rotary i vest nr. 2

Rotary i Vest
Månedsbrev for Distrikt 2250
Nr 2. 2015 - 16
Jostein By
Dette nr inneholder
bl.a.
Fra guvernørens side
Åpning av DK i Førde
Programmet i tekst og
bilder
Ord for dagen
Takk og hurra!
Ordfører Olve Grotle
presenterer Førde
Rotary Fellowship
Et annerledes Rotary
Vi presenterer DGN
DG Odd Hagen fra Hamar var
gjest og representerer D-2305
Tid for ungdomsutveksling
Ove Midtskog går og Rolf Thingvold overtar
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
2
Fra guvernørens side
Rotaryåret er godt i gang.
Distriktsguvernøren møter engasjerte leiarar og medlemmer i klubbane.
Som ny DG hadde eg ambisjonar om å vere flittig med månadsbrev kvar einaste månad,
men så har tidspresset teke overhand. Denne gongen «juksar» vi litt – og eg har tenkt at
utdrag frå dei to innlegga DG hadde på distriktskonferansen i Førde 26. og 27. september
kan få erstatte dei månadsbreva som skulle ha vore i august og september. Så får eg
prøve å komme inn i systemet med fast månadsbrev f.o.m. slutten av oktober.
Som DG har eg hatt stor glede og fått mykje inspirasjon frå klubb-besøka som eg til no
har gjennomført i 10 Rotaryklubbar – førebels frå Florø i nord til Sandnes i sør. I tillegg til
å møte engasjerte og motiverte leiarar og medlemmer i klubbane får eg også oppleve all
den flotte naturen som Vestlandet har å by på. Som ein illustrasjon på det, deler eg gjerne to bilete frå dei geografiske ytterpunkta som eg har besøkt i det siste: Øykommunen
Fedje, der eg fekk 1 ½ lærerik time med presidenten i Austrheim Rotaryklubb som guide
på øya han bur på, og Suldal mellom fjella i indre Ryfylke – der ei svane var på matjakt i
småbåthamna utanfor hotellvindauget mitt like før møtet med klubben. Og så langt har
reisene mine til Rotaryklubbane vist at det regnar ikkje på Vestlandet! Så får eg komme
tilbake med bilete og inntrykk frå møta med menneska i Rotaryklubbane etter kvart ut
over hausten.
Lukke til vidare med å «vere ei gåve til verda»!
Beste Rotaryhelsing
Jostein By
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
3
DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE
Jostein By, DG D-2250
Kjære medlemmer i Rotaryfamilien!
Vel møtt til Distriktskonferansen for arbeidsåret 2015 – 2016!
Er det ikkje flott å tenke på at vi er i same familie som over 1,3
millionar menneske som er med i 34.000 Rotaryklubbar i nesten alle land og territorium i heile verda? Distriktskonferansen
er eit høve til å reflektere over kvifor vi er med, og korleis vi
saman kan medverke til å gjere Rotary til ein enda betre organisasjon til gagn for andre – «service above self».
Under opninga av PETS her i Førde i mars minte eg om nokre
av utfordringane vi møter som leiarar i Rotary – også i arbeidsåret 2015 – 2016:
I Rotary International opplever vi vekst i medlemstalet, som
går jamt oppover, men i den «vestlege delen» av verda – som
USA, nord- og vest-Europa, Australia har vi nedgang i medlemstalet. Veksten i medlemstal og talet på klubbar kjem i
aust-Europa, Afrika og delar av Asia. Alle distrikta i Skandinavia har hatt til dels stor nedgang i medlemstalet. Vårt distrikt, som også har hatt (og framleis har)
nedgang, er likevel eitt av dei betre distrikta i Skandinavia. Ei ekstra utfordring har vi etter at vi starta dette arbeidsåret med at tre klubbar vart lagt ned akkurat ved overgangen frå førre arbeidsår.
Sjølv om mange av medlemmene heldigvis søkte overgang til annan Rotaryklubb, førte dette til at vi
mista medlemmer. Eg deler det målet som Rotary International og dei 6 Rotary-distrikta i Noreg
har: Vi skal snu nedgangen i medlemstal i dei no 47 klubbane i Distrikt 2250 til ein oppgang.
Nokre spør kvifor vi masar så mykje om å auke medlemstalet. Det er ikkje for at distriktsguvernøren skal vere lukkeleg – det er for at klubbane skal verte ein enda betre møteplass for fellesskap på
tvers av yrkesgrenser og politiske, religiøse og andre grenser, og for at dei klubbane som ønskjer å
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
4
DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE
engasjere seg i lokale eller internasjonale prosjekt skal verte enda betre i stand til å delta i slikt arbeid.
Og like viktig som å verve nye medlemmer er det å halde på dei medlemmene vi har. Er klubbane
flinke nok til å passe på at medlemmene våre opplever det som positivt å vere med? Vi vil og skal
verve nye medlemmer, men vi må ikkje gløyme at dei «gamle» medlemmene skal trivast og finne
seg til rette. Dette er ei av utfordringane som alle medlemmene kan gjere noko med – det er ikkje
berre medlemskomiteen og presidenten som har ansvar for å følgje opp dette.
Vi som er med i Rotary, og – for dei fleste her på konferansen – som har teke på oss å ha eit verv
for eitt år, er med forbi vi trur på dei verdiane Rotary står for. Kanskje er vi også stolte over at vi
gjennom Rotary har vore med på verdas største dugnad, å bidra til at sjukdommen polio nesten er
utrydda. Utan Rotary sin innsats i 30 år, ville vi ikkje ha vore «so close» til å fjerne polio i heile verda. No har til og med Nigeria vore utan polio-utbrot i over eitt år. Knapt to år til utan polioutbrot i
Nigeria, og Afrika kan erklærast poliofritt! Og sjølv i problemfylte Afganistan og Pakistan, som no
er dei einaste landa med polio-utbrot, er talet på utbrot kraftig redusert og gjennomføringa av vaksineprogrammet går framover.
La oss som rotarianarar vise omverda at vi er stolte over det vi har oppnådd med poliokampen! La
oss også fortelje alle rundt oss at vi gjennom Rotary har vore med på å utdanne nesten 1.000 velkvalifiserte fredsarbeidarar, gjennom Rotary peace fellowship program. Nokre av oss fekk oppleve
Florø jenta – orsak, Florø kvinna – Turid Astrid Reksten med eit gneistrande innlegg om fredsstudiet ho hadde gjennomført i Bangkok. Turid Astrid er engasjert og brennande oppteken av Rotaryverdiane, og ho ønskjer at også andre skal få oppleve det ho har fått gjennom fredsstudiet. Derfor
er det med glede at eg legg ut utdrag av e-posten eg fekk frå henne for nokre dagar sidan.
La oss også vere stolte av, og vere enda meir aktive i arbeidet med ungdomsutveksling. Seinare i
dag får vi møte tre flotte ungdommar som er i distriktet vårt i eitt skuleår. Men kva er grunnen til
at Noreg har 25 utvekslingselevar kvar, medan Danmark har 250?
Om vi ikkje kjem på noko anna å vise til, så la oss bruke polio-kampen, fredsstipenda og ungdomsutvekslinga til å bygge omdømmet for Rotary i nærmiljøet og distriktet! Til hjelp arbeidet med omdømmebygging kan klubbane finne nyttig informasjon på internett, via rotary.org – med mange
gode oppslagssider. Multidistriktet for dei seks Rotarydistrikta i Noreg – Norsk Rotaryforum, Norfo
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
5
DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE
– har for tida eit prosjektarbeid som skal bidra til at klubbar og distrikt får hjelp til å skaffe m.a. materiale til bruk i omdømmebygging. Og rykande ferskt inn hotelldøra i dag kom det ein pakke til oss
frå Norfo, med litt «omdømmeutstyr» til kvar klubbpresident og eit par andre utvalde. Bruk det!
Men det er i stor grad klubbane og medlemmene sjølve som må gjere jobben lokalt med å skaffe
Rotary eit betre omdømme.
Når det gjeld omdømmet til Rotary i heile verda, er det ofte knytta til prosjekt som Rotaryklubbane
er engasjerte i, anten dette gjeld ein «Rotarypark» i lokalsamfunnet eller eit skule- eller vassprosjekt i Afrika.
Eg kjem heller ikkje denne gongen unna utfordinga som vi møter frå RI: Bidrag til The Rotary Foundation (TRF = Rotary sitt hjelpefond). Vi er utfordra på å skaffe USD 100 for kvar medlem. Eg vil
ikkje påstå at dette er «småpengar» – men det tilsvarer (etter dagens USD – NOK-kurs) kr. 815, eller
27 stk. Dagbladet / helg. Tja, er det eigentleg så mykje? Har klubbane gjort «nok» for å få medlemmene til å opprette avtalegiro for fast trekk av kr. 68 pr. månad? Og klubbane kan finne andre måtar til å skaffe pengar som kan godskrivast og gi utslag på denne målsetjinga. Det er nesten pinleg å
møte Rotary-kollegaer frå land i Afrika, der dei ligg langt over Skandinavia på denne statistikken …
Eg har ikkje snakka om utfordringane klubbane har i prosjekt-arbeid, anten det gjeld innsamling av
midlar til prosjekt, det å finne høvelege prosjekt og samarbeidsklubbar, eller det å motivere medlemmene til å engasjere seg. Dette er tema som vi kjem tilbake til seinare i dag, ikkje minst gjennom det som eg kan love vert ei stor oppleving med foredraga om engasjementet i Swat-dalen, og
også i Armenia.
Eg må få nemne ein av kjepphestane mine i Rotary: La oss vere flinke til å bruke retten vi har til å
«banke på døra» til Rotaryklubbar andre stader, når vi er på jobbreise, ferie, familietur eller berre
på gjennomreise. Med å delta på Rotarymøte andre stader, utvidar vi horisonten og kunnskapen
vår, vi får nye venner og til og med praktisk hjelp frå dei vi møter. Vi veit at vi som regel er velkomne dit vi kjem. Men vi kan også oppleve det som vart fortalt i eit av foredraga av ein svært sentral
Rotaryleiar da eg var på Rotary Institute i Mombasa, Kenya, for ei veke sidan. Han var på privat reise i eit europeisk land, og fekk greie på at det var Rotarymøte i nabohotellet. Han tenkte først å
slappe av og ikkje bry seg om Rotary den kvelden, men kona overtalde han til å gå. Ved inngangen
til møterommet vart han stoppa av resepsjonisten som understreka at dette var eit lukka møte, der
«vår mann» – som er frå Sri Lanka – ikkje hadde adgang.
«Vår mann» svarte at han som medlem i Rotary hadde
rett til å delta, og resepsjonisten gjekk inn for å hente
klubbpresidenten, som kom og fortalde at «social fellowship» var slutt, middagen ferdig, og at programmet
som starta no var på eit språk som «you don’t understand
anyway», så her hadde «vår mann» ikkje noko å gjere.
«Vår mann» gav visittkortet sitt til klubbpresidenten, som
stakk det i lomma utan å sjå på det. «Vår mann» undra
seg over kva klubbpresidenten tenkte da han seinare
måtte ha oppdaga kven han hadde vist bort frå klubbmøtet: Rotary sin verdspresident Ravi!
RI president KR
Ravi m/ frue
La oss ta sjansen på at vi ikkje vert vist bort, og la oss bruke den fantastiske retten vi har til å vere med på – og å få
gode opplevingar gjennom – Rotarymøte i Tromsø, i Arvika, i London, i Iguazu Falls, i Lusaka – ja, 34.000 stader i
heile verda.
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
6
DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE
I vår del av verda ser vi kanskje ikkje på
Rotary som så viktig, men mange stader
er Rotary sett opp til. Eg har sidan vi var
her på PETS i mars hatt det store privilegiet å ver til stades som innleiar på distriktskonferansen for Zambia, Malawi,
Zimbabwe og delar av Mozambique –
med 250 deltakarar i Livingstone, Zambia, og på Rotary Institute (opplæringskonferanse) for heile Afrika – med 400
deltakarar i Mombasa, Kenya, og som
ein av 15.000 deltakarar på Rotary International Convention i Sao Paulo, Brasil.
Det å møte andre rotarianarar i slike samanhengar gjer meg stolt, rørt og audmjuk. Enn om vi kunneverte litt flinkare
til å vise at vi er stolte av å vereein del av
denne fantastiske fellesskapen – også
her i vår del av verda?
Eg håpar at innhaldet i distriktskonferansen i Førde 25. – 27. september 2015 vil
gi alle deltakarane inspirasjon, kunnskap,
motivasjon, utvida nettverk og nye vennskap, til gagn og glede i det viktige arbeidet vi er ein del av.
Med dette er distriktskonferansen 2015
for distrikt 2250 opna! No skal vi hjelpe
kvarandre til å sjå korleis vi kan «vere ei
gåve til verda» – «be a gift to the
world»!
Lukke til med to spennande dagar!
å bli kjent med øvrige deltagere og
gjester gjennom hyggelig måltid og
påfølgende vrimling på Scandic.
Distriktsguvernør Odd Jarle Hagen
fra Hamar Vest RK i samtale med
Margun A. By
Distriktskonferansens første dag fredag 25.
september gikk stort sett med til transport og til
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
7
DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE
President Rolf
Thingvold ledet
hele konferansen
på en fortreffelig
måte og introduserte Ordfører
Olve Grotle, som
presenterte Førde,
gitaristen Øyvind
Lyslo, som stod for
et særdeles vellykket musikalsk innslag som virkelig
satte «tonen» for
konferansen,
guvernør Jostein
By, som holdt åpningstalen og en
av gjestene - fra
distrikt 2305, DG
Odd Jarle Hagen
fra Hamar som
fremførte hilsen til
distriktskonferansen.
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
8
DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE
Etter en kaffepause
fikk delegat-ene så
stifte bekjentskap
med de langveisfarende inviterte hovedgjestene Zebu &
Arshad Jilani fra
Pakistan. Foredraget gav spennende
informasjon om
omstillings arbeid
på landsbygden i
Swat-dalen i Pakistan med en rekke
konkrete eksempler. Det hele basert
på helhetlig sosial
utvikling.
Imponerende, engasjerende og tankevekkende. Foredraget høstet spontan
stående applaus fra
salen.
Lene Grande presenterte så Førdefestivalen under
mottoet «Global i
det lokalwe—lokal i
det globale, Kva
skjer når verda kjem
til Førde. Utrolig
kjekt og spennende
å høre på.
Senere fikk vi et
foredrag om Lovrådet (COL) i Rotary
Internationals betydning med eksempler på behandlingen av lovendringsforslag.
Gisle Bjørnstad
snakket varmt om
Handicamp og
Wibecke Nataas
informerte om TRF
systemet og spurte
om klubbene er
flinke nok til å bruke
TRF-systemet?
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
9
DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE
Ove Midtskog har innehatt vervet som distriktets DYEO i vel 10 år og skal nå overta som
korrespondent for utveksling, med Sør-Amerika som ansvarsområde. Rolf Thingvold fra Førde RK
overtar stafettpinnen som DYEO. Begge hadde ordet under lørdagens samling og talte sterkt og
Ove
Midtskog
Erling Lothe Lie
varmt for ungdoms
utveksling. Tre
unge utvekslingsstudenter fikk så
presentere seg.
Distrikts sekretær
Erling Lothe Lie orienterte om Medlemsnett - selve
ryggmarken i Rotaryarbeidet
(matrikkelen) og
oppfordret også til å
få fart på arbeidet
med de nye websidene/webløsningen
for klubbene. Se
distriktets hjemmeside for mer
informasjon
Rolf Thingvold
Ord for dagen
Tankar om mottoet for 2015 – 2016,
«Be a gift to the world»
DG Jostein By
O
m nokon meiner at dei har høyrt noko av dette før, så stemmer det. Eg har faktisk
knabba litt frå tankar eg la fram på PETS for 6 ½ månad sidan. Det skader ikkje å repetere tankar om mottoet som RI-president Ravi har sett for arbeidsåret 2015 – 2016:
«Be a gift to the world».
Men før eg går vidare med temaet: Eg skal helse til distriktskonferansen frå distriktsguvernøren i
2014 – 2015, Veena Gill, som er på tenestereise i India. Planen var at ho skulle vere tilbake tidsnok til å reise direkte frå Flesland til Førde på fredag, men så vart tenestereisa forlenga av grunnar
ho ikkje rådde over, og dermed måtte ho melde forfall for få dagar sidan.
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
10
DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE
Mottoet «Be a gift to the world» – «Ver ei gåve til verda» – står stødig. RI-president Ravi spør m.a.
om vi er tilfredse med berre å ta frå verda – eller om vi vil gi til verda? Ravi peikar på at vi alle har
noko å gi – same kven vi er, uavhengig av kva plass vi har i livet. Vi kan gi av talentet vårt, av kunnskapen vår, dugleiken og evnene vi har, og innsatsen vår. Vi kan gi med å engasjere oss / tileigne
innsatsen vår til ei sak, med å vise hengivenheit til noko (eller nokon). Ravi viser til at vi gjennom
Rotary kan ta desse gåvene og utgjere ein ekte skilnad i livet for andre og i verda.
Vi har alle evner eller kunnskapar som vi ofte deler med andre. Vi kan også dele pengane med andre. Vi er flinke til å gi til TV-aksjonen kvar haust, og eg er sikker på at det er fleire Rotarymedlemmer enn ein handfull eller to her i Førde som er med som
bøsseberarar eller sjåførar i samband med TV-aksjonen om
tre veker. I Noreg er vi svært flinke til å delta i dugnadsarbeid. Som Rotary-medlemmer gir vi av tida vår til ein sosial
fellesskap, gjennom å vere med på møta i klubben vår
(nesten) kvar veke. Som Rotary medlemmer er mange med
på å gi av kunnskap og erfaring til andre – f. eks. gjennom
mentor-ordningar for unge i yrkeslivet eller gjennom arrangement som gagnar ungdom (på round-trip eller utdannings-messe). Gjennom Rotary er vi med på
å gi liv og håp til dei millionane som no unngår å verte sjuke med polio, eller til tusenvis av mødre
og babyar som får «10.000 happy birth-days» fordi m.a. Rotary er engasjert i livreddande prosjekt
for å redusere dødsfall ved fødsel.
Eg vil dele eit par personlege opplevingar som også viser korleis ein i Rotary på ein enkel måte kan
vere ei gåve til verda, ved å vere til gagn for andre:
Da eg skulle til Sao Paulo på Rotary International Convention i juni, valde eg å vere turist i nokre
dagar først. Eg reiste til byen Foz do Iguazu, for å oppleve m.a. ein av dei mektigaste fossane i verda. Og eg følgde opp ein av kjepphestane mine: Eg «banka på døra» til ein av dei lokale Rotaryklubbane – Foz do Iguazu Grande Lago Rotary Club, der eg vart svært godt motteken og plassert
ved sida av klubbpresidenten ved dirigentbordet. Utanom dei 12 medlemmene og meg var der 4
gjester (2 vaksne og 2 barn) frå eit lokalt barne- og ungdoms-prosjekt klubben støtta, ein amerikanar som budde i Peru og – som meg – var på veg til Sao Paulo, og to unge damer som først sat for
seg sjølv ved eit bord, men som etter ei kort stund fekk selskap av eit par medlemmer som byrja å
prate med dei. Det viste seg at desse to var søstre – 31 år og 36 år – frå ein by 1.500 km lenger
nord. Dei hadde begge fått jobb i Iguazu, men kjende ingen. Mor deira var medlem i Rotary, og ho
hadde sagt at dei kunne gå på eit Rotarymøte om dei fekk heimlengsel. Etter sjølve møtet var det
middag, og presidenten henta dei to søstrene bort til bordet han og eg sat ved. Medan vi prata på
delvis stotrande engelsk, merka eg korleis dei to verka stadig tryggare, og da middagen var ferdig
var det ingen som ville gå. Alle stod og prata med kvarandre – nokre av mennene meir ivrige enn
dei andre der dei også peika på meg. Det viste seg at dei diskuterte kven av dei som kunne hente
meg på hotelet og køyre meg til flyplassen neste dag – og dei var tydeleg skuffa da eg måtte fortelje at eg hadde leigebil som eg skulle levere på flyplassen. Omsider måtte vi gå kvar til sitt, og den
eldste av dei to søstrene tørka tårer. Eg forstod ikkje eitt ord av det som var sagt i møtet, men eg
kjende at eg var hos gode venner. Denne episoden – som er eitt av mine mange «Rotary moments», viser at vi alle kan vere «ei gåve til verda». Dei 12 frammøtte medlemmene i Foz do
Iguazu Grande Lago brukte ikkje innsamla pengar denne gongen – dei gav av seg sjølv for å gi vennskap og varme til dei to ny-innflytta søstrene som hadde behov for å kjenne fellesskap – klubbmedlemmene var ei gåve til verda.
For meg – som i dette tilfellet var meir tilskodar enn mottakar – var det ei gåve i seg sjølv, berre å
få oppleve den varmen som var denne klubben. Svært ofte føler eg at det er eg som får og ikkje eg
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
11
DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE
som gir. Slik har Margun og eg opplevt det i dei klubbane eg har vore på besøk hittil i år. Men eg
opplever også at eg berre ved å vere til stades, «gir ei gåve» til dei menneska som driv akkurat den
klubben eg besøker. Dei opplever at nokon utanfrå bryr seg om akkurat det som dei held på med.
Da eg på den same turen i Brasil oppsøkte ein heilt fersk klubb – også i Foz do Iguazu, og hamna
midt oppe i chartermøte med middag, vart eg motteken som ein av heidersgjestene. Sjølvsagt var
ikkje det fordi min person var viktig for dei (så innbilsk er eg ikkje at eg trur det), men fordi dei opplevde at eg berre ved å vere der, gav dei merksemd på vegner av heile organisasjonen Rotary.
Og på denne distriktskonferansen har vi opplevd sterke døme på korleis eit engasjement – personleg, gjennom ein hjelpeorganisasjon, eller i samband med eit Rotary-prosjekt, kan leve etter RIpresident Ravi sitt motto – vi er ei gåve til verda.
De norske guvernørene, ektefeller og RI president Ravi med frue samlet i USA tidligere i 2015.
Dersom kvar og ein av oss 1,2 mill. Rotary-medlemmene gjer eitt eller anna for å gagne berre ein
einaste person, så er vi til gagn for minst 1,2 millionar andre menneske i verda. Og berre gjennom
det å vere med i Rotary, er vi til gagn for andre, fordi vi er med på å gjere organisasjonen sterk – slik
at Rotary kan utføre viktig humanitært, sosialt og fredsskapande arbeid, eller fordi klubben vår tek
med nokre gamle på tur, eller hjelper til å gi tilleggsopplevingar til unge musikarar frå andre delar
av verda, ellr ved å bidra til at ungdom frå andre land får nye opplevingar og ny kunnskap som utvekslingselevar . Og svært ofte er det kvar av oss er med på i Rotary, til gagn for minst 5 andre
menneske – som igjen tyder at vi til saman er til gagn for minst 6 millionar menneske.
Da kan vi med godt samvit seie at mottoet vårt for 2015 – 2016 også gjeld for kvar einskild av oss –
du og eg er også «ei gåve til verda»!
Som «Ravi» har uttala: «… når vi forlet [verda], forlet vi like godt alle materielle ting. Gjennom Rotary kan vi etterlate oss noko verkeleg og varig.
Tida vår er no. Den kjem aldri igjen. Ver ei gåve til verda.»
Eg ønskjer alle Rotarymedlemmer, Rotaryklubbar, klubbpresidentar og alle andre i Rotary-Distrikt
2250 lukke til med å omsetje mottoet for 2015 – 2016 til praktisk Rotaryarbeid:
La oss alle vere ei gåve til verda!
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
12
DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE
Aperitif hører med før maten
Jostein og Margun By
Flott underholdning ved sextett a la Sverige på
1930 tallet og med originale instrumenter og
tidsriktige kostymer
Takk for maten ved Asbjørn
Algrøy
Festmiddagen om kvelden
var storveis. Høstens hjort
på tallerken, godt i glasset,
strålende underholdning
og gode taler.
Bildene taler for seg.
God stemning
Hovedbordet med foredragsholdere og gjester
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
13
DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE
TAKK OG HURRA!
Under Distriktskonferansen i Førde ble det tatt et initiativ i frhold til
PolioPluss- utfordringen. Til sammen ble det solgt 28 «End Polio Now» -pins
a kr 100,- . Beløpet kr 2800,- ble overført umiddelbart etter hjemkomst.
Takk til dere som ville være med å støtte dette viktige arbeidet!
Og, nå, har vi dessuten lagt bak oss nok en milepel i arbeidet med å utrydde
Poliomylitt – den 23. september i år kunngjorde WHO at Nigeria er erklært Polio-fritt
og at det afrikanske kontinent derfor regnes som poliofritt!
Dette fortjener ett hurra i samtlige klubber! Vi har grunn til å være stolte!
Og hør bare:
Det er identifisert 3 forskjellige poliovirusstammer. Poliovirus type 2 en nå ofisielt
erklært utryddet av WHO. Like gledelig, det er 3 år siden det siste kjente tilfelle av
poliovirus type 2 ble registert!
Dette vil ha en enorm betydning, i det videre arbeidet, i det de to gjenværende land
med vill polio, Afghanistan og Pakistan, begge kun er infisert med type 1 virus.
For ca 10 år siden ble det utviklet en kombinert oral vaksine som skulle beskytte
mot virus typene 1 og 3. Dette var et vedig fremskritt som gjorde vaksinen svært
mer effektiv enn tidligere, og som vi ser har båret frukter.
Men fortsatt må land som nettopp er erklært polio-frie og naboland til
Afghanistan og Pakistan
gjennomføre
vaksinasjonskampanjer for å
forhindre at nye tilfelle av
sykdommen får grobunn.
Vi har en fortsatt en jobb å gjøre,
men «We are that close!» til å ha
fullført jobben!
Takk også til Agnes Iren Lothe i
Odda RK, som har invitert mange,
inkludert Liv og meg, med til Nigeria
for å delta
i vaksinasjonskampanjer!
Gratulerer
og takk, Agnes Iren, du har gjort en
Mange barn fikk sko og klær fra Askøy RK og sponsorer
kjempejobb!
Carl
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
14
DISTRIKTSKONFERANSEN I FØRDE
Konsentrert forsamling
under årsmøtedelen
Bjørn Westfoss Larsen taler
varmt for 10.000 happy
Benedicte
Rakel
Rikstad
ny RYLA
leder
Johannes Hausken ledet årsmøteforhandlingene
Søndagen startet med ord for dagen av DG Jostein
By. Dette kan du lese annet sted i Rotary i vest.
Så fulgte årsmøtet under den valgte møtelederen PDG
Johannes Hausken. Benedicte Rakel Rikstad er ny
leder for RYLA og orienterte om nytt opplegg og nytt
tidspunkt som er februar 2016. Mer info kommer.
Bjørn Westfoss Larsen orienterte om 10.000 happy
birthdays-prosjektet
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
15
Rotary Fellowship – et annerledes Rotary.
Tor J. Samuelsen
Rotary Fellowship er et tilbud til alle rotarianere som ønsker å treffe andre rotarianere med samme fritidsmessige eller yrkesmessige interesser. Det finnes et stort
tilbud som en kan finner frem til på nettsiden: https://www.rotary.org/en/rotaryfellowships
Medlemskap i en slik yrkes- eller fritidssammenslutning kan gi en ekstra og svært
positive dimensjon til et medlemskap i Rotary.
I tillegg til mine interesser for friluftsliv og orienteringsløp, har jeg også kjørt motorsykkel
siden jeg var ung. Da jeg i 2002 fant ut at International Fellowship of Motorcyling Rotarians (IFMR) var veletablert i Norden, var det derfor naturlig for meg å melde meg inn der.
Samme år deltok min kone Marit og jeg på vårt første møte som ble holdt i Kgs. Lyngby
utenfor København. Turen ned kombinerte vi med en rundtur på Jylland. Vi ble, som den
gang de eneste norske deltagere, tatt vel imot av rotarianer fra våre naboland. Dette var
et av IFMRs faste vårmøter som alltid er lagt til langhelgen rundt Kristi Himmelfartsdag.
Høstmøtet, som er IFMRs årsmøMarit og Tor klare for
te, finner sted i august. I de følgenlangtur med IFMR.
de årene reiste vi regelmessig på
disse møtene, som ble holdt på
forskjellige steder i hele Norden. Et
IFMR møte har et rikholdig program, med både museumsbesøk
og foredrag. Tradisjonen tro blir vi
ofte ønsket velkommen av stedets
ordfører, før vi drar avgårde til severdighetene i omegnen. Det er et
imponerende skue å se en rekke
av opptil 90 motorsykler bukte seg
Foto: Riitta Rautio i landskapet. I dag har rundt 260
rotarianere sluttet seg til vårt
fellowship, hvorav 35 av dem er norske.
Det arrangeres ofte MC-turer utenom de faste møtene. Jeg selv ble bedt om å legge opp
en slik tur samme år som jeg ble medlem. Sammen med Jan Arne Aas fra Kongsvinger
RK arrangerte vi “Fire dager – tre årstider” tidlig i juni på Vestlandet. Turen startet i Bergen med første overnatting på Selje Hotel. Tidlig neste morgen besøkte vi Vestkapp i stille vær med strålende sol som fulgte oss alle dagene.
Turen gikk så til Volda, hvor stedets rotaryklubb inviterte oss på lunch. Så kjørte vi gjennom Sunnmørsalpene, tok fergen over fjorden og endte opp på Hotel Union i Geiranger.
Neste dag dro rekken med 19 motorsykler over
fjellet
til Stryn,
videre til Fjærland med
..med
sko for
første gang
lunch og besøk på Bremuseet. Dagen ble avsluttet på Fretheim Hotel i Flåm. Returen til
Bergen gikk opp Stalheimkleivene. Da hadde vi vekslet mellom varme sommerdager i lavlandet, hvit vinter på fjellovergangene og vår i liene.
Norsk natur og klima på sitt vakreste, i tillegg til krevende kjøring på smale vestlandsveier.
Vestlandsturen var relativt utfordrende logistikkmessig med blant annet seks ferger, så
det var nyttig at Marit og jeg hadde kjørt opp strekningene på forhånd og foretatt nøye
tidsberegninger.
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])
16
De fineste opplevelsene i IFMR fikk imidlertid Marit og jeg da vi i juni/juli 2007 deltok på en
islandstur. Etter en rufset overfart med fergen til Seydisfjördur, var 36 deltager på 26 motorsykler klare til å legge ut på en 2700 km reise rundt hele Island i løpet av 14 dager. Våre
islandske venner hadde lagt opp til en fantastisk tur hvor vi i tillegg hadde blå himmel og sol
stort sett hele tiden. Vi fikk oppleve alle naturtyper fra jökuler til varme kilder og spektakulære fosser.
Det var lagt inn riding på islandshester og rafting i heftige elvestryk. Historie og kultur sto
også på programmet med blant
annet besøk på Snorrastofu museum i Reykholdt, Thingvellir og
hjemmet til Haldor Laxnes. Vi
Bilde fra jubileums boken
besøkte tre rotaryklubber og ble
invitert til Distriktskonferansens
festmiddag i Reykjavik hvor RIs
Verdenspresident Wilfrid J. Wilkinson tok imot oss.
Under hans festtale kom han
med en hyggelig hilsen til
IFMR : ”The Fellowship is the
core in Rotary where you really
share friendship with other rotarians”
Jeg har hatt stor glede av
denne siden av mitt medlemskap i Rotary og fått mange gode venner i hele Norden.
Det har også vært hyggelig for meg å dele mine eksterne rotaryopplevelser
ved å holde foredrag med bilder i egen og andre klubber.
Vi presenterer
Christin Sagen Landmark
fra Gandsfjord Rotary
Klubb.
Hun er nominert til
distriktsguvernør for
Distrikt 2250 for
perioden 2017-18
Vi gratulerer og ønsker
lykke til med
forberedelsene!
Månedsbrev for Distrikt 2250. Redaktør Per Ove Askeland-Askøy Rotary Klubb ([email protected])