Brune - Os folkebibliotek

&
BOKTIPSET
Sommar er lesetid, anten sola skin eller regnet droplar ned! Tenk å sitja i graset under
eit tre, med ei skål jordbær og ei spennande bok! Eller liggja på magen i baugen av ein
båt og gumla seigmenn over ein morosam teikneserie! Biltur med lydbok på øyret!
Flytur med lesebrett, hyttesofa med popcorn og faktabok om dinosaurar!
Denne våren har mange av 3. klassane i Os fått tilbod frå biblioteket om å lesa til
Leseknappen i (nesten!) ekte gull. Dei som deltek, må lesa 10 bøker på eiga hand,
skriva opp kva bøker dei har lese og kven som har skrive dei, i eit Leseknapphefte,
og når dei leverer heftet i skranken i biblioteket, får dei Leseknappen på jakkeslaget
– til stor jubel og nøgde lesesmil!
Nokre av lesefavorittane har vore: «Gutta i trehuset»-bøkene av Andy Griffiths,
«Detektivbyrå nr. 2»-serien av Jørn Lier Horst, «LasseMajas detektivbyrå» av
Martin Widmark, og bøkene om «Krise-Kristine» av Joanna Nadin. Alle seriane er
morosame, spennande og fulle av ville og galne teikningar.
Har ein først fått smaken på spennande historier og latterkriblande eventyr, er
både seine sommarkveldar og lange feriedagar redda! Prøv ei lydbok i bilen, ein
teikneserie på stranden eller ein frydefull høgtlesingsbok for heile familien på
terrassen om kvelden, til dømes: «BRUNE» av Håkon Øvreås,
med fantastiske illustrasjonar av Øyvind Torseter. Faktisk ei
heilt vidunderleg bok! Ein får lyst til å le høgt i lag med den
funderande og oppfinnsame Rune som havnar i så mange
rare situasjonar, og i alle fall denne lesaren sit med eit bredt
smil i ansiktet resten av dagen!
Rune er litt redd for dei store gutane i klassen. Dei som
syklar rundt i bygda og bøllar seg inn på alt det dei andre
ungane driv på med. Og når dei store gutane ein dag oppdagar trehytta som Rune og
Atle snekrar på oppe i skogen, trengst alvorlege tiltak! Den natten blir Rune kjent
med superhelten Brune, som listar seg omkring og finn på geniale ting med ein
pensel og eit gamalt spann med brunmaling. Og det er vel ikkje Rune sin feil at Brune
plutseleg kjem forbi syklane til dei store gutane …
Rune prøver på sin underfundige måte å finna ut av livets store spørsmål:
venskap og mot, store sorgar og vanleg kvardagsskrekk – og korleis kan ein vera
snill, og samtidig kasta seg ut i nokre saftige rampestrekar?
Boka fekk Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris i fjor – og ho er ikkje
bare prisbehengt, men supersjarmerande òg!
Vi i biblioteket trur at leseglede gir meirsmak, og håper at barn og foreldrar tar
seg ein tur i biblioteket før sommarferien – med sekk på ryggen og poser i hendene!
I hyllene finn du lydbøker og filmar, teikneseriar og biletbøker, lettslukt og langlest –
og metervis med spennande (tulle-)faktabøker for barn og unge, til dømes:
«1001 sjokkerende vitenskapelige fakta», «Doktor Proktors sensasjonelle
samling av dyr du skulle ønske ikke fantes», «100 fakta om haier»,
«Kriminalteknikk» av Jørn Lier Horst – og mykje, mykje meir!
Publisert i Os & Fusa-posten 28. mai 2015