Spring for misjonen

ØY
Nummer 5
NYTT
Kyrkjeblad for Øygarden
Oktober 2015
Spring for misjonen
5
42. årgang
10
Dåp
3
“Krossen” , andakt ved Helge Unneland
- eit synleg uttrykk
for det usynlege.
4
KRIK, ein viktig møteplass for mange
7
Nytt sokneråd, 2015-2019
8 For første gong på leir
23 på ny søndagsskule
Framover vert det søndagsskule under gudstenestene i Blomvåg kyrkje.
Det er Inger Marie Blom Bonifacio, Olaug Merete Rong, Kate Solsvik
og Birgitte Rong som driv den nye søndagsskulen, eit tilbod for born
som kjem til gudstenstenesta og for born
i nærområdet til kyrkja. Foreldre som ikkje
deltek i gudstenesta, men som ønskjer at
borna skal delta på søndagsskulen, kan
møte opp ved kontorinngongen. Der vert
borna tatt i mot av leiarane. 23 born deltok
på første samlinga. Sjå side 15 for datoar
for søndagsskule i kyrkjene., Blomvåg og
Hjelme.
Illustrasjonsfoto frå Blomvåg kyrkje Blomvåg kyrkje har få rom egna til
føremålet. Søndagsskulen er difor lagt til kontoret i kyrkja. Rommet vil
får ny innreiing og noko utstyr som gjer at ein kan driva søndagsskule.
I Hjelme kyrkje er det også søndagsskule under gudstenestene. Det er
Annlaug Børve og Råmund skjold som har hovudansvaret. Red.
Du som gir
finansierer eit viktig arbeid retta mot born og unge som veks opp i
Øygarden. Takk for det du gir!
Gåver i 2015
Ikkje offer og kollekt
200 000
150 000
100 000
50 000
0
Innk. Pr. 1.10.
Budsjett 2015
Det kostar å driva det store kristne barne- og
ungdomsarbeidet som kyrkja no er delaktig
i lokalt. Frå hausten 2015 er det fem i teamet
og gåvebudsjettet er justert opp frå kr 150
000 til kr 180 000. Nokre store gåver gjer at
me nærmar oss budsjettet. Alle gåver monnar, store og små!
Bankkontonummer for gåver: 3628 55 90870
18 på småbarnssong
I fjor haust starta kyrkja opp med babysong i Blomvåg kyrkje. Tiltaket
er svært poplært og då ein starta opp att etter sommarferien var det 20
babyar med foreldre som deltok på babysongen. Tilbodet er for heile Øygarden.
Kari Sandøy Rong (biletet) som har ansvaret for
babysongen tenkte at ho fekk kasta seg ut i det
med eit nytt tiltak, nemleg småbarnssong. Det
er for born i aldersgruppa 1 - 3 år.
På første samlinga i Blomvåg kyrkje 22. 9. kom
det 18 born med foreldre. På babysong og
småbarnsong syng ein kristne barnesonger, har bevegelsar, både for
born og foreldre og det er sosialt samvær. Alle born i den aktuelle aldersgruppe i Øygarden, har fått invitasjon. Sjå side 15 for datoar. Red.
Redaktøren har ordet
Kjære
lesar!
Det er haust og oppgåvene tek oss. Blar du
bakover i bladet ser du at det manglar ikkje
på tilbod og aktivitetar. Me driv ikkje aktiviteten for aktivitetens skuld. Vår oppgåve er å
formidle evangeliet om Jesus Kristus, som den
oppstadne frelsar, for alle menneske.
Me set fokus på dåpen og formidlar i bladet
informasjon om mange tilbod til born og
unge, som ein konsekvens av dåpen og vidare
oppfølging i kristen regi. Gjennom babysong,
og småbarnssong møter me både barnet og
minst ein av foreldra. Det er viktig. Søndagsskulen er og vert viktig!
Me har lagt bak oss eit kyrkjeval. Reint organisatorisk gjekk det greitt, med mange flinke
medarbeidarar. Oppslutnaden auka som følgje
av nærleik til kommune- og fylkestingsvalet.
Det er ulike konsekvensar av kyrkjevalet. I
Øygarden var det 6 menn som kom inn på fast
plass. Å kritisera dette, er å kritisera demokratiet og veljaren. Det er i alle høve ikkje dei som
kom inn, som er ansvarleg for dette. Velkommen til nye soknerådsmedlemer. Det er ei stor
og viktig oppgåve som ventar, ikkje minst i
høve brytningane i Den norske kyrkja.
Det er kriser ute i verda. Krig og elende. Dette
fører til mange fleire flyktningar, også til vårt
land. Det set mottaksapparatet og oss som
enkeltmenneske på prøve. Kristenfolket vert
også utfordra. Kva ville Jesus gjort?
ØyNytt-redaksjonen arbeider med stoff om
integrering i Øygarden. Dette er eit krevjande
tema, men me vil skriva om det når stoffet er
på plass.
Me gratulerer nye kommunepolitikarar og me
vonar dei ser nytten av ei velfungerande kyrkje
og det frivillige kristne arbeidet i kommunen.
Samfunnsmessig sett eit viktig førebyggande
arbeid. Ordførar og formannskap vert presentert i neste ØyNytt.
Olav Martin Vik
Redaktør
Kontingenten for ØyNytt er avgjerande for at bladet kan produserast. I dette bladet er det ei påminning om dette.
2
ØyNytt
Andakt ved prostiprest Helge Unneland
Krossen
Krossmerket er det sentrale symbol for kyrkja sin bodskap. Det
handler om dei djupaste eksistensielle spørsmål i våre liv –
å komme til rette med vår skuld og med døden.
Dei fleste forbind noko med bibelordet i Johannes-evangeliet 3,16 som óg vert
kalla ”Den vesle Bibel”. Mange kjenner att dette bibelverset frå konfirmanttida:
”For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på
han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” Men versa før dette kjerneordet gjev
oss ein tolkningsnøkkel til krossen sin løyndom. - ”Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen bli lyftast opp, så kvar den som trur på
han, skal ha evig liv.” Bakgrunnen er Israelittane si vandring frå fangenskap i Egypt
til fridom i ”det lova landet”. Dei vart berga/redda/frelst gjennom vatnet til fridom
og vart eit pilegrimsfolk. Men dei var ulydige og ”lengta attende til kjøtgrytene
i Egypt.” Då kom det giftslanger inn i leiren med sin dødbringande gift. Men
Moses ba for folket og fekk melding om å sette opp en koparslange på ein stong
- og eit blikk på denne var nok til redning. (4.Mos 21,8f ).
”Slik må Menneskesonen lyftast opp”. Jesus er vårt soningsoffer. Han har ved
sin død og oppstode sigra over synden, døden og den onde! Krossen er eit
frelsesteikn. Det samanfattar trua sitt innhald: forlating for syndene og evig liv.
”Tre dager dødens fange han var – før han sto opp og seiren var klar. Tvers gjennom
gravens stengsel han gikk. Frelse og fred ved Jesus vi fikk!” – syng vi i ein afrikansk
påskesalme.
Det gamle prosesjonskorset i Blomvåg kyrkje,
boren av tidlegare klokkar Ole A. Vik
I vår dåpsliturgi seier presten: ”Eg teiknar deg med det heilage krossmerket, til vitnemål om at du skal høyra den krossfeste
og oppstadne Jesus Kristus til – og tru på han.” Gjennom dåpens vatn vert vi sette fri. Vi er blitt ein del av pilegrimsfolket
- slik vi syng: ”Vi er et folk på vandring. Når veien blir slitsom og lang, vi søker en eng og en kilde, et fristed for bønn og sang”. I
gudstenesta sitt fellesskap møtes himmel og jord. Og når gudstenesta startar med inntog med prosesjonskrossen fremst - er
det nettopp eit uttrykk for dette festet som Johannesevangeliet minner oss om i Joh 3,14-16. Den som vert døypt vert signa med det heilage krossmerket. Presten teiknar krossmerket over kyrkjelyden under velsigninga. Men reformatoren Martin
Luther skriv i den vesle katekisma at det er ein god skikk å teikne krossmerket over seg når ein står opp om morgonen og når
ein går til ro for natta. Og det er meir utbredt enn før - at deltakarar i gudstenestene teiknar krossmerket over seg når ein
tek imot nattverden og ved velsigninga. Som eit trua sitt skjold, som eit gjensvar i tru på Guds godheit. Denne ytre handlinga
gjev oss ei påminning om kven vi høyrer til og kor vi har vår von.
Prostiprest Helge Unneland
DÅPS- OG TRUSOPPLÆRINGSSAMTALEN
Når kyrkjekontoret får melding om fødsel av ein ny
Øygardsværing, får dei føresette invitasjon til dåp. Etter at
dåpsdatoen er fastsett, gjer ein avtale om ein samtale med
presten, på kyrkjekontoret. Samtalen varer om lag ein halv
time.
Denne samtalen er ein fin mogelegheit til samtale om
dåpen og å verta betre kjent med kyrkjelyden. Samtalen er eit
verdifullt møtepunkt mellom prest og dåpsforeldra. Ein del av
samtalen handlar om praktiske spørsmål. Er det fyrste bornet
som skal døypast, er det gjerne ulike ting ein lurar på. Viss
nokon i familien likar å synge eller å lese, kan ein avtale korleis
dei kan medvirke under gudstenesta. Det er veldig flott når
nokon i dåpsfamilien deltek på denne måten.
Me kallar denne samtalen ein ”dåps- og trusopplæringssamtale”. Me ser nærare på kva som er innhaldet i den kristne
dåpen, og på kva tida etter dåpen kan innehalde. Me går
igjennom kva kyrkja har av tilbod til born og ungdom. Korleis
ein kan legge til rette for at born får ei kristen tru vert det
óg ofte tid til å reflektera rundt. På slutten av samtalen får
foreldra med seg ein plakat med ei enkel kveldsbøn, samt invitasjon til babysong og småbarnssong i kyrkja.
Sokneprest Espen Sigve Tveten
ØyNytt
3
Frå første KRIK.-samlinga hausten 2015
KRIK i Øygarden
KRIK i Øygarden samlar mange ungdomar annankvar fredag på Toftøy skule.
På første samlinga i haust kom over 30 ungdomar. Det er frivillige som driv KRIK i
Øygarden.
Tekst: Olav Martin Vik Foto og kjelde: André Rong
– André Rong, som er frivillig medarbeidar
i KRIK i Øygarden sendte ØyNytt ein statuspport etter første samlinga i haust.
KRIK har samlingane sine på Toftøy skule, i
gymsalen i gamlebygget.
André fortel dette frå første samlinga:
Det var 30 ungdommar som var med på
aktivitet i gymsalen denne fredagen. I
tillegg var det 6-7 personar på scena og
som ikkje deltok. Me hadde ei flott samling med kanonball, Fotball, innebandy,
basket og leikar.
Teamet var med og Lovise hadde andakt,
der ho fortalte om Marta og Maria, og at
me ikkje behøver å rydde opp i syndene
våre før me slepp Jesus inn. Han gjer det
for oss.
KRIK har samling annankvar fredag og i
haust vert det: 23.10, 06.11. 20.11, 04.12.
juleavslutninga i år vert saman med
Refuel , 11. desember,
KRIK sin visjon er å bevara, inspirere og
vinna idrettsfolk til kristent liv både i
idrettslag og kyrkjelyd.
På KRIK-samlingane samlast ungdomane
i trygge omgivnadar. Dersom ein berre vil
sjå på, kan scenekanten vere ei fin tribune. I botn ligg kristen tru og det å
dela Guds ord med ungdomane.
Ta kontakt med André Rong, tlf. 41219604,
om du ønskjer meir informasjon om KRIK
i Øygarden.
Hvordan har du det – egentlig?
Ring eller skriv. Vi er her. Alltid.
4
Vi er mennesker med lang erfaring i å lytte til og støtte andre.
Du når oss døgnet rundt på 22 40 00 40,
og du trenger ikke presentere deg.
Passer det bedre å skrive til oss, så kan du
gjøre det på kirkens-sos.no eller soschat.no.
ØyNytt
Fakta om KRIK
Kristen Idrettskontakt (KRIK) er ein kristen
ungdomsorganisasjon som har som mål
å knytte bånd mellom idretten og kyrkja.
KRIK vart starta etter initiativ frå presten Kjell
Markset i 1981.
KRIK består av fleire organisasjonsledd.
Kontakt med medlemane føregår i stor grad
gjennom dei omlag 300 lokallaga spreidd
kring i landet, der medlemane møtes og har
trening på ein regelmessig basis. Deretter
kjem kretsstyra og distriktskoordinatorane.
Administrasjonen styrer med den daglage
drifta av organisasjonen,landsstyret forvalter
KRIKs midler og setter opplangtidsplaner, og
øverst er generalforsamlingen som møtes en
gang hvert andre år.
KRIKs hovudkontor i Oslo er på Ullevaal
Stadion.
Kjelde: Wikipedia
Nautnes bedehus - møte og bibeltimar hausten 2015
(Nordhordland Indremisjon)
• Torsdag 5. november kl. 19.00 • Torsdag 26. november kl. 19.00 • Fredag 4. desember kl. 19.00
• Laurdag 5. desember kl. 19.00
• Søndag 6. desember kl. 19.00
v/ Helge Keilegavlen
v/ Ole Corneliussen
Møtehelg
v/ Per Gunnstein Nes
Soknepresten skriv om dåpen
Espen Sigve Tveten, sokneprest i Øygarden
Dåp - eit synleg
uttrykk for det
usynlege
Det er høgtid når det er dåp i kyrkjene våre.
Det er festkledde menneske og eit lite born i
sentrum. Dåpen markerar betre enn noko anna
kva nåde er. I dåpen gjer ikkje det lille barnet
anna enn å ta imot gåvene i dåpen. Barnet har
ikkje gjort seg fortent til noko belønning utifrå
prestasjon eller stilling eller stand. Men Gud
gjev og den som vert døypt tek imot.
Når eit born vert boren til dåp, vert me minna om at ingen kan bera seg sjølv. Gjennom
dåpen vert me ein del av eit fellesskap som
strekk seg over heile verda– og gjennom alle
tider. Det er ei markering der barnet har alle
sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der
Gud lovar å følge barnet alle dagar.
Dåpen er eit av to sakrament vi har i vår lutherske kyrkje, nattverden er det andre. Eit sakrament er noko annleis enn dei andre tinga vi
gjer i kyrkja og i gudstenesta, fordi me handlar
etter befaling av Jesus. Jesus har sagt at me
skal døypa og fortelja om ham, og han har
bede oss om å dela brødet og vinen til minne
om ham. Et sakrament er ei heilag handling kor
me trur at Gud gjer noko med oss. I sakramentet får me lov til å tru at det skjer noko meir enn
det auga kan sjå. Dåpen vert eit synleg uttrykk
for Guds usynlege nåde.
Me får del i Guds gode gåver i dåpen. Gud set
oss i eit rett forhold til seg sjølv. Guds kjærleik
omsluttar oss frå livets start, men den såkalla
arvesynda stenger oss frå nåden og eit fellesskap med Gud. Me er i utgangspunktet
på minussida, men gjennom å verta døypte i
Jesu namn kjem me på plussida ovanfor Gud.
Dåpen vert slik ein ny fødsel til eit nytt liv. Vi får
del i forlatinga for syndene våre og del i himmelen. Trua får si start og me får den Heilage
Ande som hjelper oss å forstå kva Gud i si nåde
har gjeve oss. Gud bind mange av sine løfte til
dåpen, sjølv om han er fri til handla når og kor
han vil.
Dåp og opplæring heng saman. Kyrkja har nok
vore betre på dåp enn opplæring. Me ynskjer
å legga til rette for gode trusopplæringstiltak i
Øygarden. Frå borna er 0-18 år skal det vera eit
tilbod for kvart år. Slik ynskjer me å spela på lag
med foreldra når det gjeld kristen oppseding.
Foreldra er dei viktigaste og har ansvaret, fadrane er tiltenkt ein funksjon, og kyrkja vil hjelpa
til.
Me vil aldri kunne forstå dåpen fullt ut. Dåp er
ei stor hending er et mysterium. Når det gjeld
dåpen og løfta frå Gud til oss, får me gå dei i
møte i tru og håp.
“Dåpen vert eit synleg uttrykk for Guds usynlege nåde“
ØyNytt
5
Endringar i staben
Kantor Anne Lise Grøm, har etter eige
ønskje fått redusert stillinga med 20 %, med
verknad frå 1.10.2015.
Reduksjonen vert dekka inn ved bruk av
vikar etter behov. Endringa influerer i liten
grad på gudstenestene.
Gospel teens under Refuelweekend 2015 foto: TSJ Foto
Gospelgudsteneste
Hjelme kyrkje søndag 22. november kl. 17.00
Diakonimedarbeidar Bjørg Blom har fått
auka stilling frå 40 til 50 %. Fellesrådet fekk
eit eingongsbeløp frå Bispedømerådet som
dekkar noko av auken. Biskopen har tidlegare
etterlyst ei full diakonistilling i Øygarden. Det
er det ikkje pengar til. Behovet er der.
Gospel teens, Espen Tveten, Anne Lise Grøm m.fl.
Odd Normann Thormodsæter har no bede
om fritak som vikarorganist. Me takkar Odd N.
for trufast teneste.
Kollekt til kyrkjelydsarbeidet
John Solsvik er no vikarorganist på gudstenestene. Kyrkjeverja
Bibelleseplan
Mange takk
Det kan vera godt å ha ein plan for bibellesinga.
Kyrkjekontoret har bibelleseplanar til deg som ikkje
kan skaffa ein slik plan på annan måte.
Ole A. Vik fylte 80 år 7. september. Han ønskte ei pengåve til teamet istaden for gåver til
seg sjølv. Me takkar så mykje for kr 15 150 og
gratulerer med dagen.
Ole har tidlegare vore klokkar i Blomvåg
kyrkje og fast frivillig medarbeidar. Han var
fiskebåtskippar heile sitt yrkesaktive liv. Red.
Ta kontakt med oss på telefon 56382240 eller stikk
innom kyrkjekontoret i 2. høgda på Rong senter.
Hausttakkefest i oktober
Blomvåg kyrkje søndag 18.10. kl. 18.00 (mrk)
Hjelme kyrkje søndag 25.10. kl. 11.00
Fokuset i desse gudstenestene vert
takksemd. Det vert rom for personlege vitnespyrd. Det vert tatt opp ei særskilt gåve til
teamet i gudstenestene. Det har gått ut ei
oppfordring til å gi 1000 kroner.
Eldtretreff og førjulsfest i desember
Eldretreffa i Hjelme og Blomvåg har felles
førjulsfest ONSDAG 16. DESEMBER KL. 16.00 på
Tednebakkane omsorgssenter, Rong.
Visjonskveld i Blomvåg kyrkje
torsdag 22. oktober kl. 19.00.
Fokus på misjon lokalt og globalt. Me får besøk av Kjartan Sørheim frå
IMI-kyrkja i Stavanger. Han arbeider med misjon i Thailand.
Det vert husband og underhaldning, kaffi og kaker. Arrangementet er ope
for alle, ingen påmlding. 6
ØyNytt
Biblar til 5-klassingane
Alle born i aldersgruppa 5. klasse vil få
Biblar, enten utdelt i kyrkjene eller på skulen.
Det er eit opplegg ute på skulane som
heiter Vandring gjennom Bibelen for born. Då
vert Bibelen som borna har fått, brukt. Det er
frivillig å ta i mot Bibelen.
Det er Harald Berge Breistein (NLM) som
besøkjer 5. klassane, på vegne av kyrkja.
Red.
Nytt sokneråd
Veljarane har valt 6 menn til Øygarden sokneråd,
3 frå Blomvåg og 3 frå Hjelme.
Begge dei første vararepresentantane er kvinner.
Tekst og foto: Olav Martin Vik
– Kyrkjevalet 2015 er over og veljarane
har sagt sitt. Nominasjonskomiteen la
fram lister med kvinner, menn og unge
menneske. Når røystene var talt opp
etter valdagen sat det 6 menn i det nye
soknerådet. Det er 3 faste medlemer frå
Hjelme og 3 frå Blomvåg. Første vararepresentant frå Blomvåg og Hjelme møter
fast, dei er kvinner. Tilsaman er det 10
vararepresentantar.
Fleire som røysta
Det var kyrkjeval i 2011. I 2015 var det ein
auke på 104 % og for Hjelme 89 %.
Frammøteprosenten er låg i forhold til
talet på kyrkjemedlemer, 16 % i Blomvåg
og 25 % i Hjelme. Totalt i Øygarden røysta 583 kyrkjemedlemer, 390 i Blomvåg
og 193 i Hjelme. 90 personar førehandsrøysta.
Perioden 2015-2019
Det nye soknerådet konstituerer seg
i oktober og skal sitja fram til hausten
2019. Leiar og nestleiar vert valt for 1
år om gongen. Soknepresten er fast
medlem i soknerådet.
Samanslått sokneråd
Det er eit såkalla samanslått sokneråd
i Øygarden, med representantar for
Hjelme og Blomvåg sokn.
Stor verksemd - stort ansvar
Den norske kyrkja i Øygarden er ei stor
verksemd med mange tilbod og aktivitetar for menneske i alle aldrar. Trusopplæringa stor i fokus framover med fleire
tilbod, ikkje minst retta mot born.
Soknerådet har eit stort ansvar for heile
det kristne arbeidet i regi av kyrkja.
Resultat frå Kyrkjevalet 2015
MEDLEMER I ØYGARDEN SOKNERÅD
Frå Blomvåg, fast medlem
1. Gisle Kårbø Rong
2. Øyvind Solsvik
3. Erling Vik
Frå Hjelme, fast medlem
1. Råmund Skjold
2. Tormod Magnesen
3. Eilert Olai Hellesøy
Vararepresentantar
1. Inger Marie Blom Bonifacio
2. Therese Dale
3. Jakob Kåre Blom
4. Åse-May Solsvik Blom
5. Øystein Vik
Vararepresentantar
1. Bjørg Fjeldstad
2. Astrid Nautnes Rustad
3. Arild Nordvik
4. Monica Breivik
5. Thorleif Birger Hellesøy
Valte faste medlemer:
F.v. oppe: Gisle Kårbø Rong og Råmund Skjold
F.v. midten: Øyvind Solsvik og Tormod Magnesen
F.v. nede: Erling Vik og Eilert Hellesøy
1. varamedlemer:
F.v. nederst: Inger Marie Blom Bonifacio, Bjørg
Fjeldstad
Desse har sete før i soknerådet: Råmund Skjold,
Erling Vik, Øyvind Solsvik og Bjørg Fjeldstad.
VALDELTAKING I 2011 OG 2015
Desse er vald inn i bispedømerådet i Bjørgvin
Direkte val (valt av kyrkjemedlemer som røysta):
• Nora Sætre Baartvedt, (21), Voss, student.
• Karl Johan Kirkebø, (65), Bønes, marknadsdirektør.
• Vemund Atle Øiestad, (67), Stryn, tannlege.
• Inger Helene Thingvold Nordeide, (54), Førde, sjølvst. næringsdrivande.
Valt av dei tilsette
• Beate Husa, (44) Sund, kyrkjeverje.
• Vara: Arne Tveit, (53) Bergen kyrkjelege fellesråd, Kyrkjebyggsjef.
Valt av prestane (geistlege)
• Ivar Braut, (59) Birkeland, sokneprest.
• Vara: Kjersti Brakestad Boge, (42) Voss, kapellan.
Dei nye sokneråda skal velja (indirekte) 3 medlemer til bispedømerådet innan 30.11. mellom dei attværande kandidatane.
Adventsleir på Fjell-ly
Helgen 4.-6. desember inviterer vi til leir for alle generasjoner
på Fjell-ly. Vi har fokus på advent- og julebudskapet, og vi bruker tid
sammen på kjekke hobbyaktiviteter og pepperkakebaking. Ta med
deg barn og/eller barnebarn og bli med på en innholdsrik helg! For
mer info se www.mi-imf.no eller ring 56310440.
Arr: Midthordland Indremisjon
Fjell-ly ligg på Møvik i Fjell
ØyNytt
7
Barne- og ungdomssider
Frå leirdagen for aldersgruppa 1. og 2. klasse.
På leir for første gong
Tekst: Hogne Berland Foto: Caroline Berentsen Fortun
Ein dag i året er det leirdag på Skjergardsheimen. Det er dagen der unge,
lovande 1.- og 2. klassingar med stor
forventning kan få ha leirplassen for seg
sjølv. Mange er på leir for første gong.
Det merkast godt når 37 born på 6 og
7 år inntar Skjergardsheimen den første
laurdagen i haustferien. Nokon er litt
nervøse i starten, men det går fort over.
Aktivitets- og lydnivået veks ganske raskt til sjeldne decibel-verdiar og ledarane
får nok å henga fingrane i for å halda
følgje. I løpet av dagen får deltakarane
prøve seg på det meste ein leir kan tilby.
Frå sporløp til bibeltime, frå fellesmåltid
til uteleik. Målet med dagen er at dei
skal både få eit innblikk i og ein smak
på leirlivet. Her såg det i alle fall ut til at
mange fann seg godt til rette til trass for
at vêret ikkje samarbeida heilt.
Temaet for leirdagen er «Bli kjent med
Jesus». I dag får dei høyre historia Jesus
fortel om den miskunnsame samaritanen. Seinare får dei sjølv vera med og
lage skodespel frå forteljingar om Jesus
i Bibelen. I tillegg er det kjekt å læra nye
songar og borna imponerte med å læra
fort, sjølv om det kan vera vanskeleg å
både syngja og gjera bevegelsar samtidig!
Til slutt er det kjekt å få besøk av dei
vaksne. Mange foreldre og søsken og
nokre besteforeldre møtte opp for å
vera med på avslutningssamlinga. Her
hadde flinke leirledarar frå 10. klasse
baka både kaker og bollar som vi kunne
kosa oss med. Bilete frå dagen var òg
ein hit. I tillegg var det forferdeleg spennande å høyre kven som vant sporløpet.
Behov for vaksne leirledarar!
Hogne Berland, kyrkjelydspedagog
ungdommane. Mange har lyst å vera
ledarar og vera med og gje nye born dei
Leir er kjekt! Kyrkja i Øygarden arrang- same opplevingane dei sjølv har fått på
erer 8 leirar i året. 8 helger i året med
leir. Det er også kjekt å sjå når ungdommange born og unge som deltakarar.
mane er bevisste på kvifor vi arrangerer
Med om lag 12 ledarar på kvar leir, er det leir, nemleg slik at deltakarane kan verta
veldig mange som er i sving for at kvar
betre kjent med Jesus.
enkelt leir skal verta bra. Tusen takk til
alle leirledarar! Å spørje etter leirledarar
Som regel er det altså ikkje noko prober ofte ei kjekk oppgåve, spesielt blant
lem å samle 12 ledarar til leir, men det vi
8
ØyNytt
ofte skulle ønske oss er at snittalderen
kunne vore litt høgare! Eg er sikker på at
det er mange vaksne og godt vaksne i
Øygarden som kunne ha stor glede av
å vera med som ledarar. På leir treng vi
folk til alle moglege oppgåver, alt frå å
bake eller spele fotball til å ha ei andakt
eller arrangere bordtennisturnering. Det
viktigaste er likevel å vera i miljøet og
sjå kvar enkelt deltakar. Vi har mange
Dette skjer!
Leirar på Skjergardsheimen
23.-25. oktober 4.-6. desember
22.-24. januar
12.-14. februar
26.-28. februar
22.-24. april 3. klasseleir
4. klasseleir
7. klasseleir
5. klasseleir
6. klasseleir
8.-10. klasseleir
Ungdomsklubben Refuel
(frå 8. klasse)
16. oktober
Tale: Jon Amador
30. oktober
Tale: Wiggo Tangstad
13. november Tale: Arvid Vik
27. november Tale: Olav Vindenes
11. desember
Refuel og KRIK julebord. Espen Tveten.
Stad: Rong bedehus
Tid: 19.30-22.30
KRIK (frå 8. klasse)
Lag 4 trakk det lengste strået denne gongen,
men forhåpentlegvis vil alle borna få mange
nye sjansar til å vinna leirsporløp i åra som
kjem!
23. oktober
6. november
20. november
4. desember
11. desember
Refuel og KRIK julebord. Espen Tveten.
Stad: Tid: dyktige ungdommar, men nokon ting
er det godt å ha vaksne med til òg. Vi
har nokon vaksne vi spør, men eg trur
nok det kan vera fleire som er klar for eit
spørsmål som vi kanskje ikkje veit om
eller kjem på. Kanskje det er deg? Eller
nokon du kjenner? Ver frimodig og tips
oss! Og ver klar for eit spørsmål om det
kjem. :)
Toftøy gamle skule
19.00-21.00
Gospel Teens
Pluss-klubben
27. oktober
10. november
24. november
8. desember
21. oktober
18. november
9. desember
Stad: Blomvåg kyrkje
Tid:17.30-19.30
Stad: Oen bedehus
Tid: 19.00-21.00
Første K2pp-kull
Onsdag 9. september var det første K2pp-kullet samla i Blomvåg kyrkje.
Dette er eit opplegg i regi av kyrkja, for ungdomar etter ungdomsskulen.
(Opplegget for dei i ungdomsskulealder heiter K2)
19 ungdomar har meldt seg på K2pp-opplegget. Dette sa Filip Tomic (15) til
VestNytt: - Det var veldig kjekt å læra endå meir om kristendommen i fjor. Under
konfirmasjonsundervisninga er alle med, engasjerte eller ei. Alle som var med
vidare, gjorde det frivillig. Då kunne me gå endå meir i djupna på bibelundervisninga. I år vert det endå mer. Det blir bra, seier Filip.
ØyNytt
9
Frå venstre: Jean Fredrik Hagen, Sander Blom, Andreas Sangolt Mikkelsen, Marte Celina Pedersen, Rebekka Storemark, Carina Gjelsvik Blom
Spring for misjonen
Oppladinga er i gong. Den 17. november skal både konfirmantane og fleire andre springe
misjonsløp for å samle inn pengar til misjonsarbeid i Thailand.
Tekst og foto: Hogne Berland
Kyrkja i Øygarden har inngått misjonsavtale med NMS og IMI-kyrkja. Dermed
har vi forplikta oss til å til saman samla inn
60 000 kroner (kvart år) til to ulike prosjekt
med base i byen Mukdahan i Thailand, den
same byen der presten vår Espen og familien budde i sju år som misjonærar. Arbeidet
der kan du lesa meir om i førre nummer av
Øynytt. No skal ord verta til handling og eit
av hovudtiltaka for å samla inn pengar, vert
eit misjonsløp med konfirmantane i spissen.
Med det dei håpar vert god sponsing frå
familie, vener og lokale bedrifter i ryggen,
skal dei springe rundar rundt bana på Rong i
30 minutt den 17. november.
sjølv om vi ikkje nødvendigvis har så mykje
pengar sjølv.»
Konfirmantane veit endå ikkje så mykje
om kva pengane skal gå til. Det skal dei
nemleg få høyre meir om på neste konfirmantundervisning. Men gjengen vi traff
på bana på Rong nyleg, var uansett veldig
klar for innsats. Rebekka Storemark, Marte
Celina Pedersen og Andreas Sangolt Mikkelsen seier dei er skikkelig gira på å springa.
«Det virkar kjekt og eg høyrte frå nokon som
var med i fjor at det var gøy», seier Marte.
«Det er fint å kunne hjelpa andre på denne
måten», meiner Benedikte. Marte er enig.
«Og dette er jo ein bra måte å kunne hjelpa
Men ikkje berre
konfirmantane skal
i sving denne dagen. Vi trur mange
fleire kan synast
«Eg skal springa” det er kjekt å bidra
seier Erling Vik,
på denne måten.
soknerådsleiar.
Kanskje vil nokon
konfirmantforeldre
òg slenge seg på? Sokneråsdleiar Erling Vik
har lova å springa og han håpar å få med
seg fleire i frå kyrkjelyden. I tillegg skal nokre
tidlegare konfirmantar vera med, så alt ligg
10 ØyNytt
Sjølve innsamlinga går føre seg slik at kvar
løpar kan skaffa sponsorar som kan sponse
deira løp. Enten med ein fast sum, eller litt
meir spennande: Med eit beløp per runde
løparen fullfører på dei 30 minutta. «Det skal
ikkje bli noko problem å finna sponsorar»,
meiner Andreas. «Eg har to allereie. Og så vil
eg nok spørja familie og venar.» Jentene er
neste like optimistiske, så dette lovar
godt for løpsdagen.
til rette for ein festkveld og forhåpentlegvis
mykje friske pengar til det viktige misjonsarbeidet i Thailand!
Misjonsløpet
• Tysdag17. november kl. 18.00
på Rong stadion
• Løparane må skaffa sponsorar.
• Lurer du på noko? Kontakt kyrkjekontoret, tlf. 56382240.
Fakta om misjonsprosjektet
Kristent ungdomsarbeid i Thailand
står i sentrum.
• Kyrkjelydane i Øygarden støttar to
prosjekt i Thailand, i Mukdahan som
ligg nord-aust i landet.
• Her utrustar ein kristne thaiar, unge
og vaksne til å verta grunnfesta
i den kristne trua og sjølv kunne
formidle evangeliet til eige folk.
• Soknerådet har forplikta seg til å
samla inn kr 30 000 til kvart pro-
sjekt i to og eit halvt år (2015-2017).
• Arbeidet vert drive gjennom Det
Norske Misjonsselskap og IMI-
kyrkja i Stavanger.
Helge Unneland
- prostipresten
Presten som var i debatt med
Pål Steigan i AKP(m-l) om temaet «Religion – opium for folket?». Overskrifta i lokalavisa dagen etter var: 1 – 0 til presten. Helge Unneland (64), er
prostiprest i Vesthordland prosti. Han har ofte teneste i Øygarden.
Tekst og foto: Olav Martin Vik
Mange i Øygarden har etter kvart møtt
Helge som (prosti-) prest i Øygarden. Som
prostiprest går han inn som prest når t.d. sokneprest Espen Tveten har friveker og frihelg,
eller at han avlastar ved gravferder. Primært
dekker Helge Fjell og Øygarden. ØyNytt tok
ein prat med Helge om fartstida hans.
Feltprest på Lista
Han vart ordinært til prest 1. juli 1979 etter utdanning ved Menighetsfakultet. Etter
ordinasjonen i Domkyrkja i Bergen bar det til
Lista som feltprest. Mange har sikkert hatt si
rekrutt-tid på Lista, i Luftforsvaret. Der var Helge feltprest. Kona Anne Karin som han trefte
i Bergen, hadde også tilknyting til Lista. Faren
hennar var flygeleiar og dei flytta litt rundt i
landet, difor Bergen.
Lite åndeleg arbeid
I 1980 vart Helge kalla til teneste i Det
Norske Misjonsselskap, no som ansvarleg for
drifta av Åpta misjonssenter utanfor Farsund.
Som einaste fast tilsett vart det mykje praktisk
arbeid og lite åndeleg arbeid. Om sommaren
gjekk det mykje i plenklipp og å reinska opp
i kloakkrør som gjekk seg tette. Det vart ikkje
heilt slik som tenkt, i alle fall ikkje med evangelisk arbeid.
I debatt med AKP(m-l) i Odda
Våren 1982 gjekk turen til Hardanger,
no som res. kap. i Odda, med tenestestad
i Tyssedal. Dei hadde eigen kyrkje. På den
tida var det eit radikalt miljø i området, farga
raudt politisk. Det var her Helge Unneland
var i debatt med Pål Steigan som den gong
var i AKP(m-l). Debatten handla om religion.
Steigan tapte debatten med Unneland med
overskrifta i lokalavisa: 1-0 til presten, fortel
Helge.
Idealisme og Sta. Sunniva i Bergen
I 1998 vart Helge kalla til teneste som forstandar for Sta. Sunniva Studenthjem i Bergen. Han kallar dette eit idealistisk arbeid og
antyder at kona var den som forsørgde dei.
Kona Anne Karin, som var utdanna spesialpedagog fekk stilling på NLA, der ho er enno.
Prostipresten
I 2010 vart Helge sokneprest i Sund. Dei
budde også i Sund og kona måtte pendle
til og frå NLA. Då køane vart lengre og alle
Tilbake til Lista - industri og kyrkje
lydbøkene var høyrt i bilkøen, bestemte dei
I 1986 tok Helge eit sabbatsår og reiste til
seg for å bryta opp og flytta til Bergen. I 2013
Lista saman med kona. Her flytta dei inn i nytt vart Helge prostiprest i Vesthordland prosti.
hus og Helge vart industriarbeidar på smelte- Det er prosten som leiar prestetenesta og
verket på Lista. Han er sikkert ein av få prestar som har ansvar for at prestande får si fritid og
med trucksertifikat. Han medgir at det var litt at det er prest tilgjengeleg. Prostipresten skal
rart å gå frå jobben som prest, der du på det
ta vakter og gjera teneste når soknepresten/
næraste er 24 timar på vakt, til å stempla inn
presten har tenestefri, ved ferie og sjukdom.
og du var ferdig med arbeidet når du stempla Helge Unneland har stor arbeidskapasitet
ut. I 1987 reiste dåværande sokneprest frå
slik utanforståande ser det. Helge trivest som
Lista og Helge Unneland søkte stillinga og
prostiprest, men han saknar t.d. det å følgje
vart tilsett. Familien vart i 11 år på Lista. Det
opp menneske som opplever sorg, slik han
var fine år. 19 bedehus var det i området. Det kunne når han var sokneprest. Då kunne han
var ei klar arbeidsdeling mellom kyrkje og
meir gi seg tid til å følgja opp menneske i
bedehus. For kyrkja var det gudstenester og
soknet, seier Helge, som reknar med nokre
konfirmantarbeid, men presten var med på
år til i tenesta, med gudstenester, vigslar og
t.d. leirar som forsamlingane arrangerte.
gravferder.
ØyNytt
11
Demenskafé på Kystmuseet
1-årsjubileum for demenskafeen på Kystmuseet
Ny kristen
bokhandel
Torsdag 8. oktober opna Bergen
Kristne Bokhandel dørene. Dagleg
leiar er Britt Helen Nerheim Opstad.
Ho har med seg mange uløna medarbeidarar.
Bokhandelen ligg i Øvre Korskirkeallmenningen 6.
For mange har det vore eit sakn når
dei kristne bokhandlarane vart borte.
No vert det altså mogeleg å finna ein
kristen bokhandel i Bergen sentrum.
Det er viktig at kristenfolket sluttar
opp om bokhandelen.
Ein uhøgtidleg møteplass for personar med
demenssjukdom og pårørande.
Ein kafe å knyte kontakt med andre i same situasjon.
Praten og erfaringsutvekslinga er viktigst, men me
prøvar og å gje informasjon og me kan ta opp tema som
ein er opptekne av.
Datoer hausten 2015:
• Mand.17.aug. • Mand.14.sept. • Mand.12.okt.
• Mand. 9.nov. • Mand. 7.des.
*Dersom nokon ikkje kan møte, er me takksame om me får beskjed.
Styret for Bergen Kristne Bokhandel AS består
av Thorleif Hellesøy (t.v.), Tarald Ueland, Britt
Helen Nerheim Opstad, sekretær; Johannes
Kleppa, formann, Tom Teien og Bård Hauge
(bakerst).
Foto: Sambåndet
Kontakt: Nina 959 32 285 - Gerry 414 31 682
OLA HOVDENS LEGAT
Etter statuttane er det ungdom frå tidlegare Hjelme
kommune som har høve til å søkja støtte til
høgare utdanning.
”Under elles likevilkår skal dei gå føre som tek sikte på høgare
utdanning i 4 år eller meir ved høgskule, universitet eller anna utdanningsinstitusjon, med rekna slik som gjev praktisk utdanning”
(sitat statuttane)
Søknadsskjema kan du få ved å venda deg til Øygarden
kommune v/sørviskontoret, eller på kommunen si nettside
under ”søknadsskjema” (www.oygarden.kommune.no ).
Søknadsfrist er 31 oktober 2014
VAKSENLEDARAR
Det er behov for nokre fleire
vaksenledarar på leirane våre på
Skjergardsheimen.
Dette er ei viktig oppgåve!
Vil du setja av nokre timar til
dette i løpet av året, ta kontakt
med kyrkjelydspedagog
Hogne Berland, Tlf. 98683424
Styret
Barnas misjonsprosjekt
Samla inn over to millionar kroner til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sitt arbeid i Etiopia.
Av: KPK
Totalt blei det samla inn to millionar
og førti tusen kroner i løpet av skuleåret
som gjekk, melder Utsyn.
Avtroppande barne- og familiekonsulent i NLM Ung, Grete Yksnøy Martinsen
er svært nøgd med resultatet.
- Det er kjempegøy at vi har kome
over to millionar kroner, og eg er imponert over innsatsen til barn og unge
12 ØyNytt
over heile Noreg, fortel ho til Utsyn.
Pris til Halvard
Hasseløy og
Open Heart
Barn av Jorden prisen for 2015 er
tildelt Halvard Hasseløy og organisa-
sjonen Open Heart.
Stiftelsen Barn av Jorden har sitt
utspring på Nordkapp. Kvart år vert
det delt ut ein pris på 150.000 kroner
til naudlidande born.
Tilsaman 2,85 millioner kroner har
Barn av Jorden gitt som bidrag til
ulike prosjekt i ulike delar av verda
(8 i Afrika, 6 i Europa, 3 i Asia, 4 i Mellom-Amerika/Karibia, 3 i Sør-Amerika, 3 i
Midtøsten og 1 i Noreg.
Open Heart, kjent for mange i
Øygarden, driv hjelpearbeid i Ukraina.
Det er NLM sin mange barnehagar
som står for store delar av inntektene.
Barnehagane set ofte av ein til to
veker der dei konsentrerer seg om prosjektet og arrangerer matsal og basar.
Neste skuleår går pengane frå barna
sitt misjonsprosjekt til Peru og Bolivia.
Halvard Hasseløy tildelt pris.
Kjelde: Open heart
med
m
me
ed 1000m
100
0000m
m 2 salgsflate i Rong Senter
Revisjon & regnskap
- Ei rein og skjær handleglede ved havgapet
havgapet!
Kontakt oss på tlf: 56 38 72 70,
eller se mer informasjon på www.fagrevisjon.no
Fag Revisjon AS, Bølgekraftvegen 1, 5337 RONG, [email protected]
Fiskk - og ferskvarespesialisten
f k
l
Fristende frukt og grønt
Innholdsrik betjent ostedisk
Nydelige nystekte bakervarer
Velsmakende varm mat
Herlig salat - og fruktbar
Måndag
Ope
måndag- -fredag
fredag kl.8-22,
8 - 21,Laurdag
laurdag kl.9-20
9 - 20
EUROSPAR Rong
Bank i Butikk
tlf. 56 38 71 40
Tlf. 9185 6258
Vi formidlar blomster til innland og utland
VESTGAR
Rong Senter
Telefon:56 38 92 65
Postboks 107, 5331 Rong
E L E K T R O
-din el-kontakt
Eigne prisar for pensjonistar
Langope torsdag
RONG SENTER
TIMEBESTILLING 56 38 73 90
Instalasjon industri, bolig
Data- og telenett
Alarmanlegg
Antenne/parabolanlegg
Elektroverksted
Elektrisk forretning
Tlf. 56 38 50 00
VESTGAR
Vakttelefon: 922 34 062
ELEKTRO
Møllestykket 21, 5360 Kolltveit
T: 400 30 210
E-post: [email protected]
www.vestgarelektro.no
www.torsteinsvik.no
Ditt begravelsesbyrå på Sotra.
Oppfølgning og veiledning i en tung og vanskelig tid.
Vi dekker hele Fjell, Sund og Øygarden
TLF 56 32 08 90 hele døgnet
Skjenet 4, 5353 Straume ( samme hus som Ligningskontoret )
• Stort utval av godbiter fra vårt kjøkken
• Moderne bilverksted m EU/kontroll
• Reparasjon av alle bilmerker
• V askehall
• Kaffiavtale
• Gass
BLOM
SERVICESENTER AS
5331 RONG - tlf. 56 38 72 80
Godkjent bilverksted
ØyNytt
13
Lukas Eikeseth
Jenny Marie Rong
Kausland kyrkje 5.04.09
Kris Nicholas Forland
Laurits Revne Klepsvik
Fillip August Breivik
Kvilhaug
Mathilde Vilhelmsen
Martin Kobbevik Fjellanger
Elisabeth Kleppe, f. 1912
Karin Margrethe Jakobsen,
f. 1954
Inger Hausberg, f. 1938
Sveinung Høvik, f. 1940
Harald Henry Jacobsen, f.1946
Nelly Fauske, f. 1917
Kirsten Bjøntegård, f. 1912
Kjøp
kjapt,
trygt
og billig
Sund kyrkje 8.04.09
Benjamin Finsås
Januario Kalunga
Remy Kristoffer Halvorsen
Sjursen
Fjell kyrkje 12.04.09
Aron Arnt Vatne
Hovin kirke 19.04.09
Tuva Øvretveit Revhaug
Tlf. 56 38 71 20
Sentralbord ......................................
Telefaks ............................................
Diakonen ..........................................
Kapellanen .......................................
Kyrkjeverja .......................................
Soknepresten ...................................
56 31 90 80
56 31 90 81
56 31 90 82
56 33 90 83
56 31 90 84
56 31 90 85
Det er vi
som bygger Øygarden
[email protected]
Kyrkjeverja:
Soknepresten: [email protected]
[email protected]
Diakonen:
Når livet synest trist
med berre gråversdagar
- lat tankane få dansa
gjennom anemonehagar.
Søre Sæle
Telefon:
E-post:
Ynskjer å gleda deg
med denne anemone
som Gud har signa rikt
med eit hjarte i si krone.
Kausland kyrkje 13.04.09
Lasse Leander Skagen
Helland
Sebastian Kallestad Iversen
Sofie-Malene Guleng Lie
Du kan ringe direktenummer eller mobil også
utanom desse tidene.
Kausland kyrkje ............................. 56 33 86 89
TIL MIN VEN
Loen kirke 12.04.09
Tobias Sande
Sentralbordet er ope:
Onsdag .................................... kl. 11.00 - 14.00
Tysdag og fredag ................... kl. 09.00 - 14.00
-ingalis
Kausland kyrkje 3.05.09
Birk Frostad Stensrud
Mand – fred kl.07.00 – 23:00
Lørdagar 08:00 – 21:00
Melding om dåp:
Alle medlemer av Den norske kyrkja får tilsendt ei helsing med
orientering om dåpen straks prestekontoret får fødselsmelding. Av
praktiske grunnar ynskjer vi melding om dåp seinast 14 dagar før
dåpsgudstenesta.
Vitjing i heimen:
For dei som ikkje kan koma til kyrkje, kan presten halda nattverd i
heimen. Det same gjeld om nokon ynskjer samtale/sjelesorg eller
skriftemål. Ver frimodig og ta kontakt. Prestane har teieplikt.
Private telefonar:
Harald Grønnevik ................................................. 56 33 71 04
sokneprest
Måndag er presten sin fridag.
Arne Martin Engelsen ......................................... 56 33 12 42
kyrkjeverje
mobil 908 94 530
Anette Rakli Børnes ................................. mobil 482 72 672
barne- og ungdomsdiakon
Natalia Medvedeva ................................... mobil 412 80 264
kantor
Rønnaug Fjøren .................................................... 56 32 13 44
kontorsekretær
Gunnar Langeland ............................................... 56 33 92 62
Tlf. 56 /38
28 00 - Fax 56 38
28997
0972 276
mobil
kyrkjetenar
kyrkjegardsarbeidar
56
Egil Fosse
..............................................................
Adr. Pålsneset, 5337 Rong 33 73 18
mobil 906 69 191
kyrkjegardsarbeidar / gravar
www.th-bygg.no
Torbjørg O. Bakke
................................................ 56 33 90 26
leiar Sund Sokneråd
56 33 82 33
Aslaug Flatråker .........................................
kyrkjetenar Kausland
Vest Modul AS
PRESTETENESTA I SUND
5336 Tjeldstø
Kontakt med prest måndag - fredag kl. 08 - 17: 922 18 817
Tilbygg
Normann 958 19 905
Utanom desse tidene kan ein ved akutt behov for presteNybygg
Ingvard 958 10 967i
teneste som ikkje kan vente, bruke beredskapsordninga
Rehabilitering
prostiet (sjå nedanfor).
•
•
•
• Montering ogBEREDSKAPSORDNINGA
utleige av brakker Trelastlager
Tjeldstø
I PROSTIET
I tidsrommet 17.00 - 08.00 på kvardagar, og i helgane/
høgtidene frå kl. 08.00, er det alltid ein prest i beredskap i
prostiet. Ved behov for teneste frå prest, tenester som ikkje
kan vente (dødsbod, soknebod om døyande, sjelesorgstøtte i
kritiske situasjonar), skal ein ta kontakt med vakthavande
prest på: 954 83 655
ÅGOTNES
TANNHELSETEAM
Adresse: Gamle Kyrkjeveg 17
Sund
5378 Klokkarvik
Tannlegene
Sokneblad
Ågotnes Tannhelseteam
Konto: 3000.15.98194
Kontingent: 150 kr pr. år
Ågotnes Helsehus
Redigering: Olai
Otterå 1374
Skjærgardsvegen
Benedikte
Kolbeinshavn
og
Utgjevar: Sund
Sokneråd
Sissel Blom
Vi tar imot gamle og nye pasienter!
Telefon: 96 90 44 00
E-post:
[email protected]
Opplag: 2.400
5363 ÅGOTNES
Telefon: 96 90 44 00
www.tannhelseteam.as
[email protected]
ØyNytt vert fulldistribuert i Øygarden og bladet har mange lesarar.
Ønskjer du å annonsere i bladet, tak kontakt med kyrkjekontoret i
Øygarden, tlf. 56382240, eller e-post: [email protected]
14 ØyNytt
Redaksjon:
Trykk:
Olai Otterå ............. 56 33 77 46 Grafisk Trykk A/S, Straume
Harald Grønnevik .. 56 33 71 04
Tlf.: 56 38 24 40
Fax: 56 38 24 41
Mobil: 928 41 790
E-mail: [email protected]
Til lukke
70 år
20. nov 23. nov 29. nov 75 år
23. okt 28. okt 9. nov 16. nov 26. nov 3. des 80 år
28. okt 12. nov Gudstenester i Øygarden
Kjell Lars Nordøy,
Bakkevegen 6
Berit Marta Sture Skjold, Alvøyvegen 380
Grete Tofte Lønningen,
Knappevegen 31
Kornelius Flåten, Høyen 24
Dagfinn Bakken,
Sæløyvegen 112
Reidun Johanna Rong,
Svartevikvegen 106
Leif Larsen, Vestrevegen 80
Liv Kirsten Rikstad Torsvik, Råkebakkane 17
John Nils Strandabø,
Storhøyen 9A
Torlaug Myrtel Sulen,
Methøyen 32
Norvald Kåre Vestheim, Hanelen 40
85 år
23. okt Betty Johanna Haugstad, Knarrvikvegen 20
90 år
25. okt 18. nov Borghild Harkestad,
Tjødnarvegen 2
Marta Nilsina flåten,
Tjødnarvegen 51B
Vigde
Blomvåg
• Chriscel Amando Notnæs og
Wilhelm Notnæs
• Kristine Wollertsen og
Tommy Stenseth
• Gina Sæle Masters og
Daniel John Masters
• Janne Ekren og Ørjan Kuven
(vigd på kyrkjekontoret)
DÅP
For avtale om dåp og dåps-/ og trusplæringssamtale, kontakt kyrkjekontoret, tlf. 56382240.
25. okt. i Hjelme kyrkje kl. 11.00
Hausttakkefest. Sokneprest Espen
Tveten. Nattverd.
22. nov. i Hjelme kyrkje kl. 17.00
Gospelgudsteneste. Gospel teens,
Sokneprest Espen Tveten m.fl.
1. nov. i Blomvåg kyrkje kl. 11.00.
Sokneprest Espen Tveten. Nattverd.
29. nov. i Blomvåg kyrkje kl. 11.00
Familiegudsteneste. Sokneprest Espen
Tveten. Barnekantoriet. Dåp,
8. nov. i Hjelme kyrkje kl. 11.00.
Prostiprest Helge Unneland. Dåp,
nattverd.
6. des. i Hjelme kyrkje kl. 11.00
Prostiprest Helge Unneland. Nattverd.
15. nov. i Blomvåg kyrkje kl. 11.00
Sokneprest Espen Tveten.
Dåp, nattverd.
Julaftan 24. desember
Tednebakkane Blomvåg kyrkje Blomvåg kyrkje Hjelme kyrkje Vi syng jula inn
13. des. i Blomvåg kyrkje kl. 18.00
Kor og korps.
20. des. i Hjelme kyrkje kl. 18.00
Kor og korps
kl. 11.00
kl. 14.30
kl. 16.00
kl. 16.00
Døypte i
Blomvåg kyrkje
• Theodore Lars Garza- Rong,
Loddefjord
• Magnus Haugland Rong, Dalevegen
• Håvard Torsvik Lygre, Knappevegen
• Isaac Storemark Hellesund, Blomvåg
• Aksel Torsvik Ellingsen, Ågotnes
Døde, gravlagt frå
Blomvåg kyrkje
• Oktober Severin Træen,
Laksevåg f. 2015
• Lilly Pauline Larsen,
Fyllingsdalen f. 1928
• Margit Konstanse Amundsen Dale,
Tjødnarvegen f. 1918
Hjelme kyrkje
• Lars Leonard Aadland Hamre,
Vikatoppen
• Maren Amalie Aadland Sande,
Vikatoppen
• Rakel Sandøy Johannesen, Blomvåg
Hjelme kyrkje
• Einar Kjell Fjeldstad, f. 1944.
Grønhaugvegen, Tjeldstø
Babysong, småbarnssong, søndagsskule
Babysong i Blomvåg kyrkje, kl. 11:00
Søndagsskule i Blomvåg kyrkje kl. 11:00
Måndag 26. okt, 9. nov, 23. nov.
1. nov. 15. nov, 29. nov (fam.gudst)
Småbarnsong i Blomvåg kyrkje, kl. 17:00
6. desember er det adventsamling
Tirsdag 20. okt, 3. nov, 17.nov, 1. des.
kl. 16.00 på Blom bedehus for søndagsskulen i Blomvåg.
Søndagsskule i Hjelme kyrkje kl. 11.00
25. okt, 8. nov, 6. des.
For informasjon, sjå: www.kyrkja.no/oygarden
Det er usikkert om det
vert søndagsskule 20.
des. Sjå ØyNytt nr. 6/15
som kjem ut i byrjinga
av desember.
I utgangspunktet vert
det ikkje søndagsskule i
Hjelme i perioden 14.
des. - 13. jan.
- vi utfører alt det praktiske eller tilrettelegger
for pårørende som ønsker å gjøre noe selv
Ei varm takk
for all omtanke,deltaking og blomehelsingar ved
vår kjære Andre Blom sin bortgang.
Takk til prest Espen Tveten, Kine Oen for nydeleg song og Bergen
og Omegn Begravelsehjelp (v Knut Helge Polden).
Ei stor takk til alle som og deltok i leiteaksjonen.
Helsing familien.
Knut Helge
Polden
Espen
Polden
Elin Mikkelsen
Berntsen
Heine
Polden
Tom
Wilson
Døgntelefon: 55 21 44 50 • mobil: 917 51 700
www.bergenogomegn.no
AVD. BERGEN
Teatergt. 20
5010 Bergen
Tlf: 55 21 44 50
AVD. SOTRA
2.etg på Shellstasjonen
Sartor, 5353 Straume
Tlf: 55 21 44 50
ØyNytt
15
DEN NORSKE KYRKJA
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Øygarden sokneråd
Returadresse:
ØyNytt
Postboks 144
5331 Rong
ØYNYTT
B
Kommunikasjonsorgan for Den norske kyrkja i
Øygarden
Ansvarleg redaktør
Olav Martin Vik. E-post: [email protected]
Redigering og lay-out i InDesign
Olav Martin Vik
Redaksjonen E-post: [email protected] - Tlf. 56382240
Hogne Berland, Olav Martin Vik, Kari Sandøy Rong,
Espen Tveten og Anders Vik
Kontingent
Min. kr 125 innan kommunen
Min. kr 175 utanom kommunen
Takkeannonsar
Kr 100
Kontonummer for kontingent
3628 07 02557
(også for gåve til ØyNytt)
Trykk
Bodoni, 5017 Bergen
Distribusjon i Øygarden
Hammer Transport, tlf. 92063006
Distribusjon utanfor Øygarden
Posten
Illustrasjonsfoto: ashley rose/CC/Flickr.
Kristentru møter dyster sjølvmordsstatistikk
DEN NORSKE KYRKJA I ØYGARDEN
Kyrkjekontoret
Ekspedisjonstid
Besøksadresse Postadresse Telefon
Vakttelefon prest
E-post
Nettside
Facebook
Organisasjonsnummer
Måndag-fredag kl. 09-15
Rong senter, 2. etasje
Boks 144, 5331 Rong
56382240
56382240 (dagtid)
[email protected]
www.kyrkja.no/oygarden
kyrkjaioygarden
976 995 430
Medarbeidarar
Kyrkjeverje/dagleg leiar Olav Martin Vik
e-post: [email protected]
Tlf. 56382243/93264400
Kontorleiar Kari Sandøy Rong
E-post: [email protected]
Tlf. 56382240
Kyrkjelydspedagog Hogne Berland
[email protected]
Tlf. 56382247
Kantor Anne Lise Grøm
E-post: [email protected]
Tlf. 91881208
Diakonimedarbeidar Bjørg Blom
E-post: [email protected]
Tlf. 47816181
Kyrkjetenar Kåre Kristoffersen
Blomvåg kyrkje, tlf. 91105197
Kyrkjetenar Janesh Amenya
Hjelme kyrkje, tlf. 95823472
Teamet, tlf. 56382240 (kontoret)
Soknepresten i Øygarden
Espen Sigve Tveten
E-post: [email protected]
Tlf. 56382240
Beredskapstelefon i Vesthordland prosti
Kvardagar frå kl. 17 til kl. 8 neste morgon og heile lørdag
og søndag, tlf. 95483655. Gjeld berre for tenester som
ikkje kan venta og dødsbod. Legg att beskjed om du kjem
til telefonsvarar.
Leiar i Øygarden sokneråd
Erling Vik, tlf. 48210462
Gåver til arbeidet (Øygarden sokneråd)
Ved gåver til kyrkjelydsarbeidet som t.d. teamet, bruk
kontonummer 3628 55 90870
16 ØyNytt
I USA diskuterte rundt 7000 rådgivarar dei
høge sjølvmordstala i kyrkja nyleg. – Kristen tru
har noko å seie når det kjem til å adressere mental helse, i følgje amerikansk kristen rådgivar.
”fyrsteline” for dei som strever med mental
helse. Han understreka at tru ofte er ein
manglande komponent når det gjeld å
adressere sjølvmord.
Av: Kristin Winther Jørgensen, KPK
Sjølvmordsførebyggjande
Nyleg var tusenvis av kristne rådgivarar samla
på konferansen Be Strong National Conference i Nashville, Tennessee. Der diskuterte
forsamlinga dei høge sjølvmordstala i kyrkja,
melder Christian Today.
I Noreg møter Kirkens SOS ofte tematikken
sjølvmord i møta sine med menneske. Av
rundt 200.000 møtepunkt i året, er cirka
170.000 telefonsamtalar. 15 prosent av desse
samtalane handlar om sjølvmord på ein eller
anna måte. Det opplyser generalsekretær i
Kirkens SOS, Leif Jarle Theis.
På konferansen var doktor Tim Clinton
til stades og snakka om kor viktig kristen tru er i møte med dei dystre tala for
sjølvmords-statistikken i USA.
– Av dei om lag 6000 chattemeldingane vi
mottek, omhandlar omtrent 50 prosent av
desse sjølvmord. Desse tala seier noko om kor
– Det er berre én institusjon du finn i alle
viktig det er å vere tilgjengeleg for folk som
samfunn over heile kloden, og det er ein plass strevar med livet sitt. Kirkens SOS seier vi alltid
å tilbe Gud. Tru har noko å seie når det kjem
vil vere der heile tida, og har hatt ei døgnopen
til å adressere mental helse. Tru har noko å
teneste i mange år, seier Theis.
seie når det kjem til å sameine rasar, og tru har
noko å seie når det kjem til sjølvmords-eped- Generalsekretæren seier at Kirkens SOS er
emien, sa doktor Tim Clinton, i følgje The
medviten på å vere sjølvmordsførebyggjande.
Christian Post. Han er president for American
– I samtalar legg vi opp til å kome innom
Association of Christian Counselors.
tema sjølvmord, og prøver å gjere dette på
Han meiner at ein skjønar seg sjølv og klienein riktig måte. Våre frivillige er drilla i det og
tane sine betre gjennom trua sine auge, og at alle veit at det er førebyggjande - kvart år
kyrkjer er i ein posisjon der dei kan vere
reddar vi mange liv, seier Theis.
Torsdag 22. oktober er alle medarbeidarane
i Vesthordland prosti samla til medarbeidarsamling på dagtid i Blomvåg kyrkje. Samlinga har som
hovudfokus korleis kyrkjeleg tilsette møter menneske
som slit med si psykiske helse og korleis sjølv unngå å
verta utbrent.
ØyNytt 6/15 kjem ut 10.12. Annonsefrist er 9.11.
kyrkjaioygarden
2015 Bilete og tekst tilhøyrer ØyNytt og kan ikkje
kopierast eller brukast utan godkjenning.
kyrkja.no/oygarden