Strilahæl på Nordhordlandsvis.pdf

Lester med strilahæl frå Nordhordland
!
!
!
!
!
!
!
!
!
!
!
!
Legg opp 48 m (12 m på kvar pinne) og strikk vrangbord til ynskt lengde. Det
skal strikkast hælkappe over halvdelen av maskene. Dei andre maskene skal
kvile på to pinnar inntil vidare. På dei to pinnane der ein skal strikke hælkappen,
skal det aukast to masker jamnt fordelt på kvar pinne = fire masker aukt. For
enkelheit, kan du strikke alle maskene til hælkappen over på ei pinne (= 28 på
pinnen). Strikk hælkappen i glattstrikk att og fram, til den er om lag 5 cm.
!
Tips: Når du strikkar hælkappa, løftar du den fyrste maska på pinnen over på
neste pinnen, uten å strikke den. Då vil det bli ei kantmaske som er lett å plukka
seinare i arbeidet. Når hælkappa har ynskt lengde, fordeler du maskene igjen
over to pinnar, med 14 masker på kvar pinne.
!
!
!
!
!
Nå skal det lagast bue på hælen, slik:
!
1. pinne: Strikk rett til det står att 4 masker, strikk 2 rett sammen og deretter 2
rett.
!
!
!
2. pinne: Strikk 2 rett, deretter 2 rett saman. Strikk rett ut pinnen.
!
!
!
Strikk vrangt tilbake uten å felle.
1. pinne: Strikk til det står att 3 masker, strikk 2 rett saman og 1 rett.
2. pinne: Strikk 1 rett, 2 rett saman.
Strikk vrangt tilbake uten å felle.
1. pinne: Strikk til det står att 2 masker, strikk dei rett saman.
2. pinne: Strikk 2 masker rett sammen.
!
!
!
!
!
No startar sjølve hælfellingen (du har no 11 masker på kvar pinne):
1. pinne (frå vrangen): Strikk alle maskene vrangt.
2. pinne (frå vrangen): Strikk dei to fyrste maskene vridd rett saman
!
!
!
– snu arbeidet og løft maska (dei to maskene som er strikka vridd rett saman) frå
venstre til høgre pinne. Tråden du strikker med skal være på rettsida av arbeidet.
Strikk to masker vrang saman (frå rettsida). For å gjera dette, må du «kaste»
tråden.
!
!
!
Snu arbeidet, løft masken du strikka sist frå venstre til høgre pinne, strikk to
masker vridd rett saman. Dette gjentek du til du har to masker att. Huskeregel:
tråden du strikkar med skal alltid vere på rettsida av arbeidet. Frå rettsida, skal
du strikke 2 vrang sammen, får vrangsiden skal du strikke to vridd rett saman.
!
!
!
!
Fellingen skal sjå slik ut:
!
!
!
!
!
Fordel dei to maskene på kvar sin pinne og plukk opp ca 10 masker på kvar side
av hælkappa. Omgangen din startar no midt under hælen. Strikk maskene du har
plukka opp på kvar side av hælkappen vridd rett, for å unngå hol.
!
!
Du skal no fordele maskene slik at du har 12 masker på pinne 1 og 4, og 11
masker på pinne 2 og 3. På desse lestene strikka eg siste maske fra pinne 1
saman med første maske fra pinne 2 og siste maske fra pinne 3 sammen med
første maske på pinne 4. Det kalles å felle i “vekjo” – dvs ein feller i kvar side i
vika mellom hæl og fot.
!
Strikk vidare i glattstrikk ca 15 cm.
!
Tåfelling:
1. pinne: Strikk til det står att 3 m, strikk 2 m rett saman, strikk siste m.
2. pinne: Strikk 1 m, ta ei m løst av, strikk neste m, trekk den lause maska over,
strikk ut pinnen.
3. pinne: Strikk til det står att 3 m, strikk 2 m rett sammen, strikk siste m.
4. pinne: Strikk 1 m, ta ei m laust av, strikk neste m, trekk den lause maska over,
strikk ut pinnen.
!
Fortsett slik på kvar omgang til du har 10 m att. Kutt tråden og dra den gjennom
resten av maskene. Fest alle tråder på vrangen.
!
Strikk neste lest på samme måte.
!
Lukka te!
!
Foto/tekst Jannicke Stølan
www.jannickeshjemmekos.no