Aller første alu-bygda

hus og hjem
e i e n d o m s m a g a s i n e t
bilag til
bergens tidende,
NR. 165
fredag
22. juni 2012
foto: jan m. lillebø
Industrieventyret
som starta i
Stongfjorden
Ukens boliger
Sageneset 24, Fana
Vågslien 18, Tertnes
Vi har kjøperne
- du har valget!
Krogsveen v/ Roger Glesnes, tlf: 91 66 15 34
Krogsveen v/ Fredrik Søreide, tlf. 55 61 00 00
Enebolig
Prisant.: Kr 4.290.000,- Visning:
Bra/P.rom: 188/185 kvm Tir. 26/6 kl 1800-1900
Enebolig
Prisant.: Kr 6.990.000,- Visning etter avtale
Bra/P.rom: 310/290 kvm
Sjekk hvor mange kjøpere vi har til
din bolig på www.krogsveen.no
hus og hjem 2
n
de
fjor
ng
Sto
|
Bergens Tidende fredag 22. juni 2012
Stongfjorden
A S K V O L L
Atløy
SOGN OG FJORDANE
FJ A L E R
Førde
HORD.
@ BT / Kartagena
Fabrikkbyane
Industristadene er urbane
holmar i det vestlandske
bygdehavet. På kort tid vaks
dei fram, planlagde etter si
tids byplanideal, med eit bygningsmiljø som er annleis enn
i bygdene omkring. Bli med på
vår reise til åtte vestlandske
fabrikkbyar, frå Svelgen i nord,
til Odda i sør.
STONGFJORDEN 22. juni
HØYANGER 29. juni
SVELGEN 6. juli
ÅRDAL 13. juli
TYSSEDAL 20.juli
ODDA 27. juli
ÅLVIK 3. august
YTRE ARNA 10. august
Det er den same historia som
går att på desse stadene som vaks
fram i tida etter år 1900: Industrireisarar finn ein foss inst i ein fjord.
Bønder sel fallrettar, gard og grunn.
Kraftstasjonen vert bygd for å forsyna
ein fabrikk som skal produsera varer
verda har bruk for ved inngangen til
ein ny og industrialisert tidsalder. Industribyggjarane forstår at skal dei
klara å byggja opp ein stabil arbeidsstokk på desse avsidesliggjande stadene, må dei lokka med meir enn løn i
lomma. Dei må byggja attraktive
samfunn med gode familiehusvære
for arbeidarar, funksjonærar og direktørar. Og alt må leggjast til rette for at
alle får dekka ulike praktiske og sosiale behov.
Arkitektane som får i oppgåve
å planleggja dei nye tettstadene, er
velutdanna og oppdaterte og inspirerte av rådande europeiske trendar
innan arkitektur og byutvikling. Dei
lagar byplanar med britiske hagebyar
som ideal, dei planlegg grøne byar
med parkar og allear og
bustadhus med hage.
Industrilandskapet i fabrikkbyane har endra seg. Industrieigarar
har kome og gått. Fabrikkbyane har
etter tur opplevd dramatiske omveltingar. Produksjonen har tilpassa seg
nye tider. Rasjonalisering og effektivisering har redusert arbeidsstokk og
folketal.
Nokre bygningar og bygningsmiljø som var sentrale i dei nye fabrikkbyane, er borte. Men i hovudsak
er bymiljøet som arkitektane planla
tidleg på 1900-talet, intakt. Byane
fabrikkherrane bygde, eigde og styrde
er i dag på private hender. Og mange
av dei nye eigarane tar vel
vare på industriarven.
Aller første
alu-bygda
Stongfjorden har ei stolt industrihistorie. Her låg
det første aluminumsverket i Norden.
Å kalla vesle Stongfjorden ytst
i Sunnfjord for ein fabrikkby,
er kanskje å ta vel hardt i. Ved
den vegen som vert kalla Gata,
låg det ein gong fem arbeidarbustader. No står eit einsleg
hus att. Fabrikkhallen, som
var aluminiumsfabrikk, blir
brukt som lager for båtar og
campingvogner. Turbinen, som
skaffa kraft til aluminiumsproduksjonen, står på utstilling
mellom elva og kanalen. Men
den ombygde kraftstasjonen
durar og går, og mange store
og staselege bustadhus røpar
at denne bygda har ei spesiell
historie å fortelja.
Dessutan har Stongfjorden
tennisbane, som alle andre
industristader frå første halvdel
av 1900-talet. Banen i Stongfjorden er restaurert på dugnad.
Butikken på hi sida av vegen
leiger ut tennisrackertar til
dei som måtte få lyst til å gå i
sportsspora til tidlegare tiders
kondisjonerte.
Det var to bergensarar som
kom med velstanden til Stongfjorden, fortel Malmfrid Stang.
Sidan sist på 1970-talet har ho
stått i spissen for å ta vare på
industriarven på heimstaden.
Ho hugsar dei gode industriåra,
men har også vore med på nedturane.
Advokaten Kristian Faye og
fabrikkeigar P. Jebsen fekk
hand om Stangfossen og starta
industrieventyret. Dei bygde
torvkolfabrikk, så jodfabrikk,
fekk på plass eit kaianlegg, to
staselege sveitserhus og skaffa
bygda gateljos så tidleg som i
1898. Så tipsa dei British Aluminium Company om staden. Aluminiumsverket var i drift frå
1908 til i 1945. Etter det flytta
mange til nye aluminiumsbyar,
til Høyanger, Sunndalsøra og
til Årdal.
Norges Fiskarlag hadde base
her nokre år med eige skipsverft. Då også dei la ned, flytta
fleire hundre menneske. «Dødsens stilla kviler over Stongfjorden» skreiv Ludvig Jerdal i avisa
Dagen i 1953. Frå Sunndalsøra
kom det ein båt og henta
mange familiar. Malmfrid
Stang hugsar godt kor trist det
TIL MINNE OM: Eit nytt busskur skal
minna forbipasserande om at no reiser dei gjennom ei aluminiumsbygd.
TENNIS FOR ALLE PENGANE: Fabrikkleiarar og funksjonærara på dei vestlandske industristadene må ha spela uhorveleg mykje tennis i første halvdel
av 1900-talet. Tennisbanenen var ein viktig del av infrastukturen på dei nye
industristadene. Ved den restaurerte banen i Stongfjorden ligg fleire bustadhus frå den første industrireisinga i 1898.
var å sjå vener og kjende
forlata bygda for godt.
Sidan har fleire andre
bedrifter kome og gått i
Stongfjorden. I dag er det
Stongfjorden Vekst med
dagleg leiar Roy Sævik i
bresjen, som jobbar for
auka livskraft i fjordbotnen. No er målet å skapa
eit næringsliv som har
fleire bein å stå på. Snart
skal Marine Harvest etablera seg her med landets
største smoltanlegg. Sævik
& co jobbar med eit tilflyttingsprosjekt. Til no har
mange islendingar og fleire
nederlendarar bite på. Og
folk med røter i bygda flyttar heim att. Nokre byggjer
nye hus, andre kjøper husa
frå industritida.
På det meste budde det
300 menneske her. I dag er
talet 238.
I ein gammal hage på
beste utsiktsplassen i
bygda tronar Turnerhuset
frå 1907, den gamle direktørbustaden. Der har ein
engelskmann slege seg
ned. I lia oppom fabrikken
ligg Villabyen, ei klynge
med staselege bustadhus
med store hagar, dei fleste
bygde på 1920 og -30-talet
FOLK I HUSA: Mange hus blei ståande
tomme etter at aluminiumsfabrikken
blei nedlagt. I dag er dei store bustadhusa velstelte og i bruk, enten av
fastbuande eller feriefolk. I det vesle
raude huset lengst til venstre var det
kleshengarfabrikk med åtte tilsette.
På ei flate bak dette bustadfeltet fekk
fabrikkdirektøren laga grusbane i
1922. Direktør Turner skipa idrettslag
og introduserte fotballen til bygda.
Dette var lenge den flottaste fotballbanen i Sogn og Fjordane. No skal
banen rustast opp.
| Bergens Tidende fredag 22. juni 2012
hus og hjem
3
INDUSTRIARV: Takka
vera redningsaksjonane
til Malmfrid Stang, har
fleire viktige industriminne blitt tekne vare
på i Stongfjorden. Den
gamle turbinen står som
ei utsmykking ved badehuset til aluminiumsarbeidarane. Svigerson til
Malmfrid, Roy Sævik, er
leiar i Stongfjorden Vekst.
Han har teke initiativ til
at Stongfjorden og fleire
andre industristader i
Sogn og Fjordane skal
kopla seg på den europeiske industriarvruta
som har knutepunkt i
Tyssedal. Dette er eit reiselivsnettverk som løftar
fram kulturminnene i
industrilandskapet.
GATA: Aluminiumsfabrikken bygde fem bustadhus i Gata. Her var det 24 husvære for arbeidar-familiar.
Gata gjekk mellom husa og ei rad med ved- og vaskeboder på baksida. Arbeidarane fekk hageflekkar
til dyrking av bær og frukt. Nokre av dei hadde gris. Fordi Malmfrid Stang protesterte, vart eit av husa
ståande då Gata vart riven i 1979.
TRAFOEN: Med kulturmidlar skal den gamle
trafostasjonen vølast for å bli keramikkverkstad,
fortel Roy Sævik i Stongfjorden Vekst.
av funksjonærar med gode
lån frå fabrikken. Her bur
blant andre Synne Lind
Alsaker med familie. Ho og
mannen er begge geologar
som tilbyr sine tenester
til oljeindustrien. I tillegg
har dei opna vinkjellar i
eit gammalt hønsehus. Der
har Ole Paus halde konsert. Det kvite bustadhuset
deira frå 1928, med raud
dekor, ser ut omlag som
det gjorde då det var nytt.
Her ligg også losjehuset,
som lenge var eit viktig
forsamlingshus. Folkets
Hus er rive, det låg mellom fabrikken og skulen.
I Stongfjorden var det
fabrikken som bygde skule
og løna lærarane. Bygningen frå 1918, som den gongen også hadde to lærarbustader, er framleis i bruk,
no som kombinert skule
og barnehage.
Messa var eit viktig hus
på industristaden. Det var
ein stor to-etasjers bygning
som låg ved elva, oppom
fabrikken. Først var her
spisemesse og bustader,
seinare kontor for dokter
og helsesyster. Skuleborna
gjekk til Messa ein gong
i veka og fekk høgfjellssol, fortel Malmfrid Stang.
Messa vart riven på 1970talet.
Spillvatnet frå den ombyg-
de kraftstasjonen går i ein
kanal ned til fjorden. Mellom kanalen og elva er det
i ferd med å veksa fram
eit lite museumsområde.
Her står turbinen Malmfrid Stang fekk redda frå
knusing, og her har ho ved
hjelp av fylkeskommunen
fått bygd opp att Baden,
garderoben og badehuset
til aluminiumsarbeidarane. Oppom dette står kontorbygningen til fabrik-
ken. Dit gjekk Malmfrid
som lita jente og henta
lønningsposen til far sin.
Ho vil gjerne ha dette bygget med i det vesle industrimuseet i Stongfjorden.
Eva Røyrane
jan m. lillebø (foto)
[email protected]