Vik - Heim

vikaSkarven
lokalavis for Vik i Øygarden
17. mars 2013 Nr. 1 – 13. årgong
Utgjevar: Vik grendalag
Vikafolk sørgjer for
utdanning i Etiopia
www.vikaskarven.net
Side 6 og 7
Side 8
Rustar opp båt
Per Tore Vik gler seg over
at Krompen får nytt liv.
Side 6
Korpsets mor fekk kulturpri
Eksplosiv utvikling
Vik opplever ein eksplosiv
bustadvekst.
Side 4-5
Side 2
Ny barnehage
Det var litt av ein folkefest då
den nye barnehagen på Toftøy
opna.
Side 8
2
Vik Gedeo-prosjektet
byggjer skuleinternat
for jenter i Etiopia. Det
gir
Gedeo-kvinnene
høve til å ta høgare
utdanning.
Det har vore ulike tilstellingar på Vik bedehus der Vik
Gedeo-prosjektet har vorte
presentert. Namnet Vik Gedeo
har etter kvart blitt eit kjend
omgrep. Fleire bibelgrupper,
ungdomsklubbar, skuleelevar
og privatpersonar har støtta
prosjektet.
Vik Gedeo-prosjektet byggjer skuleinternat for jenter i
tilknyting til den vidaregåande
skulen i Dilla, den største byen
i Gedeo kommune i Etiopia.
Arbeidet skjer i samarbeid
med den lokale organisasjonen
Gedeo Development Association (GDA), som har ansvar for
byggjearbeidet og drifta.
Bursdagsgåve
Innsamlinga til prosjektet starta i 2008, då Oddbjørg Innvær
Vik og Gerd Lillian Vik feira
sine 50-årsdagar saman på Vik
bedehus. I staden for gåver til
seg sjølv, ønskte dei pengegåve
til utviklingsarbeid retta mot
kvinner. Dei kom i kontakt
med GDA via kjende i Etiopia.
Eit av prosjekta GDA trengte
støtte til, var skuleinternat for
jenter. I 2009 møtte ein liten
gjeng frå Vik representantar
frå GDA, og prosjektet fekk
namnet Vik Gedeo. Utanfor
internattomta står det i dag eit
skilt merka Vik Gedeo.
BYGGJER NYTT: Gerd Lillian-internatet er allereie i funksjon. No er Oddbjørg-internatet under oppføring.
Utdannar jenter i Etiopia
Populært tilbod
Gedeo-folket er ei av over 80
folkegrupper i Etiopia. Svært få
Gedeo-kvinner har høgare utdanning, og mange får lite eller ingen
skulegong grunna tradisjonar og
økonomiske utfordringar. Det er
vanleg at jenter vert gifta bort i ung
alder. Mange har lang veg til skulen, og det er dyrt å bu i byen.
Difor er det viktig at jenter som
er så heldige og tar vidare utdanning, har ein trygg og gratis stad å
bu medan dei studerer. Målgruppa
for internatet er Gedeo-jenter som
kjem frå landsbygda, og som har
gode resultat frå grunnskule. Det
er GDA som plukkar ut jentene, og
det er eit populært tilbod.
– Eg er veldig glad for at eg
har fått denne sjansen, eg kan no
fokusera fullt og heilt om studiet,
seier ei av jentene som bur i internatet.
Takkar for støtta
Takka vere denne støtta, bur no
24 jenter i internat 1 (Gerd Lillian
block), som sto ferdig januar 2012.
Internat 2 (Oddbjørg block) er under oppføring, og vil òg ha plass til
24 jenter når det står ferdig.
I tillegg skal det byggjast hus med
kjøkken og toalett. Sidan 2008 er
det samla inn heile 320 000 kroner.
– Det er fantastisk at fleire
Gedeo-jenter no får sjansen til å
ta høgare utdanning, fordi folk på
Vik og andre stader i Noreg støttar prosjektet. På vegne av GDA og
Gedeo-folket, takkar me så mykje
for gåvene som er gitt til no, seier
prosjektleiar i GDA, Netsanet Alemu Shetta.
For meir informasjon om prosjektet, sjå www.vikgedeoprosjekt.
blogspot.com
– Hadde lyst til å gjera noko for andre
8. februar var det inspirasjonskveld for kvinner på Vik
bedehus. I år som i fjor var det
basar til inntekt for Vik Gedeoprosjektet i Etiopia.
I februar i år var det igjen fullt
hus då suksessen frå i fjor vart
gjenteken. Mottoet for kvelden
var ”Eit løft i kvardagen – litt å
le av, leva på og tru på”. Bortimot 90 kvinner i alle aldrar koste
seg med variert program, mellom
anna tale av Olaug Torsvik Hundvin, og song av Anita Barsnes.
Kvinnegruppa som sto i bresjen for
inspirasjonskvelden, består av Ingrid Torsvik, Marit Torsvik, Bjørg
Blom, Magnhild Vik Thomassen,
Oddbjørg Innvær Vik og Gerd Lillian Vik.
Også i år var det Vik Gedeo-prosjektet som stod i sentrum. Kvinnegruppa har støtta dette prosjektet i fleire år, og hovudinnslaget
på kvinnekvelden var difor basar.
Gevinstane var mellom anna handlaga produkt frå Etiopia og Bolivia.
– Vik Gedeo-prosjektet har
vore inspiratoren til å arrangera
kvinnefest, seier medlemmane i
kvinnegruppa. Dei ville samla inn
pengar til prosjektet i ein større
samanheng, og samstundes kom
ideen om å arrangera ein inspirasjonskveld på bedehuset – berre
for kvinner. Dette viste seg å vera
populært.
– Difor bestemte me oss for å
invitera til inspirasjonskveld i år
òg, fortel gjengen i kvinnegruppa.
Årets basar gav heile 34.000 kroner til prosjektet.
a
Vart forma av Ragna
Harald Vik valde ein
annan yrkesveg enn mange
andre i sin generasjon.
med unge kroppar og fekk
gjenomgå. Dette var før
Ragna bygde eige klubbhus.
Det gjekk på strikking, sying
og snekring.
– Du kan tru det var liv.
Når me var stygge, kunne ho
setja seg ned og gråta, og så
bad ho om tilgjeving dersom
ho gjekk over streken når
det vart for tøft. For ikkje
alle var like enkle å hanskast
med i den alderen, men ho
hadde stort tolmod. Foreiningsvarene selde me på basar og auksjon til inntekt for
misjonen.
– Personleg hadde eg eit
uvanleg godt forhold til
Ragna. Det var ho som stimulerte mi interesse for design
og tekstil som eg fekk nytte
av seinare. Ho lærde meg å
strikka sokkar og sy dukar
med mønster. Det hende at
eg måtte rekkja alt opp att
og starta på nytt. Det var
tungt, men ho var nøye på
kvaliteten. Etter skuletid var
eg ofte borte hos Ragna der
ho hjelpte meg med mønster
og syarbeid. Ho la nok føringar for framtida mi utan at
ho kanskje var klar over det.
Harald fann tidleg ut at sjølivet ikkje
var noko for han. Frå han var liten,
på 1950-talet, måtte han vera med
faren i robåten. Han sat mellom to
årar i lange dagar når krabbeteiner
skulle matast og tømmast, og krabben fraktast til torget i Bergen for
sal. Sommaren før konfirmasjonen
tente han i blomsterbeddet hos
naboen i Sørgarden, og kjøpte ei
klokke for løna.
Der fekk han opplæring som kom
til nytte seinare. Vinteren 1959
prøvde han seg med Austevollsnurparen Havbraut på vintersildfiske i Nordsjøen, men turen gav
ikkje meirsmak. Ikkje fordi han vart
sjøsjuk, men fordi han ikkje likte
sjølivet.
Wallendahl på Strandkaien
Harald er ein mann med mjuke fingrar og stor sans for design og utforming. Han fekk jobb i tekoindustrien, der han bygde seg opp. Først
på Eidsvåg Fabrikker, og i mange år
på Salhus veveri. Der laga han mønster til trøye og gensar, og fekk boltra seg på strikkeloftet. Grunnlaget
hadde han med seg frå heimbygda.
I 28 år var Harald eit kjennemerke i
kjellaren hos Wallendahl på Strandkaien i Bergen for dei som var i byen
og måtte innom jernvarehandelen.
Det lune smilet og den varme stemmen fekk kundane i godlag. Her var
han avdelingssjef og veiledar inntil
ein brå sjukdom sette han ut av spel.
Gode barndomsminner
Harald er tilbake på gamle trakter
og opplever barndommen på nytt.
Han fortel om skuledagane, om livet
kring leik og sigling av heimelaga
skøyter på dammane i austra markja
og ved sjøen, og hendingar som han
og bestekameraten Per Tore hadde
saman.
– Barndommen min på Vik var
fantastisk. Det ser eg meir og meir
dess eldre eg vert, seier Harald og
held augo litt på glytt.
3
BARNDOMSHEIMEN: Harald Vik framfor Pålestøvo der han vaks opp.
– Me vart kreative fordi me hadde
fridom og kunne boltra oss og finna
på mykje utan store restriksjonar.
Det var nær sagt berre fantasien som
begrensa oss.
Ragna den store helten
– Den som kanskje har hatt størst
betydning for meg er Ragna, seier
Harald. Det spesielle med henne var
at ho var seg sjølv og hadde eit inderleg ønske om at gutane i bygda
skulle finna meining med livet og få
praktisk kunnskap. Ho bygde opp
guteforeininga «Gutten» med opp til
20 viltre gutungar som ho ga plass
i Karistovo ein gong i veka, der ho
budde saman med mora. Den stakkars korgstolen til mora vart fylt
KIWI
mini
pris
øygarden
elektriske as
Tomt på Vik
Harald fekk tomt på heimejorda og hadde tenkt å byggja hus på Vik. Men dårleg
kommunikasjon og kone frå
Meland, gjorde at han bygde
hus på Frekhaug der han har
budd med familien i mange
år.
– Hadde eg visst korleis
utviklinga i Øygarden gjekk,
hadde me den gongen bygd
på tomta, i alle høve ei hytte.
For eg kjenner stor tilknytning til heimbygda med alle
minnene som heng att i meg.
SAMAN MED RAGNA:
Ragna Vik saman med
Harald Vik då ho fekk Kongens fortenestemedalje i sølv.
Tlf. 5638 9424
Epost:
[email protected]
4
Vik - ei bygd i u
Dei to-tre siste åra har det
vorte bygd mange nye bustadar på Vik. Fleire unge har
flytta «heim att» og overteke
foreldrebustaden, andre har
kjøpt eller bygd seg nytt hus.
På Vikatoppen, ”Karimyro”, er det
fire bustadar som no er klare for innflytting.
I Vasskarhaugen Nord, er det bygd
fleire bustadar, mellom anna ein firemannsbustad som var innflyttingsklar ved årskiftet. I dette området skal
det byggjast ytterlegare to firemannsbustadar innan kort tid.
Anita og Roar Barmen-Fløysand har bygd hus
på søre Vik.
Silje Veronika og Jan Halsne byggjer hus på
Losemyro på søre Vik.
30-årsjubileum for Knappen
Bustadbyggjing på Vikatoppen og
Vaskarhaugen har dei siste åra vore
med å auka folketalet i Vikabygda.
Frå før har me Knappenfeltet som
har vakse seg stort sidan 1980-talet.
Knappen har i år 30-årsjubileum, og
i det høvet har me intervjua nokre
knappenbebuarar (sjå til høgre). I
Knappen finns det om lag 65 bustadar.
Den gamle butikken er bygd om og inneheld
no fire moderne leilegheiter. Asbjørn Vik eig
bygget.
Det vert bygd nye bustader på Karimyro, nord
på Vik.
Unge familiar til Vik
Fleire hus er under byggjing sør i garden. Sør for Snøreberget er byggjing
av ny bustad i full gong, det same
gjeld huset på Losemyra.
Huset som vert bygd av Cecilie og
Roy Sætre sør om Varen, er snart innflytningsklart. I nybygget i Ingjervegen flytta Anita og Roar BarmenFløysand inn før jul.
Pr. 1. januar 2013 bur det 1214 innbyggarar på Toftøy. Av desse er 136
barn i skulepliktig alder og 114 barn i
alderen 0 – 5 år.
Cecilie og Roy Sætre byggjer hus så langt sør
som ein kjem på Vikagarden. Neste stopp er
Stegevika.
Ny firemannsbustad vert oppført på Vasskarhaugen.
med
m
me
ed 1000m
100
000
0m
m 2 salgsflate i Rong Senter
- Ei rein og skjær handleglede ved havgapet
havgapet!
Fiskk - og ferskvarespesialisten
f k
l
Fristende frukt og grønt
Innholdsrik betjent ostedisk
Nydelige nystekte bakervarer
Velsmakende varm mat
Herlig salat - og fruktbar
Måndag
Ope
måndag- -fredag
fredag kl.8-22,
8 - 21,Laurdag
laurdag kl.9-20
9 - 20
Bank i Butikk
EUROSPAR Rong
tlf. 56 38 71 40
lbod
Opningsti
• Stort utval av godbiter fra vårt kjøkken
• Moderne bilverksted m EU/kontroll
• Reparasjon av alle bilmerker
• V askehall
• Kaffiavtale
• Gass
BLOM
SERVICESENTER AS
5331 RONG - tlf. 56 38 72 80
Godkjent bilverksted
Gunn Karin og Arild Vik byggjer hus sør for
Snøreberget.
Snitter
Koldtbord
Varmmat
Baguettar
Koldttallerken
Rong Catering a/s
Tlf.: 56 38 74 54
i utvikling
Elisabeth Halland (31) og Frode Vatland (31)
Kjøpte seg hus i Knappen i 2006. Elisabeth jobbar i den nye barnehagen på Toftøy, Frode er salgskonsulent i eige firma. Ho kjem frå
Rong, han frå Karmøy. Her bur dei med sine tre små barn og stortrivest. Bustaden ligg vestvendt rett opp for Knappemyra, så det er
rikeleg med kveldssol.
– Me trudde det berre budde «eldre folk» i Knappen. Men her er
barn i alle aldrar, sjølv om dei fleste er litt eldre enn våre, seier dei.
Dei trur det kan vera godt for barna å veksa opp her.
Helga Vik Barsnes (57) og Geir Barsnes (57)
Flytta inn i sin nye bustad i Knappen sommaren 1986. Begge er
lærarar. Helga kjem frå Vik. Geir er Bergensgutt, og legg til at han
må til bydn ein gang i veka for å kjenna bylukta. Dei har to vaksne
barn. – Då me flytta til Knappen var det eit yrande liv av ungar, seier
Geir. Borna hadde sangstund med den musikalske læraren. – Det var
kjekt, mimrar han. – Utsikta er formidabel. Dei første åra måtte me
sjå hurtigruta gå nord fjorden før me gjekk til ro for kvelden, seier
paret. Helga og Geir likar å gå i naturen, og er ofte på Jurefethaugen.
Rigmor (48) og Stig Inge Otterlei (49)
Har budd i Knappen sidan 1989. Dei har ei fantastisk utsikt frå
stoveglaset mot Hjeltefjorden. Rigmor arbeider på Tednebakkane
omsorgssenter. Ho kjem frå Fjørtoft, ei lita øy nord for Ålesund. Han
frå Solsvik. Det var heilt tilfeldig at dei kjøpte tomt og bygde hus i
Knappen. Paret skryter av det fine samholdet som har vore blant
bebuarane i Knappen. Då feltet var nytt og det var mange ungar på
same alder, var det mykje liv og røre. Alle var med på dugnad. Det
vart arrangert kassebilløp, og jonsokfeiring var årviss.
Linda (44) og Helge Sætenes (46)
Flytta til Knappen i 1998, der dei i dag bur med sine tre born på 9,
13 og 16 år. Dei jobbar på Stureterminalen og Kollsnes. Dei er veldig fornøgd med plassen huset ligg på, sør i Knappen, med veldig
fin utsikt utover Svelgensundet. Ho er opprinnelig frå Kvinnherad,
men budde ungdomsåra i Knarvik i Lindås. Han er Bergensgutt frå
Skålevik. Nærleiken til sjøen og dei fine naturløypene til Vikåsen og
Toftestallen er mykje brukt. – Å koma nær sjøen og sjå utover havet er
reine medisinen, kjem det samstemt frå paret.
Siv Helen (25) og Arvid Vik (26)
Mellom dei siste som har flytta til Knappen. Med ei fantastisk utsikt
mot Stegeviksvatnet og Hjeltefjorden trivest det unge paret godt i
Knappen, i den første bustaden som vart bygd i feltet. Ho er lærar og
han er tømrar. Det unge paret vurderer sterkt å etablera seg på Vikagarden.
ENTREPRENØR
30 år
11
1981–20
Jostein Oen as
5337 RONG
Mobil 920 88 415 – 482 50 447
GRAVING
SPRENGING
TRANSPORT
5
Fekk inn
50.000 kroner
Andre helga i mars arrangerte Toftøy skulemussikkorps loppemarknad. Som
vanleg var det ein stor suksess, og denne gongen kom
det inn heile 50.000 kroner.
Pengane skal ifølgje Thora
Vik brukast til instrument
og turar. Korpset takkar
både dei som gir og kjøper
lopper.
Nytt styre i
bedehuset
Ole Andreas Wastvedt er
ny formann for Bedehuset
etter Morten Torsvik. Wastvedt vart vald inn i styret
på årsmøtet i Vik Bedehusforeining tidlegare i år, og
vart deretter vald som formann. Tone Cecilie Vik,
Marit M. B. Torsvik, Kjellaug Solsvik og Arvid Vik
er også i styret. På årsmøtet
kom det elles fram at økonomien i Bedehuset er tilfredsstillande, og at aktiviteten er svært høg.
Påskefrukost
Tradisjonen tru vert det
påskefrukost i Bedehuset
skjærtorsdag. Denne startar
klokka 10, og alle er hjarteleg velkomne.
Dødsulukke i
Knappen
Fem personar var involverte i ei bilulukke i Knappen i vinter der to bilar
frontkolliderte. Ein person,
som sat i baksetet på den
mest skadde bilen, døydde
av skadane nokre dagar etter ulukka.
Toftøy Nærmiljøutvalg
-arbeider for eit triveleg og godt
nærmiljø for alle på Toftøy
6
Gebursdag
80 år
Klara Lilly Håkonsholm
3. februar 1933
70 år
Oddbjørg O. Vik
14. mai 1943
Karsten Birkeland
25. mai 1943
65 år
Bjørn Paul Torsvik
16. februar 1948
Margunn Torsvik
27. mai 1948
60 år
Arne Johan Vik
6. juni 1953
55 år
Oddbjørg I. Vik
6. februar 1958
Grete Hummelsund
2. mars 1958
50 år
Olaug Hatten
30. januar 1963
45 år
Roald Vik
9. april 1968
Målfrid Vik Sønstabø
2. mai 1968
35 år
Johannes Vik
28. april 1978
Geir Atle Vik
1. mai 1978
Giftarmål
Katrine Vik og Thor André
Snekkevik
Gifta seg 29. desember 2012
i Blomvåg kyrkje. Ho er frå
Vik, han er frå Brattholmen.
Paret bur i Oslo.
STOR HENDING: Mange gode hjelparar møtte opp då Krompen skulle sjøsetjast. Frå v. Per Tore Vik, Per B. Vik, Olav
Espeli, Norvald Vik, Johnny Dåvøy, Asbjørn Toft, Eirik Vik, Alf Torsvik, Leif Larsen, Leif Toft og Magnus Vik.
Gav nytt liv til
notbåt frå 1800-talet
Det vakte åtgaum i Vikavågen då gamle Krompen
vart sjøsett for å koma til
heider og verdigheit att.
sjøsett sist haust, og flytta til ei sjøbu på Toft for restaurering.
– Det er den fjerde generasjonen
som no ror denne båten, var kommentaren frå Per Tore Vik då han
sette seg ved årane og rodde båten
Krompen var Jensefolket sin store- over Vikavågen.
båt. Krompen var ein del større enn
ein vanlig færing, 25 fot lang og fire Skal restaurerast
mann kunne ro han. Båten var truleg Mange møtte fram for å vera med
ny på slutten av 1800-talet, og var ut- på den historiske sjøsetjinga av
styrt med notrulle slik at det skulle Krompen. Det var den storebåten
vera lettare å draga inn den tunge
kastenota.
Ved Skråpen, holmen som ligg nord
for Turøybrua, vart laksenota sett ut.
Til dette måtte dei bruka den store
båten, fordi nota og forgarnet var så
stort. Det var to liknande storebåtar
på Vik. Dei hadde namna Mammo
og Simra.
Stødig fiskebåt
Krompen vart mykje brukt som
fiskebåt. Han var stødig, og fleire roarar rodde båten lett fram i sjøen.
I 1946 tok han inn så mykje sjøvatn
at Peder Jensen Vik beordra den
hogga opp, men slik gjekk det ikkje.
Sonen Arthur fekk ordna det slik at
Krompen vart sett i Notabunaustet.
Der har han stått i 66 år før han vart
som mange hadde hørt historiar om,
men som få hadde sett. Og gode
historier vart fortalt også under sjøsetjinga.
Toftøy Nærmiljø med Asbjørn
Toft som ildsjel, har teke på seg å
restaurera båten. Asbjørn håpar at
mange tek kontakt med han for å
gi ei hjelpande hand i restaureringsarbeidet. Går alt etter planen kan
Krompen vera å sjå på Vikavågen
att om nokre år.
Minneord etter Alf Vik
7
Fødd
Mykolas Jurcikonis
18. mai 2012
Foreldre Renata Jurcikoniene
og Donatas Jurcikonis,
Monradhuset.
Kristin Vestbøstad Vik
fødd 2. oktober 2012
Foreldre er Rannveig V. Vik
og Leif Gunnar Vik, Knappen.
Liv Emma Winkel
fødd 31. desember 2012
Foreldre er Tanja Winkel
og Alexander Petruccelli,
Vikatoppen.
Sabrine Isager
fødd 6. januar 2013
Foreldre er Katrine Isager og
Glenn Evanger, Butikken.
Rebekka Mengesha Vik
Fødd 12. januar 2013
Foreldre er Anne-Kari Vik
og Mengesha Alemu Shetta,
Larsestova.
TERRORÅTAK: Statoils gassanlegg i In Amenas vart angrepe av terroristar tidlegare i år.
Alf Vik (43) miste livet då
Statoils gassanlegg i In
Amenas, Algerie vart angrepe av terroristar.
Fredag 15. februar vart Alf Vik
bisett.
Mange
hadde møtt fram
til den ærverdige
og
historiske
Fjære kirke i
Grimstad for å ta
avskjed med Alf.
Siste turen Alf
hadde til Vik var
i oktober 2012. Han likte å bruka
fritida si i rorbua ved Vikakaien.
Overtok Pålestova
Alf overtok familieeigedomen på
Vik i november 2001. Han og kona
Inger Liv, rehabiliterte den eldre
bustaden til besteforeldra (Margit
Torsvik Mur
Alt i mur, puss og flisarbeid
91168375
og Ivar P. Vik) som står på Vikahaugen. Han reiv det gamle naustet
i Vikavågen og bygde rorbu på
tomten. Det var rekreasjon for han
å koma tilbake til rorbua etter at
han flytta frå Vik.
Arbeidde på Kollsnes
Alf var utadvendt og hadde god
kontakt med folket i bygda. Han
kom snart med i grendelaget sitt
arbeid. Han var ein mann med godt
humør og optimistisk instilling.
I august 2009 selde Alf og kona
huset på Vik, men eigde framleis
jord på Vik. Alf hadde sitt arbeid
på Kollsnes gassanlegg dei åra han
budde i Øygarden.
Planla bustadfelt
Alf likte at det skjedde noko rundt
han. Han hadde pågangsmot, og
likte å skape noko. Han selde eigedom i den nordre delen på Vaskerhaugen, der det no vert bygd nye
bustadar. Alf hadde planar for nytt
bustadfelt på Stølane, men han
kom ikkje så langt.
Han vart drepen i det meiningslause terrorangrepet på gassanlegget i Algerie. Truleg døydde
han laurdag 19.januar, på terroraksjonens siste dag.
Daniel Vik
fødd 22. januar 2013
foreldre er Inna Cirshner og
Kristian Vik, Bernhardhuset.
Berre pallar
på jonsokbålet
Helsing frå Vik
Bygdefolket på Vik har vore prega
av dette triste, urettferdige og brutale drapet av Alf Vik. På båra låg
det bårebukett som ei siste helsing
frå Vik grendelag.
Alf etterlot seg kone og tre barn.
Vik Grendelag har bestemt
at jonsokbålet i år skal bestå
utelukkande av pallar. Jonny
Dåvøy tek ansvar for at bålet
vert laga til veka før jonsok,
og alle som har pallar kan kontakta Jonny og levera til han.
Boss og anna avfall skal ikkje
leggjast på bålet, slik som har
vore gjort før. Mykje av det
som har vorte lagt på bålet
tidlegare år, har ikkje vore
brennbart materiale, noko
som har ført til forureining og
stort opprydningsarbeid. Folk
vert oppmoda om å levera
bosset sitt på avfallsstasjonen
på Straume.
8
Vil du kjøpa
bygdeboka?
Det er framleis mogleg å
få kjøpt Bygdeboka for
Vik. Einkvar som kjenner
tilknytning til Vik, bør ha
denne i bokhylla si. Boka
kan kjøpast for 500 kroner
hos Thora Vik.
Tlf: 979 77 822. E-post:
[email protected]
Slik kan du
abonnera
Vikaskarven kjem ut fire
gongar i året og vert delt
ut til husstandar på Vik.
Andre som vil ha Vikaskarven kan gjera det ved
å betala inn 150 kroner
til 3628.51.70545. Hugs
å merka innbetaling med
namn og adresse.
Storfangst
Per B. Vik fekk ein breiflabb på garn som vog om
lag 100 kilo.
Vikaskarven
Redaktør:
Øystein Vik
I redaksjonen:
Norvald Vik
John Solsvik
Bjarte Vik
Ottar Vik
Returadresse: Vikaskarven
Norvald Vik
5337 Rong
Endeleg ny barnehage til Toftøyfolket
Måndag 11. februar var
det offisiell opning av den
nye barnehagen på Toftøy.
– Me er stolte av barnehagen, sa
styrarassistent Olaug Merete Vik
Rong, med ein klump i halsen, når
ho kunne ønskja velkommen til om
lag 250 frammøtte, på slutten av ein
travel og spennande dag.
Gunn Helen Hole Elvestad, som
og er styrarassistent, var minst like
nøgd, og leiar i barnehagen Ingunn
Harkestad strålte då ho såg alle som
var møtt fram. Tidlegare på dagen
var ho vertskap for om lag 100 personar i samband med den offisielle
delen av opninga.
Kosta 32 millionar
Over 100 barn fordelt på seks
avdelingar har plass i den nye
barnehagen. 30 personar er tilsett.
Barnehagen har ein romkapasitet til
å ta imot meir enn 100 barn, seier
styreleiar for barnehagen, Jakob
Blom. Det er Norsk Luthersk Misjonssamband som har bygd og driv
barnehagen.
– Dette er den største barnehagen
Misjonssambandet eig, sa Øyvind
Åsland, generalsekretær for NLM,
i sin helsingstale. Barnehagen har
kosta 32 mill inkl. mva.
– Dette omfattar bygg, ute- og inneleikar, inventar og utstyr. Me har
fått mykje for pengane, seier Jakob.
Musikalsk barnehage
– Song og musikk skal vera varemerke for den nye barnehagen, seier
Olaug. Dette fekk dei som møtte fram
på opningsdagen ein forsmak på. Der
deltok alle barna i eit stor felleskor
med kvikke songar og rytme.
Flotte gåver
I opningsgåve fekk barnehagen eit
elektronisk piano frå kommunen.
Sparebanken Vest gav pengar til audiovisuelt utstyr. Toftøy Helselag
spanderte hjartestartar, og flagg frå
alle land Misjonssambandet har arbeid i, var gåve frå ei mannsgruppe
på Vik. Flagga pryda inngongspartiet
på opningsdagen. Elles fekk barnehagen fleire andre gåver.
Ingunn Harkestad ser fram til eit
fint samarbeid med foreldre og nærmiljøet.
– Personalet skal gjera alt det me
kan for at borna skal trivast.
Ho registrerer at folk brukar uteområdet ved barnehagen i helgene, noko
ho er svært positiv til.
Vi formidlar blomster til innland og utland
Internett og e-post:
www.vikaskarven.net
[email protected]
Fire nummer pr. år.
Trykkeri: Bodoni AS
Rong Senter
Telefon:56 38 92 65
Postboks 107, 5331 Rong