Referat evalueringsmøte i 17.mai-komitéen 2015

Referat fra evalueringsmøte 17.mai
komiteen 2015
Komiteen 2015 har vore:
Trine B. Grov (leiar)
Ragnhild Saue (leiar kjøkkenkomiteen)
Are Gram Økland (leiar salskomiteen)
Knut Vika (leiar teknisk)
Tove Havro (leiar pyntekomiteeen)
Marie E. Isdahl (sekretær)
Øyvind Bie (leiar leikekomiteen)
Roger Dahlgren (kasserar)
1. Været var overskya med ein god del regn og kald vind.
2. Organisering:
Gudstenesta og toget fungerte godt, men det burde vore ein frå tekninsk komite for å
avlasta 7.klassane som bar dei store flagga i toget.
Når toget var slutt og kom inn på skuleplassen burde det vore ein formell avslutning.
3. Salskomite:
Det er tilstrekkeleg med tre personar i øvre salsboda, fire i nedre og fem personar i leskuret.
Det er vankeleg å berekne kor mykje is som vil bli selt. Det vart i år bestillt samme antall som
vart selt i 2014. Det var likevel svært mykje is igjen i år (sjå arbeidsinstruks). Anbefaler difor å
selge litt meir is enn det som vart selt i år, og heller gå tom. Islageret som vart til overs fekk
me selt til Handballfestivalen 2015.
Erfaring viser at det er lettare å forhalde seg til beine prisar 10, 20, 30 osv .
Det var heller ikkje bestilt saftis, dette vart uheldig for dei med melkeallergi.
Ved dårleg vær bør det vurderast å flytte eine isboksen inn i gymsalen.
Det bør ikkje vere ulike køar for ulike varer (ein for is, ein for kaker osv).
4. Kjøkkenkomite:
Me kunne ha vurdert å hatt kaker utan egg, melk osv.
Det er viktig å sjekke lageret for kva varer som allerede er på skulen.
var for mykje sennep og ketchup. På grunn av at det stod så mykje juice og brus frå
jubileumsfesten vart det alt for mykje brus. Me vil og anbefale å kjøpe småjuice i staden for
saft.
Det er viktig at alle varene vert sjekka opp mot kvittering og bestillingsliste slik at ein er sikker
på at ein har fått alt. I år begynte folk å forsyne seg til sine boder før dette vart gjort.
Det er viktig å ikkje opne nye pakkar av ting før ein er sikker på at det er tomt. I år var det
mangen halvfulle ting som vart til overs på grunn av at ein hadde opna for mangen «like»
varer.
Det var svært populært med dei kakene som ikkje var sjokoladekake og andre langpanner.
Bør vere enda fleire «festkaker». Det var nesten ingen kaker igjen i år.
5. Pyntekomite:
Viktig å avklare med skulen om det er plass i boset deira.
Det vart i år pynta med epleblomar i gymsalen og bjørk ute. Blåbærlyng vart og vurdert.
Både dei små og store flagga må strykast i forkant av 16.mai. Ikkje la småflagga stå i bøtter
(blir stygge).
Viktig å ta bilete av klasseromma før ein tek ut innventar. Må og merkast godt kva klasserom
dei høyrer til.
Det kan vere lurt å rydde aulan medan toget går. Bør vere minst seks personar.
6. Teknisk komite:
Teknisk komite gjorde det meste av forberedelse og rydding i aulaen.
Hugs å avklare kven som har nøklar på 16. og 17. mai.
Me opplevde at dei som hadde organisasjonsnøklar ikkje kom seg inn då nøklane ikkje virka.
Obs!
Det var ingen som møtte i mediateket for å sjå film, så dette vert strøke frå instruksen.
Me måtte ha to høytalarar ute, og det må stå klar ein person til å ta i mot fanene når toget er
slutt. Det burde vore ein frå tekninsk komite for å avlasta 7.klassane som bar den store fana i
toget.
7. Leikekomite:
Det var litt knapt med medlemmer i leikekomiteen, og det bør vere fleire som deler ut
premiar slik at det vert lite venting på premiane. Kan vurderast å dele ut ved kvar leke?
Det er svært mykje premiar igjen. Desse vert sett ned i kjellaren.