Invitasjon DFS

Sakshandsamar, innvalstelefon
Cecilie Torsvik Høisæter, 5557 2029
Vår dato
24.03.2015
Dykkar dato
Vår referanse
2015/3782 632.2
Dykkar referanse
Til rektorar og avdelingsleiarar ved skular som driv opplæring i kriminalomsorga
Invitasjon til samling om Desktop for skolen (DFS) i Bergen 14.april
- opplæring i kriminalomsorga
Vi syner til brev sendt ut frå Fylkesmannen i Hordaland datert 11.mars 2015, med informasjon om
utrullinga av Desktop for skolen (DFS) i 2015. Som nemnd i brevet ser vi at DFS skapar eit behov for at
skulane i kriminalomsorga samsnakkar på tvers av fylkesgrensene.
Vi inviterer derfor til ei fyrste samling i Bergen 14.april der ein vil diskutere følgjande:
- Mogleg struktur på skulesida for å optimalisere DFS (t.d. opprette eit bestillarforum)
- Lisensutfordringar i eit sentralisert system
- Status for programvareutvalet i DFS
Ein IKT-representant frå skulane innan opplæring i kriminalomsorga i kvart fylke
Vi ber skuleleiinga for dei aktuelle vidaregåande skulane i kvart fylke om å bli samde om å sende ein
skulerepresentant frå opplæring i kriminalomsorga i fylket til samlinga. Representanten bør ha IKTfagleg innsikt, og kan til dømes vere IKT-ansvarleg ved ein av skulane som driv opplæring i
kriminalomsorga.
IKT-representanten skal ikkje ta avgjersler på vegne av skulane i fylket, men bør likevel kunne
representere deira interesser. Representanten må i etterkant av samlinga ha eventuell naudsynt
kommunikasjon med dei andre IKT-ansvarlege ved dei aktuelle skulane i sitt fylke.
Skuleleiinga og fylkeskommunale representantar vil få høve til å diskutere utfordringar og løysingar
rundt DFS på administrativ samling i Hønefoss (Hotel Klækken) 22.-23.april.
Oppmøte
14.april kl. 10-14.
Statens Hus i Bergen sentrum (bak Bergen busstasjon og jernbanestasjon). Det blir lunsjservering.
Påmelding, frist fredag 10.april.
Når ein person i fylket er pekt ut til å kome på samlinga, må han/ho meldast på her:
www.fylkesmannen.no/Hordaland/Barnehage-og-opplaring/Opplaring-innan-kriminalomsorga/Kurs-og-konferansar/DFS-samling/
Spørsmål?
- Spørsmål om samlinga: Cecilie Høisæter, tlf: 55 57 20 29, [email protected]
- Tekniske og praktiske spørsmål om DFS: Bent Dahle Hansen, tlf: 902 05 895,
[email protected]
Med vennleg
Cecilie Torsvik Høisæter
Seniorrådgjevar
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.
Kopi: Fylkeskommunane og Oslo kommune
Statens hus
Kaigaten 9, 5020 Bergen
Telefon: 55 57 20 00
Telefaks: 55 57 28 51
Utdanningsavdelinga
Postboks 7310, 5020 Bergen
Org.nr: 974760665
E-post:
[email protected]
Internett:
www.fylkesmannen.no/hordaland