Tinndølneta 21. nov_Staulsnamn

RJUKAN ARBEIDERBLAD
NYHETER
Lørdag 21. november 2015
Tinndølneta
I vikun fram mot jul vi alle som he lyst konne løyse uppgavu på tinnmåle!
Tinndølnetan ska kåmå i RA gvar laugedag fram te 5. desember, sjå ræm på www.bygdemellom.no mæ.
Uppgavun æ presangtera tå RA i samarbei med gruppa «Fokus på tinnmåle».
Send inn svare seinast 07. desember te Bygdemellom på e-post:
[email protected] eller postadresse Bygdemellom c/o Landbrukskontoret, Sandven 25, 3656 Atrå
o bli mæ i trekningen tå gilde gavekort frå fleire bedrifta i Tinn + 1. premi på 1000 kronu, sponsa tå RA o Atrå i Morgo.
Trekningen bli annonsera laugedag 12. desember.
↓
STAULSNAMN I TINN
1. Lengst opp (Atrå)
2. Innunder kjent landemerke (Vestfjorddalen)
3. Sjef på engelsk (Atrå)
4. Siste del av namnet er knytt til skipsfart (Hovin)
5. Bladverk (Hovin)
6. Siste del av staulsnamnet er fyrste del av namnet
på dalen der staulen er (Atrå)
7. Ein plass der ein kunne kvile med dyra på veg over
vidda (Austbygde)
8. Ein plass i friluft der ein har telt, bål osb. (Vestfjorddalen)
9. Namnet kjem frå ferdselsveg over vidda (Austbygde)
10. Namn frå eit kjent sagn i Tinn (Hovin)
11. Dalen har det same namnet (Austbygde)
Stikkord til løysingsordet: Gjerde
NB. Soknenamna kan vere til hjelp, men fleire av
staulsnamna finst òg andre stader i Tinn.
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
LUFSJÅEN Vatn
Namnet har truleg samanheng med det gamle adjektivet luveleg = blid, fin, likande, det same
ordet som vi finn i svensk ljuflig. Namnet på dette store vatnet er altså positivt og rosande:
den fine, blide sjøen.
KOLBEINSGardsnamn
RUD
Her finn vi fyrst mannsnamnet Kolbein sett saman med –rud. Namn av denne typen, eit
mannsnamn kopla saman med –rud, finn vi svært mange av i Tinn. Fleire dess lenger aust vi
kjem i kommunen, f.eks. Gunleiksrud, Brynjulfsrud.
SKIRVA
Elv
Elva renn frå Skirvsjåen gjennom Skirvedalen og Hovin til Tinnsjå. I Hovin heiter elva Skjerva.
Opphavet til namnet ligg i fjellnemninga skarv (inkjekjønn) som tyder «nake berg der ingenting veks». I dag heiter fjellet Skirveggen, 1381 m, rett vest for Skirvsjåen.
POBEDASVINGEN
Namn ved vegen
Sving på bilvegen mellom Atrå og Austbygde. Rundt 1960 var det to bilar like etter kvarandre
som køyrde utfor vegen her. Begge bilane var av det russiske bilmerket Pobeda, produsert
1946 – 1958.
TJYRU
Elv
Renn i vill fart frå Tjyrutjønnan i Rivsfjell i bratt lende ned til Tinnsjå. I Tinn har ordet tjøre
(hokjønn) denne uttalen. Det er nærliggande å tenke at det må ha blitt brent tjøre i dette området i gamal tid, kanskje av furu som voks heilt oppunder snaufjellet.
SJAUTVEIT Gardsnamn
Det fyrste leddet er nokså sikkert ein uttale av Sjø- som er sett saman med –tveit = rydning.
Namnet fortel oss at garden ligg nærast sjøen, dvs. ved Tinnsjå.
Kjelde: Ragnar Dybdal, Norsk Industriarbeidermuseum
Bygdemellom og gruppa «Fokus på tinnmåle» arbeider med ei nettutstilling om tinnmålet som skal lanserast våren 2016.
Stadnamn vil vere eitt av emna i utstillinga, og i samband med Tinndølnetan gjev vi nokre døme på stadnamn ein vil kunne lese om der.
5