Om rallarar og romantikk

26
TORSDAG 16. JULI 2015
Kontaktperson vekedagar: Torunn Akersveen Lied
Telefon: 950 86 191
E-post: [email protected]
Vakttelefon helg: 976 99 000
KULTUR
[email protected]
Om rallarar
og romantikk
„ Bokserie frå Hallingdal „ Frå tidleg 1900-tal
I 100 år har familien
til Dorthe Erichsen
hatt hytte i Nesfjellet. No blir seterlivet i
Hallingdal kulisse for
ein ny romanserie.
TORUNN AKERSVEEN LIED
[email protected]
– Når du veks opp i eit område,
får du det i blodet. Familien
min har feriert i Nesfjellet i 100
år, og eg var her kvar ferie og i
helgane i oppveksten. Det er
dette som er mitt fjellområde,
og det var naturleg for meg å
skrive frå ein stad eg føler for,
seier Dorthe Erichsen.
Spent lansering
Forfattaren smiler mot sola frå
hytteterrassen ved Mytevatn,
sørvest for Bromma i Nesfjellet. Ho kom i dag og blir eit
par dagar. Ein dryg månad før
bok nummer éi i hennar nye
romanserie, Seterliv, kjem ut
10. august, skal Erichsen gjere
seg nokre viktige tankar for
handlinga i bok fem. Ein serieforfattar må ligge i framkant.
– Arbeidet med Seterliv
begynte for nokre år sidan
etter at den første serien min,
Losbarna, var ferdig. No er eg
snart ferdig med bok fire og
fem. Eg skriv på fulltid, står
opp om morgonen og begynner å jobbe. Eg må vere strukturert og skjerpa, men skriv ikkje
like bra alle dagar. Likevel må
eg alltid jobbe meg framover,
og eg samarbeider med redaksjonen, manusvaskarar og korrekturlesarar undervegs. Når
serien no skal kome ut, er eg
sjølvsagt innmari nervøs. Kanskje hallingane seier at dette
BOKHYLLA
Ingebjørg (seterliv 1)
Dorthe Erichsen
Serieroman
Schibsted Forlag/
Vigmostad & Bjørke
ikkje er Hallingdal, men det
får gå som det går. Du prøver å
finne ei stemning, finne ut om
korleis folk levde, og så lagar
du ei historie med dei føresetnadene, seier Erichsen.
Historiske detaljar
Ideen til serien kom heime i
Drammen, ein dag forfattaren
gjekk og rusla på Friluftsmuseet.
– Eg kom inn på Hallingtunet
og såg dei gamle hallingstovene. «Shit», tenkte eg, «eg skal
skrive ein serie om dette og han
skal heite Seterliv». Eg sende
melding til redaksjonen og
fekk grønt lys med ein gong. Då
måtte eg begynne å lese meg
opp, seier Erichsen.
For korleis levde eigentleg
folk i Hallingdal på tida rundt
1905? Hadde dei mjølkemaskiner? Slo dei med ljå? Erichsen
sin research har vorte omfattande, og ho takkar særleg historielaget i Nes for tilgang på
mange viktige kjelder.
– Eg prøver jo å skrive i historisk riktige omgjevnader, og
då må ein vite ting som at det
til dømes er den store bufardagen i dag. Inne på langstølane
på høgfjellet var det ikkje lov
til å kome opp før 7. juli, og ein
kunne vere der til 2. september.
På heimsetra, som låg litt nærmare garden, var ting litt friare.
Eg likar å skrive frå ein stad eg
er glad i og har i blodet, men
som eg òg klarer å sjå litt utanfrå, seier ho.
Inspirert fantasi
Erichsen er nøye med å understreke at både universet og
karakterane i Seterliv er funne
opp.
– Eg tenkjer miljø når eg
skriv, eg tenkjer Bromma og
Øygardsgrend, men eg skriv
ikkje om Bromma og Øygardsgrend, sjølv om folk vil kjenne
seg att. Eg skriv om fiktive
setrar, om fiktive menneske,
for eg vil ikkje ha folk på nakken, seier ho.
I august blir den første boka
frå serien tilgjengeleg. Dei
neste bøkene kjem 7. september, 26. oktober og 14. desember. Kor lenge serien skal gå,
har ikkje Erichsen bestemt seg
for. Losbarna enda på 20 bøker.
– Eg har ein tanke om korleis Seterliv skal slutte. Men eg
må sjå det an. Når du har laga
eit univers med karakterar, så
lever personane litt sitt eige liv.
Det høyrest jålete ut, men du
kjem på tankar og idear undervegs. Det blir sjølvsagt òg viktig
å sjå korleis serien blir teken
imot, seier ho.
Skrivesperre som serieforfattar?
– Jau då, og det er noko herk.
Men eg har heldigvis ikkje hatt
det i månadsvis. Som serieforfattar kan du eigentleg berre ha
det i éin dag, for lesarane forventar ei ny bok innan ein viss
tid. Du må produsere.
VIDEO PÅ
.no
FEGATE: Kjem karakterane i Dorthe
Erichsen sin nye bokserie til å gå
langsetter ei fegate nett som denne?
HÅREK av Chris Browne
KULTUR er alt frå kino, konsertar, teater
og utstillingar til restaurantbesøk. Kort
sagt - utelivet i Hallingdal. Arrangørar kan
sende oss førehandsstoff og bilete.
Post: Hallingdølen, Sundrevegen 79,
3570 Ål. Merk konvolutten «kultur».
E-post: kultur@hallingdølen.no.
Telefax: 32 08 65 45.
Fristar
Tysdagsavisa........................ fredag kl. 12
Torsdagsavisa ............... måndag kl 15.30
Laurdagsavisa ............... onsdag kl 15.30
TORSDAG 16.NYHEITER
JULI 2015
27
VANN EUROPEISK KONKURRANSE: Koret Kvindelige studenters sangforening tok laurdag del i Grand Prix of Nations under European Choir Games og vann i begge klassane dei deltok i. Dei var med i klassene for blanda-, manns og kvinnekor og for folklore.
Koret song musikk frå mellom anna Fartein Valen og Franx Schuberts «Gott ist mein Hirt». I folklore-klassen måtte koret visa
norsk folkemusikk frå si beste side for å nå opp i konkurranse med kor frå USA, Tyrkia, New Zealand, Kina og Sør-Afrika. Til saman deltok koret, under leiing av dirigent Marit Tøndel Bodsberg, i fire konkurransar og gjekk sigrande ut av alle saman. (©NPK)
– I hjartet av serieromanane
Romantikk og rallarar
Førre Dorthe
Erichsen-serie
hadde eit opplag
på 550.000.
Schibsted Forlag
håpar Seterliv vil
slå endå hardare.
Første bok i Dorthe
Erichsen sin nye
romanserie Seterliv
kjem ut 10. august.
– Når Dorthe Erichsen no går til bondesamfunnet, så blir
det ein meir tradisjonell serieroman. Den
første serien hennar,
Losbarna, selde veldig bra, men eg trur
både opplag- og salstal vil auke på Seterliv
fordi den ligg meir i
hjartet av serieromanane.
Det seier Kristine
Aarstrand, redaksjonssjef i Schibsted
Forlag, som nyleg vart
kjøpt opp av Vigmostad & Bjørke. Forlaget
gav ut Losbarna i 2011,
der handlinga var lagt
til Tjøme i Vestfold.
Dei 20 bøkene hadde
eit opplag på rundt
550.000. Førsteopplaget på bok éin i Seterliv er på mellom to- og
trehundretusen.
– Boka kjem ut med
vekeblad og til abonnentar og blir seld i
kioskar og supermarknader. Det er store tal
ein snakkar om når
ein gir ut serieromanar, seier Aarstrand.
I «Ingebjørg» kan lesaren
oppleve nedre Hallingdal på
starten av 1900-talet. Livet
er enkelt i Svartlia, der ungjenta Ingebjørg veks opp. Då
mor i familien brått døyr, får
Ingebjørg ansvaret for garden. Ting blir endå tyngre
når ho etter kvart oppdagar
at mora har halde ting skjult
for familien.
Det er brytningstid i Norge
og i Hallingdal, bygginga
av Bergensbanen er i gong
og turistnæringa blomstrar.
Odelsguten Tolleiv har auge for
Ingebjørg, men Ingebjørg sjølv
har berre auge for den mystiske
rallaren Elias, sjølv om det ikkje
manglar på åtvaringar.
Dei fire første bøkene i
Seterliv-serien vil bli gitt ut
i år. Historia vil halde fram i
2016.