Gardsdrift: Sau Historie: Anders Schanche Rettedal og Inger Lise Aarrestad Rettedal har ei god historie å selje når dei skal by fram Klosterlam, men med ein totalfreda gard har dei også sterkt avgrensa handlingsrom når dei skal utvikle drifta. Drifta på Klostergarden Vil byggje for tusen 700 vinterfôra sauer 1 500 slaktegrisar 15 ammekyr 330 dekar dyrka mark 750 dekar kulturbeite 420 dekar utmark og skog Leiger i tillegg gard med 150 dekar dyrka mark og beite Rennesøy RENNESØY: Å vere frampå, prøve nye ting og leite etter moglegheiter for å utvikle garden vidare, er noko av det som driv sauebøndene på Klostergarden. Dei ønskjer å byggje ny fjøs for tusen sauer på den totalfreda garden. Sauer i to etasjar: Hovedfjøsen på Klostergarden som alle klosterturistane går forbi. Her er det plass til 400 vinterfôra sauer i hovedetasjen og 40 i kjellaren. TEKST OG FOTO: Dag Idar Jøsang, [email protected] Y tst i Boknafjorden går vel 1 000 lam saman med vel 550 mødre og beitar på havsalt gras. Nokre av dei blir servert som dielam på gourmet restaurantar i Stavanger og omegn i desse dagar, mens resten av slaktelamma blir fårikål og anna lammekjøt under merkevarenamnet Kloster lam, hos Rema 1000. Anders Schanche Rettedal og Inger Lise Aarrestad Rettedal driv ikkje berre ein stor gard i norsk målestokk, men også ein svært spesiell gard. Klostergarden omkransar det einaste be varte middelalderklosteret i landet, Utstein kloster. Den eine fjøsen på garden ligg omtrent vegg i vegg 30 Norsk Landbruk ■ nr 11/2015 med klosteret, og det er nesten som ein må over kyrkjetrappa for å komme inn på tunet til dei som driv den tradisjonsrike garden på Klosterøy. FÔRAR PÅ SEKS FÔRBRETT I dag er drifta stor, men relativt tungvinn. Det er vel 700 vinterfôra sauer som skal ha mat, men fôringa tar tid når det skal fôrast på seks ulike fôrbrett. I tillegg skapar det logistiske utfordrin gar i lamminga. Den går føre seg i hovudfjø sen, som om vinteren har plass til 400 drektige sauer. Dyreflyten er lagt opp slik at når sauene i hovedfjøsen har lamma og fått eit par dagar på å komme seg til hektene, blir dei slepte ut på beite. Då blir det plass til å flytte sauer frå andre fjøs inn i lammingsbingane i hovudfjøsen. – I lammingstida går Anders 18 timarsvakter, mens eg går seks timar pluss. Me har mange hjel parar i lamminga, men det meste av hjelpa går til å flytte på dyr. I løpet av seks hektiske veker har me rundt 3 000 dyr som skal flyttast, og i tillegg må me ha hjelp til å stelle grisane og ammekyrne. Fordi sauebuskapen på Klostergarden over ein del år både var kontaktbesetning for skra pesjuke, og har hatt mædi og klauvråte, har dei slutta å hente vêrar utanfrå. Anders har i staden vald å drive aktivt avlsarbeid der han både av komstgranskar 18 prøvevêrar kvart år, samt at han tilfører nye gener gjennom å inseminere 200 sauer i året. – Me har jo gjort det litt vanskeleg for oss sjølv, sidan me har vald å drive aktivt avlsarbeid på garden. Det gjeld å ha god kontroll på kva sauer som blir para med kva vêr for å unngå innavl, seier han. SYNKRONISERER BRUNSTEN Når han har kartlagt kva sauer som er i brunst, sjekka stamtavler for å unngå innavl og funne kombinasjonar han trur passar godt saman, slepp han til vêren. Ved å synkronisere brun sten, styrer han både aktiviteten til vêrane nr 11/2015 ■ Norsk Landbruk 31 Gardsdrift: Sau og fordeler lamminga så jamt han kan. Er faringa frå 2012, den første gongen han prøvde å synkronisere paringa, gjer han ikkje om igjen. – Eg hadde høyrt om synkronisering før eg overtok og hadde lyst til å prøve det. I ei innheg ning med 350 sauer slapp eg til tre vêrar i eit døgn. Teorien seier at sauene skal bli brunstige 21 dagar seinare, og det funka som berre det. Etter 21 dagar hadde eg 220 brunstige sauer. Då eg skulle slep pe til vêrane, løfta sauene på halen alle som ein. 20 sauer i kvar binge. Heldigvis tok ikkje alle sau ene lam på første forsøket, så me fekk aldri nokon gedigen topp i lamminga. Er det ikkje typisk: Ein høyrer om noko spennande og prøver det utan å tenke seg godt nok om, seier Anders og ler. Fordelen med å synkronisere er at han har full kontroll over kva tid kvar enkelt sau har blitt para. Den kunnskapen bruker han mel lom anna til å fordele sauene rundt i dei enkelte bygga, slik at han kan fôre etter kor langt sauene er komme i drektighetsperioden. Samstundes fortel skanninga lammetalet, og slik veit han når dei drektige sauene skal flyttast inn i fjøsen der lamminga skal føregå. FRÅ FINSNITTING TIL RUNDBALLAR Før om åra var Klostergarden med i eit haus telag som leigde sjølvgåande finsnittar, og la grovfôret i plansilo. Det ga fôr av veldig god kvalitet. For godt for eit sauebruk der sauene ein periode skal ha mykje, men energifattig fôr. I dag har dei slutta med finsnitting og de ler i staden rundballepresse med ein bonde på Rennesøy. Fordelen med det er at dei sjølv kan bestemme haustetidspunkt og produsere fôr av ulike kvalitetar. I haustelaget måtte dei slå når det var deira tur. Med rundballar og fôrmiksar, som også blir meir og meir vanleg på større sauebruk, har dei fordelen med at dei til ei kvar tid kan blande rett blanding. – Det gjer at det er lettare å justere lamme talet under paringa. Ønskjer eg fleire lam, kan eg gi gass, og ønskjer eg å bremse, kan eg redu sere på fôret, seier Anders. MAXAMMONBYGG ERSTATTAR KRAFTFÔR For eksempel gir det større fleksibilitet i mellomdrektighetsperioden, når sauene skal ha strukturrikt fôr for å oppretthalde og ut vikle vomfunksjonen, mens ein kan auke på med godt grovfôr og bremse på kraftfôret i høgdrektighetsperioden. – Me gir ikkje fullfôr, men bruker fôrmiksaren til å blande gras frå ulike slåttar. Me har også heil grøde som me blandar inn for å få meir struktur, og til hausten har eg bestilt maxammonbehandla bygg til sluttfôringa. Det vil vere bra å erstatte soyabasert kraftfôr med norsk korn, så det har me store forventningar til, seier han. I motsetning til kraftfôr er maxammonbehand la bygg sterkt alkalisk, med ein pH på nesten ni. Vanleg kraftfôr har låg pH og kan derfor gi laus avføring, fordi vommikrobane må arbeide i eit surare vommiljø. Dei som har prøvd maxammon behandla bygg, fortel om eit godt vommiljø, som igjen gir ei betre utnytting av grovfôret. POSITIVT MED FREDA GARD Bøndene på Klostergarden er ikkje av typen som alltid vel det trygge og utprøvde. Dei øn skjer å vere innovative og er alltid ute etter å prøve noko nytt. – At mange bønder driv slik, viser at land bruket er gode på ummidelbar innovasjon, eller Instant Innovasion. Det tar kort tid frå bønder høyrer om noko, til dei prøver det ut i praksis. Mange har ei oppleving av at norsk landbruk er bakpå og ikkje utviklar seg, men det er tvert om slik at innovasjonsgraden er høg i landbruket. Det overraskar mange, fortel Inger Lise. Då Anders og Inger Lise tok over garden, had de dei som mål å byggje ny sauefjøs innan ti år. Teikningane for eit bygg til 1 000 vinterfôra sauer ligg allereie klare, men på vent. Å få lov til å byggje nytt og stort på ein totalfreda gard, kan ta tid. Det fekk dei oppleve då dei ville byggje ny utandørs plansilo til sauefjøsen. Det tok 13 månader å få godkjenning, mot to-tre veker som er normalt for andre i kommunen. Det var ei lita endring. Eit Annonse sauehus parallelt med grisefjøsen vil vere på 1 600 til 2 000 kvadratmeter. Det er ei stor endring. – Eg synest det er positivt at garden er freda. Det gjer at me ikkje får noko press på kulturlandskapet. Samstundes er det krevjande om me vil byggje ein ny driftsbygning, og det gir ein meir omstendeleg prosess. Spørsmålet er om me får lov til å byggje nytt, og om me får byggje stort. I fredingsvedtaket står det at fredinga ikkje skal vere til hinder for almin neleg gardsdrift, men det spørs korleis ver nestyresmaktene forstår det med alminneleg gardsdrift, seier han. TRENG RASJONELLE DRIFTSBYGNINGAR Av og til får Anders og Inger Lise inntrykk av at vernestyresmaktene helst ønskjer at dei skal ha tusen utegangarsauer berre for kulturlandska pet sin del, og at dei ønskjer ein gard med små bygningar. Det passar ikkje inn med planane til bøndene på Klostergarden. Dei er avhengige av ein økonomi som går rundt, og treng rasjonelle driftsbygningar for å kunne drive effektivt. Med 700 sauer, 1 500 slaktegrisar og 15 ammekyr å stelle, samt 18 bygningar å vedlikehalde, er det ikkje mogleg å drive Klostergarden på deltid. Garden er avhengig av å kunne utvikle seg i tråd med resten av landbruket. – Me kan ikkje velje dei finaste materiala og dyre løysingar utan nokon støtte frå det Innovasjon: Bøndene på Klostergarden er innovative i alt dei gjer. I vår har Anders testa ut kraftfôrpellets på 12 millimeter, som strøs rett på beitet. offentlege, men me håpar at prosessen med vernes tyresmaktene skal gå bra, og at dei viser forståing for våre behov, seier Inger Lise. Tanken er at den nye sauefjøsen skal byg gjast parallelt med grisefjøsen. Den ligg eit par hundre meter frå tunet på Klostergarden. På den måten blir bygga mest mogleg diskrete i terrenget. Ein ny sauefjøs vil også løyse eit anna problem for bøndene. I dag har dei ikkje hus til å ha traktorar og reiskap i. – Det vil me få når me byggjer om den gamle fjøsen til reiskapshus. Det vil vere praktisk sidan den ligg vegg i vegg med verkstaden, seier Inger Lise. ■ Annonse SPESIALIST I LANDSKAPSPLEIE! Liten eller Stor, Mye kvalitet for pengene! PROFESJONELLE BEITEPUSSERE OG KANTKLIPPERE Avrundet og praktisk design gir høy kapasitet og driftsikkerhet. Patentert motstål samt spiralrotor som gir konstant oppkutting. Markedets største sortiment av beitepussere & kantklippere. NYHET! KRONOS KRATTKNUSER Overlegen kapasitet og rekkevidde. Rekkevidde på hele 4,5 m gjør at du når andre siden av grøfta. Kraftig konstruksjon(1.055kg) med Hardox i hele klippehodet. Utstyrt med 13 mm herdet kjetting. Tar kratt på 10-12 cm REFERANSER OVER HELE LANDET SE VID E PÅ V O Å NETT R SIDE Melhus 72 87 05 55 - 913 72 274 Stange 62 57 46 40 - 995 74 782 IMPORTØR For øvrige forhandlere, se www.svenningsens.no Bardal Gård - 7724 Steinkjer 32 Norsk Landbruk ■ nr 11/2015 Tlf: 74 14 76 00 Mob: 917 27 606 epost: [email protected] www.forsentralen.no nr 11/2015 ■ Norsk Landbruk 33 Gardsdrift: Sau Skal arbeide med utvikling Ho manglar berre eit valfag i traktor og litt til, før ho kan titulere seg agronom, og i vår blei Inger Lise Aarrestad Rettedal bonde på fulltid. TEKST OG FOTO: Dag Idar Jøsang, [email protected] M ens Anders er siviløkonomen som gjekk frå å vere rådgjevar i eit fond som driv med aktiv eigarkapital, til å bli bonde for tre og eit halvt år sidan, har Inger Lise brukt sin MBA i marknadsføring i jobben som samfunnskontakt i Statoil. Men i familie råd i romjula tok dei avgjerda om at ho også skulle ta steget fullt ut, og jobbe med gards- og konseptutvikling på fulltid. – Me har lenge tenkt at garden på sikt skulle bli arbeidsplass for begge, og i romjula tok me avgjerda om at me vil prøve. Målet er å utvikle andre sider av gardsdrifta, og det lot seg ikkje kombinere med at eg hadde fulltidsjobb i Statoil. Eg er spent på om me vil få til det me har gitt oss ut på, men går det ikkje, kan eg all tids gå tilbake til ein jobb i industrien, seier ho. STARTAR MED GARDSBUTIKK Geografisk ligg Klosterøy midt i smørauget i Rogaland. Etter at fastlandssambandet kom i 1993, tar det berre ein halv time å kjøre frå sentrum i Stavanger til Utstein kloster. Kvart år er det mellom 10 000 og 20 000 turistar på klosteret, men det er ingenting å kjøpe. Det potensialet vil Inger Lise utnytte, og det første prosjektet ho har jobba med, er å restaurere eit sjøhus like nedanfor klosteret og gjere det om til gardsbutikk. – Me har mange fine produkt på garden, slik som skinnfellar og ull. Eg har også kontakt med lokale leverandørar for å vurdere andre ting me kan selje i ein gardsbutikk. Det er kjekt å ha tid til å sjå på slike moglegheiter, seier Inger Lise. PRØVER FRILANDSGRIS Mens vernestyresmaktene studerer planane for å gjere eitt av sjøhusa om til gardsbutikk, har Klostergarden andre spennande prosjekt som ikkje treng godkjenning frå andre. Allereie i sommar vil ein del av grisane få lov til å få puste inn frisk sjøluft og rote i jorda. Hundre meter nord for grisehuset er det eit fint skogsområde. Alt som trengst, er å gjerde inn området og plassere ut hytter som kan gi grisane ly for vêr og vind. – Det er noko eg ønskjer å prøve i sommar, etter at eg har levert prosjektsøknaden om gardsutsal. Me har prøvd med to grisar tid legare og kjem til å prøve med grisar frå eigen produksjon. I dag leverer me dielam til restau rantar og veit at restaurantmarknaden også er interessert i kjøt frå frilandsgris. Så får me sjå korleis det fungerer med det området me har og kor krevjande det er. Det er uansett ei nisje og ikkje storskalaproduksjon, seier ho. ■ Fôring på mange fôrbrett Det tar tid i fôringa når det skal fôrast i fleire fjøs og på ulike måtar. TEKST OG FOTO: Dag Idar Jøsang, [email protected] I hovudfjøsen, som er den ærverdige mur steinsbygningen turistane til Utstein klos ter møter, er det plass til 400 vinterfôra sauer i hovudetasjen, men ikkje alle ved same fôrbrett. Ei Orkel F2 fôrvogn sørgjer for fôringa til 300 av dei, mens resten får grovfôr i fôrhekk. Det nest største sauehuset finn ein i den eine enden av grisehuset, som ligg eit par hundre meter frå gardstunet. Her er det plass til 200 vinterfôra sauer. Sidan fôrbret tet her berre er 70 centimeter bredt, må sauene fôrast med hjulgrabb. I kjellaren er det plass til 40 sauer. Dei får grovfôr i fôrhekk, som blir fylt gjennom ei luke i taket frå hovudetasjen. Etter at Anders gjekk over frå finsnit ting til rundballar, har plansiloen blitt bygd om til sauehus, med plass til 40 sauer. Her brukar han ein utleggjar med transport band til å få fôret inn i fôrhekken, mens han har fôrhekk for rundt 40 sauer i den gamle stallen ved sida av løa. ■ Me har mange fine produkt på garden, slik som skinnfellar og ull. Vakkert: Landskapet på Mosterøy kan minne mykje om Skottland og Irland. 34 Norsk Landbruk ■ nr 11/2015
© Copyright 2024