Returadresse: Norges Fjordhestlag Myroldhaug 6770 Nordfjordeid Årsmelding og rekneskap Norges Fjordhestlag 2014 Innkalling til årsmøte Møtestad: Nordfjord Hotell, Nordfjordeid: Møtetid: Onsdag 29. april 2015, kl. 13.00 Møteleiar: Bjørn Vollstad Sakliste Sak 1: Opning av møtet ved leiar Sak 2. Registrering av utsendingar Sak 3: Val av to utsendingar til å underteikne møteboka Sak 4: Godkjenning av innkallinga Sak 5. Årsmelding 2014 Sak 6: Rekneskapen 2014 Sak 7: Medlemskontingent. Sjå side 13 i årsmeldinga. Sak 8: Utstillingssesongen 2015 - avlsplanen. Orientering. Høve til innspel. Sak 9: Val spesifisert etter vedtektene. Vedr. sak 8: Nærare informasjon vil bli tilsendt når denne føreligg. Æresmedlemmer Utnemnd år: 1980 1990 2000 2002 2007 2010 2014 2 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Namn: Audun Sydnes, Arnavik Arve Rolstad, Lillehammer Judith Hegrenes, Førde Tor Nestaas, Oslo. Med heidersteikn. Tor Finstad, Lena. Med heidersteikn Odd Drageset, Innvik. Med heidersteikn Susan Hellum, Larvik. Med heidersteikn. Årsmøtet er eit ope møte der medlemane vert oppfordra til å delta, kvart einskild Fylkes- og Distriktslag vel utsendingar til årsmøtet. Alle Fylkes- og Distriktslag har rett på minst ein utsending til årsmøtet. Deretter ein ny for kvar påbyrja 30 medlemer. Oversikt over tal medlemmer og tal utsendingar: Østfold Oslo og Akershus Hedmark Oppland Buskerud Vestfold Telemark Aust Agder Vest Agder Rogaland Hordaland Sunnfjord og Sogn Nordfjord Møre og Romsdal Trøndelag Nordland Troms Finnmark Sum grunnlag utsendingar Ikkje tilknytta lokallag SUM 2013 38 82 55 70 49 31 30 13 27 115 197 112 121 125 59 24 14 7 1169 52 1221 2014 32 75 40 50 43 21 20 7 24 112 155 112 112 103 40 21 13 4 986 44 1030 Tal utsendingar 2 3 2 2 2 1 1 1 1 4 6 4 4 4 2 1 1 1 42 Alle kostnader med reise og opphald må dekkast av den einskilde utsending/årsmøtedeltakar. Tillitsvalde i Norges Fjordhestlag Ordstyrar: Bjørn Vollstad Styret Styreleiar: Janne Seilen Nestleiar: Anne-Karin Løken Styremedlem: Knut R. Thunheim Styremedlem: Vidar Heggheim Styremedlem: Kai Stein 1. varamedlem: Petter Inge Bergheim 2. varamedlem: June C. Horntvedt Avlsutval: Leiar: Utvalsmedlem: Utvalsmedlem: Varamedlem: Jonas Vevle Even Myklebust Katrine Haugaard Sigmund Nesvik På val 2015 Varamedlem: På val 2015 Ettersynsnemnd: Ola Einar Krok Hanne Jørstad Svendsgard På val 2015 På val 2015 På val 2015 På val 2015 På val 2015 På val 2015 Aktivitetsutval: Leiar: Aina Benedicte Huseby Utvalsmedlem: Lucinda Bjørnset Reksten Utvalsmedlem: Miriam Hoddevik, 1 år for Tina Holte Rød. På val Valnemnd: Leiar: Medlem: Medlem: Vara: Hanne Jørstad Svendsgard, 1 år for Miriam Hoddevik. På val På val På val Tone Kristin Smørdal Audun Næs Ben Hjelmervik Nils Magne Gjengedal Medlem i representantskapen Norsk Hestesenter: Janne Seilen og Gunnar Bruland Representant i styret ved Norsk Fjordhestsenter AS: Janne Seilen og vara Gunnar Bruland 3 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Valgnemndas innstilling til årsmøtet 2015 Leder: Janne Seilen (gjenvalg) Styremedlem: Knut R. Tunheim (gjenvalg) Styremedlem: Vidar Heggheim (gjenvalg) 1. vara til styret: Petter Inge Bergheim (gjenvalg) 2. vara til styret: June Cecilie Horntvedt (gjenvalg) Medlem avlsutval: Katrine Haugaard (gjenvalg) Vara til avlsutval: Steinar Furnes (ny etter Sigmund Nesvik) Medlem aktivitetsutval: Miriam Hoddevik (gjenvalg) Vara til aktivitetsutval: Hanne J. Svendsgard –har ikke fått endelig svar Ordstyrer: Bjørn Vollstad (gjenvalg) Ettersynsnemd: Ola Einar Krok (gjenvalg) Ettersynsnemd Hanne Jørstad Svendsgard (gjenvalg) Norangs Minnefond: Sogn og Fjordane: Arne Olav Bjørlo (gjenvalg) Vara for Sogn og Fjordane:Tone Kristin Smørdal (gjenvalg) Møre og Romsdal: Anders S. Moen (gjenvalg) Vara for Møre og Romsdal:Lisbeth Mo Myklebust (gjenvalg) Foreløpig innstilling 05.03.15 Tone Kristin Smørdal (leder), Audun Næs og Ben Hjelmervik Årsmøtet Norges Fjordhestlag sitt årsmøte blei halde på Nordfjordeid, onsdag 30. april i samband med hingsteutstillinga. Det møtte 26 utsendingar frå 11 fylkes- og distriktslag. I tillegg møtte 5 frå styret. Ordstyrar Bjørn Vollstad sette møtet og gav ordet til leiar Janne Seilen som ynskte utsendingar og gjester velkomne. Årsmøtet minnast først dei som var gått bort sidan forrige årsmøte med eit minutts stillheit. Etter å ha registrert utsendingane blei Olav Rune Seljeset og Mia Høiseth valde til å skrive under møteboka. Årsmeldinga 2013 blei lagt fram post for post. Den blei samrøystes godkjend. Rekneskapen 2013 blei lagt fram med eit underskot på kr. 56.359,83 med orientering om einskildpostar. Årsak til underskotet er opprydding i kundefordringar, vedr. utgåtte medlemer. Knut R. Hjelle la fram revisjonsmeldinga. Rekneskapen blei samrøystes godkjend. Styret hadde ikkje framlegg om å endre medlemskontingenten, kontingenten blir uendra for 2015. Nordfjord Fjordhestlag og Indre Nordfjord Fjordhestlag hadde sendt inn sak om tal dyr på utstillingane. Det blei utarbeidd ei fråsegn på bakgrunn 4 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 av innspela som kom, som NFL skulle vidaresenda til NHS. Samrøystes godkjent. Siste sak før valet var styrets framlegg til endring i vedtektene, gjort på bakgrunn av tidlegare årsmøtevedtak. Samrøystes godkjende, med mindre endringar i formuleringar/rettskriving. Vedtektene finnast bak i bladet. Når det gjeld valet viser ein til oversikt over tillitsvalde annan stad i årsmeldinga. Leiar Janne Seilen takka så for eit godt møte. Ho takka dei som gjekk ut av verv, Anni Fladby, Madsi Vinjevoll, Knut R. Hjelle og Arve Espe for godt og verdifullt arbeid og ynskte dei nye tillitsvalde velkomne. Drift av laget Samandrag Norges Fjordhestlag har hatt lønna sekretær i 40 % stilling fram til 30. september 2014. Norges Fjordhestlag og AS Norsk Fjordhestesenter har inngått avtale om samarbeid gjeldande frå 1. september 2014. Norsk Fjordhestsenter utfører frå denne dato sekretærtenester for laget og fungerer som ressurs i den daglege drifta. Avtalen er økonomisk gunstig for laget, og medlemmane har no mulegheit til å treffe kontaktpersonar på telefon eller e-post kvar dag heile veka. Dagleg leiar ved NFHS Jostein Vonheim fungerer som sekretær for NFL. Andre oppgåver er fordelte på tilsette ved senteret. Medlemsregister Det er også i år gjort ein stor jobb med å rydde opp i medlemsregisteret og finne riktige adresser på medlemmer slik at ein unngår returpost. Husk å melde adresseendring ved å sende ein mail til [email protected] eller ringe 57 86 48 00. Medlemsbladet Fjordhesten ”Fjordhesten” kom også i 2014 ut med 4 nummer, og med opplag som tidlegare, 1400. Samarbeidet med Bondevennen vart vidareført i 2014 etter avtale ut frå same vilkår som tidlegare. Samarbeidet fungerer veldig godt. Vi vil oppmode medlemmene til å engasjere seg og sende stoff til medlemsbladet. Organisasjonen Norges Fjordhestlag er ein landsdekkande organisasjon der medlemmene er organisert i lokallag. Lokallaga i eit fylke skal samansluttast til eit fylkeslag. I tillegg er det organisert to distriktslag, Nordfjord og Sunnfjord. Det er 16 fylkeslag, 2 distriktslag og 40 lokallag. Styret sitt arbeid Styret har i 2014 sju styremøte, derav to på Skype. Det har vore handsama 69 saker. Rekneskapen for 2014 viser eit underskot på kr kr 13608. Styret har gjort fleire tiltak for å betre på den økonomiske situasjonen. Sekretærstillinga er sagt opp og dei fleste sekretæroppgåvene er overførte til AS Norsk Fjordhestsenter med fast månadspris inkludert kontor (husleige) og rekvisita. Dette gir laget ei god innsparing av kostnader. Kostandene elles er kutta ned til eit minimum. Styre- og utvalsmedlemmer dekkjer sjølv kostnader til reise og overnatting i samband med møteverksemd og arrangement. Styret valde å legge ned butikken med varelager på senteret. Arbeidet med ny løysing i samarbeid med ekstern leverandør av profileringsartiklar vart sett i gang og ny løysing gjennom nettbutikken er planlagt i løpet av 2015. Styret valde å inngå samarbeid med Norsk Fjordhestsenter om nye, felles nettsider. Dette arbeidet vart sett i gang i 2014, med planlagd lansering i 2015. Styret har forlenga avtalen med Agria Dyreforsikring. Årets utstillar for 2013 vart Stian Nesvik, Nærbø og årets oppdrettar 2013, Jonfinn Bø frå Breim. Styret delte ut utmerkingar for prestasjonane på festmiddagen under hingsteutstillinga. Felles Haustmøte vart halde på Biri, i lag med Landslaget for Dølahest og Landslaget for Nordlandshest/Lyngshest. Det var god oppslutnad om møtet og god breidde i det faglege innhaldet. Endring i Forskrift om godkjente dyr av hestefamilien, der kåringsbestemmelsen fell vekk, har gitt styret svært mykje arbeid siste halvår. Tilpassing av avlsplanen til den nye situasjonen har vore sentralt. Kartlegging av mulegheitene ein har i tida framover og den økonomiske situasjonen til dei nasjonale raseorganisasjonane har vore på dagsorden. Mykje av arbeidet har vore i samarbeid med Landslaget for Dølahest og Landslaget for Nordlandshest/Lyngshest. Leiarane i dei tre nasjonale raseorganisasjonane møtte Landbruks- og matdepartementet 1. desember. Ei høyring vedkomande avlsplanen vart send ut til medlemmene før jul, fleire høyringar er i vente i 2015. Styret har søkt om eksterne midlar gjennom fleire ulike prosjekt: • Søknad om støtte til avlsorganisasjonar 2015 – Landsbruks- og matdepartementet • Søknad om støtte til dyreavl 2015 – Landbruksdirektoratet • Forskingsprosjekt: Utvikling av norske og svenske hesteraser til nasjonale merkevarer – Det norsk/svenske hesteforskingssamarbeidet • Søknad om støtte til frivillige organisasjoner 2015 – Landsbruks- og matdepartementet Takk! Styret vil takke alle samarbeidspartar: AS Norsk Fjordhestsenter, Norsk Hestesenter, Nord-Norsk Hestesenter, Fjord Horse International, Landslaget for Dølahest og Landslaget for Nordlandshest/Lyngshest for samarbeidet i 2014. Fellesskap og samarbeid er det beste for å løyse dei utfordringane ein vil møte i framtida. Også takk til alle sponsorar! Styret takkar web-ansvarlege Ingvild N. Sveen, June C. Horntvedt og Ingvild Rydjord Hansen, og redaktør Åse Ravndal for arbeidet dei gjer med nettsider og medlemsblad. Takk til Anni Fladby som gjekk ut av styret og som framleis har ansvar for arbeidet med Fokus Unghest. Styret takkar også Madsi Vinjevoll som gjekk av som leiar av aktivitetsutvalet, og Knut Rasmus Hjelle og Arve Espe for mangeårig arbeid som revisorar for laget. Ikkje minst takkar styret også alle bidragsytarar og medlemmar for stort engasjement innan avl, bruk, marknadsføring og organisasjonsarbeid. 5 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Årsrekneskap 2014 - Norges Fjordhestlag Balanse pr. 31.12. EIENDELER Fast eigdom, bygninger Maskiner og inventar, andre anl.midler Sum anleggsmidler Varebeholdning Kundefordringer, andre krav Aksjer og verdipapirer Kontanter, bankinnskudd Sum omløpsmidler SUM EIENDELER 2012 2013 2014 63000 190391 1387500 135055 1775946 1775946 127500 166102 1387500 83300 1764402 1764402 61128 80215 1387500 197797 1726640 1726640 1683159 1626800 1613192 47360 93233 113448 16346 29082 20575 23795 0 0 92788 1777947 137603 1764402 113448 1726640 2012 2013 2014 584379 543816 546935 292727 877106 364891 908707 369518 916453 -16000 333860 -64500 251761 66372 152894 13000 13000 6500 568874 899734 765990 966251 704947 930713 -22628 1845 -57544 1184 -14260 652 -20783 -56360 -13608 GJELD OG EIGENKAPITAL Eigenkapital Langsiktig gjeld Drifts-/kassakreditt Leverandørgjeld Offentlig gjeld Annen kortsiktig gjeld Sum gjeld SUM GJELD OG EIGENKAPITAL Resultatrekneskap INNTEKTER Salgsinntekter Leigeinntekter Andre inntekter SUM INNTEKTER KOSTNADER Vareforbruk, fremmedytelser Lønn, personalkostnader Avskrivinger Leie, kostn. Lokaler Vedlikehold, småinvesteringer Andre kostnader SUM KOSTNADER DRIFTSRESULTAT Finansinntekter Finanskostnader Ekstraordinære poster ÅRSRESULTAT Nordfjordeid den 1. mars 2015 Janne Seilen Vidar Heggheim Kai Stein 6 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Knut R. Thunheim Jostein Vonheim Adm. Anne Karin Løken Kommentar til rekneskapen Resultat Årsresultatet 2014 er på kr. – 13.608,-. Underskot i 2013 var på kr. - 56 359,83. Årsak til at laget fortsatt har negativt resultat er opprydding i kundefordringar gjeldande utgåtte medlemar. Sum driftsinntekter i 2014 er på kr. 916.453,- noko som er ein liten auke frå 2013. Driftsutgiftene i 2014 er på totalt kr. 930.713,- i 2013 kr. 966.251,-. Balansen syner ein betydeleg auke på kontantar og bankinnskot som pr. 31.12.2014 syner kr. 197.797,- og pr. 31.12.2013 kr. 83.300,-. Styret har for 2015 budsjett med eit overskot på ca. kr. 40.000,-. I budsjettet er det kalkulert med om lag dei same driftsinntektene, men driftsutgiftene er redusert. Reduksjon av driftsutgifter skuldast i hovudsak at organisasjonen ikkje lenger har arbeidsgjevaransvar for organisasjonssekretær, men leiger tenestene av AS Norsk Fjordhestsenter. Det innbetalte beløpet frå laga vil ha stor verdi for organisasjonen og styret vil takke alle for bidraget. Honorar/godtgjersle til styret Styret vedtok i 2007 å yte kr. 2000,- i arbeidsgodtgjersle og kr. 1000,- i telefongodtgjersle til leiar. Vidare vart satsen for køyregodtgjersle sett til kr. 3,- pr. km. I 2014 er det utbetalt kr. 3.000,i godtgjersle til leiar. Ingen køyregodtgjersle utbetalt i 2014. Løn For året 2014 er det utbetalt løn til organisasjonssekretær på kr. 152.894,- inkludert sosiale kostnader. I tillegg til lønn til tidlegare organisasjonssekretær er det betalt kr. 50.000,- i sekretærteneste til AS Norsk Fjordhestsenter. Leige, kostnader lokale Varelager Varelager er nedskrive frå kr. 127.500,- til 50 % av innkjøpsverdi og bokført med ein verdi på kr. 61.128,-. Etter den nye avtalen med AS Norsk Fjordhestsenter skal senteret utføre sekretærtenestene for Norges Fjordhestlag. Avtalen regulerer og dei økonomiske forpliktingane til Norges Fjordhestlag. Leige av lokale inngår i avtalen utan kostnad for laget. Aksjar og verdipapir Haustmøtet Norges Fjordhestlag kjøpte i 2005 3 A-aksjar frå Eid Kommune og 3 A-aksjar frå S.& Fj. Fylkeskommune slik at fordelinga no er 8 A-aksjar på NFL, 6 A - aksjar på Eid og 6 A - aksjar på Fylkeskommunen. Vidare overtok NFL vederlagsfritt Baksjar slik at fordelinga der no er NFL 268, Eid 266 og S & Fj Fylke 266 aksjar. Aksjane er balanseført 2006 til pålydande verdi, kr. 5000,- pr.aksje, sum kr. 1 380 000,-. Haustmøtet er kostnadsført med kr. 121.395,-. Deltakeravgift + tildelte midlar utgjer kr. 132.439,-. Styret sitt arbeid gjennom året med møteverksemd, planlegging/administrasjon og gjennomføring av Haustmøtet er ikkje kostnadsført. Medlemskontingent Avlsmidlar Innbetalt medlemskontingent for 2014, kr. 464.180,-. Medlemskontingenten har vore uendra frå 2013 til 2014. Satsar som gjeld også for 2015 er: Hovudmedlem og utanlandsk medl: kr. 500,-, husstandsmedlem kr. 100,- ungdomsmedlem kr. 250,-. Årsmøtet vedtok i 2014 å innføre medlemskontingent for alle fylkes, distrikts- og lokallag med kr. 500,- gjeldande frå 2015. Fjordhestbladet Fjordhestbladet er kostnadsført med kr. 193.173,-. Her er ligg også inne godtgjersle til redaktøren. Det er få lag og hoppeeigarar som har søkt om tilskot frå dei gjeldande tilskotsordningane i 2014. Særleg få hoppeeigarar søkte om tilskotet til 3- og 4-års hopper. Styret ønskjer at større del av avlsmidlane når ut til lag og hoppeeigarar. Avlsmidlar som er fordelt ut etter innkomne søknader er på i alt kr. 32.500,-. REVISJONSMELDING Rekneskapen til Norges Fjordhestlag 2014 Haustmøtet 3. - 5. oktober Honne Hotell og Konferansesenter på Biri Klokka seks fredag ettermiddag sat me samla i salen, klare for eit spennande og inspirerande Haustmøte der mykje nytt låg framfor oss. Dei tre leiarane for landslaga ynskte først alle velkomne. Me fekk deretter orientering om det vidare programmet og gode ord for helga. Det møtte omlag 40 frå Landslaget for Dølahest, 20 frå Landslaget for N/L-hest og 50 frå Norges Fjordhestlag. Dessutan folk frå Norsk Hestesenter, pluss innleiarar, til saman stod over 130 stykke oppførte på deltakarlista. Etter innleiinga blei ordet gitt til ordstyrar Bjørn Vollstad, som på framifrå vis losa oss gjennom heile helga. Tankar omkring å selje hest, og om marknaden for dei norske rasane Første innleiar var Runa Bjone, som delte raust og humoristisk av eigne røynsler. Familien driv med dølahest, som blir brukte i skogen og i avl. Til nå nesten 80 føl, av desse fem førstepremiehopper og 10 kåra/premierte hingstar. Dei selde mest føl og unghestar, handterte, miljøtrente, ferdig chippa og vaksinerte ved levering. Hingstføl gjekk for 10.000.-, hoppeføl for 15.000.- pluss moms. Alle kjøparar blei nøye vurderte, stikkord her var ”magefølelse” og å bruke ”kjennskap og vennskap” for sjekk av kjøparar ein ikkje kjenner til frå før. Aldri hestar ut på prøve og ikkje alle som ville fekk kjøpt hest heller. Avslutningsvis blei det gode omgrepet framsnakking trekt fram. Kåringsforskrifta forsvinn Neste tema var det knytt stor spenning til, den mykje omtala opphevinga av kåringsloven. Her innleia og informerte direktør ved NHS, Vegard Thune. Kåringssystemets tid er over nå, etter 150 år. Frå 1. januar 2015 av blir kåringsforskriftene fjerna frå det nasjonale regelverket. Tysdag 30. 10. dialogmøte mellom NHS og representantar for alle raseorganisasjonane. NHS har, saman med Mattilsynet, hatt møte med Landbruksdepartementet. NHS understreka då at dei hadde eit særleg ansvar for dei norske rasane. Rollefordeling blei diskutert. Økonomi blei ikkje diskutert. Mattilsynet skulle koma med framlegg til nytt regelverk 20. sept, som skal ut på høyring med 6 vekes frist. Professor Odd Vangen frå NMBU (tidl. Ås) fekk så ordet: Norge får nå like vilkår for hest som mange andre land har hatt i årevis. Avlsorganisasjonane skal arbeide etter avlsplanane, som skal vera godkjende etter EUs forskrifter, men står fritt til å kjøpe tenestar, ein treng ikkje gjera alt sjølv. Td. kan NHS sin kompetanse nyttast, eller ein kan hente tenestar frå universitet og/eller forskargrupper. 8 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Laurdagen: Utstillingssystemet i framtida Del 1: Korleis skal utstillingssystemet vera i framtida? Inge Kringeland, leiar i prosjektgruppa og leiar av NHS’ avlsråd fekk ordet. Det er opp til oss sjølve korleis me vil ha det. Store endringar, ikkje berre kåringsforskrifta forsvinn, men dei utvida bruksprøvane er og fjerna. I år har ein operert med både gammalt og nytt utstillingsskjema. Det nye er med både talkarakter og lineær vurdering, for å best kunne beskrive hestens eigenskapar, t. d. fortelja kvifor ein hest får 9 på rørsler. Målet med utstilling er å finne hesten sine sterke og svake sider. Oppsummering v/ leiarane i kåringsnemndene Professor Nils Ivar Dolvik litt i tvil om Mattilsynet og LMD er fagleg gode nok når det gjeld sjukdom ol. Me fekk sett på skjema med oversikt på avlsverdiar hos hingstar. Erfaringar med brukshestutstilling som del av tradisjonell utstilling ved dommar Susan Hellum. I England hadde ein svært gode røynsler med kombinasjon av bruk og utstilling, dette ga auka aktivitet og god utvikling av rasane over år. Susan Hellum minna oss også om kor viktig det er å halde på type og preg! Konsekvensar av at kåringsforskrifta forvinn v/ NHS Tore Kvam fortalde om korleis nabolanda våre har organisert sin avl. Og, til kven skal me klage – viktig å hugse dette med klagerett i framtida og. Del 2: Bruksprøvesystemet - årets utvida bruksprøver og vegen vidare Erfaringar ved årets UB ved testkusk Frank Skubberud Nye UB stort sett positivt. Hingsteeigarane hadde vore flinke og gjort godt arbeid i forkant. Evalueringsarbeid og prosessen vidare ved leiar av prosjektgruppa og leiar av NHS’ avlsråd, Inge Kringeland. Mange hingsteeigarar var godt nøgde med nye UB, men ein del moment ved dagens system kunne godt endrast. Korleis skape engasjement for dei norske hesterasane ved Anders Lefdal. Oppvaksen på Eid med fjordhest og hestehandel i blodet. Showmakar og hestehandlar i jappetida på åttitalet. Reiste då landet rundt og selde hest og synte fram fjordhesten i fartsfylte oppvisingar og bygde det store hestesenteret på Eid. I 1988 kom finanskrisa og nedturen. I 1989 overtok det nystarta AS Norsk Fjordhestsenter ridesenteret og Lefdal flytte til Austlandet. Etter nokre år med litt ymse (sjølvsagt ymse innan hest) starta han opp Lefdals rideskole i Tønsberg, som han også driv i dag. Råda me fekk var: Profilering, utdanning av hestane og aktivitet. Sats lokalt, sett dykk mål. Me fekk oss fortalt at det var berre å stå på, for me med dei norske rasane hadde eigentleg alt. Berre innpakningspapiret mangla. Hovkvalitet og hovhelse – kva har dette å seie for dei nasjonale hesterasane? Frå veterinæren/dommaren sin synsvinkel ved professor Nils Ivar Dolvik, fekk me ei grundig innføring i hestesjukdommen forfangenheit, der hovbeinet løysnar frå hovkapselen. Ein veit ein del, men ikkje alt om denne fæle lidinga, som er den sjukdomen som tek mest hesteliv på verdsbasis, bortsett frå kolikk. Risikofaktorar: Foreting, tilbakehalden etterbør, betennelsar, bruk av kortison og, ikkje minst, hormonforstyrringane EMS(Equine Methabolic Syndrom) og Cushings syndrom. Har hesten EMS eller Cushings gjev det mykje større sjanse for forfangenheit enn hos friske dyr. Her bør me eigarar av nøysame, kaldblodige hesterasar vera obs på overvektige dyr! Dolviks tips for hest i risikogruppa: Trim. Godt hovstell. 7,5-10 kg høy/500 kg kroppsvekt. Vatne høyet. Følg godt med på hesten, jo før det blir oppdaga og behandla, dess betre prognose. Behandling: Minst mogleg belastning, hesten i ro på tjukt lag med strø. Frå ein hovslagars synsvinkel ved Kjartan Anglen. Han dreiv både med skoing og beskjæring av barfothest. Viktig med hov i balanse for å få rett belastning på ledda. Feite hestar kan få problem med høvene pga. slanking og lite for, som igjen kan gje dårlegare høver. Unghestar bør gå lengst mogleg utan sko. Ved forfangenheit: 1. Ring veterinær. 2. Ring hovslagar, han raspar tåa og avlastar trykket. Er hesten tilnærma smertefri etter 14 dagar, er prognosen god. Me fekk ”bli med” på rekonstruksjon av ein forfangen hov med dårlege prognosar, med bilete og røntgenbilete. Interessant. Kommentar, Dolvik: Utan rotert hovbein, blir det etter to-tre år usynleg på røntgen at hesten har vore forfangen. Skeid – framtidige nasjonale meisterskap Helgelandsskeidet, erfaringar ved Per Heimstad, LNL Lågterskeltilbd på kupert bane på ca. 2 km. Folk kunne delta utan Grønt kort og lista blei lagt lågt. Klassar for barn og vaksne, også leieklassar for dei aller minste. Berre hestar av dei tre særnorske rasane kunne delta. Mange deltok og arrangementet var ein suksess. Me fekk sjå flotte bilete. Dølaskeid ved Linn Wåler Rønning, LD Fleire Dølaskeid og demonstrasjonar hadde blitt arrangert i år og i fjor, også i samband med Dølahestens Dag og hingstekåringa på Stav. Både riding og køyring. Reglementet skal nå reviderast. Mål: Enkelt og moro for hest og rytter/kusk. FjordSkeid ved aktivitetsutvalet, NFL Noko mindre oppslutnad her, mykje pga stort NM. Tankar om å kanskje bruke Knøttecup som modell, men ingenting bestemt ennå. Sundag: Lokallag som får det til! Nordlandshest/Lyngshest ved Ingunn Djuplasti Ho anbefalte kombinasjon av avl (29 hopper para i år, 10 i fjor), aktivitet og informasjon. Nyheitsbrev til medlemane, viktig for samhald og for at folk skal få noko att for medlemspengane. Laget har delteke på Agrisjå og har arrangert Midt-Norsk Mesterskap, begge arrangementa var opne for alle tre norske rasane. Det blei understreka at det viktigaste av må vera sjølve hesten og miljøet rundt. Ungdomsgruppa i Vestoppland Dølehestlag: ”Ta ungdommen seriøst!” Flotte unge jenter fortalde om ei svært positiv gruppe, eigne møte og eigen representant på ”moderlaget” sine styremøte. Søknad til Gjensidigestiftelsen blei innvilga og dei har såleis vogn til utlån for trening og konkurransar nå. Neste mål var å kjøpe lavvo, søknad ligg inne hos Sparebanken. Fin gjeng, lukke til vidare! Rasespesifikk del (eller som det blei sagt: ”Nå er det berre familien”) Såg på bedekkingstala. 2013:195 hopper fordelt på 32 hingstar. 2014: 141 hopper fordelt på 26 hopper. Kommentarar: Hald fram med laga, så går dette fint (Vidar Heggheim). Biletet er annleis enn det ser ut til, fordi bruken av hingstane svingar over kort tid (Janne Seilen). Føla som kjem nå, er gull verdt (Arne Presthus). Nytt frå laget NFHS på Nordfjordeid vil i større grad verta ein reidskap for NFL framover. Sekretærfunksjonen vil bli overteken av NFHS frå 01. 10. Nettbutikken skal avviklast, heller samarbeid med eksterne aktørar som lagar på bestilling. Meir informasjon om driftsendringar og økonomi frå styret på neste årsmøte. Open post – plenum Til slutt, før lunsj og heimreise, open post med ein del spørsmål frå salen, mellom anna om økonomien framover. Økonomien er ikkje på på plass førebels. Siste kommentar var frå Janne Seilen, som sa at så lenge det er engasjement, er det håp. Å. Ravndal 9 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Hingsteutstillinga Hingsteutstillinga på Nordfjordeid 2014 blei imøtesett med ekstra stor spenning ettersom den gamle femvekestesten nå var teken bort. Både utstillarar, dommarar og publikum var alle spente på årets nye, utvida (og forkorta) bruksprøvar. Testhingstane, fireåringane, møtte enkelt og greitt på NFHS (Norsk Fjordhestsenter) tysdag den 29. april, klokka 15.00, med ope informasjonsmøte for utstillarar/kuskar i etterkant. Sjølve bruksprøvane gjekk over to dagar, med køyring onsdagen, dernest riding (inkl. både kjend og framand testperson), lausmønstring og laushopping torsdagen, alt dette oppe på senteret. Fredagen var ”som vanleg” att, med einskildmønstring for alle nede i ringen, pluss mønstring på hardt underlag. Når det galdt treåringane, var opplegget nesten nett som det brukar å vera, med lausmønstring som første øving torsdagskvelden, fredagen med køyreprøvar rundt idrettsanlegget, mønstring på hardt underlag og einskildmønstring nede i utstillingsringen. Einaste nye var temperamentstest med ”leieløype”, der hingstane blei førte gjennom av både eigar og framandhandterar. Travløp ”for moro skuld” også i år, der sju hestar sprang 800 meter med omlag 120 tilskodarar. Vinnar blei fire år gamle Volls Birk, kuska av avlsrådsleiar Jonas Vevle, tett fylgd av førstepremiehingstane Fjelltor og Ninjar. Alle desse tre flotte ”gutane” har i si tid har stått spiss i treårsklassa! Samla på årets hingsteutstilling på Nordfjordeid var der påmeldt 25 hingstar, men berre 23 både møtte. På NordNorsk Hestesenter møtte ingen fjordhestar. Eldste klassa, 1a og 1b, talde 3 hingstar, der ulsblakke og maskuline Hermanto til Leiv Otto Barlaup frå Aure fekk fornya andrepremien sin og blei sett i kvalitet. Dei to andre, i klasse 1b, gjekk ikkje vidare til avl, den eine braut og den andre nådde ikkje opp. I mellomklassa møtte fem hingstar i klasse 2a, pluss tre ukåra i klasse 2b. Alle fem møtande i klasse 2a blei premierte, ingen i 2b. Dei tre beste i 2a fekk andrepremie og kvalitetsoppstilling, dei siste to blei tredjepremierte. Fremst i rekka stod ein hingst frå Ørsta, Even Myklebusts svært vakre og velprega Severin. Nummer to blei ein frå Ørsta, den eitt år eldre, jamne og pene Kamillas Tord til Kåre H. Myklebust og Jesper M. Skår. Den tredje som blei sett i kvalitet var Rønning Gubben til Unni og Adrian Sørtømme frå Børsa i Sør-Trøndelag, ein høgstilt hingst med godt hingstepreg. Tredjepremie og blå sløyfe til Opdals Ask og fjorårsspissen Volls Birk. Beste utvida bruksprøver var det den flotte spissen Severin som avla. Dei nye utvida bruksprøvane blei vel omtykte og det blei gode tilbakemeldingar frå både utstillarar og andre folk. Klasse 3 talde 12 dyr og fem av desse passerte nålauga. Pene og oppsynte Lauvprinsen, eigd og oppdretta av Anne Lise Sorteberglien frå Ål i Hallingdal, blei sett i kvalitet som den einaste i si klasse. Dei andre; Lille Ulrik, Major, Svoras Iver og Reita Balder. fekk kåringsgrad og gule sløyfer. Til saman blei 11 hingstar vurderte som gode nok til å vera i fjordhestavlen under åres utstikking på Eid. Ikkje eit veldig høgt tal, og med dei siste åras låge bedekkingstal vil det nok verta endå færre hingstar som både møter til kåring og som blir kåra i åra som kjem. Me får håpe det snur. Oppdrettarar av 2014-spisshingstane er Jonas Vevle, Valestrandfossen (Hermanto, spiss klasse 1), Anne Kari og Steinar Haugalien, Kvam (Severin, spiss i klasse 2) og Anne Lise Sorteberglien, Ål (Lauvprinsen), spiss i klasse 3). Den gjeve Dagens Hest-tittelen gjekk til tre år unge Lauvprinsen. Gratulerer alle saman! Fyldigare omtale/bilete av hingstane på utstillinga kan finnast i Fjordhesten 2/2014. Åse Ravndal Premieliste - Nordfjordeid 1. – 3. mai 2014 Klasse 1a: Hingstar 6 år og eldre 2. premie, kvalitet I Hermanto N-01-2711, ulsblakk e. Herman u. Daysy ue. Keisar. Oppdr. Jonas Vevle, Valestrandsfossen. Eigar: Leiv Otto Barlaup, Aure. Mål: 145-157-176-21-7,9. Helhetsvurdering eksteriør: Mektig og maskulin hingst av god type. Pent hode. Gode rammer. Bredt ansatt hals. Velliggende bog. God muskelsetting og dybde i kroppen. Føre, velstilte bein med velformede høver. Trang bakbeinsføring og litt anstrengte bakkoder. Ledig skritt. Meget godt trav. Hingsten har gode prestasjoner i kjøring og dressurridning. Han ble grenmester i dressur og kjøring under NM for fjordhest i 2013. Han avla i 2005 en god utvidet bruksprøve med 8,2 i samla vekta karakter. Eksteriør: 8-8-8 (8-8-8-8)-8,5 (89)=8. Lynne 10. Bruk 9. Helse 9. Klasse 2a: Hingstar 4 og 5 år 2. premie, kvalitet I Severin 578002020102677, l. brunbl. e. Uno u. Botten Lill ue. Fjølestaen. Oppdr. Anne Kari og Steinar Haugalien, Kvam. Eigar: Even Myklebust, Ørsta. Mål: 145,5-155-173.20-7,5. Helhetsvurdering eksteriør: Maskulin hingst med svært godt preg. Lang hals med god nakke. Godt muskelsatt overlinje. Lang lend. Noe flatt kryss. Tåvid frambeisstilling. Rake haser. Trange og skøytende bevegelser. Ledig, godt skritt. Noe spent trav med bra mekanikk. Han ble nr. 1 av hingstene vist for utvida bruksvurdering. Eksteriør: 9-8-7 (7-7-87)-8 (9-7,5-8)=8,5. Lynne 9. Bruk 8,8. Helse 8. 2. premie, kvalitet II Kamillas Tord 578002020092609, l. brunbl. e. Heros u. Kamilla ue. Stas Råden. Oppdr. Kamilla og Kristine Myklebust, Ørsta. Eigarar: Kåre H. Myklebust og Jesper M. Skår, Ørsta. Mål: 147-157-176-20-7,7. Helhetsvurdering eksteriør: Maskulin hingst av god type med godt uttrykk. Middels lang hals med underhals. Meget god overlinje og bakpart. Føre bein. Moderat tåvid. Bra skritt. Ledig, veivinnende trav. Han er nr. 2 i gruppa av hingstene til utvida bruksvurdering og gjorde beste rideprøve. Eksteriør: 8-8-8 (8-8-8-8)-8 (8-8-9)=8. Lynne 9. Bruk 8,0. Helse 9. 2. premie, kvalitet III Rønning Gubben 578002020102527, l. brunbl. e. Svoras Isak u. Ragnhild ue. Åsedølen. Oppdr. Nils Haugen, Øksendal. Eigarar: Unni og Adrian Sørtømme, Børsa. Mål: 148-158176-19-7,4. Helhetsvurdering eksteriør: Høgstilt, langlagt hingst med godt hingstepreg. God nakke. Bredt ansatt hals med grov overgang hode-hals. Steil bog. God overlinje. Aksebrudd og tåvid VF. Velstilte bakbein. Velformede høver. Trang beinføring. På framparten i trav. Han ble nr 3. av de hingstene som ble vist for utvida bruksvurdering. Eksteriør: 8-8-7,5 (7-8-8-7)-7(7-7-7)=8. Lynne 8. Bruk 7,6. Helse 9. 3. premie Opdals Ask 578002020102597, l. brunbl. e. Merinas Emil u. Rita Opdal ue. Frederik Skovå. Eigar og oppdr. Mari Vinjevoll, Ørsta. Mål: 145-154-166-19-7,1. Helhetsvurdering eksteriør: Hingst av god type. Bredt ansatt hals. Jevn god kropp med god muslesetning. Tåvid frambeinsstilling og rake haser. Velformede høver. Trange, skøytende, men ledige bevegelser. Viser til tider negativ oppførsel. Han er nr. 4 blant hingstene til utvida bruksvurdering. Eksteriør: 8-8-7 (7-7-8-6)- 8 (8-8-7,5)=8. Lynne 7. Bruk 7,5. Helse 9. Volls Birk 578002020102571, l. brunbl. e. Svoras Isak u. Daisi ue. Myklestaden. Oppdr. Stiftelsen Voll Gård, Trondheim. Eigar: Osterøy Fjordhestlag. Mål: 148-158-173-197,7. Helhetsvurdering eksteriør: Oppsynt hingst av god type med godt uttrykk. Kort hals med underhals. Steil bog. God bakpart. Marktrang beinstilling. Tåvid med brutte tåakser sett forfra BF. Trang beinføring, belaster utvendig. Passaktig skritt. Energisk galopp, men på framparten. Han ble nr. 5 av de hingstene som ble vist for utvida bruksvurdering. Eksteriør: 8-7-7 (7-7-7-7)-7(7-7-6,5)=7. Lynne 9. Bruk 7,4. Helse 9. Klasse 3: Hingstar 3 år Kåra/kvalitet I Lauvprinsen 578002020112587, l. brunbl. e. Perakrossen u. Lauvdokka ue. Rams Lindemann. Eigar og oppdr. Anne Lise Sorteberglien, Ål. Mål: 147-158-176-20-7,5. Helhetsvurdering eksteriør: Høgstilt, oppsynt hingst med godt kjønnspreg. Pent hode. Velformet hals med god nakke. God manke. Sterkt kryss. Godt muskelsatt. Moderat tåvid høyre frambein. Noe flate framknær, ellers gode ledd. Føre frampiper. Ledige, gode bevegelser. Eksteriør: 9-9-8 (7-89-8)-8,5 (8,5-8,5-8,5)=9. Lynne 8. Bruk 7,7. Helse 9. 11 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Kåra Lille Ulrik 578002020112547, gulblakk e. Elvar u. Rasmina ue. Nyvolls Trigger. Oppdr. Per Arvid Rødal, Elnesvågen. Eigar: Per Fladby, Gjerdrum. Mål: 142-152-167-20-7,4. Helhetsvurdering eksteriør: Hingst av bra type med foreløpig noe lite kjønnspreg. Kort hals. God manke. Toppa kryss. Grunne underlår. Moderat hjulbeint bakbeinsstilling, ellers gode bein med godt markerte ledd. Ledig, godt skritt. Lett og ledig trav. Eksteriør: 7-7-8 (8-8-8-7)-8,5 (8,58,5-8,5)=7,5. Lynne 7. Bruk 7,6. Helse 8. Svoras Iver 578002020112511, l. brunblakk e. Fjelltor u. Løkkelin ue. Kim Hero. Oppdr: Kristin Myrene, Haddal. Eigar: Even Myklebust, Ørsta. Mål: 145-155-173-19,5-7,3. Helhetsvurdering eksteriør: Oppsynt, vakker hingst av meget god rasetype. Pent hode. Velforma, god hals. Godt muskelsatt, noe smalbygd kropp med god overlinje. Noe flate framknær, ellers tørre, velstilte bein med spede piper. Energiske bevegelser med god framdrift, men overdrevent løft av bakbeina. Eksteriør: 9-9-7 (7-7-8-7)-8 (7-8,58,5)=8,5. Lynne 8. Bruk 6,9. Helse 8,5. Major 578002020112561, ulsblakk e. Elvar u. Maggedutti ue. Haukmann. Oppdr. Selmer Nordbustad, Flatråker. Eigar: Christine Bakkane, Flatråker. Mål: 144-154-17719,5-7,2. Helhetsvurdering eksteriør: Langlagt hingst av god type. Middels lang, noe bredt ansatt hals. God manke. Sterkt kryss. Grunne underlår. Godt markerte ledd. Noe spede piper. Asymmetriske framhøver. Tåvid HF. Uregelmessige bakbeinsbevegelser i skritt. Bra trav. Eksteriør: 8-8-7 (7-7-6-7)-7 (6,5-7,5-7)=7,5. Lynne 9,5. Bruk 8,6. Helse 8,5. Reita Balder 578002020112637, l. brunbl. e. Fjelltor u. Kvitmøy ue. Hågvard. Oppdr. Henning Brautaset, Ørsta. Eigar: Even Myklebust, Ørsta. Mål: 146-156-174-19,5-7,4. Helhetsvurdering eksteriør: Hingst av god type. Pent hode. Velforma, men mektig hals. Lang og rund manke. Lang lend. Avrunda, noe kort kryss. Grunne underlår. Kniper under framknærne. Aksebrudd HF. Korte bevegelser med trang beinføring. Eksteriør: 8-7,5-7,5 (7-7.5-8-7,5)-7(7-76)=7,5. Lynne 9,5. Bruk 8,8. Helse 8,5. Forklaring på eksteriørpoenga: Raseype-kropp-bein (frambein-bakbein-høver-bevegelsens korrekthet)-rørsler (skritttrav-galopp)= samla poengsum. Mål: Stangmål – bandmål – brystmål - Utvida bruksprøver Hingst Severin Kamillas Tord Rønning Gubben 41 Opdals Ask Volls Birk Køyreprøve 44 41,5 41 36 37,5 12 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Køyring, snitt 8,8 8,3 8,2 7,2 7,5 Rideprøve 8,7 9 7 7,2 8,4 Lausmønstring 8,8 6,8 7,6 8,1 6,3 Brukseigenskapar 8,8 8 7,6 7,5 7,4 Bruken av hingstane Hingst Lauvprinsen Lille Ulrik Major Reita Balder Svoras Iver Rønning Gubben Severin Volls Birk Augustus Solberg Kamillas Tord Ninjar Rudsmo Robin Søljo Balder Mann Kornvin Freidig Flemming Merinas Emil Gråggi Ronnjo Elvar Lunner Per Skraaruds Gråtass Leirdals Odin Sofin Torset Blakken Hermanto Fredrik Skovå Lunner Gråen Dalargutt Herman Kneist Reimar Sum hopper Sum hingster Snitt Tal hopper 17 9 6 1 4 5 21 5 1 14 7 1 1 5 5 1 5 2 1 2 1 6 10 2 1 6 1 1 1 2 2 1 147 32 4,59 Alder 3 3 3 3 3 4 4 4 5 5 5 5 5 6 6 8 9 10 10 11 11 11 12 12 12 13 15 15 17 18 22 29 Fordeling av hopper mellom hingstene hopper/hingst Snitt 6,34 hopper per hingst Medlemskontingent Kontingentsatsar og kontingenttypar: Hovudmedlem: kr 500,Husstandsmedlem: kr 100,Juniormedlem (opp til 24 år): kr 250,Utanlandske medlemar (hovudmedlem): kr 500,Lokal-, fylkes- og distriktslag: kr 500,Desse satsane har vore uendra sidan årsmøtet i 2010, med unntak av lagskontingenten som blei vedteken i 2014 og gjeld frå og med 2015. Styret har framlegg om endring av satsane slik, med verknad frå 2016: Hovudmedlem: kr 600,Husstandsmedlem: kr 150,Juniormedlem (opp til 24 år): kr 350,Utanlandske medlemar (hovudmedlem): kr 600,Lokal-, fylkes- og distriktslag: kr 600,-. 13 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Viste fjordhester på utstilling og skue Unghestskue I 2014 ble det vist 152 unghester i alderen 1 til 3 år på unghestskue på 15 ulike unghestjå eller kombinertutstillinger. 128 av disse fikk sløyfe (84,2 %). Dette er en liten oppgang i antall viste unghester sett i forhold til i 2013, hvor det var det vist 141 unghester. I 2012 var det vist 157 unghester, og i 2011 ble det vist 184 ungheste. Avkomsbedømmelse og 1 premierte hopper Det ble delt ut ni 1. premier til hopper i 2014. Hoppene som fikk 1. premie var Råds Silja i klasse 4 i Førde Torset Ljosa i klasse 4 i Førde Finslands Norgrima i klasse 4 i Førde Bø Lerka i klasse 4 i Førde Birkelid Tulla i klasse 6 i Førde Bø Emilie i klasse 6 i Førde Almronja i klasse 6 i Førde Oktavia Solberg i klasse 4 på Stend Yr i klasse 6 på Stend På Jubileumsutstillingen i Førde ble det vist en hoppe til avkomsbedømmelse. Dette var Birkely Monja, og hun fikk premiegrad Elite. Hoppe og vallakutstillinger Det møtte i alt 85 hopper og vallaker på 13 utstillinger i løpet av 2014. Av disse var 84 premiert (98,8 %). Dette var en liten oppgang i antall viste hopper og vallaker fra 2013 (81 viste). I 2014 ble det vist 5 vallaker i klasse 8 og 9, mot 8 vallaker i 2013, 6 vallaker i 2012 og 1 vallak i 2011. En av vallakene i 2014 ble premiert med 1. vallakpremie, dette var Knapstadprinsen som tidligere har vært kåret som hingst. 2011 var det første året med klasser for vallaker på utstilling. Fjordhopper og vallaker møtt og premiert de siste 10 årene År Tal på utstillingar 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 13 15 10 12 16 14 15 14 15 15 13 Klasse 4 Møtt/ premiert 16/16 27/27 29/28 23/21 28/28 25/25 26/26 41922 16/16 11/11 16/16 Klasse 5 Møtt/ premiert 15/15 20/20 16/16 41796 14/13 28/25 23/20 20/17 21/17 28/27 27/26 Klasse 6 Møtt/ premiert 42/35 59/55 40/33 41/35 35/32 30/30 31/30 30/28 24/23 20/20 24/24 Klasse 7 Møtt/ premiert 33/33 31/31 32/31 31/31 29/29 24/22 20/19 15/15 28/27 13/12 13/13 Klasse 8 og 9 Møtt/ premiert 1/1 6/6 9/9 5/5 Totalt Møtt/ premiert 106/99 137/133 117/108 101/93 106/102 107/103 100/95 75/70 95/89 81/79 85/84 VALLAKER Klasse 7 Klasse 8 m p m p Klasse 9 m p Fjordhopper og vallaker møtt og premiert i 2014 Utstillingsstad Jarlsberg Momarken Øksnevad Nesbyen Førde Starum Porsanger Stend Lyngdal Sunndal Seljord Namdal Stav Sum 2014 Totalt m p 2 2 6 6 3 3 2 2 35 35 1 1 2 2 12 12 7 7 3 3 2 2 2 2 8 7 85 84 14 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 HOPPER Klasse 4 Klasse 5 m p m p 1 1 4 4 3 3 10 1 10 1 1 1 1 1 16 16 9 9 1 6 2 1 1 6 2 1 1 2 27 1 1 26 Klasse 6 m p 1 1 2 2 2 10 2 10 1 3 1 1 3 1 4 24 4 24 5 5 1 1 2 2 2 2 2 2 2 2 2 13 2 13 3 3 2 2 2 2 Avlsutvalget Leder: Jonas Vevle Medlem: Even Myklebust og Katrine Haugaard Varameldem: Sigmund Nesvik Utvalget har hatt et fysisk møte under NM på Linnesvollen og flere skypemøter gjennom året, blant annet i forkant av høstmøtet. Ellers har utvalget hatt kontakt via telefon og e-post Viktige saker som har vært diskutert • Forslag på dommere og kåringsnemd til styret • Tildeling av tilskudd til 3-årshingster og 3- og 4-års hopper. • Avlsstimulerende tilskudd innført i 2014 • Tiltak for å prøve å stimulere til både avl og aktivitet i lokallag og distriktslag vart innført i 2014. Kriterier for å oppnå tilskuddet på kr.10.000 er at laget har kjøpt lagshingst (3 eller 4-år) gjeldande år samt arrangert to Fokus-unghestkurs. Et lag har søkt om avlsstimulerende tilskudd i 2014. • Unghestfinale i Førde • I 2014 ble unghestfinalen arrangert i forbindelse med jubileumsutstillingen i Førde. Målet var å premiere den beste unghesten i hver klasse. Hingster måtte ha sløyfe for å være kvalifisert, mens hopper måtte ha sløyfe og stå i kvalitet. Vinner av Landsfinalen, hingster: Tallak Ask (1 år) e. Ninjar u. Oleah. Eiere: Elisabeth Juliebø Røst og Svein Erik Hafstad, Førde. Ingen toårshingster møtte. Vinner av Landsfinalen, hopper: Skogheims Rosalin (2 år) e. Fjelltor u. Birkelid Prinsessa. Eier: Jan Are, Bokn. • Beste åringshoppe: Birkelid Oda e. Fløgstad Odin u. Birkely Monja. Eier: Vidar Heggheim, Naustdal. • Nytt system for bruksprøver • Avlsutvalget har vært representert i fellesgruppe sammensatt av representanter for Norsk Hestesenter, avlsrådet ved NHS, Norges Fjordhestlags styre, Landslaget for Dølahest og Landslaget for Nordlandshest/ Lynghest for å arbeide fram et nytt bruksprøvesystem. Målet med prosjektet er å øke oppslutning om utstillinger og gi grunnlag for å registrere flere individdata pr. dyr gjennom utstillingsløpet. • Avlsplan • Avlsutvalget har vært representert i gruppe som har arbeida med justering av avlsplan etter regelverksendringen. Gruppa har hatt to fysiske møter og ellers jevnlige telefonmøter. Gruppa har også hatt møter med tilsvarende grupper som arbeider med avlsplan for dølahest og nordlandshest/lyngshest. Gruppa har gjennomført en høring i lokal- og fylkeslag i 2014. Avlsutvalget v/ Katrine Haugaard Avlsfremjande midlar til bruk av 3-års hingst Avlsfremjande midlar til 3- og 4-års hopper Norges Fjordhestlag ynskjer å styrkje bruken av 3-års hingst, for ved det å auke variasjonen av genar og korte ned generasjonsintervallet. Det vil vere gunstig for avlsframgangen og redusere innavlsfaren. Norges Fjordhestlag har søkt Norsk Hestesenter om avlsfremjande midlar til dette. Med atterhald om tildeling, vert lag tilslutta Norges Fjordhestlag og semin ved Norsk Fjordhestsenter AS oppmoda om å søkje støtte til bruk av 3-års hingst. Søknad vert vurdert ut frå ei geografisk plassering, for desentralisert fjordhestavl, breidde avlsmessig og bruk. Grunngjeven søknad vert å sende Norges Fjordhestlag innan 01.10. kvart år. Ved manglande innmelding til Norges Fjordhestlag og Norsk Hestsenter med frist 01.10. kvart år vedkomande bedekning, sal, o.l., kan avlsfremmande midlar reduserast eller haldast attende. Følgjande retningslinjer vart vedtekne for tilskot til 3- og 4-års hopper: Etter søknad vert det gjeve tilskot til bedekning av 3-og 4-års, premierte hopper der eigar er medlem av Norges Fjordhestlag. Beløp blir fastsett ut frå tilgjengelege midlar det aktuelle året. Søknad vert å sende Norges Fjordhestlag innan 1. oktober. Avlsstimulerande tilskot Nytt tiltak for å stimulere til både avl og aktivitet i lokallag og distriktslag. Kriterium for å oppnå tilskotet på kr.10.000.- er at laget har kjøpt lagshingst (3 eller 4 år) gjeldande år samt arrangerer to Fokus Unghest-kurs. 15 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Fokus Unghest Årsmeldingen er en revidert utgave av årsrapporten som er oversendt NHS. I forbindelse med omlegging av sekretærtjenesten til NFL har også sekretærtjenetesten til Fokus Unghest flyttet. Det er nå Landslaget for Nordlandshest/ Lyngshest som utfører denne tjenesten. NHS bistår med regnskap. Regnskapet er ikke ferdigstilt enda og dermed blir denne årsmeldingen noe generell. Styret oversendes ferdig årsmelding og regnskap i god tid før årsmøtet. Nettside 2013 Fokus unghest har flytta over til ny plattform og har fått ny design. Arbeidsgruppa er fornøyd med ny leverandør og ny design. Likevel vet vi at det har vært noen som har hatt problemer med innlogging og registrering av data. Send da en mail til sekretærfunksjonen. Fra februar 2014 har vi 2 nye webredaktører på plass. Disse er studenter ved Ås (NMBU) og har er brukere av nasjonale raser. Organisasjonsform 2014 Fokus Unghest gjennomførte en endring i det praktiske arbeidet med evaluering av innkomne søknader og rapporter i 2013. Arbeidet blei flytta fra arbeidsgruppa sine månedlige Skype-møter til en fortløpende tildeling utført av NFL, nå Landslaget for Nordlandshest/Lyngshest sin sekretær. Denne følges opp av arbeidsgruppa med møter 3-4 ganger i året. Omsøkte og innvilga kurs Det er arrangert og søkt om støtte til 52 kurs som i 2013. Dette tallet holder seg ganske stabilt med +/- 5 kurs. 19 omsøkte kurs for fjordhest Fremdeles bruker lagene noe tid på å rapportere inn. Det er Dølahestens lag som totalt gjennomfører flest kurs. Kursmoduler 2014: Det er i 2014 vært et økt fokus på arvbarhet av egenskaper hos hest. Dette er noe av grunnen til at de tre landslagene har dratt i gang arbeidet med Skeid. Info om arrangering av Skeid er fremdeles i startgropa, men du finner info om dem på våre nettsider. Modulene har og byttet navn, men beskrivelsene vil fortelle deg hva innholdet er i de enkelte modulene. Størrelse på tilskudd for de ulike kursene er vanligvis 2.500,- per dag, som er uforandret. Økonomi Økonomien er som tidligere år. Honorarer for å drift har gått noe ned da vi har manglet webredaktør(er) og har lagt om drifta noe, slik at også arbeidsgruppa sine honorarer er vedtatt redusert. Det er utbetalt ca 160 000kr i 2014, men noen rapportert mangler fremdeles. Gjerdrum 01.02.2015 Anni Dreyer Fladby Aktivitetsutvalget NM for Fjordhest 2014 NM ble i 2014 arrangert av Drammen og Omegn Rideklubb ved Lier. Dette er et flott, internasjonalt anlegg og vi kan i ettertid si at prestasjonsmessig har det aldri vært prestert bedre av ryttere og hester. Dette var også første gang at det ikke var noe fjordhestlag med på NM-arrengementet. Eirik Berentsen med DOR sto for all arrangering, med hjelp av Aktivitetsutvalget. I etterkant har vi sett at det kan være en fordel at NM blir arrangert i samarbeid med et fjordhestlag og dette blir da et krav til fremtidige NM-arrangører. NMarrangør for 2015 blir Stav Ride- og Kjøreklubb og Gudbrandsdalen Fjordhestlag. Fremdeles L-stevne I høst var undertegnende med på Teknisk komitemøte arrangert av Norges Rytterforbund i Oslo. Her hadde TK komiteen lagt inn ønske om at NM for fjordhest skulle endres fra L-Stevne til D-stevne. Etter flere gode argumenter og avstemning ble det bestemt at NM er fortsatt et L-Stevne, noe vi er veldig glade for. NM statuttene har også blitt redigert og ny versjon finnes på hjemmesiden til NFL. 16 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Skeid I 2014 ble det nedsatt en gruppe som skulle jobbe videre med utvikling av Skeid, i samarbeid med Landslaget for Dølahest og Landslaget for Nordlandshest/Lyngshest. Gruppen består av Aina Huseby, Jenny Johnsen, Miriam Hoddevik og Susan Hellum. Planen er å ferdigstille arbeidet og komme i gang med Skeid-konkurranser i 2015. AEG I 2014 var fjordhesten representert på AEG i Vestfold sammen med de to andre norske hesterasene. Her fikk fjordingene vist seg fram fredag, lørdag og søndag. Det var ekstra gledelig at flere hadde tatt turen fra Vestlandet med sine gode fjordinger også for å være med. En stor takk til alle som bidro til at dette ble kjempegod aktivitet og flott markedsføring for fjordhesten. Siden samarbeidet med AEG gikk bra, er fjordingene også representert i 2015 under AEG. Aktivitetsutvalget 2014 har bestått av: Aina B. Huseby, leder Hanne Svendsgard, Lucinda Reksten og Miriam Hoddevik som medlemmer. Marknadsføringsutvalet I 2014 avslutta me fotokonkurransen frå hausten før, der me fekk inn mange flotte bidrag. Me hadde tre fine premiar (maratonsele frå Skoies (7000 kr), gåvekort på Felleskjøpet (4000 kr) og gåvekort i nettbutikken til NFL (1000 kr). Njålsmerket Vinnarane av konkurransen vart presenterte i vårt nyoppstarta elektroniske nyhendebrev – Njålsmerket, som hadde første utgåve i april. Neste utgåve av nyhendebrevet kom i oktober og årets siste blei sendt ut i desember. Brevet ser ut til å vera ein fin kommunikasjonskanal – det kjem mange gode tilbakemeldingar på det. Det er fleire saker under arbeid. Marknadsføringsutvalet består av leiar Madsi Vartdal Vinjevoll og medlemmane Aina Huseby og Jenny Johnsen. Norges Fjordhestlags nettsider Antallet daglige besøkende på fjordhest.no har holdt seg noenlunde stabilt på ca 25 besøkende om dagen i 2014. Færre og færre besøker nettsiden, nå som facebook kan anses som primærkilden til informasjon. Dette er veldig synd, da ved å trekke folk til Norges Fjordhestlags nettside, enten ved å linke til artikler på fjordhest.no eller omtale av fjordhest.no kan være med på å øke folks bevissthet om arbeidet Norges Fjordhestlags gjør for fjordhesten og i videre rekke muligens også verve nye medlemmer. 2014 har det som vanlig vært flest besøkende innom i juni, deretter juli og så i mai. Disse tre månedene er de mest aktive for fjordhestmiljøet, med hingsteutstillingen i mai og NM i løpet av sommermånedene. Desember er fortsatt den måneden færrest besøker fjordhest.no. Folk flest surfer på NFL sine nettsider mellom klokken seks og ti om kvelden, med en topp rundt kl. ni. NFL på facebook NFLs facebookside blir flittig brukt til å klikke seg videre til artiklene på nettsiden. Administratorene til denne siden er de av styremedlemmene som er på facebook i tillegg til webmaster og sekretæren. Når fjordhest.no oppdateres vil det som oftest postes en melding om dette på NFL sin facebookside. Facebooksiden hadde ved årsskiftet over 2100 ”liker”. Det er en økning på 600 i løpet av 2014. Fjordhestforumet Forumet hadde ved årsskiftet ca 1984 medlemmer som har skrevet over 110 264 innlegg siden starten i mars 2006. Det er nesten ingen som skriver noe på forumet lengre. Men det står mye interessant der som er skrevet tidligere år, og det fungerer fortsatt som et fint oppslagsverk for de som benytter seg av det. Som administrator på forumet fungerer Lucinda Bjørnset Reksten i tillegg til undertegnede. Moderatorgruppa består av Vilde Eggen, Anna Kristine Ramlet, Inger Grønntun, Lisbeth Strandum og Kristin Hermansen. Er det noe du lurer på, ta kontakt på [email protected] 31.01.2015, Ingvild N. Sveen 17 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 NM for fjordhest Norgesmeisterskapen blei i år arrangert i Drammen, på flotte Linnesvollen, det store internasjonale anlegget til Drammen og Omegn Rideklubb, som også stod for sjølve arrangementet. Nytt var at ingen fjordhestlag var involverte på arrangørsida, og det var såleis knytt spenning til arrangementet. Trass litt lite informasjon på førehand, blei det eit godt stemne med mange bra prestasjonar, ja endåtil veret var både varmt og sommarleg. Godt hundre deltakarar kunne velgja blant nesten 30 ulike klassar og dei fekk boltre seg på fantastiske banar med særdeles gode underlag. God restaurant og hestebutikk rett ved anlegget var også populært. Flott opningsseremoni måndagen og deretter gjekk det slag i slag, med dressurriding og – køyring både tysdagen og onsdagen. Greinmeisterskapen i dressur blei avgjort på onsdagen med finale som gjekk i LA6 og vinnar blei ekvipasjen Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann. Torsdagen var avsett til maraton og knøttecup. Varmt og bratt i maratonløypa, men dei fleste fullførte og der var mykje god køyring. Etter MB maraton leia Cassandre Bach-Gansmo og Flemming samandraget i senior-NM. Knøttecupen var som alltid, både populær og med noko kluss ved vasshinderet for enkelte. Fredagen bestod av øvingar i presisjonskøyring, sprang 80 cm og open klasse i MB1 dressurriding. Greinmeisterskapen i køyring blei vunnen av Stine Anette Heier og Balder Berger etter presisjonskøyring i MB. 18 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Idunn Høyland Espeli og Gorm Joblakken leia junior-samandraget etter køyringa og vinnar av MB1 dressrridinga blei Liv Jorunn Nyhagen og pokemann. Til slutt, på laurdagen, blei alt avgjort etter spennande rundar på sprangbana. Greinmeister i sprang blei Hanne Elise Pedersen og Jakobgardens Hedina medan lag-gullet gjekk til Førde Ride- og Køyreklubb; Ingjerd Høgseth Vetti/Sofin –Trine Lillestøl Paulsen/Finslands Norgrima- Emma Nyløy/Sylvine. Juniorvinnar blei Idunn H. Espeli og Gorm Joblakken, seniorvinnar Cassandre Bach-Gansmo og Flemming, begge frå Oslo og Akershus Fjordhestlag. Oppdrettarar av NMvinnarhestane er: Asle Espe, Nordfjordeid (Flemming, senior-NM), Tor Arne Husum, Hermansverk (Gorm Joblakken, junor-NM), Anne Lise Sorteberglien (Sofin, lag-NM), Odd Finsland, Finsland (Finslands Norgrima, lag-NM), Annette Kapstad, Førde (Sylvine, lag-NM). Soleklar vinnar av klassen ”mest-avkom-under-NM” var, i år som i fjor og som i forfjor, førstepremierte og danskimporterte Frederik Skovå med heile ti avkom. Grimset Jarl, Leirdals Odin og Smedsmo Gråen hadde tre avkom kvar. Medaljevinnarane går fram av oversikten nedanfor, fullstendig resultatliste finnast på horsepro og ein meir detaljert reportasje frå Norgesmeisterskapen 2014 kan lesast i Fjordhesten 3/2014. Åse Ravndal Medaljevinnarar Norgesmeister senior Gull: Cassandre Bach-Gansmo/Flemming - Oslo og Akershus Fjordhestlag Sølv: Liv Jorunn Nyhagen/Pokemann - Eid Køyre- og rideklubb Bronse: Ingjerd Høgseth Vetti/Sofin - Førde Køyre- og rideklubb Norgesmeister Junior Gull: Idunn Høyland Espeli/Gorm Joblakken - Oslo og Akershus Fjordhestlag Sølv: Freya Hagen/Sanders Sarek - Vaadan Rideklubb Bronse: Konstanse Haukeland/Emil 243 - Stend Rideklubb Beste unge Fjordhest, 4 år: 1: Asak/Nina Bekkevold - Signe Hoff Johannessen 2: Kornvin Tulla/Ingrid Tang Hystad 3: Nesviks Lano/Maia Andresen Beste unge Fjordhest, 5 år: 1: Smedsmos Major/Hanne Jørstad Svendsgard 2: Flatbys Eline/Sigrid Skorve Larsen 3: Ekrå Tina/Bodil Flesland Beste unge Fjordhest, 6 år: 1: Li Per/Oda Berger Jensen 2: Fønix/Heidi Øvrebø Norgesmeistrar lag: Gull: Førde Køyre- og rideklubb - Ingjerd Høgseth Vetti/ Sofin - Trine Lillestøl Paulsen/Finslands Norgrima - Emma Nyløy/Sylvine Sølv: Gloppen Køyre- og rideklubb - Karin Kleppe/Merinas Emil - Marthe Fløtre/Årheims Gullen - Dorothea Solheim/Haukfell Bronse: Borge Rideklubb - Annike Mikkelsen/Roselise Aina Huseby/Sylvar - Natalie Brest/Westbyetrollet Grenmesterskapet kjøring: Stine Anette Heier/Balder Berger - Oslo og Akershus Fjordhestlag Grenmesterskapet sprang: Hanne Elise Pedersen/Jakobgardens Hedina - Nord-karmøy Rideklubb Grenmesterskapet dressur: Liv Jorunn Nyhagen/Pokemann - Eid køyre og rideklubb 19 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 AS Norsk Fjordhestsenter Året 2014 har vore prega av endringar, endringar av ordningar som har vore viktige i avlsarbeidet for fjordhest. Avvikling av utvida bruksprøve for fjordhingstar og bortfall av kåringslova for hingstar har ført til utarbeiding av nytt opplegg for bruksprøvereglement og avlsplan. Det er stor bekymring over utviklinga når det gjeld fødde føl av rasen fjordhest. Situasjonen er også slik for dei to andre nasjonale hesterasane. I 2014 er det registrert 111 fjordhestføl, og vi veit at det må vere produsert minst 200 føl for å ha ei god forvaltning av rasen med tanke på innavl. Stimulering til avl blir difor viktig i tida framover, både for å ha genetisk variasjon og for å ha hest å tilby marknaden i åra som kjem. Kurs og konferansar Det er utarbeidd felles kurskatalog for Norsk Hestesenter, AS Norsk Fjordhestsenter og Nord Norsk Hestesenter. AS Norsk Fjordhestsenter har gjennomført sertifiseringskurs for kuskar i køyreoppdrag. Hestetransportørkurset som var planlagd, fekk for få deltakarar og blei avlyst. I tillegg arrangerte vi i mars eksteriørkurs, med vekt på bein, beinkvalitet og rørsler, med foredragshaldarane Tore Kvam og Susan Hellum. I november hadde vi kurs i trening og førebuing av hest til konkurranse og utstilling med foredragshaldarane hovslagarmeister Odd Anders Otterstad, veterinær Torbjørn Nes Hjelle og kiropraktor Henriette Svendsen. Desse fagkursa er det stor interesse for, og vi meiner desse er eit av satsingsområda i framtida. I tillegg har ridekursa våre for barn, unge og vaksne vore populære og fulltinga. Seminstasjon Det er ti år sidan Norges Fjordhestlag og AS Norsk Fjordhestsenter starta planlegginga av ein seminstasjon på Nordfjordeid, og vi har no hatt ti år med semindrift. Bakgrunnen for satsinga var at gjennom Rio-konvensjonen har Norge påtatt seg eit særskilt ansvar for fjordhesten, då Norge er moderlandet. Fjordhesten er i ei særstilling ved at det er 70 000 fjordhestar i utlandet og 5000 fjordhestar i Norge. På seminstasjonen i 2014 stod 1. premiehingsten Ninjar og spissen i treårsklassa, Lauvprinsen, som vi leigde i samarbeid med Hol og Ål Fjordhestlag. Hingstar av god kvalitet, som vi skulle ynskje hadde vore meir etterspurde. Totalt fekk dei 17 hopper, som er det halve av talet i 2013. Vi fraus inn dosar med EU/USA status. Sperm Vital hadde i år som føregåande år innfrysingsforsøk 3 dagar i juni. Fjordhest for Folket/ Hingsteutstillinga Norsk Fjordhestsenter har hatt ei meir aktiv rolle i dette arbeidet enn tidlegare år. Vi har hatt koordineringsarbeidet med prosjektet, og teke initiativ til å få ei samarbeidsavtale med andre arrangement i kommunen om felles marknadsføring og profilering. I fellesskap fekk vi ei løyving på kr. 50 000,- til banner og festeutstyr, som skal monterast langs innfartsårane til Eid sentrum. 5 vekers testen for 4 år gamle hingstar, som har vore for dei tre særnorske hesterasane, blei vedteken lagt ned hausten 2013 av styret ved Norsk Hestesenter. Til erstatning for dette har raseorganisasjonane, i samarbeid med avlsrådet ved Norsk Hestesenter, laga ei ny bruksprøve som vart teken i bruk frå og med utstillingssesongen 2014. Målet med den nye testen var å skaffe fram betre og meir informasjon, få registrert data frå ulik alder på dyret og i sum få eit betre grunnlag til å foreta vurderingar av avlsverdiar, både for det enkelte individet og for heile rasen. Eigarane måtte vise ei ride- og køyreprøve med hingsten sin og i tillegg nytta ein framandryttar og -kusk. Norges Fjordhestlags sekretærfunksjon Frå 1. oktober av tok AS Norsk Fjordhestsenter over sekretærfunksjonen for Norges Fjordhestlag. Oppgåvene blir fordelte mellom dei tilsette ved senteret. Etter bortfall av kåringsforeskrifta frå 01.01.2015 av, vart det vedteke at kåringssystemet ikkje lenger skal vere ein del av vårt nasjonale regelverk. Forskrifta om godkjende (reinavla/registrerte) dyr av hestefamilien måtte difor endrast, og ei av oppgåvene har vore å endre avlsplanen etter det nye systemet. 20 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Norsk Fjordhestsenter har vore koordinator i arbeidet med endringa. I tillegg har det vore eit tett samarbeid mellom AS Norsk Fjordhestsenter, Norges Fjordhestlag og dei to andre raselaga med representative hestesenter om eit nytt prosjekt som heiter Kvalitetshest. Eit nytt konsept for utdanning av hest som er godt kvalitetssikra, blir presentert for Gjensidigestiftinga og med søknad om finansiering. Turistssesongen Det har vore ein liten auke i aktiviteten når det gjeld turisme. Vi har hatt omvisningar på senteret, og ein har gjennom året utarbeidd ulike aktivitetstilbod for cruiseskippassasjerar. Disney turoperatør var på senteret i august og tok bilete og film til bruk i si vidare marknadsføring. Det har vore rideturar i Hjelmelandsdalen innover til setrane mot Bjørkedalen frå 20. juni til 10. august. Ein har delteke med hestar på ride- og køyreaktivitetar i sentrum ved fleire høve i sommar. Biobrenselanlegg To tilsette har vore på fagtur til Bergen og til Sverige for å sjå ulike løysingar på forbrenningsanlegg for hestemøkk. Samarbeid med dei andre nasjonale hestesentera kan vere eit godt alternativ når det gjeld planlegging og utbygging. Innovasjon Norge har løyvd kr. 50 000,- til eit forprosjekt på planlegging av anlegget. Bygg og anlegg Det er oppført ny garasje i forbindelse med ridehallen. Det var naturskade på grunn av flaum på området der hyttene ligg. Skråning rasa ut og fundamentet under ei av hyttene vart øydelagd. Denne hytta blei seinare riven. Økonomi Norsk Fjordhestsenter fekk utbetalt i overkant av ein million kroner frå Eid kommune for grunnavståing til bustadfeltet i Hågaåsen. Førebels rekneskap viser eit overskot på om lag kr. 500 000.- etter avskrivingar. Styret Det har vore halde 3 styremøte siste året og Generalforsamling vart halden 23. juni. Dei tre nasjonale sentera hadde fellesmøte på austlandet i juli 2014. Tilsette, råd og utval Det er tre heile stillingsheimlar ved AS Norsk Fjordhestsenter, i tillegg er det ei 60 % stilling som kontorfullmektig og fem personar har helgejobbar. Gjennom sommaren leigde vi inn 2 jenter til å vere mellom anna turistvertar. Bedrifta har tilsett lærling frå 1.12. 2014, som skal ta fagbrev våren 2015. Ein tilsett er kontaktperson med aktivitetsutvalet, medan ein annan er med marknadsføringsutvalet. Fjord Horse International (FjHI) FjHI er en internasjonal organisasjon med medlemmer fra de nasjonale fjordhestorganisasjonene i Belgia, Nederland, Norge, Sveits, Sverige, Tyskland, Frankrike og Ungarn, samt noen gjenværende private medlemmer. Generalforsamlingen 2014 ble avholdt på Nordfjordeid 28. mai i forbindelse med hingsteutstillingen. Medlemmer av styret etter GA 2014: Nils Ivar Dolvik, Norge, President, Maureen Van Leuwen, Nederland, Michelle Delaurier, Belgia og Jochen Noesinger, Tyskland og Inger Davidsson Sverige. Det har blitt avholdt tre styremøter fra forrige generalforsamling og fram til 26. februar 2015. Ellers har styret hatt jevnlig kontakt på epost. Forprosjektgruppe – internasjonal registrering FjHI var representert i forprosjektgruppen for internasjonal registrering av fjordhest. Styret har arbeidet videre med saken og vil prøve å skaffe norsk finansiering for å få laget et slikt register. Her har det ikke skjedd noe nytt siden forrige årsmøte. Styret arrangerte en internasjonal konferanse for de internasjonale gjestene i forbindelse med utstillingen på Nordfjordeid i 2014, og vil arrangere en ny samling onsdag 29. april i 2015. Etter fjorårets generalforsamling har Ungarn kommet inn som nytt medlem. Internasjonal utstilling og nye regler for EM for fjordhest Styret arbeider ellers med å arrangere en internasjonal utstilling for fjordhester fra hele Europa, lagt til Nord-Tyskland. Vi har også arbeidet med nye regler for Europeisk mesterskap for fjordhest, som vil komme på høring i løpet av 2015. FjHI var representert på The Norwegian Fjord Horse Registry’s Educational Forum & Evaluation 13. til 16. februar 2015 i USA, ved Nils I. Dolvik. Neste Generalforsamling vil bli på Nordfjordeid 29. april 2015. FjHI ønsker å holde kontakt med medlemmene via hjemmesiden www.fjhi.org. Nils Ivar Dolvik Asle Espe 21 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 VEDTEKTER for Norges Fjordhestlag § 1 Lagsnamn Laget sitt namn er Norges Fjordhestlag. Norges Fjordhestlag er ein medlemsorganisasjon. § 2 Formål Norges Fjordhestlag har som formål å samle alle med interesse for fjordhest til sams arbeid til beste for denne hesterasen. For å bidra til dette skal Norges Fjordhestlag –– sjå til at rasen vert halden rein og stettar eit allsidig brukskrav –– medverke til eit tenleg og planfast avlsarbeid –– representere fjordhestinteressene ovanfor styresmaktene, Norsk Hestesenter og samarbeide med andre hesteorganisasjonar i inn- og utland –– fremje meir allsidig bruk av fjordhesten, utvikle konkurransereglar i køyring, riding m.m. –– hjelpe til med omsetnad av fjordhest, særleg med omsyn til eksport – import –– samt på andre måtar arbeide for utvikling og bruk av fjordhest Laget skal gje ut eit medlemsblad. § 3 Medlemskap Norges Fjordhestlag er ein demokratisk medlemsorganisasjon med personleg medlemskap bygd på lokallag (evt. fylkeslag og distriktslag). Alle som støttar Norges Fjordhestlag sitt formål kan teikne medlemskap. Innmelding skjer direkte til Norges Fjordhestlag. Alle som betalar full kontingent er hovudmedlem og kan ha verv i NFL, men må vere myndig. Æresmedlemmer av Norges Fjordhestlag vert utnemnde av styret. § 4 Organisasjon Medlemmer i Norges Fjordhestlag organiserast i lokallag. Lokallaga i eit fylke skal samansluttast til eit fylkeslag. I tillegg er det organisert to distriktslag: Nordfjord og Sunnfjord. Organisasjonen sine rettar og plikter vert utøvde gjennom fylkeslag, distriktslag og lokallag. Årsmøtet i Norges Fjordhestlag fastset retningsliner for arbeidet i fylkeslag, distriktslag og lokallag. § 5 Utmelding Utmeldinga må skje skriftleg til Norges Fjordhestlag. Det skal betalast medlemskontingent til og med det året utmelding skjer. Medlem som etter påkrav ikkje har betalt kontingent i 1 år, kan strykast som medlem. § 6 Medlemskontingent Medlemmer i Norges Fjordhestlag skal betale kontingent etter vedtak av årsmøtet. Norges Fjordhestlag krev inn medlemskontingenten. Fylkeslag, distriktslag og lokallag fastset sjølve kva medlemskontingenten skal vere for sine lag. 22 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 For hovudmedlemmer omfattar kontingenten også retten til å få medlemsbladet tilsendt. § 7 Årsmøte Årsmøtet er øvste avgjerdsorgan i Norges Fjordhestlag. Årsmøtet må haldast innan 1. juni. Årsmøtet vert leia av den valde ordstyraren. Årsmøtet er samansett av utsendingar frå lokallag (evt. fylkeslag og distriktslag) i høve til medlemstalet, ordstyrar og styret for laget. Det er det samla medlemstalet i kvart fylke som er avgjerande for talet på utsendingar. Utsendingane til årsmøtet i Norges Fjordhestlag skal veljast på årsmøtet til lokallaga (evt. fylkeslaga og distriktslaga). Årsmøtet er ope for alle. Alle medlemmer i Norges Fjordhestlag har møte- og talerett. Berre styret og dei utvalde utsendingane har framleggs- og røysterett. Utsendingane må vere myndige. Styret har ikkje røysterett vedkomande årsmelding og rekneskap. Ordstyrar har ikkje røysterett. Alle fylkeslag og distriktslag har rett på minst ein utsending til årsmøtet. Deretter ein ny utsending for kvar påbyrja 30 medlemmer. § 8 Innkalling og gjeremål Leiaren i styret sørgjer for innkalling til årsmøtet. Innkalling til ordinært årsmøte skal vere skriftleg, og skal sendast fylkeslaga minst 3 veker på førehand. Med innkallinga til ordinært årsmøte ligg det ved sakliste, årsmelding, rekneskap og moglege innkomne framlegg. Årsmøtet sine gjeremål: 1. Val av 2 utsendingar til å skrive under møteboka 2. Handsame årsmelding 3. Handsame rekneskap. Legge fram budsjett til orientering. 4. Val –– val av styreleiar –– val av 2 styremedlemmer –– val av første og andre varamedlem til styret –– val av ein medlem og ein varamedlem til valnemnda –– val av ordstyrar –– val av medlemmer til Nordangs Minnefond etter vedtektene for fondet –– val av to revisorar som ettersynsnemnd 5. Avlsutval og aktivitetsutval. Årsmøtet skal velje to medlemmer og ein varamedlem til kvart utval. Varamedlemmene er valde kvart år. Medlemmene er valde for to år om gongen 6. Fastsetjing av medlemskontingent til landslaget 7. Innkomne framlegg Framlegg som skal handsamast av årsmøtet må vere styret i hende innan 1. februar. Alle vedtak på årsmøtet, med unntak av endringar i vedtektene og oppløysing av Norges Fjordhestlag, blir gjort med vanleg fleirtal. Kvar utsending har ei røyst på årsmøtet. Ved val der det er framlegg på fleire kandidatar, vert den vald som får meir enn halvparten av røystene. Dersom in- gen får meir enn halvparten av røystene, vert det halde omval på dei to som har fått flest røyster. Norges Fjordhestlag skal ha eit avlsutval på tre medlemmer og eit aktivitetsutval på tre medlemmer. Til kvart utval vert to medlemmer med varamedlemmer valde av årsmøtet. Styret peikar ut ein person til utvalet. Utvalet konstituerer seg sjølv. Medlem i styret kan vere leiar av det einskilde utval. Styret kan om ønskeleg vere representert i utvalet som observatør. Styret utarbeider instruks for utvala som skal leggast fram for årsmøtet til orientering. § 9 Ekstraordinært årsmøte Ekstraordinært årsmøte vert kalla inn dersom styret finn det rett, eller dersom lag som representerer minst halve medlemsstokken krev det. Ved innkalling til ekstraordinært årsmøte nyttar ein same frist som for ordinært årsmøte. På ekstraordinært årsmøte vert berre dei sakene som står på saklista handsama. § 10 Styret Laget skal ha eit styre på 5 medlemmer valde av årsmøtet. Leiaren vert vald særskilt for eit år. Dei andre styremedlemmene vert valde for 2 år slik at to av medlemmene står på val kvart år. Styret vel sjølv ein av styremedlemmene til nestleiar. Varamedlemmene til styret er på val kvart år. Dei som vert valde inn i styret må vere medlemmer av Norges Fjordhestlag. Styret kan kallast saman så ofte leiaren finn det nødvendig, eller når minst to andre styremedlemmer krev det. Eit styrevedtak er gyldig når minst tre av styremedlemmene røystar for vedtaket. For at styret skal vere vedtaksført, må minst tre av styremedlemmene vere tilstades på møtet. Ein av desse må vere styreleiar eller nestleiar. Styret skal føre møtebok som vert underskriven av dei frammøtte styremedlemmene. § 11 Valnemnd Norges Fjordhestlag skal ha ei valnemnd på tre medlemmer valde av årsmøtet. Kvar medlem i nemnda står på val kvart tredje år. Leiar er fortrinnsvis den som har site lengst i nemnda. Det skal veljast ein varamedlem til valnemnda kvart år. § 12 Endring av vedtektene Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal av dei avgjevne røystene på årsmøtet. Det skal stå i innkallinga kva framlegget til endring går ut på. § 13 Oppløysing Oppløysing av Norges Fjordhestlag kan berre handsamast av det vanlege årsmøtet. Det krevst at minst 4/5 av dei tilslutta laga er representerte. Dersom frammøtet ikkje er stort nok, kan framlegget takast opp igjen på nytt årsmøte etter ein månad. Oppløysing av laget krev då 2/3 fleirtal. Dersom Norges Fjordhestlag vert oppløyst, skal mogeleg eige delast mellom fylkeslag og distriktslag i samsvar med medlemstalet deira. Foto i årsmeldinga: Framsida: Biletet syner den dyktige fjordhestekvipasjen Birgitte Reitan/ Sno, som imponerte stort under både NM og Nordisk i paradressur i 2014. Det aller største høgdepunktet kom etter at dette biletet blei teke, då dei deltok i World Equestrian Games (WEG) i Normandie i Frankrike! Foto: Siv Sønstevold Brødsømoen. Side 2: Vinnar av Senior-NM, ekvipasjen Cassandre Bach-Gansmo og Flemming, på premieutdelinga under avslutninga. Foto: Åse Ravndal. Side 4: Vinnarhingsten Severin og eigar Even Myklebust demonstrerar “ekte eidsk ringdans” under premieringa på Eid. Foto: Åse Ravndal. Side 9: Frå haustmøtet. Trekløveret her er leiarane for dei tre særnorske raselaga. Frå venstre: Janne Seilen/Norges Fjordhestlag, Ole Johan Dysthe/Landslaget for Dølahest, Marit Wasmuth/Landslaget for Nordlandshest/Lyngshest. Foto: Åse Ravndal. Side 10: Testvinnar og spiss i klasse 2, suverene Severin. Foto: Ingvild Rydjord Hansen. Side 11: Hermanto, spiss i klasse 1. Foto: Ingvild Rydjord Hansen. Side 12: Øverst: Treårsspiss og Dagens Hest: Lauvprinsen. Foto: Ingvild Rydjord Hansen. Nederst: Kamillas Tord, nr. 2 i klasse 2. Foto: Åse Ravndal Side 15: Livleg på Norges største følmønstring på Eid. Foto: Ina Steiro Herstad. Side 18: Vinnar av Junior-NM, ekvipasjen Idunn Høyland Espeli og Gorm Joblakken, i aksjon på presisjonsbanen. Foto: Åse Ravndal. Side 19: Øverst: Stoor sigersklem! Glade vinnarar av årets NM for fjordhest, Cassandre Bach-Gansmo og Idunn Høyland Espeli. Foto: Ingvild N. Sveen. Nederst: Janne Seilen, leiar av Norges Fjordhestlag, deler ut medaljar til glade vinnarar under NM på Linnesvolden. Foto: Åse Ravndal. Side 20: Øverst: Barnevenleg fjordhest på Eid. Foto: Disney. Nederst: Vakre Lauvprinsen, spiss i treårsklassa. Foto: Liv Grasdalsmo. Side 24: Øverst: Dommar Jonas Vevle gratulerer. Hesten heiter Marion og er etter Birkelid Tor, ho fekk 2. premie. Nederst: Bruksprøvedommar Knut R. Thunheim dømmer køyreprøvar under Dyrskun i Lyngdal 2014. Hesten som tek køyreprøve er Seles Ragnhild. Ho fekk 3. premie. Begge foto: Åse Ravndal. Tusen takk for alle innsendte bilete! 23 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014 Til slutt ein VELDIG STOR TAKK til alle de gode folk rundt om i landet som har bidrege med ymse arbeid og dugnad til beste for fjordhesten gjennom året 2014! 24 Årsmelding Norges Fjordhestlag - 2014
© Copyright 2024