Øy-Blikk nr. 14/2015

1985
30
ÅR
2015
Øy-Blikk
Fredag 10. april 2015 Spør oss om
BUSTADLÅN
Dei beste vilkåra får du gjennom
Møre Ung og Møre Verdi.
Karen S. Synnes
Trainee
Tlf. 481 73 502
[email protected]
Din lokale eiendomsmegler
Odd-Arild Sæther
Mob: 900 88 380
odd.arild.sather
@moremegling.no
Nr. 14
|
30. årgang
Selge
|
?
Cecilie Clausen Dyb
[email protected]
Tlf: 400 01 064
www.oyblikk.no
|
Laussal kr 20,-
Boligspesialisten i gisKe
selge Bolig?
Kontakt meg i dag for
en gratis verdivurdering
Audun Sjøholt
mob 906 03 774
[email protected]
www.notar.no
No brakar det laus!
Neste veke startar den
lokale 4. divisjon i
fotball. I år vert det seks
lokaloppgjer, då både
Vigra, Valder og Godøy
møtast.
SIDE 8-9
Motstandsmannen
som folk trudde
var nazist
helt for ein dag: Hans Andreas Roaldsnes vert heidra med medalje og diplom frå Carnegies Heltefond Foto: Kristoffer Oftedal
Heider til helten Hans
Knut E. Valderhaug
var ein markant
motstandsmann.
Likevel trudde folk han
var på tyskarane si side.
Carnegies Heltefond heidrar Hans Andreas Roaldsnes for heltegjerninga då han redda veslesystera Tora frå ein
SIDE 5
angripande hund. SIDE 10-11
Finn din nærmeste butikk på www.spar.no
Tilbudene gjelder t.o.m. lørdag 11/4.
Karbonader
39
ferske, 720 g, Gilde
90
55,42/kg
Kyllinglår
39
grillet, 960 g, Prior
41,56/kg
90
Alt ferskt pålegg
40% 49
fra Ringdal
÷
Begrensninger på tilbudene kan forekomme. Vi tar forbehold om trykkfeil og utsolgte varer. Salg kun til private husholdninger.
Nakkekoteletter
fersk, 2/4 pk, pr kg, Ringdal
90
Alltid tilbud på noe godt!
10. april 2015 Veke 15
Ubunden lokalavis for Giske
Ansvarleg redaktør:
Odd Egil Valderhaug
Utgjevar: Øy-Blikk AS
Aida Bjørdal Roald
Gratulerer med dagen som
var 8.april, da vart du 6 år
og snart skulejente Helsing
farmor og farfar.
Øy-Blikk arbeider etter “Ver Varsam” plakaten og øvrige etiske retningsliner som vert lagde til grunn i norsk presse. Den som meiner seg råka av
urett-messig avisomtale, vert oppmoda om å kontakte redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. Organet handsamar klager mot pressa i etiske spørsmål.
PFU, Rådhusgt. 17, 0158 OSLO.
Tlf. 22 40 50 40, fax. 22 40 50 55
Bertine Fjelltun
Nordstrand
Gratulerer so mykje med
11-årsdagen 8. april.
Du er ei kjekk og flink
jente og vi er veldig glad i
storesøsta vår!
Gode klemmer frå
mamma, pappa og
Herman.
Emilian Vedeld
Blindheimsvik
Gratulerer så masse med
3 års dagen som er 11
April :-) håper du får en fin
dag :-) gla i dej tøffingen!
Klem frå Andrea, Matheo,
mamma og pappa
Gratulere så masse
med 3-års dagen, den
11/4… Emilian Vedeld
Blindheimsvik.
Vi er veldig glad i deg…
Helsing… fra oss på
Terøya og Valderøya
ord for dagen:
Den som seier alt han vil,
får høyre mangt han ikkje
vil
Norsk ordtak
Hipp Hipp Hurra for
go’guten vår Johan, som
fyller 4 år Søndag 12.
april.
Kjempeglad i deg <3 Klem
fra mamma og pappa
Vi gratulerer Kristin
Roald så mye med 7-års
dagen som var den
7. april. Kjempeglad i
deg! Klem fra Jon, Marie,
mamma og pappa
Påskekonkurranse: Alt dette kan bli ditt!
Tok du bilete i påska? Då håpar vi du vil dele nokre av dei med
Øy-Blikk sine lesarar! Send inn dei flottaste påskebileta dine til Øy-Blikk til
[email protected] eller bruk #øyblikk på Instagram.
Vi velje ut dei beste bidraga set dei på trykk i avisa,
og dei aller beste vert premiert med følgjande:
 Sportsbag frå Sparebanken Møre
 Bilshampo, bilvask, dekkvask og
hagehanskar frå Ting og Tang
 Hårshampo og balsam frå Hårsenteret
 Reiseparfymeflakong og
lommespeil frå Apotek 1
 Hekletråd og krok frå Lotte
 Påskeegg med ymse godsakar
frå Bunnpris
 To kaffikrus frå Øy-Blikk
TIPSTELEFON: 92 42 33 98
Telefon: 70 18 63 80
Faks: 70 18 63 90
e-post:
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Øysenteret, 6050 Valderøy
Forretningsannonsefrist:
Måndag kl.12
Privatannonsefrist:
Måndag kl.16
Trykk: Polaristrykk as
Sats og montasje: Øy-Blikk
Odd EGIL VALdERHAUG
ANsVARLeG ReDAKTØR
& DAGLeG LeIAR
[email protected]
REbEccA MOLTU RIISøEN
Redaksjon& ANNoNsesjeF
[email protected]
KRISTOFFER OFTEdAL
joURNALIsT
[email protected]
ROLF HANSEN
joURNALIsT
[email protected]
MARcUS MURPHy
GRAFIsK FoRMGIVeR
[email protected]
JOURNALIST FRILANS:
Nora R. Hesseberg
Birgitte Magelssen Godø
Anja Heimland Løkling
dato til venstre
2
Fredag 10. april 2015
Øyriket Giske
Giske kommune omfattar dei fire øyane Vigra, Valderøya,
Giske og Godøya. Øyriket har til saman 7.923 (dec. 2014)
innbyggjarar. Øyane er bundne saman med tunnel og bruer, og
kommunen er knytt til fastlandet med undersjøiske tunnelar.
det skjer
Sveletreff
Valderøy sokneråd arrangerer
sveletreff kvar måndag i Valderøy
kyrkje. Her blir det svele og kaffi,
god prat, kanskje litt song og opplesing. Kom og gå når det passar
deg. Alle velkomne.
måndag 13. april
Valderøy kyrkje
Pensjonisttreff
Kvar tysdag
tysdag 14. april
Husmortun
Valderøy Historielag
Årsmøte
Søndag 12. april
Johansbuda
Babysong
Kvar tysdag
tysdag 14. april
Valderøy kyrkje
Gudsteneste
Høgmesse ved André Sjåvåg.
Preike ved Espen Ottosen
Offer: NLM
søndag 12. april
Valderøy kyrkje
Høgmesse ved Geir Sakseid og
Anne-Helen Roaldsnes.
Tårnagentdeltakarane tek del.
Offer: KRIK
søndag 12. april
Vigra kyrkje
dato til høyre
Fredag 10. april 2015
øyglimt
Godøy kystmuseum:
No kan du lære tradisjonell byggeteknikk
Har du ei grindløe eller eit
gamalt naust du vil setje i
stand? Eller har du interesse
for vestnorsk byggeskikk og
vil lære meir? Då er Godøy
kystmuseum staden å vere i
veke 17.
Grindbygg under oppføring.
Her frå Nordisk Treseminar på Dovre.
Foto: Norges Husflidslag
Museet set fokus på vestnorsk byggeskikk og byggetradisjon og arrangerer
kurs i bygging og vedlikehald av grindbygg.
Grindbygget er den tradisjonelle
byggkonstruksjonen vi finn i naust og
løer og uthus, ein konstruksjon som
har fleire tusen år gamle røter her langs
kysten. Byggemåten krev forholdsvis
lite material, er både elastisk og sterkt
mot vind og trykk og kan byggast tilstrekkeleg luftig til oppbevaring av t.d.
høy eller våt vegn eller båt som treng
tørking.
Reiser nytt grindbygg
Museet skal denne våren bygge eit
uteklasserom og formidlingsbygg og
vil sette det opp som eit tradisjonelt
grindbygg. Tømmeret som skal nyttast, har vakse her ute. Det vart hogd
i fjor og har lege ein vinter og tørka.
No skal det nyttast til å lære tradisjonshandtverket og etterpå til utstilling og
formidling.
Kurshaldar er Kåre Løvoll, tradisjons-
handtverkar frå Volda, som gjennom ein
del år mellom anna har hatt ansvaret for
gjenreising og vedlikehald av mange av
gardane langs Storfjorden.
Vedlikehald av eksisterande bygg blir
også eige tema på kurset, og deltakarane
vil få undervisning og praksis på eit
naust eller ei utløe som treng litt omsorg
og stell.
Interesserte kan ta kontakt med
kystmuseet eller Stiftinga Sunnmøre
Museum.
Video frå fangeleiren på Budafjellet
Under årsmøtet til Valderøy
Historielag på søndag, blir
filmen «Festung Sunnmøre»
vist. Filmen vart laga i 1996
av Jan Olav Flatmark og Odd
Kvammen.
For lokalbefolkninga i Giske er det nok
mest interessant det som blir vist og
fortalt om det tyske festningsanlegget
på Budafjellet på Roald. Her blir også
lokale folk frå Roald intervjua om
korleis dei opplevde det tyske nærværet
gjennom fleire år. Mellom dei som
bl i r i nter v jua er Kaa re Haa hjem.
Han seier mellom anna at forholdet
mellom lokalbefolkninga og tyskarane
var kjølig, men ik kje kaldt. Også
ekteparet Helga og Petter Roald blir
intervjua. Helga arbeidde i leiren og
skrella tønnevis med poteter, fortel ho
i filmen.
Filmen, som vart laga av historikar
Jan Olav Flatmark og Odd Kvammen,
fortel også om dei tyske anlegga på
Bjørnøya, Aksla og på Hessa.
3
– Vert viktig å ta vare på det vi har
Giske Senterparti vonar
å doble talet på representantar i kommunestyret
etter valet til hausten.
Kampsakane er innan
helse, skule og jordbruk.
Rolf Hansen
[email protected]
Partiprogrammet er ikkje heilt
klart, men dei store linjene ligg
krystallklare for liste-topp Tore
Nordstrand Uggedal.
– Vi ønskjer at Giske kommune skal helde fram som ho
er i dag, og ikkje verte ein del
av ei samanslåing. Vi treng
ikkje å gifte oss med Ålesund
kommune for å gi innbyggarane gode tenestetilbod. Vi
veit enno ikkje heilt kva kommunereforma inneber, men vi
fryktar at Giske vert ete opp
av Ålesund kommune ved ei
samanslåing. Til dømes slik
Ellingsøy har vorte, som ein
eigen bydel i Ålesund, seier
Uggedal.
Aktiv valkamp
På lista til kommunestyrevalet
har Giske Senterparti 13 namn,
der Nordstrand Uggedal er
første kandidat. Han har med
seg mykje politisk røynsle på
laget, og partiet satsar på å vere
synleg i valkampen.
– Mellom anna vil vi nytte
oss av fylkespolitikarar, og vi
voner å få Jenny Klinge med
oss ut for å fortelje veljarane kva
vi står for. Vi ønskjer å vere ein
tydeleg stemme framføre valet,
fortel Uggedal.
Pengeskrinet er skrapa til
botn i Giske kommune, og økonomien er ein utfordring for
Senterpartiet inn i den neste
kommunestyreperioden også.
– Det ha r vore gode og
fornuftige investeringar, som
måtte vorte tatt før eller sidan
likevel. Det gjeld å finne gode
løysningar for å oppretthalde
tilbodet til innbyggjarane.
Truleg er det ikkje pengar til så
mange nye prosjekt, så det gjeld
å ta vare på det vi har. Eg trur
vi skal klare oss unna ROBEKlista, men økonomien vert ein
utfordring. Giske kommune
har vore ute ei stormnatt før,
seier Uggedal.
Lét du deg lure?
1. april-spøken til Øy-Blikk
gav lesarane både noko å
tenke over - og å smile av.
Sikkert er det i alle fall at
Knut Støbakk ikkje tar fire
nye år som Giske KrF sin
ordførarkandidat.
Primærnæringane er verdigrunnlaget til Senterpartiet
tradisjonelt sett. Giske Sp ser
med bekymra auge på at stadig
meir matjord forsvinn frå spesielt Valderøya.
– Her er knapt ein flekk med
matjord att, noko som skuldast
den store utbygginga dei siste
åra. Vi ønskjer å verne om landbruksjorda, for å oppretthalde
målsetnaden om å vere sjølvforsynte, fortel Uggedal.
Sp er motstandar av EU, EØS
og Schengen-avtalen, og det
å vere ein suveren kommune
etter at kommunereforma har
tredd i kraft i 2020, er eit naturleg scenario.
– Vi liker ikkje sentraliser i ngsta n ken, og ønskjer
å g i våre innbygg jarar eit
go dt te ne ste t i lb o d . Gi ske
kommune skal vere ein god
kommune å vekse opp i, slår
Uggedal fast.
Han har inneverande perio-
Rolf Hansen
[email protected]
Hovudpersonen sjølv fekk telefonar rett inn i påska. Nokon var
tankefulle, andre usikre, medan
resten lo godt av at Støbakk skulle
ta ein ny periode som ordførar.
– Eg fekk mange kommentarar
og telefonar etter det oppslaget.
Fleire gleda seg faktisk på mine
vegne, medan andre var meir tankefulle over korleis dette skulle gå.
Nokon undra seg over om dette
TAR ANSVAR: Knut Støbakk( KrF) kjem til å orientere kommunestyret over påske om at han likevel ønskjer
å ta ein ny periode som ordførar.
Foto: Rolf Hansen
1. Tore Nordstrand Uggedal
Valderøya
2. Eva Hjelvik
Vigra
3. John Helge Giske
Giske
4. Samund Rørvik
5. Sissel Anita Roald
Vigra
6. Barbro Dyb
Godøya
7. Magnar A. Rørvik
Vigra
8. Erik Blindheim
Vigra
9. Jon Sindre Godø
Godøya
10. Synnøve Berget
Valderøya
11. Olav Ståle Johansen
Giske
12. Kåre Ola Synnes
Vigra
13. Petter Bjørn GiskeødegårdGiske
PRESISERING
Jon Hildre i Venneforeininga for
Vigra Kringkastar ber Øy-Blikk sette
på trykk ei presisering når det gjeld
saka vi skreiv førre veke om idéen
om felles museum for kringkasting,
krigshistorie og fiskeri på Vigra:
faktisk var ein aprilsnarr også. Det
var artig medan det stod på, seier
ordførar Knut Støbakk (KrF).
Lesarbrev og telefonar
KrF sin ordførarkandidat vert
med andre ord Harry Valderhaug, og han tar over pinnen
etter 12 år med Knut Støbakk
som ordførar.
Redaksjonen i Øy-blikk har fått
både e-post, lesarbrev og telefonar
i høve den vesle aprilspøken vår.
Øy-Blik k veit også frå det
politiske miljøet i Giske, at fleire
undra seg over om det faktisk var
tilfelle det som stod på framsida
til Øy-Blikk.
Påska er rett nok høgtida for
comeback både her og der, men
Knut Støbakk står ikkje opp att
politisk som ordførarkandidat
framføre valet til hausten.
Giske senterparti
si liste til
kommunevalet 2015
Vigra
Kjernesakane
SER FRAM MOT VALET TIL HAUSTEN: Tore Nordstrand Uggedal og Giske Senterparti.
de vore aleine i kommunestyret
frå Sp. Målsetnaden er å få inn
minst ein partikollega i tillegg
etter valet til hausten.
– Det har vore tungt å ikkje
ha nokon å jobbe tett saman
med. Eg vonar veljarane ser på
oss som eit godt alternativ, og
difor gir oss nok stemmar til å
kome inn med fleire representantar, rundar Tore Nordstrand
Uggedal av.
– Det var feil og misforstått sik
Øyblikk framstilte saka om museum
på Vigra Kringkastar, seier Hildre.
Støbakk går for ny ordførarperiode
Over påske kjem Knut
Støbakk (KrF) til å
varsle kommunestyret
om at han likevel går
for ein ny periode i
ordførarsetet.
ROLF HANSEN
[email protected]
Dei endelege partilistene til
kommunevalet framføre valet
til hausten måtte sendast inn
seinast 31. mars.
Sjokket var stort hjå mange,
då KrF Giske i går melde at dei
ville endre på si liste.
Knut Støbakk hadde signalisert sin politiske retrett for lenge sidan. No har han bestemt
seg for å ta ein ny periode som
partileiar og ordførar-kandidat
til hausten.
– Vi går ein spennande tid i
møte med mellom anna kommunereforma. I tillegg har vi
store utfordringar i høve til
kommuneøkonomien. Eg ønskjer å vere med på å få Giske
kommune på fote att, slår Knut
Støbakk fast.
Han kjenner på gjeldsbyrda
til Giske kommune, som i
følgje avisa Nytt i Uka, gjorde
kommunen til Noregsmeistar i
gjeld.
Oversikta syner at Giske har
størst gjeld av alle kommunar
i landet med heile 165 prosent
av inntektene. I 2004 var den
71,6, noko som gir ei auke på
93,3 prosentpoeng.
Tek ansvar
Gjeldsauka har kome i perioden
der KrF har sitte med ordføraren i Giske kommune. I tillegg
gikk kommunen på ein blodraud smell i 2014-budsjettet,
som skaka både ordføraren og
politikarane elles i kommunen.
Kombinasjonen av dette gjer
at ordførar Støbakk føler eit
ansvar for å rydde opp:
–Eg føler at nokon må ta
ansvar for å ta unna oppvaska.
Difor stiller eg som ordførarkandidat for ein ny periode,
seier Støbakk.
Reise kjerringa
61-åringen har vore ordførar i
Giske kommune sidan valet i
2003, og er no ekstremt motivert for sin fjerde periode som
kommunen sitt overhovud.
Reportasjen i Nytt i Uka
melde at Giske kommune hadde lånt seg til fant, og det var
dråpa som fekk begeret til å
renne over for ein ordførar som
såg for seg pensjonist-status
seinast for ein månad sidan.
God kommune
Mykje av gjelda til Giske kommune kjem frå investeringar
i infrastruktur, og det finst
pengar på bok. Underskotet
frå 2014 skuldast i hovudsak
forhold utanfor politikarane
sin kontroll, og overforbruket
var difor ”berre” på knappe to
millionar kronar.
Giske er elles ein kommune i
stor vekst, der det er venta 1000
nye innbyggjarar dei neste fire
åra. Truleg vil det verte mange
nye småbarnsfamiliar, og det er
som kjent i beste KrF-and.
– Giske kommune er ei god
kommune å vekse opp i. Vi har
ikkje dei same formuetoppane
som andre kommunar, men så
er heller ikkje pengar alt her i
verda. Nestekjærleik og omsorg
for dei ein har kring seg er viktig i høgtida som ligg framføre
oss, og kvardagen elles, rundar
ordførar Knut Støbakk av.
Redaktør Odd Egil Valderhaug, som
var til stades, går likevel god for
sitata i saken.
GJER DØRA HØG,
GJER PORTEN VID:
Knut Støbakk held døra open
for fire nye år i ordførarstolen.
Arkivfoto: Randi H. Longva
dato til venstre
4
– Vi ynskjer ikkje ein konkuranse
med Godøytun kystkulturmuseum,
men ein felles resurs til felles beste
for framtida.
– Eg har hatt fleire rundar med
meg sjølv den siste veka, og har
kome fram til at det ikkje er rett
å trekkje seg ut no. Det vert feil
å hoppe av ei skute som er på
ferd mot ope hav utan kontroll.
Om veljarane ønskjer det, stiller eg meg difor positiv til å få
kommuneøkonomien på fote
att, seier Støbakk vidare.
Onsdag 1. april 2015
dato til høyre
Onsdag 1. april 2015
Sjå også lesarbrev side 17
dato til venstre
4
Fredag 10. april 2015
Heider til helten Hans
I november viste han
mot og handlekraft
då ein hund angreip
veslesystera med full
kraft. Fredag vert Hans
Andreas Roaldsnes
frå Valderøya heidra
med bronsemedalje og
diplom frå Carnegies
Heltefond.
Hans Roaldsnes (15) takkar taekwondo for at han handla
så raskt då ein hund gjekk til angrep på systera.
Kristoffer Oftedal
[email protected]
15-åringen får den sjeldne utmerkinga for snarrådig handling då ha n tok k veler ta k
på hunden til den slapp systera Tora (9), som hadde djupe
tannmerke i hov udet etter
angrepet. På legevakta måtte
dei sy 18 sting. Det var Lauritz
Godøy som sendte forslaget til
Carnegies Heltefond etter det
som skjedde under eit arrangement på Vigra der han var
medarrangør.
Rett frå tentamen
Hans kjem rett frå engelsktentamen torsdag når ØyBlikk får ein prat med tiandeklassingen torsdag. Korleis
gjekk det?
– Jau, det gjekk vel greitt. Det
blir som det blir, seier Hans.
Øy-Blikk gratulerer med det
som skal skje fredag.
– Takk. Eg har visst om det
ei stund, det blir no artig.
Taekwondo kom til nytte
15-åringen fortel om dramatikken som utspant seg etter
innhausting av på poteter på
MarkePe i november 2014.
– Vi kosa med hunden fyrst,
den hadde ikkje gjort noko gale
til då. So skulle han inn igjen i
ein bås i ei hesteløe. Eg høyrde
hyling frå løa og sprang berre
inn. Då såg eg at hunden hadde
tatt systera mi, Tora.
Hans sin eitt år yngre tremenning, Nora, prøvde fortvila
å få hunden vekk, men til inga
nytte. Hunden hadde bete seg
så godt fast at han berre drog
9-åringen med seg.
– Dei var heilt i sjokk, både
systera mi og tremenningen
min, fortel Hans. Utan å tenkje seg om kasta han seg over
den store labradoren, som
hadde heile hodet til Tora i
kjeften.
– Eg tok kvelertak på han, då
blei han tydelegvis forskrekka
og slapp. Eg går på taekwondo
og har gjort det i fem år. Der
handlar mykje om ein skal
handle på instinkt, det var nok
det eg gjorde. Så eg trur taekwondoen hjalp meg i denne
situasjonen.
Den fortumla hunden trakk
seg vekk, og Hans bar med seg
veslesystera ut, medan tremenningen fekk hunden inn igjen
på båsen.
Reagerte fyrst etterpå
Hans fortel at han ikkje rakk
å ta alvoret inn over seg før i
bilen på veg til legevakta.
– Det gjekk ikkje opp for
meg før eg såg Tora i bilen,
det var ganske grufulle skadar hunden hadde forårsaka.
Nok re av k ut ta i hov udet
var så djupe at ein kunne
sjå hodeskallen. Då vart eg
skremt, det var ekkelt. Det
var fyrst då eg tok til å tenke
på kva som kunne ha skjedd,
kva viss det hadde gått endå
verre?
Opp på veggen
Kompisane til Hans meiner
heideren er fullt fortjent. Sjølv
synest 15-åringen det blir litt
mykje:
– Heilt ærleg hadde det ikkje
vore naudsynt med nokon pris.
Det er eigentleg berre trist heile
greia.
Ifølgje både Lauritz Godøy
og mor til Hans hadde hunden
bite før, og han vart også avliva
etter kort tid.
Hans har prata mykje om
hendinga i etterkant, men synest enno det er greitt å ”få det
ut”.
– Det va r ei ek kel opp lev ing, men systera mi er
fortsatt glad i hundar. Det er
no merkelege greier, ler Hans,
som sjølv ik kje likar store
hundar så godt. Familien sin
eigen hund, Kaizer, er av den
lille sorten:
– Han hadde ikkje greid å
skade ei fluge, flirer Hans Roaldsnes.
Markering på skulen
Overrekkinga av diplom og
medalje frå Carniegies Heltefond finn stad fredag føremiddag på Valderøy Ungdomsskule, der ordførar Knut
Støbakk vil halde ein liten
gratulasjonstale og framføre
heile grunngjevinga for utmerkinga frå Heltefondet.
frå heltefondet si
grunngjeving:
“Hunden som angreip Tora Roaldsnes var ein stor
hund med ein kraftig kjeft. Hunden […] var svært
flink til å hoppe høgt og langt. Dette gjorde den
svært farleg som angrepsdyr. […] Hans måtte bruke
begge hendene på kvelartaken og kunne då ikkje
verje sin eigen hals og ansiktet. Hunden kunne lett
ha kome seg laus og glefst Hans i halsen. Hans tok
ein kjemperisiko, men klarte å redde systra og seg
sjølv frå hunden.”
Kjelde: Carnegies Heltefond for Norge
dato til høyre
Fredag 10. april 2015
5
17. mai i nye rammer
17. mai-komiteen på
Valderøy Barneskule
lovar folkefest i nye
rammer.
KRISTOFFER OFTEDAL
[email protected]
Møtet i 17. mai-komiteen nærmar seg slutten når Øy-Blikk
kjem på besøk, men idéane
flyg stadig i høgt tempo over
bordet og låtten sitt laust.
Komitéleiar Therese Stavseth
noterar ivrig.
– Vi gler oss veldig til 17.
mai for fyrste gong på den
nye skulen. Det er kjempespanande, seier Ole Reinlund
entusiastisk.
Dei er alle spente på korleis
den nye skulen og uteområda
vil fungere som ramme for det
heile.
– Det veit vi jo ikkje før vi
har prøvd, men alt ligg jo til
rette for ei flott feiring her,
einast dei om. Ikkje minst
har dei mykje betre plass enn
i fjor.
– Det blei eit veldig stort
trykk innandørs i fjor straks
det kom nokre regndråpar. Her
merkar ein ikkje folkemengda
på same måte, seier Therese
Stavseth. Ikkje at dei tek store
atterhald for vêret:
– Alt går, vi er jo på Vestlandet!
Nye rammer og nye tider
Mellom mykje nytt i årets feiring ber komiteen valderøyingane merke seg at programmet
startar seinare i år. Barnetoget
startar fyrst klokka halv ett i
staden for klokka elleve slik det
har vore tidlegare. Øy-Blikk lurer på om dette har noko å gjere
med skriveria til den Valderøybusette bloggaren Bypatrioten,
som ynskjer koordinering med
programmet i Ålesund så folk
også kan få med seg toget i
byen.
– Nei, det har detfaktisk ikkje, forklarar komitéleiaren.
– Det er ei samkøyring med
Vigra. Det er same prest som
har gudsteneste både stader,
og Valderøya har brukt å ha
den tidlege gudstenesta. I år
foreslo dei å bytte om, så da
prøver vi det og ser om det
kan fungere.
Runden med toget tar om
lag ein time, og etter kranspålegging på kyrkjegarden blir
klokka nærmare to før alle samlast på skulen, der programmet
startar umiddelbart.
Stille tog?
Apropos toget: Øy-Blikk sin
journalist gjekk tydelegvis i
feil ende i fjor, for det kjentest
IDÉMYLDRING: 17. mai-komiteen ved Valderøy barneskule ved fem av dei. Frå venstre: Cecilie Dyb,
Ole Reinlund, Kine Ludvigsen, Karoline Roald Skjong og komitéleiar Therese Stavseth.
Foto: Kristoffer Oftedal
nokså rart å gå i eit 17. mai-tog
nesten heilt utan lyd.
– Gjekk du i barnehagedelen? Der var det veldig stille i
fjor, og det har vi snakka om,
seier Therese Stavseth.
– Skuleklassane lagar mykje
liv, dei konkurrerar jo også seg
imellom, men i år vil vi flytte
korpset litt for å få ei betre fordeling i toget. Heilt framme
SENTRUM FOR DET HEILE: Nye Valderøy Barneskule.
Foto: Nora R. Hesseberg
høyrde vi jo ikkje korpset i fjor,
då blir det vanskeleg å synge –
særleg for dei minste.
Programmet tek form
Komiteen lovar folkefest både
ute og inne fram til klokka
fem, og det blir to-tre timar
med ymse moro frå utescena
som skal riggast på nordsida
av skulen. Tale får dagen skal
Trine Røssevold stå for, og nytt
av året er at det blir bildeoverføring frå scena til gymsalen. På
denne måten kan dei som sit
der inne og et også følgje med
derfrå. Ole Reinlund lovar også
mykje musikk og song. Med
artisten Ole Reinlund, lurer
Øy-Blikk.
– Nei, eg har ikkje sett meg
sjølv opp på programmet. Ikkje
enno, legg han til, til stor lått
frå dei andre komitémedlemane. Dei er ikkje heilt i mål
med programmet, men seier
det meste vil falle på plass i
løpet av dei neste to-tre møta.
Allereie no lovar dei eit innhaldsrikt program – og ikkje
minst mat:
– Det blir sal av lapskaus både
ute og inne, folk skal få alt dei
treng her: mat, kaffi, kaker og
hyggeleg samver, so dei treng
ikkje dra heim for å lage middag!
Legg lista høgt
Dei fleste har vel fått med seg at
det i 2015 er 70 år sidan krigen
tok slutt. Dette skal også få sin
plass i programmet sjølv om komiteen ikkje heilt har ”spikra”
denne markeringa enno.
– Eit anna element som kan
bli viktig er alle nasjonalitetane
vi har her på øya no. Dette vil
det nok bli ei markering av
i ein programpost, seier Ole
Reinlund.
– Vi legg lista etter slik vi
lagde 17. mai i fjor, seier Therese Stavseth.
– Det var fyrste gong vi hadde
sopass mykje program frå scena,
og vi vil køyre den modellen
i år også. Det var ei veldig bra
feiring i fjor, og det blir minst
like bra i år – garantert! Vi gler
oss veldig til dette og håpar flest
mogleg vil vere med!
iNNBYR TIL LEIK: Frå uteområda på skulen. Her på nordsida av
skulen blir det også rigga til utescene på 17. mai.
Foto: Ragnhild Kristine Espelund Vartdal
dato til venstre
6
Fredag 10. april 2015
Torgeir Hatlen er instruktør for
aspirantar. Her har aspirantane
som starta i haust sin første
konsert etter nokre få måneder
samspel. Foto: Anne-Lise Roald
Vårsol og korpsglede
Like sikkert som at
snøklokkene kiker opp
frå tuster og tuer når den
første vårsola grip tak
i bakken, er det at skulekorpsa tek sats for ny
sesong, og rekruttering
av nye medlemmer.
ANNE-LISE ROALD
Kvart år dei siste åra har ViVakorpset hatt ein rekrutteringsturné rundt om på barneskulane på Vigra og Valderøya for å
vise fram instrument og fortelje
elevane mellom 3. og 5. klasse
om kor kjekt det er å spele eit
instrument i skulekorps, og slik
freiste endå fleire til å bli med i
skulekorps.
Rekrutteringsturne
14. april kjem Torgeir Hatlen
og Kåre Nymark jr til å ta turen
rundt med eit nytt opplegg. Dei
er instruktør og dirigent i skulekorpsa på Vigra og Valderøya,
og vil vise fram korleis ein kan
lage spanande musikk og lydar
i dei fleste instrumenta som ein
har i eit skulekorps.
– Vi skal lage noko som
kallast ein ”teknologisk loop”,
seier Torgeir Hatlen, instruktør
på treblås.
– Vi speler inn stemme for
stemme, og så improviserer vi
oppå. Slik får vi vist fram ulike
instrument, og vi får korleis ein
kan lage spanande musikk med
dato til høyre
Fredag 10. april 2015
ulike instrument og lydar som
kling i lag.
– Vi ser at det kjem fleire og
fleire undersøkingar som konkluderer med at det er positivt
for barn å lære seg å spele eit
instrument. Og då gjerne instrument der ein speler saman
med andre, poengterer Torgeir
Hatlen.
– Det som er spesielt for skulekorpsa er at ein kan bli kjend
med andre barn og vaksne,
uansett alder, kjønn, og frå
begge øyane. Det er heller inga
øvre aldersgrense eller krav til
god fysikk for å spele i korps,
seier Siv Merete Hatlen, som
er med og legg planar for årets
rekrutteringsopplegg.
Opa øving
Veka etter at barneskulene på
Vigra og Valderøya har fått besøk, vil det bli arrangert ei opa
øving på Valderøy Ungdomsskule slik at interesserte barn
og føresette kan kome og høyre
meir om korleis korpslivet artar
seg. Siv Merete Hatlen snakkar
varmt om kor viktig det er for
alle som har lyst å kome på den
opne øvinga.
– Ein kan få prøve ulike
instrument, og dei vaksne kan
få snakke med andre vaksne og
få svar på det meste ein måtte
lure på om korps. Det er mange
mytar om å spele i korps, og
dei mytane vil vi gjerne kome
til livs. Trommegr uppa og
drilltroppen har ikkje inntak
til hausten, då desse allereie
er såpass store at ein ikkje kan
ta inn fleire heilt enno, men
blåseinstrument som klarinett,
saksofon, trompet og mykje
anna spanande er klare for å få
nye brukarar.
ring i grupper, og vi har mange
kjekke og sosiale aktivitetar i
lag gjennom heile året, både
for aspirantar, drill og korps,
poengterer Siv Merete Hatlen.
– Vi legg vekt på at det skal
vere kjekt å vere i korps, og vi
ser at dei barna som er med
til dei blir vaksne har eit stort
hjarte for korpset, og kjem tilbake som støttespelarar så ofte
som dei kan.
Musikk som språk
– Vi er kanskje ikkje så vande
med at ting skal ta tid og måtte
jobbast for lenger, men eg trur
det er sunt for ungane å måtte
lære seg at det ikkje er alt ein kan
meistre med ein einaste gong,
forklarer Siv Merete Hatlen.
– Det tek tid å lære seg å
spele på eit instrument skikkeleg. Ein kan sjå på det som å
lære seg eit nytt språk. Først må
ein lære seg bokstaver, deretter
setje saman til korte ord og
øve på uttale, så må ein setje
det saman til lengre setningar,
og så kan ein til slutt seie det
ein vil heilt flytande. Kunsten
for både ungar og foreldre er å
halde ut til ein kjem over dei
ulike kneikene det er å skulle
lære, og ein må vere budd på
at det kan ta fleire år.
Samhald og speleglede
– Vi har gode kveldsmatar,
reiser på inspirasjonshelger og
held konsertar, og om sommaren har vi brukt å reise på langtur i lag. Nokre gonger reiser
vi også til utlandet, vi har vore
både i Sverige og Danmark, og
no vurderer styret om korpset
skal ta ein tur til England neste
sommar. Vi kombinerer individuell opplæring med opplæ-
Egil Valderhaug
Hjelmseth er
aspirant på
trommer, og klar
for hovedkorps
til hausten. Her
er han knipsa
under ein konsert i
idrettshallen. Foto:
Anne-Lise Roald
7
Kven er best i fotballriket her?
Øy–Blikk tabellen 4. divisjon
1. FK Sykkylven
2. Norborg
3. Emblem
4. Valder
5. Langevåg
6. Rollon
7. Hareid
8. Godøy
9. Ørsta
10. Vigra
11. Larsnes Gursken
12. Vartdal
Valder, Godøy og Vigra
skal alle møtast i 4.
divisjon denne sesongen.
Seks lokaloppgjer gir
mykje hard prestisje.
Øy-Blikk legg hovudet
på hoggestaben – Vi
trur Valder endar høgst
opp på tabellen.
Rolf Hansen
[email protected]
Det å tippe ein tabell i april er
svært krevjande, når ein samstundes skal sjå seks månadar
fram i tid. Vi er ikkje skuggeredde i Øy-Blikk, og hoppar ut
på djupt vatn.
4. divisjon på Sunnmøre
fangar mykje interesse, då
spelarane ofte er lokale. Det er
små forhold, der løyndomane
er få. Det 3. divisjon har mista
av sin lokale sjarm etter den
regionale omlegginga, finn du
flust av i etasjen under. Dei
gode historiene er mange nok
til å skrive eit feitt leksikon.
Prestisjen kan berre målast i
tonn. I Giske kommune vil det
truleg bli både gode og middels
gode dagar på jobb og skule for
spelarar og trenarar til Vigra,
Godøy og Valder. Alt ettersom
om det vert siger eller tap mot
den brysame naboen kvelden
føre.
MÅL–GARANTI: Kenneth Kjevik
skåra 55 mål for Vigra i fjor, og har
målsetnad om mål i kvar kamp i år.
Foto: Rolf Hansen
Nord og ned
Vigra er ny-opprykka frå 5.
divisjon. Framføre 2014–sesongen vert ein gamal kom-
pisgjeng samla att på Rota Stadion. Dei hadde ein gong spelt
fotball i Vigra, sidan vore ein
rundtur kring på fotballkartet
i andre klubbar, men no var det
dei stolte gule fargar som telte.
Fotballferdigheitene var gode,
og kompisgjengen bada seg til
opprykk. Sjefsbadar vart Kenneth Kjevik, som banka inn
heile 55 mål sist sesong. Nær
halvparten av alle måla til
Vigra i 2014.
Kva kan vi vente oss i år frå
den giftige assistenten ved Ellingsøy barneskule?
– Det der er ikkje lett å svare
på, men eg har som målsetnad
å skåra i kvar kamp. Då vert det
vell kring 20–25 mål då, svarar
Kjevik.
Han har vore innom både
Godøy og Skarbøvik i dei to divisjonane over. Forhandstipsa
til den lokale ekspertisen tilseier at Vigra får ein blytung
sesong i 4. divisjon.
– Dei fleste tippar oss nest
sist, og det passar oss heilt fint
Det er god motivasjon, og vi
vil nok vere underdogs i om lag
alle kampar. Vi får imidlertid
ein tøff start med fire bortekampar, seier Kjevik vidare.
Angrip
Vigra har sleppt inn mål i
bøtter og spann i vinter. Mot
Godøy vart det 3–4 tap, sjølv
om ein leia 1–0 til pause. Generalprøva onsdag var imidlertid
av beste merke, der Ellingsøy
fekk svi i 1–7 tapet på Nes
Stadion.
– Vi har nesten ikkje for-
svarsspelarar, og har difor
plassert om på folk for å dekke
inn dei plassane. Sikkert hovudgrunnen til at vi har sleppt
inn minst tre mål i kvar einaste
treningskamp i vinter. Mot Ellingsøy var det einvegskøyring,
og vi kunne ha vunne med
langt større siffer. Det var første
kamp vi stilte om lag full tropp.
No er vi klare til sesongen, seier
Kjevik vidare.
Datoane å merke seg er 24.
april og 21. august, då Vigra
møter Valder.
14. mai og 11. september er
det Godøy mot Valder.
25. juni og 24. oktober møtast Vigra og Godøy.
God tru på Godøy
Vigra har styrka seg ytterlegare i vinter med Andreas
Blindheim frå AaFK G19. Han
skåra to av måla mot Ellingsøy.
Adrian Rørseth, Marius Austad
og Anders Molnes skåra kvart
sitt, medan Kenneth Kjevik
banka inn to.
Målfarlege folk kan trengast
om Vigra skal ta naboen på
Godøy. Truleg er det den jamnaste duellen av lokaloppgjera.
– Valder er truleg det beste
laget av oss tre. Kampane mot
Godøy kan verte jamne, slår
spelande assistenttrenar og notorisk målsnik Kenneth Kjevik
fast.
I treningskampen på kunstgraset til Godøy, stod utespelar
Erik Dyb i mål. Ein politimann,
men Vigra var dristige nok til
å fyre av skot mot lovens lange
arm.
abonnent
Bli
BliBli
abonnent
abonnent
i 2015
i 2015
i 2015
Abonnement
Abonnement
Abonnement
i i i
Øy-Blikk
Øy-Blikk
Øy-Blikk
2015
2015
2015
PDF
PDF
- nett
PDF
- nett
-- nett
papir
- papir
- papir
1 år:
1 år:
kr.
1 kr.
år:
890,890,kr. 890,½½
år:år:
½
kr.kr.
år:
550,550,kr. 550,[email protected]
[email protected]
[email protected]
tlf.6380
7018
6380
tlf. tlf.
7018
7018
6380
dato til venstre
8
Fredag 10. april 2015
TOPPOPPGJER: Det sluta 1–1 mellom Valder og Hareid i fjor, og
begge lag kjem til å kjempe i toppen av 4. divisjon også i år. Til
torsdag serieopnar dei på Valdervoll. Foto: Rolf Hansen
Dei har mangla keeper i heile
vinter, men no kjem Robin
Giskegjerde heim att for å ta på
seg jobben.
Når Godøy stiller toppa, ser
dei morske ut på papiret. Sjefsservitør Svein Arve Alnes har
kome heim att frå Skarbøvik.
Frå sin residens på Giske, har
læraren og tobarnspappaen god
tru på at Godøy skal bite godt
frå seg.
– Det vert bra dette, når alle
er på plass. Vi har spelar som
Joakim Austnes og Nicolai
Ruud i tillegg til eit knippe
røynde spelarar. Så fyllar vi på
med ungt pågangsmot. Vi kan
ikkje tape for Vigra, ein stad går
grensa, seier Alnes.
Resultata i vinter er gode.
Sist veke druste Godøy til med
2–1 siger borte mot Skarbøvik.
Svein Arve Alnes skåra begge
måla. I tillegg har både Emblem
og Blindheim fått svi.
Skal Godøy gå heile vegen?
– Eg trur FK Sykkylven kjem
til å gjere ein god sesong, medan Norborg skuffar. Samstundes trur eg ikkje vi har sjanse
mot Valder. Dei har eit mykje
høgare botn-nivå enn oss, slår
Svein Arve Alnes fast.
Pappaen til Henrik
Valder har hatt blanda opplevingar i vinter, men vann 6–2
mot Langevåg sist veke. I helga
skal dei blå på treningsleir til
Østfold, der siste finpuss på
serieforma finn stad.
Valder satsar på sine eigne
unge, og fleire G19-spelarar
vil få sjansen i år. Laget vert
trena av den gamle toppskåraren Tom-Gøran Jønsson og
Frank Ove Bjørdal. Pappaen
til AaFK-Henrik. Han har vore
pedagog for sonen etter 0–5 på
Lerkendal i helga.
– Henrik og AaFK er svært
revansjelystne heime mot Lillestrøm på søndag. Alt vart feil
sist, og oppgåva vart tett på
umogleg slik som kampen arta
seg, fortel pappa Frank Ove.
Han er assistenten til Tom–
Gøran Jønsson. Dei har ei brei
og fin treningsgruppe, som vert
styrka av Henrik Hole Oksnes
og Erlend Skjong framføre
haustsesongen. Spelarane som
SENTRALE: Jan Ove Austnes (t.h) er spelande Godøy–trenar og bror til den sentrale
angriparen Joakim. Lars Kristian Austnes er viktig for Godøy, og det same er spelande
assistenttrenar Kenneth Kjevik (bakom). Foto: Rolf Hansen
dato til høyre
Fredag 10. april 2015
manglar grunna skule, vil ikkje
verte henta heim til kampar.
Med ein god vårsesong kan
Valder kjempe om opprykket
ut på hausten.
Konklusjonen
4. divisjon i år har truleg eit
mykje tøffare og jamnare øvre
sjikt enn på svært lenge. Fleire
lag kan melde seg på, der Hareid er spelselskapa sin favoritt.
Øy-Blikk trur FK Sykkylven
stikk av med opprykket. Dei
har ikkje mista nokon av dei
viktigaste frå sist sesong, då
laget overraskande styrte inn
til tredje plass i opprykkssesongen.
Har i tillegg styrka seg med
mellom anna Asgeir Aarseth frå
Brattvåg, og FKS ser sterke ut.
Hakk i hel følgjer Norborg,
med eit samspelt og røynd
mannskap.
Emblem er peika ut som
opprykkskandidat av mange,
men har variert mykje i vinter.
Saknar i tillegg sin målmaskin
Bogdan.
Valder, Langevåg, Rollon
og Hareid kan alle kjempe om
opprykket med flyt undervegs.
I motsett ende vert det svært
tøft for Vartdal.
Truleg rykker berre eit lag
ned frå 4. divisjon, om ingen
lag frå Sunnmøre rykker ned
frå 3. divisjon avdeling 8.
Dermed går det mot tre
lokale lag frå Giske neste fotballsesong i 4. divisjon også.
VIGRA–VON: Nyopprykk Vigra må sette sin lit til at det vert nok mål framover,
for bakover har måla rent inn i vinter. Foto: Rolf Hansen
9
75 år sidan vårt øy
Ein artikkelserie om krigen i Giske kommune
Motstandsmannen som
Dei første reelle
krigshandlingane på
Valderøya utspann seg 13.
april 1940. Seks engelske
krigsskip gjekk nordover
Valderhaugfjorden, og då dei
braka saman med 8 tyske fly
som hadde som oppdrag å
bombe Vigra Kringkastar vart
det intens skyting.
med vigringane. Knut E Valderhaug
dreiv på den tida både ein landhandel
og ein skyssbåt. Når tyskarane hadde
bruk for skyss, kontakta dei Knut, og på
den måten fekk han god kontakt med
okkupasjonsmakta. Lite visste dei tyske
offiserane at Knut E Valderhaug var ein
viktig medhjelpar for alle dei som flykta
over til England. Og ikkje visste dei at
han var kontaktperson for militærorganisasjonen ”Anthrum” og medlem
i etterretningsorganisasjonen ”Haga”.
Odd Egil Valderhaug
Trollkjelen som skjulestad
Eit drama som valderøyingane ville
sjå og sprang til fjells utan tanke på
den faren dei utsette seg for. Etter dette
første angrepet kom frykta for at tyskarane skulle sette ned fallskjermtroppar
på nattetid. Det vart derfor organisert
frivillige til å gå vakt om natta, og leiar
for denne verksemda var Knut E Valderhaug. Dermed var Knut E Valderhaug
med i den norske motstanden nesten frå
første dag i krigen. Då Vigra Kringkastar skulle forsvarast, var Knut E Valderhaug med i troppa på 12 valderøyingar
som forsvarte Kringkastaren saman
Knut E Valderhaug var med i same organisasjon som Sverre og Johan O Roald.
Då Sverre Roald vart arrestert på slutten
av krigen, måtte broren Johan gøyme
seg for tyskarane. Det var då naturleg
for Johan å oppsøke Knut E Valderhaug
for å få be om hjelp til eit falskt pass
og til å finne ein sikker stad å gøyme
seg. Trollkjelen bak valderøyfjellet vart
løysinga, og Johan bad om ein presenning til å ha over seg. I ettertid fortell
Liv Godø, dotter til Knut E Valderhaug,
om ei oppleving ho hadde som lita jente
under krigen. Ho hadde lagt seg, men
vart vekt av aktivitet i stova. Døra til
kammerset der ho låg stod på gløtt, og
i lystripa kunne ho skimte mora og faren. Dei held på med noko som ho ikkje
skjøna den gong, og som ho ikkje fekk
forklaringa på før lenge etter krigen.
Faren held eit pledd på brystkassa medan mora surra eit tau utanpå pleddet
og rundt faren. Han vart så omfangsrik
etter kvart, at han ikkje fekk på seg
kappa si. Han lånte derfor kappa til
faren som var ein mykje større mann.
Med den store kappa, og med pledd og
tau rundt brystkassa, forsvann han ut
i nattemørket. Først etter krigen fekk
Liv forklaringa på det merkelege som
skjedde i stova i Johansgarden. Knut E
Valderhaug var på veg i ut i Trollkjelen
med pledd og tau til Johan O Roald
som låg i dekning der i to døgn, før han
rømde over til Godøya for å søke tilflukt
i ei ny hole. På Godøya låg han i 8 døgn
før han rodde inn over til Sykkylven, der
han hadde slektningar.
Knut E Valderhaug dreiv på mange
måtar eit dobbeltspel med motstandsarbeid, samstundes som han hadde god
kontakt med tyskarane. Mellom anna
tilbaud Knut tyskarane husrom heime
hos seg i Johansgarden når dei var på
patrulje på Valderøya. Ikkje så rart at
mange valderøyingar trudde han var
nazist.
Sjukehus på Losjen
I papira etter Knut E Valderhaug finst
eit brev som kan tyde på at Losje-huset
på Valderøya var brukt som sjukehus i
starten på krigen. Vi gjengir her brevet
ordrett:
”Etter kapitulasjonen kom 3 engelske
soldater og en nordmann, sendt til meg
fra politiet i Ålesund, til beskyttelse og
videreforsendelse. Disse ble her mottatt
og oppvartet med vår beste mat. Videre
ble de anbragt i Losje-lokalet, som for
anledningen var ominnredet til sykehus med sykesenger og sykebårer. Vår
daværende sykesøster, Olivia Skjong,
ble tilkalt og foretok det fornødne med
mat, bad og pleie for de trette og slitte
soldater, som hadde vasset i snø og
kulde i hårde strabaser mot vest fra
Dombås-traktene.” Det kjem fram at dei
tre engelskmennene vart transportert
vidare til Ørsta og deretter med bil til
Måløy og på den måten kom seg ut av
landet. Truleg var dette soldatar som
hadde deltatt i slaget i Gudbrandsdalen
Her i det staselege huset i Johansgarden budde Knut E Valderhaug. Når tyskarane var på Valderøya tilbaud han dei husly på gardfen. Noko som førte til at bygdefolket
mistenkte han for å vere nazist.
dato til venstre
10
Fredag 10. april 2015
samfunn var i krig
1940-1945 og om innsatsen til lokalbefolkninga
folk trudde var nazist
saman med Mørebataljonen der mange
soldatar frå vår kommune deltok.
Johansbåten
I tillegg til å drive landhandel hadde
også Knut E Valderhaug ein skyssbåt
som han mellom anna brukte til å
hente varer frå Ålesund. Og då var det
sjølvsagt også plass for å ta med folk,
både til og frå byen. Han frakta også
lege og jordmor mellom øyane, og han
frakta handelsreisande langt oppover
til Nordøyane. Og vi skal heller ikkje
gløyme presteskyssen til og frå Hamsund
og Giske. Når lensmannen skulle ut på
oppdrag til Nordøyane, kunne turen
vare i fleire dagar. Under krigen fekk
han mange oppdrag for tyskarane, og
som den motstandsmannen han var,
utnytta han desse turane til å skaffe
v ikt ig infor masjon om t yskarane
sine oppdrag. Når tyskarane var på
oppdrag på Valderøya, tilbaud han dei
overnatting i Johansgarden, noko som
fekk mange til å tru at han var nazist.
Men for motstandsmannen Knut E
Valderhaug var dette eit nøye planlagt
dobbeltspel over for tyskarane. Ingen
kunne mistenke denne mannen for å
kjempe mot det tyske naziregimet. Heilt
til bobla sprakk ein aprildag i 1945.
Knut E Valderhaug vart arrestert og
torturert, men han vart berga av freden.
Arrestert og torturert
Mot slutten av krigen vart Knut E Valderhaug avslørt og arrestert av tyskarane. Dei anklaga han for medverknad til
transport av ungdomar til England og
for sabotasje ved etterforskinga i samband med at Giske båten M/S ”Freya, ”
M-32-G, forsvann. Etter arrestasjonen
skreiv Knut E Valderhaug ned i detalj det
han opplevde under dei tyske forhøyra.
Litt redigert skriv han slik:
– under det andre forhøyret fekk eg
juling. Avstraffinga føregjekk med slag
frå kne til skulder, med gummikøller
med wireinnlegg, til eg segna om på
golvet. Spark mot lår og musklar og
slag mot ryggraden. Boksing mot hjertet til eg segna. Silke- og linsjalet som
eg hadde på meg, vart strypt hardare
og hardare rundt halsen min, medan
dei ropte – innrøm, innrøm, heilt til eg
segna om.
Knut E Valderhaug vart redda av
freden som kom 9. april 1945.
Knut E Valderhaug var ein
sentral person på Valderøya
både innan forretningslivet og
i det sosiale liv. Han var
også ein markant motstandsmann.
Dette bildet av Johansbåten er tatt ein gong på midten av 1930-talet. Om bord står Knut E Valderhaug og sonen Elias. Knut E Valderhaug dreiv landhandel og skysstransport.
Med denne båten frakta han også tyskarane.
dato til høyre
Fredag 10. april 2015
11
syklar: Eit typisk døme på ting som går på dynga om våren. Men måtte dei eigentleg kastast?
Foto: Kristoffer Oftedal
Konge på skraphaugen
fint ver for utandørsjobbing: – Vi tek imot mykje her, men ikkje matavfall,
fortel driftsleiar Torgeir Flem. På fire år har han difor berre observert to rotter.
– Og den eine fekk eg tatt med hjullastaren!
Foto: Kristoffer Oftedal
Med våren kjem
ryddetrongen i hus og
hagar. Noko av det
vi ryddar, ender på
Gjøsund. Øy-Blikk
lodda stemninga
på Gjøsund
miljøstasjon ein
måndagsføremiddag.
KRISTOFFER OFTEDAL
[email protected]
– Det er roleg her i dag, seier
driftsleiar ved Gjøsund miljøstasjon, Torgrim Flem idet han
tek imot Øy-Blikk. Så rekk han
ikkje å seie så mykje meir før ein
bil svingar inn med «eit halvt
mål skog» på tilhengaren, til
hageavfall.
– Eg får nesten hjelpe han
litt, smiler Flem.
Vi let han gjere det, og ruslar
rundt på området så lenge. Roleg
er det trass i at våren er høgsesong
på ”bossplassen” – her er ingen
kø på rampa ved restavfall, og
dei som har noko å laste av på trevirke har god plass. Folk vi kjem
i prat med er heller ikkje blant
«storkundane», men for det meste
godt vaksne folk som kan hende
vart fødde før «bruk og kast» vart
eit vanleg omgrep. Ein av dei har
berre halvfull tilhengar, og anslår
at han kjem hit sjeldnare enn
ein gong i året. Det høyrest ikkje
urimeleg ut. Journalisten, på si
side, er her langt oftare – gjerne
med full tilhengar. Truleg gjeld
det mange, utan at det gjer saka
noko betre. Kvifor er det slik?
Ei av forklaringane kan ligge
i eit anna omgrep dei aller fleste
nordmenn har eit forhold til etter kvart: Oppussing. Når noko
nytt skal inn, som til dømes eit
kjøkken, må det gamle ut. Likar
vi ikkje 70-talsdørene i huset
vi akkurat har kjøpt, går dei på
dynga.
Dårlegare kvalitet
Kastar vi for mykje? spør vi
driftsleiaren når han kjem attende. Eit leiande spørsmål, så
klart, men Flem peikar på to
viktige premiss som også ligg
bak trongen til oppussing og
utskifting:
– Vi nordmenn er kjøpesterke, det visast godt her kor
vi er, seier Flem, og fortel at det
ikkje er uvanleg å finne splitter
nye ting som enno ligg i uopna
emballasje.
– Det er lett å sjå at vi har det
godt. Samstundes er nok kvaliteten på det vi kjøper dårlegare enn
før. Tidlegare kunne ein rekne
med at kvitevarene ein investerte
i ville vare i 30 år, no er garantien
gjerne på fem år, og så må ein
bytte ut etter seks-sju år.
Han held fram:
– For å ta det elektriske som
døme, så vil eg tru at opp mot
70-80 prosent av det som kjem
inn framleis fungerar. Gamle,
«tjukke» TV-ar vert bytta ut, og
folk vert ikkje kvitt dei fordi
ingen andre vil ha dei heller.
Og brått er flatskjermen på 32
tommar blitt for liten, eller ikkje «smart» nok.
Driftsleiaren ventar òg på
det store rushet av radioar som
vert ubrukelege når FM-nettet
vert endeleg slukka og folk går
over til DAB.
Farleg avfall
– Det er ikkje så kjekt når
ein tenker på kvar mykje av det
ender, seier Flem og sikter til dei
mange millionane tonn med
elektronisk avfall som vert skipa
frå Europa og til slutt ender i
land som Ghana og Nigeria. Der
ikkje fullt så kjøpesterke folk tek
ut metalldeler for å tene til det
dato til venstre
12
Fredag 10. april 2015
EIT BERG AV TREVIRKE: Ein heil del går til tredjesortering og vert malt opp til flis som
mellom anna kjem gardbrukarar til gode, fortel driftsleiar Flem.
Foto: Kristoffer Oftedal
daglege brød, og giftige stoffar
forsvinn ut i jord og elver.
– For vår del går det elektriske og anna farleg avfall til
destruering på Frogner i Akershus, fortel Flem.
Mange vil unngå å kaste
Vi kjem attende til alt det som
eigentleg ikkje hadde trengt å
havne på bossplassen. Driftsleiaren understrekar at det ikkje
berre står på vilja hos dei som
kastar:
– Vi ser jo at folk er veldig
ivrige til å bruke Finn.no og
bytte-grupper på sosiale medium for å unngå å kaste. Men
om det går litt tid utan at ein får
avsetning på det ein ikkje treng
eller har plass til, ender dei her
til slutt. Heldigvis har vi jo fått
ein bruktbutikk i kommunen,
så mange køyrer dit med ting
som enno er fullt brukbare. Det
er jo kjempebra!
Sunn fornuft
Men «fullt brukbare» ting finn
ein likevel på miljøstasjonen
også. Kunne ein ikkje hatt ein
eigen seksjon for ting som andre
fortsatt kan han nytte av, spør vi.
– Ein kunne nok ha ynskja
seg ein gjenbrukskrok, men her
fyllast det jo opp på ein augneblink. Vi har rett og slett ikkje
tid og kapasitet til å sortere ut
slikt, forklarar Flem. Det er heller ikkje i utgangspunktet høve
til å ta med seg ting heim frå
miljøstasjonen.
Her må journalisten tilstå at
bilen ikkje alltid er heilt tom
på heimveg frå Gjøsund, og
nemner nokre døme på ting
som har fått nytt liv etter eit
kort opphald på dynga.
Flem nikkar:
– Ein må jo kunne bruke sunn
fornuft. Eg ynskjer ikkje å stoppe
folk om eg ser at ting kan kome
til nytte. Men folk kastar også
ting som dei ikkje ynskjer skal
hamne i hendene på andre, det
kan vere brev, eller datamaskiner
eller andre private ting.
– Eg oppmodar alltid folk til
å øydelegge harddisken før dei
leverer datamaskiner her, ofte
hjelper eg til med slikt sjølv her
når nokon ynskjer det. Vidare
bør ein kaste personlege ting i
restavfallet, då går det rett til
brenning, avsluttar Torgrim
Flem.
ROLEG DAG:
Miljøstasjonen tek årleg unna
skrot frå om lag 7-8000 besøk.
Foto: Kristoffer Oftedal
– Det er ei skam, alt folk hiv!
Medan Øy-Blikk er
inne i «bua» med
driftsleiar Flem for å
sjå på statistikk, kjem
ein bil opp til betalings-
Både
journalisten og
Kjell Arne Larsen
var nyfikne på denne
trappa, men ho fekk til slutt
ligge att. Foto: Kristoffer Oftedal
dato til høyre
Fredag 10. april 2015
luka. «Det er ikkje
mykje du får av meg i
dag», seier sjåføren og
køyrer inn - med tom
tilhengar!
Det er tydeleg få gjennomsn it t lege br u k a r a r – e l le r
skal vi seie «kastarar» – på
Gjøsund denne dagen, men
her kjem altså ein som ikkje
skal kaste noko, det er verdt
ein prat i seg sjølv. Sjåføren
viser seg å vere Kjell Arne Larsen. Drosjesjåfør om natta,
skribent og «hobbysagar» på
dagtid. No er han her for å
hamstre ved, som jo finst i
mengder her, til oppsaging
heime på Giske.
Hagemøblement
– Det er ei stor skam, alt folk
hiv, seier Larsen og ser utover
berget av trevirke.
– Her fann eg ein haug med
lister av alle slag, dei var ikkje
tekne ut av plasten eingong. Eg
tok dei til byggvareforretninga
her borte og fekk vete butikkprisen, 49 k roner meteren
kostar dei.
– Og sjå her, kva trur du
ein må betale for denne dusjarmaturen på rørhandelen?
Svindyre greier, rett i bosset.
Og veit du kva, i fjor haust
tok eg til sides eit heilt strøkent hagemøblement her! Eg
kjenner jo han som kasta dei.
‘E’kje du riktig’, sa eg, men
han hadde ikkje bruk for det.
So tok eg bilete av møblane,
men før eg hadde fått lagt det
ut på Facebook var dei allereie
borte!
Journalisten må innrømme
ein viss kjennskap til kven som
henta møblane, og Larsen ler
godt av samantreffet.
– Det var no godt, dei var jo
gode som nye, seier Larsen og
held fram med vedsamlinga.
Ein manns skrot kan vere
annan manns skattar.
Hagemøblar: Hagemøblar som fekk nytt liv ein annan stad.
I bakgrunnen Larsen sin bil og tilhengar med ved. Foto: Kjell Arne Larsen
13
Ole og dei gjenforeinast
20 år etter det
første CD-albumet
til Ole Reinlund,
er det duka for
gjenforeiningskonsert
på Valderøya med det
første bandet hans,
OLE OG DEI.
kristoffer oftedal
[email protected]
I 1995 gav OLE OG DEI ut sitt
første og einaste album, det
sjølvtitulerte ”Ole og dei”. I åra
etter har Ole Reinlund sjølv gitt
ut tre soloalbum. Sundag møtast gutane i OLE OG DEI for å
markere dei 20 åra som har gått
med ein gjenforeiningskonsert
i kyrkjekjellaren på Valderøya.
Ole Reinlund fortel at det er
ekstra artig at bandet blir gjenforeinga akkurat der, sidan det
var nettopp i kyrkjekjellaren dei
øvde før CD-innspelinga i 1994.
Kåre i bandet. Det er eit artig
samantreff at ein trompetist frå
Sula erstattar ein annan – på det
fyrste albumet var det Jan Magne Førde som spelte trompet.
Studentband i Trondheim
OLE OG DEI starta opp som
band i Trondheim på starten av
1990-talet, og alle medlemmane
i bandet var studentar. Då som
no var Ole Reinlund var vokalisten og låtskrivar i bandet.
– For meg var dette ei veldig
viktig tid som musikar, og
starten som vokalist, frontfigur
og låtskrivar. Vi hadde eit flott
band, med øvingar i kjellaren
på universitetet og turnear land
og strand, ein oase for oss som
var med. No blir det veldig
kjekt både å møtast og ikkje
minst å spele saman igjen, seier
Ole Reinlund.
Dei andre gutane i bandet
er no busett i høvesvis Oslo og
Trondheim. Alle spelar jevnleg
på ulike nivå og i ulike samanhenger, medan bassist Knut
Tønnes Svanes har vore med
Reinlund ”heile vegen”.
– Men eg forventar at alle
held nivået når vi møtast, ler
Reinlund.
– Dette blir heilt kanon
Den siste konserten OLE OG
DEI spela var i romjula 1996,
som hovudband under Romjulsgospel i bankettsalen på
Parken hotell. Greier dei å spele
i lag etter så mange år, eller er
det et rustent orkester folk får
oppleve sundag, lurer Øy-Blikk.
– Hehe. Vi skal øve frå fredag heilt fram til konserten, så
dette skal bli heilt kanon!
Medarrangør for konserten er
soknerådet på Valderøya.
OLE OG DEI tilbake på Valderøya. F.v. Frode Fjørtoft, Knut Tønnes Svanes,
Ole Reinlund, Vidar Osen og Jon Hareide. Foto: Privat 1992
Klubbstemning
– Vi prøver å lage klubbstemning i kyrkjekjellaren sundag
ettermiddag, det er eit lokale
som egnar seg godt til slike
konsertar, seier Reinlund.
– I tillegg er Malaki kafé
open, med sal av kaffi og heimelaga kaker, så det blir ei god
pakke for dei som vil ta sundagskaffien i kyrkjekjellaren.
Vi synest dette er veldig gøy og
håper sjølvsagt at vi kan skape
ei god oppleving for folk. Dei
som kjem skal også ha det gøy!
Meir enn ei gjenforening
– Dette er jo i hovudsak ein
konsert med OLE OG DEI, så
vi kjem til å spele mest av låtene frå dette bandet, forklarar
Reinlund.
– Samstundes er dette meir
enn ei gjenforening, det er
også ei slags oppsummering av
karrieren så langt for min del.
Så det kan nok dukke opp låter
frå soloplatene mine også, seier
Reinlund. Midt i konserten blir
det òg ein eigen avdeling med
berre Ole og trompetisten Kåre
Nymark jr., som også skal spele
med OLE OG DEI.
– Det blir flott å integrere
Espen Ottosen.
Foto: Silje Måseide / NLM
Espen Ottosen besøker Giske
Espen “Hvorfor skriver
ikke Gud på himmelen?”
Ottosen på besøk!
HARRY VALDERHAUG
I helga kjem Espen Ottosen på
besøk i kommuna vår og deltek
i mellom anna to samlingar
i Valderøy bedehus laurdag
kveld.
Espen er kanskje mest kjend
for boka “Hvorfor skriver ikke
Gud på himmelen?”. Han jobber til dagleg som informasjonsleiar i NLM og har vore
aktivt med i fleire debatter på
både TV og andre medier når
tema rundt kristen tru og liv
har vore framme til debatt. Han
er også aktivt med i “Tankesmien Skaperkraft” og har skreve fleire bøker.
Laurdag kveld deltek han på
to samlingar i Valderøy bedehus. Første samling er eit møte
der temaet er : “Vår tids største
misjonsutfordringer”. Seinare
på kvelden deltek Espen på
Fokus/ungdomssamling med
temaet: “Er det fornuftig å tru
på Gud?”. Dette er spennende
tema som vi håper mange vil
kome og høyre på.
Alle er heilt velkomne til samlingane, men skulle det enten
vere litt “spooky” eller det rett
og slett ikke passer å ta turen
innom bedehuset laurdagskvelden, så sjekk gjerne webradioen
vår der vi sender enkeltmøter
direkte og/eller legg ut frå møta
på websida i etterkant.
I tillegg til dei to samlingane
i Valderøy bedehus laurdag
k veld, deltek E spen Ot to sen på Spotlight-samlinga på
Godøya fredagskvelden og ved
Gudstjenesta i Valderøy kyrkje
søndag.
dato til venstre
14
Fredag 10. april 2015
FOLK
Alder: 58
Yrke:
Butikkseljar
Euronics, kvite–
og brunevarer,
elektronikk
Sivilstand:
Gift
Familie:
6 barn
Bur: Giske
Kva er ditt beste minne frå barndomen?
– Hesjing på markane ilag med besteforeldra.
Korleis var du som tenåring?
– Ja, sei det. Stort sett som dei fleste andre.
Gjekk på skule i byen. Jobba om summarane på fiskeboder, og var ute ilag med
kompisar i helgane. Eg var av den rolegare
sorten.
Dersom du skulle velje eit anna yrke,
kva kunne du tenke deg?
– Noko innan det tekniske feltet, som service og reparasjonsarbeid.
Kva bruker du fritida di til?
– Eg er med på organisert aktivitet. Speler
i Godøy Brass og er medlem i Godøy Museumslag. Er også med i ei venneforening
som liknar litt på Lions; Godøy Venneforening.
dato til høyre
Fredag 10. april 2015
Idar Valkvæ
Korleis er du på kjøkkenet?
– Eg likar å lage litt mat, til venner. Eg er
ikkje nokon utprega gastronom, men lager
baccalao og andre sorter middag. Klarer
meg godt.
Kva er det beste ved å bu i Giske
kommune?
– At vi har naturen rundt oss. Det er litt
meir avslappa enn å bo i byen. Landleg og
fint. Byen er nær, med kort reiseavstand.
Kva er ferien du drøymer om?
– Å reise Syd- og Nord-Amerika på langs.
Med bil eller tog.
Kva saknar du i Giske kommune?
Her kunne ha vore eit meir utprega sentrum; vi har ikkje noko stad vi kan kalle
for eit sentrum. Folk treffast mest på daglegvarebutikkar og legekontor, men elles
har vi ikkje nokon skikkeleg møteplass.
Kva musikk høyrer du helst på?
– Alt slag. Ifrå brass til progressiv rock.
Norsk musikk, Knut Reiersrud og Iver
Kleive.
Spelar du eit instrument sjølv?
– Ja, eg spelar horn i Godøy Brass.
Korleis held du deg i form?
– For det meste ved fjellturer og gåing ute.
Det er heldig å ha eit fjell med turstier i
nærleiken. Prøver å komme dit fleire gonger i veka.
Har du grøne fingrar?
– Ikkje utprega, nei. Held ikkje på med det.
Kun plen, litt busker og blomsterbed, men
ikkje noko stort. Det vert mest ein dyd av
nødvendigheit.
Kva les du?
– Aviser og magasin. Les fast National Geographic, krim og utanlandsk sci-fi, gjerne
på engelsk.
Kva forhold har du til sosiale media
som Facebook, Twitter og Instagram?
– Er registrert på alle, men bruker kun
Facebook littegrann. Les det meste som
folk legg inn, men det er sjeldan eg sjølv
er aktiv.
Kva meiner du om kulturtilbodet i Giske?
– Bra. Her har vi sport, bedehus og ein del
andre ting, men manglar uteplassar. Vi er
for nært byen til å ha mange konserter og
andre kulturtilbod.
Bruker du ofte kulturtilbodet i Ålesund?
– Er der av og til, men ikkje ofte. Det har
litt med tid og avstand å gjere.
Stemmer du ved kommune– og
stortingsval?
– Ja.
Bør Giske halde fram som eiga kommune
eller bør vi slå oss saman med andre?
– Giske bør vere eigen kommune foreløpig.
Kva kommune kunne det vere mest
naturleg å slå seg saman med?
– Nordre Sunnmøre. Ålesund, Skodje, Haram, Giske og Sula.
Kva er du opptatt av akkurat no?
– Skal lage bacalao på torskefesten, eit
arrangement på Godøytun til helga (intervjuet fann stad før vintertorskefesten i mars,
red.anm.)
15
Omsetnad av eigedomar i Giske kommune
Gnr 1, bnr 163 er overdrege frå
Martin K Roald til Petra Sofie
Roald (16.02.2015)
Overdragelsen omfatter også
Gnr 1, bnr 249
Fiskerstrand til Leba Norge as
(05.03.2015)
Dalegata 1 (Gnr 10, bnr 210,
seksjon 1) er selt for kr 40.000
frå Børsen Invest as til Magne Aasgå rd, Eina r Kv isv ik
og Asbjørn Bernhard Røvik
(27.02.2015)
Grytolmarka 22 (Gnr 185, bnr
130) er selt for kr 2.400.000
frå Anna Elna Elida Nedregård til Nordbohus Ålesund as
(13.11.2013)
Salget omfatter også Grytolmarka 22 (Gnr 185, bnr 130,
seksjon 1)
Salget omfatter også Grytolmarka 24 (Gnr 185, bnr 130,
seksjon 2)
Salget omfatter også Grytolmarka 28 (Gnr 185, bnr 130,
seksjon 3)
Salget omfatter også Grytolmarka 26 (Gnr 185, bnr 130,
seksjon 4)
Salget omfatter også Grytolmarka 30 (Gnr 185, bnr 130,
seksjon 5)
Salget omfatter også Grytolmarka 32 (Gnr 185, bnr 130,
seksjon 6)
Salget omfatter også Grytolmarka 36 (Gnr 185, bnr 130,
seksjon 7)
Salget omfatter også Grytolmarka 34 (Gnr 185, bnr 130,
seksjon 8)
Hagardsvegen 8 (Gnr 1, bnr
394) er selt for kr 3.300.000 frå
Ann Elisabet Røsvik Roaldsnes
og Odd Frode Roaldsnes til
Stian Blindheim og Julia Roaldsand (27.02.2015)
Gnr 124, bnr 6 er selt for
kr 6.300.000 frå Petter Oddvin Godø til Ørjan Stenerud
(09.03.2015)
Salget omfatter også Gnr 124,
bnr 611
Borniteigen 1 (Gnr 6, bnr 176)
er selt for kr 1.200.000 frå Bjørn
Synes til Lillian Skarmyr Olsen
(03.03.2015)
Gnr 189, bnr 202 er selt for kr
1.008.895 frå Giske kommune
til Retail Giske as (09.03.2015)
Salget omfatter også Gnr 189,
bnr 203
Salget omfatter også Gnr 189,
bnr 204
Salget omfatter også Gnr 189,
bnr 205
Gnr 1, bnr 163 er overdrege frå
Petra Sofie Roald til Magnar
Roald (16.02.2015)
Overdragelsen omfatter også
Gnr 1, bnr 249
Andel av Rørvikvegen 24 (Gnr
3, bnr 104) er overdrege for kr
1.170.000 til Kjell Magne Kjøllesdal og Marina Viktorovna
Kjøllesdal (27.02.2015)
Gnr 186, bnr 632 er selt for kr
92.790 frå Giske kommune til
Kalla as (27.02.2015)
Gnr 124, bnr 583 er selt for kr
450.000 frå Sigga Malena Godø
til Merk as (27.02.2015)
Halvardsrema 21 D (Gnr 129,
bnr 106, seksjon 4) er selt for kr
1.790.000 frå Øyvind Rabbevåg
og Marie Revhaug til AnneGrethe Giske (04.03.2015)
Gnr 125, bnr 19 er selt for
kr 2.895.000 frå Eva Janne
Godø og Tom Erik Yttri Synnes
til Mathilde Alnes Antonsen
(04.03.2015)
Gnr 7, bnr 4 er selt for kr
1.900.000 frå Bente Henriksen
Øvre Nordstranda 79 (Gnr
183, bnr 139) er overdrege frå
Lorents Perry Fauske til Maria
Fauske (10.03.2015)
Overdragelsen omfatter også
Gnr 183, bnr 243
Overdragelsen omfatter også
Gnr 183, bnr 307
Kolvikparken 10 (Gnr 183, bnr 882, seksjon 5) er selt for
kr 1.670.000 frå Bjarne Walderhaug til Thomas Sæther (10.03.2015)
Oksneset 9 (Gnr 183, bnr 419) i Giske kommune er overdrege
frå Einar Henry Berget til Elfrida Nancy Berget (19.03.2015)
Kolvikparken 10 (Gnr 183,
bnr 882, seksjon 5) er selt for
kr 1.670.000 frå Bjarne Walderhaug til Thomas Sæther
(10.03.2015)
Nordstranda 49 (Gnr 183, bnr
173) er overdrege frå Einar Giske til Elfrida Giske (11.03.2015)
Vikevegen 77 (Gnr 4, bnr 140)
er overdrege frå Helge Blind-
Valderhaugstranda 10 (Gnr 185, bnr 139) er selt for
kr 2.700.000 frå Bjørn Pedersen og Stein Pedersen
til Eivind Giskegjerde (17.03.2015)
heim til Mary Herdis Blindheim (11.03.2015)
Overdragelsen omfatter også
Gnr 4, bnr 162
Overdragelsen omfatter også
Gnr 4, bnr 219
Overdragelsen omfatter også
andel av Gnr 7, bnr 56
Overdragelsen omfatter også
andel av Gnr 7, bnr 84
Teppemyra 12 (Gnr 124, bnr
173) er selt for kr 2.700.000 frå
Norunn Arna Fjørtoft til Ludvig Andre Fjørtoft og Nathalie
Skjong (11.03.2015)
Ågnegjerdet 18 (Gnr 1, bnr
579, seksjon 5) er selt for kr
1.825.000 frå Jan Eivind Mikalsen og Linn Kristin Legernes
Ødegård til Martine Roaldsand
Røssevold (16.03.2015)
Valderhaugstranda 10 (Gnr
185, bnr 139) er selt for kr
2.700.000 frå Bjørn Pedersen
og Stein Pedersen til Eivind
Giskegjerde (17.03.2015)
Salget omfatter også Gnr 185,
bnr 184
Demmevegen 13 (Gnr 1, bnr
223) er overdrege frå Arne
Bernt Roald til Bjørg Brandal
Roald (17.03.2015)
Oksneset 9 (Gnr 183, bnr 419)
i Giske kommune er overdrege
frå Einar Henry Berget til Elfrida Nancy Berget (19.03.2015)
Overdragelsen omfatter også
Gnr 183, bnr 423 i Giske
kommune
Overdragelsen omfatter også
Gnr 29, bnr 89 i Sykkylven
kommune
Gnr 130, bnr 32 er overdrege til Nils Olav Giskegjerde
(23.11.1962)
Gnr 124, bnr 587 er selt for kr
250.000 frå Aasmund Godø og
Andreas Rørvik Godø til Egil
Vinnes Hjelmeland og Henriette Alnes Støhle (20.03.2015)
Andel av Klungreteigen 9 (Gnr
6, bnr 267) er overdrege for kr
2.200.000 frå Lillian Skarmyr
Olsen til Kristian Ervik Anthonsen (25.03.2015)
Andel av Oksneset 29 (Gnr 183,
bnr 110) er selt for kr 890.000
frå Vilius Balciauskas til Åge
Rønning (25.03.2015)
Andel av Gnr 127, bnr 132
er overdrege frå Roger Johan
Holvik til Renate Giske Holvik
(25.03.2015)
Gnr 185, bnr 205 er selt for
kr 75.000 frå Erling Magnar
Hovden t i l Rober t Skjong
(26.03.2015)
Salget omfatter også Gnr 185,
bnr 229
Gnr 124, bnr 242 er selt for kr
2.450.000 frå Mathilde Alnes
Antonsen til Sergei Morozov
og Olga Morozova (27.03.2015)
Kjelde: Statens kartverk
dato til venstre
16
Fredag 10. april 2015
Støbakk for ny ordførarperiode
Øy-Blikk skriv i utgåva
si på april sin første dag
om ordførar Støbak k
som v il hjelpe Giske
kommune på fote att.
Det vert vist til at Giske
kom mu ne ha r størst
gjeld av alle kommunene i landet, med heile
165% av inntektene.
”Det vert feil å hoppe av ei
skute som er på ferd mot ope
hav utan kontroll. Eg føler
at nokon må ta ansvar for
å ta unna oppvaska”, seier
Støbakk, ”Difor stiller eg som
ordførarkandidat for ein ny
periode”
Underteikna trur nok ikkje på
at dette er Knut Støbakk sine
eigne ord, men artikkelforfattar Rolf Hansen i Øy-Blikk
set i allefall lys på eit alvor
om ein oppvask som nokon
må ta. Biletet om skuta mot
ope hav utan kontroll spøker
treffande med fiskeskipper
Støbakk. Han har stått ved
roret siste tolv åra, men skal
sjølvsagt ikkje ha all skuld for
at skuta er ute av kurs. Den
må delast med kommunestyrefleirtalet i kvar einskild
prioriteringssak. Eg har sjølv
vore mannskap alle desse åra,
dei siste fire som nestkommanderande.
23 folkevalde personar utgjer
Giske kommunestyre, vi er
Støbakk sitt mannskap. Avgjerande prioriteringar vert
gjorde ved fleirtalsvedtak.
Store investeringar har ført
kommunen til gjeldstoppen
med dei følgjer dette får for
drifta av skular, barnehagar
og omsorgstilbod. Rente og
avdrag på desse låna viser att
i budsjett for 2015 med vel 63
mill. kroner. Rekneskapsmessig meirforbruk i 2014 var vel
11 millionar kroner.
Underteikna har vore del
av eit vekslande mindretal
mellom” mannskapet” som
har prioritert annleis i saker som gjeld både drift og
investeringar. Her kan nemnast saker som Omsorgsplan
2010-15, bygging av Giske
Omsorgssenter, Skomakarvegen bufelleskap og nye
Valderøy barneskule. Løkevegen bufellesskap og Alnes
besøkssenter står for tur i
2015. På Alnes ligg 6 mill.
i potten for bygging og 1,3
mill. i parkeringsplass. Frå
før har kommunen ytt vel ein
million i forprosjekt og kr.
550 000,- i grunnkjøp.
Rådmannen kan vel i same biletleggjering seiast å vere roret
på skuta. Roret er vårt verkty
som endrar kurs etter nemde
fleirtalsvedtak. Konsekvensar
av mannskapet sine prioriteringar, eller mangel på slike,
har rådmannen åtvara mot i
innstillingar til sakene. Alle
årsmeldingane frå 2010 fortel
om eit altfor høgt driftsnivå i
høve til kommunen sine frie
midlar.
At skuta er komen ut av kurs”
mot ope hav” skuldast ikkje
feil ved roret. Mannskapet
har nok vorte freista ut av
kurs av flotte forprosjekt og
gode tiltak som det har vore
vanskeleg å seie nei til. Konsekvensane ser vi no gjennom nedskjeringar i tenester
innan barnehagar, skular og
eldreomsorg.
Skuta vår søkjer nytt mannskap frå september månad i
år. Kven som vert skipper er
for tidleg å seie no, men det
er fleire kandidatar. Heile
ma n nskapet ska l avg jere
kursen videre. Farvatnet har
vorte trongare å manøvrere
i og krev godt sjømannskap.
Demografi og inntektssys-
tem set Giske mellom dei
kommunene i landet med
lågast inntekt. Ei Kostraanalyse for 2012 seier at
Giske kommune har eit lavare handlingsrom enn ei
gjennomsnittleg norsk kommune, og har derfor ikkje råd
til å levere tenester på nivå
med landsgjennomsnittet.
Då må mannskapet på skuta
gjere stamme prioriteringar
for å manøvrere inn i smulere fa r vat n. F yl kesma nnen tilbyr alternativ styring
gjennom ROBEK.
Underteikna har søkt seg om
bord for ein ny tur og vonar
at det nye mannskapet evnar
å halde skuta flytande til
beste for alle innbyggjarane
i Giske kommune og for dei
tenestene vi etter lova skal
yte for desse.
likevel, jeg føler meg ikke
trygg når vi bl.a. opplever
at det fra kommunen satses
i millionklassen til luftslott
på Alnes, samt manglende
økonomistyring på andre
garantier.
Olav Sindre Roald
Varaordførar
Ingen skam å snu!?
Ser i siste Øy-Blikk at
sittende ordfører benytter seg av fjellvett-regel
i la nser ingen av sit t
eget kandidatur til videre ordførerverv. I og
med at avisen er utgitt
1. april er dette nok en
aprilspøk, for jeg finner
det svært lite sannsynlig at
den gode herr Støbakk selv
mener seg kapabel til å gjenskape tillit. Likevel kan jeg
ikke unnlate å komme med
noen betraktninger rundt
hans tid i førerstolen.
K nut Støbak k har ut v ils-
omt vært en bra ordfører
for kommunen, og det har
spiret og grodd i hans fotspor. Det siste med storstilt
åpning av ny barneskole, og
satsingen på eldreomsorg
med det nye senteret som
gode eksempler. Apropos:
Det siste løftet om flere institusjonsplasser ble vel ikke
innfridd?
at dette i det minste antydes, og at en kursendring
må til for å få skuta på rett
kjøl igjen. Jeg er imidlertid bekymret for at denne
endringen kom noe sent,
for etter mitt syn bryter det
rundt oss på alle kanter! Som
tidligere fiskeskipper burde
KS innsett dette og endret
kurs tidligere.
omgang sender regningen
til kommunens innbyggerne
i form av stadig økende boligskatt, borger det ikke akkurat for tillit. Hvis jeg ikke
tar helt feil, brukte også ordføreren sin dobbeltstemme til
å innføre denne ekstrabelastningen på innbyggerne selv
om han gikk til valg på det
motsatte.
Men dessverre, hans tid som
ordfører vil ik ke bare bli
husket for dette, men også
for den økonomiske tilstanden kommunen har havnet
i gjennom disse årene. Flott
Det må være lov å minne
kommunestyret om at det
er folkets representanter, og
at det ikke bare er sitt, men
vårt pund de forvalter. Når de
ikke makter dette, og i neste
Vi står utvilsomt foran en
økonomisk hestekur, og det
må vi ta innover oss for å fortsette med selvstyre. Alternativet heter som kjent Robek,
og det ønsker vel ingen? Men
Uansett, aprilspøk eller ikke,
den økonomiske grunnstøtingen til kommunen er definitivt ikke til å spøke med.
Etter min oppfatning er ikke
justering av kursen noen
løsning, men kanskje et vaktskifte?
Svein Roger Skjong
Siste appell mot riving av sendarbygget frå 1948
Norkring
v/ Knut Kjennerud
Telemuseet ved Eli Hall
Riksantikvaren
Riving av
sendarbygget frå
1948 på Vigra
Kringkastar?
R iksantikvaren kalla inn
til synfaring/møte på Vigra
Kringkastar 13.2.15. Norkring kunne dessverre ikkje
møte. Grunneigaren og venneforeininga gjekk saman
om å be riksantikvaren om
å frede sendar-bygget. Giske
kommune sin representant
sa at det kunne vere mogleg
at Giske kommune kunne
vurdere å eige bygget. Slik
eg ser det, er dette dessverre
urealistisk. Personleg hadde
eg ingen ting imot dette, men
mi forut-setning var at grunneigaren var samd i dette.
Noko eg trur også var Giske
kommune sin representant si
forut-setning. Grunneigaren
har gjort det klinkande klart
at han ikkje aksepterer andre
enn Norkring eller Telemuseet
som eigarar av sendar-bygget.
Den einaste utvegen er at
kommunen ekspropr ierer
grunnen mot grunneigaren
sin vilje.
Ei slik løysing er eg sterkt
imot. Eg har ei sterk politisk
overtyding om at kommunen
først og fremst skal ta vare på
sine eigne innbyggjarar sine
interesse mot sterkare partar.
I tillegg er det eit faktum at
ingen har ytt meir enn tidlegare grunneigar i arbeidet for
å ta vare på Vigra Kringkastar
si historie.
Det var Telenor/Telemuseet i
samarbeid med Riksantikvaren som valte Vigra Kringkastar som det einaste verneobjektet i Møre og Romsdal fylke
på Telenor sin verneplan.
Eg reknar med at det var Vigra Kringkastar si nasjonale
kringkasting- og krigshistorie
som var årsaka. Radio-masta
som var ein del av kringkastingsstasjonen, stod oppført
som eige verneobjekt. Avinor
gjekk til stortinget for å få
fjerna radio-masta og inngjekk ein økonomisk avtale
med Norkring om å rive radiomasta.
I grunnavtalen forpliktar
eigaren å rydde opp etter seg.
Når Norkring søker om riving
av sendar-bygget, ser eg det
som at Norkring har erkjent
sitt oppryddingsansvar. Det
er Telenor/Norkring og riksantikvaren som er den sterke
parten og har det fulle og
heile ansvaret for, om dei vil
bruke fleire millionar kroner
i riving av sendar-bygget og
rydding av resten av området,
eller våge å satse på eit Tele-/
kringkastingsmuseum og då
spare pengane.
Eg har stor tru på at fleire vil
arbeide for at eit slikt tele-/
kringkastingsmuseum skal
lukkast. Mykje av arbeidet er
alt utført. Eit «museumsområde» der dei eldste verneobjekta og dokumentasjon er
samla og utstilt for tidsrommet 1924/35 til 1948/52. I
sendarbygget frå 1948 har vi
samla utstyr og dokumentasjon frå 1948 til 2011 – både
AM, men ikkje minst analog
TV- og FM-utstyr og dokumentasjon frå heile Møre og
Romsdal fylke. Dette er også
snart viktig teknisk historie.
Venneforeininga har i lang tid
arbeidd for eit spleiselag der
Giske kommune, Sunnmøre
Museum, fylket/fylkeskonservatoren, Tafjord Kraft/Ålesund kommune, Sparebanken
Møre og andre kan vere med.
Slik eg ser det er det uråd å gjere noko med eigarforholdet.
Eg vil be Telenor/Norkring/
Telemuseet og Riksantikvaren
satse på eit Tele-/kringkastingsmuseum framfor å bruke
fleire millionar kroner til å
rive bygget og rydde området.
Mvh Jon Hildre
leiar i venneforeinga for
Vigra Kringkastar
dato til høyre
Fredag 10. april 2015
17
Kva er dette?
Ein lesar har levert inn desse to gjenstandane til redaksjonen og ber
om hjelp til å finne ut kva det er og kva det er brukt til. Det ser
ut som to handtak laga i tre og er spissa i eine enden der det
også er eit hol. Gjenstandane, som vart funne i eit naust
på Nordstranda på Valderøya, er om lag 20 cm lange.
Finnaren kan opplyse at det fantes fleire
slike i naustet. Vår kommune har massevis med
erfarne fiskarar som truleg kan hjelpe, for vi
trur kanskje det kan ha noko med sjødrift
å gjere. Veit du kva det er brukt til
så ta kontakt med redaksjonen i
telefon 70 18 63 80 eller direkte
til redaktør 92 42 33 98.
Foto: Kristoffer Oftedal
Bruk vårt lokale næringsliv
helse | trim | kropp | velvære
Timebestilling: 70 18 54 50
Man,ons,fre: 10-17
Tir,tor:10-19 Lør:10-15
Ditt Firma
Her
Kr350
Foto: Lise Istad Slotsvik
dato til venstre
18
Fredag 10. april 2015
rubrikken
TIL LEIGE
TIL SALGS
tips
øy-blikk
informasjonsmøte
Giske kommune inviterer til ope informasjonsmøte på Alnes Brygge
om samfunnsutviklinga på Godøya.
Stad: Alne Brygge, dato: 14.04.2015, kl. 18.00-21.00
på telefon
2 vekes
rubrikkannonser
for private
kostar berre kr130,-
70 18 63 80
Viser til Giske kommune si heimeside for meir informasjon
Alle er velkommen
Giske Idrettshall, Valderøya
Vyborg – basar
Bestilling per e-post:
[email protected]
eller tlf. 7018 6380
seinast tysdag kl.12.00
Torsdag 16. april kl.18.00 (om en uke)
Sang: Godøy Brass, Valderøykvartetten
og Torstein Remme.
Andakt v/Irene Krokeide Alnes.
Start og mål,
idrettshallen 18. april
VALDERLØPET
Laurdag
Laurdag 20. april kl. 13.30
ØNSKER Å KJØPE
MISTET
til salgs
50 tall’s skjenk selges
m/utkjøring,
3 dører, 8 skuffer.
Bredde 48cm, lengde 60cm, høgde m/bein 102cm.
tlf. 48 36 14 50
ALFA
BEGRAVELSESBYRÅ AS
Vi står alltid til tjeneste
ved dødsfall og begravelse.
Personlig oppfølging fra
våre konsulenter.
DØGNVAKT: 70 18 34 44 / 70 16 92 20
(Avd. Ytterland og Gåseid)
Besøk vår hjemmeside:www.aabb.no
Påmelding pr. mail: send namn og fødselsår til
BEVERTNING, Loddsalg og åresalg.
Startnummer kan hentes ved betaling av
Info om hjelpearbeidet.
[email protected]
før www.ilvalder.no
torsdag 18.4. kl 20.00.
Info
og distansene:
Påmelding:
navn,
fødselsår
og19.distanse
til
startkontingent
i Idrettshallen
fredag
april kl
18.00 -19.30 eller på løpsdagen frå kl 11.00 -12.30.
[email protected]
Etterpåmelding i same tidsrom.
Hovedtrekning av skrivelodd.
Meld deg på per mail og spar arbeid og pengar!
Øvrig informasjon: www.ilvalder.no
FURENE, 6100 VOLDA
ALLE er varmt velkommen.
NB!:
Køyrerute kvar
onsdag til Ålesund, Sula,
Giske, Skodje, Haram,
Ørskog. Sykkylven (tirsdag)
og Hareid (torsdag)
FRAKTFRITT
Arrangør: Vyborghjelpen
Valderøy
LAVPRIS-MATERIAL
bedehus
- PRISAR INKL. MVA
NB! Alle bestillingar for KØYRERUTA må vere innkomne innan onsdag
36x68 just . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 12,50
48x98 just . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 20,45
19x148 dobbelfals, 1. sort gr. kvit . . . . . pr m 2 kr 146,70
15x70 prof. golv/dør kvit . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 33,95
21x70 prof. tak kvit . . . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr 40,00
12 mm std. spon 122x239 . . . . . . . . . . . . . . . pr pl kr 154,90
Bever tak skygge MDF 12x128x239 eggk. pr m2 kr 165,Bygg1 Kari dør 70-100-200-210 kvit karm. pr stk kr 1200,70 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . . . . . . .pr m 2 kr 33,30
100 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . . . . . .pr m 2 kr 46,30
150 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . . . . . .pr m 2 kr 67,80
200 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . . . . . .pr m 2 kr 92,50
Torsdag 9. april - kl 20.30 Bibellesing m/tema Apg 24
Laurdag 11. april - kl 19 - Møte m/Espen Ottosen
Tema: “Vår tids største misjonsutfordringer”
- kl 21 - Fokus/Ukveld
Tema: “Er det fornuftig å tru på Gud?” v/Espen Ottosen
Onsdag 15. april - kl 19
- Møte m/ Arvid Berntsen
Torsdag 16. april - kl 18
- Vyborgbasar i Giskehallen, Valderøya
Velkomen til samlingane !
www.valderoybedehus.no Arr. Valderøy IM/IUF/S.skule
MDF perle, skygge, fas
11 x 620 x 2390 mm
Eggkvit, Cafelatte, Lys Toscana, Skagen
129,-
Valderøy
Historielag
Tidlegare
Tidlegare SISenteret begravelsesbyrå
SISenteret
AS
begravelsesbyrå
Tidlegare SISenteret
AS
begravelsesbyrå AS
Kostmalt kr
pr plate.
Fritt
levert
Døgnvakt:
Døgnvakt: 70 17 86 60
70 17 86 60Døgnvakt:
70 17
86
60
VI
VI ER DER
ER
NÅR
DER
DU TRENGNÅR
OSS
DU TRENG
VI ER OSS
DER NÅR DU TRENG OSS
kaller med dette inn til
Vi
Vi kankan
avtale møte
avtale
i heimen, avdeling
møte
Øysenteret
i heimen,
eller
Vi kan
avdeling
avtale
Øysenteret
møte i heimen,
eller
avdeling Øysenteret eller
kontoret
kontoret i Spjelkavik i Spjelkavik
kontoret i Spjelkavik
Lokal kunnskap, med
landsdekkende erfaring.
Lokal kunnskap, med
landsdekkende
erfaring.
Lokal kunnskap,
med
landsdekkende erfaring.
Vi utfører alle elektro oppdrag for bolig og næring.
Vi utfører alle elektro oppfor bolig
og næring.
Vi utfører drag
elektro
opp•alleSkift
til LED:
spar penger
drag for bolig
og
næring.
• Styr varmen: spar strøm
• Skift til LED: spar penger
• El. kontroll: lavere forStyr
varmen:
spar strøm
• Skift til•LED:
spar
penger
sikring
• El. kontroll:
lavere for• Styr varmen:
spar strøm
sikring
• El. kontroll:
lavere
forKjetil
Løvold
sikring
Ring
7095
11 67
14 05
Mob 46
99
eller 70 11 14 05
Ring
Ring 70 11 14 05
sykkylvsbladet-høy.indd 1
5/13/2014 9:24:52 AM
sykkylvsbladet-høy.indd 1
et-høy.indd 1
blikk
5/13/2014 9:24:52 AM
5/13/2014 9:24:52 AM
#øyblikk
dato til høyre
Fredag 10. april 2015
Boka om
Valderøy
Husmorlag
er no til salgs i
Øy-Blikk sin
redaksjon i
Øysenteret 2. etg.
OPE MANDAG – FREDAG 8 – 17. LAURDAG 9 – 14
Årsmøte
på Johansbuda
søndag 12. april kl. 15.00
HYTTER – SJØLVBYGGARGARASJER – ALT I TRELAST
www.koppenind.no – [email protected]
I tillegg til vanlege årsmøtesaker
så viser vi filmen Festung Sunnmøre.
Finn oss på
1650+ Likes!
Filmen tar mellom anna fore seg
det tyske festningsanlegget på Roald
der fleire lokale personar blir intervjua.
@dortlis - Dorthe Nedregotten - 4.4.15
Trenger du Elektriker?
Trenger du Elektriker?
Trenger du Elektriker?
Vi har Glava, Decra, ståltak, takstein, H-vindu, dører
Be oss om tilbod!
06 87 70.
E-post: [email protected]
Telefon 70 04 59 90 Fax 70
www.sisenteret.no
@siljebente - Silje Giske - 11.3.15
E-post:
E-post: [email protected]
[email protected]
www.bbsunnmore.no
www
www.sisenteret.no
.sisenteret.no
19
Siste sida
TIPS OSS PÅ TELEFON 70 18 63 80
sol og måne
10. apr.
6.28, 20.47, 02.33, 9.32
11. apr.
6.25, 20.50, 03.24, 10.32
12. apr.
6.22, 20.53, 04.05, 11.44
13. apr.
6.18, 20.55, 04.36, 13.06
14. apr.
6.15, 20.58, 05.00, 14.35
15. apr.
6.12, 21.01, 05.20, 16.07
16. apr.
6.09, 21.04, 05.38, 17.40
Ti tusen skygger: en historie om Norge og de spedalske
- Bjørn Godøy
Trine Naadland, Giske folkebibliotek
Dette er skildringa av
koss den unge nasjonen
litt snublande tok fatt
på å kontrollere lepra
- den store folkesjukdomen på Vestlandet.
For det var folket langs
kysten frå Stavanger til
Tromsø, som verkeleg
leid under denne sjuken
og ca 10. 000 døydde på
1800-talet. Sjølv om tuberkulose tok ca 250. 000
i same tidsrom, vart lepra
sett på som mykje verre
av di ein meinte det kom
av manglande kulturell
utvikling, og slikt kan
ikkje ein ung nasjon ha
på seg.
Lepra var kjent f rå
Bibelen, og hadde herja
her i landet minst sia vikingtida, og synet på dei
sjuke som ”ureine”, sat
djupt. Men legestanden
og folket var grunnleggjande usamde: legane
sa lepra var arveleg, medan folk f lest meinte
det smitta. Ingen hadde
noko botemiddel. Likevel
var det dei to legane Jens
Johan Hjort i Oslo og
Daniel Hansen i Bergen
som bidrog fyrst og mest
til å gje dei sjuke hjelp og
flo / fjære
10. apr.
Flo
Fjære
Flo
Fjære
03:05173
09:2851
15:38166
21:5059
11. apr.
Flo
Fjære
Flo
Fjære
03:53165
10:2657
16:39158
22:5368
12. apr.
Flo
04:56158
Fjære 11:3961
Flo
17:56153
13. apr.
Fjære
Flo
Fjære
Flo
00:1273
06:16155
13:0158
19:23155
14. apr.
Fjære
Flo
Fjære
Flo
01:3770
07:40159
14:1749
20:38164
15. apr.
Fjære
Flo
Fjære
Flo
02:4760
08:49171
15:2035
21:38177
16. apr.
Fjære
Flo
Fjære
Flo
03:4547
09:46185
16:1322
22:28189
Lesetips til helga
å løyse gåta om leprabasillen. Armauer Hansen
som alle kjenner som
leprabasillens oppdagar,
fullførte prosessen med
å påvise den basillen som
spreidde sjukdommen.
Hjort prøvde å få oppretta pleiestiftelsar for
dei sjuke, men staten
meinte det vart for dyrt,
og innskrenka seg i 1839
til å opprette ei legestilling for dei spedalske ved
St. Jørgen i Bergen. Der
vart den unge Danielsen
tilsett med oppdrag både
å finne årsaka til sjukdomen, og ein kur mot
han. Seinare kom det 3
isoleringsanstaltar på
Vestlandet, den ein var
Reknes hospital.
Danielsen innfør te
nøye registrering av pasientane, bading kvar
veke, obduserte dei som
døydde, og engasjerte
ein dyktig teiknar til å
dokumenter både dei
levande og dei organa
som han obduserte. Saman med ein kollega i
Oslo, gav han ut ei lærebok i diagnostisering
av sjukdomen, som vart
banebrytande i Europa.
Han vart etterkvart rekna
som ein av verdas fremste
ekspertar på sjukdomen.
Godøy skildrar både
koss forferdeleg ofra for
leprasjukomen hadde
det, og alle dei fordømmande haldningane som
fanst i overklassen og
blant dei velutdanna.
Han skildrar også arbeidet til desse legane som
sleit med å finne gode
løysingar, på ein lettlesen og interessant måte
- slik at det nesten gys i
lesaren.
Kvar fjortande dag gir Giske folkebibliotek deg eit nytt lesetips til helga.
Håvard Bjørnelv og Trine Naadland, ved biblioteket, er det som gir deg tipsa.
hjernetrim
Svar på
førre Sudoku
SuDoku
3
2
5
9
4
8
1
6
7
9
7
4
6
1
5
8
3
2
6
8
1
2
3
7
9
4
5
2
5
9
8
7
4
3
1
6
1
4
6
5
2
3
7
8
9
8
3
7
1
6
9
5
2
4
5
6
8
4
9
1
2
7
3
4
9
3
7
8
2
6
5
1
7
1
2
3
5
6
4
9
8
Fyll ut dei tomme
rutene med tal frå
1 til 9, både vannrett, loddrett og
i kvadrata.
Levert av Media Berge
@siljebente - Silje Giske - 17.3.15
���� �������������
���������� �������
���������� �������
������ ��������� ��
�����������������
������ ��������� ��
����������� ������
�����������������
����� ������������
#oyblikk | @øyblikk