Treningssenter Lobbybaren Lobbybaren som ligg ved resepsjonen har160 sitjeplassar og djupe, gode sofaer du kan sige ned i. Du finn små, rolege hjørne eller pulserande liv viss du vil ha det, og utsikten til Geirangerfjorden og fjella skaper ei flott ramme rundt salongen. Nina Grieg-terrassen Terrassen vår har spektakulær utsikt til Geirangerfjorden og fjella rundt. Terrassen er tilgjengeleg heile året for den som ønskjer å sitje ned og nyte den praktfulle fjordutsikta. Ein aperitiff på Nina Grieg-terrassen før middag er ei oppleving og ein perfekt start på kvelden. Studebaker`n Nattklubb Nattklubben i underetasjen er hotellet sin underhaldningsarena og her spelar vi opp til dans med husets orkester 6 dagar i veka. Union Bad I Union Bad kan du symje i takt med naturen som går sin gang på utsida, eller bade ute i oppvarma terapibasseng med fjella som råme. I Union Bad har vi innandørs symjebasseng, utandørs terapibasseng med boblebad, sauna, kafè og leikeland. Union Spa Union Spa er vår stoltheit – ein oase for avslapping for dei vaksne. Vi byr på privat område med eigne garderobar, saunaområde, avslappings- og behandlingsavdeling. I saunaområdet er det sauna med saunarituale, dampbad, japansk varmebad, hydrawalk, varmebenk med fotbad, isfontene, og opplevingsdusjar med eigne tema. I eit eige avslappingsområde har vi fire ulike stover til kvile. Her kan ein kose seg med ei bok i bilioteket, nyte utsikta, sove i eit stillerom eller nyte eit lett måltid i peisstua. Her serverer vi også frukost kvar morgon kl. 09.00 – 12.00. Du kan besøke Union Spa sitt fellesområde utan å måtte bestille inngang, medan spabehandlingar kan vere lurt å bestille på førehand. I underetasjen til Union Bad & Spa finn du treningsenteret vårt med store lyse lokaler og vindauge. Her er både frivekter, apparat for alle muskelgrupper, tredemøller, romaskin og spinningsyklar. Ta gjerne kontakt med Union Spa eller hotellets resepsjon for adgangskort. Treningssenteret er ope frå kl 0800 – 2300 alle dagar. Resepsjonen Resepsjonen er sjølve hjartet i Hotel Union. Her får du svar på det meste om Geiranger og omegn, og hjelp til å planlegge aktivitetar og turar. I tilknyting til resepsjonen ligg Union Shop. Veteranbilane Mange av dei flotte bilane som vart brukt til å vise turistane rundt i Geiranger på 1920- og 1930-talet er framleis i bra stand. Ein av bilane er utstilt i resepsjonsområdet, medan åtte andre årgangsbilar utgjer veteranbilmuseet i hotellet. Alle bilane har si eiga spesielle historie. Kafè Løsta Kafè Løsta ligg rett ved Union Bad & Spa, og er lett tilgjengeleg for badegjester.Nyt eit lett måltid i badekåpa, eller få servert måltidet inne i Union Spa. I Kafè Løsta byr vi på smårettar, salatbuffet og drikkemeny. Restaurant Fjorden Restauranten Fjorden held ope heile året til frukost, lunsj og middag. Her serverer vi den populære Unionsbuffeten med tema svarande til dei ferske råvarene vi har i dei ulike sesongane. I sommarsesongen er buffeten freistande norsk og internasjonal, om hausten kan du smake viltrettar og mat i mengder frå havet, og i desember er det tradisjonelt julebord. Restaurant Julie À la carte-restauranten er oppkalla etter Julie Mjelva som kjøpte Hotel Union saman med mannen Karl Mjelva i 1898. Restauranten har plass til 44 gjester. Vi serverer utsøkt mat frå ein velkomponert meny, sett saman av dei aller beste råvarene vi kan oppdrive. Atmosfæren i restauranten er intim og hyggeleg, og utsikten til Geirangerfjorden overveldande. Velkomen til ei god oppleving!
© Copyright 2024