Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal Produksjonsforslag 2015/2016 Etter ønske frå fleire kommunar, har vi også i år lagd ei liste med forslag til kulturtilbod det går an å nytte i Den kulturelle spaserstokken. Alle kommunar står sjølvsagt heilt fritt til å lage sitt eige program, så lenge tilskotet blir nytta til profesjonell kunst- og kulturformidling retta mot innbyggarane som er frå 70 år og oppover. Frå side 15 til 31 finn de produksjonsforslag som utøvarane sjølv har sendt inn Møre og Romsdal fylkeskommune til for at dei skal bli formidla vidare ut til kommunane. Om de treng nærare informasjon om desse produksjonane, til dømes om pris, tekniske behov eller innhald, tar de kontakt med utøvarane. Kontaktinformasjon står under produksjonspresentasjonane. Hugs at reisegodtgjersle og eventuelle andre utgifter til transport og opphald kjem i tillegg til honoraret. Også for hausten 2015 våren 2016 er det kulturproduksjonar og utøvarar som skal på turné i Kultursekken (Den kulturelle skolesekken) som også kan passe for Den kulturelle spaserstokken. Fordelen med å bruke produksjonar med utøvarar som allereie er ute på turné, er at grunnutgiftene til reise og opphald er dekka av Kultursekken. Kommunane betaler i desse tilfella berre honoraret til utøvarane og eventuell køyregodtgjersle eller andre utgifter som er direkte knytt til oppdraget for DKSS. Produksjonar med utøvarar som er på turné med Kultursekken finn de på side 3-15. For detaljert informasjon om dei enkelte turneane, sjå www.kultursekken.no, eller ta kontakt med oss på [email protected]. Det er den enkelte kommune som er ansvarleg for å gjere avtale med utøvarane om oppdrag i DKSS. Fylkeskommunen er berre involvert i avviklinga i dei produksjonane der Møremusikarane deltek. Frå side 34 til 38 finn de nokre programforslag med musikarar frå Møremusikarane. Sidan dette er ei fylkeskommunal ordning, er reiseutgifter inkludert i honoraret. For nærare informasjon og bestilling, tar de kontakt med Kulturavdelinga. Nytt av året er at vi også presenterer nokre aktivitetsbaserte tilbod i tillegg til dei tradisjonelle publikumsopplevingane. Desse tilboda finn de på side 11-16. Anette Storli Andersen rådgivar, Kulturavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune Telefon: 71 25 89 12 E-post: [email protected] Vi håper programforslaga kan vere til inspirasjon og at de finn noko de vil bruke for Den kulturelle spaserstokken i dykkar kommune. Ta gjerne kontakt om de har synspunkt, spørsmål, ønske for framtidige programforslag, eller om de kjenner til produksjonar som bør vere med i neste oversikt. Lukke til med arrangementa! Med venleg helsing 1 Innhald Å du store mi tid / Hildur dansekompani .................................... 21 Djupdykk blant mystiske vesen i blåmyra / Guri Aasen / forteljing .......................................................................................... 3 Vårsøg / Svein Sæter / litteratur .................................................. 22 Forteljarstund / Anne Hungnes .................................................... 4 Stemninger for trombone og klavér / Philip Boyle og Marie S. Pedersen ........................................................................................ 24 Fiskarkona og døtrene hennar / Guri Aasen og Andrine Longva Kopperstad / forteljing og musikk ................................................ 5 Nordmørstoner / Tor Strand og Ola Bræin / musikk ................. 23 Toneminne / Møremusikarane ...................................................... 6 Jacob Sande. Salte vers og sursøte songar / Teater ViTo / kabaret ........................................................................................... 25 Minne frå krigen / Ingunn Røyset / litteratur ................................ 7 Konsert med Polkabjørn & Kleine Heine .................................... 26 Hemmeleg helt / Svein Sæter / litteratur ...................................... 8 Trekkspillets gullalder / Odd Arne Halaas / konsert ................. 27 Kunsten å leggje seg paddeflat / Are Pilskog / film .................... 9 Musikken bak blendingsgardinene / Odd Arne Halaas og Knut Ivar Bøe / konsert .......................................................................... 28 Øyne så store som tinntallerkener / Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design / visuell kunst ............................................ 10 Konsert med Guren Hagen og Lars Martin Myhre ..................... 29 Spring! / Hildur dansekompani ................................................... 11 Herbarium / Guren Hagen / konsert ............................................ 30 Båten og mennesket / Stiftinga Sunnmøre museum / kulturarv ....................................................................................................... 12 Diger dag / Geirr Lystrup / konsert ............................................. 31 Antikrundan / Thomas ”Håkki” Eriksson ................................... 13 Eg er eit hus / Sissel Stangenes / visuell kunst ........................ 14 Reminisens / Sissel Stangenes / visuell kunst ..................... 15 Tradisjonsmat. Lefser og flatbrød / Stiftinga Sunnmøre museum / kulturarv ...................................................................... 16 Ofelias skyggeteater / Vestnes kulturskole / forteljing og musikk ........................................................................................... 17 Bacalhau da Noruega / Arnt Inge Sæter og Øystein Heggstad / musikk, foto, kulturarv ................................................................. 32 Hildringstimen / Roar Engelberg og Håvard Svendsrud / musikk ........................................................................................................ 33 Meditasjonsmusikk til bibeltekster / Møremusikarane .............. 34 Konsertar under krigen / Ingunn Røyset og Møremusikarane/ litteratur og musikk ...................................................................... 35 Wienerkafé / Møremusikarane ..................................................... 36 Everts eventyr / Teater ViTo ........................................................ 18 English teatime / Møremusikarane .............................................. 37 Hallo, hallo / Kompani Krapp / teater ......................................... 19 Italiensk matiné / Møremusikarane ............................................. 38 Denne stunden / Mathilde Øverland / Bjelke i øye produksjoner / dans ............................................................................................. 20 2 Djupdykk blant mystiske vesen i blåmyra / Guri Aasen / forteljing I denne forteljarframsyninga får tilhøyrarane stifte kjennskap med eit utval av dei underlege, undersjøiske, overjordiske skapningane vi må ut i det ville havgapet på Sunnmørskysten for å få auge på. Slike som Kraken, Draugen, Havbokkjen, Marmælen og Margygra. Ispunne vitnesbyrd om truverdige sjøfolk sine møte med desse underlege og mektige skapningane, får publikum og lære litt av kvart om gamle merke på godt og ringt fiske, og om magi som fremjar lukke eller tvert imot kan føre til ulukke til havs. Segntradisjonane og folketrua om dei løyndomsfulle kreftene tilknytta det blå djupet har vore levande blant kystfolket heilt opp til vår nære fortid. For å rå med naturkreftene har det å kunne lese merka i naturen, veret, vinden og sjøen til alle tider vore livsviktig kunnskap i kystfolket sin kamp for tilveret. Ein kunnskap vi moderne menneske óg kanskje har noko å lære av? Kraftfulle historier er det i alle fall, så velkomen til ein time med garantert sjøgong. Pris: kr. 4 500,Lengde på framsyninga: 45 minutt Tekniske krav: Golvplass 3 x 3 meter. Lerret til projektor Kontakt Guri Aasen Telefon: 936 06 715 E-post: [email protected] Utøvar er på turné for Kultursekken i desse kommunane: Haust 2015: Herøy, Haram, Sula, Giske, Hareid og Sande Vår 2016: Volda, Ulstein, Tingvoll, Norddal, Nesset, Giske, Sandøy, Midsund, Aukra, Sula og Vanylven 3 Forteljarstund / Anne Hungnes Anne Hungnes presenterer ei forteljarstund for Den kulturelle spaserstokken der ho fortel korte forteljingar knytta til tradisjonar og tru i høve arbeidsliv og årstider, blanda med historier frå kvardagslivet, gjerne med ein humoristisk snert. Ho brukar gjerne lokale forteljingar som er knytt til staden ho besøker. Anne synge korte stev og stubbar innimellom forteljingane. Anne Hungnes studerte munnleg forteljing på Høgskolen i Oslo fordi ho opplever at den nærkontakten med lyttarane ho får gjennom forteljing er svært engasjerande både for ho og for dei som lyttar. Anne har som lærar lang erfaring med å fortelje for born, men ho har og fortalt mykje for vaksne. Som leseombod gjennom Molde bibliotek har ho hatt lese/forteljarstunder på ein sjukeheim, og gjennom det har ho erfart kva som ofte fenger mange eldre. Pris: 3 500,Utøvar er på turné for Kultursekken i desse kommunane: Haust 2015: Ålesund, Fræna, Aukra, Sande, Kristiansund, Midsund, Averøy Vår 2016: Ålesund, Fræna, Molde, Vestnes Kontakt Anne Hungnes Telefon: 411 04 108 E-post: [email protected] 4 Fiskarkona og døtrene hennar / Guri Aasen og Andrine Longva Kopperstad / forteljing og musikk Kven hadde ho vist seg å vere tru, skulptør Tore Bjørn Skjølsvik si fiskarkonestatue på Vågsplassen i Fosnavåg, om ho kunne tre ned av sokkelen og fortelje oss om livet sitt? Gjennom ei samling minnefortejingar frå tidsromet 1860 til 1960 vil forteljar Guri Aasen og felespelar Andrine Longva Kopperstad gjennom ord og tonar bere til torgs både fiskarbonden og tenestetausa, budakokka og kverkejenta. Forteljeframsyninga har vekse fram frå skriftlege lokalhistoriske kjelder og gjennom samtalar med 30 kvinner og menn i alderen 48 -104 år, alle med solid handlingsbåren kunnskap. Pris: etter avtale Fiskarkona og døtrene hennar er på turné gjennom Kultursekken våren 2016 i desse kommunane: Volda, Ulstein, Tingvoll, Norddal, Nesset, Giske, Sandøy, Midsund, Aukra, Sula og Vanylven Kontakt Guri Aasen Telefon: 936 06 7 E-post: [email protected] 5 Toneminne / Møremusikarane Dei tre musikarane Silje Søgnesand (vokal), Asgeir Hoffart (piano) og Jøran Hatten (klarinett og song) har laga ein konsert med Prøysen-songar. Publikum vil mellom anna få høyre kjenningar som "Du skal få ein dag i mårå", “Slipsteinsvalsen", "Lille Måltrost" og "Mari du bedåre". Vi legg til rette for at nokre songar skal vere allsong. Programmet kan framførast i kulturhus eller på eldreinstitusjonar. Produksjonen finst også i ein juleversjon. Prosjektet vil vere eit samarbeid mellom kommunane i Møre og Romsdal og Møremusikarordninga. Fylkeskommunen dekkjer delvis honorar, reise og utstyr. Kommunane dekkjer delvis honorar samt eventuell leige av lokalitetar for konsertane. Pris: 8000,- i kombinasjon med Kultursekken / 13 000 for enkeltståande arrangement (inklusiv reisekostnadar). kostar 13000,- inklusive reisekostnadar. Kontakt Lene Torgersen Mordal Kulturavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune Telefon: 71 25 88 53 E-post: [email protected] Tekniske krav: Vil gjerne bruke akustisk piano Lengde på produksjonen: 60 min Utøvarane skal på turné i Kultursekken i desse kommunane: Haust 2015: Rauma og Skodje 6 Minne frå krigen / Ingunn Røyset / litteratur Forfattaren Ingunn Røyset kjem på forfattarbesøk for å lese frå og snakke om den nyaste boka si, Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen (2014). Boka er ei tidsreise tilbake i tid, frå 2014 til 1945. Den ni år gamle jenta får fortalt historier frå krigen av mormora si, og reiser tilbake i tid og opplever krigshendingar og levevis i skyggen av englandsfarten på Vestlandskysten. Dei et ikkje sjokoladepålegg under krigen skildrar krigshendingar på Vestlandskysten i 1945, og i Finnmark under evakueringa av landsdelen i 1944, og ho er skrive med utgangspunkt i intervju med dei som var barn under krigen. Boka er derfor eit godt utgangspunkt for å minnest og dele minner frå eigen barndom, krigsopplevingar og dagleglivet. Pris: etter avtale Ingunn Røyset skal på turné i Kultursekken i desse kommunane: Haust 2015: Hareid, Vanylven, Sande og Haram Vår 2016: Haram og Giske Kontakt Ingunn Røyset Telefon: 413 36 236 [email protected] 7 Hemmeleg helt / Svein Sæter / litteratur Knut Haugland deltok på verdas mest kjende sabotasjeaksjon; tungtvatnsaksjonen mot Nazi-Tyskland sitt atombombeprosjekt. Etter krigen deltok han på verdas mest berømte ekspedisjon; ombord på Kon-Tiki over Stillehavet. I boka Operatøren har forfattar Svein Sæter fortalt Knut Haugland si historie om eit eventyrleg liv og om kva ressursar som finst i mennesket. Produksjonen Hemmeleg helt byr på eit fengjande møte med forfattaren Svein Sæter som gir ei oppleving de seint vil gløyme! Pris: 3 500,Lengde på produksjonen: 60 min Tekniske krav: Projektor og lerret Svein Sæter skal på turné for Kultursekken i desse kommunane: Haust 2015: Sykkylven og Tingvoll Vår 2016: Sandøy Kontakt Svein Sæter Telefon: 478 47 017 E-post: [email protected] 8 Kunsten å leggje seg paddeflat / Are Pilskog / film Lisjevatnet inst i Austefjorden har ein av Europa sine største paddebestandar. I 2010 starta bygginga av ny Europaveg rett gjennom leveområdet til paddene. Opphavleg var planen å lage ein kort reportasje. Lite viste den prisvinnande filmskaparen Are Pilskog om at han skulle bruke fire år på desse paddene, at paddene etterkvart skulle bli rikskjendisar og setje eit heilt lokalsamfunn på hovudet. Are Pilskog fekk Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend til å lage filmen. Pilskog er filmskapar og biolog og har spesialisert seg på naturdokumentarfilm. I DKSS-produksjonen Kunsten å leggje seg paddeflat viser Are Pilskog viser filmen, fortel om prosessen og svarar på spørsmål frå publikum. Visningsstad: Kino Kontakt Are Pilskog Telefon: 977 66 471 E-post: [email protected] Pris: etter avtale Are Pilskog skal på turné for Kultursekken i desse kommunane: Hausten 2015: Ålesund og Sykkylven Våren 2016: Ålesund, Sykkylven og Ørsta 9 Øyne så store som tinntallerkener / Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design / visuell kunst Verdas befolkning blir stadig eldre. Finst det fordommar og stereotypiar knytt til korleis vi ser for oss at gamle menneske er? Er fordommane som er knytt til aldring like tydelige som fordommar knytt til kjønn og rase? Verka i Øyne så store som tinntallerkener grip fatt i aldring som tema på ein nyskapande og fantasirik måte som kan vekke nysgjerrigheit og undring hjå tilskodarane. Utstillinga består av ti fotografiske arbeid av fotokunstnaren Karoline Hjort og kostymedesignaren Riitta Ikonen. På fotografia møter vi ”seniorar” i situasjonar og med historier som bryt med dei stereotype forventningane til kva eldre skal vere og gjere. Utstillinga blir formidla av ein profesjonell formidlar som inviterer tilskodarane til å gå i dialog om verka og tematikken. Utstillinga er på turné for Kultursekken hausten 2015 i Molde og Surnadal. I turneperioden og det er mogleg å avtale visning med formidlar på skolen etter skoletid. Sjå turneplan på www.kultursekken.no Pris: 3500,- Kontakt Anette Storli Andersen Kulturavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune Telefon: 71 25 89 12 E-post: [email protected] Utstillinga kan bestillast for andre kommunar i perioden 16. 24. november. I denne perioden kjem utgifter til transport av utstillinga og reise og opphald for formidlaren i tillegg formidlingshonorar. 10 Spring! / Hildur dansekompani Bli betre kjend med dansetradisjonane frå heimplassen! Danseverkstaden Spring! ynskjer å gi eldre i Møre og Romsdal ei felles oppleving av levande musikk, samdans og lokal forankring. Folkedans er inkluderande, miljøskapande og gir eit unikt høve til trening av rytme, motorikk og balanse. Sjangeren er lett tilgjengeleg for alle typar fysikk. Mykje av dansetradisjonen i Møre og Romsdal er i ferd med å dø ut då ein ikkje har grepe eller fått høve til å lære desse fantastiske rørsleskattane. Deltakarane får lære å danse den springaren/polsen som er nærast av dei formene som vi i dag kjenner til. I praksis vert dette Todalspols på Nordmøre, Romsdalsspringar i Romsdal, og på Sunnmøre: springarane frå Tafjord, Sykkylven/Stranda, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre - i alt fem ulike, unike og lokale dansar. Pris: 6000,Kontakt Anna Gjendem Telefon: 474 09 302 E-post: [email protected] Varigheit: 60 minutt Utøvarane skal på turné for Kultursekken i desse kommunane: Haust 2015: Aure, Halsa, Surnadal, Vår 2016: Smøla, Eide og Stranda 11 Båten og mennesket / Stiftinga Sunnmøre museum / kulturarv Gjennom arbeidet med eit byggesett i full skala, får deltakarane ei nærare innføring i bygging av den gamle sunnmørsbåten, Snidbetningen. Båttypen vart i hovudsak bygd og brukt på Sunnmøre, men førekom også i Romsdalen. Kursleiarane er Ingvill Wille og Håvard Hatløy. Deltakarane får prøve ulike handverksteknikkar; sansing av form gjennom å sjå, kjenne og føle. Formoppnåing gjennom bruk av øks, sag, høvel, båttvinge, navar, borrevinde, tollekniv og klinkeverktøy. Båten vert bygd etter tradisjonsboren kunnskap der byggekodeksen er høvestal og kroppsmål. I tillegg til båtbygginga kan Sunnmøre museum, etter nærare avtale, ta med grupper ut på sjøen. Varigheit: tre timar Inntil 30 deltakarar per verkstad Pris: etter avtale Kontakt Stiftinga Sunnmøre museum ved Ingvill Wille Telefon: 980 96 723 E-post: [email protected] Båten og mennesket skal på turné for Kultursekken i desse kommunane: Vår 2016: Fræna, Vestnes, Surnadal, Ørsta, Vanylven 12 Antikrundan / Thomas ”Håkki” Eriksson Den svenske kunstnaren Tomas «Håkki» Eriksson kommer til eldresentre for å underhalde, spele plater og prate om gamle dagar. Han har med seg ei rikhaldig samling med vinylplater, er mottakeleg for plateønske, og han har ei hjarteleg interesse for korleis ting var før i tida. I løpet av en times tid spelar Håkki plater med velkjende artistar frå publikums ungdomstid, og han stiller spørsmål til publikum om artistane og musikken han har med. På vinylspelaren kjem alt frå muntre klassikarar til Gamle Svarten. Men favoritten til ”DJ Håkki” er helt klart Alice Babs. Håkki har turnert med Antikrundan i Noreg og i Sverige og fått fram både gode historier og gamle dansekunster rundt omkring på eldresentra. Antikrundan kan kombinerast med at Håkki turnerer for Kultursekken med framsyninga The power of gläsbygd i februar og mars 2016. Kultursekkturneen skal til desse kommunane: Kristiansund, Rindal, Gjemnes, Aure, Sunndal, Rauma, Fræna, Vestnes, Ørskog, Stordal, Ulstein, Volda og Haram Kontakt Thomas Eriksson E-post: [email protected] 13 Eg er eit hus / Sissel Stangenes / visuell kunst Eg er eit hus er eit prosjekt om identitet. Huset fungerer som ein metafor for å kunne fortelja og visualisere den personen vi er. Huset står som eit symbol for livet i seg sjølv - det som er oss, vi og/eller eg “kven er eg”. Eg er eit hus er ei enkel innføring i det å teikne og male. Biletkunstnar Sissel Stangenes gir ei felles innføring i korleis blande farge og rettleiar deltakarane underveis. Deltakarane får melom anna instruksjon i korleis dei kan arbeide med penslar i ulike bredder og korleis ein kan å blande fargar. Verkstaden er ei praktisk øving for konsentrasjon og motorikk. Alle kan være med, også de som har behov for hjelp, enten ved assistanse frå pårørande eller frå tilsette / pasientvenner o.l. Deltakarane blir rettleia gjennom heile prosessen, slik at alle når fram til eit resultat. 8-12 deltakarar er ei fin gruppe om det er med assistentar. Lokale: hobbyrom eller arbeidsstue på aldersheim eller liknande. Sissel Stangenes 2007 Kontakt Sissel Stangenes Telefon: 971 60 557 E-post: [email protected] Pris og varigheit: etter avtale. Sissel Stangenes er på turné for Kultursekken hausten 2015 i Nesset, Ørskog og Skodje. 14 Reminisens / Sissel Stangenes / visuell kunst Utgangspunktet for Reminisens er biletkunstnar Sissel Stangenes si erfaring av kva som skjedde da hennar eiga aldersdemente mor fekk ein blyant og begynte å teikne igjen, for første gong sidan ho, i likskap med mange andre, slutta å teikne som tenåring: “i det øyeblikket hun grep blyanten, og gjennom hele tegningen var min mor inne i seg selv og framstod som den unge jenta hun engang var ivrig opptatt med å tegne og fortelle om det hun tegnet... om jenta, om håret, om kjolen, detaljer på kragen og da det var moderne med puffermer... Den forviste blyantstreken gjennom mange år satt i kroppen, hun grep bare fatt i streken der hun slapp den i ungdommen og med stor innlevelse og trygghet gikk hun inn i en reminisens” I Reminisens utforskar Stangenes, saman med aldersheimar og pårørande, korleis ein kan kommunisere med dei eldre om kjensler, minne og erfaringar gjennom visuell bildeskaping. Stangenes leier deltakarane gjennom ein teikneprosess der demenspasientar hentar fram minne gjennom teikning og samtalar med tilsette, pårørande eller andre. Kva og korleis vil gamle menneske teikne når dei hentar fram igjen blyant og minner frå sin barndom, sin ungdom og sine liv? Tusjteikning av Ingegerd Charlotte Gule, 79 år (2001) Pris, varigheit og opplegg: etter nærare avtale. Kontakt Sissel Stangenes Telefon: 971 60 557 E-post: [email protected] Sissel Stangenes er på turné for Kultursekken hausten 2015 i Nesset, Ørskog og Skodje. 15 Tradisjonsmat. Lefser og flatbrød / Stiftinga Sunnmøre museum / kulturarv Lefser og flatbrød er noko av det mest tradisjonsrike vi har i norsk matkultur. No kan bakeglade entusiastar lære å bake lefser og flatbrød saman med Stiftinga Sunnmøre museum. Deltakarane blir rettleia gjennom deiglaging, utkjevling, stieking og smørjing av lefser. Til slutt er det smaksprøver, og alle får med seg sin eigen bakst heim. Eigna lokale: skolekjøkken eller liknande Pris: etter avtale Kontakt Stiftinga Sunnmøre museum ved Ingvill Wille Telefon: 980 96 723 E-post: [email protected] 16 Ofelias skyggeteater / Vestnes kulturskole / forteljing og musikk I framsyninga Ofelias skyggeteater blir den vakre historia av Michael Ende formidla gjennom forteljing og feletonar. Ofelia har heile livet arbeidd som sufflør på det vesle teateret i byen. Nå er Ofelia blitt gammal, teateret stenger – og ho blir oppsagt. Etter den siste framsyninga sit ho aleine i sufflørboksen for å ta farvel, og for å tenke gjennom livet sitt. Plutseleg dukkar det fram ein skugge… Framsyninga handlar om korleis Ofelia handterer alle skuggane ho møter, om angst, om glede – og om døden. Framsyninga passar for eit vakse publikum, gjerne i forum der alderdom, demens og einsemd er tematikk. Kontakt Vestnes kulturskule ved Olla Rypdal Telefon: 915 19 878 [email protected] Med Olla Rypdal (forteljar) og Britt Elise Skram (felespelar) Lengde på produksjonen: 35-40 min Pris: kr 5000,Aktuell for turné: 2015-2016 17 Everts eventyr / Teater ViTo Evert Taube si dikting er ein kulturskatt vi gjerne vil formidle vidare! Med skodespel og musikk levandegjer vi den eventyrlege barndomen hans i skjergarden, reisene over ”sjø og land”, samt det rike persongalleriet som dei flotte visene gjev rikeleg høve til å dramatisere. Forfattarskapen osar av kjærleik og livsglad observasjon av medmenneske, blanda med unike skildringar av natur og folkeliv. I botnen ligg inspirasjon frå Bellman, folke- og sjømannsviser samt middelalderballadar. Men opplevingar i ungdommen, frå kyst- og sjøliv og dei mange reisene jorda rundt, vev han saman i eit perfekt samspel mellom tekst og melodi. Måten han dikta og såg den svenske sommaren på gjorde Evert Taube til nasjonalskald, på same tid klarte han heile tida å bringe inn det eksotiske og internasjonale. Kontakt Karoline Isaksen Telefon: 952 79 224 Epost: [email protected] Desse er med: Knut Ivar Bøe – trekkspill, Richard Von Løwensprung – gitar, song, skodespel og Karoline Isaksensong - skodespel. Pris: kr. 10 000,- + reise og ev. opphald Vi stiller med utstyr. Speleplass: Ca. 4 m bredde, 3 m djupn 18 Hallo, hallo / Kompani Krapp / teater Velkommen til en teaterforestilling som suser gjennom flere tiår! Fra det elleville 20-tallet med Charleston og lykkerus, herlige låter, forelskelse og komedie, til den vanskelige krigen og tiden etter, før rocken gjør sitt inntog på 50-tallet og det hele ender i et kaffeslabberas med gode, gamle viser - og kanskje noen overraskelser på veien? Hallo hallo er en teaterforestilling om to søstres sterke bånd, om det å forsone seg med et helt liv av lykkelige, men også vonde stunder - og hvor deilig det er med aftener fyllt av sang, dans og liv! Musikken vi hører i forestillingen er alt fra ellevill Charelston, ”The Man I Love” som ble kjent gjennom Ella Fitzgerald følelsesladde jazzvokal, ”Rosa på bal” av Evert Taube, ”We ́ll meet again” av Vera Lynn, ”Ja vi elsker” av Bjørnstjerne Bjørnson, Piken i lave sko av Knud Pheiffer, ”Blåveispiken” av A. Aasen, K. Foss og R. Bø og forestillingen avslutter med den offisielle tv-åpningen i 1960 med ”Voi – Voi” og Nora Brockstedt i spissen. Scenografi og kostymer er tidsriktige. Vi har også med oss vårt eget lyd og lysutstyr. Hallo hallo er en hyllest til de eldre og livet de har levd over så mange spennende tiår. Kontakt Kompani Krapp ved Beate Bednar Telefon: 995 82 224 E-post: [email protected] Pris: 14 000,Eigna lokale: Gymsal, forsamlingshus eller liknande 19 Denne stunden / Mathilde Øverland / Bjelke i øye produksjoner / dans Forestillingen er basert rundt korte improviserte dansefremvisninger som skapes i møtet mellom danseren og beboerne på sykehjemmet. Danseren, med sine bevegelser og utforskning av rommet og menneskene hun møter, er drivkraften i forestillingen. Samtidig er det tradisjonelle skillet mellom utøver og publikum så godt som visket ut. Begge parter betrakter og blir samtidig betraktet, og er dermed både medskapere og mottakere i forestillingen. Danseren bruker ikke musikk eller andre effekter, så det er kun den fysiske tilstedeværelsen, personlighetene og bevegelsene som er utgangspunktet. Beboerne er frie til å observere, involvere seg med lyder, sang eller ord, eller til å involvere seg fysisk. Forestillingene finner sted i de eldres daglige oppholdsrom, eventuelt også i ganger og på enkeltrom. Besøk av Denne stunden varer vanligvis mellom én og to timer. Dansekunstneren oppsøker de eldre der de er og beveger seg fra avdeling til avdeling. Hver lille «stund» varer fra 5–15 minutter. Pris: 3000,- Kontakt Bergen dansesenter Ved Julie Lillelien Porter Telefon: 55 32 08 66 E-post: [email protected] 20 Å du store mi tid / Hildur dansekompani - i fra gamle tider, vi den samme rytmen har, mor og far til bestefar, de danset også polka. Jo Einar, Anna, Hilde og Mathilde gir deg kjente og kjære danser til svingende fele- og toradermelodier. Polka, tango og vals i skjønn forening. Kanskje byr de også opp til en dans? Medvirkende: Anna Gjendem - dans Mathilde Øverland - dans Hilde Fjerdingøy - torader Jo Einar Jansen - fele Konsertlengde: Ca. 35 min Opprigg: 40 min Foto: Hanna Fauske Kontakt Anna Gjendem Telefon: 474 09 302 E-post: [email protected] Pris: 12 000,Plassbehov: Plass til at ett par danser, vi er fleksible. Aktuell turneperiode: Etter ynskje frå kommunane 21 Vårsøg / Svein Sæter / litteratur Mannen som skreiv diktet Vårsøg levde i tre hundreår; født i 1898, død i 2001. Hans Hyldbakk frå Surnadal på Nordmøre var både ein stor forfattar og ein stor original. Vi finn knapt slike lenger. Frå han var liten bar han på ein sterk draum om å skrive. Framsyninga Vårsøg fortel korleis han oppfylte draumen, mot alle odds. Han voks opp i fattigdom, i ei tid da det var kroppsarbeid som talte. Skriving vart sett på som "tull og yrkesløyse". Korleis greidde han å oppfylle draumen? Ved hjelp av vårsøget. Ordet femner lyden av vår: "susing av vind og rennande vatn om våren". Samtidig rommar det ei rik, indre tyding: eit håp, ei glede, ei framtidstru, ei kraft. Forfattar Svein Sæter frå Stangvik er også kjent som ein dyktig kåsør og foredragshaldar. Sæter kan komme til aldersheimar, forsamlingshus og kulturhus i heile fylket for å snakke om Hans Hyldbakk, eller andre emne han har arbeidd med som forfattar. Sæter har skrive ei lang rekke faglitterære bøker, mange av dei med historiske tema, som til dømes biografien om Knut Haugland, men òg om så ulike emne som fotball, økologisk landbruk og sportsfiske. Kontakt Svein Sæter Telefon: 478 47 017 E-post: [email protected] Pris og turnéperiodar: etter avtale. 22 Nordmørstoner / Tor Strand og Ola Bræin / musikk Konserten Nordmørstoner er basert på praktboka av Ola Bræin med same tittel. Boka inneheld 100 melodiar arrangert av Edvard Bræin for piano og song/instrumental. Boka og konserten har appell til både historisk interesserte og musikkinteresserte med sitt unike kjeldemateriale. Ola Bræin formidlar både i skrift og verbalt i løpet av konserten kjeldeportrett som fortel mykje om ei tid som har funne plass i historia sitt skuggeland. Folketonane er arrangert av mellom anna Ola Bræin, Henning Sommero og Tor Strand. Lengde på produksjon: 45 - 60 min. Produksjonen kan spelast på institusjonar, samfunnshus, kyrkjer m.m. Tekniske krav: Vil gjerne bruke akustisk piano Pris: 5 000,- for ein konsert - 7 500,- for to konsertar per dag. Kontakt Ola Bræin Telefon 907 97 098 E-post: [email protected] 23 Stemninger for trombone og klavér / Philip Boyle og Marie S. Pedersen Pianist Marie S. Pedersen og trombonist Phillip Boyle har satt sammen et program av norsk klassisk musikk. Gjennom et variert og balansert program presenteres både kjente og mindre kjente norske komponister fra Griegs tid og frem til i dag. Vi vil forsøke å sette i gang tilhørernes assosiasjoner og fantasi ved å spille noen “kjente og kjære” stykker som kanskje vekker minner, men også noen mer moderne stykker som utfordrer lytternes forestillingsevne. Utstyr: Helst akustisk piano Oppriggstid: 15 minutter Pris og turnéperiode: etter avtale. Kontakt Philip Boyle Telefon: 47 39 16 06 E-post [email protected] 24 Jacob Sande. Salte vers og sursøte songar / Teater ViTo / kabaret En times lang Jacob Sande-kabaret med et utvalg dikt og sanger som får en til å både le og gråte! Den folkekjære, jordnære og humoristiske forfatteren fra Dale i Sunnfjord har skrevet et stort antall tekster fulle av livsvisdom og gullkorn! Sande treffer oss med tekstene sine, fordi vi kjenner oss igjen i menneskene, handlingene og omgivelsene. Han skriver bilder som vi klart og tydelig ser for oss, som i «Likfunn», og «Kallen og Katten» - om Bulendingen som ville ta livet av katten sin med dynamitt! Det er alltid en glede å fremføre disse tekstene, og forestillingen passer i små og store lag. Vi trenger ikke mye plass og har med lyd og lys om nødvendig. Pris: 8 000,- (ei forestilling) / 12 000,- (for to samme sted).- -evt. lyd/lys: 2 000.Spilletid: ca.1 time (kan justeres) Riggetid (opp / ned): 1 time Kontakt Teater ViTo Telefon: 413 020 594 E-post: [email protected] Scene: helst 3x 3 meter spilleplass. Publikum: fra 10-200 25 Konsert med Polkabjørn & Kleine Heine Polkabjørn & Kleine Heine er den usannsynlige suksesshistoria om kameratane Bjørn Tomren og Heine Bugge frå Romsdalen som starta trekkspel og jodleband - og erobra verda. Overraskinga var like stor for Polkabjørn & Kleine Heine som for resten av verda da dei blei det offisielle oppvarmingsbandet på den norske delen av A-Ha sin avskjedsturne. Polkabjørn er antakeleg den einaste i verden som har jodla for kongen, dronninga og Jonas Gahr Støre på same tid. No vil dei gjerne spele for eldre i Møre og Romsdal. Publikum vil få høyre både kjende og mindre kjende polka- og jodlehits, som til dømes “Jeg er fra Romsdalen Norges Tyrol”. Kontakt Stageway v/ Jonas Svare Telefon: 957 79 972 E-post: [email protected] 26 Trekkspillets gullalder / Odd Arne Halaas / konsert Trekkspillet var Norges første pop-instrument. I nesten hvert hjem var det trekkspill og på de fleste plateinnspillinger var det trekkspill og i radioen var det trekkspill hver eneste dag. Nå er dette nostalgiske minner og noe de voksne generasjonene husker som et godt minne - og av og til dukker det en melodi opp som man går og nynner til fra den tiden. Odd Arne Halaas sin turne med ”trekkspillets gullalder” håper han skal bli en fin mimrestund hvor dere får høre igjen de gamle kjente og kjære melodiene og vi får synge dem sammen. Her får dere høre melodier fra Alf Prøysen, Salhuskvintetten, Åse Wentzel, Jens Book Jenssen, Engedal og Stordahl og mange, mange flere. Pris: etter avtale Kontakt Odd Arne Halaas Telefon: 920 66 067 E-post: [email protected] 27 Musikken bak blendingsgardinene / Odd Arne Halaas og Knut Ivar Bøe / konsert Mørke og truande skyer låg over Noreg i fem lange og tunge år, men bak blendingsgardinene blomstra kulturen og alt som kunne bygge opp patriotismen og samhaldet. På Grini sat Otto Nielsen og skreiv "Det har vi" og på revyane song Leif Juster kløktige kamuflerte tekstar om svartebørshandelen og om "Det vi venter på" På landsbygda held ungdommen illegale dansar, og i byane blei konsertar kamuflerte som "foredrag", - alt for å skape litt lys i alt mørkret, og då Lalla Carlsen song "Noreg i rødt, hvitt og blått" i maidagane 1945, var ikkje eit auge tørt. Odd Arne Halaas og Knut Ivar Bøe inviterer til ei hyggestund med musikalsk mimring for dei som opplevde denne tida. Dei har begge eit stort repertoar bygd på ei felles interesse; klassiske slagerar frå før- og etterkrigstid! Her tek dei for seg kjende og kjære skandinaviske slagerar frå ei tid då underhaldning var mangelvare; radioapparata var inndrivne, og for å få kjøpt ei ny grammofonplate måtte ein levere inn to gamle! Kontakt Odd Arne Halaas Telefon: 920 66 067 E-post: [email protected] Kanskje vart kulturen meir dyrebar og fekk ei blømingstid grunna dette? Uansett eit tankekors for dagens samfunn som støyande badar i importert underhaldning. Pris: etter avtale 28 Konsert med Guren Hagen og Lars Martin Myhre Guren Hagen og Lars Martin Myhre har kjent hverandre i mange år, men har ikke tidligere jobbet sammen på scenen. Man skulle kanskje tro at forskjellen i uttrykket er stor på Guren fra Rendalen og Lars Martin fra Tønsberg, men likhetspunktene er mange: Sterke melodier, varme og personlige tekster og en stor formidlingsglede. Da Lars Martins manager kom opp med forslaget om et konsertsamarbeid, møtte det begeistring fra begge to. Etter mange år med gjensidig respekt og beundring for hverandres arbeid, syntes begge at det var kjempespennende å møtes i en felles konsert. Mulighetene er store for at publikum vil få en minneverdig, varm og morsom kveld hvor verken smil eller tårer er langt unna Pris: etter avtale Kontakt KHK Kulturverksted Telefon: 997 23 152 [email protected] 29 Herbarium / Guren Hagen / konsert Guren Hagen hadde flere hyggelige konserter for eldre rundt om i landet vårt i 2014. Det er derfor en glede for KHKulturveksted å tilby ny turné med Guren basert på låter fra den nye samleplate; Herbarium2, som kom våren 2015. Her vil publikum møte flere av hans «slagere» fra radioen som ”Hjertet mitt”, ”Sammarsmårrå” og ”La lyset stå på”. Guren kan gjøre opp mot to konserter per dag. Åpne konserter på bibliotek, kafeer, samfunnshus og andre arenaer har vært stor suksess, men Guren kan også gjøre lukkede konserter, for eksempel på eldresentre, kombinert med disse. Guren Hagen er en av Norges fremste visekunstnere og har et trofast publikum, både på konserter og ved radioapparatene. Han har til nå utgitt elleve album. Bli med på en reise der humor og melankoli går hånd i hånd! Pris: etter avtale Kontakt KHK Kulturverksted Telefon: 997 23 152 [email protected] 30 Diger dag / Geirr Lystrup / konsert Etter over førti år på viseveien er Geirr stadig på farten med nye og gamle sanger. Han spiller for folk i alle aldre og gjør gjerne to eller tre konserter på en dag. Kan dette være noe for dere? Geirrs beste viser. Konsert for eldre ”Sommar i september”, ”Honninghumla”, ”Egg & champagne”, sammen med sanger fra den nyeste CD’en: Konrad åh Konrad. Allsang innimellom med Jakob Sande og Alf Prøysen. Trivelig stund som Geirr sjøl kaller et musikalsk samvær. Alf og damene. Konsert for eldre Allsangkonsert der Geirr, sammen med publikum, synger jentevisene til Prøysen ispedd noen av Geirrs gamle og nye sanger. Pris: etter avtale Kontakt KHK Kulturverksted Telefon: 997 23 152 [email protected] 31 Bacalhau da Noruega / Arnt Inge Sæter og Øystein Heggstad / musikk, foto, kulturarv Forestillingen viser klippfisk-historien fra Møre og Romsdal og Portugal. Vi bruker film, bilder, musikk og tekst til å fortelle historien med humor. Musikken varierer fra nykomponert Fado for solo piano i jazz stil, til vår egen folkemusikk spilt på trekkspill. Sammen synger vi «Tilvirkervisa» og «Eksportørvisa». Portugal er det landet i verden som spiser mest klippfisk og portugiserne er kjent for sine mange oppskrifter. Vi presenterer egne lokale favoritter fra Kristiansund og Ålesund samt retter fra ulike restauranter i Lisboa og i Porto. Forestillingen forteller om vår bacalao og ulike framgangsmåter og vi vil at publikum kan få dele sine oppskrifter og erfaringer. Vi vil gjerne bruke akustisk piano, men kan ta med el-piano. Vi har med oss projektor, lerret og lydanlegg. Kontakt Øystein Heggstad Telefon: 997 26308 E-post: [email protected] Pris: 6000,- 32 Hildringstimen / Roar Engelberg og Håvard Svendsrud / musikk Vi har satt sammen et trivelig og variert program med bred appell, og en lyrisk grunntone, som inneholder mye norsk musikk og litt eksotisk musikalsk krydder. Dette er spesielt beregnet på et voksent publikum. Vi har spilt dette programmet på et stort antall seniorsentere, aldersboliger og sykehjem. Mange kommuner legger opp sammenhengende turneer på ulike møtesteder og institusjoner for eldre. Vi tar mer enn gjerne på oss en slik turne også i Møre og Romsdal, om det skulle være interesse for det. Pris: Vårt honorar er kr. 4000,- for duoen, pluss utgifter pr. konsert. Det bør være to konserter per dag på en slik turne. Ved en lengre turne kan enkeltpris diskuteres og evt. reduseres. www.roarengelberg.no www.hsvendsrud.com Kontakt Roar Engelberg Telefon: 41 61 44 63 E-post: [email protected] 33 Meditasjonsmusikk til bibeltekster / Møremusikarane Konserten sin hovudidé er å formidle glede gjennom musikk og tilhøyrande bibeltekster. Konserten kan spelast både i kyrkjer, på institusjonar og andre konsertlokalitetar. Repertoaret består av klassiske perler av komponistar som J.S. Bach, Vivaldi, Massenet og Schubert. Musikarane ynskjer å samarbeide med lokale personar som kan formidle tekstane på ein god måte. Utøvarar: Judit Toth Sylthe (bratsj), Asgeir Hoffart (piano) og lokal tekstformidlar Konsertlengde: ca. 50 min Pris: 6 000,Ønsker å bruke akustisk piano Kontakt Lene Torgersen Mordal Kulturavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune Telefon: 71 25 88 53 E-post: [email protected] 34 Konsertar under krigen / Ingunn Røyset og Møremusikarane/ litteratur og musikk Huskonsertane blomstra i Noreg under den andre verdskrigen. Folk samla seg i heimane for å høyre musikk som ikkje utan vidare kunne bli spelt offentleg. Jødiske komponistar, jazz, russisk og slavisk musikk var delvis forboden å framføre, men vart likevel ein viktig folkeleg protest. Gjennom musikk og litteratur gir Konsertar under krigen publikum glimt frå norsk kulturliv og daglegliv i krigsåra. Møremusikarane Judit Toth Sylthe (fiolin) og Asgeir Hoffart (piano) framfører musikk som blei spelt under huskonsertane, medan forfattar Ingunn Røyset les utdrag frå Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen. Kontakt Lene Torgersen Mordal Kulturavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune Telefon: 71 25 88 53 E-post: [email protected] Pris: 10 000,Ønsker å bruke akustisk piano 35 Wienerkafé / Møremusikarane Wien. Byen der historia og tradisjonane lever i veggane, og der musikken av Mozart, Schubert, Beethoven, Mahler og Strauss fyller deg med glede og vemod. Vi slår oss ned på eit kaféhus i Wien. Med ein kopp kaffi, eit glas vatn og kanskje eit stykke sjokoladekake, får vi nyte ein konsert der musikken og stemninga frå Wien kan fylle øyret og tankane. Møremusikarane Mads Wighus (song) og pianisten Bjørnar Myhr (piano) framfører lieder og impromptus i ein atmosfære prega av alvor, humor, fest, og drama. Pris: 6000,Ønsker å bruke akustisk piano Kontakt Lene Torgersen Mordal Kulturavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune Telefon: 71 25 88 53 E-post: [email protected] 36 English teatime / Møremusikarane Sjå for deg grøne åsar, herskapelege herregardar, tenarskap og nystrokne aviser… Kva med å nyte ein nydeleg kopp, te medan dei andre sansane nyt vakker musikk og god stemning? I programmet English teatime får publikum høyre musikk av kjende engelske komponistar som Britten, Händel og Vaughan Williams. "Pomp and circumstance" skal sette stemninga, og vi satsar på ein real "Last Night of the Proms"! Kontakt Lene Torgersen Mordal Kulturavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune Telefon: 71 25 88 53 E-post: [email protected] Møremusikarane Mads Wighus (song) og Asgeir Hoffart (piano) gir publikum ein hyggeleg engelsk afternoon tea med tonefylgje! Pris: 6000,-‐ Ønsker å bruke akustisk piano 37 Italiensk matiné / Møremusikarane Denne konserten er ein hyllest til Italia og italienske komponistar. Musikken er kjenneteikna av store kjensler og patos, kjærleik, sorg, glede og død. Repertoaret i konserten vil spenne i frå musikken til filmen «Gudfaren», til opera og vidare til neapolitanske songar. Det vil garantert bli latter og dramatikk av det store slaget! Møremusikarane Mads Wighus (song), Bjørnar Myhr (piano) og Jøran Hatten (klarinett) inviterer publikum inn i eit vakkert og temperamentsfullt musikalsk landskap. Pris: 9000, Ønsker å bruke akustisk piano 38
© Copyright 2024