Vik kart vandring og sykling

Vik i Sogn
Vandring & sykling
Vik kommune ligg ved Sognefjorden og er det perfekte turområdet! Det finst om lag 40 markerte turløyper. I 2013 kjem 14 av desse til å vere skilta etter ny nasjonal standard.
For informasjon om kulturvandringar, ta kontakt med turistinformasjonen i Vik.
I tillegg har Bergen turlag DNT­rutenettet sitt i Stølsheimen, som ein enkelt kan komme inn på frå Vik. Bergen turlag har også 8 turisthytter i Stølsheimen. Meir informasjon og nedlastbare brosjyrar: www.bergen­turlag.no .
Turkartet for Vik (1:50000 ) kan ein kjøpe på turistinformasjonen i Vik og på ein del butikkar. Ein kan også skrive ut kart over enkelte område på www.godtur.no (søkeord „Vik”). Vik turlag har eit variert turprogram, med m.a. turar for born (Barnas Turlag) og onsdagsturar. Meir informasjon på: www.turistforeningen.no/vik .
Nyastøl
Vik kommune byr på 60 km asfaltveg langs fjorden (frå Arnafjord til Fresvik). Sykkelutleige på turistinformasjonen.
Sykkelturen ned Vikafjellet (eller frå Vik til Voss) er for folk som likar utfordringar og med gode bremsar på sykkelen!
Meir informasjon om Vik og Sognefjordregionen: www.vik.no & www.sognefjord.no
Vik Turistinformasjon: [email protected], tel: 57 69 56 86 Hopperstad stavkyrkje i Vik Du kan også fylgje oss på Facebook (Vik i Sogn) og Twitter (twitter.com/#!/Vik_Norway)!
Velkomen i Vik i Sogn!
Vandreturen ned til Arnafjorden