Denne veka (22.-26. juni) har 25 ungdommar i alderen 13-15 år vore samla til ungdomscamp på Mo. Der har dei blant anna lært om stell av plantar og dyr, siloslått og riding på hesteryggen. Tysdag kveld var det sankthansfeiring ved Movatnet med bål og pizza og onsdag overnattingstur på Mostølen. Her var det faglege innslag som opplæring i bruk av motorsag, natursti, skyting på leirduer og ein tur til gullgruva for dei sprekaste. Overnattinga var i lavvu. Mot slutten av vaka var det trekking av garn i Movatnet og grilling av fangsten. Ungdomscampen er ein del av eit 3-årig rekrutteringsprosjekt finansiert gjennom Sogn og Fjordane fylkeskommune. Mange tilsette har vore involverte i arbeidet. Målet har vore å vise fram kva moglegheiter ein har om ein vel å ta vidaregåande utdanning innan naturbruk. Kristoffer Fure, Karoline Thingnes og Kristoffer Vereide planta kål Hestelærar Ingjerd Høgseth Vetti med Ivar Børge Seljeset på hesteryggen Kira Madelen Åsebø Follevåg steller med smågrisene på Mo Samling rundt leirbålet på Mostølen under overnattingsturen På gulljakt i gullgruva
© Copyright 2024