Galleriet 2015 vår frå 9. mai sommer jubileumsutstilling frå 4. juli Hillestad galleri opnar sesongen med to kunstnare frå Sørlandet. Begge har hatt utstilling på Hillestad galleri tidlegare og nå, etter ein del år, blir det spennande å sjå nye bilder og nye teknikkar. Hillestad Galleri 2015 30-års jubileum INGELIN HAUGLAND oljemaleri og grafikk SIGURD LINDSTRØM oljemaleri og grafikk Hauglands kunstform er maleri, teikning og digitale bilete. Ho har hatt fleire separatutstillingar og kollektivutstillingar m.a. Høstutstillingen. Motiva i bileta er henta frå nære ting, som av og til er sett litt på skrå. www.ingelinhaugland.com Lindstrøm har utdanning frå Statens håndverks- og kunstindustriskole og Statens kunstakademi. Han har hatt fleire separatutstillingar lokalt, og deltatt på Sørlandsutstillingen, Østlandsutstillingen og Høstutstillingen. JANNIK ABEL maleri og silketrykk MARIUS MARTINUSSEN maleri Jannik Abel er født 1973, bur og arbeider i Oslo. Utdanna ved Academy of Art College i San Francisco, USA og San Francisco Art Institute. Abel arbeider hovudsakleg med maleri og silketrykk, men tidvis også med teikning og video. luckyoneway.blogspot.no Marius Martinussen er født 1978 i Kristiansand, og er utdanna frå Kunstakademiet i Trondheim 2004. Etter to år i Berlin, bur og arbeider han nå i Oslo. Martinussen er ein dyktig kolorist, og maleria hans er fargesterke og ekstravagante. www.mariusmartinussen.com FRANK BRUNNER grafikk Frank Brunner er født i 1971 og er frå Kristiansand. Han er utdanna ved Statens Kunstakademi i Oslo, Ilja Repin Statsakademi i St. Petersburg og Yale University i New Haven, USA. Han er i dag ein av våre mest veletablerte og velrenommerte kunstnare som bur og arbeider i Oslo etter mange år i USA. www.frankbrunner.com jul frå 7. november Konsert i Tovdal kyrkje. haust frå 5. september «Stall Flädje» I samband med relanseringa av prosjektet Telemarksvegen, besøkte vi tilsvarande prosjekt i Ätradalen i Sør-Sverige. Der fant vi Stall Flädje, ein renovert stall, som brukast til utstillingslokale for fem kunstnare frå distriktet på sommaren. Det var så artig at vi inviterte gruppa hit til haustutstillinga. ANNA WINTHER akvarell og korger www.akerholmen.com ANNICA BROBERG HÅKAN ÖDÉHN keramikk maleri www.brobergkrukmakeri.se LARS LORICKS kunstsmed www.lorickssmedia.se DENIS GAVOIS trearbeid www.lerockinghorse.com MARIT KVAALE kunstfoto MONA IDA FRØYSNES maleri, akvarell, grafikk Marit Kvaale er født og oppvakse i Bygland i Setesdal. Ho har jobba med fotografering i reklamebransjen sidan 1996, men dei seinare åra har kunsten blitt meir sentral i arbeidet hennar. Sidan 2012 åra har sau trykka på ull også blitt sentral i kunsten hennar. Dette er lokal kunst frå Setesdal der flotte motiv av villsau blir trykte på vadmel av same slag som brukast i setesdalsstakken. www.maritkvaale.no Oppvaksen i Åseral, bur i Bygland. Ho er autodidakt. Gått i studioatelieret i Kristiansand ein 3-års-periode med studie på akt og croqie. Nyttar modell i atelieret. Er knytta til Smia grafiske verkstad i Kristiansand og lært koldtnål på Myren gårdkunstverkstad i Kristiansand. Har eige atelier i Bygland, har hatt ei rekke utstillingar. www.monaida.no Hillestad Galleri opna i 1985. Sidan den gong har mange av dei mest kjente kunstnarane i landet hatt separatutstilling her. Kvart år blir galleriet besøkt av ca 15 000 menneske. På dette spennande galleriet, med eit særmerkt, heilnorsk preg, kan ein nyte og kjøpe vakker kunst og handverk. Vi har godt utval av grafikk fra kjente kunstnarar. Heile sortementet av Hillestad-smykke er utstilt og til sals her. I Kramløa i underetasjen fører vi blant anna produkt frå Broste Copenhagen og Ekelund. I Gallerikafeen kan du mellom anna kjøpe den gode heimelaga kringla. Selskap kan vi også arrangere, frå bedriftsmøter til bryllup. Overnatting ordner vi på feriesenteret i flotte hytter med eige svømmebasseng. Kunststi og installasjonar Ved galleriet kan du ta deg ein tur i kunststien. Både tett ved galleriet og i dei nære omgivnadane er det små og store kunstverk installert ute i naturen. Leikepark og turstiar Utanfor galleriet er leikeparken for barn i alle aldrar. Her er nifse rutsjebanar, naturløype og bålplassar som alle kan bruke. Fiskeplassar langsmed elva. Det er 20 tilrettelagte sommerturløyper i Åmli kommune og seks av desse har utgangspunkt i Tovdal. Det er utleigehytter både nede i dalen og på Hillestadheia. På vinteren er det flotte oppkøyrde skiløyper bare få kilometer frå Galleriet. Tovdal og Åmli er dermed ein ypperleg stad for å kombinere kunst, kultur og natur. Ope frå 1. februar til 9. mai kvar helg 12-16 og etter avtale 9. mai – 4. juli tirsdag til fredag 11-16 laurdag og søndag 12-17 mandag stengt 4. juli – 16. august mandag til fredag 11-17 laurdag og søndag 10-18 17. august – 22. desember tirsdag til fredag 11-16 laurdag og søndag 12-17 mandag stengt Hillestad Galleri Hillestad 194 Tovdal N-4869 Dølemo T +47 37 08 10 20 [email protected] Hillestad smykker Hillestadheia Hillestad feriesenter For meir informasjon og opningstider i jul og påske, sjå www.hillestad.no Framsidebilde frå venstre (utsnitt): Frank Brunner, Jannik Abel, Marius Martinussen / grafisk utforming Nina Akersveen / trykk Erik Tanche Nilssen as
© Copyright 2024