Festspelavisa 2015 lavare - Ivar Aasen

Annonsebilag
Illustrasjonar: Astrid Runde Saxegaard og Ulf Verner Carlsson
Volda og Ørsta 25.–28. juni 2015
festspela.no
#festspela 2 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
Velkomen til festspel
Kva passar vel betre enn å invitere til festspel «når liene grønka som
hagar, når det laver av blomar på strå, og når netter er ljose som
dagar» slik Ivar Aasen skriv i diktet «Nordmannen»? Diktet er nok
best kjent som songen «Mellom bakkar og berg», ein sikker vinnar som allsong. Allsong er uttrykk for tillit og fellesskap, og til
årets festspel har vi fått laga ein flunkande ny allsong. Teksten er
av sunnmøringen Hilde Myklebust og tonen av Lars Bremnes frå
nord.
Tillit er årets festspeltema, men å seie at tillit er ekstra viktig i år,
er ikkje heilt rett. For tillit er alltid viktig, for alle, kvar dag. Festspeldagane ønskjer vi mellom anna å finne ut av kva den nynorske samtidslitteraturen kan seie oss om tillit. Til det får vi hjelp av
festspeldiktaren Gunnhild Øyehaug og fleire andre forfattarar. Og
vi har utfordra kunstnaren Astrid Runde Saxegaard til å skape ei
utstilling der ho utforskar årets tema.
Det talte og skrivne språket, litteraturen, musikken og kunsten er
som utømelege kjelder til det levande livet og erfaringar om levd
liv – kjelder vi alle kan ause av. Til årets festspel har vi sett saman
eit program der dette kjem til uttrykk gjennom samtalar, foredrag,
opplesingar, utstillingar og konsertar.
I det sommargrøne landskapet, som Ivar Aasen skreiv så kjært
om, byd Festspela på store opplevingar kvar festspeldag, både innandørs og utandørs i Ivar Aasen-tunet og mange andre stader i
Ørsta og Volda. Det er berre å ause! Velkomen skal du vere!
Helsing frå
ministeren
Det er med glede eg helsar Dei
nynorske festspela i dette 24. festivalåret.
Også i år vil programmet gje
publikum opplevingar frå fleire
kunst- og kulturfelt. Eg vil takke
Nynorsk kultursentrum for at dei
gjev publikum eit kulturbad av
dette slaget.
Det tikkar òg mot eit kvart
hundre år med nett denne feiringa
av den nynorske skriftkulturen.
Nynorsk er eit mål dei færraste er
likesæle til. Det er både på godt
og vondt, men syter for stendig
merksemd rundt eit språk som
gjer kulturen vår rikare.
I år er tillit festivaltema. Heile
historia til danninga og utviklinga
av det nynorske språket er tufta på
tillit til språklege røynsler i heile
landet. Desse Festspela er bygd på
tillit til at språket lagrar kunnskap
om oss sjølve som vi kan lære av.
Alle språk inneheld kontraktar
mellom folk: ”Eit ord er eit ord”,
seier vi. Tillit og språk er lim i
samfunnet. Det er store ord, men
utan tillit og språk, bryt sivilisasjonen saman.
Thorhild Widvey
kulturminister
(foto: Ilja C. Hendel)
Mangfaldet av møteplassar for
kunst og kultur er derimot eigna
til å skape nye erfaringar og kontraktar mellom folk. Derfor er dei
så viktige.
Med dette ynskjer eg god feiring
og hyggelege festivaldagar til alle!
Frå ein Aasen
til ein annan
Programmagasin
Dei nynorske festspela 2015
Utgivar: Nynorsk kultursentrum
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda
Tlf. 70 04 75 70 • Faks 70 04 75 71
www.festspela.no • www.aasentunet.no • [email protected]
Ansvarleg redaktør: Ottar Grepstad
Redaktør: Laila Walseth Lid
I redaksjonen: Kjerstin Gjengedal, Åshild Widerøe, Laila Walseth Lid,
Gaute Øvereng og Anders Aanes
Produksjon: Aarflots Prenteverk AS ved Rune Hauge Aarflot
Trykk: Sunnmørsposten/Polaris Trykk Ålesund
Opplag 33 000, av dette 32 000 som innstikk i Sunnmørsposten 11. juni.
Miljømerka trykksak
Polaris Trykk Ålesund 241 791
Dei nynorske festspela blir i år
arrangert for 24. gong, ein vital og
vågal ung vaksen festival som har
funne sin plass i det mangfaldige
kulturlivet som Møre og Romsdal
byr på. I løpet av fire dagar, midt
i den ljosaste sommartida, samlast vi kring språket og ordet. Dei
nynorske festspela set i år fokus på
tillit, eit tema som passar ein ung
vaksen festival.
Som ungdommar flest er Dei
nynorske festspela intense, og som
besøkande til festivalen skal du ha
god kulturell kondisjon for å ikkje
gå glipp av noko. Variasjonen er
stor, frå konsertar med mellom
andre Kirsten Bråten Berg, Lars
Bremnes og Stig Ulv, frukostmøter med festivaldiktar Gunnhild
Øyehaug, prisutdelingar, platekåseri, fjelltur, friluftsgudsteneste og
sykkelritt, film, festivalutstilling og
forfattarsamtalar.
Jon Aasen
fylkesordførar
Det er ikkje mykje teikn på
kulturell husmannsånd i Volda
og Ørsta, og avslutningsvis vil ein
Aasen helse ein annan Aasen lykke
til med festivalen.
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 3
Velkomne til
Volda og Ørsta!
Det er også i år ei stor glede for
ordførarane i Volda og Ørsta
å ynskje alle velkomne til
kommunane våre i samband med
Dei nynorske festspela.
Vi er stolte av å vere vertskap for
dei årlege Festspela. Tillit er tema
dette året. Dette er eit spennande
utgangspunkt for eit variert program som vi trur vekkjer mange si
interesse.
Ivar Aasen-tunet er eit nasjonalt
senter for nynorsk formidling, ein
attraktiv møteplass og ei vakker
ramme for arrangementet også
dette året.
Vi ynskjer frivillige, arrangørar,
artistar og publikum hjarteleg
velkomne til Dei nynorske festspela
i 2015!
Arild Iversen
ordførar i Volda
Rune Hovde
ordførar i Ørsta
Der kveding og jazz møtest
Samarbeidet mellom kvedaren Kirsten
Bråten Berg og jazzbassisten Arild
Andersen strekkjer seg 25 år tilbake i tid.
Torsdag under Festspela held dei konsert i Uteamfiet.
Kirsten Bråten Berg starta musikkarrieren som
visesongar, og byrja ikkje å framføre folkemusikk før ho var vaksen. Heile vegen har ho
blanda folkemusikken med andre sjangrar, og
nyttar gjerne ornamenteringa frå folkemusikken også når ho syng viser eller moderne
musikk. Då ho flytta til Setesdal tileigna ho
seg folkemusikkarven derifrå. Det var stev og
folketonar frå Setesdal som var grunnlaget
for det første samarbeidsprosjektet med Arild
Andersen, verket Sagn, som vart laga som
tingingsverk til Vossajazz. Her fekk tradisjonsmusikken nykomponert tonefølgje framført av
jazzmusikarar.
– Då vi seinare utvikla samarbeidet med
prosjektet Arv, som byggjer på Grieg sine
komposisjonar, måtte vi på ein måte jobbe
motsett. Eg kan jo ikkje notar og har først og
fremst lært frå lydopptak. Eg fekk innspelt
noteteikningane som Grieg nytta, han hadde
Arild Andersen (pressefoto)
Kirsten Bråten Berg (foto: Marit Simonstad Kvaale)
folk som reiste ikring og noterte ned folketonar
for han, men det var ukjent materiale for meg,
for han heldt seg mest i andre delar av landet.
Så plukka eg ut 20 melodiar som eg tykte passa
best til min stil, og deretter måtte eg gjere
musikken om til kveding, fortel Bråten Berg.
I Uteamfiet denne kvelden blir det smakebitar
frå både Sagn og Arv, men også frå viseplatene.
– Plata Syng du mi røyst inneheld mykje
nykomponert stoff. På ei seinare viseplate,
Songen, byrja eg å arbeide med nynorske tradisjonstekstar. Vi kjem nok innom dette også på
konserten, seier Berg.
Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen har
med seg Hans Mathisen, Bendik Hofseth og
Paolo Vinaccia på scena.
Gjest på scena er Lars Bremnes. Han har
samarbeidd med Bråten Berg ved fleire høve. I
Uteamfiet får vi høyre songen «Slak line», meir
kjend som «Stolpesko», der Bremnes har sett
melodi til ein tekst av Kjartan Fløgstad.
Bremnes har eigen konsert på Målbar seinare same kveld.
Torsdag 25. juni
21.00–22.30
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Kirsten Bråten Berg
og Arild Andersen
Kr 375 i amfiet / 350 / student,
ungdom og barn 200 / familie 950
4 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
Tett på tankane
Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug let
seg fasinere av korleis vi menneske ofte
forvekslar vår eiga tolking av verda med
sanning. Det er noko av det ho prøver å
utforske gjennom litteraturen.
i for store herreskjorter, og Øyehaug har jobba
med manuset parallelt med romanskrivinga.
Det har vore vanskeleg, men lærerikt.
– Mange har sagt at å lese Vente, blinke er
som å lese ein film, og det er kanskje fordi
romanen leikar med filmverkemiddel og
filmklisjéar. Eg trur også eg skriv visuelt, i alle
– Eg har ein regel om å ikkje ete under interfall får eg ofte høyre at språket mitt framkallar
vju, seier Gunnhild Øyehaug medan ho deler
bilete hos den som les. Men det er ikkje bilete
ein scones i to og smører syltetøy på.
som let seg direkte overføre til film.
Regelen skriv seg frå ein gong ho åt salat
Difor har ho måtta jobbe seg gjennom stofunder eit intervju med ei svensk avis, og
fet heilt på nytt. Mellom anna har ho skrive
etterpå fekk gleda av å lese slikt som «seier
inn ein ny rollefigur, Agnes, som jobbar på
Øyehaug medan ho forsyner seg glupsk av sala- trelastlager, men eigentleg er forfattar med
ten». Men no er ho svolten, så regelen lyt vike.
skrivesperre på førtiandre året. Personane til
– Det får heller vere greitt at du nemner det. Øyehaug har gjerne ei eller anna sperre. Dei er
«Seier Øyehaug medan ho et scones med sylte- forknytte, nervøse og manglar sjølvtillit. Som
tøy». Men sconesane her er verkeleg gode, altså. lesar kjenner ein seg att i dei og får samtidig
lyst til å skrike at dei skal ta seg saman. Sjølv
Skriv for å forstå
vart ho glad då ho høyrde at temaet for årets
Svolten kan ho saktens vere, for den siste tida
festspel er Tillit.
har vore travel for festspeldiktaren. Ho kom
– Tekstane mine handlar ofte om det, spesimed ny roman, Undis Brekke, i fjor haust og
elt mangel på tillit, til seg sjølv og til omverda.
med film i vår. Den første romanen hennar,
Eg tenkjer av og til på noko Amalie Skram sa,
Vente, blinke frå 2008, vart til filmen Kvinner
at med skrivinga si ønskte ho å hjelpe folk til
å forstå kvarandre betre og døme kvarandre
mildare. Det er ein ambisjon eg kan forstå.
Festspeldiktarar
2010 – 2014
Forløysande teori
Ho interesserer seg for kontrasten mellom det
2010 Rønnaug Kleiva
dei nervøse og overtenkjande karakterane hen2011 Bjørn Sortland
nar lengtar etter, og det dei opplever.
2012 Arne Moslåtten
– Og korleis dei på same tid klamrar seg til
2013Lars Petter Sveen, Guri Sørumgård
det dei faktisk har. Eg trur dei fleste kan oppBotheim og Sigrid Sørumgård
leve ein slik konflikt mellom det ein tenkjer
Botheim
ein skal vere, og det som hindrar ein i å bli det,
2014 Agnes Ravatn
både i ein sjølv og i omverda. Og i det feltet ligg
både tragedie og komedie snublande nært!
Tekstane hennar innheld dessutan lag på lag
med litteratur. Ikkje berre er teksten litteratur
i seg sjølv, men personane er ofte opptekne av
litteratur, dei nyttar litteratur til å tenkje på
verda, dei diskuterer litteraturteori, dei studerer litteratur eller underviser i det, slik hovudpersonen i Undis Brekke gjer.
– Er du aldri redd for at så mykje teoretisering om litteratur kan skape eit lukka univers
kring det du skriv?
– Ikkje i det heile. Det tenkjer eg aldri på.
Det eg tenkjer på er kva teksten skal bli. Ein
dårleg tekst er lukka og ekskluderande, ein god
tekst opnar seg. For min del er litterturvitskapen snarare ei hjelp til å skape, han gjer at det
opnar seg så mange ting eg kan leike med i
teksten.
Ho nemner novella Blanchot sklir under ei
bru i novellesamlinga Knutar frå 2004. I denne
novella står den franske litteraturteoretikaren
Maurice Blanchot i husværet sitt i trusa og
oppdagar at det er haust.
– Teoretikarane blir ofte berre namn, store,
litt skremmande namn. Barthes. Foucault.
Blanchot. Det var noko av det eg ønskte å leike
med i denne teksten, å konkretisere, og kroppsleggjere. Den handlar ikkje om litteraturteori,
men om ei litt merkeleg oppleving «Blanchot»
har heime i stova si. Eg er framleis veldig nøgd
med den teksten.
Språkleik
Språket hennar blir karakterisert som leikande,
morosamt, absurd og realistisk – gjerne alt
innanfor same milelange setning.
– Måten din å skrive nynorsk på, slår lik-
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 5
som beina under argumenta til dei av oss som
framhevar det enkle, konkrete og aktive som
nynorsken sin store styrke.
Øyehaug ler.
– For min del er den store styrken til nynorsk
at det gir meg sjansen til å skrive setningar. Så
enkelt er det. Eg har alltid vore skeptisk til idéar
om kva som er bra med nynorsk eller bokmål,
og spesielt det med at nynorsk kling så vakkert, at det er eit så poetisk språk. Lite irriterer
meg meir enn når bokmeldarar må påpeike at
«boken er skrevet på vakkert nynorsk».
Ho fortel at ho eingong las ei dansk melding av Vente, blinke, der meldaren påsto at det
nynorske språket var eit politisk val, at Øyehaug
dreiv ein språkpolitisk kampanje med boka.
– For meg er nynorsk berre det språket eg
vaks opp med. Det er først når ein blir eldre at
ein forstår at det er mogleg å velje majoritetsspråket og dermed sleppe billegare unna. Men
sjølv greier eg ikkje å tenkje viss eg skriv på
bokmål. Setningane mine fell frå kvarandre.
Gunnhild Øyehaug er etter alt å døme ei av
dei heldige som både har hatt ein draum om å
bli forfattar frå ho var lita, og i tillegg har hatt
evnene og arbeidsviljen til å drive draumen
gjennom. Eller sagt på ein annan måte: Kritikkane har vore gode. Blir ho nokon gong redd
for å ikkje greie å leve opp til seg sjølv?
– Nei. Ein må berre lage seg eit rom der ein
kan gjere det ein vil. Eg skriv om det som interesserer meg og som eg ikkje kan relatere meg
til på andre måtar enn ved å skrive. Altså, eg er
jo ikkje upåverka. Eg blir glad av god kritikk og
sur av dårleg. Men så må ein viske ut lydane frå
bokhausten og setje seg ned og starte på nytt.
Gunnhild Øyehaug:
F
ødd 9. januar 1975 i Volda, oppvaksen i Ørsta
og no busett i Bergen
l
F
orfattar, kritikar, omsetjar og skrivelærar ved
Skrivekunstakademiet i Hordaland
l
D
ebuterte i 1998 med diktsamlinga Slaven av
blåbæret
l
H
ar skrive både dikt, essay, noveller, romanar
og filmmanus
l
H
ar mellom anna fått Nynorsk litteraturpris,
Sultprisen og Doblougprisen
l
E
r festspeldiktar ved Dei nynorske festspela
2015
l
(begge foto: Kjerstin Gjengedal)
Her møter du festspeldiktaren
Torsdag 25. juni
Fredag 26. juni
18.00–19.15
Salen, Ivar Aasen-tunet
Opningshøgtid
09.00–10.30
Kafeen, Ivar Aasen-tunet
Frukost i tunet
19.20
Gamletunet, Ivar Aasen-tunet
Blomar ved bauta:
Ivar Aasen-bautaen
13.30–14.30
Salen, Ivar Aasen-tunet
Litteratur med Landro:
festspeldiktar Gunnhild
Øyehaug
17.00–18.00
Rokken, Volda
Ein får tru det ein vil
21.00–22.30
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Litterær gullrekkje
Søndag 28. juni
Laurdag 27. juni
14.30–15.15
Salen, Ivar Aasen-tunet
Meir enn ny språkdrakt
12.00–12.45
Møre folkehøgskule
Eg-et i romanen
16.00–17.30
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Aasen-stemnet 2015
14.00–16.30
Ørsta kulturhus
Kvinner i for store herreskjorter
Når bok blir film
6 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
Fredagskveld med litterær
gullrekkje
Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug får
selskap av tre tidlegare festspeldiktarar og
ein ung poet og romandebutant når ho
entrar Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet fredag
26. juni. Lars Amund Vaage, Brit Bildøen,
Bjørn Sortland og Kristina Leganger Iversen har alle skrive litteratur der omgrepet
tillit mellom menneske blir utforska.
– Tillit er alle avhengige av kvar dag i kontakt
med andre menneske, men det er ikkje uvanleg
at tilliten manglar eller blir broten. Kva kan den
nynorske samtidslitteraturen seie oss om dette
temaet, spør programansvarleg Åshild Widerøe.
Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug utleverer dei
inste tankane til dei litterære karakterane sine. Ho
skriv i eit leikent språk om tema som elles blir oppfatta som tabu å snakke om. Øyehaug har ein allsidig litterær produksjon som femner om dikt, essay,
noveller og romanar, i tillegg til at ho har gjendikta
lyrikk frå andre språk. Ho fekk sitt store gjennombrot i 2008 med romanen Vente, blinke, som filmen
Kvinner i for store herreskjorter er basert på. Gunnhild Øyehaug vaks opp i Ørsta og bur i Bergen.
Lars Amund Vaage har skrive fleire romanar
i tillegg til diktsamlingar, barnebøker og skodespel. Det er først og fremst som prosaforfattar
for vaksne han har fått merksemd, med tekstar
som søkjer innover mot det personlege og ekte.
Lars Amund Vaage skildrar med stor presisjon,
men også med humor. Vaage er tildelt ei rekkje
prisar, og i 2012 fekk han mellom anna Brageprisen for romanen Syngja, ein djupt personleg
roman om livet med ei autistisk dotter.
Brit Bildøen fekk P2-lyttarane sin romanpris
2014 for romanen Sju dagar i august. Ho har ei
ironisk og feministisk vinkling på emna ho tek
opp, som oftast gjeld samliv og kjønnsroller.
Som forfattar går ho gjerne inn på tidsaktuelle
tema, som det er skrive lite om skjønnlitterært.
I bøkene til Bjørn Sortland er kunst, kjærleik, tru og kriminaldidaktikk sentrale emne, og
hovudpersonane i bøkene hans er ofte litt annleis
enn andre kring dei. Sortland skriv med underfundig humor og er ein prislønt og produktiv
forfattar av barne- og ungdomsbøker. Han skriv
på både nynorsk og bokmål og har gitt ut meir
enn 40 bøker sidan byrjinga av 1990-talet.
Kristina Leganger Iversen gav ut sin første
roman i vår, I ringane, der omgrepet tillit er
sentralt. Ho debuterte i 2011, 22 år gammal,
med diktsamlinga Hjartemekanikk. Kristina
Leganger Iversen har gått på Litterär Gestaltning i Gøteborg.
Samtaleleiar er Mariann Schjeide, til dagleg
leiar i Norsk bibliotekforening.
Fredag 26. juni
21.00–22.30
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Litterær gullrekkje
Kr 200 / student og ungdom 150
Brit Bildøen (foto: Linda Cartridge)
Gunmhild Øyehaug (foto: Rolf M. Ågård)
Lars Amund Vaage (foto: Hans Jørgen Brun)
Kristina Leganger Iversen (foto: Tale Hendnes)
Mariann Schjeide (foto: Norsk bibliotekforening)
Bjørn Sortland (foto: Janne Solgaard)
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 7
D.D.E. inviterer til festspelfest
D.D.E. har ord på seg for å
vere kongane av laurdagskvelden. Førehandssalet til konserten er ei god stadfesting av
påstanden.
Etter meir enn tjue år viser populariteten til bandet ingen teikn til å
skrante, og turné-energien er like
stor som alltid.
– Vi har akkurat plukka ut dei
låtane vi skal spele under årets
sommarturné. Det blir sjølvsagt
kjende og kjære D.D.E.-låtar som
publikum forventar at vi spelar og
kjenner seg snytt om dei ikkje får
høyre. Men vi trur vi har nokre
overraskingar på lur også, seier
trommis i bandet, Eskil Brøndbo.
D.D.E. er bandet som har sett
gråe hår i hovudet på musikalske
betrevitarar over heile landet, utan
at det har plaga dei. Dei er både
utskjelde og hylla, men først og
fremst viser oppmøtet på konsertane deira at dei treffer folk med
musikken sin.
– Vi likar godt å spele på små
stader og det har blitt mange gode
minne frå slike konsertar opp
gjennom åra, seier Brøndbo.
Gruppa har etter kvart gitt ut 13
eigne album, det siste med tittelen
Energi frå 2012. Dei er blitt repre-
D.D.E. (foto: Lasse Berre)
sentantar for ein folkeleg, trøndersk dialektrock med tekstar som
mange kjenner seg att i. Det kjem
mellom anna til uttrykk ved at
songane deira er mykje nytta både
i bryllaup og gravferder.
Brøndbo fortel at dei er medvitne
om korleis dei nyttar dialekten.
– Folk er nyfikne på det språk-
lege, det kjem stadig folk og spør
kva dei eine eller andre ordet
tyder. Det hender vi brukar litt
rare uttrykk med vilje, for å krydre
språket, seier han.
Gløym ikkje å få med deg
samtalen med tekstforfattaren
av «Vinsjan på kaia», Idar Lind, i
Salen rett før konserten.
Frå visebølgje til sogespel
Når D.D.E. framfører «Vinsjan på kaia», er det Idar Lind
sine ord dei syng. Laurdag
kveld kan du høyre Lind
snakke om eit mangfaldig liv
og karriere i songtekstbransjen.
Idar Lind er kanskje mest kjend
som forfattar av krim- og fantasyromanar, men gjennom heile
karrieren har han også vore aktiv
i musikklivet. Då Dagsavisen i
høve nasjonaldagen i fjor kåra dei
20 beste låtane om Noreg, hamna
«Vinsjan på kaia» heilt på toppen
av lista. Det var knapt til å unngå
at tittelen også måtte bli tittelen
på boka frå i fjor der Lind oppsummerer meir enn førti år som
songtekstsforfattar.
– Boka spenner over ulike tema
eg har jobba med i musikklivet.
Her prøver eg å formidle eigne
erfaringar og synspunkt på ulike
sider ved denne bransjen, fortel
Lind om boka.
Boka inneheld songtekstar frå
heile karrieren hans, side om side
med tekstar som fortel om samanhengen songane er skrivne innanfor. Lind fortel om den såkalla
visebølgja på 70-talet, om revytradisjonen med utgangspunkt i
erfaringar frå Studentsamfunnet
i Trondheim, om populærmusikk
og om teater. På vegen sveiper han
innom arbeidsvilkår for musikkskaparar, og han trekk trådar frå
radikale musikkteater i 70-åra og
fram til notidas speltradisjon.
Laurdag 27. juni
19.30–20.00
Salen, Ivar Aasen-tunet
Vinsjan på kaia
Kr 120 /
student og ungdom 70
Idar Lind (foto: Samlaget)
Laurdag 27. juni
21.00–22.30
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
D.D.E.
med Bjarne Brøndbo
Kr 395 i amfiet / 375 /
student, ungdom og barn
200 / familie 990
8 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
Opning med urframføringar
Eit festpynta tun, nyskrivne
tekstar og prisutdeling ventar
dei som har vore heldige å
skaffe seg billett til den tradisjonelle Opningshøgtida i
Salen torsdag ettermiddag.
Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Kulturdepartementet
held opningstalen for Dei nynorske festspela 2015. Når Festspela
er høgtideleg opna, får vi møte
festspeldiktar Gunnhild Øyehaug
,som les ein heilt nyskriven tekst.
Øyehaug vedgår at det blir
spesielt å lese heime på Sunnmøre, der publikum deler hennar
eigen kulturelle bakgrunn. – Det
er annleis å lese for «dei næraste».
Det blir spesielt på mange måtar,
seier ho.
Torsdag 25. juni
18.00–19.15
Salen, Ivar Aasen-tunet
Opningshøgtid
Kr 150 /
student, ungdom kr 100
Prisen Årets nynorskbrukar går
til kunsthistorikar og forfattar
Jorunn Veiteberg, som tek imot
prisen på Opningshøgtida. Veiteberg er svært glad for at prisen
anerkjenner verdien av nynorsk på
kunstfeltet, eit fagområde som lett
kan bli prega av ein innforstått og
ekskluderande sjargong. Veiteberg
er oppteken av å utvikle eit godt
norsk fagspråk til å snakke om
kunst. Det er 15. gongen Nynorsk
kultursentrum kårar Årets
nynorskbrukar, og første gong
prisen går til ein aktør innanfor
visuell kunst.
Som ein forsmak på konserten i
Uteamfiet seinare på kvelden, skal
Kirsten Bråten Berg framføre eit
stev. Vi får også høyre Lars Bremnes syngje den heilt nye festspelsongen, som han og lyrikar Hilde
Myklebust har spesialskrive til
Festspela i år.
Programleiar er Lars Ivar Nordal, til dagleg reporter i Kulturnytt
på NRK P2. Frå Salen går vi ut
i Gamletunet. Der blir det allsong av «Dei gamle fjelli» etter at
festspeldiktaren har lagt ned krans
ved Ivar Aasen-bautaen.
Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag
(foto: Kulturdepartementet, Ilja C. Hendel)
Lars Bremnes
(foto: Harriet M. Olsen)
Lars Ivar Nordal
(foto: Nicolas du Pasquier)
Kunsten å vere nynorskbrukar
For Årets nynorskbrukar,
kunsthistorikar og kurator
Jorunn Veiteberg, har det
alltid vore viktig å kritisere
den ekskluderande kunstsjargongen. Under Festspela blir
vi betre kjende med henne.
– No når eg er meir etablert som
skribent og forskar, får eg ikkje
lenger så mange reaksjonar på at
eg er nynorskbrukar. Men tidlegare
merka eg godt eit press i retning av
å skifte til bokmål. Det lærte meg at
eg aldri kunne trivast på ein arbeidsplass med eit så snevert syn på
språkleg mangfald, seier Veiteberg.
Gjennom karrieren har ho forska
på og skrive om visuell kunst og
kunsthandverk. Ho har undervist,
sett saman og organisert utstillingar og vore tidsskriftredaktør, helst
på nynorsk. Det har ho oftast vore
åleine om på sitt fagomåde.
Torsdag 25. juni
20.00–20.30
Salen, Ivar Aasen-tunet
Årets nynorskbrukar 2015
Kr 120 /
student og ungdom 70
– Eg måtte innsjå at eg berre må
ta den støyten det er å bli oppfatta
som bakstreversk og bondsk og
slikt som folk trur følgjer med å
vere nynorskbrukar. Samstundes
har det vore ei kolossal utvikling
i min generasjon. Det ser ein på
mediemangfaldet og ein generelt
høgare toleranse for dialektbruk
og ulike språkuttrykk, seier ho.
På Festspela skal Veiteberg samtale
med forfattar Bjørn Sortland, som
har gitt ut fleire bøker der kunst
og kunstformidling står sentralt. i
2011 fekk han Aschehoug-prisen for
måten han koplar litteratur og biletkunst på. – Så eg reknar med vi finn
endå fleire kontaktpunkt enn berre
nynorsken, seier Veiteberg.
Årets
nynorskbrukar
2010–2014
2010 Maria Parr
2011 Linda Sæbø
2012 Ingvild Bryn
og Arill Riise
2013Gunnar Skirbekk
2014Aasmund og Odd
Nordstoga
Årets nynorskbrukar 2015, Jorunn Veitberg. (foto: Peter Claesson)
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 9
Musikalsk Fosse-tolking
på Aasen-stemnet
– Eg synest det er forferdeleg
vanskeleg å forklare kvifor
det er så fantastisk å jobbe
med Jon Fosses tekstar. Men
det er noko av det beste eg
veit. Det kan eg seie.
Desse orda kjem frå skodespelar
Anne Marit Jacobsen, som saman
med Helge Lien og Ruth Wilhelmine Meyer får æra av å avslutte
Dei nynorske festspela 2015 med
poesikonserten Stein til stein.
– Vi ville ikkje at musikken
skulle vere eit bakteppe, men heller vevast i hop med teksten, jamstilt, fortalde pianist Helge Lien då
Stein til stein vart gitt ut på plate
Helge Lien, Anne Marit Jacobsen og Ruth Wilhelmine Meyer
i 2014. Saman med Jacobsen og
(foto: Ina Strøm)
Meyer har han laga framsyninga
tival i 2013 og har vore innom
som er basert på Jon Fosse si dikt- ut ei tradisjonell diktsamling.
Først måtte dei tre arbeide seg
Nationaltheatret og Jon Fossesamling med same namn, frå 2013.
dagane, før ho no kjem til Dei
Då var det ti år sidan sist Fosse gav fram til ei felles tolking av dikta,
nynorske festspela. Kan ein tenkje
og deretter gjere det same med
seg vakrare ramme enn Aasenmusikken, til dei stod att med
tunet for dikt med titlar som «Lata
ein
heilskap
av
meining,
klang
og
Søndag 28. juni
rytme, det sagde og det usagde.
regnet pusta», «Fjellet held anden»
16.00–17.30
eller «Ein stille vind»?
Stundom er det pianoet som er
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
i
sentrum,
stundom
vokalen
og
– Kvar gong eg les Jon Fosse får
Aasen-stemnet 2015
eg små glimt av innsikt. Men dei
stundom tekstane slik dei blir
Kr 200 / honnør 150 /
små glimta løftar oss opp på eit
lesne
av
skodespelar
Anne
Marit
student, ungdom
høgare plan og let oss sjå livet i ein
Jacobsen. Framsyninga hadde
og barn 100
litt annan farge. Det er som om
urpremiere under Oslo poesifes-
Arne Vinje (foto: Vinje kommune)
Fosse peikar ut det rare og store
for oss, så vi kan få auge på det
poetiske ved liva våre, seier songar
Ruth Wilhelmine Meyer.
Før konserten vil Arne Vinje,
ordførar i Vinje i Telemark, halde
stemnetalen. Vinje kommune og
Nynorsk kultursentrum arbeider
saman for eit nytt senter for dikting,
journalistikk og språkleg mangfald
i Vinje, heimstaden til forfattararen, journalisten og språkmannen
Aasmund Olavsson Vinje.
Den store samtalen om språk
Fredag ettermiddag inviterer
vi til debatt i Salen. Stikkorda
er språk og det offentlege
ordskiftet.
«Tal dialekt – skriv nynorsk» byrja
Noregs Mållag å oppmode i 1970åra. Medan det før var vanleg å
leggje vekt på dialekten når ein
flytta til byen, og heller prøve å
knote seg fram på noko som likna
eit normert talemål, er det få som
skjemst over å snakke dialekt i dag.
I dag er det også blitt meir vanleg
å bruke dialekt i skrift. Men kva
gjer dialektbruken med den normerte, skriftlege nynorsken? Mellom dei som skal diskutere dette
er Ola E. Bø, dramaturg ved Det
norske teatret, og Ragnhild Bjørge,
språksjef i NRK.
Det andre av dagens tema er
språkpolitikk i NRK. I desse tider
kjem stortingsmeldinga om NRK,
der regjeringa skal leggje fram sitt
syn på kva NRK sitt samfunns-
Ragnhild Bjørge
(foto: Anne Liv Ekroll)
Ola E. Bø (foto: Eigil Aasen)
oppdrag skal vere. I den samanhengen er NRK-plakaten, som
mellom anna seier at NRK skal
styrkje norsk språk, identitet og
kultur, oppe til debatt. Bør plakaten fjernast, eller snarare gjerast
meir omfattande enn i dag?
Den som skal halde styr på
debattantane er Håkon Haugsbø,
tidlegare programleiar i Brennpunkt og no kommunikasjonssjef
i Kirkens Nødhjelp.
Håkon Haugsbø (pressefoto)
Fredag 26. juni
15.00–16.30
Salen, Ivar Aasen-tunet
Køyr debatt!
Kr 120 /
student og ungdom 70
10 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
Åleine eller einsam?
Å vere utanfor fellesskapen
kan vere både smertefullt og
frigjerande. Marit Kaldhol
har skrive om begge delar i
forfattarskapen sin.
– Eg er interessert i skilnaden
mellom å vere einsam og å vere
åleine. Mykje av det eg har skrive,
handlar også om å ikkje bli sett,
eller å bere på ein lengt eller ei
sorg, seier Kaldhol.
Kjensla av utanforskap kjem
til uttrykk på ulike måtar i dei
to romanane Zweet og Søkeord:
Ayotzintli, som er utgangspunktet for samtalen søndag. Kaldhol
trur litteraturen har ei viktig rolle
Søndag 28. juni
13.00–13.45
Salen, Ivar Aasen-tunet
Z utanfor
Kr 120 /
student og ungdom 70
i å trengje inn i denne kjensla og
halde henne fram for oss, nettopp
fordi dette er eksistensielle spørsmål som vi alle vil kome borti i ei
eller anna form.
– Eg likar ikkje å seie at litteratur har ei oppgåve, men gjennom
litteraturen kan ein gjere emosjonelle erfaringar og få innsikt,
utan at ein nødvendigvis treng å
bli dratt gjennom alt saman sjølv.
I alle fall er det slik eg les, eg vil
bli utfordra. Og eg skriv om desse
tinga fordi eg meiner eg har noko
å seie om det, fortel ho.
Marit Kaldhol (foto: Øyvind Eide)
Nynorsk som fagspråk i minneforedraget
Er nynorsk eit godt verktøy
til å skrive fagtekstar? Pernille
Fiskerstrand er stipendiat
ved Nynorsksenteret og vil
snakke om forskinga si på
nynorsk som fagspråk i årets
Ivar Aasen-minneforedrag.
Fiskerstrand studerer fagtekstar i
samfunnsfag, skrivne av yrkeselevar med nynorsk som hovudmål. Ho fortel at nynorskelevar
møter andre utfordringar enn
bokmålselevar, fordi det knapt
finst fagkjelder på nynorsk.
Nynorskelevane er dermed
nøydde til å bruke bokmålskjelder
som grunnlag for fagtekstane sine.
– Når eg analyserer desse
elevtekstane, ser eg at dei skriv
konkret og personorientert. Dei
veit ikkje heilt korleis ein fagtekst
skal vere. Mitt utgangspunkt er at
elevar får lite konkret hjelp til å
Fredag 26. juni
10.30–11.15
Salen, Ivar Aasen-tunet
Ivar Aasen-minneforedraget
Kr 120 /
student og ungdom 70
lære kva for ord og omgrep som
skaper ein fagtekst, til skilnad frå
ei forteljing, seier Fiskerstrand.
Ho valde å arbeide med yrkeselevar fordi tekst ofte ikkje er deira
sterkaste side. Medan praktisk
kunnskap tidlegare kunne vege opp
for det, krev det moderne samfunnet at ein meistrar tekst i mange
fleire samanhengar enn før. Ho ser
på korleis elevane overfører uttrykk
frå kjeldene til sine eigne tekstar,
noko som kan vere vanskeleg fordi
dei manglar språklege førebilete.
– Det blir gjerne sett på som
eit hinder, men eg vil hevde at det
ikkje treng å vere det. Når ein jobbar med kjelder på eit anna språk,
må ein tenkje over språket i tillegg
til innhaldet i det ein skriv, og det
er vist at ein då kan lære innhaldet
betre. Bokmålselevar treng ikkje
arbeide språkleg, dei kan berre
reprodusere dei same termane dei
les i kjeldene, seier ho.
Ho vil også nyansere det kjende
rådet om at ein skal unngå passivformer på nynorsk.
– Det er noko mange legg vekt
på. Men i fagspråk kan passivformer vere eit verktøy som gjer det
mogleg å snakke om fenomen, og
ikkje om aktørar, hevdar Fiskerstrand.
Pernille Fiskerstrand (foto: Kib & Morits)
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 11
Frå tekst til bilete
I vår kom filmen Kvinner i
for store herreskjorter, basert
på romanen Vente, blinke
av festspeldiktar Gunnhild
Øyehaug. Laurdag kan du sjå
filmen på Ørsta kulturhus,
etterfølgt av ein samtale om
kva som skjer i overgangen
frå bok til film.
Dei som har lese boka, veit at den
litt kryptiske tittelen Kvinner i for
store herreskjorter viser til karakteren Sigrid sin låge toleranse for
klisjéar. Spesielt mislikar ho alle
kvinnene på film som tassar berrføtte omkring på rustikke tregolv
iført ei for stor herreskjorte, for å
oppfylle ei mannleg forventing om
femininitet, nusselegheit og sårbarheit. Ein treng ikkje ha kome
lenger enn til grunnkurset i historieforteljing, og knapt nok det,
for å skjøne at Sigrid sjølv kjem til
å ende opp heime hos ein mann,
ikledd ei for stor herreskjorte.
Øyehaug skreiv sjølv manuset til
filmen saman med regissør Yngvild Sve Flikke. Men det var ikkje
berre å overføre historia, scene for
scene, til lerretet, trass i at romanen er svært visuelt fortald, nesten
som om vi følgjer karakterane
med eit kamera.
– Eg vil tru at omlag 20 prosent
av romanen er blitt med i filmen.
Mellom anna har eg skrive inn ein
heilt ny karakter, Agnes, som ikkje
er med i boka, fortel Øyehaug.
– Det som er spennande med
film, er at ein har tilgang til verkemiddel og forteljargrep, som til
dømes musikk, som ein ikkje kan
bruke i romanforma.
Etter filmvisinga samtalar
Yngvild Sve Flikke og Gunnhild
Øyehaug med kulturjournalist i
Klassekampen, Guri Kulås.
Laurdag 27. juni
14.00–16.30
Ørsta kulturhus
Kvinner i for store
herreskjorter
Kr 150 for film og samtale /
student og ungdom 100
Filmplakaten
Kven er «eg»?
Kva er det som skjer i litteraturen når forfattarar skriv inn
eit «eg» i romanane sine? Lars
Amund Vaage og Gunnhild
Øyehaug prøver å gi svar på
Møre folkehøgskule laurdag.
Lars Amund Vaage brukte sitt eige
liv til å skape litteratur då han
skreiv romanen Syngja, om livet
med ei autistisk dotter. I eit intervju
med Aftenbladet i 2013 seier Vaage
at han «ville skrive litterært, noe
som innebærer å gjenskape følelser.
Jeg ønsket å vise hvordan det kan
være inne i et autistisk sinn».
Då festspeldiktar Gunnhild
Øyehaug skreiv den siste romanen
sin, Undis Brekke, gjekk mykje av
arbeidet ut på å prøve å skrive i egform. Det tykkjer ho er vanskeleg.
– Tekstane mine startar ofte i
eg-form, men så buttar det imot
etter nokre få sider, og då går eg
over til tredje person. Eg vil jo
gjerne sjå personane mine utanfrå
også, vil gjerne tillate meg å gå inn
Gunnhild Øyehaug
(foto: Aasen-tunet)
Lars Amund Vaage
(foto: Hans Jørgen Brun)
og ut av forteljinga. No ville eg
sjå om eg klarte å skrive ein heil
roman med dei grensene som egforma set, fortel ho.
Men eg-et i romanen handlar
også om den sterke tendensen til
at forfattarar brukar sitt eige liv i
romanane sine.
– Det morosame er at Øyehaug
har skrive ein roman om eit «eg»
som kjem tilbake til Ørsta og
Volda, og no kjem ho sjølv tilbake
som festspeldiktar. Ho leikar og
fabulerer rundt dette eg-et, og leikar dermed også med lesaren, seier
litteraturkritikar Tom Egil Hverven, som skal leie samtalen.
Tom Egil Hverven
(foto: Linda Engelberth)
Laurdag 27. juni
12.00–12.45
Møre folkehøgskule
Eg-et i romanen
Kr 120 /
student og ungdom 70
12 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
Josteins Fets store verk og nye bok
Folk flest på 1700-talet kan
takke Jostein Fet for at dei
ikkje lenger blir omtalte som
dei ukunnige analfabetane
ein lenge trudde dei var. Det
blir boklansering, bokutstilling og samtale om historisk
kultur- og åndsliv laurdag.
Kulturhistorikaren og litteraturvitaren Jostein Fet har i 40 år dokumentert lese-, skrive- og spelekunna hos folk flest på Sunnmøre
og andre stader frå 1600-talet. I den
nye boka Den gløymde litteraturen
tek han for seg 609 gamle bøker
som har vore i privat eige på Sunnmøre. Det tek til med ei lærebok i
skriving frå Zürich i 1549 og endar
med Daniel Defoes spennande
Laurdag 27. juni
13.30–14.15
Salen, Ivar Aasen-tunet
Jostein Fet – forteljar
og grøftegravar
Kr 120 /
student og ungdom 70
Sverre Tusvik
(foto: Tove K. Breistein)
historie om Robinson Crusoe. Folk
kunne lese, og aller mest las dei
religiøs litteratur og salmar.
– Boka gir eit oversyn og ein
analyse av den litteraturen som
lenge var den einaste folk på bygdene las, men som i dag er gløymd
og stuva bort. I litteraturhistoriene
er denne litteraturen nesten ikkje
nemnd i det heile, endå han fylte
tankelivet til allmugen gjennom
fleire hundre år, seier Jostein Fet.
Han har også arbeidd mykje
med folkemusikk og samla mange
tradisjonstonar. I boka står difor
religiøse folketonar side om side
med folkelesnaden.
Sverre Tusvik frå Samlaget presenterer Den gløymde litteraturen.
Ottar Grepstad har skrive eit forord i boka og samtalar med Jostein
Fet om dette einmannseventyret i
norsk kulturforsking.
– Vi kjem til å svinge oss mellom bøkene på kistebotnar og dei
verdsbileta folk kunne hente frå
bøkene dei las. Der er nokre spørsmål eg lenge har tenkt at nokon
må stille Jostein Fet. No skal eg
nytte høvet, seier Grepstad.
Ottar Grepstad
(foto: Lars O. Flydal)
Jostein Fet (foto: Aasen-tunet)
Skrift og nasjonalisme i Europa
Då Noreg fekk sine to skriftutvikling. Høyr meir om Eurospråk på 1800-talet, var det
pas nye skriftspråk i Aasenslett ikkje ei unik hending, men tunet laurdag ettermiddag.
ein del av ei større europeisk
Laurdag 27. juni
15.00–15.45
Salen, Ivar Aasen-tunet
Nya skriftspråk i Europa
under 1800-talet
Kr 120 /
student og ungdom 70
– Det var mange land i Europa som
ikkje hadde skriftspråk på 1800talet, men som hadde fått det ved
overgangen til 1900-talet, seier Tore
Janson, professor emeritus i lingvistikk ved Stockholms universitet.
– Ein treng ikkje gå lenger enn
til Finland. Då Finland gjekk frå å
vere ein del av Sverige til å bli eit
storfyrstedøme under Russland
på byrjinga av 1800-talet, vart det
finske skriftspråket utvikla og teke
i bruk.
Utviklinga av nye skriftspråk
hang i hop med den nasjonalistiske bølgja som vaska over
Europa på 1800-talet. Nye statar
vart danna, og nasjonalismen
som ideologi kravde at desse nye
statane skulle vere basert på ein
nasjon som delte kultur og språk.
Dette var nye tankar den gongen.
Tore Janson
(foto: Allan Seppa SNS)
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 13
Gjenbruk på nye måtar
Kunstnar Astrid Runde Saxegaard kjem frå Volda, men
har ikkje hatt utstilling i
heimtraktene før. Det blir det
endeleg ei ordning på når ho
no står for årets festspelutstilling.
– Eg har reflektert rundt temaet
Tillit og prøvd å forstå kva det er
og kva eg kan gjere med det. Eg
har skaffa meg ein del gamle og
kasserte tekstilar som golvteppe
frå IKEA, gamle åkle og slikt, som
eg eksperimenterer med og flyttar rundt på, syr i hop og tek frå
kvarandre, seier Saxegaard litt
heseblesande på telefon frå atelieret i Oslo, der ho er i fullt arbeid
med utstillinga.
Saxegaard er utdanna i tekstilkunst ved Statens håndverks- og
kunstindustriskole, og har ei rekkje utstillingar bak seg, både soloog gruppeutstillingar. Med sin
måte å kombinere ulike materiale
på har ho funne eit kunstuttrykk
som fornyar tekstilkunsten og
utnyttar mediet på nye måtar.
– Eg prøver på eit vis å skape
nytt liv av desse gamle, kasserte
tinga. Dei må få rom til å leve og
puste, seier ho. Framleis veit ho
Astrid Runde Saxegaard (foto: Arnfinn Tønnesen)
ikkje heilt kva form utstillinga i
Aasen-tunet vil få. – Eg kjem nok
til å flytte rundt på delane fram til
siste augneblink.
Runde Saxegaard har, saman
med grafikar Ulf Verner Carlsson,
laga motivet til festspelplakaten i år
og ei serie tilhøyrande motiv.
Torsdag 25. juni
19.30-19.45
Galleriet, Ivar Aasen-tunet
Opning av festspelutstillinga 2015
Gratis under Festspela
Omsetjing eller gjendikting
Når ein tekst skal omsetjast,
er det ofte fleire typar
meiningar å ta omsyn til.
Kva skal vere viktigast?
Blir vi nokon gong blir ferdige
med å diskutere skilnaden på
omsetjing og gjendikting?
Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug
har omsett lyrikk frå fransk,
svensk og engelsk og prøver etter
eige utsegn å unngå å gjendikte.
– Men ein vil alltid støyte på ord
eller uttrykk som ikkje får same
tyding om ein omset det ordrett til
norsk, seier ho.
Odd Goksøyr har nyleg gitt ut
det første av to band med gjendiktingar av Robert Bly sin lyrikk, til
svært gode kritikkar. Han fortel
at han oftast går fleire rundar
Søndag 28. juni
14.30-15.15
Salen, Ivar Aasen-tunet
Meir enn ny språkdrakt
Kr 120 /
student og ungdom 70
Gunhild Øyehaug
(foto: Rolf M. Aagaard)
Tom Egil Hverven
(foto: Linda Engelberth)
Odd Goksøyr
(pressefoto)
med dikta, først ei grovomsetjing
der han må bli viss på at han har
forstått diktet rett, og om teksten
opnar for meir enn éi tyding. Deretter gjendiktar han for å passe det
inn i den forma det skal ha.
– Bly nyttar ei før-arabisk
verseform med strenge reglar for
stavingar og linjer i versa, men han
berre hintar til desse reglane og
held seg fritt til dei, så det har eg
også kunna gjere, fortel han.
Øyehaug og Goksøyr møtest til
samtale med litteraturkritikar Tom
Egil Hverven.
Ny norsk
verdsborgar?
handlenett.no
14 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
Spelar med lånte fjør
Ei musikalsk hylling til den
grasiøse svana, den utdøydde
dronten og den runde vesle
dompapen. Når folkemusikkgruppa Majorstuen går
på scena i Salen fredag kveld,
står fuglane i sentrum.
Majorstuen har i femten år vore ein
fornyar av folkemusikken med sine
komposisjonar basert på tradisjonell
slåttemusikk. Dagens fem medlemmar er alle felespelarar, men trakterer også andre instrument etter som
musikken krev det. Verket Kvitre er
det første tingingsverket deira, og
vart laga til Førde internasjonale folkemusikkfestival i 2013. I vår kom
det ut på plate, og no får publikum
sjansen til å høyre det under Festspela. Men kvifor akkurat fuglar?
– Det var noko fleire av oss var
interesserte i. I tillegg har det vore
eit skikkeleg oppsving i fugleinteressa der ute. Ei bok om fuglesong
med lydprøver gjekk rett inn på
bestseljarlista for eit par år sidan.
Mange tykkjer det er artig å kjenne
dei att og vite forskjell på dei, seier
felespelar Jorun Marie Kvernberg.
Fuglar er dessutan eit vanleg
tema i folkemusikken. Ikkje berre
lagar fuglane musikk, men songen
ligg godt til rette for imitasjon og
inspirasjon i eit lyst instrument
som fela. I Kvitre har medlemmane
fordelt komponeringa seg i mellom,
men det er ikkje berre fuglesongen
som har vore inspirasjonskjelde.
Majorstuen (foto: Marius Beck Dahle)
– Vi har prøvd å karakterisere
fuglane på ulikt vis, gjennom song,
mytestoff og veremåte. Korpen
har ord på seg for å vere klok, men
også rampete. Eller han kan assosierast med Hugin og Munin, Odin
sine auge ute i verda. Om svana
heiter det at ho syng ein siste vak-
ker song rett før ho døyr. Lunden
ser rar og klønete ut og verkar som
han berre krasjar tilfeldig inn i
fuglefjellet, men han treff alltid sitt
eige reir, seier Kvernberg.
Fuglane blir presenterte med
animasjonsfilmar undervegs i
konserten.
Fredag 26. juni
19.00–20.00
Salen, Ivar Aasen-tunet
Majorstuen. Kvitre
Kr 250 / honnør, student
og ungdom 200 / barn 150
Gjensyn med jubileumsframsyning
Laurdag ettermiddag inviterer Ørsta kyrkje til ei musikalsk reise gjennom 150 år
med kyrkjehistorie.
Ørsta kyrkje feira 150-årsjubileum
i fjor, og no blir det eit nytt høve
til å få med seg den spesialskrivne
jubileumsframsyninga Høyr kor
kyrkjeklokka lokkar. Framsyninga er
eit syngjespel som tek deg med gjennom kyrkjas liv og historie. På reisa
møter vi mellom andre diktarpresten Anders Hovden og bonden og
salmediktaren Berte Kanutte Aarflot. Vi følgjer også tvillingparet Sara
og Magdalena gjennom livet med
sine store gleder og djupe sorger,
som alle er ramma inn av kyrkjelege
ritual og fellesskap.
– Vi nyttar éin salme av Berte
Kanutte Aarflot og éin av Anders
Hovden, men elles er alt nyskrive,
seier kantor Marie Austrheim Riise.
Ho har komponert musikken til
tekstane som er skrivne av Jan Ove
Ulstein. Riise dirigerer også alle
kora, solistane og musikarane, om
lag 100 i alt, som er med å framføre spelet. Gjennom syngjespelet
ønskjer vi å gjere levande den andelege og kulturelle arven som Ørsta
kyrkje er bærar av, og gi denne
arven vidare til nye generasjonar.
Denne framsyninga høver for både
små og store.
Vi er svært glade for å få lov til
å vise framsyninga ein gong til
under Festspela og vi ønskjer alle
hjarteleg velkomne, seier Riise.
Laurdag 27. juni
17.00–18.30 Ørsta kyrkje
Høyr kor kyrkjeklokka
lokkar
Kr 250 / barn 100
(foto: Møre-Nytt)
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 15
Volda Elektriske Mylne AS
Tlf. - 70 05 55 10 1
Fax - 70 05 55 11
Hamnegt. 16
Pb.104
6100 Volda
Førsteklasses produkt til dine bakverk
Produksjonsmåten er unik og tufta på gamle tradisjonar, dette skaper eit miljøvennleg og økologisk produkt. Når
du opnar ein pakke mjøl frå oss vil du få ei annleis kjensle. Dufta av ekstra grovt mjøl gir lovnad om ei smaksoppleving utanom det vanlege. Besøk vår nettside for bestilling, meir informasjon, oppskrifter og mykje meir.
www.mylna.no
Platetørka havregryn
Ertemjøl
Valsa bygg
Havremjøl
Valsa rug
Vi ønskjer festspeldiktar Gunnhild Øyehaug,
Vi ønskjer
utøvarar
og
publikum
velkomne til
festspeldiktaren Arne Moslåtten
Dei nynorske
festspela
2015til
utøvarar
og publikum
velkomne
DEI NYNORSKE FESTSPELA 2012
Bokstavsommaren
www.nynorsksenteret.no/bokstavsommaren
Erna Osland og Inger Lise Belsvik har på oppdrag frå Nynorsksenteret
og Lesesenteret laga ei gjennomillustrert samling med tekstar for alle
bokstavane i alfabetet. I Bokstavsommaren møter borna mellom anna
ærfugl, eremittkreps, ålekvabbe og o-skjel – og bokstavane deira.
På www.nynorsksenteret.no/bokstavsommaren ligg alle tekstane gratis
tilgjengeleg til utskrift eller lesing på skjerm.
Ørsta kommune
Volda kommune
www.volda.kommune.no
NyNorskseNteret
Foto: Per Eide / Racer
www.orsta.kommune.no
FRÅ TINDAR TIL DEG
STRAUM, TELEFONI, INTERNETT OG DIGITAL-TV. ALT FRÅ SAME KJELDE.
Gjennom fleire tiår har Tussa forvalta noko av det vakraste som finst rundt oss, vatnet frå tindane våre. Nettopp dette
har gitt oss kraft til å skape det du treng for å bruke dei forskjellige produkta i kvardagen din.
Vi haustar vatnet, og tek det frå tindar til deg.
16 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
Dei nynorske f
Torsdag 25. juni
Fredag 26. juni
10.00 Ivar Aasen-statuen, Ørsta
Blomar ved bauta:
Ivar Aasen-statuen
Gaute Øvereng, dagleg leiar Ivar Aasentunet
09.00–10.30 Kafeen, Ivar Aasen-tunet
Frukost i tunet
Festspeldiktaren les
I samarbeid med Kontaktpunktet
Kr 100 for frukost
18.00–19.15 Salen, Ivar Aasen-tunet
Opningshøgtid
Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug
Opningstale: statssekretær Bjørgulv Vinje
Borgundvaag
Utdeling av prisen Årets nynorskbrukar
Kirsten Bråten Berg, Lars Bremnes
Programleiar: Lars Ivar Nordal
Kr 150 / student og ungdom 100
09.00–09.30 Salen, Ivar Aasen-tunet
Tillit i matbransjen
Siri Helle om boka Handle rett
Kr 70 / student og ungdom 30
19.20 Gamletunet, Ivar Aasen-tunet
Blomar ved bauta:
Ivar Aasen-bautaen
Festspeldiktaren les og kransar
Ivar Aasen-bautaen
Allsong: «Dei gamle fjelli»
10.30–11.15 Salen, Ivar Aasen-tunet
Ivar Aasen-minneforedraget:
Godt språk i nynorske fagtekstar
Stipendiat Pernille Fiskerstrand
Kr 120 / student og ungdom 70
11.00–11.45 Volda omsorgssenter
Med røter på Sunnmøre
Skodespelar Kjersti Botn Sandal
John Inge Leira Bjøringsøy, piano
I samarbeid med Volda kommune
Gratis
19.30–19.45
Galleriet, Ivar Aasen-tunet
Festspelutstillinga 2015: Tillit?
Tekstilkunstnar Astrid Runde Saxegaard
Opning ved kunsthistorikar Jorunn Veiteberg
Gratis festspeldagane
Utstillinga står utover sommaren
11.00–11.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Zara og dei
Forfattar Bjørn Sortland les frå boka
Zara og dei. Gorillahjerne til middag
11.30–12.30 Utandørsaktivitetar
Høver best for born 3–7 år
Kr 50
20.00–20.30 Salen, Ivar Aasen-tunet
Årets nynorskbrukar 2015
Jorunn Veiteberg i samtale
med Bjørn Sortland
Kr 120 / student og ungdom 70
12.00–12.30
Fru Svendsen kunst- og kulturkafé, Ørsta
Kaffi, bokstaveleg talt
Forfattar Anna Kleiva
Kr 50 / ungdom 30
21.00–22.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Kirsten Bråten Berg
og Arild Andersen
Hans Mathisen, Bendik Hofseth
og Paolo Vinaccia
Gjest: Lars Bremnes
Kr 375 i amfiet / 350 / student,
ungdom og barn 200 / familie 950
12.00–12.30 Kantina på Furene AS, Volda
Kaffi, bokstaveleg talt
Forfattar Øystein Orten
Gratis
23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta
Målbar
23.30–00.15
Lars Bremnes
Kr 150
12.00–12.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Medietimen
Utdeling av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar ved juryleiar Håkon
Haugsbø
Knut Aastad Bråten
Arrangør: NRK Nynorsk mediesenter
Gratis
13.30–14.30 Salen, Ivar Aasen-tunet
Litteratur med Landro:
festspeldiktar Gunnhild Øyehaug
Samtale med Jan H. Landro
Skodespelar Kjersti Botn Sandal les
Kr 120 / student og ungdom 70
15.00–16.30 Salen, Ivar Aasen-tunet
Køyr debatt!
Kvar vart det av skriftspråket nynorsk?
Kva bør NRK-plakaten seie om språkpolitikk?
Debattleiar Håkon Haugsbø
Kr 120 / student og ungdom 70
17.00–18.00 Basisutstillinga, Ivar Aasen-tunet
Lyntreff
17.00 Om Ivar Aasen
Formidlar Liv Astrid Skåre Langnes
17.20 Om reklamespråk
Dokumentasjonsleiar Anders Aanes
17.40 Forfattar på utstilling
Dagleg leiar Gaute Øvereng
Gratis
17.00–18.00 Rokken, Volda
Ein får tru det ein vil
Kåring av vinnaren av skrivekonkurransen i
samarbeid med Sunnmørsposten
Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug
Bendik Hustadnes, Jon Olav Sandal
Kr 50
19.00–20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet
Majorstuen. Kvitre
Jorun Marie Kvernberg,
Anders Löfberg, Tove Hagen, Synnøve S.
Bjørset og Bjørn Kåre Odde
Tingingsverk til Førde internasjonale folkemusikkfestival 2013
Kr 250 / honnør, student og ungdom 200 /
barn 150
21.00–22.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Litterær gullrekkje
Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug, Lars
Amund Vaage, Brit Bildøen, Bjørn Sortland
og Kristina Leganger Iversen
Programleiar Mariann Schjeide
Kr 200 / student og ungdom 150
23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta
Målbar
23.30–00.15
B.R.U.S.
Platekåseri med Olav Hove og samlaren
Arild Torvund Olsen
Kr 100
Opningstider
i Ivar Aasen-tunet
Torsdag 25. juni 10.00–24.00
Fredag 26. juni 09.00–24.00
Laurdag 27. juni 10.00–24.00
Søndag 28. juni 10.00–18.00
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 17
festspela 2015
Søndag 28. juni
Laurdag 27. juni
11.00–11.45 Ørsta folkebibliotek
Festspelbøker for born
Aktivitetar og og aktuelle bøker
Ingunn Røyset med boka
Dei et ikkje sjokoladepålegg
i krigen
Høver for born 8–12 år
I samarbeid med Ørsta folkebibliotek,
Nynorsksenteret, Mangschou, Samlaget
og Skald forlag
Gratis
12.00–12.45 Møre folkehøgskule
Eg-et i romanen
Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug
og Lars Amund Vaage
Samtaleleiar: Tom Egil Hverven
Kr 120 / student og ungdom 70
12.00– Ørsta sentrum
Festspel i sentrum
Forfattar Arne Henning Årskaug
Samarbeid med Ørsta næringskontor,
Handelsstanden i Gågata og Amfi
12.00– Uppheimsparken og Volda
sentrum
Festspel i sentrum
Forfattar Arne Henning Årskaug
Samarbeid med Volda næringsforum,
Volda handelsforening, Spinneriet
og Frivilligsentralen i Volda
13.30–14.15 Salen, Ivar Aasen-tunet
Jostein Fet
– forteljar og grøftegravar
Sverre Tusvik presenterer Jostein Fets
siste bok Den gløymde litteraturen
Jostein Fet samtalar med Ottar Grepstad
I samarbeid med Det Norske Samlaget
Kr 120 / student og ungdom 70
Billettar
www.ebillett.no - 70 04 75 84
Rabattar
Ev. honnør, studentbillettar eller
Kultur-rabatt for ungdom er
oppført spesielt.
14.00–16.30 Ørsta kulturhus
Kvinner i for store herreskjorter
Film basert på boka Vente, blinke av
Gunnhild Øyehaug
Når bok blir film
Gunnhild Øyehaug og Yngvild Sve
Flikke samtalar med Guri Kulås
Kr 150 for film og samtale / student
og ungdom 100
9.30–11.00
Anders Hovden-bautaen i Hovdebygda
Til fots over Åsen
Per Halse fortel om Anders Hovden før vi går til Ivar
Aasen-tunet
Turleiar: Einar Flø
NB! Ulendt terreng, hugs gode sko!
Arrangør: Hovdebygda soge- og velferdslag
15.00–15.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Nya skriftspråk i Europa under
1800-talet
Foredrag ved Tore Janson, Institutionen
för lingvistik, Stockholms universitet
Kr 120 / student og ungdom 70
11.00–12.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Festspelgudsteneste i det fri
Preike: Irmelin Grimstad Bonden
Liturg: Arne Moltubak
Kantor: Marie Austrheim Riise
Forfattar Marit Kaldhol tek del
Arrangør: Ørsta sokneråd i samarbeid med Volda
sokneråd
17.00–18.30 Ørsta kyrkje
Høyr kor kyrkjeklokka lokkar
Syngjespel laga til Ørsta kyrkje sitt
150-jubileum i 2014
Kr 250 / barn 100
Arrangør: Ørsta sokneråd
19.30–20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet
Vinsjan på kaia
Samtale med tekstforfattar
og dramatikar Idar Lind
Kr 120 / student og ungdom 70
21.00–22.30
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
D.D.E. med Bjarne Brøndbo
Bjarne Brøndbo, Eskil Brøndbo,
Daniel Viken, Bård Jørgen Iversen,
Eivind Berre og Arnt Egil Rånes
Kr 395 i amfiet / 375 / student,
ungdom og barn 200 / familie 990
23.00–02.00
Møre folkehøgskule, Ørsta
Målbar
23.30–00.15
Stig Ulv
Kr 100
12.00–17.00
Kafeen og Jostein Nerbøvik-plassen, Ivar Aasen-tunet
Kyrkjekaffi og søndagskafé
12.00 og 13.00 Ved Hovden møbel
Hovderittet
Sjå informasjon www.orstask.no
Arrangør: Ørsta sykkelklubb
13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Z utanfor
Samtale med forfattar Marit Kaldhol
Kr 120 / student og ungdom 70
14.30–15.15 Salen, Ivar Aasen-tunet
Meir enn ny språkdrakt
Gunnhild Øyehaug og Odd Goksøyr om gjendikting
Samtaleleiar: Tom Egil Hverven
Kr 120 / student og ungdom 70
16.00–17.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Aasen-stemnet 2015
Stemnetale: Arne Vinje, ordførar i Vinje i Telemark
Stein til stein. Ein poesikonsert
Bygd på diktsamlinga Stein til Stein av Jon Fosse
Anne Marit Jacobsen, Ruth Wilhelmine Meyer og
Helge Lien
Kr 200 / honnør 150 / student,
ungdom og barn 100
Festspelpass kr 1450
Gir tilgjenge til alle festspelarrangement. NB: Også publikum med festspelpass må tinge plass på førehand
til arrangement i lokale med avgrensa
plass, t.d. Salen i Ivar Aasen-tunet.
Ungdomsprisane er støtta av
ordninga Kulturrabatt for ungdom
Med atterhald om endringar
18 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
Jan Zahl får nynorskpris for
journalistar
Journalist i Stavanger Aftenblad, Jan Zahl, får Kulturdepartementets nynorskpris for
journalistar for 2015. – Jan
Zahl skriv stilsikkert og godt,
med brodd og vidd, i tvisyntradisjonen etter Aasmund
Olavsson Vinje. Zahl held
nynorsken i hevd i eit område
av landet der engelsk og bokmål vinn terreng, heiter det i
grunngjevinga til juryen.
– Det er enormt stas å få denne
prisen. Eg vart ekstra glad for å
høyra at juryen meiner eg står i
tvisyn-tradisjonen etter Vinje. Der
kjenner eg meg heime. Elles trur
eg ikkje eg er så lett å plassera. Eg
har blitt skulda både for å vere
venstrevridd og høgrevridd i kommentarane mine. Men sånn er det
altså å leva i tvisynet, seier Zahl.
Jan Zahl er kulturjournalist og
kommentator i Stavanger Aftenblad. Det har han vore sidan 2007.
Før det var han journalist i Dagbladet, Dagsavisen, TV 2 og redaktør i Forskarforum. Han har skrive
fleire bøker, mellom anna Kontroll
på kontinentet. Historia om Kaizers
Orchestra. Zahl har hovudfag i
samanliknande politikk og mellomfag i spansk.
– Nynorsk er språket mitt
Han reknar seg ikkje som målaktivist og kjenner seg ikkje i noka
offerrolle. Men han tykte det var
rart å koma heim att til Rogaland og få meir reaksjonar på at
han skreiv nynorsk i Stavanger
Aftenblad enn han fekk då han
Fredag 26. juni
12.00–12.45
Salen, Ivar Aasen-tunet
Medietimen
Gratis
Jan Zahl (foto: Kristian Jacobsen)
gjorde det i ulike media i Oslo. Det
er framleis dei som vil seie opp
Stavanger Aftenblad fordi det vert
skrive nynorsk i avisa.
– Forholdet mitt til nynorsk er
kvardagsleg og udramatisk. Det er
språket mitt. Eg snakkar som eg
gjer (frå Bryne på Jæren), og då
blir det eit logisk og naturleg val å
skriva nynorsk, seier Jan Zahl.
Vestlandskritisk ståstad
Sjølv meiner Zahl at han har eit
kritisk og rasjonelt utgangspunkt
når han skriv, heller enn ein ideologisk-politisk ståstad. – Kanskje
er det rett å seie at eg skriv frå ein
vestlandskritisk ståstad? Heile 88
prosent av oss bur utanfor Oslo,
men det verkar ikkje slik når vi
ser, høyrer og les nasjonale media.
Då er det både logisk og viktig at
me som bur utanfor ser kritisk på
makt, politikk, pengar og dagsorden. Det kan koma mykje god
journalistikk ut av det, seier Zahl.
Kulturdepartementets nynorskpris
for journalistar 2010–2014
2010 Astrid Brekken, NRK P2
2011 Njord V. Svendsen, Bergens
Tidende
2012 Katrine Sele, Firda, og
Hilde Sandvik, Bergens
Tidende
2013 Christian Wiik Gjerde,
NRK Super
2014 Ingunn Solheim, NRK
Håkon Haugsbø (pressefoto)
Knut Aastad Bråten (pressefoto)
Prisutdeling i Ørsta
Føremålet med Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i
media, og å ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er
eit føredøme for andre. Prisen er
på 50.000 kroner og eit kunstverk.
Leiaren for juryen, Håkon
Haugsbø, deler ut prisen i Aasentunet 26. juni under Dei nynorske
festspela. Haugsbø er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp
og har bakgrunn som journalist
i NRK. Med seg i juryen har han
forfattar og journalist i Dag og
Tid, Agnes Ravatn, og redaktør
Svend Arne Vee i Firdaposten.
Redaktøren i Syn og Segn,
Knut Aastad Bråten, underheld
med langeleik og kåseri, med rot
i kronikken hans i Aftenposten
12.02.15: «Eg er ikkje dialekta mi,
men fyrst og fremst alt anna».
Nynorsk mediesenter
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 19
Kultur for alle
Kultur for alle
Eit aktivt kulturliv gir oss eit rikare
miljø.
Til dette
treng
ildsjeler
som
Kultur
for
alle
Eit
aktivt
kulturliv
girvioss
eit rikare
ELLE mELLE
Gunnhild Øyehaug
D.D.E
Kultur for alle
Kultur for alle
Kultur for alle
skaperTilengasjement.
Sparebanken
miljø.
dette treng vi ildsjeler
som
Møre
er
ein
del
av
dette
og
skaper
Sparebanken
Eit aktivtengasjement.
kulturliv gir oss
eit støttar
rikare
difor
aktivitetar
i heile
fylket.
Møre
er
del
av dette
og støttar
miljø.kulturelle
Til ein
dette
treng
vi ildsjeler
som
difor
kulturelle
aktivitetar Sparebanken
i heile fylket.
skaper
engasjement.
Møre er ein del av dette og støttar
difor kulturelle aktivitetar i heile fylket.
Gunnhild Øyehaug, forfattar,
litteraturkritikar, lærar ved
Skrivekunstakademiet i
Hordaland og aktør i det
offentlege rom. Øyehaug
er festspeldiktar under Dei
nynorske festspela i 2015.
Treng du overnatting/
festlokale i Ørsta ?
Skal du arrangere slektsstemne,
bryllaup, konfirmasjon
eller liknande?
Vi har gode lokaler!
Møre Folkehøgskule er sommarhotell frå 15. mai til 15. aug.
Nyt jacuzzien på terrassa
Serveringsbevilling
For meir info:
www.mf-sommarhotell.no
Kontakttlf: 70 04 19 99 - 481 18 525
Les meir på www.allkunne.no
Ivar Aasen
Jorunn Veiteberg
Jorunn Veiteberg, kunsthistorikar, dr.philos. og forfattar
av ei rekkje bøker og artiklar om
kunst og kunstnarar. Veiteberg
er kåra til Årets nynorskbrukar
2015.
Les meir på www.allkunne.no
Sparing
No kan du spare litt kvar
gong du brukar kortet
Slit du med å få til sparing?- Då kan
mikrosparing kanskje gjere det lettare.
Med mikrosparing sparar du kvar gong du brukar kortet ditt. Det er så
enkelt at du knapt merkar det!
Du vel sjølv kor mykje du vil spare kvar gong du brukar kortet.
Du vel sjølv kva konto sparebeløpet skal settast inn på.
Mikrospar setter du enkelt opp i mobilbanken eller nettbanken.
www.sparebanken.no
20 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
Lesestund med lukkeleg slutt
Kva veit vi eigentleg om Zara
og dei? Ikkje så mykje, men
kjem du til Uteamfiet fredag
formiddag, kan du få vite
meir.
Zara og dei: Gorillahjerne til middag er første boka i ein planlagt
serie biletbøker for barn i barnehagealder. Det er forfattar Bjørn
Sortland som står bak idé og tekst,
og teikningane er laga av Elisabeth
Moseng. Boka handlar om Zara og
dei, ein familie som alle veit at det
er eitt eller anna rart med – men
kva, eigentleg?
– Dei har veldig lett for å blø
naseblod og dei bur i ei campingvogn. Det går ei mengd rykte
om dei, som at dei stel ungar og
et gorillahjerne til middag, men
desse rykta viser seg etter kvart å
ikkje å stemme heilt, fortel Sortland.
Fredag 26. juni
11.00–11.30
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Zara og dei
11.30–12.30
Utandørsaktivitetar
Høver best for born 3–7 år
Kr 50
Bjørn Sortland
(foto: Kjerstin Gjengedal)
I ein større samanheng kan ein
seie at boka handlar om kva vi ser
når vi ser folk som er litt annleis.
Veit vi eigentleg kven tiggarane frå
Romania er, når vi skreller vekk
rykta og historiene om dei?
Boka er nesten basert på ei sann
historie, frå den gongen Sortland
greidde å lure nokon til å tru at
blomkålen han laga suppe av,
eigentleg var apehjerne. Det med
naseblodet har også rot i røyndomen.
– Det er veldig upraktisk om ein
byrjar blø naseblod kvar gong ein
blir litt nervøs eller oppspilt. Folk
blir redde.
Omslaget på boka Zara og dei
Målet med serien er å skrive
gode «lese-om-att»-bøker. Sortland meiner mange biletbøker,
gjerne kritikarroste og fine, har for
mykje tekst og for lite historie.
– Eg har ein del slike på samvitet sjølv. No ville eg skrive noko
som barn tykkjer er spennande,
Med Hovden på kyrkjeveg
Søndag kan du førebu deg
til festspelgudstenesta med å
gå i fotspora til Anders Hovden frå Hovden-bautaen til
Aasen-tunet.
Diktarpresten Anders Hovden er
i dag mest kjend for salmane sine.
Kva er vel 17. mai utan «Fagert
er landet»? Hovden vart fødd i
Hovdebygda i Ørsta og var sterkt
engasjert i målsaka både i studietida i Oslo og i arbeidet sitt som
prest ulike stader i landet.
– Han var nært knytt til heimbygda, reiste gjerne dit og skreiv
mange barndoms- og naturskildringar med utgangspunkt i heimstaden, seier teolog og rektor ved
Høgskulen i Volda, Per Halse. Han
vil gi ei kort innføring i Anders
Hovden sitt liv og virke før vi legg
ut på turen over Åsen.
– På Hovdens tid var det klyngjetun der bautaen no står. Eg har
høyrd at då dei gravde ut funda-
ment for bauten, trefte dei gruva i
stova der han var fødd, seier Halse.
Hovden skreiv mange bøker
i alle slags sjangrar, både lyrikk,
forteljingar for born, romanar og
skodespel. Den viktigaste utgivinga hans er nok likevel Nynorsk
salmebok, der han var medredaktør og dessutan sjølv sto for kring
200 originale og gjendikta salmar.
Turleiar Einar Flø viser veg frå
Anders Hovden-bautaen i Ytrehovden, over Hovdeåsen, til Ivar
Aasen-tunet i Indrehovden. Vel
framme i Aasen-tunet kan dei som
ønskjer ta del i gudstenesta og
kyrkjekaffien.
Søndag 28. juni
09.30–11.00
Anders Hovden-bautaen
i Hovdebygda
Til fots over Åsen
Ulendt terreng, hugs gode
sko!
Gratis
og som er kort nok til at foreldra
ikkje kvier seg for å lese boka om
att, seier han.
– Og eg lovar at det går superbra til slutt!
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 21
Leik og lesing på biblioteket
Laurdag formiddag opnar
Ørsta folkebibliotek dørene
inn til den nynorske barnelitteraturen!
Tenk deg at du ein dag brått vart
sendt tilbake i tida, til året 1945
då Noreg var i krig med Tyskland.
Korleis ville det ha vore? Korleis
oppfører folk seg mot kvarandre
når det er krig? Kva ville du ha sett
og høyrt, kva for klede ville du
gått med, og kva ville du fått å ete?
Laurdag 27. juni
11.00–11.45
Ørsta folkebibliotek
Festspelbøker for born
Konkurransar og leikar
Høver for born frå 8–12 år
I samarbeid med Ørsta folkebibliotek, Nynorsksenteret, Mangschou, Samlaget
og Skald forlag
Gratis
Frå Festspela 2014 (foto: Sunniva Lund Osdal)
I alle fall ikkje sjokoladepålegg!
Dette har forfattaren Ingunn
Røyset frå Ulstein skrive om i
boka Dei et ikkje sjokoladepålegg i
krigen. På biblioteket får du høyre
om denne og andre bøker. Her blir
det også oppgåver som må løysast
og konkurransar som skal vinnast.
Her blir det høve til å gjere seg
betre kjent i hyllene på biblioteket
Frukost i tunet
Mat og drikke lyt den ha som
skal halde seg på beina gjennom ein lang dag med festspelprogram.
Fredag 26. juni
09.00–10.30
Kafeen, Ivar Aasen-tunet
Frukost i tunet
Kr 100 for frukost
Tradisjonen tru inviterer Festspela
til frukost i Aasen-tunet fredag
morgon. Her serverer kaféleiar
Milan Ilic eit solid morgonmåltid der du også kan få med deg
smaksprøver frå ulike lokale matprodusentar. Edit Flakk vil fortelje
om sjokoladeproduksjonen sin.
Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug
les til morgonkaffien og agronom
og forfattar Siri Helle snakkar
om juks og tillit i matbransjen i
Handle rett
Ein ting vi alle har felles, er
at vi må ete for å leve. Men
å velje mat, er ikkje så enkelt
som før.
Siri Helle, agronom og fast skribent i Dag og Tid, har skrive boka
Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks, om den labyrinten
av informasjon, desinformasjon og
Fredag 26. juni
09.00–09.30
Salen, Ivar Aasen-tunet
Tillit i matbransjen
Kr 70 /
student og ungdom 30
etiske val vi må navigere oss gjennom kvar einaste gong vi går på
daglegvarebutikken.
Utvalet i butikkane er større enn
nokon gong, men det er også vanskelegare å vite kva maten inneheld.
Våre matval påverkar naturen,
klimaet og mattilgangen til folk
andre stader i verda, men akkurat
korleis, er ikkje lett å vite. Og kan
vi stole på at matprodusentane og
daglegvarebransjen vil oss vel, eller
er det best å vere mistenksam til det
motsette er bevist? Fredag morgon snakkar Siri Helle om desse
utfordringane. Vonleg går du ut litt
klokare enn du kom inn.
Siri Helle og tunvert Ingrid Opedal
(foto: Yvonne Wold)
Salen. Om det er litteratur eller
matproduksjon som opptek deg
mest, eller om du berre er ute etter
å stilne svolten på morgonkvisten,
er Aasen-tunet staden å vere.
Gunnhild Øyehaug
(foto: Kjerstin Gjengedal)
og sjå kva som finst der, og det blir
også aktivitetar utandørs. Kven
som stikk av med premiane står
att å sjå, men vi kan røpe så mykje
som at alle får bollar.
22 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
Kven vinn skrivekonkurransen?
Fredag ettermiddag på studenthuset Rokken i Volda vil
domen falle: Då får vi vite
kven som har vunne årets
skrivekonkurranse for ungdom.
Studenthuset Rokken er vanlegvis åstad for konsertar og diskotek, men dei siste åra har huset
også vore vertskap for eit heilt
spesielt litterært arrangement. I
år er tredje gongen at Festspela
og Sunnmørsposten inviterer til
skrivekonkurranse for ungdom
mellom 16 og 20 år. Konkurransen
vart første gong introdusert i samband med Språkåret i 2013, og har
vore på festspelprogrammet sidan.
Denne gongen er deltakarane
inviterte til å skrive noveller
inspirerte av temaet «Ein får tru
det ein vil», som igjen er inspirert
Fredag 26. juni
17.00–18.00
Rokken, Volda
Ein får tru det ein vil
Kr 50
av Ivar Aasen-ordtaket «Den som
ikkje trur det han ser, får tru det
han vil». Den kortare versjonen
som novellekonkurransen har
teke utgangspunkt i, kan tolkast i
mange ulike retningar. Kva er til
dømes tru, og kva er sanning? Kva
kan vi lite på her i verda? Og er det
no eigentleg heilt opp til oss sjølve
kva vi trur?
Tekstane blir vurderte av ein
jury som er leia av forfattar og
tidlegare festspeldiktar Bjørn Sortland. Han har sjølv meir enn 40
bøker på samvitet, både for barn,
ungdom og vaksne, og han skulle
difor vere vel rusta til leie juryen
gjennom den vanskelege prosessen
det er å kåre ein vinnar mellom
alle dei ulike tekstane. På Rokken
denne kvelden vil den heldige vinnaren bli kåra. Forfattaren av vinnarteksten vil få ein sjekk på 5000
kroner, og dei tre beste tekstane
kjem på trykk i Sunnmørsposten.
På programmet står også festspeldiktar Gunnhild Øyehaug, Jon
Olav Sandal og Bendik Hustadnes.
Sandal er frå Barstadvik og studerer no musikk i Kristiansand.
Han framfører eigenkomponerte
Bendik Hustadnes (foto: UKM)
songar. Trommeslagar Bendik
Hustadnes frå Volda er ein av fem
som skal representere Møre og
Romsdal under UKM-festivalen i
Trondheim i juni.
Store opplevingar på små flater
I det nye Olav H. Hauge-senteret i Ulvik kan du oppleva den store diktaren sitt liv og verk
og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser
Museumsbutikk / Lyrikkbibliotek / Poesiverkstad /
Aktivitetar for dei minste / Den grøne kafé
Tysdag til fredag
kl. 10–16
Laurdag og søndag kl. 11–17
Omvising for grupper etter avtale
haugesenteret.no
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 23
Gudsteneste i amfiet
Uteamfiet i Aasen-tunet
er ikkje berre den perfekte
ramma for konsertar, men
også for gudstenestefeiring.
Landsmålet var ikkje eit fullverdig
bruksspråk før det kunne nyttast
i religiøse samanhengar, og både
Ivar Aasen sjølv og sambygdingen,
diktarpresten Anders Hovden, var
sterkt engasjerte i arbeidet med å
skaffe folk nytestamente, salmar
og liturgi på landsmål. Det er sagt
at nynorsken vart sungen inn i
kyrkjene.
Årets preike er ved Irmelin
Grimstad Bonden frå Hareid, no
sokneprest i Vang i Hedmark.
Liturg er sokneprest i Ørsta, Arne
Moltubak. Forfattar Marit Kaldhol
medverkar under gudstenesta.
Søndag 28. juni
11.00–12.00
Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Festspelgudsteneste i det
fri
Arrangør: Ørsta sokneråd
i samarbeid med Volda
sokneråd
Irmelin Grimstad Bonden
Marit Kaldhol (foto: Øyvind Eide)
Festspel i sentrum
Det blir festspel både i Volda
og sentrum i år laurdag 27.
juni. Leikar, servering og
litteratur er berre nokre av
stikkorda for kva som skal
skje.
I Volda blir det ein ny vri i år, med
matservering i Uppheimsparken
og aktivitar i parken, i sentrum og
på Spinneriet.
Ørsta gjentek suksessen frå i fjor
med kunstutstilling i butikkvindauga i Gågata. Det er stor breidde
blant dei lokale kunstnarane som
skal stille ut i år og utstillinga
opnar torsdag 25. juni. Laurdag
føremiddag er det aktivitetar i
Gågata og litterært påfyll.
Forfattar Arne Henning
Årskaug les frå debutboka Utstyrstekstar både i Volda og Ørsta.
Festspel i sentrum er eit samarbeid med Volda næringsforum,
Volda læringssenter, Spinneriet,
Volda handelsforening, Ørsta
næringsforum, Handelsstanden i
Gågata og Amfi.
kumentarstudiet ved Høgskulen
i Volda. Reite fekk sjå bileta etter
eksamen og saman har dei laga
utstillinga, som festspelpublikummet no kan sjå. – Tove har laga
ein fantastisk tekst som skildrar
historia med vise ord, seier Indrearne, som oppmodar folk om å ta
turen til kafeen for å studere serien
og tenkje på bodskapen. – For meg
er det viktig at vi ser kvarandre i
kvardagane, at vi klarer å vere eit
medmenneske. Eg undrar meg
ofte over kva vi kan gjere i fellesskap for å hjelpe dei menneska
som slit psykisk, dei eldre som
ikkje har familie i nærleiken, ungdom som slit med å fullføre skulen, dei som kjenner seg einsame
sjølv om dei har menneske rundt
seg som ønskjer å vere tilstades,
men ikkje strekk til. Bileta i serien
handlar om eit møte mellom menneske, seier Indrearne i eit intervju
Frå fotoutstillinga (foto: Tonje Indrearne)
med Møre-Nytt.
Fotoutstilling
Fotografi av Tonje Sætre Indrearne
og dikt av Tove Stavem Reite har
blitt til ei hjartevarm utstilling om
møte mellom menneske. Denne
utstillinga opnar 25. juni på Fru
Svendsen, same dag som Festspela
opnar, og vil hengje i ei veke.
Det heile tok til med eksamensoppgåva til Indrearne ved fotodoLaurdag 27. juni
12.00–
Ørsta og Volda sentrum
Festspel i sentrum
Frå Festspela i Uppheimsparken i 2014 (foto: Møre)
24 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
DAG
OG
TID
M E IR P Å
NY N O R S K
TIL
FLEIRE
Alltid videre for å skape verdier på norsk sokkel
w w w.n pk .n o
Prøv DAG
OG TID
- den nynorske
vekeavisa for
kultur og
politikk
- gratis!
fotball
TV 2 får fotballmonopol i Noreg. | Side 8–9
fri vekeavis
for kultur
og politikk
a-avis
kommentar
Dei norske rettane til Premier League, her ved Arsenal og Chelsea, nærmar seg no NRK-lisensen i samla verdi. Foto: NTB scanpix
DAG OG TID
miljø | side 4–5
Farleg støv. Luftureining frå vegtrafikk kan
hemme den kognitive utviklinga til barn,
syner ein ny studie frå Spania.
ukraina | side 10–11
Stillstand. I Donbass har tida stått stille i
mange år, skriv Andrej Kurkov. No må ho snart
kome i gang att.
| side 2–3
Gebyra for privatisteksamen er tredobla. Det er
urettvist: Privatskulane gjer arbeidet den offentlege
skulen ikkje lenger tilbyd, skriv Kaj Skagen.
nr. 11
13.–19. mars 2015
54. årgang
kr 45,-
Funky frelse
Dansar for Jesus:
«Are you pumped?» ropar pastor Andreas
Hasseløy frå scena. Pinsevenene i Intro
vil nå dei som aldri går i kyrkja.
film | side 20–21
Svenskjävel er både
underhaldning og
moralsk peikefinger.
reportasje | side 22–24
Brit Aksnes
Aasen-boksaren får du på
handlenett.no
Bianca Kronlöf spelar Dino i Svenskjævel.
finland | side 13
Språk. Svensk skal vera obligatorisk språk
i den finske skulen også i framtida, har den
finske Riksdagen avgjort.
litteratur | side 14–15
Hovding. Den store tyrkiske forfattaren
Yasar Kemal døydde nyleg. Han var både
landsfader og diktarhovding for Tyrkia.
ISSN 0803-3340
9
11
Bilettekst
Foto:
Daniel Feidal, Intro
770803 334015
miljø
Glyfosat kan gje kreftfare, seier WHO. | side 8-9
fri vekeavis
for kultur
og politikk
a-avis
kommentar | side 12–13
Roundup og andre ugrasmiddel med glyfosat er enormt populære. No meiner WHO at glyfosat truleg er kreftframkallande. Foto: NTB scanpix
LØPANDE
OPPTAK
Kommunisme, fascisme, nazisme og islamisme
samsvarar i målet om eit verdsomspennande rike styrt
av ein ideologisk elite, skriv Kaj Skagen.
DAG OG TID
nr. 16
17.–23. april 2015
54. årgang
kr 45,-
utanriks | side 10–11
Atomavtale. Iranarane let seg ikkje stogge
av økonomiske sanksjonar. Det aukar presset
på USA for å få til ein avtale.
landbruk | side 14–15
Jord. 1600 bønder er drepne i Brasil dei siste
tretti åra. Landet er eitt av få som ikkje har
omfordelt jorda sidan kolonitida.
essay | side 22–23
«Alt var jo her på
Grønland; havet,
fjellet, eventyret.»
kim leine
Foto: privat
reportasje | side 26–28
Cowgirl. Korleis kan ein skrive om ranchlivet
utan å verke blenda av romantikk? Tina Åmodt
har vitja Wyoming.
litteratur | side 16–17
Rastlaus sjel. – Har eg funne stilen min,
så freistar eg å gå bort frå han, seier
forfattaren Helle Helle.
ISSN 0803-3340
9
Osloproppen
kork: Stortinget har vedteke storstila
utbygging av tog og motorveg inn til Oslo.
Men i Oslo er det fullt, seier transportforskarane.
Fleire hundre milliardar kan bli kasta vekk.
politikk | side 4–5
16
770803 334015
utanriks
Drakmen er på veg attende. | side 10–11
fri vekeavis
for kultur
og politikk
a-avis
kommentar
Hellas er tomme for euro. Eit pengepolitisk eksperiment utan like står for døra, skriv Jon Hustad. Foto: NTB scanpix
| side 11
Den britiske valordninga er utdatert. Ved siste
parlamentsval gjekk over halvparten av røystene til
kandidatar som ikkje vart valde, skriv Rune Kjempenes.
DAG OG TID
Blar opp
for Clinton
nr. 18
30. april–7. mai 2015
54. årgang
kr 45,-
reportasje | side 8–9
Låste lagnader. Dei fleste syriske flyktningane i Jordan bur i private heimar. Dei får ikkje
arbeidsløyve, og gjelda deira veks og veks.
arbeidsliv | side 12–13
Brutalt. Gudmund Harildstad vart oppsagd
etter 22 år ved Universitetet i Oslo. – Kynisk av
UiO, meiner professor John Peter Collett.
intervju | side 22–23
«Me drog oss ut
av Afghanistan
for tidleg.»
Anne-Cathrine Riebnitzsky
gjevmildt: Når Bill og Hillary
bed om pengar, seier Noreg ja.
Norske regjeringar har i alt
gjeve ein halv milliard
kroner til prosjekta til
Clinton-stiftinga.
bistand | side 4–5
Anne-Cathrine Riebnitzsky er dansk forfattar og ekssoldat.
politikk | side 7
Syrisk gåve. Ap-vedtaket om å ta imot
10.000 syriske flyktningar er ei julegåve til
regjeringa, meiner Carl I. Hagen.
litteratur | side 18–19
Krigsroman. Dansk-norske Kim Leine kjem
med roman frå den finske borgarkrigen.
Danske meldarar er begeistra.
ISSN 0803-3340
9
770803 334015
18
Bilettekst
Hillary
Clinton og utanriksminister Børge Brende på «Cookstoves Future Summit» i New York i fjor. Foto: NTB scanpix
Send SMS
med kodeordet
DT3V til 2007
og vent på svarmelding
for å tinge tre gratis
prøvenummer med
automatisk stopp. Eller sjå
www.dagogtid.no/DT3V
MASTERSTUDIUM I
NYNORSK SKRIFTKULTUR
Mastergradsstudentane i Volda går inn i eit
aktivt og kreativt miljø. Mastergradsstudiet
i nynorsk skriftkultur er eineståande
i Noreg. Det formidlar innsikt i
skriftkulturen generelt og i den nynorske
skriftkulturen særskilt.
Studiet tilsvarar 120 studiepoeng og kan
takast på heiltid eller deltid. Undervisninga
er organisert i tre vekesamlingar
kvart semester. Det er også opning for
utanlandsopphald. Fullført mastergrad gir
høve til å søkje om opptak ved doktor­
gradsprogram.
Kontakt:
Stig J. Helset | 70 07 51 59 |
[email protected]
Roger O. Rangsæter | 70 07 50 16 |
[email protected]
Les meir på www.hivolda.no
/ hivolda
Nasjonsbyggaren
IvarAasen
Ivar Aasen kryssa Noreg i si innsamling av ord og ordtrykk til det
som i dag er nynorsk. Det norske
tek heila verda i bruk for å byggje
ut Ivar Aasen-feltet i Nordsjøen.
www.detnor.no
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 25
Med røter på Sunnmøre
Skodespelar Kjersti Botn Sandal
vaks opp i Førde, men har morsslekta si frå Volda. Framsyninga på
Volda omsorgssenter fredag formiddag handar om korleis Sunnmøre og «formødrene» hennar har
prega henne.
Fredag 26. juni
11.00–11.45
Volda omsorgssenter
Med røter på Sunnmøre
Gratis
– Det blir ei lita tidsreise der
eg nyttar slektsgarden til mamma
i Austefjorden som knagg for å
snakke om omsorg og det å ha
røtene sine ein stad, seier Sandal,
som til dagleg jobbar ved Nationaltheatret og mellom anna har
spelt i «Kampen for tilværelsen»
på NRK1.
Programmet vil bestå av opplesing og musikk, både av eldre og
nyare dato. Med seg har ho John
Inge Leira Bjøringsøy på piano.
Kjersti Botn Sandal
(foto: Gisle Bjørneby)
John Inge Leira Bjøringsøy
(foto: pressefoto)
Og etterpå sjåast vi på Målbar
Sumarnatta skal, som vi veit,
ikkje sovast bort. Som alltid
er det open Målbar på Møre
folkehøgskule kvar kveld
under Festspela.
På Målbar kan du drøse, roe ned
etter lange dagar med kultur i
store dosar, eller berre sitje i ein
krok og sjå på livet, med eller utan
noko i glaset. Målbar er ope kvar
kveld og det vil vere program frå
halv tolv til litt over midnatt.
Lars Bremnes
Torsdag tek Lars Bremnes turen
ned frå Aasen-tunet etter at han
har vore gjesteartist i Uteamfiet.
Bremnes har nett gitt ut plata
Himmel nok tel alle. Til Avisa
Nordland sa Bremnes tidlegare i
år at det er mykje mørketid på den
nye plata, men ikkje nødvendigvis
den typen som sola er ansvarleg
for. – Fleire av songane krinsar
rundt det å ha tunge tankar og
kjenne seg fortapt eller fanga mellom forventningar og realitetar i
livet. Det å kjenne at ein ikkje er
der ein skulle ha vore, er kanskje
Olav Hove
(foto: pressefoto)
Arild Torvund Olsen
(foto: pressefoto)
noko vi må akseptere, seier Bremnes om plata.
Den nynorske vinylsoga
Nynorsken fekk tidleg eit visst
fotfeste i høg- og kyrkjekulturen,
medan det lenge stod dårlegare
til på populærkultur-fronten.
I populærmusikken det første
tiåret etter andre verdskrigen
bogna det av tekstar på riksmål,
medan nynorskbruken stort
sett var avgrensa til ei og anna
Stig Ulv
(foto: pressefoto)
tonesetjing av tekstane til Jakob
Sande. Men litt etter litt voks den
nynorske populærmusikken fram.
Den nynorske plateheimen er i
dag mangslungen i både form
og innhald, frå akustiske viser til
progressiv støyrock, frå lovsong til
svartmetall.
– Av di eg er kronisk platesamlar og kronisk målmann, har det
etter kvart vorte nokre hundre
nynorskplater i samlinga mi, med
både kuriositetar og milestolpar
frå den nynorske vinylsoga, seier
Arild Torvund Olsen.
Torvund skal, saman med Olav
Hove, både opplyse og underhalde
målbarpublikummet fredag kveld.
23.00–02.00
Møre folkehøgskule
Målbar
Torsdag 25. juni
23.30–00.15
Lars Bremnes
Kr 150
(foto: Arild Torvund Olsen)
Lars Bremnes
(foto: Veronica Melå)
Olav Hove er allmennlærar med
to vekttal i musikk, mest kjent frå
Utakt på NRK P1.
Nynorsk instrumentalmusikk
Laurdag byd vi på konsert med
Stig Ulv, gitaristen som hevdar
at gitaren hans snakkar nynorsk.
Tom Stalsberg i Dagbladet meiner
han er «en leken hybrid mellom
Ry Cooder og Knut Reiersrud» og
at «han fortjener å bli hørt av flere
enn de som ser på flatskjermer».
– Det er stort for meg å endeleg få
presentere min nynorske instrumentalmusikk på eit nynorsk
festspel, seier Stig Ulv sjølv.
Fredag 26. juni
23.30–00.15
B.R.U.S.
Platekåseri med Olav Hove
og Arild Torvund Olsen
Kr 100
Laurdag 27. juni
23.30–00.15
Stig Ulv
Kr 100
26 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
AS REGIONTEATRET I
MØRE OG ROMSDAL
teatretvart.no
VARTDAL
VEGGSYSTEM
®
Eineståande bukomfort.
Overnatting under
Festspela
545,- pr person
i dobbeltrom
795,- i enkeltrom
Prisane er inkludert
frukost
Gjennom ord
blir verda stor
Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk
til 2490.
www.nm.no
A la carte 12–22
unnateke søndag
Parkvegen 9
6150 Ørsta
70 04 51 00
resepsjon@
hotellivaraasen.no
Høgskulen i Volda
Volda er kjent for eit godt studentmiljø og eit mangfald av lag
og studentorganisasjonar. Aktive og kreative studentar gir deg
høgdepunt som VEKA, Dokfilm, Animation Volda og ekstrem­
sportfestivalen X2. Høgskulen i Volda tilbyr studium innan:
• Administrasjon, planlegging og leiing
• Drama/teater, musikk, kunst/handverk
• Helse og sosialfag
• Idrett og friluftsliv
• Lærarutdanningar
• Mediefag
• Samfunnsfag og historie
• Språk og litteratur
Les meir på hivolda.no
/ hivolda
Framtida.no og Startsida
er eit lokomotiv for nynorsk på nett.
Les kva du kan gjera på Framtida.no!
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 27
Verdas eldste og Noregs største
Sommar tyder ferie og
museumsbesøk for mange.
Nynorsk kultursentrum er
stolt eigar av verdas eldste
språkmuseum og er det største litteraturmuseet i Noreg.
– 2014 vart eit år med opningar til
noko nytt. Vi opna Hauge-senteret
som eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for
Olav H. Hauge og lyrikk i mange
former, var for første gong arrangør av Ulvik poesifestival, og vi
fullførte fornyinga av basisutstillinga i Aasen-tunet, seier direktør
Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.
Verdas eldste
I tillegg blei ei årelang kartlegging av all verdas språkmuseum
avslutta. Konklusjonen var klar:
Ivar Aasen-tunet er ikkje berre
Noregs eldste personmuseum,
men også verdas eldste språkmuseum! Grepstad har kartlagt språkmuseum verda rundt og ikkje
funne nokon som er eldre enn
Aasen-tunet. Dei neste musea på
lista er Gutenberg-museet i Mainz
og eit museum for ordbokforfattaren Samuel Johnson i London.
– Vi visste at Ivar Aasen var
før si tid, og at dette er det eld-
ste personmuseet i Noreg og det
einaste språkmuseet i Norden. Vi
vart overraska då det viste seg at vi
også er eldst i verda, seier Øvereng.
Dei to musea er ein grunnstein i
verksemda til Nynorsk kultursentrum. Aasen-tunet ligg på staden
der Ivar Aasen blei fødd og voks
opp og her sørgjer dyktige formidlarar for at born og vaksne lærer
meir om Ivar Aasen og språkhistoria. Det er også eigne omvisingar
om arkitekturen og Sverre Fehn,
den verdskjende norske arkitekten
som står bak den prislønte hovudbygningen frå 2000.
Offisielt opna
Etter å ha gitt publikum eit
avgrensa tilbod like sidan 2011,
opna Hauge-senteret offisielt
4. september 2014. Basisutstillinga
går over to etasjar og fortel om
Olav H. Hauge og all verdas lyrikk
på uventa måtar. – Dette må vere
ei av dei mest fargeglade utstillingane publikum kan oppleve her
til lands, seier dagleg leiar Geir S.
Netland i Hauge-senteret.
Satsar på born og unge
Dei siste åra har fire av ti gjester
på musea og tilboda våre vore
born og unge. Svært få, om nokon,
norske museum kan vise til noko
liknande. Kvart år møter vi fleire
Frå Olav H. Hauge-senteret (foto: Ingvil Skeie Ljones)
Frå Ivar Aasen-tunet (foto: Kib & Morits)
tusen elevar og barnehageborn
rundt om i landet gjennom Den
kulturelle skulesekken, ei nasjonal satsing som skal bidra til at
alle skuleelevar i Noreg får møte
profesjonell kunst og kultur av alle
slag. For skuleåret 2015/16 tilbyd
Nynorsk kultursentrum fem eigne
skulesekkproduksjonar og alt frå
språkleg sjølvkjensle til nynorsk
poesi.
Politisk aktør
Nynorsk kultursentrum er også
ein aktør i samfunnsdebatt og
kulturpolitikk. I 2014 fullførte
Stortinget det som rådet med alle
stiftarane våre i 2010 tok det første
formelle initiativet til. Dermed
ligg Grunnlova no føre i jamstilte
utgåver på nynorsk og bokmål.
Berre dei siste åra har vi utvikla
komplette oversyn over alle som
har skrive skjønnlitteratur på
nynorsk i bokform, og ingen har
utvikla meir statistisk dokumentasjon av språk i Noreg enn vi. I
2013 laga Noregs Mållag og vi ei
hundreårserklæring om politikk
for nynorsk som vi følgjer opp.
Det nye, store initiativet vårt er
som prosjektregissør for ei løysing
som sikrar varig drift av Norsk
Ordbok og språksamlingane ved
norske universitet.
Fleire på laget
Vinje kommune ønskjer at
Nynorsk kultursentrum skal utvikle og etablere Vinje-senteret for
dikting, journalistikk og språkleg
mangfald i Vinje som ei ny driftsavdeling. Intensjonsavtalen er signert, oppslutninga lokalt er svært
stor, og i juni tok det handfaste
arbeidet til med teknisk synfaring
av dei bygningane som er tenkte til
føremålet.
Nynorsk kultursentrum
Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting
med 24 stiftarar – fylkeskommunar, kommunar, utdanningsinstitusjonar, kulturinstitusjonar og språkorganisasjonar. Vi eig og driv Ivar
Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i
Ulvik, Dei nynorske festspela og Ulvik poesifestival, Allkunne AS, og vi forvaltar Vinjefondet.
aasentunet.no
Påliteleg og oppdatert informasjon om
nynorsk skriftkultur
festspela.no
Alt du treng å vite om Dei nynorske festspela
tunkatten.no
Ein aktiviserande nettstad for born om
språk og litteratur
haugesenteret.no
Dokumentasjon av Olav H. Hauges liv og
verk og lyrikk
poesifestivalen.no
Alt du treng å vite om Ulvik poesifestival
handlenett.no
Nettbutikk med unike nynorske varer og
godt utval i bøker
allkunne.no
Digitalt, nynorsk oppslagsverk
l
l
l
l
l
l
l
28 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
Tre inngangar til utstillinga
Utstillingane i Ivar Aasentunet fortel mykje om det
nynorske språket, litteraturen
og språk frå heile verda.
Men utgangspunktet for forteljingane våre er Ivar Aasens
liv og verk. Gjennom tre lyntreff i utstillinga får festspelpublikummet innblikk i ein
del av det mangfaldet Aasentunet står for.
Formidlar Liv Astrid Skåre Langnes opnar programposten Lyntreff
med å presentere nye sider av Ivar
Aasen, og historier du kanskje
Fredag 26. juni
17.00–18.00
Basisutstillinga,
Ivar Aasen-tunet
Lyntreff
17.00 Om Ivar Aasen
17.20 Om reklamespråk
17.40 Forfattar på utstilling
Gratis
ikkje kjende frå før.
Dokumentasjonsleiar Anders
Aanes tek deg med vidare inn i
språket si verd. Han har leia arbeidet med ei ny temautstilling som
handlar om språket i reklameverda. Er reklametekstar meir enn
berre tomme ord? Og kan dei gi
oss noko meir enn kjøpelyst?
Den nynorske skjønnlitteraturen
blir også løfta fram i utstillinga i
Aasen-tunet. Dagleg leiar Gaute
Øvereng fortel meir om ein av forfattarane som no er på utstilling,
Arvid Hanssen. Han debuterte
som barnebokforfattar på Norsk
Barneblads forlag, men er nok
mest kjend for dikta og visetekstane han skreiv.
Dei tre korte foredraga i denne
programposten blir alle haldne
inne i basisutstillinga.
Liv Astrid Skåre Langnes
(foto: Aasen-tunet)
Utstilling om
reklamespråket
Er du ein av dei som ikkje
likar reklame? Årets temautstilling vil då truleg vere noko
for deg.
I den nylaga temautstillinga om
reklamespråket ønskjer vi å sjå
på korleis språket blir brukt som
verktøy for å få oss til å gå det steget dei vil vi skal gå: Å kjøpe.
Sjølv om du faktisk skiftar kanal
når reklamepausen kjem, eller blar
hastig forbi annonsar i dobbelsidig
format i ulike magasin, må sjølv
du vedgå at reklamane råkar oss
alle, anten vi vil det eller ikkje. Og
reklamemakarane går stadig nye
vegar for at vi skal kjøpe produkta
det blir reklamert for.
Gaute Øvereng og Anders Aanes
(foto: Aasen-tunet)
Nordmannen helsar velkomen
I sommar blir publikum i Aasentunet helsa velkomen med «Nordmannen», «Mellom bakkar og
berg», i ein eigen lydsti. – Seks
høgtalarar langs gamlevegen, gir
publikum ei spesiell oppleving
alt på vegen opp til Aasen-tunet.
I sommar blir det Anderz Eide si
tolking av «Nordmannen» publikum får høyre, seier dagleg leiar
Gaute Øvereng.
Opptaket er henta frå rekla-
mefilmen Made by Norway for
Aker, og Eide si intense tolking har
tonefølgje av stemningsskapande
musikk av Johan Söderqvist. Både
Aker og komponisten har velvillig
gitt løyve til at dette lydsporet får
nytt liv i Aasen-tunet. Lydinstallasjonen set tonen for museumsbesøket, alt før ein løyser billett.
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 29
Litterær føremiddagskaffi
Fredag blir det høve til å slå i
hop dei to populære aktivitetane lesing og kaffidrikking.
Men først må du velje: Skal
det vere lyrikk eller noveller
til kaffien?
Dei to opplesingane skjer nemleg på same tid, i lunsjhalvtimen
frå klokka 12. På Fru Svendsen
kunst- og kulturkafé i Ørsta vil
Anna Kleiva lese frå diktsamlinga
si Vårar seinare, som ho nyleg fekk
Osloprisen for. Dikta skildrar på
jordnært vis ei bygd med svingete
vegar og mørke parkeringsplassar, og korleis bygda blir prega
av trafikkdøden som tek fleire
av ungdommane som bur der.
Kleiva vil også lese frå si eiga ferske gjendikting av dei utleverande
kjærleiksdikta til den amerikanske
samtidspoeten Ariana Reines, i
Fredag 26. juni
12.00–12.30 Kantina på
Furene AS, Volda
Kaffi, bokstaveleg talt
Forfattar Øystein Orten
Gratis
samlinga Coeur de Lion. Her er det
også høve til å sjå ei utstilling med
fotografi av Tonje Sætre Indrearne,
med tittelen Tillit.
I kantina på Furene AS i Volda
les forfattar Øystein Orten frå
novellesamlinga Risp i berget.
Novellene er sentrert rundt eit
lokalsamfunn der vi får møte
menneskelagnader gjennom
historia, frå det første steinaldermennesket til den gravide tenåringen som slit med å gjennomføre
skulen. Gjennom livsglimta frå
historia får Orten fram det uforanderlege hos mennesket.
Anna Kleiva (foto: Yngvild Gotaas Torvik)
Fredag 26. juni
12.00–12.30
Fru Svendsen kunst- og
kulturkafé, Ørsta
Kaffi, bokstaveleg talt
Forfattar Anna Kleiva
Kr 50 / ungdom 30
Øystein Orten (foto: Odd Goksøyr)
haugenbok.no har Noregs mest fornøgde kundar.
Tusen takk for tilliten!
haugenbok.no AS - Postboks 175 - 6101 Volda - Telefon 70 07 45 00 – [email protected] - www.haugenbok.no
LOUD AND CLEAR AS
VINNAR
2015
30 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta
Vi treng arbeidslystne menneske
med smittande godt humør uansett vêr
Frivillig på Festspela?
Vi kan freiste med ei spennande rundbaneløype i
flotte omgjevnader i Hovdeåsane i Hovdebygda.
Ein god miks av sti, kjerreveg, grus og litt asfalt.
Søndag 28. juni 2015
Start og mål
ved Hovden Møbel i Hovdebygda
Trimklasse, start kl. 12.00
Dei nynorske festspela har vore ein fest
i 23 år mykje takka vere frivillig innsats
Vi ønskjer oss enno fleire på laget
og håper du har lyst til å oppleve
Festspela både frå innsida og utsida
Vi får avgjerande hjelp med stort og smått
og du får truleg eit minne for livet tilbake.
Du treng ikkje å ha festivalerfaring frå før,
arbeidsoppgåvene er ulike og her er heilt
sikkert noko som høver for deg.
Påmelding i startområde,
Meir informasjon om goder
og forventningar har
frivilligkontakt Stina Aasen Lødemel
tlf. 70 04 75 96, [email protected]
seinast 1 time før start
Informasjon og påmeldingsskjema:
Turrittklasser, start kl. 13.00
festspela.no
1 runde á 6,7 km utan tidtaking
Startkontigent kr 50
Senior: 3 runder á 6,7 km, totalt 20 km
Kvinner: 2 runder á 6,7 km, totalt 13,5 km
Junior: 2 runder á 6,7 km, totalt 13,5 km
Startkontigent kr 150
(+ ev. eingongslisens NCF turritt kr 150)
For påmelding, informasjon, video
og nærmare presentasjon av løypa:
www.orstask.no
Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 25.–28. juni 2015 • Volda og Ørsta 31
Festspelmeny i alle kanalar
Ingen skal gå svoltne frå
Aasen-tunet under Dei
nynorske festspela. Kaféleiar
Milan Ilić er i full gang med
å førebu festspelmenyen,
som også i år vil by på eit rikt
utval av små og store rettar med gode smakar og god
drikke til.
– Årets festspelrett er, som tradisjonen tilseier, utvikla i samarbeid
med festspeldiktaren, seier Ilić.
Han røper at han og Gunnhild
Øyehaug har blitt einige om raud
fisk med ein spennande crème
fraîche-basert saus med gode
grønsaker og poteter attåt.
Dei som har meir sans for kjøt, vil
også kunne finne nokre favorittar
på menyen. I fleire av smårettane
blir Tunpølsa frå Åsen kombinert
med Snøfrisk frå Ørsta. Søndagen blir det som vanleg høve til å
kjøpe tradisjonell søndagsmiddag
med god dessert mellom gudstenesta og Aasen-stemnet.
– Vegetarianarar vil også finne
noko godt på menyen og vi har
sjølvsagt òg glutenfrie alternativ,
seier Ilić.
Til kaffien kan ein velje mellom gode kaker, makronar – eller
det som kanskje høver best i ein
nynorsk festspelkafé: økologisk
nynorsk is frå Isrosa.
Ny kiosk ute
– I år prøver vi også noko nytt,
fortel kaféleiaren. – Varmmat må
ein framleis tinge i kafeen, men
kaffi, mineralvatn og kioskvarer
vil vi selje frå eit telt ved Galleriet.
Med dette grepet vonar festspelarrangørane å unngå for lange køar
når det er pausar i programmet.
Kaféleiar Milan Ilić og tunvert Ingrid Opedal (foto: Aasen-tunet)
Krus, kunst og kveps i festspelbutikken
«Det ryk stilt. Kaffikoppen drøymer. Tenk om eg var ei hand! Så
kunne eg løfte meg sjølv. Åh.»
– Dette er tekst til årets festspelkrus, nyskriven av Gunnhild
Øyehaug, fortel tunvert Ingrid
Opedal, som stolt kan presentere
festspelkrus nr. 14 i serien med
forfattarkrus. Festspeldiktaren eig
også sitatet på festspelskjorta 2015,
som handlar om at det ofte er
mindre kveps enn forventa, henta
frå Knutar.
Bøker av Øyehaug og dei andre
forfattarane som deltek på Festspela er sjølvsagt på plass i butikken, saman med cd-ar og lp-ar
med festspelmusikarane og andre
med nynorske tekstar. – Det er
ikkje så mange som sel musikk i
fysisk format lenger, så vi rår gjestene til å gi seg god tid i hyllene,
seier Opedal.
Dersom alt går etter planen har
vi også ein fin ny gåveartikkel på
plass til Festspela; ein speledåse
med «Blåmann» Dette vert ein
«må-ha-ting» for alle foreldre og
besteforeldre som kjem innom,
meiner tunverten, som også minner om det store utvalet med
nynorske barne- og ungdomsbøker. – Her slepp ein å leite mellom
alle bokmålsbøkene for å finne
noko på nynorsk, seier ho.
Siste produktet ho vil trek-
kje fram er dei nye magnetane.
– Mange av oss godt vaksne har
nok ting i skuffer og skåp, men ein
magnet på kjøleskåpet kan vere eit
fint minne om det ein opplevde
denne sommaren. Difor har vi
laga nye magnetar knytt til festspelmotivet, til basisutstillinga og
til det unike bygget Sverre Fehn
har gitt oss.
Parkering under
Festspela
Ivar Aasen-tunet har eigen parkeringsplass, men under Festspela
har vi også avtale om parkering
med gode naboar i nærområdet.
Det vil vere parkeringsvakter i
området under heile Festspela.
Dei nynorske festspela 25.−28. juni 2015
8
1. Ivar Aasen-statuen
2. Målbar, Møre Folkehøgskule
3. Volda omsorgssenter
4. Rokken, Volda
5. Ørsta kyrkja, Ørsta
6. Festspel i sentrum, Volda
7. Festspel i sentrum, Ørsta
12
8. Bauta Anders Hovden, Hovdebygda
9. Fru Svendsen kunst- og kulturkafé
10. Amfi Ørsta
11. Spinneriet, Volda
12. Hovden Møbel, Hovdebygda
13. Ørsta kulturhus og Biblioteket, Ørsta
3
Buss
LURIVAR
og påskemysteriet
2
Måndag 14.4. kl. 13.00
Tysdag 15.4. kl. 13.00
Onsdag 16.4. kl. 13.00
Kr 50 / familie 150
NB! Avgrensa plassar
på kvar framsyning
7
6
Kafeen: Solbollar
Opningstider i påska
Palmesøndag:
12-17
Måndag-onsdag:
10-16
1.påskedag:
12-17
2. påskedag
12-17
11
aasentunet.no
9
4
5
10
1
13
Volda
Volda og Ørsta
Ivar Aasen-tunet
Ørsta
Billettar
Opningstider
1. juni - 15. august
Måndag - fredag kl. 10-17
Laurdag og søndag kl. 12-17
Utvida opningstider under
Festspela (sjå midten)
Billettprisar
Vaksne: 75,Barn (6-16), student: 35,Honnør: 50,Grupper: 50,- pr person
16. august - 31. mai
Måndag - fredag kl. 10-16
Søndag kl. 12-17
Eigne prisar for skuleklassar
Barnehagegrupper gratis
(minst 15 personar inkl. leiar)
Familie: 150,- (inntil to vaksne)
www.ebillett.no
Telefon 70 04 75 84
Rabattar
Ev. honnør, studentbillettar eller Kulturrabatt for ungdom er
oppført spesielt
Festspelpass kr 1450
Gir tilgjenge til alle festspelarrangement.
NB: Også publikum med festspelpass må tinge plass
på førehand til arrangement i lokale med avgrensa plass,
t.d. Salen i Ivar Aasen-tunet.
Takk til tilskotsgivarar og sponsorar
Volda kommune
Ørsta kommune
Samarbeidspartnarar og leverandørar
Amfi Ørsta  Bama Storkjøkken  Bil & Gummiservice AS  Brudevoll Kjøtt AS  Coca Cola  Det Norske Samlaget
Friele  Frivilligsentralen i Volda  Fru Svendsen kunst- og kulturkafé  Furene AS  Hovdebygda soge- og velferdslag
Hotell Ivar Aasen  Kolon forlag  Kontaktpunktet  Mangschou Forlag AS  Møre folkehøgskule  Norsk forfattersentrum
NRK Nynorsk mediesenter  Nynorsksenteret  Ole Ringdal AS  Skald Forlag  Spinneriet kjøpesenter
Studenthuset Rokken  Tine Meierier Ørsta  Tine Meierier  Volda Bil AS  Volda Handelsforening  Volda Næringsforum
Volda omsorgsenter  Volda sokneråd  Ørsta Folkebibliotek  Ørsta Næringskontor  Ørsta sokneråd  Ørsta sykkelklubb