Åseral kommune

Åseral kommune
EINING FOR UTVIKLING
Melding om vedtak
«MOTTAKERNAVN»
«ADRESSE»
«POSTNR» «POSTSTED»
DYKKAR REF:
VÅR REF:
SAKSHANDSAMAR:
ARKIVKODE:
DATO:
«REF»
1149/2015 - 2012/230
Ingunn Kile
K40
23.02.2015
FORSLAG TIL ENDRING AV MINSTEAREAL I ÅSERAL KOMMUNE,
HJORTEVILFORVALTNING - HØRING
Næringsutvalet i Åseral har vedtatt at det skal sendast ut på høyring forslag om endring av
minsteareal for elg i Åseral kommune.
I samband med utarbeiding av kommunale mål for hjorteviltforvaltninga er det naturleg å sjå dette i
ein samanheng med fastsetting av minsteareal.
Det er føreslege ei auke i areal frå 2000 daa til 5 000 daa for heile kommunen. Dette vert
gjort gjeldande fra årets jaktsesong.
Etter § 5 i forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever av mars 2002, er det
kommunen som fastsett minstearealet for elg gjennom forskrift .
Eventuell uttalelse sendes skriftleg til Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral eller
[email protected] innen 10.mars 2015
Vedlagt følgjer særutskrift av saka som vart handsama i næringsutvalet 17.02.2015 , saknr. PS 15/3
Med helsing
Ingunn Kile
næringskonsulent
Postadresse:
Åseral servicekontor
Gardsvegen 68,
4540 Åseral
Besøksadresse:
Telefon: 38 28 58 00
Telefaks: 38 28 58 01
Bank kto.: 3148 07 02142
Internett: www.aseral.kommune.no
E-post:
[email protected]
Org.nr.: 964 966 842
Vedlegg:
1 Kart over viltlaga
2 Kommunale mål for hjorteviltforvaltninga i Åseral
Postadresse:
Åseral servicekontor
Gardsvegen 68,
4540 Åseral
Besøksadresse:
Telefon: 38 28 58 00
Telefaks: 38 28 58 01
Bank kto.: 3148 07 02142
Internett: www.aseral.kommune.no
E-post:
[email protected]
Org.nr.: 964 966 842
Åseral kommune
FORSLAG TIL ENDRING AV MINSTEAREAL I ÅSERAL KOMMUNE,
ELG - HØRING
ARKIVKODE:
SAKSNR.:
SAKSHANDSAMAR:
K40
2012/230
Ingunn Kile
SIGN.:
Vedlegg:
1 Kart over viltlaga
Bakgrunn:
Pr i dag er gjeldende minsteareal for elg i Åseral kommune delt i 2.
Forskriften seier :
- «Start Hægebostad grense på Augnarknuten (N6493100 A378700), vidare i rett linje til
utløp Nye Skjerka E-verk (N6491270 A405290), vidare midt etter Øre og Monn til Røysland
(N6504450 A407580), vidare i rett line til Smeland E-verk (N6503970 A4110180), vidare i
rett line til Aust-Agder grense ved bekk frå Austre Sveigsvatn (N6502615 A410260).
Området sør og aust for denne grensa har arealkrav 2000 daa/dyr. Området nord og vest har
arealkrav 5000 daa/dyr.»
Se kart vedlagt saka.
Dvs. at Åseral Aust og Øvre Åseral viltlag har eit minsteareal på 5000 daa pr. dyr, medan
Ytre Åseral Viltlag og Midtre Åseral viltag har eit minsteareal på 2000 daa pr. dyr.
I samband med utarbeiding av kommunale mål for hjorteviltforvaltninga er det naturleg å sjå
dette i ein samanheng med fastsetting av minsteareal.
Endring av minsteareal gjerast som fastsetting av forskrift. Forskrifta kunngjerast i Norsk
Lovtidend og kan ikkje påklagast. Dette forutsett at forskriftsendringa sendast ut på høyring
før avgjersla vert tatt.
Jmfr. delegasjonsreglementet er Viltloven delegert til næringsutvalet.
Vurdering:
Minstearealet for tildeling av elg, hjort, rådyr og bever i Åseral vart fastsett i samleforskrift
for Vest-Agder 30.04.2001. Det er berre Sirdal og Åseral kommune som ikkje har gjort
endringar sidan 2001.
Postadresse:
Åseral servicekontor
Gardsvegen 68,
4540 Åseral
Besøksadresse:
Telefon: 38 28 58 00
Telefaks: 38 28 58 01
Bank kto.: 3148 07 02142
Internett: www.aseral.kommune.no
E-post:
[email protected]
Org.nr.: 964 966 842
Dagens minsteareal avviker i stor grad frå gjennomsnittlig areal bak kver felte elg i
kommunen.
Areal bak kvert dyr
År 2010
År 2011
År 2012
År 2013
År 2014
Øvre Åseral
6347,5
6094
16927
10881
9521
Åseral Aust
4313
4705
4500
4929
5175
Midtre Åseral
6927
4763
9525
7620
8467
Ytre Åseral
5954
6641
7849
6907
12334
Gjennomsnitt siste 5 år
9954
4724
7460
7937
Ser ein på gjennomsnittet for dei siste 5 åra- så syner det seg at det er i gjennomsnitt mest
7500 daa bak kvar felte elg. Det er store variasjonar i dei forskjellige viltlaga.
Åseral Aust viltlag er det viltlaget der areal bak kvar felte elg har vore mest stabilt. I dei
andre viltlaga svingar det mykje.
Kvoten skal tildelast etter minsteareal. I Åseral har det vore tildelt 141 dyr i siste
bestandsplanperiode, medan fellingsprosenten har vært rundt 50 %. Det er ikkje ønskjeleg å
tildele over dobbelt så mange dyr som det vert felt. Det vert så argumentert med at ein skal
nytta 50% - regelen for å justere tildelinga. Dette var mest «vanleg» når det gjaldt
hjorteviltforvaltninga. Det er komen endring i korleis ein skal vurdere dette – ein syner til
utdrag frå rundskrivet til viltloven når det gjeld å fråvike minstearealet:
Kommunen kan ved tildeling av fellingstillatelser fravike minstearealet for jakt på elg, hjort
og rådyr med inntil 50 %. Vedtak om fravik fra minstearealet er et enkeltvedtak og kan gjøres
for særskilte vald og for et begrenset tidsrom, fortrinnsvis kun ett år.. Vedtaket skal være
begrunnet med ulikheter i artens levevilkår i kommunen, bestandens størrelse og utvikling,
den skade viltet volder eller andre ekstraordinære forhold.
Kommunen vurderer då å endre minstearealet til 5000 daa for heile kommunen. Dette vil
føre til at ein vil få ei strammere ramme for tildeling av antall dyr. Ein vil ikkje lenger ha så
mange «frie dyr».
Ein er samstundes redd for at dette skal føre til at viltlaga ikkje opprettheldt avskytinga på det
nivået ein ønskjer. Det å auka minstearealet må ikkje sjåast på som eit signal om å redusere
avskytinga, men som eit signal om at ein ønskjer at tildelinga i større grad skal samsvare med
avskytinga.
Ved å endre minstearealet til 5000 daa for heile kommune, så vil dette vil få konsekvensar for
eit av viltlaga i kommunen, Midtre Åseral viltlag. Den nye hjorteviltforskriften stillar som
krav at for å få godkjent ein bestandsplan så er arealkravet 20 gonger minstearealet. Dette
gjer at dei ikkje vil oppfylle arealkravet og vil dermed få ei direkte tildeling, dersom dei ikkje
går saman med andre viltlag.
Det er ingen viltlag i Åseral som er store nok til å kunne utarbeide ein bestandsplan for hjort.
Minstearealet for hjort er 15.000 daa. Det vil då bli direkte tildeling.
Postadresse:
Åseral servicekontor
Gardsvegen 68,
4540 Åseral
Besøksadresse:
Telefon: 38 28 58 00
Telefaks: 38 28 58 01
Bank kto.: 3148 07 02142
Internett: www.aseral.kommune.no
E-post:
[email protected]
Org.nr.: 964 966 842
Framlegg til vedtak:
Næringsutvalet i Åseral kommune vedtek å sende følgjande forskrift på høyring.
Høyringsfristen er 10. mars.
Forskrift om adgang til jakt etter elg, hjort og rådyr i Åseral kommune, Vest-Agder.
Åseral kommune har med heimel i lov av 29.mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt
(viltloven) § 16 og forskrift 10. februar 2012 nr. 134 om forvaltning av hjortevilt § 7 og §8
den __.__ 2015 fastsatt følgjande forskrift:
§1. Det er adgang til jakt etter elg, hjort og rådyr i Åseral kommune.
§2. Minsteareal for godkjenning av vald og fellingstillatelse for hjortevilt er som oppgjeve i
tabellen nedanfor:
Elg
Hjort
Rådyr
Minsteareal
5000
15000
500
§ 3. Denne forskrift trer i kraft straks. Samtidig opphevast det som omhandlar Åseral
kommune i forskrift 30.04.2001 nr 524 om adgang til jakt etter elg, hjort, rådyr og bever,
Åseral og Sirdal kommuner.
Saksprotokoll i Næringsutvalet - 17.02.2015
Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.
Vedtak:
Næringsutvalet i Åseral kommune vedtek å sende følgjande forskrift på høyring.
Høyringsfristen er 10. mars.
Forskrift om adgang til jakt etter elg, hjort og rådyr i Åseral kommune, Vest-Agder.
Åseral kommune har med heimel i lov av 29.mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt
(viltloven) § 16 og forskrift 10. februar 2012 nr. 134 om forvaltning av hjortevilt § 7 og §8
den __.__ 2015 fastsatt følgjande forskrift:
§1. Det er adgang til jakt etter elg, hjort og rådyr i Åseral kommune.
§2. Minsteareal for godkjenning av vald og fellingstillatelse for hjortevilt er som oppgjeve i
tabellen nedanfor:
Elg
Hjort
Rådyr
Minsteareal
5000
15000
500
§ 3. Denne forskrift trer i kraft straks. Samtidig opphevast det som omhandlar Åseral
kommune i forskrift 30.04.2001 nr 524 om adgang til jakt etter elg, hjort, rådyr og bever,
Åseral og Sirdal kommuner.
Postadresse:
Åseral servicekontor
Gardsvegen 68,
4540 Åseral
Besøksadresse:
Telefon: 38 28 58 00
Telefaks: 38 28 58 01
Bank kto.: 3148 07 02142
Internett: www.aseral.kommune.no
E-post:
[email protected]
Org.nr.: 964 966 842