Vandretur Cinque Terre - Travelnet Fjordane Reisebyrå AS

Bli med til
ITALIA
og opplev ekte middelhavsmagi!
Vandretur Cinque Terre
- maleriske klippebyar, vinranker,olivenlundar og asurblått Middelhav
Kan vi freiste deg til å vere med oss til det vakraste av Italia og vandre mellom fem små
pastellfarga byar som klamrar seg fast til åssida mellom grøne vinmarker, olivenlundar og asurblått
Middelhav ?
Vi reiser med fly fra Bergen til Milano og køyrer til Levanto som ligg i Liguria-regionen ved
vestkysten nord i landet. Dette skal vere vår ”base” i 6 dagar medan vi nyt livet her ved ”Italias
Riviera”.
Dei fem landsbyane Monterosso, Vernazza, Corniglia, Manarola og Riomaggiore som saman har
fått namnet Cinque Terre er ein unik del av denne rivieraen og er ein av dei mange historiske
skattane i Italia. Cinque Terre har status som nasjonalpark og er oppført på UNESCO si
Verdsarvliste. Her har ein gjennom det siste årtusen tilpassa seg landskapet. Ein har bygd terrassar
for planting av vinstokker og oliventre. Der terrenget har tillete det, vart det i middelalderen bygd
små byar som føyer seg inn i landskapet på ein heilt særeigen måte. Kompakte busetnadar er
oppført rett på fjellgrunnen med smale, svingete smug og gater, som regel rundt kyrkjer eller
middelalderborger.
For å oppleve byane og området på den beste måten må ein ta beina fatt. Før jernbanen kom
rundt 1880 var byane isolerte, og det er på dei gamle stiane, trappene og brusteinlagde trange
gatene vi skal vandre.
Det er lagt opp til vandring tre av dagane og dagsetappane er 7-8 km. Vi legg inn lunsjstogg og
reknar med å bruke god tid (3 – 4 timar) på kvar av etappane. Etter vandreturane vert det
transport med tog eller båt attende til Levanto. Det vert utflukter med båt på Middelhavet og
sjølvsagt tid til sol og bad.
Dag 1 : Laurdag 06/9 Bergen – Milano – Levanto
Frammøte på Flesland flyplass i god tid før flyavgang med KLM kl.14.00 og vi er klar for
opplevingsrike dagar ved den italienske rivieraen. Reisa går via Amsterdam og vi landar i Milano
kl.18.40. Her ventar buss som tek oss til Hotel Nazionale http://www.nazionale.it/en/ , eit godt 3stjerners hotell i den gamle badebyen Levanto. Hotellet ligg 100 meter fra havet og på terrassen kan
du kvile ut etter dagens vandring og nyte det vakre utsynet over havet og den vakre naturen.
Turen fra flyplassen til Levante tek omlag tre timar og vi stoggar for middag undervegs.
Dag 2 : Søndag 07/9 Vandretur Levanto – Monterosso
Vandreturen frå Levanto til Monterosso er 7km. og høgdeskilnaden på dagens etappe er omlag
500m. Vi reknar med å bruke 4 timar på turen.
Vi gjev oss tid til ein god frukost denne første morgonen i Italia før vi skal på tur. Denne første
vandredagen går turen på dei gamle vandrestiane til Monterosso, ei strekning som byd på fantastisk
natur og flott utsikt. Kystperla Monterosso er ein kunstnarby, som også er kjent for sine gode
sitrusfrukter. Vi nyt dagenes lunsj og ser oss litt omkring i byen før det vert retur med tog til hotellet i
Levanto der vi samlast om kvelden til felles middag.
Dag 3 : Mandag 08/9 Vernazza – Corniglia – Manarola – Via dell Amore – Riomaggiore.
Dagens etappe er også 7km. og har ein høgdeskilnad på 400m. Og vi brukar omlag 4 timar på turen.
Etter frokost tek vi toget til hamnebyen Vernazza, som er ein av dei eldste byane i denne delen av
landet. Det vert tid til ein liten byrundtur i Vernazza, før vi tek toget til Corniglia, som klamrar seg fast
høgt oppe på toppen av ein ås. Her opplever vi kanskje den mest fantastiske utsikta av alle de fem
landsbyene vi skal vitje. Vi vert servert ein god lunsj på Ristorante La Posada før vi held fram
vandringa til Manarola. Vidare går vi den klassiske kjærleiksstien ”Via dell Amore” fra Manarola til
Riomaggiore. Stien er hoggen ut i klippane - og byd på barske omgjevnader. Riomaggiore er ein
sjarmerande by med brusteinslagde gater, fargerike hus og mange små butikkar og restaurantar. Her
kan vi kjøpe oliven, lokal grappa og vin. Vi tek toget attende til Levanto og samlast til felles middag og
deler opplevingar vi har hatt på dagens etappe.
Dag 4 : Tysdag 09/9
Portefino – San Fruttuoso di Capodimonte
Etter frukost tek vi båt til Portofino, den vesle fiskarbyen på rivieraen som er mest kjend som ein
internasjonal jetsetby saman med Marbella og St.Tropez. Vi kan rusle i dei gamle Hollywoodstjernene sine fotspor og kjenne på atmosfæren som trekte til seg ”fiffen” frå kjendisverda på 60talet...
Men vi skal på vandretur og denne dagen vert det ein lett to-timars tur San Fruttuoso di
Camogli, ein liten koseleg busetnad med utsikt over havet. Her finn vi mellom anna eit 1000
år gamalt benediktinerkloster som vart bygd opp att og restaurert på 1600-talet.
Attende i Levanto er resten av dagen til fri disposisjon. Middag på eiga hand denne dagen.
Dag 5 : Onsdag 10/9 Vandretur Palmeria og Portovenere
Dagens vandring er 8km., men er ei lett strekning med ein høgdeskilnad på berre omlag 200m. I
roleg tempo brukar vi omlag 3 timar på turen.
Ein god frukost før vi tek toget til La Spezia og båt vidare til Palmaria, den største øya i Liguria. Her
finn vi sjeldne orkideer og nokre majestetiske grotter. Frå dei spektakulære utsiktspunkta på øya kan
vi beundre dei vakre omgjevnadane. Vi inntek felleslunsj på ein lokal restaurant på øya, før vi om
ettermiddagen tek båten vidare til Portovenere, som er ein fargerik, liten hamneby og eit viktig
kultursenter. Vi skal på ein kort byrundtur der vi mellom anna skal innom dei vakre kyrkjene San
Lorenzo og San Pietro. Vi vitjar også grotta som er oppkalla etter den engelske poeten Lord Byron
som hadde sin residens i byen på 1800-talet.. Båt attende fra Portovenere til Levanto og felles
middag.
Dag 6 : Torsdag 11/9 Dag til eigen disposisjon.
Frukost på hotellet. Dagen til eigen disposisjon.Nokon vil gjerne slappe av på stranda,medan andre
gjerne vil utforske området nærmare.
Vi samlast til avskjedsmiddag denne siste kvelden på rivieraen ved Liguriabukta.
Dag 7 : Fredag 12/9
Levanto – Milano – Bergen
Tidlig transfer til flyplassen i Milano for heimreise. Flyavgang med KLM kl.110.55 via Amsterdam med
ankomst Flesland/Bergen kl.16.00. Ein opplevingsrik tur til fem vakre perler - Cinque Terre - er over
for denne gang, men kanskje treffest vi att på nye turar.
REISEFAKTA :
Turpris
Tillegg for enkeltrom
Kr. 13.400.Kr. 1345.-
Irekna i turprisen :
* Flyreise Bergen – Milano t/r.
* 6 netter i dobbeltrom på Hotel
Nazionale,Levanto.
* Busstransfer flyplass – hotell t/r.
* Båtbillettar iflg program.
* Togbilletter iflg program.
* 6 frukostar, 3 lunsjar og 5 middagar.
* Reiseleiar som er med på heile turen.
Påmelding til :
Tlf. 57725070
E-post : [email protected]