Notat til AD orientering pkt. 1 NPE 2014

Notat
Går til:
Føretak:
Dato:
Frå:
Sakhandsamar:
Saka gjeld:
Styremedlemmer
Helse Førde HF
16.02.2015
Administrerande direktør
H.J. Breidablik/I.B. Hoel
Norsk pasientskadeerstatning (NPE) 2014
Administrerande direktør si orientering pkt. 1
Styresak 012/2015 O
Styremøte 27.03.2015
Det vart i 2014 ferdighandsama 61 søknader om erstatning frå NPE. Det var 45 som fekk avslag, og 16
saker som fekk medhald. Det blei betalt ut erstatning i 2014 på kr. 784.826.
1. Kvinne i 20-åra fekk erstatning for forseinka diagnostisering og behandling av fingerskade.
Skaden blei påført som sjølvskade, pasienten hadde sjølvskadeproblematikk.
2. Kvinne i 40-åra fekk erstatning for rotasjonsfeilstilling i ein legg, og følgjene av det, etter eit brot
i leggen.
3. Mann i 50-åra fekk erstatning for smerter og feilstilling av finger etter behandling av ein
brotskade.
4. Kvinne i 50-åra har fått behandling for kreft. Ho fekk erstatning for hjartesvikt som biverknad av
medisin. Hjartesvikten medførte pustevanskar og nedsett funksjonsnivå i ein periode på seks
månader.
5. Mann i 60-åra fekk erstatning for forlenga sjukdomsforløp og behandling som følgje av infeksjon
etter operasjon av grunnledd i stortå.
6. Kvinne i 40-åra fekk erstatning for forsinka diagnostisering av livmorhalskreft på ca. 1,5 år.
7. Kvinne i 60-åra fekk erstatning for ryggmargsbetennelse og nedsett førlighet i begge bein etter
spinalbedøvelse.
8. Mann i 50-åra fekk erstatning for oppstått forskjell i lengda på beina og nedsynking av protese
med haltande gange som følgje etter hofteproteseoperasjon.
9. Mann i 20-åra fekk erstatning for feilstilling etter operasjon for lårhalsbrot og behov for tidleg
reoperasjon og følgjer av dette med infeksjon, samt hofte utan leddhovud.
10. Kvinne i 20-åra fekk erstatning for auka smerteplager i arm etter operasjon og følgjer av dette.
11. Kvinne i 60-åra fekk erstatning for oppstått nerveskade i handledd under operasjon og følgjene
av dette med smerter og nedsett styrke og funksjon i handa.
12. Kvinne i 40-åra fekk erstatning for forseinking på tre år på diagnostisering og behandling av
lungekreft, og følgjene av dette med plager og forverra prognose.
13. Mann i 60-åra fekk erstatning for infeksjon og følgjer av dette etter ein operasjon i skulder.
14. Etterlatne til kvinne i 30-åra som tok sjølvmord fekk erstatning for svikt i behandlinga. Pasienten
burde vore nærare utgreia og behandla med innlegging i psykiatrisk avdeling. Sjølvmord kunne
då sannsynleg vore avverja.
15. Mann i 30-åra fekk erstatning for plager etter skulderoperasjon og forlenga sjukdomsforløp.
16. Kvinne i 60-åra fekk erstatning for total urinretensjon (mangelfull vannlating) etter ein
framfallsoperasjon. Det var gjort mangelfull utgreiing og det ikkje var medisinsk grunnlag for
operasjonen.