1985 30 ÅR 2015 Øy-Blikk Torsdag 18. juni 2015 Spør oss om BUSTADLÅN Din lokale eiendomsmegler Dei beste vilkåra får du gjennom Møre Ung og Møre Verdi. Karen S. Synnes Trainee Tlf. 481 73 502 [email protected] Odd-Arild Sæther Mob: 900 88 380 odd.arild.sather @moremegling.no Nr. 25 | 30. årgang Selge | ? Cecilie Clausen Dyb [email protected] Tlf: 400 01 064 www.oyblikk.no | Laussal kr 20,- Boligspesialisten i gisKe selge Bolig? Kontakt meg i dag for en gratis verdivurdering Audun Sjøholt mob 906 03 774 [email protected] www.notar.no Tok toppverv i Securitas Førre veke blei Janita Blomvik frå Valderøya hovudtillitsvald for 4500 tilsette i Securitas. SIDE 5 Bygger klubbkjensle Paul Ottar Haga og Giske IL i studio for å spele inn Idar Giskegjerde sin song til Giske IL sitt 50-årsjubileum. Ein video er også på veg. SIDE 15 arne, kalv og finn: Fredrik Furnes, Håkon Høybakk og Audun Grøtta Giske spelar tre av brørne Arneson. Foto: Nora R. Hesseberg No brakar det laus! "Heile" Giske har gått i vikingmodus. 20-årsjubilanten Giskespelet er klar for ein ny runde, og Øy-Blikk har møtt enda nokre av årets aktørar i førebuingane.SIDE 10-11 Tilbudene gjelder t.o.m. lørdag 20/6. Et utvalg pølser fra Finsbråten, Prior og Gilde 29 90 Finn din nærmeste butikk på www.spar.no Sommerkoteletter 39 frosne, pr kg, Gilde/Ringdal 90 Vannmelon 4 hele, pr kg 90 pris! Sommvaer rer ut juni. Tilbudet Begrensninger på tilbudene kan forekomme. Vi tar forbehold om trykkfeil og utsolgte varer. Salg kun til private husholdninger. Alle typer vann 5 for og brus 79 00 Gjelder kun ved av 5 single 1,5 l kjøp Gjelder alle typer vann og brus, med unntak av First Price, Eldorado og 4 pk. Pant kommer i tillegg. Alltid tilbud på noe godt! ord for dagen: 18. juni 2015 Veke 25 Ubunden lokalavis for Giske Norsk ordtak @anneritali - 15.6.15 Ansvarleg redaktør: Odd Egil Valderhaug Utgjevar: Øy-Blikk AS Eit stort hus er seint å sope Øy-Blikk arbeider etter “Ver Varsam” plakaten og øvrige etiske retningsliner som vert lagde til grunn i norsk presse. Den som meiner seg råka av urett-messig avisomtale, vert oppmoda om å kontakte redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. Organet handsamar klager mot pressa i etiske spørsmål. PFU, Rådhusgt. 17, 0158 OSLO. Tlf. 22 40 50 40, fax. 22 40 50 55 Eit kjempehurra for Oleanna, storejenta vår som snart er skulejente. Gratulerer med dagen 21. juni, klemmar frå Sigve, mamma og pappa. Vincent V. Gjøsund 13 Juni fylte solstrålen Vincent 3 år. Dagen ble feiret med brask og bram sammen med familie og venner. Vi er uendelig stolte og glade i deg! Hilsen Mamma, pappa og lillesøster. Nyfødd Marie Haugrønning Strand 9 år! Hipp Hurra for verdens beste lillesøster, Marie Haugrønning Strand, som fyller 9 år onsdag 17. juni. Dagen feires som statist for Giskespelet. Håper du får en super bursdag! Klem fra Emma :o) @hildegunnblindheim - 14.6.15 Emilia Yasmine Giske Remøy Vår inderleg kjære Emilia fylte 13 år den 11.06. Vi er veldig glade i deg, og ønskjer deg alt godt! Klemmar frå mamma, pappa, Nadine, Chris, Ann Turid og Timo Bilethelsingar i Øy-Blikk er GRATIS (max. 30 ord) Helsingar med kunngjering av tid og stad for feiringa kostar 110 kroner. Mia Pernille kom til verden 2. mars ved Ålesund sjukehus. Stolte foreldre er Siv Remme og Ole Andre Tomren. Storebror Mats er også glad for ei lillesøster. Oliver Lovett Blindheimsvik Hipp hurra for sjarmøren vår som fyller 1 år i dag!! Gratulere så masse med dagen din, Oliver! Vi er kjempe glad i deg! Stor klem fra mamma, pappa, bestemor, bestefar, farmor, farfar og oldemor. Helsingar kan sendast på e-post til: [email protected] Legg ved frankert konvolutt dersom du ønskjer biletet sendt i retur. Siste frist for innlevering av helsingar og takkeannonser er tirsdag klokka 12.00. @anneritali - 16.6.15 likk @ernstjarle - Ernst Valderhaug - 8.6.15 Maria Nordstrand Grimstad Gratulerer med niårsdagen 17. juni, kjære, snille Maria! Bursdagsklem frå besta, mormor og bestefar. Vi oppfordrar alle til å bruke fullt namn på den eller dei som vert gratulert. #øyblikk TIPSTELEFON: 92 42 33 98 Telefon: 70 18 63 80 Faks: 70 18 63 90 e-post: [email protected] [email protected] [email protected] Øysenteret, 6050 Valderøy Forretningsannonsefrist: Måndag kl.12 Privatannonsefrist: Måndag kl.16 Trykk: Polaristrykk as Sats og montasje: Øy-Blikk Odd EGIL VALdERHAUG ANsVARLeG ReDAKTØR & DAGLeG LeIAR [email protected] REbEccA MOLTU RIISøEN Redaksjon& ANNoNsesjeF [email protected] KRISTOFFER OFTEdAL joURNALIsT [email protected] ROLF HANSEN joURNALIsT [email protected] MARcUS MURPHy GRAFIsK FoRMGjeVAR [email protected] JOURNALIST FRILANS: Nora R. Hesseberg Birgitte Magelssen Godø Anja Heimland Løkling dato til venstre 2 Torsdag 18. juni 2015 øyglimt Øyriket Giske Giske kommune omfattar dei fire øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Øyriket har til saman 7.923 (dec. 2014) innbyggjarar. Øyane er bundne saman med tunnel og bruer, og kommunen er knytt til fastlandet med undersjøiske tunnelar. Frå Nairobi til Godøya og Vigra det skjer Sommarutstilling Grafikk, akvarell, teikning, maleri og materialbilete. Utstillarar: Anders Kaardahl, Inge Grødum, Gro Hege Bergan, Jan Kåre Øien, Tone Roald, Per Johan Avdal, Evelyn Melsom, Dag Magne Staurheim, Iselin Bst, Ragnvald Einbu og Sara Tunheim. 30. mai til 14. juli, Alnes fyr Gudsteneste Høgmesse ved Oddvar Tveito. Offer: Radio Sentrum søndag 21. juni kl. 11, Giske kyrkje Jonsokfeiring Roald velforening arrangerer jonsokfeiring komande laurdag, 20. juni. Sal av rømmegraut og kaker. laurdag 20. juni kl. 11, Sambrukshuset på Roald 2 FURENE, 6100 VOLDA LAVPRIS NB!: Køyrerute kvar onsdag til Ålesund, Sula, Giske, Skodje, Haram, Ørskog. Sykkylven (tirsdag) og Hareid (torsdag) FRAKTFRITT - PRISAR INKL. MVA NB! Alle bestillingar for KØYRERUTA må vere innkomne innan onsdag 22x95 Terrassebord impr. 1-sort . . . . . . . pr m kr 28x120 Terrassebord impr. 1-sort . . . . . . . pr m kr 36x73 just impr. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 36x98 just C-24 impr. . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 36x148 just C-24 impr. . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 48x98 just C-24 impr. . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 34x145 Impr. handrekke . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 19x148 dobbel/enkelfals 1-sort impr. . . . pr m2 kr Shingel Type S, -sort . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m2 kr D-polyester underlagspapp . . . . . . . . . . . . . pr m2 kr 19x148 Dobbelfals 2. sort. . . . . . . . . . . . . . pr m2 kr 13mm Gips 120x240 std. . . . . . . . . . . . . . . . pr pl. kr 9,35 14,85 12,60 17,10 25,55 20,90 36,15 132,45 82,00 23,60 77,00 91,85 Vi har Knauf, Glava, Evertile, Decra, ståltak, takstein, H-vindu, dører Be oss om tilbod! Telefon 70 04 59 90 Fax 70 06 87 70. OPE MANDAG – FREDAG 8 – 17. LAURDAG 9 – 14 www.koppenind.no – [email protected] HYTTER – SJØLVBYGGARGARASJER – ALT I TRELAST dato til høyre Torsdag 18. juni 2015 Søndag og på Jonsokaftan får Godøya og Vigra besøk av leiaren for det store hjelpeprosjektet mellom barna i slummen i Nairobi, Eliaika M. Oruko, og Gunnar Hamnøy, leiar for NSP Aid. innsendt Det blir ein spesiell kveld med fokus på Kenya og hjelp til foreldreløse barn på Godøy bedehus søndag 21. juni. Det blir vist bilde og fortalt om arbeidet mellom barna. Gunnar Hamnøy vil også ha ein andakt. I tillegg deltek Oruko og Hamnøy på jonsokarrangement på Vigra 23. juni, på Sagabu. North South Partners- hip Aid (NSP Aid) er engasjert i eit stort hjelpeprogram i samarbeid med ein lokal organisasjon i Kenya, «Heart to Heart», og på Kenyakysten med å bygge opp og drifte Faraja Childrens Home, eit prosjekt mellom barna i Kibera og Kawangwareslummen i Nairobi. Hovudfokuset er å hjelpe foreldrelase barn og barn som har det svært vanskeleg til ein skuleplass eller førskuleplass. Fleire samlingar Det er lagt opp til fleire samlingar med fokus på Kenya og barn i Kenya, på Sunnmøre. – Vi ynskjer å samle folk på Sunnmøre, både faste givarar og andre som er interesserte i å høyre om arbeidet mellom barna i Kenya, fortel Gunnar Hamnøy. Leiaren i NSP Aid kom heim førre veke frå ein tur til Kenya for å følgje opp arbeidet på Faraja Childrens Home, I Kenya møtte han m.a. komiteen som planlegg å bygge opp ein barnelandsby utenfor Nairobi, for foreldrelause barn. På Faraja Childrene Home bur det i dag 32 foreldreløse barn, som har fått eit nytt håp og framtid. Dei barna som får høve til å gå på skule får skuleuniform, bøker og mat to gongar dagleg. Fleire treng også medisinsk hjelp. NSP Aid engasjerte seg i arbeidet våren 2013 med 14 barn, no får 156 barn i Kiberaslummen og 184 barn i Kawangware-slummen skuleplass. I tillegg finansierer NSP Aid sine givarar to matprogram, eitt i ei kyrkje i slummen og eitt på ein skule. Eliaika M. Oruko (til dagleg kallar ho seg Mary) er ein av hovudleiarane for dette hjelpeprogrammet i slummen. Ho vart fødd og vaks opp i Kawangwareslummen, men fekk høve til utdanning, og utdanna seg til diakonisse. I tillegg til arbeidet i slummen er Eliaika leiar for diakonissene i den lutherske kyrkja i Kenya, og nestleiar i Afrika. Foto: Privat Busstur til Trondheim med Radio Sunnmøre I mylderet av turer som i disse dager legges ut for salg til reiselystne sunnmøringer, tilbyr Radio Sunnmøre en interessant jubileumstur til Trondheim 3. – 6. september. Turen er et samarbeid mellom radioen og Si-Reiser AS. innsendt På programmet står besøk hos NRK Tyholt og lunsj i Tyholttårnet etter omvisning i kringkastings- huset. Videre er det innlagt et besøk i Vår Frues Kirke, hvor programmet «Salmeboken minutt for minutt» ble en suksess for landets TV-seere. Lørdag ettermiddag er det avsatt tid til en uflukt til Verdal hvor en stor sang- og musikkfestival går av stabelen. Her deltar kjente sangere og musikere som Peter Sandwall og Lars Mørlid og en rekke country- og gospelinspirerte grupper. Søndags formiddag blir det gudstjeneste i selveste Nidarosdomen. Bussturen starter fra Ålesund og går via Molde, Sunndalsøra og Oppdal til Trondheim, retur via Orkanger, Halsa – Kanestraumen. Under vegs blir det kafferaster med hjemmebakte kaker, og under oppholdet bor man på sentrumshotellet Scandic Solsiden Hotell. Det er også god anledning til å «gjøre» Trondheim på egenhånd, for de som ønsker det. Turteamet til Radio Sunnmøre består av Eli og Torstein Remme, Oddveig og Kolbjørn Molnes, Hilde Gjengedal og Gudrun Longva. Disse vil stå for guiding og underholdning på bussen, og tilbyr morgen- og kveldssamlinger i ett av hotellets møterom. Her blir det rikelig med sang og musikk, humor, menneskelig og åndelig fellesskap. Påmelding til Si-Reiser. 3 Ønskjer bistand frå private utleigarar Giske kommune ber innbyggjarar med bustad for utleige ta kontakt. Rolf Hansen [email protected] Eit samla formannskap innstilte sist veke på at Giske kommune skal ta i mot fleire flyktningar enn tidlegare år.Utfordringa til kommunen er bustad til dei nye flyktningane. – Det vert jobba med bustadspørsmålet heile tida i høve dei tenestane kommunen allereie skal løyse. Om det kjem fleire flyktningar til kommunen, ber vi folk med ekstra bustad for utleige, å ta kontakt med oss. Vi har allereie fått innspel frå privatfolk, som har ein bustad til utleige, men vi høyrer gjerne frå fleire, seier rådmann Marit Elisabeth Larsen. God diskusjon TA KONTAKT: Rådmann Marit Elisabeth Larsen oppmodar private utleigarar å ta kontakt med Giske kommune om dei har ein bustad til utleige, der mellom anna flyktningar kan busette seg. Foto: Rolf Hansen Saka skal opp i kommunestyret i dag, og det er venta fleirtal også der for ei auke i talet på f lyktningar. Det vil tr uleg verte noko meir diskusjon enn det var i formannskapet, der dialogen var konstruktiv med mange innspel sist veke. – Vi hadde ein svært god diskusjon på dette i formannskapet, der fleire peika mot den private leigemarknaden mellom anna. No er det ikkje slik at vi skal skaffe bustad til evig og alltid for flyktningane. Det er ei hjelp til etablering, og etter kvart vil disse få seg både eigen jobb og bustad, rundar rådmann Elisabeth Marit Larsen av. I formannskapet vart idrettslaga også oppmoda til å ta eit initiativ til å aktivisere flyktningane gjennom dei eksisterande tilboda. Her vart det peika på den gode innsatsen dei same idrettslaga gjorde i den tida Giske kommune hadde eit asylmottak på Vigra. Ope svar til Frp sin ordførarkandidat, Ina Giske Ja, Ina! Det er svaret. harry valderhaug Ordførarkandidat for KrF I eit ope brev i førre Øy-Blikk skriv du, Ina, at du synest eg ikkje nemnde nok om det faktum at landsmøtet i KrF stemde for å ta imot flyktningar frå Syria. Du refererte frå ein artikkel i ØyBlikk 21. mai, der eg nemnde at vi på landsmøtet mellom anna gjorde vedtak innan både skule, helse, omsorg, kommunereform og mot søndagsopne butikkar. Vidare stod det, sitat: «dette er viktige vedtak som kan gjere ein forskjell for menneske – barn, elevar, lærarar, eldre, sjuke, rusavhengige, flyktningar, meinar Harry Valderhaug». Det stod meir i artikkelen, blant anna ei sak som vart slept på landsmøte og som eg synest var særs gledeleg nytt ; at KrF har kjempa fram og fått gjennomslag for at regjeringa skal ta opp kampen mot antisemittisme i eit land der det er 6-700 000 nordmenn som har sterke fordomar mot jødar. Men det var nok ikkje desse potensielle flyktningane her i Norge du tenkte på når du spurte, men flyktningane i Syria. Og apropos flyktningar. Det er eit vanskeleg tema. Særleg å forstå for oss som var så heldige å bli fødd i Norge. Vêrflyktningar til Tyrkia og andre sydlege strok er kanskje det nærmaste vi nordmenn kjem i å ha flyktningestatus, i alle fall vi nordmenn som ikkje er jødar. Og då ser vi vekk frå desse skatteflyktningane – desse gøssane som har så mykje å tape på å betale skatt i Norge at dei drege sin kos til varmare strøk med høgare temp og lågare skatt. Dei om det. Men flyktning – ekte flyktning – det trur eg vi slit med å skjøne heilt kva er. Eg trur ikkje vår generasjon maktar å forstå kva det gjeng om å vere på flukt når det kjem til å flykte for å berge livet. Enten det er flukt frå IS eller regimet i Syria som lemlestar, drep og herjar på verste vis. Flukt frå desse som hittil har drive på flukt 12 mill av totalt 20 mill. innbyggjarar i Syria. Dei fleste er på flukt internt i Syria, men fleire millionar har flykta ut av Syria og er no plassert i leirer i Jordan, Libanon og Tyrkia. Kor mange som aldri kom seg dit fordi dei vart drepne, er usikkert. Det siste talet eg såg om det, var snart 300 000 drepne berre i Syria. 300 000 menneske – slike som oss. Ein kan forstå kvifor dette er kalla den største flyktningkrisa sidan 2. verdskrig. For vi må attende dit for å finne sist gong mange nordmenn måtte flykte for å berge livet. Nokre av dei som flykta den gong, gjorde det fordi dei var jødar. Dei vart tekne godt imot av naboane våre, i Sverige. Også i Syria flyktar mange fordi dei har feil rase eller tru – det er skremmande. Nokre av desse er kristne menneske som, om dei ikkje alt er drepne, flykter for å berge seg og sine fordi dei trur på Gud som elske ALLE menneske så høgt at han ofra alt han hadde, sin einaste Son. Ein treng ikkje vere kristen for å meine at slikt må vere meir enn ein krig og menneskeleg maktkamp. Eg trur vi er samd, Ina, i at alle flyktningane treng all mogleg hjelp og at det er særs viktig at Norge og verds- samfunnet hjelper så mykje vi maktar der flyktningane er. I Norge er alle partia på Stortinget samstemde om den delen av fellesforslaget frå Høgre, KrF, V, Ap og Sp, som handla om å auke hjelpa der nede i kriseområda med 250 millionar, til samla 1,5 milliardar kroner. Og når du vidare skriv at «misforstå meg rett. Eg skulle gjerne sett at Giske og landet elles kunne ta imot alle syrarar som no er på flukt frå heimlandet, men det går på kostnad av noko», ja, då forstår eg deg i alle fall slik at du har veldig lyst å hjelpe til. Det er bra. Men «kostnaden» for Giske kommune for å ta imot dei få flyktningane vi har teke imot hittil, har ikkje handla om økonomi. Der har vi kanskje til og med løvd av pengane han Stat har sendt oss? No skal kommunene visstnok få endå meir pr flyktning dei tek imot. Men kostnader er der uansett – for nokon. Det kostar oss noko å bruke tid og omsorg på desse som kjem og blir naboane våre, også når dei er flyktningar. Den tyngste kostnadsbøra er vel på flyktningane si hand. Eg kjenner litt til kva nokon få av våre flyktningar har med av «bagasje» – dei kjem ikkje verken pga betre vêr eller lågare skatt for å seie det slik. Mange av dei ber på bører vi ikkje kan tru at eit menneske maktar. Men skal tru om nettopp desse flyktningane kan gi oss «etterkrigsfødde nordmenn» sårt tiltrengte innslag om kva naud, krig, frykt, sult og hat er for noko – på rett. Sjølv om det skulle koste noko for oss naboar å bruke av vår dyrebare tid til å få eit innblikk i kva verd det er vi har der ute. Eg trur vi også er samd, Ina, i at vi må hjelpe der nauda er og at vi ikkje kan ta imot alle desse millionane i vårt lille land. Vi kan bry oss med å hjelpe mange med desse 1,5 mrd kr vi har til salt i grauten sjølv om saltet ikkje kjem frå våre modige tårer. Men skulle vi få eit høve til å ta imot 15 eller 25 flyktningar ekstra dei neste åra, og det ikkje ein gong truer tilbodet til våre sjuke og eldre, då håper eg vi greier å motivere kvarandre til å ta imot nokre nye naboar – meir av å kølve oss utav divanen, gløtte opp frå multifonen og prøve å bli kjend med dei nye naboane våre. Eg trur eg har litt å gå på i so måte. Elles har eg smatta både på eitt og hitt av det du skriv, Ina. Kanskje til og med undra meg litt på kva du spør om – eigentleg. I alle fall dersom du er samd i at flyktningane treng all mogleg hjelp der dei er og du til og med skulle tatt imot alle saman om det ikkje kosta oss noko. Men bergar det nattesømnen at Giske kommune sannsynlegvis får dekka alle økonomiske kostnader om vi tek imot folk på flukt? Tja, der er sikkert alltid eitkvart vi kan ligge vaken for om vi grubler på kommuneøkonomi og uløyste oppgåver. Då er det nesten so ein må ta seg i å dubbe av og drøyme om å vere finansminister for ein dag. Men med eit FrP som kanskje (før dei braut forhandlingane) var villig til å ta imot inntil 7500 flyktningar av dei 8000 som no er fellesforslaget, bør vi bli spart for ei kostbar landsens folkerøysting. Spar oss for å måtte arrangere folkerøysting om «ja eller nei» til å hjelpe nokre arme sjeler som FN og Høgre/Frp-regjeringa måtte be oss om å opne døra for – inn til Norge, sjølvaste «beste stua» i verda. Lat oss prøve å møte desse menneska med noko anna enn ei folkerøysting, kanskje bli kjende med dei og kanskje lære oss eit og hitt om kor glad oss kan vere for både fred, fridom og det å få vere til hjelp for eit menneske. Det trur eg hadde gjort oss godt – ja, oss med! dato til venstre 4 Torsdag 18. juni 2015 Til topps i Securitas Janita Blomvik er ny hovudtillitsvald i Securitas, og skal tale saka for 4500 tilsette. Ho ser utfordringar nasjonalt, men er ikkje uroa for arbeidsplassane på Ålesund Lufthavn Vigra. kristoffer Oftedal [email protected] Blomvik har vore vektar på Ålesund Lufthavn Vigra i 12 år, og tillitsvald i vel 10 av dei – dei siste åra som regionalt verneombud for Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. No skal ho altså representere vel 4500 tilsette i Securitas, noko som naturleg nok er ein heiltidsjobb. Denne går ho inn i for fullt frå august. – Det er noko med at når ein først tek på seg eit tillitsverv, så ballar det på seg, forklarar ho. – Det begynte lokalt, og brått var eg innvald i regionsavdelinga, der eg er nestleiar, og eg sit også i landsstyret i forbundet. Slik blei Blomvik til slutt spurt om å stille til som kandidat til toppvervet. På landsmøtet i Norsk Arbeidsmandsforbund sist veke var det 43-åringen frå Valderøya som sto att som vinnar då alle stemmene var telt opp. Elles er det mykje som foregår ute på gata, fortel Blomvik. – Vi har vektarar i alle bygater og blir kjøpt inn til bomiljø og alle slike tenester som politiet ikkje tek. Den største utfordringa der er tryggleiken for dei tilsette, i utsette strøk i dei største byane må vi ha to eller tre som går i lag. Det er ein tøff jobb, og ganske annleis enn til dømes på flyplassane. Bemanning og tryggleik Trygge arbeidsplassar på Vigra Det er mykje spennande å ta fatt i, skal vi tru Janita Blomvik. Kva blir den store kampsaka? – For oss er det bemanning. Det er det jo alltid, vi lever av å selje tenester. Vi har hatt stor vekst på flyplassane i mange år, på grunn av oljebransjen og at nordmenn generelt har godt med pengar. No er det litt nedgangstider, og det merkar vi. Den største utfordringa akkurat no er at Avinor skal spare pengar på kjøp av eksterne tenester, og der er Securitas ein av aktørane. Securitas leverar tenester til 46 av 47 flyplassar i heile Norge. Flyplassen på Vigra er heldigvis ikkje den som vil merke nedgangstidene sterkast, meiner Blomvik. – Nei, eg trur ikkje det får konsekvensar her på Vigra. Dette er ein flyplass som går med overskot, og vi har hatt stor utviding her. Vi har gått frå to til tre sikkerheitsløp nede, og det blir kanskje fire, så vi må halde på dei som er her for å kunne dekke veksten. Vi har tilsettingsstopp inntil vidare, men her er ingen arbeidsplassar som står i fare. Godt er det, for lufthamna er ein stor lokal arbeidsplass der Securitas har 54 tilsette berre i tryggleikskontrollen. Arbeidsmiljølova Blomvik trekk også fram endringane i arbeidsmiljølova som trer i kraft i juli, og tilpasningar til det nye lovverket. Her snakkar ho både som fagforeiningsleiar og som Ap-politikar: – Her er opna opp for både fleire søndagar og lengre vakter kun etter avtale med lokal fagforeining. Spesielt det med lengre vakter er noko eg er veldig skeptisk til. Når du skal jobbe ute i eit ganske tøft yrke, spesielt i helsevesenet ... det skal vere plass til alle aldersgrupper. For ein 20-25-åring kan det vere heilt topp å få jobbe så mykje som mogleg, for ein som har fått ungar eller blitt litt eldre er det kanskje ikkje så attraktivt. Og so skal det jo også vere forsvarleg. Ingen slepp unna politikken Som allereie nemnt: Det ballar gjerne på seg med verv, og nestleiaren i Komité for oppvekst og helse tenkjer ikkje gi seg med kommunepolitikken etter sin første periode. Som andrekandidat for Giske Arbeiderparti går ho inn i ein ny valkamp i år, og håpar på minst like mange plassar i kommunestyret som i dag (tre). Ho har til liks med ”alle andre” fått med seg eit sterkt veksande engasjement i enkeltsaker no i valåret. – Det er veldig bra for høvet til å vere med å påverke, og om folk blir meir aktive politisk er det kjempepositivt. Ein klagar jo over forgubbing og at folk sit for lenge i verva, det er alltid greitt å få inn friskt blod, meiner Janita Blomvik. – Men du blir jo aldri populær som politikar, legg ho til og ler. TRAVEL TILLITVALD: Bak Securitas-koppen ligg to telefonar som stadig ringer. Foto: Kristoffer Oftedal – Vi har eit ansvar for å hjelpe På landsmøtet i Norsk Arbeidsmandsforbund snakka Janita Blomvik mellom anna om mottak av syriske flyktningar, som også vedkjem Giske kommune i desse tider. kristoffer oftedal [email protected] Uttalen kom i samband med dei nylege forhandlingane om dei syriske flyktningane, og med Ap-leiar Jonas Gahr Støre sitt besøk på landsmøtet: dato til høyre Torsdag 18. juni 2015 – Kom an, folkens. Dette har vi råd til. Det er like mange pengar som vi bruker i året på potetgull. Vi i Arbeidsmandsforbundet skal ta imot flyktningane, og få dei integrert i arbeidslivet og organisasjonslivet, sa Janita Blomvik frå talarstolen i Oslo, og fekk bifall frå både landsmøtet og Ap-leiaren. Det var eit kostnadsbilete som vi gjerne ber ho utdype: – Norsk Folkehjelp hadde akkurat gått ut med sine tal og rekna på kostnadane. Då blir det jo gjerne sett opp mot slike ”tulne” ting, sjølv om vi ikkje ofrar potetgullet vårt. Men sjølvsagt, skal ein busette ein flyktning i kommuna, so må det følgje med tiltakspakker og overgangsordningar. Skjønar frykta – Folk er skeptiske. Eg skjønar både frykta til folk her, og frykta til flyktningane med tanke på å kome hit. Folk har dette biletet av at ein flyktning her blir sitjande på ei nybetalt leiligheit med alle godar som du hentar på NAV og at alt blir lagt opp deretter, seier Blomvik. – Eg trur ikkje nokon som flyktar frå landet sitt kjem til Norge for å sitje på ein stol og få pengar. Dei fleste ynskjer ein moglegheit til å få starte opp livet sitt att, kome seg ut i arbeid og forsørge seg sjølv. Det trur eg ligg grunnleggjande i dei fleste menneske. – Med plasser ing på eit asylmottak over lengre tid blir dei setande der. Ein person som får ein OK stad å bu, kan kome seg ut i arbeid og betale skatt som alle andre, vil kunne fungere normalt, meiner Blomvik. Men kvar skal dei bu? Kommunen har ikkje bustadar til flyktningane (sjå eiga sak, side 4). So spørsmålet er stadig kvar flyktningane skal bu. Janita Blomvik kjem med ein aldri så liten brannfakkel som også rører ved den pågåande debatten om fortetting og utbygging: – Her er jo alternativ. Vi har til dømes denne (nedlagde) skulen på Skjong. Kanskje ein kunne gjort om til hyblar som mellombels løysing? Blomvik vil ikkje spekulere vidare i om eksisterande bygg som er eigde av Giske kommune kan rustast opp til dette føremålet. – Her er ting vi kan sjå på, men per i dag må vi bygge nytt viss vi skal kunne ta imot nokon. Og det er jo kjempedyrt, vedgår Blomvik. 5 18.-21. JUNI 2015 STRIDEN OM KONGEMAKT OG KRISTENTRU PÅ HISTORISKE GISKE JUBILEUMSPROGRAM GISKESPELET 20 ÅR BILLETTAR Torsdag 18. juni Premiere Giskespelet kl 19:00 giskespelet.no / tikkio.no Kan òg kjøpast ved inngangen i Giske Amfi, Vivo bokhandel Amfi Moa, Rema1000 Giske, Ting & Tang Valderøya. NB: Møt opp ein halvtime før framsyninga og få med deg det stemningsfulle forspelet. Ta dagen på Giske og nyt stemninga frå ei anna tid. Smak på vikingføde, servert av vikingane sjølve. Fredag 19. juni Jubileumskonsert, lokale artister kl 19:00 Laurdag 20. juni Giskespelet kl 15:00 “Leikaren” kl 18:00 Gratis konsert Jubileumsgåve frå Giske blandakor Søndag 21. juni Giskespelet kl 13:00 og kl 17:00 Høgmesse i Giske kyrkje kl 10:30 HAVNEVIK FOTO: Havnevik Tekst Johs. Heggland Musikk Terje Skytterholm Regi Paul-Ottar Haga Vinn et magisk sommerminne! Sjekk www.tafjord.no/kino og meld deg på innen 30.juni. Vi gir deg og opptil 15 av dine venner en kinoopplevelse dere sent vil glemme! FIBER FR A TAFJORD – SK APER LIV I BY OG BYGD dato til venstre www.tafjord.no Torsdag 18. juni 2015 Auka fokus på dei eldre sitt kosthald MAT I FOKUS: Landbruksminister Sylvi Listhaug. Foto: Statsministerens kontor, SMK Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug inviterer alle sjukeheimar og institusjonar i Norge til ein konkurranse kring matglede for dei eldre. I Giske skal institusjonsmaten allereie falle godt i smak. AV Rolf Hansen [email protected] Landbruks- og matminister Listhaug (FrP) vil at måltid for eldre på institusjonar skal tilpassast slik at dei gir matglede og matlyst. Listhaug inviterer difor alle landets sjuke- og aldersinstitusjonar til å delta i ein konkurranse for å løfte fram dei hyggelege måltidsstundene. Konkurransen er eit ledd i regjeringa sitt arbeid med å betre matomsorga på alle norske sjuke- og aldersheim. Også for Giske FrP er dette ein viktig sak. – Vi ønskjer å prioritere både dei unge og dei eldre, og må hjelpe våre eigne før vi hjelper andre. Fokus på kostholdet til dei eldre er viktig. Vi må ta oss råd til å vere med på auke både livskvaliteten, sunnheita og energiinntaket gjennom gode måltid, seier ordførarkandidat Ina Giske. God standard Maten til dei eldre og pleietrengande i Giske kommune kjem frå eit moderne kjøkken på Valderøya sjukeheim. Same stad lagar til mat for andre kommunale tilstellingar, og ordføraren har ikkje fått nokre negative tilbakemeldingar på maten som vert servert. – No er ikkje eg spesielt kresen når det kjem til mat, og kanskje ikkje den rette til å svare på dette. Den maten vi får derifrå er i alle fall svært god, så eg både voner og trur kjøkkenet vårt leverer både sunn og god nok mat, seier ordførar Knut Støbakk (KrF). Ny heimeside Giske kommune har fått ny heimeside. Tilbakemeldingane er gode frå brukarane. rolf Hansen [email protected] Det er nærings- og utviklingssjef Henrik Wang som har vore prosjektansvarleg for heimesida som stod fram i ny drakt for to veker sidan. – Den gamle var gått litt ut på dato, og vi ønskja ei ny side med fokus på dei lokale tilhøva som gjeld for Giske kommune. Først kom staten inn med ein mal for tematisering, slik at folk kunne kjenne seg att uansett kor i landet dei logga seg på. Det skulle mellom anna vere ein mengde info frå statleg hald, men så fall dette bort i 12. time. No vonar vi den er enklare å finne fram på enn den gamle, seier Wang. Alle med Den gamle heimesida vart revidert for fleire år sidan, og den nye har alle tenesteområde og toppleiing vore med om å jobbe fram. – Ei heimeside vert eigentleg aldri heilt ferdig, så vi vil heile tida vere litt undervegs. Det er programvareselskapet ACOS som stå r for den tek niske løysninga. I redaksjonen har vi hatt representantar frå alle tenesteområda til kommune, og rådmannen har også vore inne i arbeidet, rundar prosjektleiar Henrik Wang av. Skjermdump: Giske kommune si heimeside Eit levedyktig museum på Vigra kringkastar Både venneforeininga for Vigra Kringkastar og grunneigaren har som førsteprioritet eit levedyktig museum på Vigra Kringkastar. Skal vi få til eit levedyktig kringkastingsmuseum må Nork ring og Telemuseet vere med. Venneforeininga er ikkje interessert i at huset vert brukt til andre ting enn eit museum med hov udvekta på den analoge kringkastingshistoria spesielt i Møre og Romsdal. Vigra Kringkastar spelte også ei viktig rolle i krigshistoria for landet, fylket og kommunen. Venneforeininga er ikkje interessert i at huset vert nytta til noko heilt anna og forstår grunneigaren si frykt for å sete igjen med eit falleferdig hus der dato til høyre Torsdag 18. juni 2015 ingen har råd til å rive huset og rydde området. Slik eg tolkar situasjonen er det stor fare for at Norkring vel å rive sendarbygget dersom dei skal ha ansvaret for både drift, vedlikehald, grunnleige og opprydding. Dersom riksantikvaren hadde freda huset ville heile ansvaret kvilt på eigaren Norkring. Vi rekna med at riksantikvaren ville frede sendarbygget, men det gjorde han dessverre ikkje. Den einaste moglege løysinga eg no ser er at fylket, kommunen og venneforeininga kan ta drift og vedlikehaldsansvaret for bygget slik at Norkring sit igjen med ansvaret for grunnleige og opprydding. Regjeringa ynskjer å selge seg ned i Telenor frå 54% til ca 34%. Då er det ikkje naturleg at Telenor skal ha ansvaret for historia til det statlege Televerket. Då er det naturleg at staten tek over Telemuseet. Tek staten over ansvaret for eit kringkastingsmuseum på Vigra Kringkastar vil staten ta over grunnleiga og oppryddingsansvaret. Norkring vil då tene på å ikkje rive sendarbygget. Telemuseet og Sunnmøre museum kan ta ansvaret for museumsdrifta. Fylket/Riksantikvaren kan gi tilskot til oppgradering av huset til museumsdrift. Giske kommune kan frita museet for kommunale avgifter og eigedomsskatt eller betale eit tilsvarande tilskot til drifta. Ei inntekt kommunen vil tape uansett dersom huset vert reve. Tafjord kraft har ein trafokiosk i Norkring sitt bygg. Dei kan betale ei leige/støtte som utgjer strømkostnadane. Den daglege drifta – vaktmeistertenester for eigedomen og støttespelarar til museumsdrifta kan venneforeininga ta ansvaret for. Dette er den moglege løysinga eg ser for eit levedyktig kringkastingsmuseum på Vigra Kringkastar. Fylkeskonservatoren i kulturavdelinga i fylkeskommunen kalla inn til eit møte der vi skulle drøfte korleis vi saman kan berge sendarbygget på Vigra, men måtte dessverre avlyse dette møtet. Fylkeskonservatoren lova å kalle saman til eit nytt møte. Mvh Jon Hildre Leiar i venneforeninga for Vigra Kringkastar 7 15 barn og 15 båter klare til start. Mitt skip er lastet med… Det var racerbåter, sjørøvere og dykkere med masse godteri som havnet på havet da Skjong barnehage sjøsatte sine hjemmesnekrede båter fredag i forrige uke. anja heimland løkling [email protected] Avdeling Skogstjernas mange barnehender var allerede fulle av maling når båtene nådde vannflaten. Den kalde sommeren tok ikke fri denne dagen heller, men de fargerike båtene skulle på vannet, uansett vær. Og her var det en båt for enhver smak. Snop over bord! – Det er krabbene som spiser opp snopet på båten, forklarer Lerke (5), og haler båten sin opp på en stein. – Hvilket snop? – Det er godteri i kassen der fremme. Lerke peker på en lilla kloss hun har spikret fast lengst fremme på båten. Alle ungene har designet og malt båtene sine etter eget ønske. – Det ble litt vått da båten kjørte på skjæret, men den ble ikke ødelagt. – Da datt vel godteriet ut? – Ja, men jeg ga det til krabbene. Dykkerne får ikke godteri, det er til krabbene. – Er det dykkere der også? – Ja, det er en dykkerbåt. Dykkerne ser etter krabber, og redder folk som har ramlet i vannet. Ikke alle har planlagt båtens mål og mening like nøye. Noen er mest opptatt av estetikken. Amalie (5) vet ikke hva slags båt hun har laget, men understreker at den er lilla. Erle (5) har laget en fiskebåt, som er mest rød fordi det er den fargen hun liker best, og som fisker makrell fordi det er fisken hun foretrekker. Teodor (6) har en racerbåt som kan kjøre både på land og på vann. Det er dessuten også en sjørøverbåt, med planken klar hvis noen skulle oppføre seg dårlig. Erle venter på makrellen Amalie konsentrerer seg om å få sin lilla kreasjon på land, mens Lerke redder godteriet sitt. Prosjekt Vann Båtprosjektet er den del av vanntemaet Skogstjerna har jobbet med i hele år. – Vi har eksperimentert mye med vann på avdelingen dette året: saltvann, ferskvann, is, damp… Dette er en avslutning av dette prosjektet. Vi har fått hjelp av en forelder til å sage til deler, og ungene har selv snekret og malt, forklarer pedagogisk leder, Siv Renathe Karlsen, før hun går ut og haler inn en unge med vann til lårene. Glade, kalde, våte og fulle av maling er det på tide å vende tilbake til barnehagen. Ingen ville sjøsette verkene sine for bestandig, så båtene får bli med hjem for å tørke de også. Sigrid er strålende fornøyd med jomfruturen. – Det er bare krabbene som får godteri fra båten. Lerke er en streng skipper. Alle mann i båtene! Siv Renathe Karlsen overvåker sjøsettingen. dato til venstre 8 Torsdag 18. juni 2015 Giskingar laga topp festival på Sankten St. Olavs plass og to fullsatte dager til endes. I helga varta Momentium og Ålesund Live opp med fleire kjente musikalske artister, god mat og høg stemning blant publikum. I underkant av 3000 mennesker møtte fram både fredag og laurdag kveld. – Det er supert at Momentium arrangerer sopass mykje som dei gjer. Dette er bra. Dette liker eg. Bjørn Eidsvåg Katzenjammer i gang. Her var det både artisteri, fargerike antrekk og heftig musikk. tekst/foto: Nora R. Hesseberg Ord som «kjempebra, heilt fantastisk og topp» vanka både ifrå betalande gjester, arrangør og sangartister. Sol og sang fekk fram varmen – Eg gjekk på scena og syns det var ganske kaldt. Tenkte at ”kan detta bli so veldig kjekt?” Men so begynte det å komme folk, so kom sola og det blei jo aldeles supert! Eg er veldig godt fornøgd, sa Bjørn Eidsvåg. Han underheldt publikum ein heil time med mange velkjente slagerar. Han kjem definitivt tilbake til Sunnmøre i desember, på sine to tradisjonelle julekonserter i Parken kulturhus. Det har han gjort i snart 20 år, fortel han. Festivalglade mennesker – Dette er topp. Med kjempegod mat i tunnelen og artistar som passer inn i vårt alderslag, sa Perry Giskegjerde. Han var på festivalen ilag med ein venegjeng på 14. Ilag med ei rekke andre festivalglade menneske fann dei vegen frå VIP-avdelinga i Korsatunnelen og ut under open himmel då Bjørn Eidsvåg trådte fram. «Han greier å få temperaturen på folk opp til 20 grader, var kommentaren. Med små korte solgløtt, ein ganske gjennomsnittleg grå himmel og ein gradstokk på rundt 8 grader, var det ikkje rart at ein og annan hutra innimellom varmande toner som strøymde frå scena. Musikk, mat og ein god prat Fredag var Highasak ite og First Aid Kit to av dei største attraksjonane. Laurdag var Nico & Vinz og Bjør n Eidsvåg i ilden, saman med Chris Masters frå Ulsteinvik og Katzenjammer. Høg jubel høyrdes innimellom slagerar, hender strakte seg i veret og felles sang ilag med artisten(e) på scena skapte ei fin ramme ikring festivalen. Rundt Sankten var det servering frå både kafé og VIP-avdelinga inne i tunnelen. Der var det nesten som Sydenstemning å rekne, med morsom og varm belysning, og topp servering. Trommeslageren til Chris Masters hadde vore i tunnelen og spist: «Det var super mat. Kjempegodt!» Mange frivillege Cirka 120 personer stilte som frivillege begge dagane. Dette var foreldre til elevane ved Valderøy Ungdomsskule, som samlar inn midlar til klassetur for ungdomane. Det var dei yngre sin tur dagen etter fest iva lslut t me d oppr ydning og nedpakking av ulikt utstyr. Terje Erstad og Ante Giskeødegård er to av arrangørane i Momentium, Giske. Chris Masters frå Ulsteinvik underheldt tidleg laurdag kveld. Byscena Etter konsertane stod byscena for tur. Terminalen heldt opne dører og trakk fullt hus med Mikhael Paskalev og Side Brok fylgjesvis fredag og laurdag. Mange ville høyre både kjende og kjære artistar. dato til høyre Torsdag 18. juni 2015 9 Steinar Lillebø, oppmann i A-laget Giske IL og ans F.v.: Fredrik Furnes, Håkon Høybakk og Audun Grøtta Giske spelar tre av brørne Arneson. Her ser vi Arne, Kalv og Finn. I dag startar Giskespelet. Rundt 150 - 170 aktører har pugga og trent på sine roller. Publikum vil få ein halv time med forspel, før sjølve handlinga i den dramatiske historia om dei fire kongetru brørne frå Giske, starter. tekst/foto: Nora R. Hesseberg Kristentru og heidenske skikkar Giske IL har 120 aktive og cirka 250 medlemmar, og stiller med det største laget utøvande amatørskodespelerar. – Denne veka prøver vi å ikkje spele fotball, seier Steinar Lillebø. Då er tida avlagt til Giskespelet, eit spel som i grove Opning av trekk syner ein miks av kristentru og heidenske skikkar.» Litt annleis språk – Det er veldig gøy. Og spennande, seier fire av dei yngre skodespelerane. – Det er litt vanskeleg å snakke slik som vikingane, for det er litt annleis enn slik vi snakker til vanleg, seier Truls Jakob Bjørkavåg. Forspelet syner fram dagleglivet slik dei har tenkt seg det var i vikingetida, med ulike daglegdagse aktivitetar. Dette pågår medan publikum finn vegen til benkeradane før det heile starter opp. Brytningetid – Torberg og Kalv er to av fire brør. Dei hadde masse landeigedom i Noreg. Ragnhild, dotter til Erling Skjalgsson, vart gift med Torberg. Erling Skjalgsson var ein mektig person i Rogaland. Dette er frå tida mellom heidensk og kristen tid, der presten prøver å kristne folket, og vil at dei skal slutte med dei heidenske skikkane sine, fortel Lillebø. Oppvokst med spelet – Det er veldig kjekt og ærverdig å vere med. Tenke seg tusen år tilbake i tid og sjå for seg korleis vikingane hadde det, seier Fredrik, Håkon og Audun, i rollene som tre av dei framtredende brørne i soga. Dei har vore med på spelet i alle år, og er oppvekst med Giskespelet. – Det blir kjempebra. Masse skal gjerast før generalprøva på onsdag. Samhandling og timing er nokre av dei største utfordringane. Vi terper, men det ordner seg alltid til slutt. Klar for kamp! Soldatane har benka seg i amfiet, klare for å tre inn i soldatrollelivet. Giske fotballgrupp A-laget: Trener Oddbjørn G Leiar fotballgruppa, Steinar Spelerar: Sigurd Lillebø -ko Håkon Høybakk -Kalv (èi av Yngre spelarar: Teodor Rø Bjørkavåg, Marie Bjørkavåg spelar Ågmund, Eystein, To Tidlegare spelerar: Audun Furnes, speler Arne og Finn I tillegg ei rekke i yngre si a Instruktør Paul Ottar Haga under felles gjennomgang av spelet søndag. dato til venstre 10 Torsdag 18. juni 2015 var for soldatane under vikingespelet. Her ilag med Martin Gustafsson, Ålesund som spelar Tore Hund. T.v.: Vegar Giske (15); Teodor Rørvik Johansen (13); Truls Jakob Bjørkavåg (13), Lina Marie Bjørkavåg (17) og Ylva Nordstrand Giske (12) har alle taleroller blant syskjenflokken i spelet. Ågmund er eldste bror. Eystein, lillebror til Ågmund. Tora, systra til Ågmund og Jorunn, lillesyster til Ågmund. Giskespelet Den tunge plikt – Det er mi tunge plikt å vere med å ta livet av den framtidige Heilag Olav, seier Martin Gustafsson frå Ålesund. Han speler rolla som Tore Hund, og er med på spelet for tredje gong. Han synes også det er veldig spennande å vere med i Giskespelet. I vikingemodus – Høgdepunktet for meg er at vi får det til. At det går bra. Steinar Lillebø ser fram til spelet. – Nokre dagar er det fullstendig kaos, og so blir det bra. Det er som å trykke på ein knapp. Ein kjem inn i eit modus, kjenner røyklukta frå grua, og kjem inn i eit vikingmodus. Lillebø har hatt ansvar for soldatane og soldatrekrutteringa til spelet. pe har fleire roller Ei rolle for dei mange Stemma til instruktør Paul Ottar Haga ber godt inne på amfiet. Han har mange som skal instruerast. Det kjem svak røyk opp ifrå grua, og ”moderne” vikingar beveger seg målretta inne i amfiet. Alle har ei rolle å fylle, og det er eit imponerande stykke arbeid og innsats som ligg bak for at alt dette skal komme vel i havn. No vil det vise seg for alle. Spelet omhandler konflikter – Det er ik kje noko som slå r ein fineversdag og Giskespelet. Det er noko heilt eige, seier dei tre ”brørne” Fredrik, Håkon og Audun. – Giskespelet handler ik kje om kongen hovedsa k leg, men om Giskegodset, og korleis det blei styrt i høve til kongen, og konf liktane mellom den kongetru Torberg og kona Ragnhild som ikkje var kongetru.» Historie, kultur og dugnad – Det er veldig sosialt. Ikkje so ofte du ser nesten alle på øya samla på ein stad. So her storkoser vi oss med øving. Giskespelet omfavner mykje. Èin ting er at det i hovedsak er skodespel, men so har vi òg den historiske delen, i tillegg til kultur og dugnad. Dette rammer veldig mange, og har mykje å sei for øya som ikkje er so stor. Nesten alle på øya er involvert i spelet på ein eller annan måte. Dei som tilrettelegg for oss gjer ein god jobb; det er so mange timer dugnad som skal til for å lage til alt rundt her, avsluttar dei tre. Øving på sangleiken. Danser og sang blei innført til øya i vikingetida. Her øver ei barnegruppe før den store premieredagen. Giske -kongesoldat, r Lillebø -kvader eit vers. ongesoldat. v hovedrollene). ørvik Johansen, Truls Jakob g og Ylva Nordstrand Giske ora og Jorunn. n Grøtta Giske og Fredrik n. avdeling involvert i spelet. dato til høyre Torsdag 18. juni 2015 11 Odin mater endene. ”Kveldsåpent, NRK P1” har vore på besøk og laga program frå gården. I tillegg har Silje Skaret laga ei fin facebook-side. Fredrik Tafjord og Silje Skaret eig og driv besøksgarden. Her med kvar sine dyr, katten ”Mjau-Mjau”, og ein kanin, begge like populære blant barna. Ein topp stad å vere På Synes Besøksgård, Vigra kan barna tumle blant både ender, kanin, ponni og katt. Leikeplass står klar for bruk, medan svelene går unna so det ryker i panna, eller rettere sagt, i takka. TEKST/FOTO: Nora R. Hesseberg [email protected] – Det er ei glede, seier Fredrik Tafjord. – Folk kjem, blir kjent med andre, og dei koser seg. Saman med Silje Skaret har han funne ei fin kjelde til glad og oppbyggande aktivitet for barna. Heile 12,5 mål har dei å stelle med. Gården ligg ikkje langt frå der den no nedlagte, men berømte, radiomasta låg. Søndag er fast opningsdag, men barnehager ringer hvis dei ynskjer å komme. Besøksgården har frå 20-25 opp til 200-300 personar på èin dag. Her blir det servert svele, kaffe, brus og is. Svelerøra lagar dei av egga frå eigen produksjon, men må spe på med litt andre egg av og til, seier Tafjord. Mattilsynet har òg vore på befaring, og «dei er superfornøgde», ifølgje Tafjord. Tilrettelagt tilbod Leikeparken er eit trekkplaster, og barna stortrivst. Regn eller vind, ungane held koken, fortel Tafjord. Hit kjem dei frå Ålesund, Ulsteinvik, Glomset og Skodje. Men ikkje so veldig mange av folk utanfrå øyane enno. Tafjord håper at dette skal rette seg etterkvart. – Vi har tilbod både for vanskelegstilte, og for innvandrerar. Vi prøver å tilrettelegge slik at dei kan bruke oss. Kanskje kan dei knyte kontakter. Einslege mødre kjem ofte med sine barn hit. Dei syns det er topp å vere her. – Dyra har det veldig godt her, seier Tafjord. Høns, fire ponniar, ender, kalkun, Mohair-geit, katt og to kaninar er so langt på plass. Tafjord og Skaret lurer også på å kjøpe påfuglar til besøksgarden. Dei vil ikkje ha mogleg aggressive dyr og er nøye på det. Planar om utviding Gården held no ope for tredje året. Dei har laga ein fin opningsportal og innafor fins både kjøkken og bad/toalett for publikum. Planen er å utvide. No ventar eit 50 kvadratmeter stort bygg på snart å bli reist. Her skal det bli ei stor, opa stue som folk kan bruke. – I hovudsak driftar vi alt sjøl. Vi har fått litt sponsormidlar og hjelp frå dei lokale, frå rørleggar og matvarebutikk. Ålesund kommune har hjulpe oss ein del økonomisk, opplyser Tafjord. Massev is med traktorar, disse, syklar og bilar, klatrerør og to hoppeslott skulle vere litt av kvart for einkvar smak, storleik og alder. Skaret og Tafjord har satsa veldig mykje på å lage ein fin tumleplass for barn frå null og mange år oppover. Her kan du finne ein kjempekjekk treffplass for både liten og stor, der alle er velkomne. Høns er der også; dei kaklar, spring, rasler med vengene og er glade når dei får ein matbit. Silje viser fram ein hane og ein liten kalkunkylling på 2 månader. Lille Rebekka liker seg bak rattet på traktoren. Han blir nok brukt til mangt forskjellig som skal ordnast på gården med tanke på massevis av besøk. Fredrik håpar at mange lokale kjem og blir kjent med plassen. dato til venstre 12 Torsdag 18. juni 2015 Frå Sommarmeisterskapen i Borgundhallen i mai. Her svingar Ingrid Eline og Sondre seg i latinamerikansk dans. Foto: Privat I takt på lette føter Kvar tysdag ettermiddag reiser Ingrid Eline Sæther til Tomrefjorden for å trene sportsdans. kristoffer oftedal [email protected] – Det begynte med hip-hop og street dance, fortel trettenåringen frå Valderøya. Øy-Blikk lurer på korleis ein finn på å ta til med sportsdans når ingen andre i kommunen driv med det same. Ingrid Eline er med i Ålesund Sportsdans, der instruktørane er ingen ringare enn Ingrid Beate Thompson og Jan Eric Fransson, begge proffe dansarar og kjent frå m.a. TVprogrammet "Skal vi danse". – Då vi skulle ha juleball og vise kva vi hadde lært, var der to andre par som dansa sportsdans. Eg syntest det såg veldig spennande og gøy ut, so då fekk eg lyst til det. Trenar i Tomrefjorden Tomrefjorden har eit stort og aktivt dansemiljø, og med unntak av Ingrid Eline og eit par utøvarar frå Ålesund, kjem alle dei aktive i klubben derfrå. Ålesund Sportsdans har difor vald Tomrefjorden som den eine av sine to treningsstader. Ingrid Eline sin faste dansepartnar, Sondre Rekdal (snart 14) er sjølv frå Tomrefjorden og har dansa sidan han gjekk i tredje klasse. Jenta han dansa med før slutta, men sjølv var han ikkje klar for å gi seg enno. Dermed blei han "matcha" med Ingrid Eline, som på si side har halde på i snaut halvanna år etter "overgangen" frå hip-hop og street dance. Ho er godt fornøgd med partnaren sin og håpar han vil halde på lenge enno. – Det er jo oftast gutane som fell frå, slår Hans Einar Sæther, far til Ingrid Eline, fast. Ambisjonar Ingrid Eline ramsar raskt opp alle dansane ho og partnaren må meistre, og det er ein heil del (sjå faktaboks). Dei dansar i klassa ’Ungdom konkurranse’, der ein må danse i nokre år før ein kan kome med i eliteklassa. Der konkurrerer ein nasjonalt og internasjonalt. – Målet er å bli best mogleg å nå lengst mogleg, smiler Ingrid Eline. Sjuandeplassen i regionmeisterskapen for Møre og Romsdal og Trøndelag siste helga i mai var eit flott steg på vegen, men det skal nok ikkje stoppe der. Sjølv om ho først og framst synest dansinga er gøy, og stadig smiler når ho snakkar om det, er det liten tvil om at Ingrid Eline meiner alvor. For å kome opp på eit godt konkurransenivå i lag med den meir GODT FORNØGD: Ingrid Eline og den faste dansepartnaren hennar, Sondre, med kvar sin pokal. Dei endte til slutt på ein flott sjuandeplass i regionmeisterskapen i mai. Foto: Privat erfarne partnaren Sondre, har ho også teke privattimar i Spjelkavika. Her skjer gjerne også "siste finpuss" før konkurransar. Bak einkvar stor dansar … Ingrid Eline og faren fortel om kleskodar, reglar for pynt og paljettar, og ulike typer skor for latin- og standarddans. Vi slår fast at sportsdans nok kan reknast som ein ”utstyrssport”. Kjolane er det mora Ada som syr, og dei to foreldra byter på køyring til trening – med treningsstad i Tomrefjorden er det ikkje akkurat slik at Ingrid Eline kan sykle til og frå. Det tek om lag ein time kvar veg, fortel Hans Einar, som sjølvsagt er ein ivrig tilskodar når dottera konkurrerer. – Det er imponerande å sjå fin sportsdans, og artig å sjå utviklinga når dei tek til å få "drivet". Det er ein fin sport, og ein får trent dei rette musklane. – Det kjekkaste er å få konkurrere, lære mange forskjellige dansar og få nye vener, avsluttar Ingrid Eline, som også håpar fleire i Giske vil få opp augo for idretten. TAKT OG HALDNING: – I standarddans skal det sjå ut som éin person som dansar, forklarar Ingrid Eline. Kjolen er sydd av Ada, mor hennar. Foto: Privat Fakta om sportsdans: Dans drive som konkurranseidrett. Norge har hatt ei rekkje europa- og verdsmeistrar dei siste 40 åra. Ein konkurrerer tradisjonelt i ti dansar, delt i greinene standarddans og latinamerikansk dans. Standarddansane er: engelsk vals, tango, wienervals, slowfox og quickstep. Dei latinamerikanske dansane er: samba, cha-cha-cha, rumba, paso doble og jive. – Konkurransane er det gøyaste, seier Ingrid Eline. Her med to pokalar frå Sommarmeisterskapen i Borgundhallen. Foto: Privat dato til høyre Torsdag 18. juni 2015 Kjelde: Store Norske Leksikon 13 Valder og Godøy i stimen Valder og Godøy har fått opp marsjfarta i 4. divisjon, der begge to vann sine kampar sist runde. Vigra fekk det som venta tøft i Ørsta. rolf Hansen [email protected] Etter ni spelte serierundar er bare Vigra og Vartdal hekta av i botn, og det kan bli kritisk for Vigra. Førebels ser det ut til at eit eller to Sunnmørs-lag vil rykke ned frå 3. divisjon. Skjer det går i alle fall to lag ned frå 4. divisjon. Sist fredag stod Vigra utan nokon av sine to faste keeperar. Det gav Stian Roald sjansen til å ta på seg keeper-hanskane att, og snikkaren skulle få meir enn nok å bestille i Ørsta. Adrian Rørset utlikna til 1-1, medan Kennet Kjevik putta på to trøystemål i 3-6 tapet mot eit sterkt Ørsta-lag. Dermed er spelande trenar Kjevik ope i fem seriemål før topplaget Emblem kjem til Rota i kveld. Dei ligg to poeng bakom tabelleiar FK Sykkylven. Dette er siste kamp før sommarferien for Vigra, sidan lokaloppgjeret heime mot Godøy er Nytt tak? utsett til 7. september. Alnes avgjorde På Godøya vann heimelaget 3-2 mot Langevåg i ein kamp der raudskjortane herja med dei unge gjestane til tider. Svein Arve Alnes skåra leiarmålet før publikum hadde rukke å bli varm i setet. Joakim Austnes, Trond Brynestad og Alnes er ei angrepsrekkje meir enn god nok mot dei fleste forsvar i 4. divisjon, og dei to førstnemnde sytte for at Alnes skåra sitt seriemål nummer ti allereie etter tre minutt. Rett etter trefte 38 år gamle Alnes stonga, men Joakim Austnes dobla til 2-0 før tjue minutt var spelt. I mål står Robin Giskegjerde, og Godøy-keeperen berga straffespark før pause. Den første omgangen fekk ein smårar avslutning då gjestane fekk to mål ut av nesten ingenting. Etter pause var det Godøy for alle pengene, men lenge stod ein god Marius Halvorsen og Langevåg-stonga i mot. Heilt til toppskåraren i 4. divisjon, Svein Arve Alnes, sette inn sitt 11. mål for sesongen. 3-2 sigeren gjer at Godøy ligg sju poeng bakom tabelleiaren før bortekampen mot Hareid i kveld. Målskårarar: Valder-kaptein Gaute Pettersen skåra 1-0 målet mot Vartdal, medan Svein Arve Alnes no er toppskårar i 4. divisjon etter to nye mål mot Langevåg. Foto: Rolf Hansen Spelefri Valder har fri fram til måndag, då dei blå skal til Uggedalen og møte Norborg. Det kan dei gjere med to strake sigre bakom seg, og Henrik Hole Oksnes har skåra i begge dei to kampane et- ter heimkomsten til Valderøya. Fredag vart tabelljumbo Vartdal slått 2 - 0, men det kunne ha vore langt meir etter spel og sjansar på Valdervoll. Gaute Pettersen fekk det første holet på gjestane etter knappe timen, før altså Hole Oksnes sette punktum med 2-0 målet. Der med ligg Valder f ire poeng bakom serieleiaren, og eit poeng framføre Norborg på tabellen. Vi har markedets billegaste tak frå Evertile På lager: Evertile ru: svart, raud antikk, grå antikk. 30 års vasstettgaranti. Everglaze: Svart høgglans/glassert. 30 års vasstettgaranti Evertile pr. m2 Takpanne 184,30 Dekkande mål: 367x1260 mm 2,15 panner = 1m2 Everglaze pr. m2 197,90 Evertile pr. stk Møne buet 95,40 370 mm Everglaze pr. stk 111,10 Evertile pr. stk Møne buet start/slutt 118,30 Everglaze pr. stk med påsatte endestykke - 370 mm 137,85 Evertile pr. stk Gavlbeslag høgre/venstre 129,45 Everglaze pr. stk Dekkande mål: 1100 mm 150,80 Luftehatt 10 -45 0 0 steinbelagt plast Tilkopl.: Ø 160, 150, 130, 125, 110 og 100 mm Gummimansjett med sjølvklebande butylkrage. 150x150 mm. Kullsvart. Furene, 6100 Volda Tfl.: 70 04 59 90 Fax: 70 06 87 70 www.koppenind.no [email protected] Evertile pr. stk 1641,00 Everglaze pr. stk 1912,00 Alle prisar inkl. mva. Alltid fraktfritt levert Ope: 8 - 17 (9 - 14) dato til venstre 14 Torsdag 18. juni 2015 Saman for Giske IL: Framme frå venstre: Vetle Eliasen, Sara Moltubakk Schlaosshauer, Ylva Giske, Ingrid Giskegjerde og Idar Giskegjerde. Rekke to frå venstre: Eldar Røsvik, Lars Lervik Langås, Ole Herman Eliassen, Håkon Giske, Ulrik Giske Holm, Joakim Giske, Henrik Giskegjerde, Norvald Avseth, Jan Otto Honningdalsnes, Oddbjørn Giske, Knut Birger Giske og Steinar Lillebø. Rekke tre frå venstre: Andreas Giskegjerde, Håkon Høybakk, Fredrik Furnes, Magnus Johansen, Anders Veddgjerde, Jonas Fjørtoft Giske, Axel Giske. Rekke fire frå venstre: Even Giskegjerde, Håvard Furnes, Stian Johansen, Sigurd Lillebø og Audun Grøtta Giske. Foto: Privat Giske syng opprykket inn med ny video Giske vann toppkampen mot Ravn med 2-1, og dagen etter drog laget i Momentium sitt lydstudio for å spele inn ny song. AV Rolf Hansen [email protected] Sist måndag vann Giske ein tett, jamn og dramatisk toppkamp heime mot Ravn 2-1. Kaptein Stian Johansen skåra vinnarmålet frå straffemerket på overtid. Nettopp det målet får du sjå att på både YouTube og i videoen til Giske IL i den nærmaste framtid. 50-års jubilanten har laga ein song på fem minutt, som vert lagt over ein video der glimt frå klubbhistoria vil synast fram. – Vi har slagordet «eit levande idrettslag», og då må vi famne breiare enn berre fotball. Mange av våre medlem er til dømes med på Giskespelet (sjå eiga sak side 10-11), og då flyttar vi kampar slik at der vert ei veke der det kun er Giskespel. Slik bygger vi kameratskap, klubbkjensle og ikkje minst byggjer vi klubb-identitet. Videoen vert sjølvsagt også vist på jubileumsfesten, seier leiar Steinar Lillebø. I rute Måndag spelte Giske ny heime- kamp mot HaNo, og vann heile 9-1. Tre mål av Stian Johansen, to av Ulrik Giske Holm, og i tillegg skåra trioen Jan Egil Ulla, Håkon Giske og Ole Hermann Eliassen. Til måndag er det siste kamp før sommarferien. Då kjem Lepsøy på vitjing. Ulrik Giske Holm har kome inn og styrka eit allereie sterkt lag, som dundrar på mot opprykk. No er luka på åtte poeng ned til Ravn. Det kan gi spel i 5. divisjon til neste år, og kanskje eit lokaloppgjer mot Vigra? – Mykje av det vi gjer no handlar om lagbygging. Vi har vore tradisjonelt dårlegast på fotball i kommunen i mange år, men best på miljø. Vi har nesten berre spelarar frå Giske, og alle møtte opp til innspelinga av videoen. Den vart til takka vere eit godt samarbeide med Momentium og Idar Giskegjerde, fortel Lillebø vidare. Vart til på ein kveld Giske IL har lenge planlagd ein ny kampsong i høve 50-årsfesten i november. Det var Steinar Lillebø som fekk lagd ein pin med Giske IL-logo, og denne var starten på det heile. – Pådrivar for song og video har vore Idar Giskegjerde. Fredag 29. mai fekk vi pin med logoen vår på i hus. Idar fekk denne same dag. Då vart han så inspirert at han og kona Hege, skreiv ferdig kampsongen den kvelden, seier Lillebø med eit smil. Hovudroller: Giskespel-instruktør Paul Ottar Haga (t.v.) syng nokre strofer av Giske-songen, som Idar Giskegjerde har skreve. Foto: Privat dato til høyre Torsdag 18. juni 2015 Teksten er bygd på ein Oasismelodi, og songen vart spelt inn i Ocean Sound Recordings sist tysdag. Giskespelet-instruktør Paul Otta Haga syng første strofa «Øya vår der Vikingar slås, der vindar har blåst» På Giske kastar ein ikkje bort tida når ein god fest står på spel. – Opptaka frå mellom anna Ravn-kampen vert nytta i videoen, samt gamle bildar og Giskespelet. Både song og video vert sluppe samstundes. Det er berre å følgje med på Twitter og Facebook, for der vil det kome hint om dagen dette vert lagt ut på «Giske Idrettslag» på YouTube, rundar Giske-leiar Steinar Lillebø av. 50 år på brystet: Denne vert truleg å sjå oftare og oftare framover på jakka eller skjorta til ein Giske-patriot. Foto: Privat 15 50-årskonfirmantane på Valderøya Dei var konfirmerte i Valderøy Kyrkje søndag 11. april 1965 av sokneprest Hans Haugsnes. 50 år seinare var dei samla att for å markere den store dagen. odd egil valderhaug Foto: Harald M. Valderhaug På laurdagen 6. juni var det samling på Aalesund Airport Hotel med middag á la 1965. Til forrett vart det servert fiskebollar i terteskjell og til hovudrett svinesteik med surkål. Noko av det mest eksklusive ein kunne få på 60-talet. Men desserten var litt meir moderne, bjørnebær med is. Det var også vist fram vel 100 bilde på storskjerm frå det glade 60-talet.Både frå skuleturar og frå fritida på 1950 og 1960-talet. Bilda førte til mykje mimring og mang ein god latter. På søndag var det oppmøte i kyrkje i samband med gudsteneste. Her vart konfirmantane frå 1965 presenterte og nokre ungar fekk stille dei spørsmål. Svara frå konfirmantane fekk latteren i gong blant kyrkjelyden. Til slutt var det kyrkjekaffi i kyrkjekjellaren. På bildet ser vi i første rekke frå venstre: Vigdis Taftøy Oksnes, Ragnhild Vadseth Roald, Janne Valderhaug Stavseth, Karin Vea Sæther, sokneprest André Sjåvåg, Evelyn Flaaen Nordstrand, Laila Flaaen Synnes og Charlotte Årseth Sønderland. Andre rekke frå venstre: Anne Sofie Ness Karlberg, Sigrid Valderhaug Roaldsand, Margrethe Walderhaug Skodje, Magnhild Nordstrand Blindheimsvik, Evelyn Sæther Wiik, Oddhild Folkestad Synnes, Evelyn Valderhaug Wiik, Lillian Uggedal Rognmo, Sølvi Skjong Vartdal, Lisbeth Skjong Bjørnerem og Kirsti Godø Roald. Bakre rekke frå venstre: Kjetil Giske, Rolf Gudmundseth, Erling Hellevik, Eskill Nordstrand, Nils Kåre Gjøsund, Karl Johan Roald, Torstein Lervik, Odd Egil Valderhaug, Odd Hellevik, Ove Roger Nordstrand, Jostein Valderhaug og Jacob Valderhaug. Bruk vårt lokale næringsliv industri | Bil Ditt Firma Her Kr350 www.Blindheim-mekaniske.no tlf: 70 18 32 96 Ditt Firma Her Kr350 Ditt Firma Her Kr350 Aluminiumsvindu – Aluminiumsdører – Fasader – Glasstak – Rullegitter Tlf.: 70 18 97 70 fax: 70 18 97 80 E-post: [email protected] Nordstrand, 6050 VALDERØYA Foto: Lise Istad Slotsvik dato til venstre 16 Torsdag 18. juni 2015 FOLK Håvard Bjørnelv Alder: 37 som eg ikkje lengre ser so ofte. Bibliotekar Yrke: Kva musikk høyrer du helst på? – Progrock. Favorittbandet er Marillion. Sivilstand: Gift Spelar du eit instrument sjølv? – Ja, opptil fleire. For augneblinken spelar eg flygelhorn i Godøy Brass. So driv eg og klimprer litt på gitar og mandolin, og det som måtte by seg. Mest til husbruk, då. Elles har eg spelt althorn, kornett, baryton, euphonium og B–bass. Familie: 2 barn Synnes, Vigra Bur: Kva er ditt beste minne frå barndomen? – Det må vere telttur i hagen til farmor og farfar i Skien. Eg vaks opp i Skien, og flytta til Sunnmøre i 2001. Korleis var du som tenåring? – Sei det, du. Eg sat vel mykje med nasen i ei bok. Dersom du skulle velje eit anna yrke, kva kunne du tenke deg? – Eg veit ikkje om eg ville hatt noko anna yrke. Kanskje bokhandlar. Kva bruker du fritida di til? – Ja, det blir jo litt lesing då, veit du. Elles er det full jobb og to små barn. Dermed blir det ikkje so mykje fritid. Korleis er du på kjøkkenet? – Eg klarer meg. Er nok ikkje nokon gourmetkokk, men klarer å snuble saman ein middag til familien. Men det er ikkje akkurat favorittstaden min, for å sei det slik. Kva er ferien du drøymer om? – Det er mange ting. Men vår sommarferie går stort sett alltid til Skien. Besøker mor, far, slekt og vener, og elles besøke folk Korleis held du deg i form? – Ved å gå tur i fjøra. Det er veldig fint å gå ut på ”Seglmerket,” som er på Bremneset. Nærare bestemt på Synnes. Har du grøne fingrar? – Nei. Enkelt og greitt. Kva les du? – Eg les veldig mykje. Det er ein jobbrisiko… hmm. Leser mykje forskjelleg. Men, er det kun for å slappe av, so blir det ofte krim, fantasy, historiske romaner, ja, alt som er godt skrive, eigentleg. Kva forhold har du til sosiale media som Facebook, Twitter og Instagram? – Eg har konto på både Facebook, Twitter og Instagram. Men eg er ikkje ein av dei som postar tre gonger i veka. Det kan bli ein og annan ting innimellom, men eg legg ut lite sjøl. Men ein må jo fylgje med litt, då! Kva er det beste ved å bu i Giske kommune? – Ja, no spør du ein kar som eigentleg har lyst til å flytte tilbake til Skien. Men vi har mykje flott natur. Og flott utsikt. Her er det stille og roleg. Og mykje trivelege folk. Kva saknar du i Giske kommune? – Skog! Eg er meir eller mindre oppvaksen i skogområde; difor saknar eg skogen. Kva meiner du om kulturtilbodet i Giske? – Kulturtilbodet er veldig bra på nokre områder. Men vi har jo ikkje dei same tilboda som i dei større byane. Det er litt langt mellom dei store konsertopplevingane. Men for all del, det blir gjort veldig mykje bra her. Her kunne gjerne vore litt meir teatertilbod, men med eit lita kommune med om lag 8000 innbyggarar so blir det likevel ikkje det same som i store byar. Bruker du ofte kulturtilbodet i Ålesund? – Vi reiser på konsertar når vi ser det er noko interessant, eller går på kino. Men det vert ikkje so mykje når vi har barn, og må ha barnevakt. Bruker tilbodet litt lite. Ein kan ikkje berre plukke med seg folk, og impulsivt få med seg andre. Ein må heller prøve å gjere det beste ut av situasjonen. Stemmer du ved kommune– og stortingsval? – Ja. Bør Giske halde fram som eiga kommune eller bør vi slå oss saman med andre? – Nei, vi bør absolutt halde fram som eiga kommune. Trur vi har det best med å vere ”uttafør.” Kva kommune kunne det vere mest naturleg å slå seg saman med? – Nei, det seier seg sjøl at det er veldig nærliggande å slå seg saman med Ålesund og Sula. Kva er du opptatt av akkurat no? – Eg brenn for kulturen. Det gjer eg alltid. Og so er vi no midt i fotballsesongen, og det er jo moro. Heia Odd! dato til høyre Torsdag 18. juni 2015 17 DATO STAD ARRANGEMENT ARRANGØR 3.7 4.7 15.7–18.7 Terminalen/Byscene Øygardshamna Ålesund Sentrum Popquiz med Finn Bjelke Sommerfesten på Giske Tall Ships Race Momentium Momentium Tall Ships Ålesund 13.8 15.8 15.8 21.8 21.8–22.8 24.8 27.8 27.8 28.8 Godøy KGB Rota Gras Giskebana Gras Rota Gras Colour Line Stadion Giskebana Gras Rota Gras Godøy KGB Valdervoll KGB Godøy – Ørsta Vigra – Larsnes/Gursken Giske – Guard Vigra – Valder Jugendfest Ålesund Giske – Spjelkavik 2 Vigra – Rollon Godøy – FK Sykkylven Valder – Ørsta Godøy IL Vigra IL Giske IL Vigra IL Momentium Giske IL Vigra IL Godøy IL Valder IL 3.9 6.9 Rota Gras Giske komm. idrettshall Vigra IL Giske kommune 7.9 10.9 11.9 17.9 19.9 20.9 20.9 25.9 Giskebana Gras Terminalen/Byscene Valdervoll KGB Godøy KGB Giskebana Gras Rota Gras Parken Kulturhus Valdervoll KGB Vigra – Vartdal Kulturlivets Dag i Giske, v/ frivilligsentralen, folkehelsekoordinator, flyktningekontor & kulturkontoret Giske – HaNo Jonas Alaska Valder – Godøy Godøy – Rollon Giske – Emblem 2 Vigra – Langevåg Musikk fra Universet Valder – FK Sykkylven 1.10 2.10 2.10 9.10 10.10 15.10 15.10 15.10 16.10 16.10 21.10 22.10 24.10 31.10 Godøy KGB Parken Kulturhus Valdervoll KGB Terminalen/Byscene Rota Gras Godøy KGB Valdervoll KGB Terminalen/Byscene Terminalen/Byscene Parken Kulturhus Terminalen/Byscene Parken Kulturhus Godøy KGB Parken Kulturhus Godøy – Norborg Gammel dame - vond å vende Valder – Rollon Morten Abel Vigra – Ørsta Godøy – Hareid Valder – Norborg Thomas Dybdahl Aurora The Show Must Be Go On II: Åge Sten Nilsen Enslaved An Evening with Nordic Tenors Godøy – Vigra Nils Ingar Ådne : Ego Godøy IL Riksteateret Valder IL Momentium Vigra IL Godøy IL Valder IL Momentium Momentium 9.11 11.11 15.11 26.11– 28.11 Terminalen/Byscene Parken Kulturhus Terminalen/Byscene Terminalen/Byscene Silje Nergaard VAMP Kari Bremnes m/band Return & Stage Dolls Momentium Giske IL Momentium Valder IL Godøy IL Giske IL Vigra IL Ålesund Symfoniorkester Valder IL Momentium Godøy IL Momentium Momentium Oppføring i Kulturkalenderen er gratis for kulturlivet. Send di oppføring til: [email protected] Kulturkalenderen viser kulturarrangement inntil 6 månader fram i tid. Kalenderen skal fortelje kort om arrangementet og skal vise tid og stad, men ikkje klokkeslett. GISKE KOMMUNE HISTORISK OG FRAMTIDSRETTA LYD OG LYS PARTNER dato til venstre 18 Torsdag 18. juni 2015 Trenger du Elektriker? Trenger du Elektriker? Trenger du Elektriker? Vikingleikar, ute-moro og grilling! Kom og ha det gøy med Friluftsrådet. Lokal kunnskap, med landsdekkende erfaring. Lokal kunnskap, med landsdekkende erfaring. med Måndag 22. juni: Sula – Vassetvatnet (Kaffivika) Lokal kunnskap, landsdekkende erfaring. Tysdag 23. juni: Ørskog – Skråvika Frå klokka 10 til 15 stiller Friluftsrådet med rettleiar og har ein dag med kjekke aktivitetar i desse Friluftsområda: • • • Torsdag 25. juni: Giske – Blimssanden • Fredag 26. juni: Ålesund – Stafsethneset Vi utfører alle elektro oppdrag for bolig og næring. Vi utfører alle elektro oppfor bolig og næring. Vi utfører drag elektro opp•alleSkift til LED: spar penger drag for bolig og næring. • Styr varmen: spar strøm Avgrensingar: Dette er eit opent aktivitetstilbod i • Skift til LED: spar penger friområde og Friluftsrådet har ikkje ansvar for borna • El. kontroll: lavere forStyr varmen: spar strøm spar penger utover den aktivitet som rettleiaren organiserer. • Skift til•LED: sikring • El. kontroll: lavere for• Styr varmen: spar strøm Eventuelt bading og liknande er på eige ansvar. sikring • El. kontroll: lavere forKjetil Løvold Les meir på www.friluftsraadet.no sikring Ta med eigen grillmat Grillen er varm i tidsrommet ca kl 12-13 Ingen påmelding, berre kom! Ring 7095 11 67 14 05 Mob 46 99 eller Ring 70 11 14 05 Ring 70 11 14 05 sykkylvsbladet-høy.indd 1 5/13/2014 @oyblikk #øyblikk GISKE KOMMUNE sykkylvsbladet-høy.indd 1 I medhald av Alkohollovas §§1.6 og 1.7 samt vedtak i Giske formannskap og kommunestyre går gjeldande kommunale løyve til sal av øl eller skjenking av øl, vin og brennevin ut 30.06.15. Eksisterande løyve gjeld fram til vedtak er gjort, og for ei overgangsperiode på inntil 3 månader. Alkoholpolitiske retningsliner for Giske kommune 2012-15 vert rullert i sommar for ny 4-årig periode, og vil vere retningsgjevande for behandling av ny løyveperiode. Alle som ønskjer sals- og skjenkeløyve i Giske for kommande periode vert bede om å sende inn sin søknad. Søknadene vert behandla samla og må vere sendt til næringskontoret innan 15. august: Seinare søknader vert behandla i den rekkjefølgje dei kjem inn. Søknadsskjema for salsløyve (butikk) og skjenkeløyve (serveringsstader) ligg på kommunen sin nettportal: www.giske.kommune.no. Sjå Nyttige lenker - Søknadssenter – Løyve. Søknadsskjema er også lagt ut på servicekontoret. Diakonissen Eliaika M. Oruko fra Nairobi, lederen for et stort arbeid mellom foreldreløse barn i slummen i Nairobi og Gunnar Hamnøy besøker: GODØY BEDEHUS søndag 21. juni kl. 19 VIGRA tirsdag 23. juni kl. 18 vi deltar på St. Hans feiringen på Sagabu Velkommen fra alle øyene, du vil få høre at 9:24:52 AMdet nytter å hjelpe barn i nød. 5/13/2014 9:24:52 AM sykkylvsbladet-høy.indd 1 FORNYING AV SALS- OG SKJENKELØYVE I GISKE DET NYTTER Å HJELPE Mer info www.nsp-aid.com Arr. Nsp aid 5/13/2014 9:24:52 AM #øyblikk DAGSTUR MED BUSS FOR PENSJONISTAR 12. AUGUST Valderøy Pensjonistlag, i samarbeid med Giske Frivillegsentral, arrangerer 12. august busstur til Runde og Ishavsmuseet på Brandal for medlemar og andre interesserte. Pris pr. person kr 500,- alt inkludert. Bindande påmelding innan 30. juni til Anne Lise tlf. 918 36 062 GISKE KOMMUNE Offentleg ettersyn Detaljplan Kristiantun II Komité for kultur, miljø og tekniske saker har i møte 11.06.2015, sak KKMT-055/15 vedteke at framlegg til detaljplan Kristiantun II kan leggjast ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 i perioden 18.06.2015 – 20.08.2015. Detaljplan Øvregjerda Komité for kultur, miljø og tekniske saker har i møte 11.06.2015, sak KKMT-056/15 vedteke at framlegg til detaljplan Øvregjerda kan leggjast ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 i perioden 18.06.2015 – 20.08.2015. Detaljplan Snuplass Juv Komité for kultur, miljø og tekniske saker har i møte 11.06.2015, sak KKMT-057/15 vedteke at framlegg til detaljplan Snuplass Juv kan leggjast ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 i perioden 18.06.2015 – 20.08.2015. Innspel og synspunkt vert å sende til Giske kommune, Teknisk eining, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller til [email protected] innan 20.08.2015. Varsel om offentleg ettersyn vert sendt råka partar, plandokumenta vert lagt ut på kommunen sine heimesider under kunngjeringar, resepsjonen på rådhuset og linka til kommunen si facebook side. Nærare informasjon om sakene får de ved å vende Dykk til teknisk eining. Plankontoret G F - TRE 2-SETERE til sals, rimeleg pris. Må hentast på Roald. Tlf 412 72 130 GISKE KOMMUNE Valderøy Pensjonistlag Næringskontoret Oppstart av planarbeid Områdeplan Ny Skuleveg ALFA BEGRAVELSESBYRÅ AS Vi står alltid til tjeneste ved dødsfall og begravelse. Personlig oppfølging fra våre konsulenter. DØGNVAKT: 70 18 34 44 / 70 16 92 20 (Avd. Ytterland og Gåseid) Besøk vår hjemmeside:www.aabb.no Varsel om endring av køyremønster på Giske I samband med avvikling av Giskespelet 2015 Vegar som er omfatta av endringa: • Skulevegen til Rabbesvingen • Rabbevegen til Sakse • Giskevegen frå småbåthamna til Petrika • Vegen forbi spelplassen er stengt medan spelet pågår • Utrykningskjøretøy kan passere Komité for kultur, miljø og tekniske saker har i møte 11.06.2015, sak KKMT-060/15 vedteke at det kan startast opp områderegulering av eit område på øya Giske i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-2 og 12-8. Området er lokalisert midt på øya, aust for Giske skule. Formålet med planarbeidet er å omregulere til bustadføremål og veg. Planområdet er på om lag 111 daa. Innspel og synspunkt vert å sende til Giske kommune, Teknisk eining, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller til [email protected] innan 06.08.2015. Tidsrom: • Torsdag 18. juni, kl. 18:00 til 22:00 • Laurdag 20. juni, kl. 12:00 til 16:00 • Søndag 21. juni, kl. 11:00 til 22:00 Følg skilting, og rettleiing frå trafikkvaktene. Vis omsyn. Trafikk-komiteen Giskespelet 2015 Valderøy bedehus Velkomen til samlingane Søndag 21. juni - kl 19.30 Bøn-/vitnemøte Tirsdag 23. juni - Jonsok-graut servering frå kl 16.00 i bedehuskjelleren ALIVE ‘15 Tors 25. - søn 28. JUNI Møter kl 20.00 kvar kveld. Temaseminar laurdag. Stan Mons m/team frå Time Square Church, N.Y. sin bibelskule deltek. Fellesarr. i Giske www.valderoybedehus.no Arr. Valderøy IM/IUF dato til høyre Torsdag 18. juni 2015 GISKE KOMMUNE Strategisk næringsplan til høyring Giske formannskap vedtok i møte 8. juni å sende utkast til revidert strategisk næringsplan 2015-25 på høyring. Varsel om oppstart av områderegulering vert sendt råka partar, plandokumenta vert lagt ut på kommunen sine heimesider under kunngjeringar, resepsjonen på rådhuset og linka til kommunen si facebook side. Nærare informasjon om sakene får de ved å vende Dykk til teknisk eining. Plankontoret Planen er lagt ut på kommunen sine nettsider: www.giske.kommune.no > Kunngjeringar, og kan fåast ved servicekontoret på rådhuset. Vi ber om at merknader ver t sendt seinast 10. august til [email protected], eller som brev mrk. «strategisk næringsplan» til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya. Næringskontoret Tidlegare Tidlegare SISenteret begravelsesbyrå SISenteret AS begr Tidl Døgnvakt: Døgnvakt: 70 17 86 60 70 17 86 60Døg VI VI ER DER ER NÅR DER DU TRENGNÅR OSS DU TREN VI E Vi Vi kankan avtale møte avtale i heimen, avdeling møte Øysenteret i heimen, eller Vi ka av kontoret kontoret i Spjelkavik i Spjelkavik kont E-post: E-post: [email protected] [email protected] www.bbsunnmore.no www www.sisenteret.no .sisenteret.no 19 E-po www Siste sida @rogerstrand - 15.6.15 @amha83 - Anna Margrethe Hanssen - 28.3.15 @rogerstrand - 15.6.15 tips oss på telefon 70 18 63 80 Lesetips til helga ”Nederlaget” av Jonny Halberg trine naadland, Giske folkebibliotek Året er 1814, Grunnlova er vedteken og Christian Fredrik er valt til konge - men så by r ja r problema. Stor ma ktene v i l i kkje a k septere nor sk sjølvstende og 21. juli kjem kongen til Moss med rådgjevarane sin for å forhandle fram ei løysing som endar i Mossekonvensjonen. Forteljinga er lagt i munnen på dansken Ole Pedersen som er kongens kammertenar. Han er i utgangspunktet ein stor beundrar av kongen, men blir etterkvart svært skuffa. Pedersen opplever kongen som stor i kjeften, men veik i handling - ein som ikkje vågar å stå på for Noreg si sak. Etterkvart synest han beint fram at kongen er ein svikar. Mossekonvensjonen 14. august endar som kjent med at Christian Fredrik må trekkje seg som konge, og at Noreg går med på unionen med Sverige på visse vilkår. Men etterkvart ser Pedersen at kongen hadde fleire problem han måtte vege opp mot det å vere standhaftig. Kor mange folk v i l le dø ydd dersom det vart langvarig krig mellom Noreg og Sverige? Og ville verkeleg Noreg hatt ein sjanse, når stormaktene støtta Karl Johan som også hadde ein kamptrena hær? Parallelt med rikshistoria, formidlar Halberg mykje kvardagsliv i ein fattig norsk småby etter dei lange Napoleonskrigane. Det er forsynings- problem med både mat og ved, tenestefolk som svelt, dyremishandling og folk som smiskar for å oppnå goder dei treng. Kammertenar Pedersen blir også ein tydelegare person, ein som faktisk har klatra i samfunnet - utan å bli korrumpert. Halberg lagar eit nyansert portrett av både kongen og folka rundt ha n. Men Ne derlag vart det for Christian Fredrik - han vart ikkje konge i eit sjølvstendig Noreg Kvar fjortande dag gir Giske folkebibliotek deg eit nytt lesetips til helga. Håvard Bjørnelv og Trine Naadland, ved biblioteket, er det som gir deg tipsa. SuDoku Svar på førre Sudoku ����� ������������ @oyblikk �������������� ��� #øyblikk 3 2 5 9 4 7 1 6 8 1 7 4 8 3 6 5 9 2 9 6 8 5 2 1 3 4 7 4 8 1 3 6 9 2 7 5 5 3 6 2 7 4 9 8 1 7 9 2 1 5 8 4 3 6 6 1 9 4 8 2 7 5 3 2 5 7 6 9 3 8 1 4 8 4 3 7 1 5 6 2 9 Fyll ut dei tomme rutene med tal frå 1 til 9, både vannrett, loddrett og i kvadrata. Levert av Media Berge ����� ������� ����� ����������� ������ ��� �������� ������ ��������� �������� ��������� �������� ��������������� �� ������� ������� ��� #øyblikk
© Copyright 2024