SGNSKIS Vinter 2014-3

2014
SGN SKIS AS
Trolladalen 30
Fosshaugane Campus
6856 Sogndal
Org.nr: 998755409
www.sgnskis.com
fb.com/SGNskis
[email protected]
Foto: Bjørnar Bjørhusdal
Køyrar: Steinar Nes
Nordre Skagastølstind, Hurrungane
Foto: Bjørnar Bjørhusdal
Ski: Henrik Langeland
Jostedalen
TOGGA
Bygd til fjellfolk som bryr seg om snø av den djupe og lette sorten.
Motsatt spenn i kombinasjon med generøs taper i fram- og baktupp
gjev ei utrulig leiken og manøvrerbar ski. Ved å redusere massen
i fram- og baktupp senkar ein svingvekta på skia betrakteleg.
Grunna spennet vil ikkje tuppane dukke, men sørge for overlegen
flyt og kontroll i alle situasjonar. For å behalde stabiliteten i høg fart
har skia ei låg tupphøgde som bidreg til å redusere vibrasjonar, og
relativt lang svingradie.
Skia er bygd etter eit prinsipp om jamn kraftfordeling frå motstanden
snøen gir til framskia, noko som gir lavare vekt og eksepsjonell
flytevne. Den gradvise stigningen i framskia kan samanlignast med
eit båtskrog som lettare planar i vannoverflata. Vi har jobba med å
presse vekta så langt ned som mogleg utan å gjere kompromiss
med køyreeigenskapane, ved å bruke ein spesialbehandla kjernetype
av poppel og bambus.
Store linjer, harde landinger, tett skog og puter - denne skia
takler det!
L= 194, 186, 176
134-120-129 @194
133-120-128 @186
132-120-127 @176
R = 30m
2000gr
- Full rocker/reversed
camber -4mm
- Generous taper
- Round square pin tail
- Sandwich-kontruksjon
- Poppel-/bambuskjerne
- P-tex 4000 base
Veil. 7.390,- inkl mva.
2
facebook.com/SGNskis | www.sgnskis.com | [email protected]
Foto: Steinar Nes
Ski: Jørgen Langeland
Sogndal
The 1184
Dette er ei ekte storfjellsski med grafisk inspirasjon frå norges største sjøslag
på Fimreite i år 1184. Denne skia vil med ein lenger effektiv innsving og
stivare fleks enn i våre andre modellar, gi deg fordelen av å holde et
ypperlig kantgrep på alle typar snø og tillate høg fart og store linjer.
Den er laga for frikøyraren som ønsker ei stabil og forutsigbar ski på alle
typar føre i krevjande terreng. Eit moderat motsatt spenn bidreg til bedre
manøvrerbarheit og god flyt.
Kjerna inneheld vår spesialbehandla kombinasjon av poppel og bambus
som senker vekta samtidig som ein beheld responsen. Med kun 2 kg for
ei køyreretta ski med full trekjerne får ein det beste for både opp- og
nedturen.
Denne skia utmerka seg med svært gode plasseringar i
frikøyringskonkurransar sesongen 2012/13.
L= 190, 182
136-112-126 @190
136-112-125 @182
R = 27m
2000 gr @182
Veil. 6.990,- inkl. mva
- Freeride rocker/reversed
camber -2mm
- Taper
- Sandwich-kontruksjon
- Poppel/bambuskjerne
- Ripefritt topplag
- P-tex 4000 base
facebook.com/SGNskis | www.sgnskis.com | [email protected]
3
Foto: Vegard Nes
Ski: Ivar Løvik
Sogndal
RAKKAR
Dette er vår mest allsidige ski konstruert for både leiken backcountrykøyring, gunnerun i skisenteret og for å gjere pudderdagen din enda betre.
Skia med 11,5 cm under foten er generøst rocka i begge ender, og sammen
med tradisjonelt spenn under foten og ei spretten bambuskjerne har du ei
ski som legg til rette for store og små svev over heile fjellet. Den relativt
korte svingradien innbyr til skjerande svingar både i og utanfor preparerte
løyper. Med god høgde på baktuppen gir deg moglegheit til å sette fakie
landinger og halde fram switch så lenge du ønsker.
Som med andre SGN-modellar er vekta holdt nede for at du skal bruke
mindre energi for å nå fram til dine secret spots. Dette er oppnådd
gjennom vår spesialbehandla poppel-/bambuskjerne. Ripefritt topplag
gjer til at grafikken held seg godt over tid.
L= 185, 175
140-115-137 @185
139-115-136 @175
R = 17m
1950gr
Veil. 6.490,- inkl. mva.
- Nose/tail rocker
positive camber 2mm
- Twintip design
- Allround taper
- Sandwich-kontruksjon
- Popplar/bambuskjerne
- P-tex 4000 base
- Ripefritt topplag
4
facebook.com/SGNskis | www.sgnskis.com | [email protected]
Foto: Bjørnar Bjørhusdal
Ski: Steinar Nes, Henrik Langeland, Even Valseth
Skagastølstindane, Hurrungane
HURRUNGANE (est. lev. desember 13)
Velkommen til det neste kapittelet for tradisjonell norsk skikultur. Skia er
utvikla saman med fleire av dei tindevegleiarane på vestlandet med mest
erfaring og flest arbeidsdagar på ski. Denne innovative skia kombinerer ny
kjerneteknologi og tekniske løysingar med behovet for eit betre verkøy for
dei som arbeider eller ferdast mykje i den krevjande norske fjellheimen. Skia
er sjølvsagt utvikla i tråd med SGN-filosofien om kompromisslause
eigenskapar og køyreopplevinga i fokus.
Kjerna held vi hemmelig ei stund til, men skia møter tindevegleiarane sitt
ufravikelege krav om låg vekt. Den er 89 mm under foten, og med ein
generøs rocker framme og flatt spenn gir den ein optimal kombinasjon av
flyteigenskapar i laussnø, stiv bakski for rennekøyring, og godt fellefeste på
skaren før sola har fått tak.
Skia blir levert med karabinhól i fram- og baktupp fylt med silikon. Når uhellet
er ute kan staven brukast for å dytte ut silikonen og skia kan brukast som
nødslede eller snøanker.
Dette er rett og slett den komplette fjellskia. Vi skal ikkje legge skjul på at
vi er ganske stolte av dette produktet.
L= 189, 179, 169
120-89-107 @189
117-89-105 @179
114-89-103 @169
R = 21m
1400gr
Veil.: 7.490,- inkl. mva
- Mountain rocker/
flat camber
- Allround taper
- Sandwich-kontruksjon
- Kjerne: blir annonsert
- P-tex 4000 base
- Fester til karabiner i
bak-/framtupp
- Ripefritt topplag
- Square tail
5
Foto: Bjørnar Bjørhusdal
Ski: Torgeir Sværen Henjum
Jostedalen
Foto: Bjørnar Bjørhusdal
Ski: Steinar Nes
Jostedalen
OM SGN
SGN SKIS AS vart grunnlagt hausten 2012, men historia strekk seg åtte år tilbake i tid
då Tore Frimanslund og Torgeir Sværen Henjum bygde ski i eit nedlagt kontorlokale
i bygda Leikanger i Sogn og Fjordane. I dag består SGN i tillegg av Steinar Nes og Dagfinn
Henjum Sværen, samt eit større antall lokale samarbeidspartnarar. Sesongen 2012 sendte
vi ca. 120 skipar rundt til heile landet, og vi ser fram til å ta tak i ein ny sesong.
Frå basen i Sogndal har vi 9 minutt kjøring til den snøen Sogndal er blitt kjend for, ein
sesong som varer i 10 månadar, og eit testmiljlø og moderne frikøyringskompetanse som
legg eit grunnlag for å utvikle verkeleg gode ski.
Dette miljøet beståande av eit samfunn av dedikerte skikøyrarar har akkumulert i SGN.
Spesialisert kunnskap og ein livsstil som dreier seg rundt å ferdast i fjellet har manifestert
seg i nettopp dette - verktøy som lyfter skiopplevinga di til eit nytt nivå.
SGN SKIS AS
Trolladalen 30
Fosshaugane Campus
6856 Sogndal
Org.nr. 998755409MVA
www.sgnskis.com
www.facebook.com/SGNskis
Instragram: @sgnskis
Tore Frimanslund
Dagleg leiar
95796518
[email protected]
Torgeir Sværen Henjum
Produktsjef
98825957
[email protected]
Dagfinn H. Sværen
Salg/marked
97637863
[email protected]
Steinar Nes
Salg/marked
91598425
[email protected]
6