Les heile saka i SUNNMØRSPOSTEN

SUNNMØRSPOSTEN 23. SEPTEMBER 2015
Nesten fornøgd: Harald Valle, dagleg leiar i Valldal Grønt AS, fortel at dei hadde budsjettert
med 450 tonn jordbær i år, og fekk inn 416 tonn. ARKIVFOTO: STAALE WATTØ
Bæra berga av augustsol
Jordbærbygda Valldal er på veg opp igjen etter to svake år. I Innvik er dei
bringebærspesialistar, og kan melde om gode avlingar. – Vi noterer oss for 416 tonn
jordbær i år. Det er langt betre enn i 2013 og 2014, men vi treng endå meir bær i åra
framover for å kunne halde oppe drifta, seier Harald Valle, dagleg leiar ved Valldal
Grønt.
Og dersom vêret ikkje sviktar heilt, så trur også Valle at det blir meir jordbær i Valldal allereie neste
år.
– I år har det vore dyrka jordbær på 460 mål her inne. Neste år blir arealet utvida til 530 mål, forklarer
han.
Berrfrost
Katastrofeåret for jordbærdyrkarane var 2013, då berrfrost øydela det meste av planter slik at Valldal
Grønt ikkje tok imot meir enn 110 tonn. I fjor var dei oppe på 262 tonn, og i år altså 416 tonn.
Men det er langt igjen til godåret 2012, da jordbærdyrkarane i Valldal fekk fram 690 tonn med raude
bær.
Harald Valle fortel at det har vore opp- og nedturar for jordbærdyrkarane dette året.
– Det såg så bra ut på våren og forsommaren, men så kom det dårlege vêret, og bæra vart seint moden.
Men det vart eigentleg ganske bra til slutt, seier leiaren i Valldal Grønt, ei bedrift som er eigd av
produsentane.
– Vi har i år også teke imot 33 tonn med bringebær, som er nokre tonn meir enn i fjor, legg Harald
Valle til.
Innvik
Men det er berre blåbær mot kva dei har teke imot hos Innvik Fruktlager i Stryn.
– Her har vi i år fått inn 440 tonn med bringebær, 20 tonn meir enn prognosen vår, fortel dagleg leiar
Henriette Skåden.
Sjølv om ho er godt nøgd med dette talet, så var det endå betre i fjor, då dei tok imot 450 tonn med
bringebær.
Så seint som i månadsskiftet juli/august såg det dårleg ut, på grunn av det kalde og våte vêret. Men så
kom sola i august, og det vart til slutt eit godt år for bringebæra, seier Henriette Skåden.
Bringebæra dei tek imot vert i hovudsak dyrka i Stryn og Gloppen.No når bringebæra er i hus, er det
plomme og eple sin tur.
– Vi er midt inne i plommemottakinga no, og det ser bra ut. Eplehausten veit vi ikkje så mykje om
enno, seier Skåden.
FAKTA




Valldal Grønt har i år teke imot 416 tonn jordbær, dyrka i Valldal og Tafjord. Av dette gjekk over 300
tonn til syltetøyindustrien.
I fjor fekk Valldal Grønt 262 tonn jordbær, medan det i katastrofeåret 2013 berre kom inn 110 tonn.
Vidare tok Valldal Grønt imot 33 tonn bringebær.
Innvik Fruktlager i Stryn har i år teke imot heile 440 tonn med bringebær – ti tonn mindre enn i fjor.