventning til framtida og jula sin bodskap om håp, fred og frelse. God og velsigna julehelg til alle! LysVaken LysVaken-helga i Øre samla 22 deltakarar i år - ein stor del av 6.klassingane. Ei triveleg og hektisk helg med veldig vakne born. Dei deltok i gudstenesta 1.adventshelga med song, bøn, dramatisering og lesing og viste korleis ei gudsteneste med sterk involvering frå mange kan gjennomførast. Konfirmantar deltok som dyktige leiarar saman med nokre vaksne. Petter Temakvelden som sokneråd og organisasjonar arrangerte i haust handla om den nye utgåva av Bibelen. Det vart undervist om korleis og når Bibelen vart samla, – “kanonhistorie”, om bibelbruk og omsetjing på Luthers tid og om kva prinsipp som ligg til grunn for den nye omsetjinga vi har fått. Ein kunne spore både glede over - og spørsmål til nye uttrykksmåtar. På bok-kvelden som Gjemnes mållag arrangerte i haust vart også den nye bibelomsetjinga presentert av soknepresten. PD i haust. Det er Høgtun som gjennomfører dette med Bjarte Grøteide som “vår mann”. Han er for tida på utleige til kyrkjelyden i ei lita stilling. Likeeins er han også drivkrafta i KRIK for ungdomstrinnet. Dette betyr at dei fleste måndagskveldar er det KRIK på Høgtun – for dei yngste eller dei litt eldre. Det har vore god oppslutning om desse tiltaka i haust. Idrett og leik står sentralt. Mellom slaga er det andakt, - og så blir det servert ostesmørbrød – kvar gong! PD Kyrkjeblad for Indre Nordmøre Side 3 TINGVOLL Tingvoll - Straumsnes Menighetskontoret 71 53 01 23 Telefaks 71 53 12 40 E-post: [email protected] Biletet: Straumsnes kyrkje Fakler og lys på gravstedet Fakler og lys på gravstedet er blitt en økende tradisjon juleaften. Et par praktiske ting må en minne om. Ved bruk av lyktene må en se til at disse står støtt og skjermet. Ved bruk av fakkelbokser må en ikke plassere disse for nær støtten da de blir påført sot og stearin. Disse fakkellyktene må også stå støtt og ikke komme i nærheten av gress og på den måten forårsake brann. Tekst: Randi Tøvik, Foto: ERE Kurs for nye sokneråd på Tingvoll 22. november 2011 Mange nyvalgte soknerådsmedlemmer rundt om i menighetene er spent på hva arbeidet i sokneråd vil føre med seg. Bispedømmekontoret stilte mannsterk opp på samlinga på Tingvoll for å gi oss informasjon om dette. Temaet var hva et sokneråd er og gjør. Visjonen for Møre bispedømme er I Kristus – nær livet. Kirken ønsker rause fellesskap som utfordrer til tro og tjeneste gjennom: gudstjeneste, kirkemusikk og kultur, misjon, diakoni og trosopplæring. De ansatte fra bispedømmekontoret var meget flinke til å formidle budskapet til oss, så de fleste ble nok inspirert til å ta fatt på arbeidet som soknerådsmedlem. Kjellaug Foseide, soknerådsleder i Rindal Bøker «Varige verdier» - Helene Freilem Klingberg – Kolofon forlag «Etterfølgelse» - Dietrich Bonhoeffer – Luther forlag «Jeg ser hans spor» - Antologi fra tekster av 80 forfattere med kunstillustrasjoner Luther forlag «Likkledet i Torino – Et tegn for vår tid»– Jostein Andreassen – Luther forlag «Nærbilder – TV-pastorens bekjennelser» – Egil Svartdal – Kagge forlag «Å reise seg etter en rystelse» - En bok om håp - Per Arne Dahl – Schibsted «Skrapkaka – det er meg. En barndomserindring» – Kari Vinje – Luther forlag «Bibelfortellinger» - Kristin Gunnleiksrud – IKO-forlaget «Guds barn – Bibelfortellinger» – Erkebiskop Desmond Tutu – Bibelselskapet & IKO-forlaget «Døden er det bare Gud som kan overvinne. Vårt ansvar er å bidra til at livet kan gå videre og at vi styrker livsvilkårene for våre nærmeste og for alle andre.» Trond Bakkevik, prost, i Aftenpostens kommentar «I begravelsenes tid». Kursdeltagere Side 4 Kyrkjeblad for Indre Nordmøre SUNNDAL Hov - Romfo - Øksendal - Ålvundeid Menighetskontoret 71 69 23 00 Telefaks 71 69 25 44 Åpningstider: ma-fre 09.00-15.00 E-post: [email protected] Kirkeverge: Stig Rune Andreassen E-post: [email protected] Bildet: Middelaldarkrusifiks, Romfo kyrkje Ålvundeid Menighetspleie - tur til Rindal Ålvundeid menighetspleie er ei gammal forening og fungerer i dag som kyrkja sitt diakoniutvalg. Ein årleg tur har blitt tradisjon, og i år var vi 15 personar som tok ferja over fjorden og la kursen til Øvre Rindal kapell. Der fekk vi tid til å ta ein kaffikopp ute i det fri før vi fann plass inne i kyrkja. Vi fekk vera med på ei fin gudsteneste med 3 barnedåpar. Og ikkje mindre enn ei fullsett kyrkje! Dei fleste av oss hadde nok køyrt forbi denne kyrkja mange gonger, no fekk vi med oss både kyrkjearkitekturen i jubileumskyrkja, samt bodskapen for dagen. Fint. Etter gudstenesta bar det til Saga Trollheimen Hotell, der vi kunne kose oss med tradisjonsretten ”kjøtt og posse”. Jauda, det smaka! Kjellaug og Ole Trygve Foseide var lærarar på Ålvundeid i 1973/74. Det var triveleg at dei ville vera ilag med oss denne dagen. Det gav grunnlag for mimring og god lokalkunnskap om Rindal. Omvisinga som Morten Gåsvand tok oss med på ute på tunet vart ei svært interessant kulturhistorisk ”reise”, og vi vart imponerte over det vi såg og høyrde. Alle spørsmåla og kommentarane viste at vi lika det vi fekk vera med på! På heimturen fekk vi sjå Surnadal frå den andre sida av elva. Og jammen vart det tid til ein kaffikopp og kakebit då vi venta på ferja og. Sosialt og triveleg! Takk for turen! ref: Reidun Ledig stilling som organist Gjøra kapell Morten Gåsvand hadde omvisning på heile området til Saga Trollheimen Hotell. Gjøra kapell har fått ny kopparkleding på spiret. Den gamle kledinga har heldt stand frå sidan kyrkja vart bygd i 1934. Men hausten 2010 vart det avdekt mykje oppsprekking på dei gamle kopparplatene, som også var så lause at dei sto i fare for å blåse av. Den yngste av kyrkjene i Sunndal (innvigd 1935), har fått nye plater på spiret. - Eg er glad og letta over at den nye spirkledinga no er på plass. Det var ikkje kjekt å vite at den gamle kledinga var blitt så dårleg. No er spiret blitt veldig fint. Korset på toppen er også nymalt, og kula under korset har fått nytt bladgull. No står kyrkja og skin om kapp med det nye anlegget til Sunndalsporten på andre sida av vegen! Eg er veldig godt nøgd med den jobben som er gjort her, seier kyrkjeverje i Sunndal, Stig Rune Andreassen. Han opplyser at det er Ivar Atle Dragseth i sunndalsfirmaet Jon L Sæter AS. som har vore meister for arbeidet. Etter at arbeidet var kome i gang, vart det både regn, snø og vind i rikt monn. Vi spør Ivar Atle Dragseth om korleis jobben med spiret gjekk. Men veret har han nok alt gløymt: – Dette er arbeid eg likar veldig godt, seier han. – Å få drive med slikt godt, gammaldags handverk er ikkje noko eg får gjere heile tida her. Difor er det veldig moro å kunne få ein slik jobb ein gong imellom, vedgår Ivar Atle. Han fortel at han jobba i Danmark ein lengre periode. Da var det berre slikt arbeid han dreiv med. Han opplyser at spiret ikkje vil vere så blankt som no veldig lenge. Det vil gradvis gå over til å bli mørkt kopparbrunt, og med tid og stunder få same patinering som det gamle spiret hadde. Spiret med ny tekking Det er ledig eitt års vikariat i 30 % stilling som organist i Ålvundeid sokn. Oppgåvene er å spele under gudstenester og kyrkjelege handlingar i Ålvundeid sokn, samt bidra til soknet sitt kyrkjemusikalske arbeid. Nærare opplysningar kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje Stig Rune Andreassen på tlf 716 92 300 Ivar Atle Dragseth skifta kopparkledinga på spiret på Gjøra kapell. Tekst og foto: Lars Flatvad Kyrkjeblad for Indre Nordmøre Kommentaren Det blir mykje nytt og spennande å vera med på i kyrkjene framover. Dei fleste håpar – og mange trur – at reformane som startar i haust, vil styrkje innleving i og oppleving av det som var, er og vera skal kyrkja sin bodskap. For all del – det må stå fast: Ei rett og levande kyrkje er det berre Gud som kan skape. Vårt kall er å sleppe hans gjerning til. Vi har rett nok i lang tid hatt høve til å utfalde variert og levande bruk i ord og tonar, rørsle, kunst og symbolikk i Guds hus. Men sjøl om somme har fått delta med evner og engasjement i den “Guds teneste” som er kyrkjelyden sitt eigentlege privilegium og oppdrag, sit nok mange enno i benkane med 1800-talets tankegods og oppsummerer det heile som “preike”. Folkets handling Utan å gå inn på alle moment i den vide reformen kan vi nemna nokre særdrag. Det blir høve til å feire gudstenester med svært ulikt preg. Tekster og liturgiske handlingar får delvis anna utforming enn før. Ikkje minst blir det tydelegare at kyrkjelyden er eit fellesskap der ein ønskjer – og føreset – at mange også utanom dei tilsette får høve til å delta aktivt. Likevel: Så veldig nytt er altså ikkje alt dette. Lokale kyrkjelydar har jo av og til nytta høvet (som vi lenge har hatt) til å la presten sleppe å stå åleine med å praktisere liturgien – eit ord som kan oversettast til “folkets handling”. Denne handling skjer når konfirmantar, kor, dåpsfølgje og andre går i prosesjon og viser at vi alle er på vandring i møte med Gud. Det skjer når familien les tekster ved dåpen. Det skjer når vi dramatiserer “Dine Side 5 Meir liv i kyrkja? hender er fulle av blomster” og “Julekveldsvisa”. Ja, når song, musikk, dans, bilete og andre kunstformer blir bruka som uttrykk for møtet mellom oss og det heilage. Biletet er eit konkret døme Gudstenesteutval Dei nyvalde sokneråda våre kan no utvikle dette mangfaldet i kyrkja og ute i kyrkjelydane. Det gjeld både å utfordre og sleppe til dei mange som kan og vil gje form til “folkets handling”. Her får dei “obligatoriske” gudstenesteutvala ei viktig rolle. Der skal folk frå soknerådet, frivillige, organist og prest vera med. Utvalet vil skape kreativt samarbeid mellom tilsette, friville og sokneråd, foreslå kva gudstenesteordningar ein vil satse på og legge til rette for samtalar, eigarskap og praktisk medverknad på mange måtar innan si eiga kyrkje. Jesus sa at vi er greinene på treet hans. Vi kan like gjerne seie at vi er spelarane på fotballaget hans! På dette laget er det bruk for alle – kvar med sine ferdigheter. Her spelar vi ballen til kvarandre og gjer kvarandre gode – anten vi har rolla som back, kant, spiss, midtbane og keeper eller deltek på ymse måtar i støtteapparat og klubbmiljø. Og her heiter det ikkje lenger “Eg”, men “Vi”! Gode røynsler Ivrige personar og meir eller mindre formelle gudstenesteutval har lenge arbeidd rundt i sokna og skapt mange vakre og meiningsfylte samver omkring Guds Ord. I høve reformen har det oppnemnte utvalet i Stangvik siste året vore “føre-farand” og prøvt ut fleire interessante arbeidsmåtar. Ein Ukjent Follestad-bilete Eit hittil ukjent verk av Stangvikkunstnaren Dorothea Follestad (1855-1921) har sett dagens lys! Biletet dukka opp under leiting etter kyrkjehistorisk stoff i arkivet i Stangvik prestegard i vår. På eit lite stykke papp har ho framstilt Stangvika med Korskyrkja – truleg rundt 1880. Teikninga kan vera laga som ei helsing til folket i prestegarden, der familien Follestad ofte var gjestar. Teknisk er det lille kunstverket imponerande i sin detaljrikdom. D.F. (som signaturen lyder) har hatt god blyant i si stødige hand. På originalen er verhanen på kyrkjespiret og måsane på fjorden vel 1 millimeter lange! Historisk viser dette Stangvika før den noverande vegen til Kvanne vart bygd. Frå gammalt gjekk Postvegen (Den Gamle Spontan-teater under skulegudsteneste i Åsskard. Stjerna har vist vegen til Betlehem med Maria, Josef og Jesus-barnet. har m.a. aktivisert barn og vaksne i gudstenesta (song, lesing, dans, pantomime) og organisert klokkarteneste på omgang blant frivillige. Nysatsinga her vil saman med dei gode røynslene frå liknande tiltak i nabosokna vera av stor verdi når vi saman skal opne for ei meir levande kyrkje i tida som kjem. Bernt Bøe Anslagsvis er 70 mill kristne drepne for si trus skuld. Organisasjonen Åpne Dører har laga ein oversikt over dei ti landa der det er sterkast diskriminering, undertrykking og forfølgjing av kristne i dag. Det er Nord-Korea, Iran, Afghanistan, Saudi-Arabia, Somalia, Maldivene, Jemen, Irak, Usbekistan og Laos. Kongevei) mellom Trondheim og Bergen her - om Røen, ned til Stangvika og vidare over fjorden. Vi ser han endar ved kyrkja. Denne korskyrkja vart bygd i 1784 (etter at den gamle stavkyrkja brann året før) og stod til noverande Stangvik kyrkje vart reist i 1896 (og vigsla i 1897). Ein ser elles naust og hus ved stranda den gongen – slik dei delvis står også i dag. Dorothea var dotter av lensmann Ingebrigt Follestad og vaks opp i Utistua på Brøskja. Ho var ein av dei første profesjonelle kvinnekunstnarane i vår historie. Neste nummer kjem veke 7. Frist for innsending av stoff er 25. januar. Side 6 Kyrkjeblad for Indre Nordmøre Tingvoll Kyrkje kl.16:00 Øksendal kyrkje kl.16:00 Gjemnes kirke kl.14:00 Osmarka kapell kl.16:00 Høyr kor kyrkjeklokka lokkar med ein høg og heilag klang Gudstenester 4.søndag i advent, 18.desember Luk.1, 39-45 Halsa kirke. Kl.16.00 Sanggudsteneste. Offer til Menighetsarbeidet. Lomundsjø bedehus kl.11.00 Gudstjeneste. Takkoffer til Lomundsjø bedehus Nordvik Forsamlingshus kl.11:00 Gudsteneste. Takkoffer til sjømannsmisjonen Øre kyrkje kl.15:00 Julekonsert. Lokale kor og korps og elevar frå kulturskulen. Måndag 19.desember Øye kyrkje kl. 09.30 Øye kyrkje kl. 12.15 Skulegudsteneste Skulegudsteneste Tirsdag 20.desember Hov kirke kl.10:15 Hov kirke kl.11:10 Hov kirke kl.12:00 Hov kirke kl.13:00 Øksendal kyrkje kl.09:00 Ålvundeid kyrkje kl.09:00 Romfo kyrkje kl.09:15 Gjøra kapell kl.11:00 Åsskard kyrkje kl. 10.00 Stangvik kyrkje kl. 12.00 Øre kyrkje kl.08:30 Osmarka kapell kl.9:50 Sande skole. Furu skole. Tredal skole. Ungdomsskolen. Øksendal skule/oppvekstsenter Ålvundeid og Ålvundfjord skule. Løykja skule. Gjøra skule og barnehage. Skulegudsteneste Skulegudsteneste Gudsteneste. Torvikbukt skole deltek. Gudsteneste. Angvik skule deltek. Onsdag 21.desember Øvre Rindal kapell kl.08:45 Rindal kirke kl.11:15 Rindal kyrkje kl.19.30 Surnadal sjukeheim kl.16.00 Skolegudstjeneste. Sokneprest Gåsvatn. Skolegudstjeneste. Sokneprest Gåsvatn. Julekonsert Gudsteneste. Nattverd Julaften, 24.desember Luk.2, 1-20 Valsøyfjord kirke kl.14.00 Halsa kirke kl.15:30 Rindal kirke kl.15.00 Gudstjeneste. Offer til Kirkens Nødhjelp Gudstjeneste. Offer til Kirkens Nødhjelp Julekveldsgudstjeneste. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp Hov kirke kl.15:00 Julaftensgudstjeneste. Boye Hov kirke kl.16:00 Julaftensgudstjeneste. Laskerud. Gjøra kapell kl.15:00 Julaftensgudsteneste. Storset. Takkoffer til Frelsesarmeen. Ålvundeid kyrkje kl.15:00 Julaftensgudsteneste. Laskerud. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Mo kyrkje kl.13:00 Julekveldsgudsteneste. Takkoffer til Redd Barna Todalen kyrkje kl.13:30 Julekveldsgudsteneste. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp/Afrikas Horn Ranes kyrkje kl.14:30 Julekveldsgudsteneste. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp Ranes kyrkje kl.16:00 Julekveldsgudsteneste. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp Åsskard kyrkje kl.16:00 Julekveldsgudsteneste. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp Straumsnes Kyrkje kl.14:00 Familiegudstjeneste, ved sokneprest Cathrine Grutle og kantor Ioana Maria Precup. Takkoffer til Redd Barna. Familiegudstjeneste, ved sokneprest Cathrine Grutle og kantor Ioana Maria Precup. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Julaftensgudsteneste. Boye. Takkoffer til Frelsesarmeen. Songlaget. Julaftensgudstjeneste. Dahle. Gjemneskoret. Takkoffer til Kirkens nødhjelp. Julaftansgudsteneste. Dahle. Takkoffer til Kirkens nødhjelp. Juledag, 25.desember Joh.1, 1-4 Halsa kirke. Kl.11.00. Høgtidsgudstjeneste med stasjonsvandring. Offer til Normisjon. Øvre Rindal kapell kl.12.00 Høytidsgudstjeneste. Takkoffer til misjonsprosjektet NMS Hov kirke kl.11:00 Høytidsgudstjeneste. Storset. Takkoffer. Romfo kyrkje kl.13:00 Høgtidsgudsteneste. Storset. Takkoffer. (Merk tida!) Ålvundeid kyrkje kl.13:00 Høgtidsgudsteneste. Laskerud. Takkoffer til Det Norske Misjonsselskap. (Merk tida!) Stangvik kyrkje kl.12:00 Høgtidsgudsteneste Takkofffer til Kyrkjelydsarbeidet Øye kyrkje kl.12:00 Høgtidsgudsteneste. Nattverd. Takkoffer til Kyrkjelydsarbeidet Tingvoll Kyrkje kl.11:00 Høymesse, ved vikarprest og kantor Ioana Maria Precup. Takkoffer til egen menighet. Øre kyrkje kl.11:00. Høgtidsgudsteneste. Dahle. Messingblås. Takkoffer til Det norske misjonsselskap. 2.juledag, 26.desember Matt.10, 16-22 Straumsnes Kyrkje kl.11:00 Høymesse, ved vikarprest og kantor Ioana Maria Precup. Takkoffer til egen menighet. Gjemnes kirke kl.11:00. Høytidsgudstjeneste. Dahle. Takkoffer til Det norske misjonsselskap. Kirkekaffi. Nyttårsaften, 31.desember Joh. 14, 27 Valsøyfjord kirke. Kl.16.00. Gudstjeneste Ålvundeid kyrkje kl.22:00 Boye Todalen kyrkje kl.16:00 Høgtidsgudsteneste Takkoffer til Todalen Sanitetsforening Straumsnes Kyrkje kl.16:00 Gudstjeneste, ved vikarprest og kantor Ioana Maria Precup. Tingvoll Kyrkje kl.18:00 Gudstjeneste, ved vikarprest og kantor Ioana Maria Precup. Øre kyrkje kl.22.00. Gudsteneste ved årsskiftet. Dahle. Nyttårsdag, 1.januar Matt. 1, 18-25 Rindal kyrkje kl.12.00 Hov kirke Øye kyrkje kl.12.00 Høgmesse. Takkoffer til Norsk Luthersk Misjonssamband (Se avisene) Høgmesse. Takkoffer. Kristi åpenbaringsdag, 8.januar Luk. 2 40-52 Grøa bedehus kl.11:00 Laskerud Åsskard kyrkje kl.11.00 Høgmesse. Nattverd. Takkoffer. Øre kyrkje kl.11:00 Høgmesse. Nattverd. Dahle. Takkoffer til Kirkens SOS. 2.søndag i åpenbaringstida, 15.januar Mark. 1, 3-11 Halsa kirke kl.11.00. Høgmesse. Nattverd. Valsøyfjord kirke kl.19.30. Kveldsgudstjeneste. Nattverd. Hov kirke kl.11:00 Gudstjeneste. Ålvundeid kyrkje kl.11:00 Gudsteneste. Ranes kyrkje kl.11.00 Høgmesse. Nattverd. Takkoffer. Kyrkjeblad for Indre Nordmøre Stangvik kyrkje kl.11.00 Tingvoll Kyrkje kl.11:00 Flemma kl.11:00 Side 7 Høgmesse. Nattverd. Takkoffer. Høymesse, ved sokneprest Cathrine Grutle og kantor Ioana Maria Precup. Gudsteneste. Dahle. Takkoffer til Sjømannskirken. 3.søndag i åpenbaringstida, 22.januar Joh. 4, 4-26 Øvre Rindal kapell kl.11.00 Høgmesse. Takkoffer til Israelsmisjonen Hov kirke kl.11:00 Gudstjeneste. Gjøra kapell kl.11:00 Gudsteneste Mo kyrkje kl.11.00 Høgmesse. Nattverd. Takkoffer. Todalen kyrkje kl.11.00 Høgmesse. Nattverd. Takkoffer. Straumsnes Kyrkje kl.11:00 Høymesse, ved sokneprest Cathrine Grutle og kantor Ioana Maria Precup. Øre kyrkje kl.11:00 Høgmesse. Nattverd. Dahle. Takkoffer til Kyrkjebladet 4.søndag i åpenbaringstida, 29.januar Joh. 9, 1-7. 35b-38 Halsa kirke.kl.11.00. Gudstjeneste. Rindal kirke kl.11.00 Høgmesse. Takkoffer til menighetsarbeidet Hov kirke kl.11:00 Gudsteneste. Ålvundeid kyrkje kl.11:00 Gudsteneste. Øksendal sokn kl.19.30 Kveldssamling (Sjå nærare kunngjering) Øye kyrkje kl.11.00 Høgmesse. Nattverd. Takkoffer. Tingvoll Kyrkje kl.11:00 Familiegudstjeneste, ved prost Gerd Anne Aarset og kantor Ioana Maria Precup. Osmarka kapell kl.11:00 Gudsteneste. Dahle. Takkoffer til Osmarka kapell. Gjemnes kirke kl.16:00 Familiegudstjeneste. Dahle. Takkoffer til Det Norske Bibelselskap. Kirkekaffi. Såmannssøndag, 5.februar Mark. 4, 26-34 Valsøyfjord kirke kl.11.00. Gudstjeneste Øvre Rindal kapell kl.11.00 Gudstjeneste. Utdeling av biblar til 5.klassinger. Takkoffer til Bibelselskapet Hov kirke kl.11:00 Gudsteneste. Romfo kyrkje kl.11:00 Gudsteneste Ranes kyrkje kl.11.00 Høgmesse. Nattverd. Takkoffer. Stangvik kyrkje kl.11.00 Familiegudsteneste. Takkoffer. Øre kyrkje kl.11:00. Familiegudsteneste. Dahle. Takkoffer til Det Norske Bibelselskap. Kyrkjekaffi. Kristi forklarelsesdag, 12.februar Mark. 9, 2-13 Rindal eldresenter kl.11.00 Gudstjeneste. Nattverd. Hov kirke kl.11:00 Gudsteneste. Ålvundeid kyrkje kl.11:00 Gudsteneste. Øksendal sokn kl.19.30 Kveldssamling (Sjå nærare kunngjering) Øye kyrkje kl.11.00 Høgmesse. Nattverd. Takkoffer. Åsskard kyrkje kl.11.00 Familiegudsteneste. Takkoffer. Tingvoll Kyrkje kl.11:00 Familiegudstjeneste, ved sokneprest Cathrine Grutle og kantor Ioana Maria Precup. Gjemnes kirke kl.11:00. Høymesse. Nattverd. Dahle Takkoffer til Kirkens SOS. Kirkekaffi. Fastelavnssøndag, 19.februar Joh. 12, 20-33 Halsa kirke kl.11.00. Høgmesse. Nattverd. Hov kirke kl.11:00 Gudsteneste. Gjøra kapell (Sjå avisene) Todalen kyrkje kl.11.00 Familiegudsteneste. Takkoffer. Tingvoll Kyrkje kl.11:00 Høymesse, ved sokneprest Cathrine Grutle og kantor Ioana Maria Precup. Øre kyrkje kl.11:00. Høgmesse. Dahle. Takkoffer til Menneskeverd. Andakt For oss menneske og til vår frelse … Den kristne kyrkja byrja tidleg å finne faste uttrykk for trusgrunnlaget sitt, og slike konsentrerte formuleringar av sentrale delar av den kristne trua finn vi allereie i dei nytestamentlege tekstane. I Fyrste korintarbrev siterer Paulus fylgjande tekst av denne typen: For først og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hadde motteke, at Kristus døydde for syndene våre, som skriftene har sagt, at han vart gravlagd, at han stod opp att tredje dagen, som skriftene har sagt, og at han synte seg for Kefas og der-etter for dei tolv. 1 Kor 15,3-5 Her har vi eit uttrykk for trua på Jesus som Paulus sjølv tydelegvis har lært av andre kristne, og mange meiner at denne og liknande tekstar kan ha blitt nytta som truvedkjenning i dei fyrste kristne gudstenestene. Kanskje var det nettopp desse Jul og rus Kyrkjebladet vil igjen minna om at born og julefeiring med alkohol (eller anna rus) ikkje høyrer sammen. Folkehelseinstituttet fortel at det i dag er minimum 90 000 norske born som lever med minst ein forelder som misbrukar alkohol. Og dette forsterkar seg orda Paulus sjølv ga tilslutning til då han sjølv vart døypt? Dette arbeidet med å oppsummere trua kort og presist heldt fram i dei fyrste hundreåra etter Jesu oppstode og himmelfart. Etter kvart såg ein også behov for å finne formuleringar som kristne i heile den då kjende verda kunne vere samde om, og dette resulterte i det som gjerne vert kalla den nikenske truvedkjenninga. Denne teksten vart til gjennom diskusjonar på dei store kyrkjemøta i Nikea i år 325 og Konstantinopel i år 381, og er den siste vedkjenninga der trua til ei samla kyrkje kjem til uttrykk. Denne truvedkjenninga er derfor noko dei fleste kyrkjesamfunn har felles, på tross av andre skilnader og usemjer, og vedkjenninga har dermed alltid vert ein sentral del av truslæra i Den norske kyrkja – frå 1687 jamvel i lovs form. Den nikenske truvedkjenninga er litt meir omfattande og fortolkande enn den apostoliske truvedkjenninga som er meir bruka hos oss. Imidlertid ut- fyller desse to vedkjenningane kvarandre på ein god måte, og derfor er det litt synd at den nikenske vedkjenninga berre kan nyttast på spesielle høgtidsdagar i gudstenestene våre. Denne teksten bør derfor bli betre kjend, og no før jul er det naturleg å trekke fram ein av setningane i den delen av den nikenske truvedkjenninga som handlar om Jesus. Den lyder slik: For oss menneske og til vår frelse steig han ned frå himmelen, og ved den Heilage Ande og ved Maria møy vart han menneske av kjøt og blod. I komprimert form finn vi heile innhaldet i julehøgtida i denne korte setninga. Det var for oss menneske at Jesus, Guds son, sjølv vart menneske ”av kjøt og blod”, og han gjorde det for å gje oss høve til å bli frelste. Eg vonar møtet med barnet i krubba denne jula vil bli eit høve for oss alle til å (gjen)oppdage dette! i høgtidene. For mykje alkohol sløvar foreldreinstinktet. Ein ser ikkje korleis borna har det, at dei blir utrygge og redde. Born som lever med foreldras alkoholmisbruk, kan lett få det vanskeleg som vaksne. Dei lever i ei verd der dei blir tillagt eit enormt omsorgsansvar for sine foreldre. Foreldres alkoholbruk går ut over bornas psykiske og fysiske helse. (Ref: Gøril Westboeg Smiseth, psykolog i Blå Kors øst, til Aftenbladet) Leif Endre Grutle Side 8 Kyrkjeblad for Indre Nordmøre DØYPTE — VIGDE — DØDE Døypte RINDAL KIRKE 30.10. Martinus Paulsen Ranheim 30.10. Mona Kvendset 30.10. Savanna Landsem-Røen 06.11. Mina Melgård Tørset ØVRE RINDAL KAPELL 23.10. Elida Mogset ROMFO 23.10. Thor Pape Rød HOV 09.10. Tuva Bersås Thorland 16.10. Nicklas Dørhellen Kvande 23.10. Mali Rivedal-Furu 13.11. Emilie Evensen 13.11. Carina Mæhle Johannessen 20.11. Tobin Rodal Reinset STRAUMSNES 16.10 Malin Mørk 16.10 Anne Vassgård Eikrem 16.10 Lars Boksasp Bryn 22.11. Jorunn Kristine Bolme f.1931 GJEMNES 23.10 Liss-Emilie Skjerset. 23.10 Henrik Astad Sygna HOV 22.09. Kristi Liahjell Bakken f. 1952 Gravlagt Løykja 07.10. Gudlaug Olsen f. 1919 12.10. Ingvarda Alette Utigard f. 1926 20.10. Olav Stølan f. 1919 23.10. Åse Johanne Eide f. 1930 20.10. Tor Ulvund f. 1918 20.10. Ole Myrle f. 1947 05.11. Hans Ingvald Hansen f. 1949 12.11. Georg Mareno Sørlie f. 1934 Gravlagt Løykja ØVRE RINDAL KAPELL 29.10. Agnes Røen ØRE 16.10. Frida Torvik-Orset 16.10. Aksel Rosen Fredrickson 27.11. Leo Andre Ramstad-Solberg 27.11. Hanna Bjerkeset. 27.11. Ole Punde Naastad Vigde HOV 01.10. Marit Engen og Erik Sjølseth Gjershaug ÅLVUNDEID 23.10. Trym Husby Stensø 06.11. Filipa Ellevset Sliper STANGVIK 11.11. Gretha Therese Helen Davidsen og Edvard Husby Varvik ØYE-RANES 23.10 Tore Honnstad 23.10 Sondre Holten Ersvik 23.10 Sindre Moen Rodal 06.11 Jacob Dyrli 13.11 Erik Sollid Polden 13.11 Filip Sæter Børgesen 27.11 Eirin Svendsen Fiske 27.11 Eleah Sæter 27.11 Mia Moen 27.11 Jonathan Arnestad Holten ØYE 15.10. May Oddny Holten og Svein Mogstad STANGVIK 23.10 Linnea Hustad 23.10 Endre Fossen Sæterbø TODALEN 16.10 Natalie Astrid Brusethaug 27.11 Dennis Saksen ÅSSKARD 20.11 Mathilde Garthe TINGVOLL 16.10 Markus Rolland Hovsbakken 16.10 Alexander Hana Toma 23.10 Julie Waagen 20.11 Linnea Brevik Eide 20.11 Ole Leander Sæterbø TINGVOLL 28.10. Denis Belous og Zoya Sazonova ØRE 19.10. Kathrine Vestre Hansen og Arne Kvendseth 19.11. Kingkaew Ngampaeng og Knut Norvald Skavnes GJEMNES 11.11. Randi Astad og Vegar Thoresen Døde VALSØYFJORD 08.09 Svanhild Elvira Kristensen f. 1927 HALSA 19.10 Magda Kvande f. 1916 24.11 Norun Kristine Hønsvik f. 1939 RINDAL KIRKE 13.10. Torbjørn Negård 22.10. Marit Røen 28.10. Ingebjørg Bråten 06.11. Borgny Bolme 21.11. John O. Brønstad f.1933 f.1925 f.1931 f.1922 f.1924 f.1919 ÅLVUNDEID 01.10. Nils Hunnes f.1962 ØKSENDAL 02.11. Kristine Sæther f. 1914 ØYE-RANES 05.10. Marie Sjøflot f. 1920 05.10. Anders N. Sylte f. 1919 11.10. Ellen Østbø f. 1920 19.10. Margit Laura Mikkelsen f. 1919 25.10. Thor Magnar Hamnes f. 1928 13.11. Stig Erik Snoen f. 1949 ÅSSKARD 15.10. Marit Settemsdal f. 1917 TODALEN 25.10. Sigvart Husby f. 1920 STANGVIK 27.10. Nils Røøyen 11.11. Gunvor Stenberg f. 1930 f. 1919 TINGVOLL 09.10. Arnulf Aspen f. 1920 21.10. Elsa Stomsvik Ormsettrø f. 1935 22.10. Ola Arthur Ormset f. 1921 10.11. Dagrun Grimstad f. 1929 GJEMNES 20.10. Steinar Sigmund Nygaard f.1929 ØRE 18.11. Magda Iversen f. 1928 Kyrkjenytt Gudstenestereformen Den kristne kyrkja har feira gudsteneste heilt frå første start, i snart 2000 år. Frå tid til tid og frå stad til stad har gudstenesta variert, men det sentrale har vore det same. Ordets del og nattverdens del er hovedelementa. Den norske kyrkja har fornya og reformert gudstenestelivet. Kyrkjerådet har vedteke ei ny ordning for hovedgudstenestene. Frå første søndag i advent 2011 blir dette markert over heile landet med ny gudstenesteordning. Denne har vore til prøving i fleire kyrkjelydar, og skal no prøvast ut i alle kyrkjer før sokneråda vedtek endeleg form ut frå fleire alternative variasjonar. Forandringane kjem ikkje til å bli så store at ein ikkje kjenner seg att i gudstenesta. Noko av det viktigaste med reformen, er at andre enn prest, klokkar og organist kan delta med oppgåver i gudstenesta. Det er ønskjeleg at kyrkjelyden kan vera meir aktive. ERE Trusopplæringskonferansen 2011 vart arrangert på Norges Varemesse i Lillestrøm 27. oktober. Temaet for konferansen i år var «Bibelen». Arrangør var Kyrkjerådet og IKO – Kirkelig pedagogisk senter. Det var 1.550 deltakarar, frivillige medarbeidarar og kyrkjeleg tilsette. Rådgjevarar frå Kyrkja, IKO og NLA gav innføring i Bibelen som trusopplæringsgrunnlag, og gjekk spesielt inn i korleis ein formidlar dei vonde og vanskelege tekstene til born. ERE Kyrkjeblad for Indre Nordmøre Side 9 Soknepresten 71 55 96 38 Kirkekontoret 71 55 96 39 E-post kirkeverge: [email protected] Bildet: Halsa kirke HALSA Halsa - Valsøyfjord Ny bibel Etter mange års arbeid er ny bibelomsetjing no ferdig på bokmål og nynorsk, både Det gamle og Det nye testamentet. Den vart lansert av Bibelselskapet 19. oktober, og på ei veke vart det omset 25.000 eksemplar (40.000 på to veker), mot vanlegvis 60.000 på eit år. Det er 29 forskjellige utgåver i ulike format og innbinding, og i 2012 vil det koma enda fleire. Generalsekretær i Bibelselskapet Stein Mydske seier at Bibel 2011 har fått eit meir moderne språk både på nynorsk og bokmål enn den forrige, som var frå 1978. Den nye bibelomsetjinga ligg tettare opp til den opprinnelege teksta, slik vi kjenner den. Det er ikkje meir enn 107 år sidan den første heile Bibelen kom på riksmål (1904) og 90 år sidan den første heile Bibelen kom på nynorsk (1921). I alt 48 menneske i ulike arbeidsgrupper har vore involvert i bibelomsetjinga, teologar, historikarar, språkekspertar og kjente forfattarar. Arbeidet har tatt 11 år og har kosta over 30 millionar kroner. Meir stoff på www.bibel2011. Ref: Nytt om Bibelen (Bibelselskapet) m fl. Bibelen til nye språk Gjennom De forente Bibelselskaper, Wycliffe og Summer Institute of Linguistics er Det norske Bibelselskap med på 457 omsetjingsprosjekt rundt om i verda. Heile 263 av desse er til språk utan nokon bibelomsetjing frå før (Asia og Afrika), medan 194 er nye omsetjingar eller revisjonar. 577 millionar menneske (2356 språk) har ikkje Bibelen på sitt eige språk eller noko språk dei kan forstå! Det er ei stor utfordring. Ref: Nytt om Bibelen (Bibelselskapet) «Når Bibelselskapet nå investerer i en ny bibeloversettelse, er det ikke minst for å gi nye generasjoner nærhet til Guds ord. De skal få oppleve at Gud snakker deres språk. Vi håper også at vi gjennom en ny oversettelse kan nå ut til mange nye lesere.» Stein Mydske, generalsekretær i Bibelselskapet. Nye kyrkjebøker Med ny liturgi følgjer også nye kyrkjebøker. Bøkene er utgitt på Eide forlag. Tekstbok for Den norske kyrkje - tre tekstrekkjer – vedtatt av Kyrkjemøtet i april 2011. Liturgien i dag – perm for bruk i kyrkjeromet Gudsteneste for Den norske kyrkje – til bruk ved førebuing av gudstenesta – perm og bok Liturgisk musikk – inneheld musikalsk materiale. Skal evaluerast og justerast av Kyrkjemøtet etter 4-6 år. ERE Pengeinnsamling Mellom store frivillige hjelpeorganisasjonar var fire av dei ti beste innsamlarane kristne organisasjonar. Den norske kyrkja fekk inn nær 300 mill kroner i fjor, Kirkens Nødhjelp 183 mill. Den største misjonsorganisasjonen var Norsk Luthersk Misjonssamband som var nummer 10 med 145 mill. Tilsaman samla dei ti beste inn 2,6 milliardar. Dette er basert berre på gåver frå privatpersonar og næringsliv, ikkje statlege overføringar. Bøker for tekststudier Olav Skjevesland – Ord til tro – Søndagens evangelietekster – 2. rekkje – Adventpinse. Verbum forlag Mari og Paul Erik Wirgenes – Fra søndag til søndag – Et møte med kirkeårets tekster – 2. rekke . Verbum forlag Asbjørn Kvalbein – På ditt ord, Herre. 2012 – samtaleopplegg til søndagstekstene Lunde forlag ERE Søndagsskulen «Jesus til barna» har vore mottoet for Søndagsskulen i 122 år. Nærare 40 000 born blir kjent med Jesus gjennom søndagsskulen. 246 personar har fått Kongens Fortenstmedalje for sin innsats i søndagsskulearbeidet. Noahs ark «Noahs ark» ved Tyrifjorden er eit nytt opplevingssenter for familiar, basert på trusopplæring og bibelforteljingar, med folk og dyr. Side 10 Kyrkjeblad for Indre Nordmøre - SURNADAL Øye - Mo - Ranes Kyrkjekontoret 71 65 70 60 Telefaks 71 65 70 61 Sokneprest Stangvik 71 66 33 30 E-post kyrkjeverje: ingeborg.nordlund @surnadal.kommune.no Biletet: Ranes kyrkje - Stangvik kyrkje Ordinasjon Søndag 30. oktober var ein festdag for kyrkjelydane i Surnadal, da den nye presten Vidar Rygh vart ordinert av biskop Ingeborg Midttømme. «At dagen fall på ein bots- og bededag, ein dag vi ikkje forbind med fest og glede, viser spenningsfeltet vi står i mellom syndsvedkjenning og truvedkjenning,» sa biskopen i ordinasjonstalen. Det var fullset kyrkje som ønskte nypresten velkomen, og prost gerd Anne Aarset og fleire av dei lokale prestane var med ved handspålegging og forbøn. Vidar Rygh poengterte i ordinasjonspreika si at han ønskjer å formidla Guds mangfaldige nåde. «I dag velger jeg å leve for Kristus.» Gudsteneste, som enda med nattverd ved to «stasjonar» i kyrkja for den store kyrkjelyden, var godt førebudd og perfekt gjennomført. Det var også mange med ved festleg lunch på Kyrkjelydshuset etter gudstenesta. Og fleire bar fram velkomsthelsingar. Tekst og foto: ERE Populær julefest Familiejuletrefesten som Eidet bedehus og Surnadal søndagsskule arrangerer 2. juledag er svært populær og samla i fjor fullt hus av glade born, foreldre, besteforeldre og andre. Det blir også fest i år 26. desember kl. 15:00 med mykje song og juletregong, improvisert julespel, andakt og bevertning. Alle er velkomne. Jubileumsfest på Eidet bedehus Laurdag 22. oktober feira Eidet misjonsforening 130 år med stor fest på bedehuset. Folk frå fleire bygder markerte jubileet. Områdeleiar Karen Flatø hadde tale og misjonsinformasjon, og ei songgruppe frå Frei deltok med song og musikk. Noverande leiar Ragnhild Mikkelsen, som har vore leiar i snart tretti år, fortalde levande frå historia til foreninga som vart stifta i 1881 av sokneprest Kokk, Ragnhild Østbø (bestemor til Ragnhild Mikkelsen) og fleire kvinner. Forutan faste misjonsmøter har foreninga mange arrangement, m.a. julefest i januar. Dei har også ansvar for bruktbutikken på Skei, som får inn ca 200 000 kroner i året. Merk klokkeslett Barnekoret Jubilate har øving i Øye kyrkje kvar onsdag etter skuletid kl 15.00-16.15 Dei som er glad i å syngja og har lyst til å vera med, kan ta kontakt med kantor Oddveig Helset Halle, mob 97594512, eller Surnadal kyrkjekontor. Mini-Jubilate, som er Jubilates aspirantkor, song svært fint ved Misjonssambandets julemesse på Eidet bedehus. Det lovar godt for rekruttering. Tekst og foto: ERE Klokkeslett for Høgtidsgudsteneste i Øye Kyrkje, Stangvik Kyrkje og Øvre Rindal kapell 1.juledag samt i Rindal kirke og Øye kyrkje 1.januar er kl.12:00, Gudstenestene begynner kl 12.00. Kyrkjetonar året rundt I samband med kyrkjejubileet i Todalen hadde Todalskoret og Åsskard kyrkjekor ein spesiell konsert i Todalen kyrkje 26. oktober der dei song utvalde salmar frå heile kyrkjeåret, frå advent og jul til treeiningstida. Det var folketonar, «spirituals», kjente salmar som «No koma Guds englar» av Elias Blix og mektig oratoriesong. Det vesle koret imponerte stort med «Hallelujakoret» til slutt. Kyrkjeblad for Indre Nordmøre Side 11 STANGVIK RINDAL Stangvik - Todalen - Åsskard Rindal sokn Menighetskontoret 71 66 47 55 Telefaks 71 66 47 01 E-post kirkeverge: ingeborg.nordlund @rindal.kommune.no Bildet: Rindal kirke På familiegudstjenesten På familiegudstjenesten i Stangvik kirke søndag 23. oktober var det utdeling av boka ”Linda og den vesle kyrkja” for 4-åringene, og ”Tre i eit tre” for 6-åringene. Det var Martinus Ranheim fra Soknerådet som foretok utdelingen. Samtidig var det dåp av barna Linnea og Endre. Dermed ble de først ute med den nye ordningen med at dåpen foregår i første del av gudstjenesten, noe som blir praksis heretter. Tekst og foto: Sverre Kjølstad Frisk sangkveld Siste tirsdagskveld i november var barnekoret Salt & Pepper og Ungdomsbandet JR både vertskap og hovedaktører på Rindal Bedehus. Ledere for korarbeidet i Rindal er Kantor Daniel Bjørlo og menighetsarbeider Elsa Jensvold. Brødrene Einar og Magne Lillegård akkompagnerte allsangen i lag med Daniel denne kvelden. Foreldra hadde bidratt med mat og utlodningsgjenstander, så kvelden var et samarbeidsprosjekt som gjorde det heile til ei fin stund for både små og store langt opp i pensjonsalderen. Det var rundt 60 personer som var møtt opp på sangkvelden i Rindal bedehus. Tekst og foto: Kjellaug Foseide 101-årsdag på Rindal Bedehus Søndag 20.november var det gebursdagsselskap for Rindal Bedehus! Den var stor feiring av at bedehuset var 101 år med fint selskap både for store og små! I 1908 fekk Rindal Indremisjonsforening kjøpt stugubygninga fra Negard Almberg for 500 kroner. Huset vart oppført sommar og haust 1909, og første festsamværet i nybedehuset var i januar 1910. Arvid Koksæter gav oss eit samandrag av historia til bedehuset. Han vart avbroten av at «sokneprest Johnsen»(Arvid Halsetrønning) kom inn i full prestemundur. Johnsen var ein av forkjemparane for å få bygd eit bedehus, og no oppfordra han folk til å vere med og gi pengar. Sjølv viste han at han gjekk føre med å legge 1 heil krone i hatten. Han oppfordra dei andre rindalingane til å gjere det same. Ved slutten av gebursdagsselskapet vart hatten sendt rundt i salen, og det kom inn 6710 kroner, som hadde vore ein svimlande sum for Johnsen og dei andre som bygde huset! Vidare fekk vi høre at det vart det installert lys frå kraftverket i Stampdalen i 1925. Det vart sett opp 6 pærer. Årsavgifta vart 21 kroner. Første lysbildeframvisinga var i november 1929. Same året vart det også oppretta ei boksamling som i løpet av eit par tiår kom opp i 338 bind. Dei fleste bøkene vart innbundne av John O.Flåtten. Orgel var kjøpt for 480 kroner i 1930. Bedehuset fekk innlagt vatn i 1952. I 1953 vart det installert ny belysning. Det har vore fleire påbygningar: 1917: Bislag. 1954: Påbygg austover, ca 5m breidde for vedbu, do og lager. 1959: Austveggen saga bort, - podium vart laga der vedbua var. 1963: Kjellar vart utgraven under vestenden, tilbygg med ny inngang vart bygd og klosett vart montert. 1970: Kjøkenet vart restaurert. 1984 – 1986: Stor utbygginga langs heile veggen mot nord, 98 kvm. Det vart nytt kjøken og utvida storsal slik vi ser den no, og vi fekk grupperom/litlsalen. Det kosta omlag 500 000 kroner pluss ei mengde dugnadstimar! 1993: Rommet bak scena innreidd som lagerrom. 2001: Lagerbygget lengst aust vart oppført. Programmet på gebursdagsselskapet stod brukarane av huset for. Kor Gøttj, Salt & Pepper og speidarane hadde innslag. Dei har alle Rindal bedehus som møtestad og øvingsstad. Kirka bruker bedehuset mykje, og sokneprest Lene Gåsvatn avslutta selskapet med ei fin helsing. Sjølvsagt var det servering eit bursdagsselskap verdig: géle og vaniljesaus, blautkaker og andre kaker, med kaffe og brus! Og det er ikkje alle bedehus som kan servere barna brus i stettglas og géle i glasskåler! Johan Helgetun er leder for styret for Rindal Bedehus og leda gebursdagslaget. Ole T Ny kantor i Tingvoll Tingvoll har fått ny kantor etter at Tor Strand slutta i stillinga han har hatt i mange år. Den nye kantoren heiter IoanaMaria Precup og er frå Romania. Ho er 30 år og har vore gift i to år. Mannen er frå Canada og USA, men arbeider som skulemusikkprodusent i Harstad. Det er dumt å bu så langt frå kvarandre, seier Ioana-Maria, som har vore tre månader i Norge, men dei håper han snart kan få noko å gjera i området her. Dei ønskjer å bli i Norge, eller i alle fall i Skandinavia. No er Ioana-Maria ivrig opptatt av å læra norsk språk og tilpassa seg kulturen. Kulturen er ingen problem, seier ho, men språket er vanskeleg fordi folk snakkar ein spesiell dialekt. Men ho likar å læra språk, så det går nok bra. Ho kan alt gjera seg godt forstått, men så har ho også budd eitt år i Sverige der ho studerte Solistisk Orgelspel hos Hans Olav Ericson og korleiing ved Eric Westberg. Den nye kantoren har studert musikk i tolv år og har tre mastergrader i musikk, to frå Romania og ein frå Tyskland, der ho har studert i seks år. Der dreiv ho også med korarbeid i tre katolske kyrkjer, og i ei kristen populærmusikkgruppe. Ioana-Maria er døypt i ortodoks kyrkje i Romania, men gjekk over i den svenske kyrkja i Sverige der ho også gifta seg med mannen sin. Ho ønskjer for framtida å bli medlem av Den norske kyrkja. Etter så kort tid, har ho godt inntrykk av plassen her. Naturen var også med på å påverka henne til å velja Tingvoll. «Og folk er opne og tek godt imot meg,» seier ho. Ho likar korarbeid, men mykje er forskjellig, så det er ei utfordring å starta med eit kor som er innkøyrd i sine vanar. Men kormedlemmene er opne for forandring, seier ho smilande. På spørsmål om kva ho opplever forskjellig ved norsk kyrkjeliv frå det ho er vandt med, svarar ho at det er mykje same liturgi i Tyskland og Sverige. Litt forskjellige salmar, «men det er ingen problem, det er ein rikdom å læra nye salmar,» seier Ioana-Maria. Ho har også andre musikkinteresser forutan det kyrkjemusikalske og klassiske. Det er vanskeleg å velja ein yndlingskomponist, det blir så mange, seier ho. Men ho er også glad i jazz og folkemusikk. Dei er begge interesserte i folklore, arkitektur og kunst, å lesa og å læra språk og å reisa. Tekst og foto: Einy Rendal Elgsæther Kyrkjeblad for Indre Nordmøre Utgjevar: SOKNERÅDA PÅ INDRE NORDMØRE Redaktør: Einy Rendal Elgsæther 6645 Todalen 71 66 02 81 E-post: [email protected] REDAKSJONSSekretær: Ole Trygve Foseide 976 82 829 E-post: [email protected] Bladpengar: Frivillig kontingent Kyrkjeblad for Indre Nordmøre Kontor Service A/S Postboks 72 6630 Tingvoll Bankgironr.: 4050 40 46232 Elias Blix I år er det 175 år sidan Elias Blix vart fødd som småkårsson i Gildeskål. Han gjekk lærarseminar i Tromsø, og kom så til Kristiania som student. Han fekk også studieopphald i Leipzig, tok doktorgrad og vart universitetslærar i språk og teologi. Blix hadde eit stort engasjement i målrørsla, var med og starta Noregs Mållag, og i politikk for Venstre, var statsråd i Sverdrupregjeringa i den tid parlamentarismen slo igjennom. Men det som låg hjartet hans nærast, var salmediktning, språk og bibelomsetjing. Nynorsken lokka fram kunstnaren i Elias Blix, som har gjeve oss mange vakre salmar, 50 salmar i salmeboka vår, (forutan mange omsetjingar), m.a. fedrelandssalmen og den flotte julesalmen «Kling no klokka», som vi har trykt tre vers av på forsida av Kyrkjebladet. Resten kan vi lesa, eller syngja frå Norsk Salmebok nr. 65. ERE Sats/REPRO/EKSP.: Prosit Design og Kommunikasjon as 71 66 50 80 E-post: [email protected] 6657 Rindal Trykk: Wennbergs Trykkeri AS 72 88 98 00 7075 Tiller KYRKJEBLADET PÅ NETT: http://www.rindal.kirken.no/ Sjå øvst til høgre på menylinja
© Copyright 2024