Savalen og Elverum - Travelnet Fjordane Reisebyrå AS

Med Postpensjonistane i Sogn og Fjordane på tur til
Savalen og Elverum
Med kaffi og kringle heime hjå skikongen Gjermund Eggen
6 dagars-tur med avreise 16/8 2015
“Hende alt som hende vil, her inne er verda den same” skreiv Arne Garborg om si tid på Savalen.
Mange av dei som tidlegare har reist med TRAVELNET Fjordane Reisebyrå til Savalen vil nok skrive under på at eit opphald
her gjev fred i sjela og ro i sinnet.
Høyr berre kva du kan få oppleve når du er gjest på Savalen : Kaffi på senga kva morgon (dersom du ønskjer det),
ettermiddagskaffi med heimebaka kaker kvar dag, ”bløtkakeaften”, ”levende lys-aften”, ”Østerdalsaften”, stemningsettermiddag i lavvoen, bingo, hesteskokasting, nydeleg ”heimelaga” mat, eit hyggjeleg vertsskap og dans og moro kvar
kveld.
Etter eit herleg opphald på Savalen skal vi mellom anna vitje skikongen Gjermund Eggen heime i Engerdal og vi skal
utforske alt det interessante som dei har å vise fram på Skogmuseet på Elverum. Ein innhaldsrik og triveleg 6-dagars tur!
Dag 1, Søndag 16/8
Førde – Savalen over Strynefjellet
420 km.
Turbussen har avgang frå Førde om morgonen og køyrer til Jølster, Byrkjelo, Stryn og over Strynefjellet til Bismo der det vert
lunsjstogg. Vidare til Otta, Dombås og Hjerkinn til Savalen.
Innsjekk og velkomst før det vert fellesmiddag og sosialt samvære. Kanskje gjer ein svingom godt for kroppen etter ein lang
busstur ?
Dag 2, måndag 17/8
Savalen. Utflukt til Alvdal ca. 60km t/r.
Etter frukost vert det utflukt til Alvdal, der vi skal vitje Aukrust-senteret og får ein rundtur i Kjell Aukrust si fantasifulle verd. Vi
møter det frodige persongalleriet frå Flåklypa og vi høyrer Kjell sjølv lese og fortelje.
I tillegg tilbyd Aukrustsenteret framsyninga «Kjell og Alf – barnetime for dei fleste» med Prøysenviser og Aukrusthistorier.
“Heime” att på hotellet til lunsj. Ettermiddagen fri til ein tur i naturen, eller ein god middagskvil.
Dag 3, tysdag 18/8
Savalen. Fjellcruise på Savalen. Buss 20km., båt 11 km.
I dag skal vi på cruise på Savalen-sjøen. Vi skal nyte livet om bord på hotellet sin nye båt heile sjøen til endes, før vi tek buss
attende til hotellet. På båten får vi høyre dei mange historiane som er knytta til sjøen og til området omkring medan vi får
servert kaffi med «nogo attåt». På heimturen stoggar bussen på Kolbotn der Hulda og Arne Garborg budde.
Attende på hotellet til lunsj. Etter lunsj køyrer bussen ein tur til Tynset for dei som har lyst på ein liten handletur.
Dag 4, onsdag 19/8
Savalen – Engerdal - Elverum
Etter ein god frukost seier vi farvel til Savalen og køyrer via
Tynset og Tolga til Drevsjø der vi finn Galten Gård,
ein av dei eldste turiststadane i regionen. Garden ligg
ved Galtsjøen og Femundelva med vakkert utsyn mot
mektige toppar i Sølenfjella. Her vert det servert
lunsjtallerken med kortreist mat med heimelaga
spesialitetar, medan husmora gjev oss eit innsyn
i garden si historie og korleis den vert driven i dag.
Vi avsluttar ein triveleg lunsjstogg med kaffi og kaker
før vi set kursen mot Engerdal der vi skal treffe den
gamle skikongen Gjermund Eggen.
Han tek mot oss heime i si eiga stove der han
serverer kaffi og heimebaka kringle medan han fortel
om den eventyrlege skikarrieren og kanskje får vi til
og med eit gjenhøyr med Engerdalsvalsen «…med raude
georginer i glaset..» Viss tida tillet vil han ta oss også
med til kommunehuset som husar den enorme
premiesamlinga.
Vi seier farvel til Gjermund og køyrer vidare mot Elverum
der vi sjekkar inn på Thon Hotel Elverum i sentrum
av byen for ein god buffetmiddag og ei god seng.
275 km.
Dag 5, torsdag 20/8
Elverum
Etter frukost går turen til Norsk Skogmuseum. Norsk skogmuseum er eit museum med nasjonalt ansvar for
utmarksnæringane jakt, fangst, fiske, skog og skogbruk. Her er mykje interessant å sjå, før vi avsluttar med ein god lunsj på
Forstmann Spisested inne på museumsområdet. Tida etter lunsj er til eigen disposisjon for handling eller andre aktivitetar i
byen. Fellesmiddag (buffet) på hotellet om kvelden.
Dag 6, fredag 21/8 Elverum – Sognefjellet – Førde 490 km.
Heimreisedag. Vi køyrer via Hamar og Lillehammer til Otta, før vi set kursen over Sognefjellet til Skjolden og Sogndal. Vi gjev
oss god tid og det vert lunsj undervegs før vi er attende i Førde utpå kvelden.
REISEFAKTA
Turpris v/ min. 30 betalande : Kr. 8.400,Turpris v/ min. 25 betalande : Kr. 8.850,Tillegg for enkeltrom
Kr. 950,Antal dagar
Avreisedato
Returdato
6
16/8 2015
21/8 2015
Irekna i turprisen :
 Turbuss frå Firda Billag
 3 overnattingar i dobbeltrom på Savalen
Fjellhotell
 2 overnattingar i dobbeltrom på Thon
Hotel, Elverum
 Fullpensjon (5 frukostar, 6 lunsjar og
5 buffetmiddagar)
 Utflukter som er omtala i program
 Aktivitetar som Savalen Fjellhotell skipar til
Påmelding pr. telefon eller e- post til
Kjell Skår telefon 91862901 / [email protected]
Marianne, Travelnet Fjordane Reisebyrå telefon 57725090 /
[email protected]
Reis på triveleg fellestur med Postpensjonistane i Sogn og Fjordane, dette vert kjekt