oppslag i Sogn Avis - Vestsida

nn Nyhende nn
8
Onsdag 9. november 2011 • SOGN AVIS
Ny utvalsleiar vil ha
fokus på eurokrisa
nn
Hilmar Høl ottast for industrien
nn
Første utvalsmøtet i går
LEIKANGER: Stoda ute og
dei mørke skyene som
dreg inn over den
eksportretta industrien i
fylket skal på sakskartet
til neste møte i
Hovudutval for plan og
næring.
Det sier Hilmar Høl, ny leiar i
Hovudutval for plan og næring,
som i går samla utvaldsmedlemene for første gongen.
Forplantar seg
– Me må vera offensive og medverka best mogleg til ein aktiv
næringspolitikk, seier han, og
veit, som årdøl, at uro ute snøgt
forplantar seg over i mange
arbeidstakarar sin kvardag også
her i fylket.
120 millionar
I går møttest det viktige fylkeskommunale utvalet for første
gong etter valet i haust.
Årdølen skal leia arbeidet
med plan og næring dei neste
fire åra. Saman med nestleiar
Karen Marie Hjelmeseter og dei
andre medlemene skal han rå
over ein sektor som inneverande
år har 120 milllionar kroner til
rådvelde.
To sektorar
– Det er mykje nytt å setja seg
inn i, seier han, og veit at det ligg
ein krevjande prosess framfor
kvar einskild av hovudutvalet
sine medlemer.
– Næringslivet er i kontinuerleg rørsle, ein må berre
hengja i stroppen for å halda seg
ajour til eikvar tid, seier Hilmar
Høl, som understrekar at utvalet
han er sett til å leia ikkje berre
har næring på dagsordenen, men
også plan og samfunn.
Krevjande
Dei
politisk
valde
rundt
møtebordet har såleis to fylkesdirektørar å forhalda seg til, Jan
Heggheim og Svein Arne
Skuggen Hoff, forvaltarar av
respektive fylkeskommunen sin
næringssektor og sektoren for
plan/samfunn.
Møtet i Fylkeshuset i går var
eit godt høve for dei to
sistnemnde til å gjera greie for
den fylkesadministrative innsasten på feltet.
Seks kommunar
Det nye hovudutvalet har
medlemer frå Måløy, Florø,
Gloppen, Årdal, Sogndal og
Fjaler, forutan leiar og nestleiar
som er busette i Årdal og
Sogndal.
Terje Eggum
[email protected]
ÅRDØL I SPISSEN: Hilmar Høl er ny leiar av Hovudutval for plan og næring, her saman med den nye nestleiaren, Karen Marie Hjelmeseter.
Statkraft fekk nei frå Fylkesmannen
LEIKANGER: I konflikt
med verneverdiar
både lokalt, regionalt
og nasjonalt, seier
Fylkesmannen, og rår
til at det ikkje vert
gjeve høve til å sleppa
Statkraft laus på
Jostedalen si vestside.
Fylkesmannen legg også vekt
på at Luster kommunestyre
har rådd frå at det vert gjeve
konsesjon på den omsøkte
utbygginga.
Krystallklar
Konklusjonen er krystallklar. Staten sin forlenga arm i
det administrative apparatet
ber den same Staten seia nei
til Staten sitt fremste verkty
på vassdragsutbygging.
Statsaksjeselskapet Statkraft har søkt om å få overføra alle dei åtte breelvane
som på vestsida av dalføret
drenerer
til
Jostedøla.
Planen er å klippe dei av
oppe i dalsida og overføra dei
til ein utvida Tunsbergdalsdam.
Damtoppen
Men også det siste set Fylkesmannen foten ned for.
Han seier at ei heving av
Tunsbergdalsdamen vil vera
i konflikt med allmenne
interesser. Dei tyngste innvendingane
blir
likevel
mobiliserte på verknaden av
å klippa elvane på 540 meter,
for å samla opp vatnet og føra
det i tunnel til kraftverket i
Leirdalen.
Sumeffekten
Dei negative konsekvensane
er for store, seier Fylkes-
Sogn Avis, 9.11.2011
mannen,
og
markerer
indirekte at Jostedalen har
tolt nok.
Det heiter: «...sumeffekten
av all vassdragsutbygging i
Jostedalen, utbygginga det
no er søkt om og ei eventuell
utbygging av Vigdøla, vil gje
store negative konsekvensar
for
biologisk
mangfald,
verneverdiar,
landskapsomsyn og friluftsinteresser.»
Lokal motstand
Fylkesmannen har også
merka seg den lokale motstanden i dalføret.
Statkraft har også søkt om
ei ytterlegare utbygging i
Vigdøla. Fylkesmannen har i
denne omgangen ikkje gjeve
fråsegn om denne delen av
Statkraft sine planar. Det
heiter at Fylkesmannen vil
gje
eiga
fråsegn
til
sistnemnde søknad.
SEIER NEI: Fylkesmannen viser
til kva Jostedalen representerer
på nasjonale verdiar og konkluderer med eit klart nei til Statkraft sine planar om å henta
meir kraft frå åtte urørde elvar.
Biletet viser Røykjedøla som
kjem ned i Krundalen og er ein
av dei åtte elvane.