INFO SLIPPEN No. 1/ 2013

INFO SLIPPEN
No. 1/ 2013
Amerikanarane sitt tilsvar på Tempo Sport – J-Be Sachs 200 ”Sport” , med utrulege 14hk.
Innhald:
-Referat frå årsmøtet 2012
-Årsmelding 2012
-Rekneskap for 2012
-Aktivitetar 2013
Referat frå årsmøtet 23. november 2012.
Tid og stad: Fredag 23.11. klokka 19:00, hytta til Haram Jeger og Fiskerforening, Vatne.
Tilstades var: Styret (T. Vatnehol, G. Eide, A. Morsund, T. Båtnes), Terje Slåtten, Bjørn Nybø, Lars Røsok,
Arild Gravdehaug, John Nygård, Jørn Høydal, Nina Jones, Roar Indergård, Jan Olav Røysland, Oddvar Skoge,
Steinar Sjøholt, Leif Skorpen, Tore Gagnat, Tor Arild Malin, Bernhard Øyangen, Arnfinn Hammerø, Ole
Kirkbakk, Jens Bedynek, Hans Morten Midtsand.
1) Godkjenning av innkalling: Dei frammøtte hadde høve til å komme med innvendingar til møteinnkallinga,
men slike kom ikkje og møtet vart sett 19:05.
2) Val av møteleiar: Atle Morsund
3) Val av referent: Torgeir Båtnes
4) Årsmelding: Årsmelding frå formannen vart opplest av møteleiar Morsund. Ingen kommentarar frå årsmøtet.
Årsmeldinga ligg ved referatet.
5) Reknskap: Reknskapet vart lagt fram slik som det ligg ved dette referatet. Vårskjelven, som hadde 90
deltakarar i 2012 gjekk akkurat i balanse. Samla kan ein notere eit driftsunderskot på 6532,50 for klubben i
2012, etter at avskrivingar er utførd og nye telttak har vorte innkjøpt. Avskrivingane er samla 12.752,Medlemskontingenter som har vore utsendt har for det meste vorte betalt, men nokre er likevel ikkje betalte.
Purringar utsendt i fjor har i det store vore betalt. Dei som ikkje har betalt for 2012 får purring i lag med
kontingent for 2013.
Leigeinntekt på teltet 5.000,- frå Land Rover klubben er ikkje kommt inn enda i.flg. formann Vatnehol.
Styret gjeng til innkjøp av ei bodvogn til 5.000,- som m.a. skal nyttast som sekreteriat på Vårskjelven. Den skal
og leigast ut til BSA International 2013 for 5.000,- og er derfor sjølvfinansierande. Vogna skal lagrast på
Skoglund Camping, og kan då nyttast som lagringsplass for Vårskjelv-utstyr.
Ved utgangen av 2012 kan det noterast følgjande midler i klubbens eige: Sum eigendeler er vel 81.280,- pluss
kontantbehaldning vel 9.475,- og bankinnskot 13.017,86
Merknadar: Atle Morsund etterspør momskompensasjon, dette må vi få til i framtida sida lokalavdelinga er
registrert i Brønnøysund.
Reknskapet vart godkjent av årsmøtet.
6) Aktivitetar/Fredagsmøta 2013, sjå vedlagt liste.
7) 25-Års jubileum/Vårskjelven: Årsmøtet gjekk inn for at Vårskjelven 2013 vert lagt til 07.-09. Juni. Åstad
som før, Skoglund Camping. Formann forslo å markere 25-års jubileumet på Vårskjelven 2013 med
cateringmiddag (grillparty?), kanonsalutt, kake etc… Dette vart godt motteke, og årsmøtet gjev styret mandat til
å planlegge markeringa. Styret anmodar medlemmane om å melde seg friviljuge til å stå på vaktliste for
Vårskjelven. Forslag om å ta opp att bakkeløp vart lunkent motteke.
8) Val av nytt styre: Desse verva var på val: Formann, Skrivar og Treffansvarleg.
Valnemnda har arbeidd med saka, og har spurt skrivar om å ta ei periode til, og det sa han seg viljug til.
Valnemnda har spurt Nina Jones om å vere treffansvarleg, noko ho har takka ja til.
Valnemnda har spurt sitjande formann om å ta ei periode til, men formann kontra med forslag om Arild
Gravdehaug som ny formann. Arild Gravdehaug har takka ja til oppgåva.
Årsmøtet si innstilling til dei verva i styret som er på val er:
* Formann
* Skrivar
* Treffansvarleg
: Arild Gravdehaug
: Torgeir Båtnes
: Nina Jones
valperiode 1 år
valperiode 2 år
valperiode 1 år
Årsmøtet si innstilling for formann, skrivar og treffansvarleg vart einstemmig innklappa.
Atle Morsund held fram som heimesideansvarleg/pressetalsmann.
Ny valkomité for 2013 vert Jørn Høydal og Torgeir Vatnehol.
9) Eventuellt: Geir Eide fekk utdelt ei gåve for lang og tru teneste i styret, då han har site i over 10 år som
kasserar.
Atle Morsund oritenterte om ny heimeside for lokalavdelinga. Betre og meir oversiktleg.
www.nvmc-sunnmore.no
Årsmøtet vart so heva klokka 19:55, og vi gjorde oss klar til å innta årets julebord.
Styret for 2013:
Formann:
Arild Perry Gravdehaug
Selneset
6393Tomrefjord
tel. 952 50 534
[email protected]
Skrivar:
Torgeir Båtnes
Aurhølå 18A
6036 Mauseidvåg
tel. 957 80 975
[email protected]
Kasserar:
Geir Eide
Valle
6260 Skodje
tel. 702 76 005
mob. 941 48 609
[email protected]
Treffansvarleg:
Nina Jones
Tuenesvegen 15
6006 Ålesund
tel. 920 80 973
Pressetalsmann:
Atle Morsund
Ola Fladmarksveg 6
6412 Molde
tel. 712 76 043
mob. 408 43 772
[email protected]
Fichtel & Sachs, ei stjerne frå Schweinfurt
Til slutt gjer vi medlemmane merksame på:
-Medlemskontingent 2013
Denne er kroner 100, og må betalast inn v.hj. av giroblankett lagt ved denne forsendinga.
De som ikkje har betalt for 2012 vert oppmoda om å betale vedlagt purring omgåande.
Frist for innbetaling er sett til: 31. Mars 2013.
Vi i styret ynskjer dykk alle
eit velsigna og innhaldsrikt Godt Nytt År!
Sprengt MZ BK350 motor, visstnok eit vanleg syn langsmed Aust-Tyske vegar
Reknskap 2012
for
NVMC avd. Sunnmøre
Aktivitetar Vinter / Vår 2013:
Fredag 11. Januar
Vi skal ut til ’Furtebua’ til Bernhard Øyangen på Slinningen.
Det vankar som regel gode vafle, og eit og anna prosjekt i meir
eller mindre statisk fase å kvile auga på. ’Furtebua’ ligg på
Lingehaugane 1, Slinningen, Heissa pr. Ålesund. Ikkje sit heime
i snøfonna og furt, men ring Benna på 900 66 094 og kom til
’Furtebua’ og furt i lag med andre furtne motorsyklistar denne
kvelden.
Fredag 01. Februar
Bjørn Nybø tek i mot oss på Opplæringskontoret for Bilfag på
Sunnmøre, Breivika Industriveg nr. 7. Sikkert eit og anna å få
lære om både finelektronikk og sleggemekanikk. Ring Bjørn på
tel. 908 93 887 for info.
Fredag 01. Mars
Arild P. Gravdehaug tek imot oss heime i si eiga stue, på
Selneset v/Tomrefjorden. Ring Arild P. på 952 50 534 om du
treng GPS koordinatar.
Fredag 05. April
Vi vonar at våren kjem for fullt i april, og sadlar opp for ein tur til
Rekdal, der Jan Olav Røysland tek vel imot oss på den raude
Sjøbua. Ring Jan Olav på 977 38 751 for info.
Onsdag 01. Mai
Fellestur til Vårmønstringa i Fosnavågen. Vi tek ferja frå
Sulesund kl. 10:00.
07. – 09. Juni
VÅRSKJELVEN 2013
Sjå eiga annonse i Sidevogna og på www.nvmc-sunnmore.no
Målskisse av Fichtel & Sachs 200ccm motor for m.a. Messerschmitt KR200 og Tempo Progress Scooter.
Aktivitetar Hausten 2013:
Fredag 06. September
Skrivar Torgeir Båtnes tek imot på Fiskerstrand Verft AS på
Sula. Denne fredagen kan det verte høve til å få ei omvisning
om bord på nybygga til Boreal Transport Nord (tidl.
Helgelandske DS) om det fell seg slik, eller generell åtgaum
kring storskjermen med diverse Youtube-snuttar og løgne
opplevingar. Ein skvett kaffi og knask vil det og vanke på
pauserommet til teknisk avdeling. Ring Torgeir Båtnes på 957
80 975 for info.
Fredag 04. Oktober
Karane (og dama) på Headstone MC tek hjarteleg imot med
varm kaffi, triveleg atmosfære og fine lokale. Headstone MC i
Skutvika, Ivar Aasens gt. 16 i Ålesund.
November/Desember
Årsmøte/julebord 2013. Eiga innkalling vert sendt ut.
Eit smykkeskrin frå Motorrad Zschopau ☺