Side 1 av 3 Kulturavdelinga Sakshandsamar: Eva Kristin Svidal E-post: [email protected] Tlf.: 91169693 Kommunar, kulturhus og andre aktuelle Vår ref. Sak nr.: 15/8209-7 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 47604/15 Dykkar ref. Dato FØRDE, 29.10.2015 Utlysing arrangørar for UKM festivalen Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser med dette etter arrangørar for UKM festivalen Sogn og Fjordane (tidlegare fylkesmønstringa) frå 2017. Bakgrunn for utlysinga Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer å samarbeide med ein arrangør om UKM festivalen Sogn og Fjordane, og at festivalen skal arrangerast ulike stader i fylket etter eit fast mønster. Ein arrangør kan vere ein eller fleire kommunar, eit kulturhus eller andre etablerte arrangørar. Tidlegare arrangørar er: 2010-2012: Eid kommune 2013-2016: Førde kommune Om UKM festivalen Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane fylkeskommune er eigar av arrangementet. Kommunane plukkar ut deltakarar på sine lokalmønstringar som blir sendt vidare til festivalen. Fylkeskommune har som mål at UKM festivalen Sogn og Fjordane skal vere den viktigaste møteplassen for ung kultur i fylket. I tillegg til å vere deltakarar på scene og med utstillingsarbeid skal ungdomar også vere involvert i planlegging og gjennomføring av festivalen. Vi legg difor desse punkta til grunn for arrangementet: Heilskapleg arrangement med klar start og slutt. Aldersgrense 13 til 20 år. Ungdommane må kunne delta på heile festivalen for å vere med. Deltakaravgift som inkluderer alt på programmet, mat og overnatting. Innhald: sceneframsyningar, biscene, tekniske prøvar, utstilling, workshops/verkstader, sosiale aktivitetar. Spesielle satsingar: Unge konferansierar, unge arrangørar og UKM Media. Ungdomsmedverknad i både planlegging og gjennomføring. Det er forventa at UKM festivalen Sogn og Fjordane som arrangement held eit høgt profesjonelt nivå og er i stadig utvikling. Deltakarane skal møte det beste innan lokale, lyd/lys, workshops/verkstader med meir. Økonomi Sogn og Fjordane fylkeskommune dekker utgiftene til arrangementet etter avtale med arrangør. Vedtatt budsjett i fylkestinget året før dannar grunnlag for den økonomiske ramma for arrangementet år for år. Eventuelt overskot skal førast vidare til neste års arrangement. Det vil etter avtale vere rom for å nytte deler av midlane til å dekke lønnskostnader og andre godtgjeringar etter budsjett. Storehagen 1B | Pb. 173 | 6801 FØRDE | Tlf.: 57638000 | Bankgiro: 4212 02 02000 [email protected] | www.sfj.no | Org.nr.: NO 941 388 841 MVA Side 2 av 3 Arrangør utarbeider budsjett for arrangementet, og er ansvarleg for eit eventuelt underskot ut over budsjett. Forsikring Arrangør er ansvarleg for at nødvendige forsikringar for arrangementet er på plass. Det vil også seie å sikre seg at eventuelle underleverandørar har nødvendige forsikringar knytt til det dei leverer. Kommunane er ansvarlege for at ungdommane som deltek har reiseforsikring. Arbeidsmåte Ein samarbeidsavtale regulerer ansvarsfordeling og økonomi mellom arrangør og fylkeskommune. Arrangør er ansvarleg for å planlegge og gjennomføre arrangementet, og må setje ned ei arrangørgruppe med ein leiar. Ut frå storleiken på arrangementet bør gruppa vere på 5-6 personar. Ungdomsmedverknad står sentralt i UKM. Arrangør må difor knyte til seg ungdommar frå målgruppa som kan vere med å planlegge og gjennomføre festivalen. Ein av desse skal til ei kvar tid vere den som representerer Sogn og Fjordane i Ungdommens ressursgruppe (URG)1. Arrangør samarbeider med fylkeskontakt for UKM. Samarbeidspartar Dei vidaregåande skulane i fylket er viktige samarbeidspartar. Elevar bidreg både i førekant og under arrangementet. Kulturavdelinga er i ferd med å inngå samarbeidsavtalar med 3 skular, og samarbeidet skal vidareførast og utviklast i åra som kjem. Det er eit mål å involvere fleire skular i ulike sider ved arrangementet. Det er også aktuelt å samarbeide med det frivillige kulturlivet, festivalar og andre som kan vere med å bidra til å nå målet for arrangementet. Nettverk og erfaringsutveksling Arrangør må vere med på UKM festivalen Sogn og Fjordane året før ein tar over arrangementet for å samle erfaringar. Ein må også vere med på den nasjonale UKM festivalen frå året før og ut arrangørperioden. Det er også aktuelt å delta saman med fylkeskontakt på arbeidsseminar og konferansar i regi av UKM Norge. I tillegg må ein stille på årlege nettverksmøter i regi av fylkeskommunen. Evaluering Etter at arrangementet er gjennomført skal partane møtast for å evaluere arrangementet og samarbeidet. Dette skal skje innan 1. juni kvart år. Vurderingskriterier Vi legg vekt på følgjande når vi vurder søknadene: Generell arrangørkompetanse/arrangørgruppe Lokale for arrangementet Eigna overnattingslokale for deltakarane Opplegg for matservering Samarbeid med vidaregåande skule Søknadsfrist: 29.01.2016 Med helsing Ungdommens ressursgruppe (URG) er ei nasjonal gruppe sett saman av ein ungdom frå kvart fylke. UKM Norge administrerer gruppa. URG skal tilføre UKM-nettverket auka kunnskap om kva målgruppa (13 – 20 år) er opptatt av og kva dei ønskjer seg av UKM. 1 Side 3 av 3 Ingebjørg Erikstad fylkesdirektør Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift Vedlegg: Skildring av UKM festivalen Sogn og Fjordane Ansvarsfordeling for UKM festivalen Sogn og Fjordane Mottakar (ar) Kommunar, kulturhus og andre aktuelle Kopi til: Sissel Lillebø Aarseth, KA Lars Grøteide, KA Eva Kristin Svidal rådgjevar
© Copyright 2024