2015 TILBOD frå Bedriftshelsetenesta HFK Godt arbeidsmiljø gir betre resultat BHT- tilbod / 1 Kven er vi? HMT-seksjonen har skifta namn til Bedriftshelsetenesta HFK frå april 2015. Dette skal likevel ikkje føre til endringar for brukarane våre. Ansvaret for at arbeidsmiljøet er i tråd med lovkrava ligg framleis hos leiarar – og tilsette – på den enkelte eining. Men leiar skal ha tilgang på bistand frå fagfolk når det er naudsynt, og det er her Bedriftshelsetenesta (BHT) kjem inn. I følgje Arbeidsmiljølova, som er BHT sitt viktigaste styringsverktøy, skal det overordna fokuset i arbeidsmiljøarbeidet vere førebyggjande. Vi prioriterer difor å bistå i kartleggingar og utvikling av gode system og rutinar, både generelt og innan dei enkelte fagfelta. På dei neste sidene finn du meir informasjon om KVA vi kan bistå med og KORLEIS du som er tilsett i Hordaland fylkeskommune kan bruke oss. Kven kan bestille tenester frå oss? Alle tilsette i fylkeskommunen kan kontakte oss og diskutere arbeidsmiljørelaterte problemstillingar. BHT har ei fri og uavhengig stilling i arbeidsmiljøspørsmål, og alle våre medarbeidarar har teieplikt. Oppdrag som til dømes kartlegging av arbeidsmiljø må bestillast av leiar eller AMU. For tilsette i fylkeskommunale verksemder koster det ikkje noko å bruke BHT. Berre oppdrag som krev at BHT må kjøpe inn eller leige kompetanse eller utstyr, må bestillaren betale for. Pris og betalingsvilkår blir i slike høve avtalt på førehand. Godt arbeidsmiljø gir betre resultat! Bedriftshelsetenesta er til for både arbeidsgjevar og arbeidstakar! BHT- tilbod / 2 Systematisk HMT-arbeid Bedriftshelsetenesta bistår avdelingar / einingar i arbeid med det systematiske HMT- arbeidet, som internkontroll og kvalitetssystemet. • Bistå kartlegging og risikovurdering • Vidareutvikle det skriftlege HMT - systemet • Auke kompetanse om systematisk HMT- arbeid i verksemda • Støtte arbeidet i arbeidsmiljøutval Støtte ved utvikling av handlingsplan for verksemdene Risikovurdering I arbeidsmiljølova er det krav om at farar og problem skal kartleggjast og risikoforhold på arbeidsplassen vurderast. Bedriftshelsetenesta: • Kan assistere / støtte verksemdene ved risikovurdering • Har utvikla verktøy som kan gjere risikovurdering enklare Inneklima / kjemisk og fysisk helsefare • Inneklimamålingar til dømes lys, fukt, lyd, temperatur og Co2 • Støysonekartlegging • Rådgjeving om stoffkartotek • Kartlegging (t.d. ved soppskadar) Bedriftshelsetenesta er til for både arbeidsgjevar og arbeidstakar! BHT- tilbod / 3 Ergonomi Hjelp til å kartleggje og betre dei ergonomiske tilhøva på arbeidsplassen. Til dømes: • Arbeidsteknikkar • Utnytting av eksisterande utstyr • Innkjøp av nytt utstyr • Tilrettelegging av arbeidsplassar Psykososialt arbeidsmiljø Bedriftshelsetenesta stiller gjerne opp når det er behov for rådgjeving og hjelp til oppfølging av psykososialt arbeidsmiljø. Til dømes: • Samarbeid og kommunikasjon • Konflikthandtering • Omstilling • Teambygging og arbeidsmiljøutvikling Vi har utvikla ei rekkje dialog- og kartleggingsverktøy som kan være til hjelp for dei som arbeider for eit godt psykososialt arbeidsmiljø. Dei fleste verktøya finn du i Kvalitetsportalen. Der ligg og rutinar for bruk av verktøya. Bruk av alle verktøy krev god førebuing og systematisk etterarbeid. Verktøya ligg i Kvalitetsportalen. Sjå også info på www.hordaland.no/bht under bht- tenestetilbod / psykososial arbeidsmiljø Bedriftshelsetenesta er til for både arbeidsgjevar og arbeidstakar! BHT- tilbod / 4 Oppfølging og førebygging av sjukefråvær • Dialogmøte 1. Bedriftshelsetenesta kan delta. • Råd og støtte ved individuelle oppfølging og ivaretaking av sjukemelde • Informasjon om lovverk og fylkeskommunalt regelverk • Informasjon og råd om fysisk aktivitet og friskvern AKAN / Rusførebygging • Oppfølging av AKAN- saker • Rusmiddelarbeid i HFK • Etiske og juridiske problemstillingar i høve til rus og arbeidsliv Spørsmål? – kontakt [email protected], tlf. 55 23 94 30 Bedriftshelsetenesta er til for både arbeidsgjevar og arbeidstakar! BHT- tilbod / 5 Individuell helseoppfølging Lovpålagt førebyggjande oppfølging av arbeidstakarar som er utsett for spesiell helserisiko i arbeidssituasjonen, til dømes: • Støy (helsekontroll) • Asbest • Løysemiddel • Smitte (vaksinasjon mot hepatitt, stivkrampe og influensa) Arbeidsmedisinsk poliklinikk Arbeidstakarar med helseproblem som er dei meiner har sin årsak i arbeidsmiljøet kan få hjelp til utgreiing av Bedriftshelsetenesta HFK. Eksemplar på aktuelle problemstillingar er: • Mistanke om luftveisplagar grunna inneklima • Allergi • Muskel-/skjelettplagar • Helseplagar sett i samanheng med det psykososiale arbeidsmiljø på arbeidsplassen (til dømes stress, konflikt, trakassering) • Behov for helsetilpassa arbeid • Rusproblematikk (alkohol, narkotiske stoff) Lista er ikkje uttømmande, men gir eksempel på problemstillingar. For timebestilling,[email protected] eller tlf. 55 23 94 30. Tilbodet gjeld berre for tilsette i Hordaland fylkeskommune Bedriftshelsetenesta er til for både arbeidsgjevar og arbeidstakar! BHT- tilbod / 6 KURS OG UNDERVISNING Bedriftshelsetenesta HFK stiller gjerne opp når det er behov for undervisning innan arbeidsmiljøtema. Vi reiser gjerne ut og kan tilpasse kurs og undervisning til den enkelte eining etter lokale behov. Kvart år arrangerer vi og nokre faste kurs i Bergen. I 2015 har vi følgjande kurs: Kurs Grunnopplæring i arbeidsmiljø (3 dg) Pålagt kurs for leiarar, verneombod og medlemmer i AMU, men andre kan og delta. Meistring Av Truslar og Opplæring i førebygging og meistring av truslar og Vald (MATV) (2 dg) vald. Stressmeistring ( 2 dg) Lære korleis ein kan få ein mindre stressande kvardag som også kan gje ein meir effektiv arbeidssituasjon. Dato og meir informasjon om kurs sjå: www.hordaland.no/bht Påmelding kurs: Intranett – kurs og konferansar Førstehjelp I tillegg kan vi hjelpe med å organisere kurs i førstehjelp lokalt eller sentralt. Utgifter til ekstern kurshaldar må eininga sjølv dekke. Spørsmål? – kontakt [email protected], tlf. 55 23 94 30 Bedriftshelsetenesta er til for både arbeidsgjevar og arbeidstakar! Medarbeidarar i Bedriftshelsetenesta Alle medarbeidarane i Bedriftshelsetenesta har teieplikt Ruth Brudvik 55 23 94 25 BHT-sjef Leiar arbeidet i Bedriftshelsetenesta og tverrgåande prosjekt. e-post: [email protected] Linda Moen Olsen Førstekonsulent Ekspedisjon, timebestilling for vaksinasjon, legetime, ergonomisk rådgjeving etc. kurspåmelding og intranett e-post: [email protected] Rikke Richardsen Rådgjevar / fysioterapeut spes. helse og miljøarbeid MNFF Rådgjeving i ergonomi. e- post: [email protected] 55 23 94 30 55 23 94 27 55 23 94 28 Bjørn-Atle Mikkelsen Rådgjevar / yrkeshygienikar Rådgjevar innan hmt-system og yrkeshygiene e-post: [email protected] 55 23 94 23 Gina Herland Landro Rådgjevar / arbeidspsykolog Rådgjevar innan psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø e-post: [email protected] 55 37 80 82 Gro Altenau Bedriftslege Kontordag: måndag e-post: [email protected] Solveig Naug Rådgjevar / sjukepleiar Rådgjevar innan helse og arbeidsmiljø e-post: [email protected] Organisasjonsavdelinga Bedriftshelsetenesta HFK 55 23 94 21 Adr: Agnes Mowincels gt. 6 Tlf 55 23 94 30, faks 55 23 94 29 E-post: [email protected] www.hordaland.no/bht
© Copyright 2024