Har strikka Randaberglua Flittige damer i Randab erg Husfli dslag har utforma og strikka den første Randab erglua. Husflidsdamene fotografert i Handve rkstova i Randaberg sentrum, frå ven stre Liv Goa, Grethe Hellem Bø, Solveig Høie (framme), Gunnlaug Kraft, Inge r Stephensen, Anne Brith Rasmussen (bak ), Kitty Krogh Harestad, Eli Bøe Hoc hweller og Karin Strømme. Randaberglua - Eg fekk ein telefon om vi kunne designe og strikke Randaberglua. Sjølvsagt kunne vi det. Vi satte igang, med nokre pinnar og litt garn. Garn var forresten ikkje so enkelt å få tak i, på grunn av blåfargen i kommunevåpenet. Men vi greidde det. Vi satte igang, med dobbelt garn, og strikka ein enkel luemodell, seier husflidslaget sin leiar, Gunnlaug Kraft. Saman med andre strikkeglade damer i Randaberg Husflidslag har ho strikka dei første seks Randaebrgluene - som alle skal nyttast som premie under Haustmarken i Randaberg laurdag 26. september. - Vi måtte tenke litt på kva vi skulle gjere med dusken, men sidan ull er husflidslaget sitt satsingsområde dette året, ville vi markere det på lua. Difor er dusken laga av saueull, seier Gunnlaug Kraft. NB: Husflidslaget har kjøpt inn litt ekstra garn, som rekker til meir enn dei seks luene Randaberg kommune har fått. Det blir difor høve til å kjøpe luer for den som vil under husflidslaget si utstilling på Tungens fyr 1. november. BILETA OVER: Tysdagsgruppa i Randaberg Husflidslag i full gang med å strikke Randaberglua. Husflidslaget held til å Handverkstova (“Det gule huset”) i Randaberg sentrum, i Randabergvegen 368. Sjekk heimesida: www.husflid. no for meir informasjon. - Alle er velkomne hit, seier dei blide og kjekke damene i husflidslaget. UNDER TIL HØGRE: - Husflidlaget sin leiar, Gunnlaug Kraft, prøver her prototypen til den første lua. UNDER/UNDER TIL VENSTRE: Du kan få tak i garnet til lua via garnstudio.no. Garnkvaliteten er DROPS Design, og fargen heiter Baby Merino. Ramnma i kommunevåpenet er sydd inn i fronten på lua, medan dusken er laga av saueskinn. Dusken er festa til lua med trykknapp, for å kunne takast av ved vask.
© Copyright 2024