Velkomen til Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane
Hovudsamarbeidspartnar Førde Cup 2013:
8. - 10. NOVEMBER 2013
på
lag
m
ed
Førdehuset, Førde
llen
tba
o
f
e
rd
Fø
SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE – FØRDE CUP 2013
Pulje – og kampoppsett
Pulje – og kampoppsett vil ein finne ved å gå
inn på Førde Cup si heimeside:
www.fordecup.no
Vi vil også trykke opp dette slik at alle laga
får det utdelt saman med effektar ved
innsjekking i sekretariatet.
Resultat undervegs i turneringa vil fortløpande
bli lagt ut på denne internettadressa. På denne
måten kan også dei som ikkje har høve til å
reise med laget sitt, halde seg orientert
på lik linje med alle andre på korleis
det går med laget sitt.
Samarbeidspartnar Førde Cup 2013:
2
SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE – FØRDE CUP 2013
Velkomen til Sparebanken Sogn og
Fjordane Førde Cup 2013
Vi vil med dette ønskje alle fotballvener velkomne til utgåve 17 av Førde Cup. Vi
har i år i overkant av 110 lag påmeldt til turneringa. Vi trur at når så mange vil
vere med så er det fordi de tykkjer det er kjekt å delta og likar konseptet vårt. Vi
trur at eit kompakt arrangement med nærleik mellom turneringsarena, overnattingsplassar, kulturtilbod og handel er noko som gjer turneringa attraktiv.
Vi ønskjer at de legg merke til at turneringa bærer namnet til vår hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Sogn og Fjordane. For oss er det avgjerande å ha
ein slik solid samfunnsaktør i ryggen, og vi håpar de brukar både dei og alle
våre andre gode sponsorar i løpet av helga og elles om de har høve til det.
Fair Play er eit sentralt omgrep i idretten og for oss i Førde IL Fotball. Trenarar,
leiarar, utøvarar og foreldre skal ta vare på medspelarar og motspelarar, unngå
stygt spel og filming og skape tryggleik og god lagånd. Hugs dette i alt de gjer
denne helga! I tillegg ønskjer vi at de brukar helga godt til å kose dykk, og skaff
dykk nye vener, kontaktar og impulsar. Vi oppfordrar dykk til å bruke alle tilboda i Førde i løpet av helga, både med symjing, kino og diskotek. Butikkane i
Førde er også klare til å ta i mot dykk med opne armar!
Når de står utanfor Førdehuset og ser over elva vil de på motsett side sjå konturane av Hafstadparken. No har vi snart fullført første sesong med bruk av
banene der. Det har gitt oss i Førde eit stort løft i forhold til treningsareal, og i
år har vi faktisk hatt om lag 125 lag med i seriesystemet. No har vi akkurat starta
arbeidet med klubbhuset vårt, som om ca eitt år vil stå klart. Når klubbhuset er
ferdig vil vi ha om lag 1000 kvadratmeter med garderobar, kantine, møteplassar og kontor tilgjengeleg til trening, kampar og turneringar. I tillegg vil parken
bestå av mykje grasareal, som innbyr både til fotball og mykje anna, samt til
dømes joggeløyper, skatepark, BMX-bane, hoppbakke (!) og sandvolleyballbaner. Vi gledar oss til dette er klart, og håpar at de vurderer å bli med på framtidige utandørsturneringar i Førde i sommarhalvåret.
Med dette vil styret i Sparebanken Sogn og Fjordane Førde Cup ønskje alle
hjarteleg velkomne og lykke til med turneringa. Vi håpar alle vil få hyggelege
fotballdagar saman med oss her i Førde.
God turnering!
3
SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE – FØRDE CUP 2013
Program
Fredag 8. november
Kl. 18.00-22.30: Innkvartering
Kl. 19.00-22.00: Innleiande kampar
Laurdag 9. november
Kl. 08.00-22.30: Innleiande kampar
Kl. 21.00-23.30: Diskotek i Førdehuset
Søndag 10. november
Kl. 08.00-17.00: A- og B-sluttspel
Arrangementet er slutt ca kl. 17.30.
Førde cup - Meir enn fotball
Badeland i Førdehuset er ope
følgjande tider:
Laurdag: 12.00 - 17.00
Sundag: 10.00 - 15.00.
Filmane på Kino Førde
laurdag 9. november
Kl. 13.00 – Solan og Ludvig;
Jul i Flåklypa
Du kjøper billett i resepsjonen
Kl. 15.00 – Jackass Presents:
Bad Grandpa
Gratis for deg på
FørdeCup.
Du vert registrert ved
inngangen til kinosalen.
Framsyninga er òg open
for andre
Kl. 17.00 – Gravity
Du kjøper billett i resepsjonen
Jackass Presents: Bad Grandpa
Am. komedie/dok. 1t. 34 min. (11 år)
Laurdag 9. nov.
Laurdag blir det fotballstemning i
Lisjesalen. 3 kamper frå Premier Leauge
vises på storskjerm. Gratis for alle.
13:45 Premier Leauge kamp
– Kamp ikkje bekrefta.
16:00 Liverpool - Fulham
18:30 Norwich – West Ham
Hovudsponsor Førde Cup
– på lag med Førdefotballen –
4
Ungd/Vaksne. Jackass-stjerna Johnny
Knoxville kler seg ut som ein 86 år
gamal bestefar, og dreg ut på ei ellevill
reise gjennom USA - med skjult kamera
og eit 8 år gamalt barnebarn på slep.
Undervegs på reisa introduserer Irving
det unge barnebarnet for høgst upassande folk, plassar og situasjonar.
Duoen møter blant anna på mannlege
stripparar, gravferder, motorsykkelgjengar og mengder av vanlege borgarar
som ikkje anar at dei blir filma.
SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE – FØRDE CUP 2013
Velkommen til
SSF Førde Cup 2013!
Det er igjen tid for for Førde Cup innandørs, den 17. i rekka. Førde IL Fotball er
også i år stolt arrangør og vi gler oss til å ta imot spelarar, støtteapparat og publikum til ei helg der fotballen står i sentrum.
I år er 110 lag frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal påmeldt.
Det gler oss å sjå at mange klubbar kjem igjen år etter år, noko vi tek som eit
teikn på at de set pris på cupen vår. Dette inspirerer oss til å stå på for å utvikle
cupen vidare. Totalt sett vil ca. 1000 ungdomar fylle Førdehuset denne helga,
og det vil bli spelt 254 kampar frå fredag kveld til søndag ettermiddag. Særleg
meir enn det er det pr. dato ikkje praktisk mogleg å få til innandørs i Førde.
SSF Førde Cup har blitt ei stor turnering, og det er mange personar som er i
sving for at turneringa skal kunne gjennomførast utan nemneverdige problem.
Eg vil difor takke Odd Hagens og hans hjelparar for framifrå planlegging, samt
alle frivillige som gjer ein kjempeinnsats for å få arrangert denne turneringa. Ei
stor takk går og til alle våre samarbeidspartnarar som støttar oss i tjukt og tynt.
Så gjenstår å ønskje alle saman velkomen til Førde, Førdehuset og SSF Førde
Cup 2013. Eg vonar de får 3 flotte dagar fylt av gode prestasjonar, idrettsglede,
venskap og Fair Play.
Bård Eikeset
Styreleiar Førde IL Fotball
5
SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE – FØRDE CUP 2013
Praktiske opplysningar!
Ved ankomst må leiar for klubben straks vende seg til sekretariatet i Førdehuset
for innsjekking. Her vil klubben få utlevert sine deltakareffektar samt motta
nyttig informasjon om endringar etc.
Ingen lag kan starte sin første kamp utan at klubben har sjekka inn.
Namneliste for alle deltakarar skal leverast ved innsjekking.
Måltid:
Fredag:
Laurdag:
Sundag:
Middag
Frukost
Lunch
Middag
Frukost
Lunch
kl.
kl.
kl.
kl.
kl.
kl.
19.00
07.00
12.00
18.00
07.00
12.00
-
22.00
10.00
14.00
21.00
10.00
14.00
Alle måltid vert servert på Førde ungdomsskule
Deltakarar utan A-kort kan få kjøpt enkeltmåltid.
Matbillettar får ein i sekretariatet i Førdehuset.
Matkupong alle måltid kr. 200,Pris pr. måltid kr. 50,-
Viktig:
Turneringsleiinga gjer merksam på at det berre er adgang til å nytte sko med
lys sole i idrettshallen i Førdehuset.
Laga som nyttar garderobane i Førdehuset, må ikkje legge frå seg verdisaker
i desse. Vi oppfordrar lagleiarane om å ta vare på dette for spelarane sine.
• All mat og drikke er forbode i idrettshallen, unntatt vatn på drikkeflasker.
• Det er ikkje tillate å bruke ball i kaféen.
6
SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE – FØRDE CUP 2013
7
Spelarar
Namn
..............................................................................
Namnet på klubben
..............................................................................
klasse
Fødd år
..............................................................................
puljenr.
(fyllast ut av arrangør)
Skal leverast i sekretariatet ved ankomst
SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE – FØRDE CUP
SPELARLISTE 2013
Leiarar
Namn
Underskifta til lagleiar
Tlf.
SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE – FØRDE CUP 2013
Førde Elektro og Rør AS
DIN LOKALE ELEKTRIKAR OG RØRLEGGAR
☎ 57 72 39 90
Opus AS
FØRDE VULK
Etablert 1949
10
SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE – FØRDE CUP 2013
Turneringsleiing
Hovudkomité:
Per Øyvind Storevik / Jon Inge Gåsvær – turneringsleiarar
Henrik Arne Losnegaard – kamp-/resultatansvarleg
Liv Røthe – kjøkkensjef
Irene Bjørndal / Mariann Njøsen – sekretariatsansvarleg
Marianne Aakre Laugerud – dommaransvarleg
Anders Skreien – hallansvarleg
Kåre Holsæther - innkvarteringsansvarleg
Kampoppsett:
Henrik Arne Losnegaard
Førdecupsekretatiatet er lokalisert til Førdehuset.
Opningstider:
Fredag 18.00 - 22.30
Laurdag 08.00 - 20.00
Sundag 08.00 - 17.00
Hovudjury:
Einar Hauge - FBK Voss (Hordaland)
Jan Tore Leikanger – Gurskøy I.L (Sunnmøre)
Sveinung Nordtveit – Førde I.L (Sogn og Fjordane)
Turnerings- og kampreglement:
Førde Cup vert avvikla etter NFF sitt spelereglement for
fotball på små baner.
Klasseinndeling:
Småjenter (SMJ) fødde etter 01.01. 1999
Smågutar (SMG) fødde etter 01.01. 1999
Jenter (J) fødde etter 01.01.1997
Gutar (G) fødde etter 01.01. 1997
Junior damer (JD) fødde etter 01.01. 1994
Junior herrar (JH) fødde etter 01.01. 1994
Spelesystem:
5 spelarar på bana samstundes.
(Keeper + 4 utespelarar)
Ein spelar kan berre brukast på eitt lag i same klasse.
Ved lik poengsum i seriespel blir rekkjefølgja avgjort slik:
1. Resultat i innbyrdes oppgjer
2. Målskilnad
3. Tal scora mål
4. Loddtrekning
11
SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE – FØRDE CUP 2013
Spelesystem forts.: I cupspel nyttar ein følgande løysningar ved uavgjort resultat:
• 1 x 3 min. ekstraomgangar der første mål vinn
• Straffesparkkonkurranse i alle klassar
• Straffespark skal takast frå 7 meter
Andre reglar:
For å avgjere rekkjefølgja mellom laga i klassar med ulikt tal
lag i puljane, blir resultatet mot dårlegaste laget teke vekk i
dei puljane som har flest lag.
Raudt kort: utøvar må står over neste kamp
Kampavvikling, protestar,
frammøte m.m.
Protestar:
Eventuelle protestar skal leverast skriftleg i sekreteriatet seinast 30 min. etter
kampslutt. Protesten skal vere underteikna av den person som er oppført som
klubben sin kontaktperson under turneringa. Juryen si avgjerd kan ikkje påklagast. Protestgebyr er sett til kr. 250,- og skal innbetalast ved innlevering av
protesten. Blir protesten teken til følgje vil laget få refundert protestgebyret.
Frammøte:
Alle lag pliktar å stille ferdig skifta ved kampbana seinast 5 min. før kampstart.
Lag som ikkje møter til kampstart tapar kampen og resultatet vert sett til 0-0.
Er eit lag lovleg forseinka til kampstart, skal sekreteriatet orienterast om dette
snarast råd. Etter kampslutt oppmodar vi laga til å forlate kampbana. Det er
ønskjeleg at ein utanom kampane nyttar tribuneanlegget.
Kampavvikling:
Kampane vert spelt på tre baner samstundes. Kampane startar og stoppar etter
signal frå dommar/speaker. På bana har sekreteriatet ein person som held
kontakt med dommar og kampsekretariatet. (Lagleiarane kan gjere seg nytte
av denne personen om det er trong for det.)
Drakter etc:
Det lag som står oppført som heimelag i kampane tek avspark og stiller på den
banehalvdel der tidklokka er. Har to lag like drakter, skal bortelaget skifte
drakter, eventuelt nytte tilviste vestar. Bortelaget er ansvarleg for å undersøke
om like drakter vert nytta.
12
SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE – FØRDE CUP 2013
Tidlegare
vinnarar
1997
1998
1999
2000
Smågutar
Gutar
Småjenter
Jenter
Førde IL
Førde IL
Ikornes IL
Bergsøy IL
Skavøypoll IL
Førde IL
Torvund IL
Vadheim IL
FK Bergen Nord
Førde IL
Gaular IL
Øygard IL
Åsane West Side
FK Bergen Nord
Førde IL
Gaular
Tidlegare
vinnarar
Smågutar
Gutar
Småjenter
Jenter
Junior Herrar
Junior Damer
2001
2002
2003
2004
Florø SK
Sandane IL
Bergen Nord
Bergsøy IL
Askv./Holmedal IL
Jølster IL
Florø SK
Gaular IL
Førde IL
Jølster IL
Florø SK
FK Bergen Nord/Hovding
Sandane TIL
Førde IL
Florø SK
Førde IL
Bergsøy IL
IL Høyang
Førde IL
Dale IL
Tidlegare
vinnarar
2005
2006
2007
2008
Smågutar
Gutar
Småjenter
Jenter
Junior Herrar
Junior Damer
Vadmyra City
Førde IL
Kaupanger IL
Kaupanger IL
Førde IL
Dale IL
Førde IL
Førde IL
BergenNord/ Hovding
Førfe IL
Førde IL
Balestrand IL
Førde IL
Smørås IL
Bergen Nord/Hovding
IL Høyang
Førde IL
Balestrand IL
Bergen Nord FK
Vik IL
Førde IL
Askvoll/Holmedal IL
Førde IL
Bergsøy IL
2012
Tidlegare
vinnarar
2009
2010
2011
Smågutar:
Gutar:
Småjenter:
Jenter:
Junior damer:
Junior herrar:
Vik IL
Bergen Nord FK
Balestrand IL
Jølster IL
Larsnes IL
Bergsøy IL
Førde IL
Førde IL
Førde IL
Loddefjord IL
Jølster
Førde IL
Tambarskjelvar IL
Florø SK
Førde IL 1
Førde IL 1
Florø
Bergsøy
Førde
Askvoll/Holmeda
Eikanger/Nordhordland/Kvernbit Jølster
Førde I.L 1
Bergen Nord
13
SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE – FØRDE CUP 2013
Draktfargar Sparebanken Sogn og Fjordane Cup 2013:
KLUBB
BUKSE
SKJORTE
Askvoll/Holmedal IL
Kvit
Grøn
Balestrand IL
Kvit
Blå
Bergen Nord FK
Blå
Kvit
Bergen Nord/Hovding
Svart
Kvit
Bergsøy IL
Raud
Kvit
Blindheim IL
Svart
Kvit
Eikefjord/Tambarskjelvar
Svart
Orange
Florø SK
Svart
Blå/Svart
Førde IL
Svart
Kvit
Førde IL
Svart
Kvit
Gaular IL
Raud
Raud
Gneist IL
Blå
Kvit
Gursken IL
Kvit
Raud
Hyllestad IL
Blå
Gul
IL Høyang
Kvit
Raud
IL Sandviken
Kvit
Kvit
Jølster IL
Svart
Grøn
Kaupanger IL
Svart
Grøn
Lindås IL
Kvit
Raud
Mauseidvåg og Solevåg IL
Kvit
Grøn
Radøy/Manger FK
Svart
Kvit
Solund IL
Blå
Blå
Sotra SK
Blå
Blå
Stryn IL
Kvit
Raud
Tambarskjelvar IL
Svart
Gul
Tjørvåg IL
Kvit eller Svart
Raud
Vik IL
Blå
Kvit
Viksdalen IL
Kvit
Raud
14
SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE – FØRDE CUP 2013
15
We are the most progressive, relevant and connected football culture
brand in the world. Our founder believed that style is a performance
advantage. Umbros core values are: Craft, Originality and Britishness.
UMBRONORGE
20% rabatt
på fotballsko
heile FørdeCup helga
Du finn oss på
Førdehuset og i butikken
AUTHENTIC
FOOTBALL
Grafisk produksjon:
THE PURE
BRITISH
BRAND!