PLOT arkitekter as

 Fylkesmannen i Møre og Romsdal Møre og Romsdal fylkeskommune NVE region vest Tafjord kraftnett Statens vegvesen region midt Barn og unge sin representant, Heidi Roaldsand Eit levande Roald v/ Geir Leslie Bjørkelund Roald Velforening v/Ole Marius Roald 23.08.2012 VARSEL OM OPPSTART AV DETALJREGULERING PÅ G/BNR. 1/5, 1/11, 1/46 M.FL., BUDAFJELLET, VIGRA På vegne av framtidig grunneigar Baarevika eiendom as, blir det med dette varsla oppstart av arbeid med detaljregulering etter plan‐ og bygningslova § 12‐3 for eit område ved Budafjellet, som vist på vedlagde kart. Planområdet er om lag 27 dekar stort. Området er i dag regulert til frittliggande og konsentrert småhusbusetnad. Ein mindre del; om lag 1,5 dekar, er uregulert, og er sett av til LNF‐
område i kommuneplanen. Området er dag omfatta av to reguleringsplanar; Budafjellet (2002) og Sandvika på Roald (2009). Målet med reguleringsarbeidet er å få regulert området til bustadformål med rekkehus, kjedehus og terrassert bebyggelse, med tilhøyrande vegar, leikeplassar, felles parkering o.l. Hovudtrekka i eksisterande reguleringsplanar er tenkt vidareført, og allmenn tilkomst til friluftsområda nord og vest for planområdet vil bli oppretthalde. Ønska regulering er ikkje heilt i samsvar med arealdelen i kommuneplanen. I nord og nordaust grip plan‐
området inn i LNF‐område, og det er ønskjeleg at desse areala skal inngå i framtidig bustadområde. Det er vurdert at KU og planprogram ikkje er nødvendig, og at konsekvensar av desse endringane kan vur‐
derast i ein utvida planomtale. Det er halde førehandskonferanse med kommunen, jfr vedlagt referat. Innspel eller merknader til planarbeidet kan sendast Plot arkitekter as i brev, eller som epost (grete@plot‐arkitekter.no). Merknadane vil bli referert og vurdert i planforslaget som blir sendt inn til kommunen. Frist for innspel er sett til 28.09.2012. Det vil også bli høve til å uttale seg seinare, når det er utarbeidd eit planforslag, som blir sendt ut til offentleg ettersyn. Med helsing PLOT arkitekter as Grete Valen Blindheim Sivilarkitekt MNAL tlf. dir. 951 555 97 Kopi: Baarevika eiendom as Giske kommune, planavdelinga PLOT arkitekter as, Storledbakken 5, 6003 ÅLESUND Business register NO 995 101 904 MVA Lokalisering av planområdet på Roald, i nordre del av Giske kommune. Utsnitt av kommuneplanen med planavgrensing vist med raud stipla linje. PLOT arkitekter as, Storledbakken 5, 6003 ÅLESUND Business register NO 995 101 904 MVA