STRYN 18-19 SEPTEMBER 2015 7 0 9 0 0 3 5 3 8 0 0 10 · Oslo Blåseorkester · Stryn Musikklag · Kjell «Kjellen» Bigset · Husbandet · Loveshack · Lokale ompaband · Daniel Engen and The Hugin Band Opningstider: Fredag 20 - 02 Laurdag 13 - 02 www.oktoberfeststryn.no 2 God oktoberfest! Du held no i dine lett skjelvande, forventningsfulle hender den andre oktoberfestavisa i historia. Før du puttar den varsamt inn i permen ved sidan av fjorårets aller første oktoberfestavis, kan du hygge deg med nokre smaksprøvar på det du kan oppleve i levande live under årets arrangement. Du kan lese om banda som spelar i sirkusteltet, om ølbrygging og bart og kva Kjellen Bigset har tenkt å varte opp med på fredagen. Du kan også få tips til kvar du kan kjøpe reglementert oktoberfestantrekk både for damer og herrer. Oktoberfest Stryn er også i år eit tidvis velsmurt maskineri som byr på ei god blanding av lystig musikk i to fjerdedels takt, god mat og spretne nordfjordingar iført bondepikedrakter, lederhosen og tvilsom ansiktsbehåring. Ordføraren har spart barten i flere veker allereie for å unngå einkvar tvil, og eg vil herved oppfordre deg til å gjere det same. Velkomne til Stryn! Til fjorårets oktoberfest stilte Sven Flo, den elles så glattbarberte ordføraren i Stryn, med fyldig heilskjegg som vart trimma til ein spenstig bart under direktesending på NRK. Dermed var stilen under den tradisjonsrike paraden sikra. Og det er ikkje tvil om at ordføraren gledar seg til årets fest. – Eg skal vere med i år også, det er eitt av årets høgdepunkt, seier Sven Flo. – For meg betyr oktoberfesten at Stryn har eit flott arrangement i ein litt roleg periode etter turistsesongen, og festen skapar stort engasjement i bygda. Eg er stolt over at oktoberfesten blir arrangert i Stryn, og er imponert over kva Ping Pong-klubben får til på rein og skjær dugnad. Flo tykkjer det er viktig at oktoberfesten er eit uformelt arrangement. – Eg likar at ein ikkje treng å ta seg sjølv så høgtideleg. Vi får ei anledning til å kle av oss det skalet vi har på til dagleg, og ta på oss kostyme som bryt ned grenser. Eg trur det er sunt for alle å ta ein pause frå kvardagen og løsne litt på snippen. Ordføraren vil spesielt ynskje tilreisande både frå nær og fjern velkomne. – Når eg høyrer at det kjem tilreisande frå heile landet, mellom anna ein eigen oktoberfestbuss frå Oslo, seier det litt om at folk syns dette er spennande. Eg vil gjerne ønske alle hjarteleg velkomne til Stryn og ei fantastisk oppleving! Vel møtt! Ivar John Erdal REDAKTØR Info: www.oktoberfeststryn.no Billettar: www.hoopla.no Nyhenderedaktør: Geir Tonning Kulturredaktør: Olav Næss Sportsredaktør: Thomas Thaule Fotografar: Ole Eltvik, Kåre Tonning, Henning Dispen, Ivar John Erdal og Fjordingen Kardinal: Kim Rune Flo Konsul: Kåre Tonning Layout og trykk: Fjordingen Barneshow: F. v.: Siri Beinnes Lien, Maren Bø Håheim og Taline Veum Stølen. Borna er med Det er viktig for arrangørane at oktoberfesten er for heile familien. Derfor vert det også i år fleire barnevennlege aktivitetar på dagtid laurdag. Klokka 12.30 går det den tradisjonelle paraden gjennom Stryn sentrum med fjordhestar og ompamusikk. Etter paraden vert det gratis show for borna i «lisjeteltet» på Per Bolstad plass. Utandørs er det klart for ulike aktivitetar for dei minste fram til ca. klokka 15. Her kan du mellom anna få deg ein tur anten i hestevogn eller på hesteryggen. 3 Oktoberfestkardinal Kim Rune Flo helsar Klart for oktoberfest: Ordførar Sven Flo klipper snora, medan bürgermeisterin Anne Margrete Tonning er entusiastisk til stades. Fest på dugnad Oktoberfesten har vakse seg stor, og gjennomføringa krev meir enn 1500 dugnadstimar i form av planlegging, logistikk, rigging, koordinering og tunge løft. Stryn Ping Pong Club består av omlag 60 aktive medlemmer som deltek i stort og smått av arbeid som krevst for å gjennomføre arrangementet. I tillegg til dugnaden er det sjølvsagt mange som står på med underhaldning, marknadsføring, mat og drikke, logistikk, sal av kostyme, servering, vakthald, førstehjelp og så vidare. SPPC ynskjer å takke både arbeidsgjevarar, næringslivet, kommunen, innbyggjarane i Stryn og ikkje minst familiane sine for samarbeid, støtte og stort tolmod. I år har vi eit godt team klare til og gjennomføre årets oktoberfest. Stort sett same bemanning med ny mann på marknad og ny mann på underhaldning. Vi har som tidligare eigne folk på økonomi, sikkerheit, matservering, booking, butikkplass og teltansvarlig og ikkje minst avisredaktør. Dette teiknar godt, dette er drevne karar som gjer ein framifrå jobb, og eg gledar meg til innspurten fram mot ei fantastisk helg for Stryn. I år som i fjor har vi om lag 60 personar som bidreg med ulike jobbar og ansvarsområde, alle saman er svorne SPPCmedlemmer som jobbar på dugnad. Det er dette som er suksessfaktoren i arrangementet, og gjer at vi kan glede mange gjester på oktoberfesten! Planlegginga av årets fest starta så smått i februar. Vi kunne tillate oss ein månad «seinare» oppstart då vi har folk med erfaring i alle ledd. Vi var godt i rute etter god jobbing heile første halvår då alle ansvarspersonar og komitéleiarar var tidlig ute. Dermed kunne vi sende den formelle søknaden til kommune og politi allereie i mai. Noko som gleda meg stort er at vi for fyrste gang fekk opp plakaten i god tid før fellesferien, slik at turistane som har vitja Stryn i sommar har fått med seg høgdepunkta i årets arrangement. No er vi her igjen, med bart, lott og løje! Det er med glede kardinal Flo ynskjer dykk alle hjarteleg velkomen til Oktoberfest Stryn 2015. Vel møtt! God dugnadsånd: Styn Ping Pong Club står på for å lage ein best muleg oktoberfest. 4 Tradisjonell festmiddag laurdag Schweinshaxe har etterkvart vorte eit must på Oktoberfest Stryn. Bestill billett i god tid og lev på luft og ompamusikk så magen er klar når du benkar deg til festmiddag i Bierstube (vesleteltet) laurdag klokka 19. Smak Kafe & Catering står for maten, så smaksløkane dine er i dei beste hender. Underhaldninga er ved Direksjonsmusikken, eit 24-manns orkester frå Bergen. Kjøp billett på Vertshuset. Solgunn Øen lovar at dei lagar Schweinshaxe frå grunnen av, ved å langtidssteike dei i ovn for maksimal mørheit før dei blir grilla for å få ei knasande, sprø skorpe du kan spare litt av i barten utover kvelden. Trufaste stamgjester treng ikkje bekymre seg for unødige endringar i eit velprøvd opplegg. Det vert same prosedyre som i fjor når det gjeld tilbehøret, og då snakkar vi sjølvsagt om potetstappe og surkål. Det er no eingong slik at musikk i to-fjerdedelstakt er spesielt eigna til å framkalle svoltkjensle hos publikum. Skulle dette gjelde deg, vil det verte god anledning til å lufte skjegget eller strømpene og bestille ein porsjon tysk bondekost i sirkusteltet elles i løpet av laurdagen. Festmiddag i Bierstube: Solgunn Øen (f. v.) og Ann-Kristin Flåm tilbyr Schweinshaxe som er laga frå grunnen. Die Bürgermeisterin Tradisjonsrik Club Oktoberfesten i Stryn har mange fedre, men ei ubestriden gudmor. Anne Margrete Tonning var ei av eldsjelene bak Sommarglade Stryn og karnevalet der på byrjinga av 1980-talet, og meiner ein kan sjå klare linjer fram til Oktoberfesten. Tonning har fått ærestittelen Bürgermeisterinn, og har eit varmt hjarte for ompamusikk og utkledning i Stryn sentrum. Spesielt trekk ho fram den uhøgtidelege stemninga som gjer at folk slappar av, let hemningane fare og har det moro. - Her kan fleire generasjonar ha det kjekt i lag, seier ho. Paraden i Stryn sentrum på dagtid laurdag er ein av favorittane til Tonning, men likevel er det ein ting som toppar det heile. - Eg har stor sans for Husbandet med Kapellmeister Svidal i spissen! Kåre Tonning er die Bürgermeisterin sin førstefødde. Dette adelege opphavet gjorde han sjølvskriven til konsul-vervet då Stryn Ping Pong Club skulle etablerast. SPPC vart skipa i 2004, og er ei svært uformell foreining som er open for alle menn over 25 år som vil vere med. Klubben har faste medlemsmøter kvar første fredag i månaden. Som konsul er Tonning klubben sitt ansikt utad. - Stryn Ping Pong Club har som mål å vere ein aktiv del av lokalsamfunnet i Stryn. Samtidig er det sosiale kanskje det viktigaste. Vi skal vere ein arena der nytilflytta og fastbuande i nærmiljøet kan møtast, sier han. Eller som ein av grunnleggarane uttalte før oppstarten i 2004: - Vi burde lage ein klubb, slik at vi har eit påskot til å treffast ein gong i månaden! Syter for ein trygg fest Møt alle gjester med eit smil, og ynsk dei velkomne! Dette er første punkt i instruksen til vaktene på Oktoberfest Stryn. Rett person til å møte gjestene på denne måten er vaktleiar Terje Mundal. I år som tidlegare er Terje og co klare på at godt vakthald og god sikkerheit bidreg til at gjestene kan kose seg maksimalt under oktoberfesten. Terje Mundal. Reknar vi med det gode samarbeidet med Raude Kross, Loen idrettsalg og politiet er vi oppe i om lag 30 vakter som held kontroll på både gjester, utstyr, scener og det som må til elles. Utanom dette har oktoberfesten også ein eigen teknisk vert, Hans Olav Bøe, som sørgar for at alt det tekniske held høg standard. Raude Kross stiller med eige telt og fem personar til stades kvar dag og kveld. Dei bidreg med alt frå bandasje til ei god samtale om det trengs. Vaktleiar Terje Mundal er glad for at Raude Kross er tilstades. Dei har god kontroll på mellom anna rømningsvegar om ambulanse må tilkallast. Loen Idrettslag stiller med gjerdevakter som sørgar for at inngjerdinga er intakt på området, og held utkikk om nokon prøvar å snike seg usett inn. tert, med to patruljerande vakter kvar kveld inne på området pluss ekstra folk under paraden laurdag. Dei er også til stades rundt området på kveldstid, og ser til at alt går fint føre seg. Politiet si melding til publikum er at dei ynskjer alle ein god fest med mykje moro, og oppmodar alle til å feste med måte. Mundal er stolt og glad over å kunne ta godt imot gjestene med hjelp frå både dugnadsfolk, frivillige og profesjonelle under oktoberfesten. Innsatsen frå alle desse gjer at han er trygg på at Oktoberfest Stryn 2015 blir ein heidundrande fest. Politiet er også godt represen- Vel møtt med eitt stort smil! 5 Christine Hagen (f. v.) og Signe Jervell. Olav Flataker (f. v.) , David Sigurdsson og Isak Loen. Allsong og verbale sleivspark Kåring av Frøken oktoberfest og Beste bart Holko & Hauge Likar du kombinasjonen godt humør, allsong og dans? Holko & Hauge byr på alt dette og meir til både fredag og laurdag kveld i Bierstube. Duoen har eit allsidig repertoar, som passar vaksne i alle aldrar og kjønn. Rolege sjekkelåtar, heftige rytmer og opptil fleire historier (les: skrøner) med glimt i auget vil bli servert på ei seng av uhemma publikumsfrieri. Vi tør love at Holko & Hauge kjem til å gje deg ein triveleg kveld der latteren sit like laust som lovnadane rett før valget. Frøken oktoberfest og Beste bart i 2014: Signe Jervell frå Elverum vart Frøken Oktoberfest, kåra av bartevinnar i fjor Arve Fjellkårstad. Olav Flataker frå Stryn vart kåra til Beste Bart av Frøken Oktoberfest i fjor, Drude Aarnes Sørgaard. Ingen oktoberfest utan fyldige bartar og yndige bondepikedrakter. Allereie frå tidleg i august kan du sjå dei første sjenerte fjona klamre seg til overleppene på dei av stryningane som har nådd kjønnsmoden alder. For mange er det haustens nest vakraste eventyr å følge veksten frå desse vare knoppane fram til dei testosteronfylte buskvekstane som spradar rundt i sirkusteltet i midten av september. Generøse som vi er gjev vi eit programtips til NRK2, som neste år bør vente seg sjåarrekordar for “Bartevekst minutt for minutt”. Damene på oktoberfesten pyntar seg i den tradisjonelle Dirndl, ei bondepikedrakt frå alpane som på mange måtar liknar på ein litt kortare og luftigare versjon av bunad. Under årets Oktoberfest Stryn vil det som alltid bli kåring av Frøken oktoberfest og Beste bart på laurdagskvelden. Fjorårets Frøken oktoberfest, Signe Jervell, vil nominere 10 av dei finaste bartane til «finalen», og vinnaren av Beste bart 2014, Olav Flataker, vil plukke ut 10 av dei flottaste damene i Dirndl. Alle dei nominerte får medalje, medan vinnarane i tillegg til stor heider og ære får ein premie og biletet sitt i Fjordingen. For dei som ikkje kjenner til Stryneduoen, kan dei best beskrivast som to glade og muntre herrar med uovertruffen evne til å få kontakt med publikum. Pluss på med særdeles allsongvennlege melodiar, så kan det ikkje bli anna enn suksess. Skulle dette mot formodning ikkje vere nok, skrur Hauge på sin velkjende sjarm, og då vert Holko nøydd til å kompensere med verbale sleivspark under bukseselehøgde. Sjå programmet for tidspunkt. 6 Daniel Engen & The Hugin Band Daniel Engen & The Hugin Band: Oktoberfesten i Stryn må vel vere ein av dei beste plassane vi har spelt på nokon gong, seier frontfigur Daniel Engen. Tre år er gått sidan sist Stavangerbandet Daniel Engen & The Hugin Band var på oktoberfesten i Stryn. Ingen tvil om at strynepublikummet kan sjå fram til gjensynet. Oktoberfestavisa tok ein prat med frontfiguren i bandet, Daniel Engen, for nokre veker sidan. Han kunne avsløre at bandet er superklare for ein ny tur til Stryn. Sist dei besøkte Oktoberfest Stryn var altså i 2012, og dei fekk eit særs godt inntrykk av festen: - Oktoberfesten må vel vere ein av dei beste plassane vi har spelt på nokon gong. For eit fantastisk opplegg arrangøren har sett i stand, seier ein entusiastisk Daniel Engen. - Når publikum kosar seg og gir gass, gir det oss endå meir energi. Publikum er litt den 12. mann! Eller i vårt tilfelle, den 13. mann. Vi har spelt mykje på studentfestar som har litt den same stemninga, der alt er ein fest. Det er akkurat desse jobbane vi diggar mest. For nokre år sidan spelte vi på ein oktoberfest utanfor Stavanger. Kult det, men ikkje i nærheita av stemninga ein får i Stryn. Stort band Med ei besetning som tel 10-12 personar så seier det seg sjølv at det blir trøkk. Dyktige musikarar som gir full gass og som verkeleg sler seg laus på scena. Daniel Engen & the Hugin Band har ei flytande bandsamansetning, og gjesteartistar er ein naturleg del av konseptet. - Vi er som eit slags musikarkollektiv, der det kvart år er litt uskiftingar. Eg reknar med at vi blir 10-12 stykker som tek turen til Stryn, men ein veit jo aldri kor mange ein gløymer att på dei mange bensinstasjonane oppover, seier Engen med eit smil. Ikkje berre Blues Brothers I tillegg til eit rikt Blues Brothers-repertoar blir det sjølvsagt plass til eit par tyske ompa-slagerar. Det skulle berre mangle når det er oktoberfest. Men publikum vil også kjenne att litt nyare låtar frå VG-lista, om enn i Blues Brothers-soundet, og med litt ekstra fuzz i gitarane. Også god, gamal 60-talsmusikk står på programmet. Bandet, som såg dagens lys i 2008, har frå den spede starten i studentmiljøet blitt eit etterspurd partyband over heile landet. Det er såleis ein rutinert gjeng som kjem til årets oktoberfest. - Vi satsar på å lage ein real fest i fagre Stryn! Vi veit at det garantert blir høg Stimmung, men vi håpar sjølvsagt på å få skrudd opp energinivået eit par hakk til. Det kjekkaste vi veit er når publikum er gira og syng med. Og dei fleste bør kjenne til mesteparten av settlista vår, avsluttar Engen, som knapt kan vente på at årets oktoberfest skal byrje. Oktoberfest Stryn ønskjer Daniel Engen & The Hugin Band velkomne til årets fest! Stryn Musikklag sviktar aldri I lag med Husbandet så er det eit orkester som berre må vere med på oktoberfesten, og det er sjølvsagt Stryn Musikklag. Oktoberfest Stryn er utruleg glade for at bygda sine eigne musikantar stiller opp år etter år. - Det er mange høgdepunkt for oss i musikklaget i løpet av eit år seier dirigent gjennom mange år, Jon Are Steen. - Du har i tur og orden 17. mai, oktoberfesten, kulturnatt, farsdagsbasaren og julekonsert. Ja, og så konkurransespeling då viss vi er med på det. Men å få vere med på oktoberfesten er alltid veldig kjekt for oss, alle musikantane ser verkeleg fram til å stå på scena i sirkusteltet. Det er alltid god stemning i korpset i september månad, det er fint at vi kan senke skuldrane og berre ha det moro. Vi kan rett og slett ikkje gå glipp av ein happening som dette, seier Steen. Gamalt og nytt Musikklaget skal ikkje vere med på konkurransespeling i år, dermed vil Steen og co få litt betre tid til å førebu repertoaret til årets ompafest. - Vi kjem garantert til å spele ein del av det vi gjorde i fjor, men vi vil også øve inn litt nytt materiale. I tillegg til diverse omparytmer skal vi heller ikkje sjå vekk i frå at dirigenten sjølv grip mikrofonen og får heile sirkusteltet med på ein allsong eller to. Sjølvsagt stiller også musikklaget i korrekt ompaantrekk på scena. Stryn Musikklag. 7 Oslo Blaas: - Stryn er eit høgdepunkt Oslo Blaas: Det blir topp stemning og høg seidelføring når Oslo Blaaseorkester spelar opp. Oslo Blaaseorkester har sjølvsagt rydda plass i kalendaren for å vere med på årets oktoberfest i Stryn. Dei ser fram til å bidra også i år. For desse storblåsarane er oktoberfesten i Stryn eit av dei definitive høgdepunkta i året: - De lagar eit utruleg flott arrangement i bygda, det ser nesten ut som om heile Stryn er med på festen! Vi gler oss veldig til å vere ein del av oktoberfesten, seier frontfigur Robin Bogstad. Oslo Blaaseorkester ser fram til at sommaren snart er slutt slik at festivalsesongen kan ta til. Som i fjor kjem orkesteret med solid besetning og massevis av rutine i bagasjen. Dei stiller med same mann- skap som på fjorårets festival. Det skulle bety gjensyn med mellom anna artige frontfigurar og dyktige musikantar som veit å få folk i rette stemninga. fleire oktoberfestivalar i og rundt Oslo samt andre stader i Sør-Norge. Men også GrenseJakobselv i Finnmark vil få besøk i haust. Stram timeplan Oslo Blaaseorkester spelar på eit breitt spekter musikalsk sett, og dei har meir enn 20 års erfaring frå scena. Dei spelar mykje tradisjonell tyrolermusikk og kjende øl- og drikkeviser frå inn- og utland, men også folkemusikk, 70- og 80-talspop og storbandswing. Oktoberfest Stryn ønskjer Oslo Blaaseorkester velkomen til Stryn! Vi gler oss til å oppleve desse musikarane nok ein gong i sirkusteltet! Orkesteret, som må reknast som spesialistar innan tyrolerstemning og ompamusikk, har eit hektisk program både bak seg, men også framføre seg. For dei har oktoberfest-temaet inga begrensing når det kjem til årstider. Allereie i januar var dei i gang. Men det er ingen tvil om at det er september og oktober som er høgsesong for desse karane. Etter festen i Stryn ventar det Kjend og kjær musikk Loveshack Pastellfarga leggvarmarar som tilbehør til bondepikedrakta? Ball-gensar under skinnbuksa? Kvifor ikkje! Årets oktoberfest byr nemleg på ei tidsreise tilbake til den gongen då både musikken og håret var stort. Loveshack er eit av dei mest populære livebanda i Noreg, og hentar repertoaret sitt frå mellom andre Europe, Lionel Richie, Nik Kershaw og Billy Idol. Laurdagskvelden inntek dei scena i sirkusteltet, og vi kan garantere at det blir mykje å glede seg til anten det var du sjølv, foreldra dine eller borneborna dine som var unge på åttitalet. - Det er første gong vi er i Stryn så vi gledar oss stort. Vi er eit band som alltid lagar liv og røre, og klarar stort sett å få dei fleste til å ha det moro, seier frontfigur Svein Finneide til Oktoberfestavisa. Han må innrømme at det er første gong dei spelar på oktoberfest, men sidan dei som åttitalsband har eit nært og klamt forhold til skinnbukser er han sikker på at det går som smurt. Finn fram dei gamle Bon Jovi- eller Samantha Fox-plakatane (hvis du tenkjer etter så huskar du godt at dei ligg fint ihoprulla bak brusmaskina og kassettspelaren oppe på loftet) og tupér håret eller kombiner tyrolerbarten med ein kledeleg hockeysveis, så er du klar for årets store hending på Oktoberfest Stryn. Bassist Aslak Johnsen. 8 H 1 Pølsesnakk Ved sidan av øl, er det ein ting som er naudsynt for einkvar oktoberfest med respekt for seg sjølv: Pølser. Otto von Bismarck sa ein gong noko i retning av at det er best å ikkje vite korleis lover og pølser vert laga. Med fare for å skrive noko negativt om ein tysk herre med bart, dette er sludder og pølsevev frå ende til annan! Oktoberfest Stryn har i fleire år vore forsynt med lange lekkerbiskenar frå Nordfjord kjøtt. Etter at vi hadde utøvd jamnt press over lang tid, forøvrig ikkje ulikt framstilling av sylteflesk, gjekk kjøtkunstnarane i Loen med på å la oktoberfestavisa sleppe inn i det aller heilagste. Vi skulle få sjå korleis oktoberfestpølsene blir til. Pølsemakar Stig Muri kan fortelje at det heile byrja i den spede oppstarten til oktoberfesten, då einkvan frå Stryn Ping Pong Club spurte einkvan på NK om det let seg gjere å lage ei spesialpølse som kunne serverast som akkompagnement til ompamusikk i Stryn sentrum. Muri tok utfordringa på strak arm: – Det måtte sjølvsagt vere ei pølse med litt kraftige krydder i, med mykje god smak og solid lengde. Strengt hemmeleghald Etter utstrakt eksperimentering bak stengde dører inne i Loen kom han fram til ei eiga oppskrift han var sikker på ville slå an. Pølsene er laga av ei nøye avstemt blanding av storfekjøt og svinekjøt, og smaksett med ei spesialut- vikla og strengt hemmeleg krydderblanding. – Kva består denne krydderblandinga av, spør eg håpefullt medan eg for mitt indre auge ser for meg akkurat kvar SKUP-prisen skal henge på stoveveggen. Eg skjønar imidlertid raskt at her har eg har gått over streken idet Muri byrjar å taste på telefonen sin: «G-e-i....» Men så verkar det som om han ombestemmer seg. – Det kan eg dessverre ikkje fortelje deg. Men du kan få sjå korleis det går føre seg, seier han. Etter å ha iført meg reglementert antrekk i form av kvit frakk og hårnett, fører han meg ned ei trapp, inn ein korridor og gjennom eit utal sluser. Til sist vert eg møtt av Dag Sunde, som akkurat har byrja jobben med å mikse farsen til oktoberfestpølsene. Storfekjøt og svinekjøt forsvinn lett og ledig inn i maskineriet. Då Sunde skal til å tilsetje krydder i miksen, stoggar han og vekslar blikk med pølsemakar Muri som er snar med å vise meg vidare innover i produksjonslokala. Perfekt røyking Mellom høge stablar med velluktande sekkar får eg helse på to karar som presenterer seg som kryddermeisterar. Kjell Sandvik og Ove Hafsås viser fram ein prøve av den mystiske krydderblandinga, og medan det rykkjer i nasevingane må eg skuffa konstatere at eg ikkje kjem til å finne ut meir om samansetninga sidan posen er heilt utan innhaldsforteikning. Akk ja. Neste stadium i prosessen er å stoppe ut pølsene i fåretarm. Eg får helse på Anniko Cmielova, Juray Nagy og Raof Rashid Maerof. Etter ein nådelaus prosess som set opptaksprøvene til Storesunde Lysløypelag fullstendig i skuggen, er desse tre valde ut til jobben med å gje oktoberfestpølsene den rette, apetittvekkjande forma. Då er pølsene klare til å verte kokt og røykt. – Her ser du siste hand på verket, sier pølsemakar Muri stolt, og geleidar meg rundt eit hjørne. Ei dør som må vere bestilt frå same leverandør som Fort Knox brukar, opnar seg, og ut av røyken stig ein kvitkledd mann. Brått skjønar eg hemmeligheita bak det imponerande O2-opptaket hans. Helge Hafsås kokar og røykjer pølsene, og ser til at dei får akkurat rett farge og smak. Det passar forøvrig bra at oktoberfesten kjem i etterkant av grillsesongen. Hafsås kan opplyse at han er i ferd med å øve seg på ei ladning chilipølser, slik at røykinga skal vere perfekt kalibrert innan oktoberfestpølsene står for tur. På veg opp trappa etter endt omvisning kan Stig Muri informere om at Nordfjord kjøtt lagar rundt 400 kilo oktoberfestpølser til årets arrangement. Til samanlikning produserer dei totalt om lag 5 000 tonn pølser av ulike slag i løpet av året. – Vi tykkjer at oktoberfesten er eit flott arrangement, så det er mest for moro skuld vi gjer dette, avsluttar han. Turen er over, og medan eg kler av meg den kvite frakken og hårnettet ber eg ei stille bøn om at ingen legg merke til den vesle plastposen med mørkebrunt pulver som dett ut av lomma før eg får lurt han opp i kameraveska. H 3 Mange dyktige fagfolk er i sving når oktoberfestpølsene skal lagast: 1. Utstopparar Anniko Cmielova, Juray Nagy og Raof Rashid Maerof. 2. Pølsemakar Stig Muri. 3. Kryddermeisterar Ove Hafsås og Kjell Sandvik. 4. Kokar og røykar Helge Hafsås. 5. Farsemiksar Odd Sunde. 9 Ingen kan føle seg trygge for Kjellen H 2 Fredagskvelden kan du oppleve Norges sintaste, og desidert mest populære, fergebillettør på scena i sirkusteltet. Kjell «Kjellen» Bigset ryggar vogna meeeget elegant inn på Stryn kæmping, og er klar for show på årets oktoberfest. Kjellen har fleire millionar visningar på Youtube, og kan mellom anna lære deg å vispe svelerøre med 6 hestars Mercury påhengsmotor. Stryningane kan vente seg ein Kjellen i toppform. Då oktoberfestavisa slo av ein prat med han i august hadde han reiseplanane klare. Kvivsvegen er sjølvsagt heilt utelukka, skal ein reise på standsmessig vis må ein legge inn eit cruise frå Volda til Folkestad. Kjellen kan opplyse at han likar seg godt i Stryn: - Ja det er litt sånn som i Syden, i sentrum har du den fine blandinga av kloakk og gatekjøkkenmat som pirrar nasebora. Vi reknar med at stryningane generelt og arrangørane spesielt kan vente seg klar beskjed om kvar skapet burde ha stått, når Kjellen entrar scena fredag kveld. H 4 H 5 10 Servering må til Gledar seg til fest: Adrian Lefdal på Stryn Vertshus. Tradisjonen tru er det fleire krefter som står bak serveringa av fast og flytande også i år. Jens Isehaug og Isehaug kafeteria er den mest rutinerte av drivarane, medan Frode Briksdal og Briksdal Adventure kom til i fjor. I år er Adrian Lefdal og Stryn Vertshus nykomar på serveringssida. Etter eitt år som eigar av vertshuset på Per Bolstad plass er han klar til å vere med på festen: – Eg hugsar faktisk at den første åpningsdagen min på Stryn Vertshus var på fredagen under fjorårets oktoberfest. Då var vi utanfor festområdet, men hadde likevel fullt hus heile helga, sier Lefdal. I år er vertshuset altså med som arrangør, og Adrian Lefdal ser fram til hektiske dagar. Serveringstrioen har ingen planer om å gjere store endringar i eit velsmurt maskineri frå tidlegare oktoberfestar. Det blir sjølvsagt tradisjonelle literseidlar og Paulaner i år også, i tillegg til mange nye, spennande ølsortar. Ved inngangen til festområdet vert det garderobe ved inngan- gen, så publikum kan henge frå seg ytterkleda. I storteltet er det til ein kvar tid eit tjuetals servitørar i sving fordelt på tre barar, i tillegg til ryddepersonale. Tek vi med dei som jobbar inne på Isehaug kafeteria og Stryn Vertshus, er det meir enn 70 personar som sørger for mat og drikke til oktoberfestdeltakarane. Oktoberfesten har vakse mykje dei siste åra. Tidlegare var Strynemessa det største arrangementet når ein ser på omsetninga til serveringsstadene, no har motorfestivalen og oktoberfesten gått forbi. – Eg seier som eg har sagt før, eg syns det er utruleg viktig at det skjer noko i bygda. Folk har vore flinke til å finne på ting i periodar der det ikkje skjer så mykje frå før, sier Jens Isehaug. Han vil oppfordre publikum til å bruke bankkort som betaling, og gjerne minst mogeleg kontantar. – Vi lovar å ha rikeleg med bankterminalar på alle serveringsstader. Kapellmeister i storslag: Johan Olai Svidal. Ølbrygging Allereie i august sende Stryn Ping Pong-club ut invitasjon til ølbryggingskonkurranse, årets utgåve er den tredje i rekkja. Konkurransen er inndelt i to klassar: «Tradisjonelt konnjøl» og «Internasjonale ølstilar». Juryen legg vekt på faktorar som smak, farge og lukt. Arrangørene vil likevel setje pris på om deltakarane gjer ein innsats med emballasje, etikett og historieforteljing, med meir. For deltakarar i klassen «Internasjonale ølstilar» er det viktig å spesifisere kva for stil ølet er laga i. Alle som vil delta i konkurransen må melde seg på ved å sende epost til [email protected] seinast 14. september. Juryformann er Espen Lothe frå Kinn Bryggeri og vi har, i år som i fjor, ein svært velkvalifisert jury. Alle bryggarane må møte opp ved Isehaug kafeteria laurdag 19. september kl 12.00. Her vil det bli informert om kva som skjer utover dagen. NB: Det vert ikkje anledning til å servere smaksprøver, grunna vedtak i Stryn kommune. Innleveringsfrist for øl som skal vere med i konkurransen er seinast fredag 18. september klokka 12.00. Leveringsstad er Isehaug kafeteria. Ølet må merkast med namn, adresse og mobilnummer, samt informasjon om ølet og kva klasse ein konkurrerer i. Kvar ølbryggar vil få anledning til å fortelje om sitt øl, og det blir sjølvsagt fantastiske premiar til vinnarane. Det skal leverast inn ein (1) liter øl for bedømming, valfri emballasje. Kvar deltakar kan stille medmaksimum 4 øltypar i konkurransen. For meir informasjon, kontakt konkurranseansvarlege Arve Aaning eller Svein O. N. Solum på [email protected] Vi oppfordrar ølbryggarar frå heile landet til å stille opp i konkurransen. 11 Husbandet - I år skal vi ta Stimmungen til nye høgder! Kapellmeister Johan Olai Svidal har svinga pisken med fast men kjærleg hand over Husbandet sine medlemmer sidan tidleg i August. Han vil vere sikker på at Ping Pong-klubben sitt paradeorkester leverer varene på oktoberfesten. Varene er i år som tidlegare ei blanding av gode, gamle slagerar og nye låtar, og Svidal er full av lovord om Oktoberfestpublikumet. - Eit av høgdepunkta er allsong med “Ein Prosit” og “Anne Mari”. I fjor såg vi frå scena at teltduken letta eit par centimenter under desse nummera, og eg reknar med at årets publikum ikkje er noko dårlegare. Trekkspelvirtuosen som har vore Husbandets ubestridte eineherskar heilt sidan oppstarten i 2006, kan opplyse at ei rekkje gjesteartistar vil besøke Husbandet under årets Oktoberfest. - Eg kan bekrefte at stjerner av både lite og stort format vil dukke opp på scena, men eg skal ikkje ødelegge moroa med å røpe kven dei er. Litt spenning må det vere, avsluttar Svidal. Husbandet klar for fest: Frå venstre: Svein Ove Solum (gitar), Thomas Thaule (trommer), Olav Næss (fele), Ivar John Erdal (saxofon), kapellmeister Johan Olai Svidal, Kristian Roset-Hansen (althorn og vokal), Elling Sølvberg (fele), Ingebrigt Kyrkjeeide (trompet) og visekapellmeister Jørn Peder Sætre (tuba). Ølbrygging: Framme frå venstre ser vi Svein O. N. Solum (arrangør frå SPPC), juryformann Espen Lothe frå Kinn bryggeri, vinnar Lillian Rebni Heimlid og jurymedlem Per Øen. Bak ser vi finalistar og vinnar konnjøl Isak Fotland Fænn (bakerst til høgre). 12 Oktoberfest-butikken er klar: Det var stor opningsfest torsdag 3. september. Konfeksjon frå Olden: Butikksjef Endre Bø har fått med seg «Drei schnelle Mädchen» frå Olden, Åsta Sunde Fredheim, Margunn Skarstein og Berit Skogli. Lengst til høgre Geir Tonning med oktoberfestbjøller. Bondepikedrakter frå Olden Det som etter kvart har gjort oktoberfesten i Stryn unik er at dei fleste deltakarane kler seg opp i tradisjonelle kle. Også i år vil det vere ein eigen butikk for oktoberfestkle. Denne vil vere på same stad som i fjor, i Sundehuset i Pershusvegen 27. Butikken kan tilby alt hjartet måtte ynskje av kle, strømper og hattar. Også i år er det mange spennande nyhende både til ho og han. Butikksjefen sjølv, Endre Bø, kan fortelje at det tidlegare har vore rift om varene og at mange likar å fornye garderoben til denne helga. – Vi fortset difor suksessen med «second hand shop». Om du leverer inn din gamle dirndl eller lederhosen får du rabatt på kjøp av nye varer, opplyser han. Dermed kan butikken tilby kle i dei fleste prisklassar. Shopen vil opne i byrjinga av september, og held ope både på kvardagar og i helgar. Sjå etter informasjon om opningstider på facebook-sida vår. – Vi ynskjer gamle og nye kundar velkomne til ein hyggeleg handel eller ein interessant klesprat, seier Endre Bø. Barnas oktoberfest held i år fram med aktivitetar og underhaldning i lisjeteltet på dagtid laurdag. Vi veit at også barna likar å kle seg opp til denne helga. Vi har tinga kvalitetskle til barn, men etter stort førehandspåtrykk frå publikum ser Bø at dette kanskje kan bli for lite: – Vi har difor vore så heldige at den velrenommerte konfeksjonsbedrifta “Drei schnelle Mädchen” i Olden har sagt seg villige til å levere OKTOBERFEST! frå sin nye kolleksjon til oktoberfestshopen. Jentene, som held til i dei grøne åsane kring Olden, vil jobbe på spreng fram mot oktoberfesten for å møte den aukande etterspurnaden etter desse varene. Butikksjef Bø var for ei tid tilbake på fabrikkinspeksjon og vart svært imponert over det han såg: Vi har sko til din dirndl og lederhosen! – Det er lett å sjå at her er det ikkje spart på verken kvalitet eller førsteklasses saum. Etter omvising på fabrikken fekk han presentert årets dirndls, og teikna sporenstreks avtale for sesongen 2015. – Vi er svært stolte over å ha med Drei schnelle Mädchen på laget, og ser fram til å ha denne kolleksjonen i vår butikk, avsluttar Endre Bø. SKOBUTIKKEN LAGERSAL % 0 ÷ 40-5 • • • • • • : v ra a l l e • d o m e d • på utval vår å s g Sjå o njeavis pa kam e veka ! denn Vinterbekledning - Norrøna, Bergans, Phenix, Didriksons m.m. Innendørssko, joggesko og hikingsko Fotballsko Bergans skulesekkar Tursekkar - Helsport/ Arc'teryx Treningskle Softshellbukser Fiskestenger og sneller 13 Barna sin OKTOBERFEST på Stryn Torg Fredag 18. september Vi startar feiringa med GRATIS popcorn og sukkerspinn Laurdag 19. september frå kl. 11.00 Oktoberfestklovnen Fritz kjem på besøk Song Musikk Ballongfigurar til alle barn www.stryntorg.no Opningstider: mån - fre 10-18 lau 10 - 16 Rema 1000 og Vinmonopolet har eigne opningstider Barnas lykkehjul Matstova Heimebakeri • Cubus • Eurosko • Nille • Notabene • Clip Frisør • Studio Basis • Sparebanken Vest Rema 1000 • Vinmonopolet • Upstairs (Jack & Jones, Vero Moda) • Heidi Blomster • Fysioterapi og Trening 699,Nike Free 5.0 EL-sykkel - herre , 0 0 ÷50 2 stk. E-GREEN inkl. batteri Alle syklar til vaksne ÷30% ÷20% Alle syklar til barn/junior Tonningsgt 32 - tlf. 57 87 10 62 - [email protected] MÅN-FRE 9 - 17 LAUR 10 - 15 14 Vi feirer i lag OKTOBERFEST VIC Havnen Stryn - tlf. 57 87 11 71 DesignStudio FRISØR - MAKEUP Stryn Isehaug Kafeteria Johans Pub Riccovero Stryn - Olden Midt på festivalområdet Stryn Kaffebar & Vertshus Tlf. 57 87 05 30 - «EIN PROSIT» Ytre-Eide Sport AS Sport 1 - Stryn Byggtorget Stryn Trelast AS Stryn Bilverksted AS Miljøservice AS Toyota Nordfjord og Førde AS Kveen AS Euronics Esso Stryn Bensinstasjon Expert - Øvreberg Thor Tenden Transport AS Stryn Stryn Tlf. 481 95 555 Tlf. 57 87 20 00 Stryn Tlf. 57 87 60 00 Tlf. 57 87 14 11 Stryn Stryn 15 Vi feirer i lag OKTOBERFEST Stryn Bokhandel AS Kr. A. Vik Comfort Berge & Co Vinsrygg Maskin YX Fagre Stryn Bensinstasjon Stryn Hotel Skarstein & Walaker AS SEAS Stryn Elektro AS STRYVO AS SKOGSTAD Enten Eller Frisør, Hud & Velvære Smartek.no Vinsrygg VVS Ommedal Manufaktur AS Stryn Stryn Stryn - tlf. 907 68 072 Tlf. 57 87 07 00 Tlf. 57 87 66 00 Stryn Stryn - Olden - Innvik Stryn Tlf. 57 87 29 20 zum Spaß Tlf. 57 87 22 01 - Stryn S. Eikenæs Klær og Sko Stryn RØRLEGGAR Stryn - tlf. 916 26 585 Stryn STRYN 18-19 SEPTEMBER 2015 FREDAG: BIERSTUBE 22:00 Holko & Hauge SIRKUSTELT 20:00 Oslo Blåseorkester LAURDAG: BIERSTUBE 14:00 Familieshow 19:00 Festmiddag m. underhaldning 21:00 Husbandet 21:30 Lokalstunden 22:30 Holko & Hauge KVELDSTID LAURDAG: SIRKUSTELT 20:00 Stryn Musikklag 20:45 Oslo Blåseorkester SIRKUSTELT 21:00 Kjell Kjellen Bigset 22:00 Oslo Blåseorkester 23:00 Husbandet 00:30 Daniel Engen & The Hugin Band 02:00 Slutt 20:00 - 03:00 Kiosk/ Lebensmittel 12:30 13:00 13:15 13:45 14:15 15:00 15:15 Parade Offisiell opning Husbandet Stryn Musikklag Direksjonsmusikk Kåring ølsmaking Oslo Blåseorkester 16:00 Bingo 13:00 - 18:00 Matservering v/ Smak 13:45 Barnas Oktoberfest Familieshow Pølse Hestekøyring 22:00 Kåring Frøken Oktoberfest og Årets bart 22:15 Husbandet m. gjesteartistar 23:15 Daniel Engen & The Hugin Band 00:30 Loveshack 02:00 Slutt 20:00 - 03:00 Kiosk/ Lebensmittel www.oktoberfeststryn.no facebook.com/oktoberfeststryn VELKOMNE TIL ALLE OG EINKVAR! Billettar kjøpt på hoopla.no må bytast inn i armband i billettvogna ved inngangen. FRI INNGANG LAURDAG 19. SEPTEMBER FRAM TIL KL. 18.00.
© Copyright 2024