Nettverksmøte 2 desember 2015 279,50 kB

Nettverksmøte for rådgivarar i Møre og Romsdal 2. desember 2015
Vi inviterer til fagleg påfyll til arbeidet med karriererettleiing for elevane i ungdomsskolen og den
vidaregåande skole. Vi håper flest mogleg vil delta – vi kan love eit tettpakka program og mykje
nyttig kunnskap å ta med heim til elevane.
Du kan rekne med å få kunnskap om lærefag, stoda i dei ulike bransjane i lys av situasjonen i
arbeidslivet, eit blikk inn i framtida.
Innleiarane vil marknadsføre sin bransje og sine tilbod til elevane.
Du vil møte personar du kan kontakte seinare når du har behov for bistand i rådgivingsarbeidet.
Du vil få kunnskap om dei siste tal og statistikkar vi har om utdanning i Møre og Romsdal.
Samlinga er lagt til Høgskolen i Molde, som ligg ca. 2 km vest for Molde sentrum. For dei som kjem
med ferga frå Furneset anbefaler vi samkøyring over fjorden, slik at flest mogleg sett igjen bilen på
sørsida av fjorden, parkering og miljø er to gode grunnar til det.
Korresponderande ferjer til samlinga er frå Furneset kl. 0930, retur frå Molde 1540.
Program (med atterhald om endringar)
1000 – 1030
1030 – 1045
1045 – 1115
1115 – 1135
1135 – 1150
1150 – 1210
1210 – 1250
1250 – 1305
1305 – 1335
1335 – 1350
1350 – 1405
1405 – 1420
1420 – 1440
1440 – 1510
Kaffi med noko attåt og registrering
Velkomen til samling og velkomen til Høgskolen i Molde
v/Rose Mari Skarset og Jens Petter Straumsheim
Opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk + + v/Fredrik Klock
Norges Bilbransjeforbund v/Marit Heimdal
Opplæringskontoret for anleggs- og bergfag v/Espen Wicken
Sunnmøre kommunale opplæringskontor v/Anita Øen
Lunsj
Opplæringskontoret for elektrofag v/Jann Harald Røst
Norsk Hotellhøgskole v/Margrete Ytreland Vistnes
Nordmøre og Romsdal kommunale opplæringskontor v/Kristin Lervik
Pause
Opplæringskontoret i Haram v/Marit Voldstad
Transportbransjens opplæringskontor v/Dagrunn Krakeli
Fylkesstatistikken 2015
v/Ingunn Bekken Sjåholm – assisterande fylkesplansjef
Påmeldinga er bindande og siste frist for påmelding er sett til fredag 27. november.
Vi ber om at du gjer deg kjent med tidspunkt for start og slutt på samlinga. Meld frå til ansvarleg for
samlinga dersom du kjem etter start eller må gå før slutt.
Påmeldinga er bindande. Eininga vil bli fakturert med kr. 200,- per person ved avmelding etter
27.11.15.
Velkomen til samling!