HUMØRLAGET IF KLYPETUSSEN 30 ÅR! IF Klypetussen er eit idrettslag, og kva er då meir naturleg enn å feira med eit jubileumsløp? Fleire løp enn år Trongjo Opp går for 47. gong måndag 2. april på sjølve jubileumsdagen. Dei fyrste åra var det to Trongjo Opp kvart år. Eitt testløp og eitt kvalifiseringsløp til Holmenkollstafetten. Difor fleire løp enn år klubben har eksistert. Garderobar, vaflar, saft og kaffi på Sævareid Før og etter løpet vil garderobane på Sævareid skule vera opne for omkledning og dusjing. Her vert det og sal av vaflar, saft og kaffi og trekking av premiar på startnummer. Løyperekordar har: Kvinner: Britt Randi Stokkevåg med 7.57 Menn: Erling Askeland 6.26 Fin asfaltert veg Løypa er litt omlagt og noko tyngre på slutten enn då rekordane vart sette, men dette er dei beste tidene uansett. Løypa startar nede på Frette ved Stordalsvatnet og er flatt dei fyrste 115 metrane. Deretter godt 1500 m i nydelege svingar opp Trongabrekko til Lauareidsvingen ved E-134. Heile løypa er asfaltert. Stigninga opp Trongabrekko er 8%. Symbolsk startavgift og trekking av premiar Alle arrangementa: Trongjo Opp, Trongjo Ned og Bjørkeklubben Over har hatt kr 20 i startpengar i mange, mange år. Trekking av premiar etter løpet høyrer alltid med. Same startavgift i tur og løpsklassen og same mogelegheit til premie. Men i løpsklassen vankar det litt ekstra om ein set løyperekord. Det plar vera om lag 55 deltakar i snitt. Alle løp har turklasse der ein kan starta 30 minutt før løpsklassen. Einar Gisle Sellevold
© Copyright 2024