Notar

Stjerna i desember
Tekst: Gaute Øvereng
1. vers
Dagen er kort,
kvelden kjem brått,
det er kaldt, himmelen lyser blått.
Vi står med himmelvendt blikk,
ser eit lys i det fjerne.
Vi finn eit tre,
sagar det ned,
det blir fint å pynte stova med.
Vi heng på hjarte og lys
og i toppen ei stjerne.
Refreng
Ei stjerne skin i mørke desember
ho gir lys i våre inste rom.
Stjerna skin på barnet i ei krubbe
som viser veg inn til Guds herlegdom
2. vers
Snøen som fell
stilt no i kveld
breier teppe over mørke fjell.
Alt blir så lysare no,
og naturen får sove.
Vi tenkjer på
barnet som låg
på eit leie gjort av halm og strå.
Han gjorde mørker til lys,
det er jula si gåve.
Refreng
© Gaute Øvereng 2005
Ein song i tunkattens songbok – tunkatten.no