Oversikt over turar i Vats

Turstiar i Vats:
Opplysningar om turane på alle info.tavler ved Parkeringsplassene.
1. Turar frå Eikesdalsvegen, Øvre Vats.
1.
2.
3.
4.
5.
Thorsgruva
6. Veldehytta (350 m.o.h.)
Dyrhaug (260 m.o.h.)
7. Vikestølen
Ørnaberget (343 m.o.h.)
8. Eikås/Bjoa
Stemmetjørna (301 m.o.h.) 9. Moldebrekka (619 m.o.h.)
Morgonsvatnet (460 m.o.h.) 10. Longåsdalen
Kjør om lag 2,5 km på E 134 frå Knapphus mot Ølen – til Eikesdalvegen. Her står vegskilt
til Eikesdal og eit TURSTI-skilt. Følg vegen om lag 700 m v/bru og god parkeringsplass.
Her står ei info.tavle med kart og opplysningar og skilt til mange fine turstiar.
Herifrå går det traktorveg som er felles utgangspunkt for alle turane oppover.
Traktorvegen er stengd for alminneleg biltrafikk, men fin og gå på.
Start: 700 m oppe på Eikesdalsvegen frå E 134
Parkeringsplass: Ja – godt tilrettelagt hos Per Døvik m. fl.
2. Turar frå Aurdal – frå Jan og Harald Haslemo, Øvre Vats
1.
2.
3.
4.
Sletthaug (480 m o.h.)
5. Steinslandsnuten (514 m o.h.)
Åksla (701 m o.h.)
6. Steinsland, Sandeid
Vardafjellet (661 m o.h.),
7. Stuhaug gardsmuseum, Sandeid
Sønnanåstølen v/Søndenåtjørna,
Kjør om lag 3,2 km på E 134 frå Knapphus mot Ølen til tidlegare Vats gartneri der det
står skilt til Aurdal – ta av til høgre. Følg denne vegen til endes 1,4 km og litt forbi
tunet til Haslemo. Her finn du ein god parkeringsplass med info.tavle med kart og
opplysningar og skilt til dei ulike turane – start på god traktorveg innover dalen.
Start: På traktorveg hos Jan og Harald Haslemo i enden av Aurdalsvegen
Parkeringsplass: Ja – god romsleg plass ved geitefjøset til fam. Haslemo.
3. Turar frå Blikra i Blikrabygda, Øvre Vats.
Brennesteg (520 m o.h) 4. Åksla (701 m o.h.),
Døldaren (736 m o.)
5. Stemvatnet (589 m o.h.)
3. Vardafjellet (661 m o. h.)
1.
2.
Kjør 2,5 km på E-134 frå Knapphus mot Ølen - ta av til høgre ved vegkryss med skilt til
Blikrabygda. Følg denne vegen 3,8 km og ta av ved fyrste veg til venstre like etter brua
nedanfor bedehuset i Blikrabygda. Det står skilt på lyspåle i vegkrysset. Kjør 300 m til eit
postkassestativ på venstre sida med TURSTI-skilt på. Følg pila og kjør gjennom fyrste
gardstun opp til neste gard - her finn du ein god parkeringsplass like ovanfor låven til Torunn
Blikra
Her står info.tavle med kart og opplysningar om dei ulike turane + namneskilt for
turane. Utgangspunkt til fleire fine turar. Følg traktorvegen herifrå 2,5 km oppover lia
i blandingsskog heilt opp til Buskard (500 m o. h.)
Start: På traktorveg hos Torunn Blikra i Blikrabygda.
Parkeringsplass: Ja – god p-plass like ovanfor låven til Torunn Blikra.
.
4. Turar frå Vestvoll i Blikrabygda, Øvre Vats
1. Frierane (410 m.o.h.),
2. Hovda (530 m.o.h.)
3. Gjerdesdalen.
Kjør 2,5 km frå Knapphus mot Ølen der du tar av til høgre – sjå skilt til
Blikrabygda. Følg vegen 4 km ned til Sørhus. Rett før du kjem til den gamle
butikken til Magnus Sørhus, tek du vegen til venstre – sjå TURSTI-skilt. Kjør om
lag 400 m til du kjem til Vestvoll. Her P-skilt nedanfor raud løe.
På info.tavla kan du lesa om dei ulike turane herifrå.
Turen oppover går på traktorveg som svingar seg i kulturbeite og bjørkeskog heilt
Opp til Frierane..
Start: På traktorveg hos Helge og Jenny Rødde på Vestvoll i Blikrabygda.
Parkering: Ja – god plass like nedanfor løa. Sjå P-skilt.
5. Turar frå Øvre Vats Bedehus.
1. Krakkanuten (450 m.o.h.) m/panoramautsikt over Vats.
2. Vatnedalen og vidare til E 134 i Austreim i Skjold.
Kjør 1,5 km frå Knapphus på E 134 mot Ølen til Øvre Vats Bedehus. Her finn du ein
god og romsleg parkeringsplass og ei informasjonstavle. Frå denne plassen har du
utgangspunkt til 2 fine turar – ein tur til Krakkanuten og ein tur til Vatnedalen og
vidare til E 134 ved Austreim i Skjold.
Du kan lesa om desse to turane på info.tavla.
Start: Ved Øvre Vats Bedehus.
Parkeingsplass: Godt skilta og romsleg parkeringsplass ved Bedehuset.
6.
Turar frå Kårhus v/Vindafjordtunet/Sjukeheimen i Nedre Vats
1. Grånuten (531 m.o.h.)
2. Fuglen (537 m.o.h.)
3. Frøland i Tørsdalen.
Ta av ved Knapphus og inn på Rv. 46 og kjør 5 km ned til Kårhus til
Vindafjordtunet/sjukeheimen. Her er P-plass, info.tavle m/oppl. kart og skilt.
7. Turar frå Gjerdesdalen, Nedre Vats
1. Tur til Frierane (410 m.o.h.)
2. Tur til Hovda (530 m.o.h.)
3. Tur til Vestvoll i Blikrabygda
Frå Knapphus svingar du av på Rv 46 og kjør 8 km mot Sandeid, forbi
Vindafjordhallen og Vats skule, til svingane ved Arve Mjølhus. Der ser du TURSTIskilt og skilt til P-plass 500 m oppe.
Her står info.tavle m/kart og opplysn. om dei ulike turane.
8. Tur frå Raunes til Stråtveit, Nedre Vats
Ta av ved Knapphus og inn på RV 46 mot Nedre Vats. Følg vegen 5 km til Kårhuskrysset og
ta av til høgre og følg denne vegen 5 km heilt ut til Raunes. Like før du kjem til AF Decom sin
Miljøbase, ser du info.tavle og namneskilt til Stråtveit på høgre sida av vegen. Rett over til
venstre ser du eit bussur og eit P-skilt for parkering hos Johnny og Brynhild Frøland. Her kan
du setja bilen frå deg og gå til Stråtveit på god skogsbilveg. Du kan også kjøra bil heilt fram
mot å betala bompengeavgift i boks om lag 150 m lenger oppe på vegen.
Start: Mest heilt ute på Raunes på veg til høgre ved info.tavle og skilt til Stråtveit.
Parkering: Ja, på venstre side ved busskur – tvers over vegen før du svingar opp til Stråtveit hos
Johnny og Brynhild Frøland. Du kan også kjøra til Stråtveit og parkera der mot å
betala avgift. (Sjå nedanfor)
Bompengeavgift: 30 kr. som du legg i eigen boks.
NB: Vegen er stengt for bilar frå 10. sept. og fram til påsketid, men han er open for fotturistar
heile året.
Vegen er god å gå på – han har nokre bratte parti. Fin Familietur.
9. Turar frå Stokkadalen i Nedre Vats:
1. Kjort
(606 m.o.h.)
2. Tordisnuten (440 m.o.h.)
3. Nising
Ta av ved Knapphus og inn på Rv. 46 mot Nedre Vats. Følg vegen 5 km ned til Kårhuskrysset
der du svingar til høgre og kjører vidare 2,3 km ned til Åmsosen. Like før du kjem til
Hatteland på kaien, må du ta av til venste , sjå skilt.
Følg denne vegen 2.8 km til Tjeltveit eller 4,5 km til det gamle skulehuset i Stokkadalen
for å gå til Tordisnuten eller 6,3 km innover Stokkadalen for å gå til Kjort. Sjå orientering
under.
Til Tordisnuten – frå Tjeltveit eller frå det gamle skulehuset i Stokkadalen
Til Nising – start ved det gamle skulehuset i Stokkadalen.
Til Kjort – ved Halvard Stokkedal oppe i Stokkadalen.
Parkeringsplass: Til Tordisnuten og Nising.: Ja – gode parkeringsplasser.
Til Kjort: Ja - god P-plass nedanfor løa til Halvard Stokkedal.
Stokkadalsvatnet.
Gratis fiske og gratis robåtleige i Stokkadalsvatnet hos Halvard Stokkedal.
Vatnet ligg like nedanfor parkeringsplassen hos Halvard Stokkedal. Han har laga
traktorveg ned til vatnet frå P-plassen. Nede ved vatnet har han rydda til ein liten
”friluftsleir” der kven som helst kan koma og slappa av og kosa seg ved vatnet.
Dei som vil ut på vatnet og ro eller fiska, kan gjera dette heilt gtratis.
Krav til brukarar av plassen og lån av båten:
1. Hald området ryddig.
2. Søppel skal kastast i bosspann som ersett opp.
3. Legg båten fint på plass etter bruk - utan skade.
Ta kontakt med Halvard Stokkedal om det er noko anna de lurer på.