Artikkel om kolerakyrkjegardane av Sverre Halleraker.

Den store koleraepidemien
Av Sverre Halleraker
I Bergen tok koleraen livet av over 600 menneske i løpet av tre månadar. I Finnås
prestegjeld, som utgjer heile Bømlo og det meste av dagens Sveio kommune, døydde minst
hundre personar av den grufulle koleraepidemien. Dei aller fleste av desse døydde i løpet av
tre veker. Sjukdommen spreidde frykt og panikk. Det meldtes om kolerasjuke som låg døyande og jamra seg i smerter på brygger og i båtar på stader som Espevær, Tjernagel og Mølstrevåg, utan at nokon ville hjelpe dei. Om bord i båtar låg koleralik saman med sjuke personar i fleire dagar utan at nokon var villige til å ta affære. Legane kjende ikkje til kolerabakterien, og sjukdommen blei blant anna behandla med årelating, blodigler, klyster og
brennevin. I denne artikkelen skal me sjå nærare på den store koleraepidemien som ramma
Sveio i 1849.
Kva er kolera?
No veit me at kolera skuldast ein farleg tarmbakterie, og me veit at smittekjelda er
avføring som kjem i kontakt med mat og drikke. Med andre ord er ureinslegheit viktigaste
årsak til at kolera spreier seg. Bakterien trives best der det er fuktig og varmt, og kan
overleve i kroppsvæske i fleire dagar. Kolerabakterien greier seg ikkje lenge der det er tørt.
Inkubasjonstida til sjukdommen er frå eitt til to døgn, men ein kan vere smitteberar utan å bli
sjuk sjølv. Sjukdommen utviklar seg raskt med kraftig oppkast og diare. Ein pasient kan tape
så mykje som 15 liter av kroppsvæska på eitt døgn. Dei sjuke døyr av væsketapet. Dei som
ikkje døyr i løpet av dei to første døgna med sjukdom, overlever som regel. Dei sjuke er og
plaga av skjelvingar og krampe i heile kroppen. Sterke smerter i underlivet og sterk
hovudverk er vanleg. Pasienten har sterk hjertebank og pulsen blir svært høg. Huda blir klam
og kald, og augo blir senka inn i hovudet.
Ein lege på eit kolerasjukehus i Bergen skildrar sjukdommen slik: ”Opkastelserne gaae
oftest for sig med megen Lethed der, hvor de vedblive af sig selv, og med en saadan Force, at
Udstrømningen naaer flere Fod henad Gulvet, som fra en Fontaine." ... "Diarrhoe indtræder
sædvanlig samtidig med Brækningen, hvis den ikke har viist sig som Forløber. Ud-
tømmelserne per anum ere særdeles hyppige, ... De have aldrig excrementøs Lugt eller Farve.
Lugten er ganske egen, vammel, som det forekommer mig noget lig Lugten av Frugtvandet.
Undertiden blive disse Udtømmelser farvede røde i alle Nuancer ligefra svagt Anstrøg af rødt
til reen Blodfarve, hyppigst have de da Udseende som Viinbærme eller Chocolade; de have
altid en yderst stinkende næsten raadden Lugt.”
I 1849 kjende ein ikkje til kolerabakterien, og ein visste difor heller ikkje korleis sjukdommen smitta. Alle som hadde litt kjennskap til sjukdommen forsto likevel at det dreidde
seg om smitte i ein eller annan form. Forsking antyda at smitten kunne overførast frå ein sjuk
til ein frisk person via eit smittestoff. Denne teorien møtte sterk motbør. Dei fleste meinte at
smitten dreidde seg om ein gass som kom frå lika av dei kolerasjuke. Denne misoppfatninga
førte til at folk var livredde for å kome i kontakt med dei døde, medan dei ikkje visste korleis
dei skulle verne seg mot dei farlige bakteriane som helst smitta mellom levande personar.
Eg kan kome med eit døme frå mi eiga slekt som heldt til på garden Halleråker i
Bremnes sokn. Ole Størksen var ein velståande mann, så då kona hans Marthe Halvorsdatter
døydde av koleraen den 25. februar, berre 39 år gammal, trossa han alle instruksar om å unngå
forsamlingar, og baud slekt og naboar til eit skikkeleg gravøl. På denne tida gjekk gravølet
føre seg på den måten at ølbolla blei sendt rundt frå person til person. Det gjekk som ein
kunne frykta etter dette drikkelaget. Dei næraste dagane blei mange sjuke i nabolaget, og
koleraen spreidde seg vidare. I dagane mellom 6. og 21. mars døydde så mange som 11
personar av kolera berre på garden Halleråker.
Frå storbyen til fiskeværa
Koleraen herja fleire stader i Europa frå 1847 og utover. Styresmaktene var så
realistiske at dei rekna med at Noreg og ville bli råka, og som frykta så slo koleraen til like før
jul i 1848. I Skivebakken, like over Domkyrkja i Bergen, budde ei ung og fattig vektarkone
med familien sin. Rykta ville ha det til at ho dreiv med prostitusjon medan mannen hennar var
ute som vektar om nettene. Tidleg søndags morgonen den 10. desember blei lege tilkalla. Ho
viste alle dei typiske symptoma på kolera, og ho døydde i heimen sin same dag. Seinare kom
det for dagen at naboar hadde observert ein utanlandsk sjømann som kom ut frå huset hennar
tidleg om morgonen nokre dagar tidlegare. Truleg var denne utanlandske sjømannen smittekjelda som sette i gong koleraepidemien. I Bergen spreidde sjukdommen seg raskt. Over 1000
personar var råka av sjukdommen, og over 600 bergensarar døydde av kolera denne vinteren.
Styresmaktene frykta at koleraen ville spreie seg til distrikta rundt Bergen. Særleg
frykta ein at koleraen skulle spreie seg under det store vårsildfisket som kvar vinter fann stad i
området mellom Skudeneshamn i sør og Brandasund i nord. På det meste deltok over 50 000
personar i dette eventyrlege fiskeriet. Fiskarane flytta seg etter silda, men svært mange samla
seg på stader som Røvær, Espevær og Mølstrevåg. Dei som var med på fisket gjekk som regel
i dei same kleda fleire veker i strekk, utan å vaske dei. Ferskvatn var mangelvare, og det var
ikkje snakk om å bruke opp vatnet til vasking. Det var heller ikkje snakk om å bruke nokon
form for toalett. Dette skriv distriktslegen etter å ha vore på Espevær under fisket: ”En kan
ofte møde paa det modbydelige Syn af Excremente overalt, endog i umiddelbar nærhed til
Brønde.” Fiskarane breidde over seg og la seg til å sove i båtane sine, eller så fekk dei overnatte i sjøbuene på land. Med andre ord så levde fiskarane like tett innpå kvarandre som sild i
tønne. Det er lett å forstå at eit kolerautbrot kunne få katastrofale følgjer under slike tronge og
uhygieniske tilhøve.
Allereie rundt juletider blei det meldt om godt sildefiske ved Skudenes, og sildestimane flytta seg på vanleg måte nordover utover vinteren. I midten av januar slo fisket til
ved Røvær, og 17. januar blei det første koleratilfellet konstatert blant vårsildfiskarane. Fiskaren som kom frå ”Strilalandet” hadde nok smitten med seg frå Bergenstraktene. Den 19.
januar døydde denne fiskaren, og i løpet av dei neste dagane vart fleire fiskarar sjuke. Innan
utgongen av januar hadde koleraen kravd 20 menneskeliv i traktene rundt Røvær og
Haugesund. Mange fiskarar avslutta fiskesesongen og reiste heim i frykt for å bli smitta,
medan mange fiskarar valde å reise nordover til Mølstrevåg, Tjernagel eller Espevær for å få
med seg sildefisket der.
Koleraen kom til Sveio
Koleraen kom til Sveio første veka i februar, til tross for at ein gjorde kva ein kunne
for ikkje sleppe smitten i land i hamnene kor fiskarane samla seg for. Den første kolerasjuke
var fiskaren Isak Olsen Bruntveit frå Tysnes. Han blei sjuk i Mølstrevåg 7. februar. Det kan
sjå ut som om han og resten av mannskapet på båten hans blei nekta å kome i land, og at dei
nærast blei jaga frå Mølstrevåg og over til Espevær. På Espevær var ein i ferd med å opprette
eit lasarett for kolerasjuke, men ein venta framleis på at koleralegar, naudsynt utstyr og
medisinar skulle kome frå Bergen.
Isak Olsen døydde i båten sin om kvelden den 8. februar, på veg over til Espevær. På
det tidspunktet var tre andre av mannskapet og smitta. Samstundes var ein garnbåt med ein
kolerasjuk komen over til Espevær frå Smørsund. To andre fiskarar på denne båten skal
plutseleg ha blitt angripne av same sjukdom då dei kom til Espevær.
Nokre dagar seinare fekk styraren ved lasarettet på Espevær melding om kolera om
bord i eit fartøy som låg ved Tjernagel. Meldinga kom frå landhandlar Enerstvedt. Fartøyet
høyrde heime på Tysnes. Då Ole Madsen Vernøe blei råka av koleraen torsdag 8. februar, blei
han og mannskapet hans nekta å kome i land på Tjernagel. Det var heller ingen frå Tjernagel
som var villige til å yte nokon form for hjelp til dei om bord på fartøyet.
Fredag kveld døydde Ole Madsen om bord i fartøyet sitt. På dette tidspunktet var
resten av mannskapet og kolerasjuke. Det var brørne Johannes og Sjur Engelsen frå Tysnes.
Framleis var det ingen på Tjernagel som ville hjelpe, men etter fire dagar greide lasarettet å
hyre ein mann til å føre fartøyet over til Espevær. Dei sjuke var sperra inne i kahytta saman
med den døde i fleire dagar. Når me veit kor sterke smerter koleraen førte med seg, og korleis
dei sjuke blei råka av oppkast og diare, kan me sjå for oss kva scener som må ha utspela seg
om bord i dette fartøyet.
Den innhyra føraren av fartøyet returnerte til Tjernagel straks etter at fartøyet var
levert. I styraren av lasarettet sin protokoll kan me lese at føraren kontant avviste førespurnaden om å hjelpe til med å få den døde og dei to sjuke brørne i land og inn i lasarettet.
Dette var ikkje dei einaste døma på at kolerasjuke blei nekta hjelp i hamnene i Sveio. Om
formiddagen den 24. februar skriv styraren av lasarettet om eit nytt fartøy som kom til Espevær. Dette kom frå Mølstrevåg og blei ført av Peer Hansen Kjøn. Han hadde ein død og to
kolerasjuke om bord.
Desse døma viser kor redde folk var for å bli smitta av sjukdommen. Det kan virke
hjerterått å la døde og alvorleg sjuke liggje i båtane utan hjelp fleire dagar i strekk. Det var og
vanskeleg å få folk til å gravleggje dei døde. Eit anonymt innlegg i ei avis i Bergen skildrar
tilhøva på Espevær i starten av koleraepidemien. I avisinnlegget heiter det: ”I Espevær, det
viktigste Fiskevær i Amtet, skal Tilstanden især have været ynkelig (…) og de Syge, der
befandtes paa Land, henlaa uden Lægehjelp og omkom paa den Sørgeligste maade.”
Soknepresten i Finnås skildrar og tilhøva på liknande måte i eit anna avisinnlegg, samstundes
som han klagar på at styresmaktene viser liten vilje til å yte distrikta den assistanse dei hadde
behov for. Før kolerakyrkjegarden på Espevær var klargjort, blei likkistene plasserte på ein
holme. Det sto seks likkister på denne holmen før gravplassen var klar.
Korleis blei dei sjuke behandla?
Som eg allereie har vore inne på, så kjende ein på midten av 1800-talet ikkje til
bakterien som var årsaka til koleraepidemien. Penicillin eller andre antibiotika var heller ikkje
teken i bruk på denne tida. Dei fleste behandlingsmetodane var heilt utan verknad, medan
andre var direkte skadelege for pasientane. Det var om å gjere å få sjukdommen ut av
kroppen. Difor framkalla ein brekningar hos pasienten. I tillegg nytta ein ulike avføringsmiddel og klyster. Huda blei smurd inn med eddik og brennevin, og ein nytta såkalla sennepskaker, altså sennep pakka inn i kalde beslag. Dessutan blei pasientane bada i varme dampbad.
Medisinar ein nytta var opium, kamferdråpar og kvikksølvklorid.
Den mest groteske behandlinga var årelatinga. Ein kunne tappe fleire koppar med
såkalla ureint blod frå ein pasient. I tillegg nytta ein blodigler. Desse blei sette i tinningen på
begge sider av hovudet og i nakken. Blodigler blei og brukt rundt endetarmsopninga. Alt dette
skulle drive sjukdommen ut or kroppen, men dei fleste av behandlingsmetodane gjorde vondt
verre. Pasientane fekk ikkje drikke vatn, men søt byggsuppe blei flittig brukt. Byggsuppa
gjorde godt for pasientane. Gjennom suppa fekk dei i seg både væske og næring. Pasientane
måtte og drikke store mengder saltvatn. Saltløysinga skulle framskunde brekningar, men saltet
viste seg å ha positiv effekt, fordi saltet gjorde kroppen i stand til å ta opp væske.
Omfanget av koleraen i Sveio
Sigurd Tveit har skrive om koleraen i Sveio i boka ”Vandring i nærmiljøet.” Han skriv
at 22 personar døydde av koleraen i Sveio i 1849. Ei gransking av presten sine protokollar
over døydde og gravlagde avslører eit mykje høgare tal. Når eg her snakkar om Sveio, held eg
meg til det området som i dag utgjer Sveio kommune. I 1849 låg dagens Sveio kommune
under fire ulike kyrkjesokn i tre ulike prestegjeld. Dei døde er lista opp i kronologisk rekkefølgje etter dødsdato i tabellen under. Eg har teke med fiskarane frå andre prestegjeld som
døydde i Sveio i ein eigen tabell. Dei to tabellane viser at heile 41 personar døydde av kolera i
Sveio i tidsrommet mellom 10. februar og 10. mars 1849. Ni av desse var fiskarar frå andre
prestegjeld. Når me veit at om lag 60 % av dei kolerasjuke døydde, må me rekne med at det
var over 70 kolerasjuke personar i Sveio.
Ein greidde som kjent ikkje å halde sjukdommen borte frå Sveio. Koleraepidemien
råka Sveio i tre bølgjer. Den første bølgja starta 8. februar og varte til 14. februar, og det var
fiskarane som hadde oppsøkt Mølstrevåg, Eltravåg og Tjernagel som blei råka. I løpet av
denne første veka av epidemien døydde 12 personar i Sveio. Ser me bort frå liket som blei
sendt over til Espevær, blei dei tre første dødsfalla rapporterte 10. februar. Dei omkomne var
to fiskarar som ikkje budde i Sveio og ein 43 år gammal fiskar frå Vestvik. Av dei som
døydde dei neste dagane, var det 6 fiskarar frå andre prestegjeld. Dei tre siste var fiskarar frå
Valestrand. Desse tre blei gravlagde på kolerakyrkjegarden ved Valevåg.
Koleraen spreidde seg raskt til fleire av gardane i Sveio. Den andre bølgja av koleraepidemien tok og livet av kvinner, barn og eldre. Desse blei smitta av fiskarane som i panikk
reiste heim frå fisket då koleraen braut ut. Frå 16. til 25. februar tok koleraen livet av 17
personar i Sveio. Gardane Eltravåg og Skiftestad blei hardt råka med tre koleradødsfall kvar.
På Eltravåg døydde to brør på 1 ½ og 13 ½ år, og på Skiftestad døydde eitt eldre ektepar.
Personar frå Sveio som døydde av kolera i 1849
Dødsdato
102.49
12.2.49
13.2.49
14.2.49
16.2.49
17.2.49
18.2.49
18.2.49
20.2.49
20.2.49
20.2 49
21.2.49
21.2.49
22.2.49
22.2.49
22.2.49
24.2.49
24.2.49
25.2.49
25.2.49
1.3.49
1.3.49
2.3.49
2.3.49
3.3.49
4.3.49
4.3.49
5.3.49
6.3.49
6.3. 49
6.3.49
10.3.49
Gravlagd
Jordfesta
27.5
15.2
15.2
16.2
29.4
25.3
25.3
29.4
29.4
22.6
22.2
25.3
25.3
9.4
29.4
4.5
25.3
25.3
25.3
29.4
29.4
5.3
4.3
4.3
5.3
5.3
3.6
3.6
9.4
29.4
3.6
25.3
9.4
9.4
9.4
Namn
Sjur Gundersen
Gunder Nilssen
Erik Farteinsen
Knud Olsen
Jørgen Johan Olsen
Thore Haggensen
Aaseline Olsd.
Kari Perersd.
Gottschalck Endresen
Knud Larsen
Borgvilde Mattiasd.
Tosten Gjertsen
Anna Christensd.
Jacob Jacobsen
Stephen Olsen
Marthe Gregoriusd.
Gjert Tostensen
Peder Pedersen
Gunvor Johannesd.
Rasmus Johannesen
Knud Endresen
Jacob Pedersen
Randi Knutsd.
Martha Osmundsd.
Haldor Haldorsen
Berge Størckersen
Aliz Rasmusd.
Martha Olesd.
Britha Halvorsd.
Anna Johannesd.
Marie Danielsd.
Britha Baltzersd.
Gard
Westvigsætre
Flaadene
Ulverager
Brokenæs
Eltravaagnæs
Næset
Vixøe
Eltravaag
Aarstadleite
Afløbet
Fagerland
Skiftestad
Skiftestad
Waage (sør)
Eltravaagnæs
Westvig
Kind
Qvalvaag
Skiftestad
Aase
Tvedte
Øvre Valen
Framnæs
Framnes
Fagerland
Lie
Aase
Framnes
Qvalvaag
Lie
Rødmyhr
Grimstvedt
Kjelde: Ministerialbok for soknepresten i prestegjelda Finnås, Stord og Fjellberg.
Alder
43 år
23 år
41 år
45 år
13 ½ år
59 år
1 ½ år
65 år
50 år
78 år
53 år
81 år
67 år
48 år
1 ½ år
84 år
55 år
½ år
45 år
48 år
45 år
39 år
60 år
57 år
18 år
53 år
39 år
68 år
70 år
60 år
1 mnd.
27 år
Sokn
Moster
Valestr.
Valestr.
Valestr.
Sveen
Sveen
Sveen
Sveen
Sveen
Sveen
Valestr.
Sveen
Sveen
Sveen
Sveen
Moster
Sveen
Sveen
Sveen
Sveen
Sveen
Valestr.
Vikeb.
Vikeb.
Valestr.
Sveen
Sveen
Vikeb.
Sveen
Sveen
Sveen
Sveen
Personar frå andre prestegjeld som døydde av kolera i Sveio
Dødsdato:
10.2.49
10.2.49
11.2.49
12.2.49
12.2.49
13.2.49
13.2.49
13.2.49
20.2.49
Jordfesta:
22.3
22.3
22.3
22.3
22.3
22.3
22.3
22.3
22.3
Namn:
Johannes
Lars Hansen
Anders Olsen
Hans Hansen
Jacob Hansen
Jens Knudsen Møller
Ole Olsen
Hans Jansen
Lars Sørensen
Alder:
56
29
38
49
?
51
21
28
37
Prestegjeld:
Kvinnherad
Vik
Lærdal
Flekkefjord
Egersund
Flekkefjord
Etne
Eid
Askvold
Kjelde: Ministerialbok for soknepresten i Finnås prestegjeld.
Mange torde nok å håpe på at epidemien var over då det ikkje kom fleire koleradødsfall i dagane etter den 25. februar. Men etter tre dagars pause, starta den tredje og siste
bølgja av kolerasjuke. Den siste bølgja tok livet av 11 personar i løpet av dei seks første
dagane i mars. Det var personar av begge kjønn i alle aldrar. På Lie døydde eit ektepar, og på
garden Framnes, som var ein del av Vikebygd sokn i Fjellberg prestegjeld, tok koleraen livet
av tre personar. Det siste koleradødsfallet i Sveio fann stad den 10. mars 1849, men etter det
var det heldigvis heilt slutt.
Korleis skulle koleralika takast hand om?
Folk var livredde for å kome i kontakt med koleralika. Ein trudde som tidlegare nemnt
at smitten kom frå lika. Ein trudde at lika kunne smitte lenge, faktisk og etter at dei var komne
i grava. Det var som me veit svært vanskeleg å få folk til å ta seg av alle dei døde og sørgje
for at dei kom i jorda. Samstundes så var folk naturleg nok redde for å ha dei døde kroppane
liggjande slik at dei spreidde den farlege smitten. Difor stilte nok folk motvillig opp og sørgde
for at koleralika blei gravlagde djupt nede i jorda.
I starten av 1830-åra blei Oslo sterkt råka av kolera. Epidemien fekk styresmaktene til
å setje i gong fleire tiltak i heile landet. Tiltaka skulle gjere alle distrikta i heile landet i stand
til å handsame nye koleraepidemiar. Alle kyrkjesokn fekk i oppdrag å opprette såkalla sunnheitskommisjonar. Desse skulle tre i kraft og setje ut i live dei naudsynte tiltaka dersom katastrofen trua. Styresmaktene kom og med nye forskrifter for korleis koleralika skulle takast
hand om. Kista skulle lagast av tjukke bord og måtte vere heilt tett. Dessutan skulle kista
smørjast med tjære på innsida. Det var viktig at lika kom i kista straks etter at dei var døde, og
kista måtte lukkast med ein gong. Alle seremoniar i samband med gravferda var forbodne.
I forskriftene for koleragravferder står det: ”Sørgestue forbys, og til Begravelsen må
ikke tillades andre eller flere end behøvedes for at bringe Liket til Graven og deri nedsænke
det. (...) Ei heller maa Likene underveis til deres Gravsted føres ind i eller gjennom Kirke
eller anden Bygning. Likene bør i Regelen kjøres og kun i nødstilfelle bæres til Graven." Slik
vegsituasjonen var i Sveio, var det ikkje mogleg å unngå å bere likkistene til gravplassen.
Koleragravplassane
Koleralika skulle gravleggjast på eigne avskjerma avdelingar på kyrkjegarden, og det
måtte vere minst 50 alen mellom gravene og kyrkja eller mellom gravene og bustadhus.
Kykjegarden måtte og ha nok tørr jord. Dessutan skulle koleragravene vere minst fire alen,
altså 2,5 meter, djupe. Dersom desse krava ikkje kunne oppfyllast, måtte det lagast eigne
koleragravplassar. Kyrkjegarden i Sveio var så godt som full i 1848, og det var ikkje mogleg å
leggje koleragravene langt nok vekke frå kyrkja. Dessutan var jorda ingen stader på kyrkjegarden djup nok til å grave ei grav som var fire alen djup. Det måtte med andre ord lagast nye
kyrkjegardar for å imøtekome styresmaktene sine krav.
Sigurd Tveit har funne ut mykje om koleragravplassane i Sveio. Han skriv om tre slike
gravplassar i boka ”Vandring i nærmiljøet.” Alle tre ligg ved sjøen på vestsida av Sveio, og
alle tre ligg i nærleiken av viktige hamner for vårsildfiskarane. Plasseringa er neppe tilfeldig.
Sunnheitskommisjonane var så framsynte at dei såg for seg at det var i desse hamnene
koleraen ville bryte ut under vårsildfisket.
Den mest kjende av kolerakyrkjegardane i Sveio ligg i Leirvåg innerst i Valevågen.
Dette er gravplassen som gav Fartein Valen inspirasjon til å skrive det kjende musikkstykket
”Kirkegården ved havet.” Her ligg fem av dei seks personane frå Valestrand som mista livet
under koleraepidemien. Denne gravplassen er restaurert, og han blir teken godt vare på.
Flyttar me oss sørover, så finn me neste koleragravplass i Auklandshamn. Denne gravplassen er ikkje vigsla, og han blei aldri teken i bruk. Av presten sine protokollar ser me at
Økland-gardane så å seie blei spart for koleraen. Berre to personar frå dette området døydde,
og ein av desse døydde nok under vårsildfisket lengre sør.
Kyrkjegarden i Mølstrevåg
Den neste koleragravplassen ligg ikkje uventa i Mølstrevåg, som var ei av dei viktigaste hamnene for vårsildfiskarane. Sigurd Tveit skriv at eldre folk han snakka med fortalde at
ingen frå Sveio var gravlagde i Mølstrevåg, men at eit utanlandsk skipsmannskap på 30 mann
som omkom under koleraepidemien ligg gravlagde her. Etter å ha granska fleire ulike kjelder,
kan eg ikkje finne noko som er nedskrive om eit slikt skipsmannskap. Presten var nøye med å
skrive ned alle døde i ministerialboka, så eg ser det som heilt usannsynleg at det ligg utanlandske sjøfolk på koleragravplassen i Mølstrevåg.
Kven er det då som ligg gravlagde på denne gravplassen? Me veit heilt sikkert at
gravplassen blei laga tidleg på nyåret i 1849, og me veit at gravplassen blei nytta under
koleraen. Eit notat frå 1884 i presten si kallsbok stadfestar dette. I dette notatet står det at
kolerakyrkjegarden låg i kaptein Simonsen si utmark. Gravplassen sin lengde var 19 meter, og
breidda var 9,45 meter. I kallsboka står det at gravplassen blei nytta så lenge koleraepidemien
herja i soknet. Det står ikkje noko om kor mange som vart gravlagde her, eller kven det var
som vart gravlagde her. Vidare står dette i kallsboka: ”Denne Gravplads var først hegnet med
en Grøft, men da denne paa den ene Side paa Grund af et Fjeld ikkje fredede, lod Kaptain J.
Simonsen for egen Regning opføre et tilstrækkeligt høit Stengjerde paa den ene Side og de
andre tre Sider beplante med 2 Rader Hvidtorne, som han senere har Aarligt tilseet ved
Vanding og Gjødsling. Den er dyb og tør.” Simonsen skal og ha sett opp ein jernport i inngongen til kyrkjegarden. I følgje Sigurd Tveit var det Kaptein Simomsen si kone, Gurine, som
sto for stellet av kolerakyrkjegarden.
Kolerakyrkjegarden i Mølstrevåg ligg på ein gammal husmannsplass med namnet
Brattestøtreet der den opphavlege Paddevegen endar ved sjøen. Steingarden i øvre kant av
kyrkjegarden er i relativt god stand, og det er ennå tydelege merke etter grøfta rundt resten av
kyrkjegarden. Grøfta skulle halde husdyra som beita i utmarka borte. Me finn og restar av
hagtornhekken som blei planta for å verne gravplassen enda betre. Den gamle kyrkjegarden
ligg i eit område som er prega av naust og fritidsbustadar og ein traktorveg passerar
steingarden faretruande nær. Det som likevel uroar meg mest, er at kyrkjegarden ligg i eit
område som på kommunen sin reguleringsplan er regulert til fritidsbustadar. Her må ein vere
på vakt og sikre at dette verneverdige kulturminnet ikkje går tapt.
Me veit at koleraen tok livet av 30 personar i Sveio sokn. Då har me reknar med dei ni
fiskarane frå andre prestegjeld som omkom. Sidan den gamle kyrkjegarden i Sveio ikkje tilfredsstilte styresmaktene sine krav til å gravleggje koleralik, skulle ein tru at alle som døydde
av koleraen i Sveio ligg gravlagde i Mølstrevåg. Slik er det ikkje. Folk viste sterk motstand
mot å bruke dei nye koleragravplassane. Dei ville helst bruke dei ordinære kyrkjegardane.
Kolerakyrkjegardane måtte lagast til på svært kort tid, og som me les i kallsboka så var det
ikkje så mykje som ein steingard rundt kyrkjegarden i starten. På Espevær viser protokollane
frå lasarettet at det i hovudsak var dei tilreisande fiskarane som blei gravlagde på koleragravplassane. Dei som høyrde heime i Bømlo sokn blei stort sett gravlagde på kyrkjegarden i
Langevåg. Instruksen frå styresmaktene sa at koleralika ikkje skulle fraktast så langt.
Enda ein kolerakyrkjegard
Soknepresten i Finnås skreiv ikkje i protokoll kvar dei døde blei gravlagde, men dei ni
tilreisande fiskarane blei heilt sikkert gravlagde i Mølstrevåg. Det er lite sannsynleg at
gardane som låg langt borte frå Mølstrevåg bar kistene med koleralika heilt til Mølstrevåg.
Kor ligg så dei 21 personane frå Sveio sokn som døydde av koleraen? Svaret finn me i kallsboka. Der skreiv sokneprest Aal i 1884 om ein annan kolerakyrkjegard i Sveio, nemlig kyrkjegarden i utmarka like vest for garden Sveio sitt bøgjerde. Denne kyrkjegarden ligg i nedre
kant av Fjellstad, like vest for riksvegen. I kallsboka står det at denne kyrkjegarden blei teken
i bruk under koleraen i 1849, og at kyrkjegarden blei nytta heilt til den nye kyrkjegarden på
Bjelland sto ferdig i 1878. Sidan kyrkjegarden ved Fjellstad gjekk over til å bli soknet sin nye
gravplass etter koleraepidemien, er det ingen som har snakka om denne kyrkjegarden som
kolerakyrkjegard.
Det var på denne nye gravplassen dei fleste av offera for koleraepidemien i Sveio blei
gravlagde, men blei ikkje dei døde som kom frå gardane i nærleiken av Mølstrevåg gravlagde
i Mølstrevåg? Presten sin protokoll over døde og gravlagde tyder ikkje på det. Det er lite
truleg at presten utførte såkalla jordfestingar på meir enn ein kyrkjegard same dag. Derfor ligg
nok alle med same jordfestingsdato på same kyrkjegard. Soknepresten jordfesta koleraoffera i
Sveio sokn på fem ulike dagar. Den 22. mars blei dei tilreisande fiskarane jordfesta på kolerakyrkjegarden i Mølstrevåg. Tre dagar seinare blei 8 nye koleragraver jordfesta. Mange av
desse var frå gardar langt borte frå Mølstrevåg, derfor ligg dei truleg på kolerakyrkjegarden
ved Fjellstad. Mange av dei fem som blei jordfesta 9. april og dei sju som blei jordfesta 29.
april høyrde og heime i dei indre delane av Sveio. Derfor ligg truleg heller ingen av desse
gravlagde i Mølstrevåg.
Den siste jordfestinga av koleralik fann stad så seint som 22. juni. Denne dagen blei
Knud Larsen frå Avløpet jordfesta. Dette var same dagen som koleragravplassen i Mølstrevåg
blei vigsla av soknepresten. Som me veit så er Avløpet nabogarden til Mølstrevåg. Derfor er
det mykje som tydar på at Knud Larsen var den tiande og siste som vart gravlagd på kolerakyrkjegarden i Mølstrevåg.
Oppsummering
I denne artikkelen har eg prøvd å sjå nærare på kva som hende i løpet av dei
dramatiske vekene koleraepidemien herja i Sveio. Eg har prøvd å bruke historiske kjelder som
er til å lite på, og ved hjelp av desse har eg etter mi meining funne mange nye opplysningar
om kolerasjukdommen, dei som døydde av koleraen og om kolerakyrkjegardane i Sveio. Det
er mitt håp at nye opplysningar om denne dramatiske delen av historia vår, kan føre til at
kolerakyrkjegarden i Mølstrevåg blir restaurert og gjort tilgjengeleg for folk. Kva med å rydde
den gamle gravplassen, setje opp ny jernport og plante ny hekk av hagtorn? Vegen til kyrkjegarden bør skiltast frå riksvegen, og det hadde vore fint med oppslag som fortalde historia om
koleraepidemien i Sveio og om kolerakyrkjegarden. Den gamle kyrkjegarden er eit kulturminne me må ta vare på, og gjennom historia om koleraepidemien blir slike kulturminne
interessante for folk.
Kvittering på skipslasta som blei sendt frå Bergen til lasarettet på Espevær ved utbrotet av epidemien. Me kan
sjå at lasta blant anna inneheldt 14 likkister med diverse, 36 tomme likkister, to badekar, såpe, bek og høvla
kjøpmannsbord.
Teikningane er frå Frankrike og skal førestille same kvinne før utbrotet av kolera og ein time etter utbrotet av
kolera.
Årelating. Ein trudde at det ureine blodet måtte tappast ut av kroppen. Blodigler blei og nytta til denne
reinsinga.
”Kirkegården ved havet” i Leirvåg ligg fint til i skogen, ikkje langt frå sjøen. Her blei fem av dei seks personane
frå Valestrand som døydde av koleraen i 1849 gravlagde. Steingarden og jernportane er i god stand. Det går
stig frå Nappen ved Valevåg og ut til kyrkjegarden.
Steingarden i øvre kant av koleragravplassen i Mølstrevåg. Det var kaptein Johannes Simonsen som laga
steingarden ein gong rundt 1870 og fekk sett inn jernport. Kona hans, Gurine, planta hagtornhekk rundt resten
av kyrkjegarden. Denne hekken skal ho ha vatna, gjødsla og stelt så lenge ho levde. (Ho døydde i 1901.)